Meld. St. 44 (2016–2017)

Noregs deltaking i den 71. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN)

Til innhaldsliste

2 Noregs hovudinnlegg i generaldebatten under FNs 71. generalforsamling

Hovudinnlegg av statsminister Erna Solberg, Dei sameinte nasjonane, New York, 22. september 2016.

President, eksellensar, damer og herrar,

Generalforsamlinga i år kjem på eit kritisk tidspunkt. Dei siste åra har vi vore vitne til alvorlege krenkingar av dei prinsippa som FN byggjer på. Krenkingar som har ført til omfattande humanitære lidingar og utryggleik. Syria, Jemen, Ukraina og Sør-Sudan er nokre døme på dette, men lista er lengre. Likevel har verda òg gått framover – land har gått saman, funne kompromiss og handla i fellesskap. Vi har til dømes kome fram til Paris-avtalen, og vi har vedteke Agenda 2030 – vegkartet for vår framtidige sameksistens og samarbeid.

Så kvar går vi vidare herfrå? Vi kan ikkje la frykt styre handlingane våre. Vi kan ikkje gå tilbake til ei verd med nullsumspel, smale nasjonale interesser og proteksjonisme. Vi kan ikkje fjerne oss frå eit regelbasert system og gå i retning av konfrontasjon og uføreseielege utfall. Vi – det internasjonale samfunnet – må samle oss og kjempe for det multilaterale systemet med ny styrke. La meg forsikre dykk om at Noreg skal arbeide hardt for å fremje respekt for folkeretten og finne felles løysingar.

President,

Mitt eige kontinent, Europa, har hatt ein eineståande periode med fred, demokrati og handel. No står vil likevel overfor ein kompleks tryggingspolitisk situasjon. Dessverre er det visse statar som har valt å ikkje rette seg etter folkeretten, og som rett og slett lèt sine eigne nasjonale interesser gå ut over andre. Ustabilitet i Midtausten og Nord-Afrika er årsak til store menneskelege lidingar og fører til valdeleg ekstremisme, òg i Europa. Reaksjonen vår på dette bør ikkje vere å isolere oss, men å samarbeide og finne løysingar.

President,

Den humanitære situasjonen i Syria kan rett og slett ikkje tolererast. Globale og regionale stormakter må gjere tiltak for å sikre ei varig våpenkvile og humanitær tilgang – no straks. Verda ventar at innsatsen til Tryggingsrådet og Den internasjonale støttegruppa for Syria (ISSG) skal gje resultat. Det er ikkje berre Syria vi må leggje vekt på. Konfliktane og lidingane held fram også andre stader, og større innsats må til for å finne felles løysingar på felles utfordringar. I denne samanhengen vil eg gjerne sende ei melding til president Abbas og statsminister Netanyahu, som talar før og etter meg i dag: Eg oppmodar partane på det sterkaste til å møte dei overhangande truslane mot tostatsløysinga med å gjennomføre tilrådingane i rapporten frå Midtausten-kvartetten.

President,

Vi må auke innsatsen vår for å handtere dei humanitære konsekvensane av krisane i dag. Noreg vil halde fram med å gje rekordstor humanitær bistand – til Syria, til Sør-Sudan og til andre. Saman må vi trappe opp arbeidet vårt for å fremje fred og stabilitet i dei mange sårbare og konfliktprega statane. Vi må styrkje FN si evne til å hjelpe land som er på veg ut av konflikt. Vi har eit klart ansvar for å kjempe mot terrorisme og auke innsatsen for å hindre valdeleg ekstremisme. For at vi skal klare dette, må vi samarbeide tett med det sivile samfunnet, med kvinner, ungdom, religiøse leiarar og med lokalsamfunna.

Vi må syte for at arbeidet for kvinner, fred og tryggleik vert overført til meir effektiv og konkret handling. Vi må syte for at fredsoperasjonane oppfyller mandata sine til å verne sivile. Det må bli slutt på seksuell utnytting og seksuelt misbruk. Vi må ha nulltoleranse for dette og målmedviten handling frå FN si side.

Dei fredsbevarande styrkane til FN, bistandspersonell og hjelpearbeidarar frå ei rekkje land gjer ein enorm innsats i mange land, mellom anna i Mali og Den demokratiske republikken Kongo. Dei må få tilgang til dei verktøya og ressursane dei treng. Lat meg få forsikre dykk om at Noreg kjem til å vidareføre sitt engasjement innanfor humanitær bistand og utviklingsbistand. Vi vil vidareføre støtta vår til reform av FNs fredsoperasjonar. Men vi kan ikkje hindre eller løyse konfliktar berre ved å ta hand om konsekvensane. Vi må òg sjå på dei underliggjande årsakene og gjere noko med dei.

Heldigvis ser vi nokre stader at innsatsen vår gjev synlege resultat. Etter meir enn fem tiår med konflikt går det no mot fred i Colombia. Eg er stolt over at Noreg, saman med Cuba, har lagt til rette for fredsprosessen. Dette vil vere eit stort og historisk steg framover for regionen. Noreg vil halde ved lag den diplomatiske og praktiske støtta til den colombianske fredsprosessen i denne avgjerande gjennomføringsfasen.

President,

Måla for ei berekraftig utvikling er banebrytande. Dei gjev oss eit vegkart for den framtida vi ønskjer oss. Vi er samde om at ingen skal utelatast. Det vil seie at vi må ta hand om ulikskap og sosial urettferd og tryggje rettsstaten. Det vil òg seie at vi må myndiggjere både kvinner og menn på like vilkår.

Vi må styrkje menneskerettspilaren til FN, både økonomisk og politisk. Dette bør vi sjå på som ei viktig investering i framtida. Eg vil gjerne trekkje fram rolla til dei som fremjar andre sine rettar – rettane til kvinner, minoritetar og medlemmer av marginaliserte samfunnsgrupper. Menneskerettsforkjemparar er eit viktig korrektiv i alle samfunn. Det er berre svake leiarar som fryktar for å bli korrigerte.

President,

Alle berekraftsmåla handlar om å byggje inkluderande samfunn. Inkluderande samfunn klarar seg betre. Retten til utdanning og helse er avgjerande i så måte. I dag er det 263 millionar barn og unge som ikkje går på skule, og talet er aukande. I fjor tok eg, saman med presidentane i Chile, Indonesia og Malawi og generaldirektøren for UNESCO, initiativ til å skipe ein internasjonal kommisjon for finansiering av utdanning. Sist søndag la kommisjonen fram ein rapport med tilrådingane sine for generalsekretæren. Kommisjonen legg stor vekt på å få fram kvifor det er så viktig at verda satsar på utdanning som den viktigaste drivkrafta for økonomisk vekst. Dette støttar eg fullt ut. Vi må unngå ei global læringskrise. Det vil få alvorlege følgjer dersom vi ikkje handlar. Saman må vi investere meir for å sikre at ingen vert utelatne. Kvar og ein av oss bør ha like god tilgang til læring og utdanning. Utdanning av jenter er særleg viktig. Når jenter går på skule og får utdanning, er det ikkje berre ein grunnleggjande rett dei har, det er òg bra for økonomien. Global utdanning vil framleis vere den oppgåva som har høgast prioritet i den norske utviklingspolitikken.

Ei anna prioritert oppgåve for Noreg er å styrkje beredskapen når det gjeld epidemiar og global helsetryggleik ved å utvikle nye vaksinar som kan hindre nye sjukdomsutbrot. Denne viktige dagsordenen krev eit effektivt samarbeid på tvers av nasjonale grenser og på tvers av samfunnssektorar, og mobilisering av ressursar både på nasjonalt plan og frå den private sektoren. Antibiotika reddar millionar av liv, men antimikrobiell resistens gjer at slike medisinar vert stadig mindre effektive. Dersom vi ikkje handlar, kan vi kome til å nå eit stadium der vanlege infeksjonar igjen vert livsfarlege. Barnebarna våre vil kunne døy av sjukdommar som besteforeldra våre overlevde. Nye globale helseutfordringar krev betre internasjonalt samarbeid. Difor er eg glad for at vi har klart å setje denne saka høgt opp på dagsordenen denne veka. Vi veit kva som må gjerast, og no er tida komen til å gjere jobben når vi kjem heim.

President,

Klimatoppmøtet i Paris i fjor var eit vendepunkt i kampen for å redde planeten vår. No trengst det effektive og samordna tiltak for å redusere utslepp og oppfylle dei ambisiøse måla som vi har sett oss. Vi har som ambisjon å gjere alt dette, samstundes som vi skal halde fram med å sikre anstendig arbeid og økonomisk vekst for alle. Dette vil krevje investeringar i innovasjon, og vi har inga tid å misse.

I tiåra som kjem, vil havet spele ei større rolle i den globale økonomien. I dag er det berre 17 prosent av alt animalsk protein som vert konsumert på verdsbasis, som kjem frå sjøen. Dersom vi skal klare å oppfylle dei aukande behova, må stadig meir av maten vår hentast frå havet. Men veksten i fisket av villfanga fisk er avgrensa, og difor trengst det stadig meir berekraftig akvakultur. Etter kvart som verdshandelen held fram med å auke, vil òg behovet for sjøtransport auke.

Alt no er havet ei viktig energikjelde. Denne ressursen må utviklast vidare for å oppfylle dei aukande krava om rein og fornybar energi. Kort sagt, havet gjev store håp for framtida. Vi har berre sett byrjinga på den blå økonomien. FNs havrettskonvensjon utgjer ein fin balansegang mellom konkurrerande interesser og behov. Dette gjer det mogleg for oss å realisere det potensialet som finst i marine ressursar, verne det biologiske mangfaldet i havet og hindre konfliktar på det maritime området.

President,

Vedtakinga av berekraftsmåla og Paris-avtalen viser kva som er mogleg å oppnå når landa kjem saman for å finne kompromiss og vise handlekraft. I ei globalisert verd der vi alle er avhengige av kvarandre, er det heilt avgjerande å samarbeide internasjonalt dersom vi skal kunne redusere fattigdom, løyse konfliktar og handtere klimaendringar, migrasjon og terrorisme. Inga regjering kan på eiga hand klare å løyse dei utfordringane vi står overfor på ein effektiv måte.

Tidlegare i dag la Noreg, saman med Colombia, Etiopia, Ghana, Indonesia, Jordan og Mexico, fram fem tilrådingar som er meinte for den nye generalsekretæren, med sikte på å fremje eit uavhengig og truverdig FN som kan spele ei samlande og leiande rolle. FN har ein unik plass i den multilaterale verdsordenen. Det er vårt felles ansvar å forsvare ein verdsorden der vi kan finne løysingar gjennom forhandlingar og respekt for folkeretten. FN har eit mandat som framleis er gyldig og står sterkt, men organisasjonen må òg reformerast for å kunne handtere dei utfordringane som ligg framfor oss.

Vi vil takke generalsekretær Ban Ki-moon for den store innsatsen han har gjort og dei gode resultata han har oppnådd på ei rekkje område, mellom anna vedtakinga av berekraftsmåla. Den neste generalsekretæren må halde fram arbeidet med å forsvare og fremje ein multilateral verdsorden – og gå i spissen for den endringsprosessen som må til for å sikre global stabilitet og berekraftig utvikling for alle. Noreg vil støtte den neste generalsekretæren i denne viktige innsatsen.

Takk.