Meld. St. 8 (2021–2022)

Noregs fiskeriavtalar for 2022 og fisket etter avtalane i 2020 og 2021

Til innhaldsliste

1 Samandrag

Noreg er ein havnasjon med rike fiskeressursar. Dei store mengdene fisk i norske farvatn har gjeve mat, arbeid og inntekt til det norske kystfolket til alle tider. I 2021 eksporterte Noreg villfanga fisk og fiskeprodukt for 35,1 milliardar kroner, som vart ny rekord.

Vi deler rundt 90 prosent av fiskeressursane vi haustar av med andre land gjennom gjensidige avtalar på ressursforvaltingsområdet. Det er forvaltinga av desse ressursane som er temaet for dei årlege fiskeriavtalane. Avtalane skal sikre at haustinga av fiskebestandane er berekraftig. Dei er difor baserte på uavhengige vitskaplege råd om kvotar og forvaltingstiltak og inneheld forpliktande føresegner om kvotefordeling, forvaltingstiltak og kontrollsamarbeid.

Det er tre overordna mål som ligg til grunn for Noregs medverknad i dei ulike forhandlingsprosessane og dei internasjonale organisasjonane for ressursforvalting:

  • å fremje ei berekraftig forvalting av dei levande marine ressursane, basert på den best tilgjengelege vitskaplege kunnskapen og ei økosystembasert tilnærming

  • å sikre Noreg ein rettferdig del ved kvotefordeling av felles regulerte bestandar

  • å sikre tilfredsstillande kontroll og handheving innan dei forvaltingsregima der Noreg tek del

Oversikt over fiskeriavtalane

Noreg inngår vanlegvis tre typar internasjonale fiskeriavtalar: tosidige avtalar, kyststatsavtalar og avtalar i regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonar (RFMO-ar). Nytt i 2021 var at Noreg også inngjekk ein trepartsavtale med EU og Storbritannia om forvaltinga av fellesbestandane i Nordsjøen.

Noreg inngår tosidige avtalar med Russland, EU, Færøyane, Island og Grønland, og for 2022 for første gong også med Storbritannia. Avtalane med Russland, EU og Storbritannia er dei mest omfattande og gjeld felles forvalting av bestandane vi deler i høvesvis Barentshavet og Nordsjøen. I tillegg blir det avtalt gjensidig løyve til å fiske i fiskerisona til den andre parten og byte av kvotar. EU er forhandlingspart på vegner av Sverige og Danmark i avtalane om regulering av fisket i Skagerrak og Kattegat, og svensk fiske i norsk økonomisk sone. Avtalane med Færøyane, Grønland og Island gjeld først og fremst kvotebyte. Kvotebytet har tradisjonelt vore ei vidareføring av tidlegare fiskemønster hos partane, men nivået avheng òg av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane. Dei tosidige avtalane omfattar dessutan kontrollsamarbeid og i ulik grad forskingssamarbeid.

Dei største bestandane i Norskehavet er makrell, norsk vårgytande sild og kolmule. Dette er bestandar som vandrar mellom sonene til fleire statar. Dei blir difor forvalta gjennom fleirsidige avtalar, såkalla kyststatsavtalar, mellom statane som har bestanden i sonene sine. Noreg har òg ein trepartsavtale om forvaltinga av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen og er part i prosessen om fordeling og regulering av uer i Irmingerhavet mellom Færøyane, Grønland og Island.

Figur 1.1 Dei nordaustatlantiske havområda

Figur 1.1 Dei nordaustatlantiske havområda

FN-avtalen om fiske på det opne havet pålegg kyststatane og statar som fiskar i internasjonalt farvatn, å ta del i regionalt samarbeid om forvaltinga av vandrande fiskebestandar. RFMO-ane søkjer å kombinere ei langsiktig bevaring og best mogleg utnytting av fiskeressursane i konvensjonsområda sine. Det skjer gjennom regulering av fisket, miljøtiltak og kontrollsamarbeid. RFMO-ane har mellom anna vore viktige arenaer i kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske). Dei ulike organisasjonane for fiskeriforvalting som Noreg deltek i, er nærare presenterte i kapittel 3.

I kapittel 2 gjev vi ei kort innføring i tema som er viktige i det internasjonale fiskerisamarbeidet: Det havrettslege rammeverket, den vitskaplege rådgjevinga og dei internasjonale havmiljøprosessane legg viktige premissar for dei årlege fiskeriavtalane. Vi omtaler dessutan det internasjonale samarbeidet mot UUU-fiske og fiskerikriminalitet.

Verdiane vi forhandlar om

Den samla fangstverdien av fiskeriavtalane Noreg inngjekk med andre land i 2021, er rekna til om lag 52 milliardar kroner1. Noreg sin del utgjorde ein tredel av totalen, eller om lag 17,98 milliardar kroner. I tillegg kjem verdiane som blir skapte av vidareforedling av fangsten. Den reelle verdien av avtalane er avhengig av i kor stor grad Noreg nyttar kvotane fullt ut.

Figur 1.2 viser korleis den økonomiske verdien vart fordelt mellom dei viktigaste avtalane i 2021. Denne fordelinga vil variere ein del frå år til år, som følgje av endringar i storleiken på kvotane og prisane i marknaden for dei ulike artane. Figuren illustrerer like fullt den økonomiske tyngda av dei ulike avtalane.

Figur 1.2 Fiskeriavtalane sin relative verdi for Noreg i 2021

Figur 1.2 Fiskeriavtalane sin relative verdi for Noreg i 2021

Torsken i Barentshavet er den kommersielt viktigaste bestanden i Noreg, og den norske kvoten hadde i 2021 ein verdi på om lag 8,3 milliardar kroner. Det er grunnen til at meir enn halvparten av dei samla verdiane av fiskeriavtalane kjem frå Russlandsavtalen. 30 prosent av verdiane frå avtalane totalt skriv seg frå kyststatsavtalane for dei tre pelagiske bestandane. Makrellen er for tida den viktigaste med ein verdi på om lag 3,1 milliardar kroner i 2021. Avtalen med EU og Storbritannia om forvaltinga av fellesbestandane i Nordsjøen stod for 7 prosent av verdiane. Skagerrakavtalen med EU stod for cirka 1 prosent av dei samla verdiane i 2021.

1.1 Fiskeriavtalane for 2022

Figur 1.3 viser den avtalte totalkvoten for viktige bestandar for Noreg i perioden 2019–2022. Kapittel 3 presenterer dei fastsette kvotane og fordelinga av desse i alle dei ulike avtalane. Kapittel 4 inneheld ein gjennomgang av status og vitskapleg rådgjeving for dei ulike bestandane.

Figur 1.3 Totalkvotar i 2019–2022 for viktige bestandar for Noreg (tonn)

Figur 1.3 Totalkvotar i 2019–2022 for viktige bestandar for Noreg (tonn)

1 Torsk i Barentshavet er inklusive norsk kysttorsk. Kolmule/NVG-sild/makrell: Det har ikkje vore semje om fordeling av totalkvoten i åra 2019–2022, så summen unilaterale kvotar er høgare enn totalkvoten gjeven opp i figuren.

Avtalen med Russland

Noreg og Russland har avtalt totalkvotar for 2022 på fellesbestandane i Barentshavet og fordelinga mellom Noreg, Russland og avsetjing til tredjeland. Landa har òg avtalt gjensidig rett til å fiske i sonene til kvarandre, og har bytt kvotar som gjeld både fellesbestandar og nasjonale bestandar. Det er semje mellom dei to landa om ei fast prosentvis fordeling av fellesbestandane.

Etter at det er fastsett kvote til tredjeland, blir kvotane for nordaustarktisk torsk, nordaustarktisk hyse, blåkveite, snabeluer og lodde fordelte i tråd med den faste prosentvise fordelinga. Torske- og hysebestandane blir delte likt mellom Noreg og Russland. Torskekvoten er 20 prosent lågare enn i 2021. Tredjelandskvoten blir bytt mot kvotar på andre artar. Kvotenivået er venta å sikre eit høgt utbyte på lang sikt. Hysekvoten er redusert med om lag 20 prosent frå 2021. Noreg og Russland vedtok også eit ekstra høve til overføring av ubrukt kvote av torsk frå 2021 til 2022. Vedtaket inneber at overføringsgraden som eit eingongstilfelle på grunn av koronaviruspandemien er auka frå 10 prosent til 15 prosent. Det inneber at partane kan overføre inntil 15 prosent av kvoten til neste år. Det vart bestemt å opne for eit loddefiske i 2022 innanfor ein totalkvote på 70 000 tonn, i tråd med forvaltingsregelen. Den norske andelen utgjer 41 950 tonn. Dette er første gong sidan 2018 at det blir opna for eit loddefiske.

Noreg og Russland er einige om å føre vidare arbeidet i analysegruppa i 2021, som har vore sentral i kontrollsamarbeidet med Russland i Barentshavet.

Avtalen med EU og Storbritannia

Etter at Storbritannia gjekk ut av EU 28. februar 2020 og frå 1. januar 2021 stod fram på nytt som ein sjølvstendig kyststat, er mange av bestandane som tidlegare vart forvalta i samråd mellom Noreg og EU, delte mellom tre partar. Frå 2021 blir difor totalkvotar (TAC) og andre forvaltingstiltak for bestandane nordsjøtorsk, hyse, sei, kviting, raudspette og nordsjøsild fastsette i samråd mellom EU, Storbritannia og Noreg.

Byte av kvotar og gjensidig tilgang til å fiske i jurisdiksjonsområda til Storbritannia og EUs farvatn skjer etter separate avtalar som må forhandlast fram mellom Noreg og kvar av dei to partane.

Trepartsavtalen om totalkvotar for fellesbestandane i Nordsjøen vart underteikna fredag 10. desember 2021.

Av fellesbestandane i Nordsjøen er det silda og seien som har den største kommersielle verdien for Noreg. Noreg har 29 prosent av sildekvoten og 52 prosent av seikvoten.

Rekrutteringa i Nordsjøen har vore på eit lågt nivå for mange bestandar dei siste åra. Årsaka er kompleks og kan ha med både samansetjing av plankton og endringar i temperaturen å gjere. Sjå kapittel 4 om tilstanden til dei ulike bestandane.

Avtalane med EU

I tråd med rammeavtalen om fiskerisamarbeid mellom Noreg og EU frå 1980 forhandlar partane kvart år om byte av fiskekvotar. Avtalen gjev òg gjensidig tilgang til å fiske i fiskerisona den andre parten har i Nordsjøen.

I tråd med rammeavtalen med EU er Noreg forplikta til å tilby EU 4,14 prosent av den totale kvoten for torsk i nord. I tillegg byter EU til seg sei, hyse og blåkveite i nord, og lysing, reker og andre bestandar i Nordsjøen. EU skal som motyting tilby Noreg tilsvarande fiskemoglegheiter i eigne farvatn. Etter at Storbritannia ikkje lenger er medlem av EU, har dette bytet minska betydeleg i storleik. Frå EU fekk Noreg i år kvotar på kolmule og ein del kvotar som kan fiskast i Grønlands farvatn. Dette omfattar mellom anna reker, lodde og blåkveite.

Noreg og EU samarbeider òg om kontroll og overvaking av ressursuttaket.

Noreg og EU forhandlar i tillegg avtalar om fisket i Skagerrak/Kattegat og om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen (nabolandsavtalen). Det er særleg silde- og rekefisket i Skagerrak som er av størst interesse for norske fiskarar.

Noreg og EU underteikna fredag 10. desember 2021 tosidig kvoteavtale om kvotebyte og tilgang til å fiske i sonene til kvarandre, tosidig avtale om forvalting av fiskebestandar i Skagerrak og Sverige-avtalen.

Avtalen med Storbritannia

30. september 2020 underteikna Noreg og Storbritannia ein bilateral rammeavtale for fiskerisamarbeid. Avtalen legg til rette for at partane kan bli einige om byte av kvotar og tilgang til å fiske i respektive jurisdiksjonsområde (sonetilgang). Noreg og Storbritannia enda likevel opp utan avtale for 2021. Etter mange rundar hausten 2021 lukkast ein å bli einige om ein bilateral avtale om sonetilgang og kvotebyte for 2022. I denne avtalen får Noreg tilgang til å fiske noko av vår eigen nordsjøsildkvote i den økonomiske sona til Storbritannia. Partane vart også einige om å gje kvarandre gjensidig tilgang til å fiske opp til 30 000 tonn kvitfisk. Partane utveksla i tillegg kvotar i Nordsjøen og Barentshavet.

Kyststatsavtalane

For tida er det ingen kyststatsavtalar om fordeling av dei store pelagiske bestandane makrell, NVG-sild og kolmule. Kyststatane vart hausten 2021 samde om å starte nye forhandlingar om fordeling for alle desse bestandane tidleg i 2022.

Makrell

Makrellen er kommersielt sett den nest viktigaste bestanden for Noreg.

Makrellbestanden har vore i ganske god forfatning dei siste åra. Kyststatane vart hausten 2021 samde om at samla kvote for 2022 bør vere på 794 920 tonn. Dette er i samsvar med rådet frå ICES og inneber ein liten reduksjon frå kvoten for 2020.

Noreg, EU og Færøyane inngjekk i 2014 ein femårig rammeavtale for forvalting av makrell, som i 2018 vart forlengd ut 2020. Noreg hadde primært ønskt å føre vidare denne avtalen med fire partar etter at Storbritannia vart ein sjølvstendig kyststat i 2021. Men Storbritannia var ikkje villig til å føre vidare elementet om gjensidig løyve til å fiske i sonene til kvarandre, som var eitt av to hovudelement i det gamle avtaleverket og svært viktig for Noregs flåte. Det var difor ikkje grunnlag for å inngå nokon ny avtale. Noreg, som dei andre partane, sette difor ein eigen einsidig kvote på 35 prosent av samla makrellkvote, som svarer til 298 299 tonn. Storleiken på denne kvoten var basert på sonetilhøyrsla makrellen har til farvatn under norsk jurisdiksjon. Så å seie heile denne kvoten vart fiska i norsk økonomisk sone gjennom hausten 2021.

Norsk vårgytande sild (NVG-sild)

Norsk vårgytande sild er den største sildebestanden i verda. Storbritannia, Færøyane, Island, Noreg og Russland er kyststatar til NVG-silda. Dei siste åra har Færøyane kravd ein høgare del av den totale kvoten. Det færøyske kravet førte til at spørsmålet om delinga mellom partane har blitt opna på nytt, og fleire partar, mellom dei Noreg, har auka den prosentsatsen dei nyttar som grunnlag for fastsetjing av nasjonal kvote. Kyststatane har forhandla om delinga i fleire forhandlingsrundar, men har ikkje greidd å bli einige om ein ny fempartsavtale. På kyststatsmøtet hausten 2021 var det semje om å møtast igjen tidleg i 2022 for å halde fram med andelsforhandlingar.

For 2022 har partane blitt samde om ein totalkvote på NVG-sild på 598 588 tonn. Fram til no er det ikkje nådd ein avtale om fordelinga av andelar til statane, og kvotane blir fastsette unilateralt. Med utgangspunkt i ein felles kyststatsrapport om sonetilhøyrsla til NVG-silda, har Noreg sett ein kvote for 2022 som inneber ein del på 76 prosent.

På kyststatsmøtet hausten 2020 vart det lagt fram ein rapport utarbeidd under leiing av forskarar frå Havforskingsinstituttet, men med deltaking av forskarar frå dei andre partane, der denne rapporten om sonetilhøyrsla til silda vart oppdatert. I rapporten går forskarane også gjennom metodikk for å berekne sonetilhøyrsle for ein bestand. Denne rapporten vil no bli oppdatert kvart år framover.

Storbritannia deltok for første gong på kyststatsmøtet hausten 2020 og skreiv under avtalen på line med dei andre partane. Det er semje mellom partane om at Storbritannia er kyststat til sild, medan EU ikkje lenger er dette.

Kolmule

Kolmule er den tredje store pelagiske bestanden i Nordaust-Atlanteren. Etter initiativ frå EU utarbeidde partane for ein del år sidan ein felles rapport om sonetilhøyrsle for kolmulebestanden. Med utgangspunkt i rapporten kravde EU ein høgare del av totalkvoten. Færøyane har følgd opp og krev også ein større del, og Island har òg dei seinare åra nytta ein høgare prosentsats. I si kvotefastsetjing for 2022 har også Storbritannia nytta den same høgare satsen som EU.

Kyststatane har dei seinaste åra forhandla i fleire rundar om ei ny fordeling av bestanden, men ein har førebels ikkje lukkast i dette. På kyststatsmøtet hausten 2021 var det semje om å møtast igjen tidleg i 2022 for å halde fram med andelsforhandlingar. Det var også semje om at rapporten om sonetilhøyrsle for kolmulebestanden no skal oppdaterast kvart år, som for sild.

I forhandlingane for 2022 vart partane samde om ein totalkvote (TAC) på 752 736 tonn. TAC er basert på rådgjevinga frå ICES og forvaltingplanen som er evaluert av ICES.

På same måten som for norsk vårgytande sild, deltok Storbritannia hausten 2020 for første gong også på forhandlingane om kolmule. Både Storbritannia og EU er å rekne som kyststatar til kolmule.

Dei regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonane

Noreg er i dag medlem av fire regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonar, i tillegg til Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) og Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen (NAMMCO).

Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC)

Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen har ein viss samordnande funksjon i reguleringa av fisket etter bestandar som vandrar mellom dei økonomiske sonene til partane og internasjonalt farvatn. Dette gjeld kolmule, norsk vårgytande sild, makrell og uer. I tråd med kyststatsavtalen for kolmule for 2022 vedtok årsmøtet ein kvote for fisket i internasjonalt farvatn på 59 910 tonn, fordelt på Danmark (Grønland) og Russland. NEAFC-reguleringa inneber i tillegg at kyststatane kan fiske dei nasjonale kvotane sine internasjonalt. Årsmøtet vedtok også ei regulering av fisket etter norsk vårgytande sild basert på kyststatsavtalen om ein totalkvote på 598 588 tonn. Også denne reguleringa inneber at kyststatane kan fiske dei nasjonale kvotane sine i internasjonalt farvatn. Når det gjeld makrell, vedtok årsmøtet ei regulering basert på kyststatsavtalen om ein totalkvote på 794 920 tonn for 2022. Alle reguleringane er i tråd med tilrådingane frå ICES.

For andre gong vedtok NEAFC også eit forbod mot fiske etter uer i Irmingerhavet, i tråd med rådgjevinga frå ICES. Partane vart ikkje einige om regulering av fisket etter uer i Norskehavet.

Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen (NAFO)

Mange av bestandane som blir forvalta av NAFO, er under moratorium. Noreg har rett til å fiske på lodde, torsk og to rekebestandar. Dei siste åra er det berre torskefisket som har vore oppe, men med grunnlag i vitskaplege vurderingar vart også rekefisket i område 3M opna for fiske i 2020. Rekefisket er per i dag regulert med eit fiskedøgnsregime. Partane skulle etter planen ha møttest i 2021 for å vurdere ein overgang til eit ordinært kvoteregime, men på grunn av den rådande koronasituasjonen vart dette utsett til 2022. Årsmøtet vedtok difor ei vidareføring av fiskedøgnsregimet i 2022. Årsmøtet vedtok òg å auke torskekvoten til 4 000 tonn. Noreg argumenterte for ein kvote på ikkje meir enn 3 000 tonn, i tråd med kvoterådet. NAFO har dei siste åra lagt stor vekt på å regulere fisket med botnreiskapar slik at sårbare marine økosystem blir skåna. I dag er i alt 20 område i NAFO stengde for fiske med botnreiskapar for å verne konsentrasjonar av korallar og svamp som har særleg sårbare økosystem. Stengingane gjeld også fleire område med undersjøiske fjell. Revisjonen av NAFO si regulering om vern av sårbare marine økosystem vart ferdigstilt i 2021. Årsmøtet vedtok på denne bakgrunn ei vidareføring av stengde område fram til 2026, i tillegg til å stengje ytterlegare fem nye område.

Den internasjonale kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk (ICCAT)

Noreg hadde i perioden 2007–2013 forbod mot fiske og landing av makrellstørje på bakgrunn av bestandssituasjonen og fordi totalkvoten vart sett høgare enn tilrådd. Den internasjonale kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk har no klare indikasjonar på at den negative trenden er snudd, og at tilstanden til bestanden er betre. Noreg opna for fangst av den norske kvoten i 2014. Totalkvoten på austleg makrellstørje og den norske kvoteandelen har auka dei siste åra. I 2018 vedtok ICCAT ny forvaltingsplan for austleg makrellstørje. Den norske totalkvoten for 2019, 2020 og 2021 har vore på 300 tonn. For 2022 er kvoten fastsett på same nivå. Dette gjev fleire fartøy høve til å få delta i makrellstørjefiske i norske farvatn.

Kommisjonen for bevaring av dei marine levande ressursane i Antarktis (CCAMLR)

CCAMLR fører vidare kvotane på kril i Antarktis på same nivået som tidlegare. Det finst store krilressursar i konvensjonsområdet, men i dag går storparten av fisket føre seg i CCAMLR-område 48, det vil seie Antarktishalvøya, Sør-Shetland, Sør-Orknøyane og Sør-Georgia. Det er fastsett ei fangstgrense for heile konvensjonsområdet på 5,6 millionar tonn. Enorme avstandar og utfordrande vêr- og istilhøve i fangstsesongen verkar inn på kor god tilgang fartøya har til fangstområda, og dermed òg på kor lenge og kor mykje kril fartøya kan fiske. Dei siste åra var totalfangsten av kril på mellom 230 000 og 280 000 tonn. I område 48 er fangstgrensa sett til 620 000 tonn, det vil seie meir enn dobbelt så mykje som fangstnivået i dag. Kvoten er ikkje delt mellom dei enkelte medlemmene. Den norske flåten fiskar om lag 50–60 prosent av den totale krilfangsten i konvensjonsområdet.

Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjonen (SEAFO)

Den overordna målsetjinga til SEAFO-konvensjonen er langsiktig bevaring og berekraftig bruk av marine ressursar i det søraustlege Atlanterhavet. Konvensjonsområdet er avgrensa til det opne havet og omfattar såleis ikkje den økonomiske sona til kyststatane i området. Fram til oktober 2021 var det er sju partar (Noreg, Namibia, Angola, Sør-Afrika, EU, Japan og Sør-Korea) som var for fulle kommisjonsmedlemmer å rekne, medan Storbritannia, Island og USA har status som observatørar i kommisjonen.

Det er lenge sidan norske fartøy har fiska i SEAFO-området, og det er heller ikkje noko som tyder på at norske fiskarar er interesserte i å starte fiskeriverksemd der i tida som kjem. Når ein flaggstat ikkje lenger fiskar i eit område, er det i tråd med havrettens system at ein trekkjer seg ut av den aktuelle fiskeriorganisasjonen og seier opp konvensjonen. I tråd med artikkel 33 i konvensjonen, som stadfestar at ein konvensjonspart når som helst kan seie opp konvensjonen ved skriftleg underretning til FNs matvareorganisasjon (FAO), som er depositar for konvensjonen, overleverte Noreg difor ein oppseiingsnote i oktober 2020 til FAO. Oppseiinga fekk verknad eitt år etter underretning til depositaren, så frå 29. oktober 2021 var ikkje Noreg lenger medlem av SEAFO-konvensjonen.

Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC)

Den norske kvoten på vågekval blir fastsett på bakgrunn av det arbeidet som er gjort i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen sin vitskapskomité. Vitskapskomiteen i IWC starta ein gjennomgang av det norske fangstgrunnlaget for vågekval i 2014. Komiteen konkluderte med at nye genetiske analysar ikkje gjev grunnlag for å dele opp i underområde for Barentshavet, Svalbardområdet og Norskehavet. Bestandsvurderinga som norske forskarar presenterte, vart også i hovudsak godteken. Kvoten for vågekval er i 2022 på 917 dyr. Det er 361 færre enn i 2021. Dette er det første året i ein ny forvaltningsperiode, noko som inneber at totalkvoten blir sett ned til grunnkvoten. For 2023 vil det vera mogleg å overføra eventuell ubrukt kvote frå 2022, noko som potensielt vil auka totalkvoten. Kvoten kan fangast i heile forvaltingsområdet til IWC, som er noko større enn havområda under norsk jurisdiksjon. Det vil seie at det også kan drivast fangst i internasjonalt farvatn mellom Noregs økonomiske sone og fiskerisona ved Jan Mayen.

Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen (NAMMCO)

NAMMCO har ansvaret for bevaring og fangst av sjøpattedyr i Nord-Atlanteren. Ansvaret til organisasjonen inkluderer heile spekteret av sjøpattedyr, altså storkval, småkval, sel og kvalross. Viktige område for Noreg er NAMMCOs handsaming av forvaltingsmodellen vår for fangst av kystsel, spørsmål om dyrevelferd og fangsttryggleik i kval- og selfangst og utfordringar knytte til bifangst av sjøpattedyr i norske fiskeri. Det vart gjennomført eit digitalt årsmøte i NAMMCO i mars 2021.

1.2 Fisket etter avtalane i 2020 og 2021

Norske fiskarar utnyttar generelt kvotane godt, og for dei kommersielt viktigaste bestandane blir kvotane nytta så godt som fullt ut, jf. tabell 1.1.

Tabell 1.1 Norsk utnytting av dei kommersielt viktigaste kvotane i 2020 og 2021.

Utnyttingsgrad1

2020

2021

Barentshavet, Noreg – Russland

Torsk

96 %

89 %

Hyse

82 %

86 %

Nordsjøen og Skagerrak, Noreg – EU

Sild

105 %

93 %

Sei

97 %

68 %

Fleirpartsavtalar

Norsk vårgytande sild (NVG-sild)

104 %

102 %

Makrell

99 %

89 %

Kolmule

98 %

95 %

1 Oversikta tek ikkje omsyn til overføringar mellom år (kvotefleksibilitet), men tek utgangspunkt i fangst og kvote i det einskilde året. For fiskeslaga i tabellen kan ein normalt overføre inntil 10 prosent av kvotane mellom år. Avvik frå full utnytting inneber altså ikkje nødvendigvis at kvotane ikkje blir fiska opp eller er overfiska.

Tilgangen til å fiske i sonene til andre land blir nytta i ulik grad. Til dømes nyttar Noreg sonetilgangen i russisk sone lite, då vi har god tilgang i eiga sone på dei fleste bestandane vi deler med Russland. Noreg nyttar kvoten av torsk i Norskehavet og Barentshavet fullt ut kvart år, medan delar av hysekvoten ikkje er fullt utnytta dei seinare åra.

Noreg nytta heile den norske sildekvoten i Nordsjøen. Når det gjeld torskebestanden i Nordsjøen, minkar denne. Kvotane for 2021 og 2022 er 70 prosent lågare enn kvoten for 2018, som var den høgaste sidan 2002. Ifølgje offisiell fangststatistikk har EU i dei seinare åra nytta fellesbestandane i Nordsjøen relativt godt, det same gjeld kvotane dei har i norsk sone nord for 62°N.

Før Storbritannia gjekk ut av EU, vart dei norske kvotane av dei pelagiske artane kolmule, augepål og havbrisling godt nytta. I 2021, etter Brexit, vart kolmulekvoten i EU farvatn utnytta, men Noreg hadde ikkje kvotar for augepål og havbrisling i EU-farvatn. Fisket til dei norske linefartøya på fiskeslaga lange og brosme har vore på eit tradisjonelt nivå, men etter Brexit fekk Noreg ikkje tilgang til britisk sone i 2021 der dette fisket går føre seg.

Alle kyststatane har nytta kvotane sine av dei pelagiske artane norsk vårgytande sild, kolmule og makrell godt. Etter to sesongar utan loddefiske vart det funne grunnlag for å opne for eit loddefiske ved Island, Grønland og Jan Mayen sesongen 2020–2021. TAC vart auka fleire gonger, for til slutt å ende på 127 300 tonn lodde. Norsk kvote inkludert alle kvotekomponentar vart på 41 808 tonn lodde. Det vart stor etterspurnad etter lodde, noko som førte til svært gode prisar for fiskeflåten. Når det gjeld sesongen 2021–2022, vart førebels TAC auka frå 400 000 tonn til 904 200 tonn. 18. februar vart TAC redusert til 869 600 tonn, dette betydde ein norsk kvote inkludert alle kvotekomponentar på 140 989 tonn, noko som er den høgaste kvoten sidan 1990-åra. Det har ikkje vore opna for loddefiske i Barentshavet i 2020 og 2021.

Kapittel 5 rapporterer om fisket etter dei ulike avtalane, med vekt på norsk utnytting av kvotane.

Fotnotar

1.

Rekna med norske prisar for førstehandsomsetnad.

Til forsida