Meld. St. 8 (2021–2022)

Noregs fiskeriavtalar for 2022 og fisket etter avtalane i 2020 og 2021

Til innhaldsliste

4 Bestandane – status og rådgjeving

Dette kapittelet gjer greie for tilstanden til dei viktigaste fiskebestandane Noreg deler med andre land, og dei vitskaplege råda om korleis bestandane bør regulerast. For kvart geografiske område – Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen – er det til innleiing ei kort oversikt over tilstanden i økosystemet og dei viktigaste bestandane der. I omtalen av kvar bestand viser vi den historiske utviklinga i bestandsstorleik, gytebestand og fangstar, i tillegg til tilrådd og avtalt totalkvote dei siste fem åra.

Dette kapittelet presenterer også fiskedødelegheita (for dei fleste bestandar for 2009–2018 og noverande verdi i perioden [2019–2020]) etter dagens forvaltingsplan (Fmgt), der ein har ein forvaltingsplan på plass, eller sist estimerte verdi av maksimalt langtidsutbyte (Fmsy). Vi gjer merksam på at desse verdiane har blitt endra i den siste tiårsperioden for fleire av bestandane. På grunn av at ein kvart år får ny informasjon om kvar bestand, endrar biletet av den historiske utviklinga av bestanden seg, spesielt for dei siste åra. Dette er illustrert i rådet frå ICES, under «Quality of the assessment», der det for kvar bestand er figurar som viser historiske endringar i bestandsvurderinga (gytebestand, fiskedødelegheit og rekruttering). I tillegg til å vise effekten av nye data reflekterer desse figurane også metodeendringar.

4.1 Barentshavet

Gytebestanden av torsk i Barentshavet har i perioden 2008–2021 vore på det høgaste nivået vi har hatt i etterkrigstida. Også hysebestanden står det greitt til med, og det ser også ut som om blåkveitebestanden og snabeluerbestanden er på eit stabilt nivå. Lodda var i åra 2009–2013 på eit relativt høgt og stabilt nivå, men kasta lite av seg i form av fiske, sidan det kraftige beitepresset frå torsken har teke mesteparten av den årlege produksjonen. Loddebestanden minka kraftig etter 2013, men tok seg brått opp igjen i 2017. Bestanden minka noko att i 2018–2019, før han voks i 2020. Det var ikkje loddefiske i 2016 og 2017, men i 2018 vart det igjen opna for fiske på denne bestanden. Fisket vart så stengt igjen i 2019–2021 og opna igjen i 2022.

Figur 4.1 Barentshavet – straumar og djupn

Figur 4.1 Barentshavet – straumar og djupn

Det står bra til med vågekval og grønlandssel i Barentshavet, som er dei to sjøpattedyrbestandane som det blir fangsta på i dette området. For begge bestandane, spesielt grønlandssel, er fangsten lågare enn kvoterådet. Kvoten for grønlandssel er avtalt med Russland og omtalt i kap. 3.2.1, medan kvoten for vågekval blir fastsett av Noreg basert på metodar utvikla i IWC slik det er omtalt i kap. 3.4.3. Barentshavet er eit relativt grunt havområde som ligg på kontinentalsokkelen nord for Noreg og Russland, jf. figur 4.1. Barentshavet er sterkt prega av varmt atlantisk vatn som strøymer inn frå sørvest. Det er i stor grad det som gjer at dette havområdet ikkje berre er leveleg, men eit svært produktivt hav. Områda på denne breiddegraden på motsett side av jordkloden er dekte med is året rundt, då dei ikkje har denne innstrøyminga av varmt vatn. Dei siste åra har det vore meir varmt atlanterhavsvatn nord i Barentshavet og nordom Svalbard enn nokon gong. Det varme vatnet skaper stor produksjon av plankton og godt med mat, både til lodde og torsk. Torsk og lodde hadde i fleire av åra på 2010-talet den nordlegaste utbreiinga som er registrert i målingane til Havforskingsinstituttet gjennom dei siste 40 åra.

Figur 4.2 Økosystemet i Barentshavet

Figur 4.2 Økosystemet i Barentshavet

Illustrasjon: Havforskingsinstituttet

Noreg og Russland har eit særs godt samarbeid om forsking i Barentshavet, og dette gjev god kunnskap om fiskestammane og økosystemet.

Det er funne over 200 fiskeartar i Barentshavet, men berre nokre få har kommersiell verdi. Dette er først og fremst den nordaustarktiske torsken (den største torskebestanden i verda), den nordaustarktiske hysa, den nordaustarktiske blåkveita, vanleg uer, snabeluer og lodde. I tillegg speler også reker, snøkrabbe og kongekrabbe viktige økonomiske roller. Rekefisket har auka sterkt i 2018–2019, men gjekk noko ned igjen i 2020. Snøkrabbe breier seg vestover og nordover i Barentshavet. Det har blitt utvikla eit kommersielt fiske på denne bestanden, og fangsten er allereie tre gonger større enn fangst av kongekrabbe.

Figur 4.3 viser det samla fangstkvantumet av botnfisk og pelagisk fisk i Barentshavet frå starten av førre hundreåret og fram til 2019. Den pelagiske fisken er nesten berre lodde, med eit lite innslag av polartorsk først i 1970-åra. Tidlegare var det lita interesse for å fiske lodde, men nedgangen i sildebestanden i Norskehavet i 1960-åra gjorde at fiskeflåten som før fiska sild, no søkte etter nye bestandar å fiske på. Utover i 1970-åra utvikla det seg eit omfattande loddefiske som nådde ein topp i 1977 med om lag tre millionar tonn fangst.

Figur 4.3 Fisket i Barentshavet frå 1903 til 2020. Totalfangst – alle land

Figur 4.3 Fisket i Barentshavet frå 1903 til 2020. Totalfangst – alle land

Kvantumet av fiska lodde har vore mykje mindre sidan 1990 enn det var i 1970-åra og tidleg i 1980-åra, sjølv om ikkje loddebestanden har vore så mykje mindre. Vi ser då bort frå dei fire periodane då loddebestanden var særs liten og fisket vart stoppa. Denne utviklinga i fisket heng saman med at torskebestanden, som har lodde som sitt viktigaste fôr, har vakse seg svært stor i seinare år. Det har òg å gjere med at torsken no breier seg lenger nord og aust enn før, og overlappar geografisk med loddebestanden ein mykje lengre periode av året. Torsken et difor ein langt større del av loddebestanden no enn tidlegare. Dette er vist på figur 4.4.

Figur 4.4 Torskebestanden sitt konsum av ulike byttedyr frå 1984 til 2020

Figur 4.4 Torskebestanden sitt konsum av ulike byttedyr frå 1984 til 2020

Av figur 4.4 ser vi at torsken konsumerte meir enn 8 millionar tonn mat årleg rundt 2010, og det går tydeleg fram at lodda utgjorde størstedelen av dette. I 2020 var konsumet minka til om lag 5,4 millionar tonn. Innsamlinga av mageprøvar av torsk er eit sams norsk-russisk prosjekt. Det kom i stand i 1984 som eit første steg mot fleirbestandsforsking og forvalting. Ved å studere kva den viktigaste rovfisken i Barentshavet et, har vi lært svært mykje om korleis dette økosystemet fungerer. Det er denne kunnskapen som ligg til grunn når vi no ser forvaltinga av lodde og torsk i samanheng og tek med i bestandsvurderinga for torsk og hyse kor mykje småtorsk og småhyse den store torsken set til livs.

Boks 4.1 Nordaustarktisk torsk

Figur 4.5 Torsk

Figur 4.5 Torsk

Foto: Øystein Paulsen, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: torsk – Gadus morhua

Maksimal storleik: 169 cm og 55 kg

Levetid: maks 25 år

Bestandsstorleik (2021): om lag 2,1 millionar tonn (totalbestand 3 år gammal og eldre fisk)

Kvote for 2022: 708 480 tonn

Norsk fangstverdi (2021): om lag 6,9 mrd. kroner

Fakta om bestanden: Største torskebestand i verda. Beitar på fisk og krepsdyr, mest lodde. Bestanden er no utbreidd i mesteparten av Barentshavet, også nord for polarfronten. I første halvår er gytefisken (skrei) fordelt langs norskekysten, for det meste sør til Lofoten, men enkelte år finst skrei heilt sør om Stad. Gyteperioden er mars–april.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst sidan 1946 er 672 000 tonn. Fram til om lag 1980 vart det teke store fangstar, men dei gjekk jamt nedover, med unntak av periodar då særs sterke årsklassar kom inn i fisket. Fisketrykket var for høgt, og bestanden minka. Etter kvart som det kom på plass strengare reguleringar, og særleg då haustingsregelen vart innført etter tusenårsskiftet, snudde den negative trenden, og bestanden byrja å auke igjen, jf. figur 4.7. I periodar var ulovleg, uregulert og urapportert fiske eit stort problem, men etter 2009 har det ikkje vore registrert urapportert overfiske av kvoten. Dette heng spesielt saman med innføringa av NEAFC sitt hamnestatsregime frå 1. mai 2007, aktivt kontrollsamarbeid mellom landa og auka interesse for problemet både i næringa og på politisk hald.

Norsk fangst har dei siste åra vore om lag 45 prosent av total rapportert internasjonal fangst. Nesten alt utanlandsk fiske på nordaustarktisk torsk skjer med botntrål, men i det norske fisket er 65–70 prosent av fangsten teken med andre reiskapar.

Status og råd

Bestanden minka fram til tusenårsskiftet, men har sidan auka til eit svært høgt nivå, før han igjen har gått nedover etter 2013, jf. figur 4.7. Ein viktig grunn til auken etter tusenårsskiftet var truleg betre ungfiskvern gjennom stenging av område med småfisk og bruk av sorteringsrist i trålfiskeria. Dessutan har det vore betre samsvar mellom tilrådde kvotar og fiske etter 2007 enn tidlegare. Det var også svært gunstige tilhøve for torsken i Barentshavet tidleg på 2010-talet; høgare temperaturar gjorde det mogleg for torsken å breie seg ut over eit mykje større område enn før. Matfatet vart då større, og det var også generelt god mattilgang. Rekrutteringa til bestanden har vore rimeleg bra, og nedgangen i individuell vekst har vore mindre enn ein skulle vente med ein så kraftig auke i bestanden. I dei siste åra har likevel utbreiingsområdet minka, dette kjem truleg av både nedgang i bestanden og lågare sjøtemperatur.

Figur 4.6 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk torsk

Figur 4.6 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk torsk

Takka vere alle desse faktorane har gytebestanden i perioden 2008–2021 vore på det høgaste nivået vi har hatt i etterkrigstida. Sidan rekrutteringa dei siste åra har minka noko og uttaket har auka samanlikna med bestandsstorleiken, er no gytebestanden på veg nedover. Bestandsnivået var nedjustert frå 2020 til 2021, både på grunn av endringar i metodikk etter ein metoderevisjon og på grunn av at toktindeksane i 2021 var lågare enn venta.

Uttaket (den faktiske fiskedødelegheita) var, etter det vi no veit, under det som forvaltingsplanen tilseier i perioden 2008–2017, medan det no er like over det nivået som forvaltingsplanen tilseier.

I siste bestandsvurdering klassifiserte ICES gytebestanden til å vere godt over føre-var-nivået og fiskepresset til å vere like over føre-var-nivået. ICES tilrådde ein kvote for 2022 på 708 480 tonn i tråd med gjeldande haustingsregel. Kvoterådet for 2022 vart avgrensa av klausulen i forvaltingsregelen om maksimalt 20 prosent endring i kvoterådet frå år til år, utan denne klausulen hadde rådet blitt 530 020 tonn. Kvoten for 2022 vart sett lik kvoterådet.

Det avtalte fangstnivået vil innebere at gytebestanden og totalbestanden vil gå litt ned frå 2022 til 2023.

Figur 4.7 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk torsk

Figur 4.7 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk torsk

Tabell 4.1 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustarktisk torsk dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2018

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til bifangst av kysttorsk og vanleg uer

< 712

775

779

1 298

2019

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til bifangst av kysttorsk og vanleg uer

< 675

725

693

1 239

2020

Følg den avtalte forvaltingsplanen

< 690

738

693

1 014

2021

Følg den avtalte forvaltingsplanen

< 886

886

902

2022

Følg den avtalte forvaltingsplanen

< 708

708

Boks 4.2 Nordaustarktisk hyse

Figur 4.8 Hyse

Figur 4.8 Hyse

Foto: Thomas de Lange Wenneck, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: hyse – Melanogrammus aeglefinus

Maksimal storleik: 110 cm og 14 kg

Levetid: maks 20 år

Bestandsstorleik (2021): om lag 0,6 millionar tonn (totalbestand 3 år gammal og eldre fisk)

Kvote for 2022: 178 532 tonn

Norsk fangstverdi (2021): 1,4 mrd. kroner

Fakta om bestanden: Beitar på fisk og botndyr. Bestanden er no utbreidd i store delar av Barentshavet. I første halvår er gytefisken fordelt i dei vestlege delane av Barentshavet og langs vestkanten av Tromsøflaket. Gyteperioden er mars–april.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst sidan 1946 er 141 000 tonn, men fangstane har variert mykje: frå 20 000 til 320 000 tonn, jf. figur 4.10. Saman med Russland står Noreg for størstedelen av hysefangsten. Også Færøyane, Storbritannia, Grønland, Tyskland og Frankrike fiskar på bestanden. Dei norske fangstane er i stor grad bifangst i trålfisket etter torsk, men eit direkte fiske med line langs kysten av Finnmark er også viktig. I tillegg går det også føre seg eit norsk fiske med snurrevad og garn. Dei andre landa fiskar hovudsakleg hyse med botntrål.

Status og råd

Bestanden av nordaustarktisk hyse har dei siste åra vore på eit historisk høgt nivå, jf. figur 4.10. Rekrutteringa til bestanden har vore over langtidsgjennomsnittet sidan 2000, og årsklassane 2004–2006 var særs sterke. Dei seinare årsklassane har vore rundt middels nivå, og bestanden kom difor ned på eit meir normalt nivå. Den sterke årsklassen 2016 har ført til at nedgangen i bestanden i ein periode stoppa opp, men sidan dei etterfølgjande årsklassane er svake, ventar vi ein vidare nedgang i bestanden. Hysa har hatt ei vidare utbreiing i Barentshavet det siste tiåret samanlikna med tidlegare, og dette er truleg ein kombinert effekt av at bestanden er stor, og at temperaturauken har gjort det mogleg for hysa å utvide leveområdet sitt mot nord og aust.

Kvoterådet for 2022 er basert på den vedtekne haustingsregelen og tilseier at kvoten maksimalt bør vere på 178 532 tonn, jf. tabell 4.2. Fastsett kvote er lik tilrådd kvote. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, merkbart under det som forvaltingsplanen tilseier i perioden 2008–2016, medan frå og med 2018 har dødelegheita vore litt i overkant av det forvaltingsplanen tilseier. Fisket var ein god del lågare enn kvoten både i 2020 og 2021.

Figur 4.9 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk hyse

Figur 4.9 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk hyse

Figur 4.10 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk hyse

Figur 4.10 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk hyse

Tabell 4.2 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustarktisk hyse dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2018

Følg den avtalte forvaltingsplanen

< 202

202

191

305

2019

Følg den avtalte forvaltingsplanen

< 152

172

175

236

2020

Følg den avtalte forvaltingsplanen

< 215

215

182

205

2021

Følg den avtalte forvaltingsplanen

< 233

233

199

2022

Følg den avtalte forvaltingsplanen

< 179

179

Boks 4.3 Nordaustarktisk sei

Figur 4.11 Sei

Figur 4.11 Sei

Foto: Thomas de Lange Wenneck, Havforskinginstituttet

Artsnamn: sei – Pollachius virens

Maksimal storleik: 130 cm og 20 kg

Levetid: maks 30 år

Bestandsstorleik (2021): om lag 0,95 mill. tonn (totalbestand 3 år gammal og eldre fisk)

Kvote for 2022: 197 212 tonn

Norsk fangstverdi (2021): om lag 1,6 mrd. kroner

Fakta om bestanden: Opptrer både pelagisk og ved botnen. Beitar mest på fisk. Bestanden er utbreidd langs norskekysten frå Stad til Varanger. Gyter på kystbankane frå Nordsjøen til Vesterålen. Gyteperioden er i februar.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1960–2020 var på 161 000 tonn og har variert mellom 90 000 og 260 000 tonn, jf. figur 4.13. Noreg dominerer fisket med over 90 prosent av fangstane dei siste åra. Dei ti siste åra har trålfisket stått for 40 prosent av dei norske landingane, not 25 prosent, garn 20 prosent og line, snurrevad og jukse 15 prosent.

Status og råd

Seibestanden nord for 62° N var på eit historisk høgt nivå i 2001–2007, men deretter gjekk bestanden kraftig ned. Etter 2011 har bestanden igjen teke seg opp og ser no ut til å stabilisere seg i overkant av 900 000 tonn.

Fiskeri- og kystdepartementet justerte i 2013 utnyttingsgraden i haustingsregelen frå føre-var-nivå til det nivået som vil gje høgast langtidsutbyte (Fmsy). ICES tilrådde, i tråd med denne regelen, ein maksimalkvote for 2022 på 197 212 tonn, og det vart også totalkvoten fastsett av Nærings- og fiskeridepartementet. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, merkbart under det som forvaltingsplanen tilseier i perioden 2014–2020.

Figur 4.12 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk sei

Figur 4.12 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk sei

Figur 4.13 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk sei

Figur 4.13 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk sei

Tabell 4.3 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustarktisk sei dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2018

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk

< 173

173

181

445

2019

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk

< 150

150

163

528

2020

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk

< 172

172

169

558

2021

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk

< 198

198

569

2022

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk

< 197

197

Boks 4.4 Nordaustarktisk blåkveite

Figur 4.14 Blåkveite

Figur 4.14 Blåkveite

Foto: Thomas de Lange Wenneck, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: blåkveite – Reinhardtius hippoglossoides

Maksimal storleik: 120 cm og 20 kg. Hofisken blir større og eldre enn hannfisken.

Levetid: truleg meir enn 30 år

Bestandsstorleik: ukjend

Kvote for 2022: 25 000 tonn (TAC)

Norsk fangstverdi (2021): om lag 400 mill. kroner

Fakta om bestanden: Ein arktisk fisk som lever i vatn kaldare enn 4˚C, og som opptrer både pelagisk og ved botnen. Beitar mest på fisk, blekksprutar og krepsdyr. Bestanden er utbreidd langs Eggakanten frå Nordsjøen til Frans Josefs Land og i djupe område av Barentshavet. Gyter langs Eggakanten frå Vesterålen til Svalbard. Gyteperioden er om vinteren med topp i desember–januar.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1964–2020 var på 24 000 tonn, men har variert mellom 10 000 og 90 000 tonn, jf. figur 4.16. I perioden før 1984 tok Noreg under halvparten av totalfangsten dei fleste åra, men har sidan dominert i dette fisket. Frå og med 2010 er fisket kvoteregulert og fordelt med 51 prosent til Noreg, 45 prosent til Russland og 4 prosent til andre land. Vel 60 prosent av fangsten blir fanga med botntrål, knapt 30 prosent med line og resten med garn eller andre reiskapar.

Status og råd

Det er stor uvisse knytt til storleiken på denne bestanden, men den fiskbare delen av bestanden auka frå 1992 til 2013 og har sidan gått noko ned. Haustingsraten har auka jamt sidan 2009. Det er ikkje semje om ein alderslesemetode, og det kan difor heller ikkje køyrast aldersfordelte bestandsmodellar. Det vil bli gjennomført ein metoderevisjon i 2022–2023. ICES gjev råd baserte på føre-var-basis. Dette gav eit kvoteråd på maksimalt 19 094 tonn for 2022 og 18 494 tonn i 2023, jf. tabell 4.4. Som vanleg dei siste åra vart det fastsett ein kvote for 2022 (25 000 tonn) som er høgare enn rådet.

Figur 4.15 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk blåkveite

Figur 4.15 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk blåkveite

Figur 4.16 Utviklinga i fangst av nordaustarktisk blåkveite

Figur 4.16 Utviklinga i fangst av nordaustarktisk blåkveite

1 Sidan det er stor uvisse knytt til storleiken på bestanden, er bestandstal ikkje viste i figur 4.16 og tabell 4.4.

Tabell 4.4 Tilrådd TAC, avtalt TAC og fangst (tusen tonn) av nordaustarktisk blåkveite dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst1

Gytebestand

2018

Føre-var-tilnærming

< 23

27

29

-

2019

Føre-var-tilnærming

< 23

27

29

-

2020

Føre-var-tilnærming

< 23

27

29

-

2021

Føre-var-tilnærming

< 23

27

2022

Føre-var-tilnærming

< 19

25

Boks 4.5 Snabeluer i ICES- område I og II

Figur 4.17 Snabeluer

Figur 4.17 Snabeluer

Foto: Havforskingsinstituttet

Artsnamn: snabeluer – Sebastes mentella

Maksimal storleik: 47 cm og 1,3 kg

Levetid: over 70 år

Bestandstorleik (2020): om lag 1,4 millionar tonn (totalbestand 2 år gammal og eldre fisk)

Kvote for 2022: 67 210 tonn (TAC)

Norsk fangstverdi (2021): om lag 350 mill. kroner (begge uer-artane samla)

Fakta om bestanden: Beitar mest på fisk og kril. Bestanden er utbreidd i Barentshavet, ved Svalbard, og langs kontinentalskråninga mot Norskehavet. Føder levande ungar i mars–april langs Eggakanten.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst av snabeluer i perioden 1992–2020 var på om lag 18 000 tonn, jf. figur 4.18, men har vore over 100 000 tonn i 1970–1980-åra og heile 300 000 tonn i 1976. Alt fiske etter snabeluer, inkludert bifangst, går føre seg med trål. Snabeluer blir dels fiska i Barentshavet, dels på det opne havet i Norskehavet (Smotthavet). Det er hovudsakleg Noreg og Russland som fiskar etter denne arten.

Status og råd

Basert på ein analytisk bestandsberekningsmodell klassifiserer ICES bestanden til å vere stabil og med god reproduksjonsevne. Gytebestanden auka jamt frå 1992 til 2007 og har frå og med 2007 vore rundt 800 000–900 000 tonn (jf. figur 4.18). Det er ikkje vedteke nokon forvaltingsplan for snabeluer, men ICES tilrår, basert på føre-var-tilnærming, at fangsten i 2022 ikkje bør overstige 67 210 tonn, jf. tabell 4.5. Ein metoderevisjon for snabeluer og vanleg uer vart gjennomført i 2018. Dessutan vart ulike forvaltingsreglar for snabeluer evaluert. Den norsk-russiske fiskerikommisjonen har vurdert det slik at ein forvaltingsregel med fiskedødelegheit F = 0,06 og triggarpunkt Btrigger på 450 000 tonn er å føretrekkje, men har enno ikkje vedteke nokon forvaltingsregel.

Figur 4.18 Utviklinga i bestand og fangst av snabeluer i ICES-område 1 og 2

Figur 4.18 Utviklinga i bestand og fangst av snabeluer i ICES-område 1 og 2

Tabell 4.5 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av snabeluer i ICES-område 1 og 2 dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC 1

Fangst

Gytebestand

2018

Føre-var-tilnærming

< 33

33

39

812

2019

Føre-var-tilnærming

< 54

54

46

842

2020

Føre-var-tilnærming

< 56

56

55

875

2021

Føre-var-tilnærming

< 66

66

2022

Føre-var-tilnærming

< 67

67

1 Noreg og Russland har dei siste åra fordelt snabeluerkvoten med utgangspunkt i ein totalkvote lik rådet frå ICES, men det er ikkje fastsett noka regulering av snabeluer i den internasjonale delen av Norskehavet, jf. omtale i kapittel 3.4.1 NEAFC.

Boks 4.6 Lodde i Barentshavet

Figur 4.19 Lodde

Figur 4.19 Lodde

Foto: Jan de Lange, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: lodde – Mallotus villosus

Maksimal storleik: 20 cm og 50 g

Levetid: maks 5 år

Bestandstorleik (2021): om lag 4,0 millionar tonn (totalbestand 1 år gammal og eldre fisk)

Kvote for 2022: 70 000 tonn

Norsk fangstverdi (2021): 0 kroner

Fakta om bestanden: Lodda er ein planktonetar, som berre gyter ein gong før ho døyr. Ho er mat for mange artar av fisk, sjøpattedyr og sjøfugl. Ho gyter ved Finnmarkskysten i mars–april og beitar over store delar av Barentshavet om sommaren og hausten. Lodda legg egga sine på botnen, slik som silda og nokre få andre artar gjer.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1965–2021 er på 640 000 tonn, men har variert mellom 0 og 3 millionar tonn, jf. figur 4.21. I løpet av dei siste 30 åra har loddefisket blitt stoppa i tre periodar på fem år kvar, fordi bestanden av naturlege årsaker nærast har kollapsa. Ein fjerde periode med stopp i fisket varte berre i to år (2016–2017), og fisket vart opna igjen i 2018, men vart på nytt stengt i 2019–2021, for så å bli opna igjen i 2022. Loddekvotane blir delte mellom Noreg og Russland i høvet 60/40. Tidlegare vart det fiska både om vinteren før gytinga ved kysten og om hausten i beiteområda, men på 2000-talet har det berre vore opna for fiske om vinteren før gytinga. På norsk side er loddefisket hovudsakleg eit ringnotfiske, medan Russland fiskar lodde med flytetrål.

Status og råd

Hausten 2018 fann ein lite lodde, og nedgangen heldt fram i 2019, før bestanden auka igjen i 2020–2021. Hausten 2021 estimerte ein den modnande delen av loddebestanden til å vere 1 438 000 tonn, og ifølgje forvaltingsplanen for lodde (5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 tonn ved gyting) gav dette rom for ein loddekvote på 70 000 tonn i 2022. Auken i bestand frå 2019 til 2020–2021 var ei følgje av dei sterke 2019- og 2020-årsklassane, og det er sannsynleg at desse årsklassane også kan gje grunnlag for ein loddekvote i 2023. Det vil bli gjennomført ein metoderevisjon for denne bestanden i 2022.

Figur 4.20 Utbreiingsområde og gyteområde for lodde i Barentshavet

Figur 4.20 Utbreiingsområde og gyteområde for lodde i Barentshavet

Figur 4.21 Utviklinga i bestand og fangst av lodde i Barentshavet

Figur 4.21 Utviklinga i bestand og fangst av lodde i Barentshavet

Tabell 4.6 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og modnande bestand (tusen tonn) av lodde i Barentshavet dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

SSB = gytebestand

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Modnande bestand

2018

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

< 205

205

195

1 056

2019

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

0

0

0

302

2020

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

0

0

0

533

2021

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

0

0

0

1 438

2022

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

< 70

70

4.2 Norskehavet

Livet i Norskehavet er prega av at det er eit djuphav; mange stader er det djupare enn 3 000 meter, jf. figur 4.22. Det er difor berre på kontinentalsokkelen og eit stykke nedover skråninga mot djuphavet vi finn botnfisk. Dei store og kommersielt viktige bestandane i Norskehavet er difor å finne i dei frie vassmassane; vi kallar dei pelagiske bestandar. Dei tre viktigaste er sild, makrell og kolmule.

Biomassen av alle dei tre bestandane er blitt redusert dei siste åra. Rekrutteringa av kolmule har vore dårleg dei siste åra, medan ein sterk årsklasse (2016) no er i ferd med å komme inn i fisket på den norske vårgytande sildebestanden. Makrellen har hatt svært god rekruttering fram til 2014, men rekrutteringa har blitt dårlegare dei siste åra basert på tilgjengelege data. Etter ein historisk ekspansjon, inkludert store delar av Norskehavet, havområda ved Island og Grønland og heilt nord til Svalbard, har makrellbestanden si utbreiing og mengd minka i vestlege område dei siste åra. I 2020 og 2021 var det ikkje registrert makrell i grønlandske farvatn og berre heilt minimale mengder i islandske farvatn. Denne minkinga i vest er ikkje fullt ut forstått, men fell saman med ein nedgang i gytebestanden.

Figur 4.22 Norskehavet – straumar og djupn

Figur 4.22 Norskehavet – straumar og djupn

Figur 4.23 Økosystemet i Norskehavet

Figur 4.23 Økosystemet i Norskehavet

Illustrasjon: Havforskingsinstituttet

Det har historisk vore eit svært stort fiske på desse tre artane i Norskehavet. Rundt tusenårsskiftet var den samla fangsten oppe i nesten 4 millionar tonn, jf. figur 4.24. Etter dette gjekk fangsten ned til godt under 3 millionar tonn rundt 2010. Fangstane tok seg opp att fram til 2017. Sidan har fangstane gått attende. Bestandssituasjonen for alle dei tre pelagiske bestandane vart vesentleg dårlegare i perioden etter 2013 sjølv om den samla fangsten auka fram til 2017.

Figur 4.24 Fisket i Norskehavet frå 1980 til 2020

Figur 4.24 Fisket i Norskehavet frå 1980 til 2020

Norskehavet er prega av varmt atlanterhavsvatn som strøymer inn frå sør. Men langs Aust-Grønland strøymer det kaldt arktisk vatn inn frå nord og skaper eit skilje, ein polarfront, mellom det varme vatnet i aust og det kalde i vest. Heile havområdet er blitt varmare det siste tiåret, og dette påverkar også livet i havet på ulikt vis.

Sidan Norskehavet er så mykje djupare enn Nordsjøen og Barentshavet, finst det eit element i dette økosystemet som ikkje finst i det andre – eit organisk lag frå 400 til 800 meter djupne. Dette laget består av småorganismar av mange slag, både planktonorganismar og mesopelagiske fisk som lysprikkfisk. Desse organismane lever av den biomassen som søkk ned frå dei øvre laga, der sjølve produksjonen, basert på det fotosyntetiserande planteplanktonet skjer. Dyreplanktonet, som hovudsakleg består av ørsmå krepsdyr som raudåte og kril, et planteplanktonet og fører energien oppover i næringskjeda. Sidan tidleg på 2000-talet har dyreplanktonmengdene i Norskehavet vist ein negativ trend, men denne trenden flata ut rundt 2009, og dei siste åra har det igjen vore ein auke. No er tettleiken av dyreplankton i Norskehavet oppe på same nivået som i Barentshavet.

Mellom djupvassfisken og botnfisken som finst på sokkelen og i skråninga langs kysten, viser ulike artar ulik utvikling. Snabelueren, som finst både i Barentshavet og i Norskehavet (som alt er nemnd i det førre delkapittelet), er i vekst, medan den vanlege ueren er raudlista som «sterkt truga». Brosme og lange, som er blant dei viktigaste kommersielle artane i denne gruppa, ser ut til å liggje på eit stabilt nivå. Blåkveite, som gyter langs Eggakanten i det nordaustlege Norskehavet, og den nordaustarktiske seien, som har ei vid utbreiing langs Norskekysten, er nemnde i det førre kapittelet.

Selbestandane i Norskehavet har også hatt ulik utvikling. Medan grønlandsselen i Vestisen (som er områda langs austkysten av Grønland) er i bra forfatning og toler hausting, er klappmyssbestanden i Vestisen freda fordi bestanden er på eit lågt nivå samanlikna med tidlegare.

På og langs kontinentalsokkelen i aust er ei grundig kartlegging av botndyrsamfunna i gang gjennom MAREANO-programmet. Det blir stadig gjort nye funn av korallrev, korallskog og område med svamp og sjøfjør.

Boks 4.7 Norsk vårgytande sild

Figur 4.25 Sild

Figur 4.25 Sild

Foto: Kjartan Mæstad, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: sild – Clupea harengus

Maksimal storleik: 40 cm og 500 g

Levetid: maks 25 år

Bestandsstorleik (2021): om lag 3,8 mill. tonn (gytebestand)

Kvote for 2022: 598 588 tonn (TAC)

Norsk fangstverdi (2021): om lag 3,1 mrd. kroner

Fakta om bestanden: Silda er ein planktonetar. Ho er mat for mange artar av fisk og kval. Ho gyter langs kysten frå Møre til Nordland i februar–mars og beitar over store delar av Norskehavet om sommaren og hausten. Silda legg egga sine på botnen, slik som lodda og nokre få andre artar gjer. Yngelen blir ført med straumen nordover langs kysten og endar opp i Barentshavet, der silda lever i kring tre år før ho vandrar ut i Norskehavet.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av norsk vårgytande sild i perioden 1950–2020 er om lag 709 000 tonn, men det har vore store variasjonar knytt til endringar i storleiken av bestanden, jf. figur 4.27. Når bestanden har vore på topp, har det vore teke fangstar på opp mot 2 millionar tonn, medan det vart full stopp i fisket då bestanden braut saman i 1960-åra. Minstemålet på sild er 25 cm, så fisket skjer på vaksen sild, hovudsakleg under gyteinnsiget langs Norskekysten om vinteren, medan ho er på beitevandring i Norskehavet om sommaren, og når ho vandrar mot kysten av Nord-Noreg for å overvintre om hausten. Det norske fisket, som for det meste skjer om vinteren når silda har høgast kvalitet, skjer hovudsakleg med ringnot.

Status og råd

2016-årsklassen er forventa å dominere i fangstane i 2022, og årsklassene som rekrutterer til fisket etter 2016-årsklassen, er estimerte til å vere svake. Bestandsvurderinga syner at gytebestanden er estimert til å vere over 3,184 millionar tonn, som er føre-var-grensa. Tilrådd totalkvote for 2022 er på 598 588 tonn, jf. tabell 4.7. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, i snitt så å seie på Fmgt (0,14) i perioden 2009–2019, men er i 2020 estimert til å vere 34 prosent over.

Figur 4.26 Utbreiingsområde og gyteområde for norsk vårgytande sild

Figur 4.26 Utbreiingsområde og gyteområde for norsk vårgytande sild

Figur 4.27 Utviklinga i bestand og fangst av norsk vårgytande sild

Figur 4.27 Utviklinga i bestand og fangst av norsk vårgytande sild

Tabell 4.7 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av norsk vårgytande sild dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2018

Følg den avtalte forvaltingsplanen

< 384

5461

593

4 130

2019

Følg den avtalte forvaltingsplanen (ny av 2018)

< 589

7741

777

3 947

2020

Følg den avtalte forvaltingsplanen

< 526

6941

721

3 375

2021

Følg den avtalte forvaltingsplanen

< 651

8811

3 765

2022

Følg den avtalte forvaltingsplanen

< 599

599

1 Summen av nasjonale kvotar. Det er inngått avtale om TAC, men ikkje om fordeling av TAC.

Boks 4.8 Makrell

Figur 4.28 Makrell

Figur 4.28 Makrell

Foto: Leif Nøttestad, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: makrell – Scomber scombrus

Maksimal storleik: 65 cm og 3,5 kg, sjeldan over 1 kg

Levetid: maks 25 år

Bestandsstorleik (2021): om lag 3,5 mill. tonn (gytebestand)

Kvote for 2022: 794 920 tonn (TAC)

Norsk fangstverdi (2021): om lag 2,9 mrd. kroner

Fakta om bestanden: Makrellen et dyreplankton, fiskelarvar og småfisk. Han gyter sentralt i Nordsjøen (mai–juli), vest av Irland (mars–juli) og i portugisiske farvatn (februar–mai). Frå 2016 har makrellen i større grad også gytt og hatt oppvekstområde lenger nord i Norskehavet, noko vi ikkje har registrert før i historia. Sommaren og hausten 2021 vart det for første gong registrert tette stimar av makrellyngel (0-gruppe) langs norskekysten heilt nord til 64°N. Makrellen beitar over store havområde frå Gibraltar til Grønland, i Nordsjøen og i Norskehavet heilt nord til Svalbard om sommaren og hausten. Frå 2017 har den vestlege utbreiinga av makrell minka kraftig. I 2020 og 2021 vart det ikkje registrert makrell i grønlandske farvatn, og mengda og utbreiinga i islandske farvatn vart kraftig redusert i perioden 2017 til 2021. Samstundes auka mengda frå 2018 til 2021 i dei sentrale og nordlege delane av Norskehavet, inkludert fiskerisona ved Jan Mayen og fiskevernsona ved Svalbard. Gytebestanden for makrellen var på eit rekordhøgt nivå i åra 2014–2015, men deretter har det vore ein samanhengande nedgang åra 2016–2021.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordaustatlantisk makrell i perioden 1980–2020 var 750 000 tonn, og uttaket har vore høgt dei siste åra, med årlege totalfangster frå 1 million tonn til 1,4 millionar tonn, jf. figur 4.30. Det knyter seg likevel stor uvisse til om rapportert fangst gjev eit godt bilete av dei reelle fangstane, særleg i perioden fram til 2005. Truleg har fangstane vore langt høgare i denne perioden enn desse tala viser. Fisket går hovudsakleg føre seg i eit direkte fiske med ringnot og trål. I dei sørlege områda tek dei også ein del makrell som bifangst i trål. Det norske fisket går føre seg med ringnot, men ei mindre mengd blir fanga med garn, dorg og trål. Dette fisket går mest føre seg om hausten i den nordlege delen av Nordsjøen, i Norskehavet og i Skagerrak. Brexit og situasjonen med at norske fiskarar ikkje kunne fiske makrellen i britiske farvatn, førte til at Noreg fiska nesten all makrellen i norsk økonomisk sone i 2021. I seinare år, spesielt frå 2010 til 2017, har makrellen vandra langt mot nord og vest, og nokre fangstar har vore tekne utanfor Nord-Noreg. Andre viktige aktørar i makrellfisket er EU, Storbritannia, Island, Færøyane, Russland og dei seinaste åra også Grønland.

Figur 4.29 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustatlantisk makrell

Figur 4.29 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustatlantisk makrell

Status og råd

ICES vurderer at makrellbestanden er i god forfatning og blir hausta berekraftig, jf. figur 4.30.

Gytebestanden er estimert til å ha auka etter 2007 til eit maksimumsnivå i 2014–2015, men har sidan minka årleg til om lag 3,5 millionar tonn i 2021. Han har likevel vore over MSY Btrigger sidan 2008. Fiskedødelegheita har minka sidan 2003 og er no lågare enn Fmsy. Det har vore ei rekkje sterke årsklassar sidan 2001, der årsklassane frå og med 2011 er estimerte til å vere over gjennomsnittet. Samstundes er rekrutteringsestimata ved alder 0 veldig usikre, og årsklassestyrken blir først tydeleg når fisken kjem inn i det kommersielle fiskeriet ved alder 2 til 3. Rådet frå ICES om fiske i 2022 er å følgje ei MSY-tilnærming, tilsvarande ein fangst på 794 920 tonn, jf. tabell 4.8. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, om lag 4 prosent under Fmsy (0,26) i perioden 2009–2018, medan dødelegheita i 2019–2020 vart estimert til å vere om lag 10 prosent under.

Island, Grønland og Russland har gjeve seg sjølve større kvotar enn det kyststatsavtalen mellom Noreg, EU og Færøyane frå 2014–2020 la opp til. I 2021 vart det derfor ikkje inngått nokon kyststatsavtale for forvalting av makrellbestanden i 2022.

Figur 4.30 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk makrell

Figur 4.30 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk makrell

Tabell 4.8 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustatlantisk makrell dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC1

Fangst

Gytebestand

2018

MSY-tilnærming

< 551

998

1 023

4 522

2019

MSY-tilnærming

< 7702

864

840

3 876

2020

MSY-tilnærming

< 922

1091

1 040

3 939

2021

MSY-tilnærming

< 852

1199

2022

MSY-tilnærming

< 795

1 Det var ikkje oppnådd internasjonal semje om totalkvote. Tala er summen av unilaterale kvotar (inkludert kvotar og overføringar). Sjå omtale i kapittel 3.3.4 Forvaltinga av makrell.

2 ICES-rådet vart korrigert frå 318 000 tonn i oktober 2018 til 770 000 tonn i mai 2019.

Boks 4.9 Kolmule

Figur 4.31 Kolmule

Figur 4.31 Kolmule

Foto: Jan de Lange, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: kolmule – Micromesistius poutassou

Maksimal storleik: 50 cm og 800 g

Levetid: sjeldan over 10 år, opptil 20 år

Bestandsstorleik (2021): om lag 3,4 mill. tonn (gytebestand)

Kvote for 2022: 752 736 tonn (TAC).

Norsk fangstverdi (2021): om lag 594 mill. kroner

Fakta om bestanden: Kolmulen et for det meste stort dyreplankton, men store individ et også fiskeyngel. Han oppheld seg mest i dei midtre vasslaga, på djup frå 100–600 m. Kolmulen har ei vid utbreiing i Nordaust-Atlanteren frå Kanariøyane og Azorane til eit stykke inn i Barentshavet og nord til Svalbard. Arten gyter vest av Irland på ettervinteren.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordaustatlantisk kolmule i perioden 1981–2021 er 1 032 000 tonn, og uttaket har variert mykje i takt med storleiken på bestanden, jf. figur 4.33. Hovudfisket skjer langs kontinentalskråninga og bankane vest av Dei britiske øyane og ved Færøyane, der kolmulen samlar seg for å gyte om våren. Fisket går føre seg med flytetrål. Noreg har historisk sett dominert dette fisket og tok fram til 2004 om lag 40 prosent av den totale fangsten. Seinare har den norske delen gått attende (24 prosent i 2020), og Island, EU, Færøyane og Russland tek no ein større del av totalfangsten.

Status og råd

Etter ein topp i bestandsstorleiken rundt 2003 minka bestanden kraftig til 2009, jf. figur 4.33. Etter dette steig gytebestanden fram til 2017 og var attende på om lag same nivået som tidleg på 2000-talet. I åra etter har bestanden gått attende. Årsklassane frå 2004–2009 var svært svake samanlikna med føregåande tiår, men frå 2009 vart rekrutteringa betre og var over gjennomsnittsnivå fram til 2016. Rekrutteringa etter dette er estimert til å vere under gjennomsnittet igjen. Den låge rekrutteringa saman med auka fiskepress i perioden etter 2016 førte til ein nedgang i bestanden.

Rådet frå ICES om fiske i 2022 er å følgje den avtalte forvaltingsplanen, som svarer til ein fangst på 752 736 tonn, jf. tabell 4.9. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, nesten 40 prosent under styringsmålet for uttak (Fmgt) i perioden 2008–2013, medan dødelegheita etter 2013 har lege nesten 40 prosent over (for kolmule er Fmgt = Fmsy = 0,32).

Figur 4.32 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustatlantisk kolmule

Figur 4.32 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustatlantisk kolmule

Figur 4.33 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk kolmule

Figur 4.33 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk kolmule

Tabell 4.9 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustatlantisk kolmule dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2018

Følg den avtalte forvaltingsplanen

< 1 388

1 7281

1 711

5 917

2019

Følg den avtalte forvaltingsplanen

< 1 144

1 4831

1 512

5 061

2020

Følg den avtalte forvaltingsplanen

< 1 162

1 4781

1 495

4 151

2021

Følg den avtalte forvaltingsplanen

< 929

1 1581

3 445

2022

Følg den avtalte forvaltingsplanen

< 753

753

1 Det er ikkje oppnådd semje om internasjonal kvote. Tala er summen av nasjonale kvotar.

4.3 Nordsjøen og Skagerrak

Om det er djupna som pregar Norskehavet, så er det grunna som pregar Nordsjøen. Det er grunnast i sør, for det meste mindre enn 50 meter, og djupnar gradvis mot nord, men også her er det mindre enn 200 meter. Langs Norskekysten går det ei djuprenne – Norskerenna – med maksdjup på 250–700 meter, som følgjer kysten rundt og endar i Skagerrak. Det sørlege området er varmare enn områda lenger nord, og atlantisk vatn kjem inn både gjennom Den engelske kanalen og nordom Dei britiske øyane, jf. figur 4.34. Nordsjøen er eit svært produktivt område der det har vore hausta mykje sjømat på eit lite areal. Her finst både pelagisk fisk, botnfisk, reker og kreps, jf. figur 4.35.

I lange periodar har botnfisken vore viktigast i fiskeriet i Nordsjøen og Skagerrak, men det har gått attende med fangsten av botnfisk. Dei siste åra har totalfangsten av pelagisk fisk og botnfisk i ICES-område 4 (Nordsjøen) vore kring 1,5–1,9 millionar tonn. Av dette har fangstar av artar som sild, makrell, augepål, tobis, brisling og kolmule vore 1–1,4 millionar tonn. Både i 1970- og 1980-åra var rekrutteringa til fleire artar av torskefisk (gadoidar) svært god, og det vart hausta rundt 1 million tonn botnfisk aleine frå dette området. Det er vanskeleg å peike på ei einskild årsak til nedgangen ein har sett for fleire artar dei siste tiåra, men både overfiske og utkast har utan tvil mykje av skulda, i tillegg til klimaendringar. Det er likevel eit faktum at mange av bestandane i Nordsjøen i ei årrekkje har hatt dårleg rekruttering, anten gytebestanden har vore stor eller liten, utan at ein sikkert har kunna peike på årsakene til dette.

Figur 4.34 Nordsjøen og Skagerrak – straumar og djupn

Figur 4.34 Nordsjøen og Skagerrak – straumar og djupn

Figur 4.35 Økosystemet i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.35 Økosystemet i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.36 Fisket i Nordsjøen og Skagerrak frå 1963 til 2020

Figur 4.36 Fisket i Nordsjøen og Skagerrak frå 1963 til 2020

Boks 4.10 Nordsjøsild

Figur 4.37 Sild

Figur 4.37 Sild

Foto: Jan de Lange, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: sild – Clupea harengus

Maksimal storleik: 35 cm og 400 g

Levetid: maks 15 år

Bestandsstorleik (2020): om lag 1,5 millionar tonn (gytebestand)

Kvote for 2022: 427 628 tonn (TAC)

Norsk fangstverdi (2021): om lag 602 mill. kroner

Fakta om bestanden: Silda er ein planktonetar. Ho er mat for mange artar av fisk og kval. Ho gyter i den vestlege delen av Nordsjøen frå august til januar og beitar over store delar av Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat. Silda legg egga sine på botnen.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordsjøsild i perioden 1960–2020 er kring 490 000 tonn, og uttaket har variert i takt med storleiken på bestanden, frå nesten null på slutten av 1970-åra til toppar på 0,6, 0,8 og 1,2 millionar tonn før og etter, jf. figur 4.39. Sildefisket i Nordsjøen går føre seg i eit direkte fiske med ringnotfartøy og trålarar, og som bifangst i industritrålfisket. Danmark, Noreg og Nederland tek brorparten av fangstane. Det norske fisket har variert mellom null og 605 000 tonn og er i gjennomsnitt på 118 000 tonn.

Status og råd

Bestanden har full reproduksjonsevne og blir hausta berekraftig, jf. figur 4.39. ICES vurderer bestanden til å vere i ein fase med låg produksjon, og rekrutteringa har vore dårleg i lang tid. Men fiskepresset er redusert, og gytebestanden har sidan midten av 1990-åra vore over føre-var-grensa. ICES gav i 2021 råd basert på MSY-tilnærminga om eit maksimalt uttak på 532 183 tonn i 2022, jf. tabell 4.10. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, heile 73 prosent under Fmsy (0,31) i perioden 2009–2011. I 2012–2018 låg dødelegheita i snitt 31 prosent under, medan ho no er rundt 37 prosent lågare. Årsaka til at fiskedødelegheita ligg langt under, er ein kombinasjon av at Fmsy vart oppjustert frå 0,26 til 0,31 i 2021, at ein god del av fangsten er sild som er eldre enn dei aldersgruppene som er med i utrekninga av Fmsy (2-6), og ein tendens til å underestimere storleiken på gytebestanden.

Figur 4.38 Utbreiingsområde og gyteområde for nordsjøsild

Figur 4.38 Utbreiingsområde og gyteområde for nordsjøsild

Figur 4.39 Utviklinga i bestand og fangst av nordsjøsild

Figur 4.39 Utviklinga i bestand og fangst av nordsjøsild

Tabell 4.10 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordsjøsild dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC1

Avtalt TAC2

Fangst

Gytebestand3

2018

Følg den avtalte forvaltingsplanen

< 518

601

604

1 821

2019

MSY-tilnærming

< 312

385

442

1 554

2020

MSY-tilnærming

< 431

385

427

1 509

2021

MSY-tilnærming

< 366

356

2022

MSY-tilnærming

< 532

428

1 Alle flåtar (A–D).

2 Direktefisket i Nordsjøen (A-flåten).

3 På gytetidspunktet (september).

Boks 4.11 Sei i Nordsjøen, Skagerrak, Rockall og vest for Skottland

Figur 4.40 Sei

Figur 4.40 Sei

Foto: Havforskingsinstituttet

Artsnamn: sei – Pollachius virens

Maksimal storleik: 115 cm og 20 kg

Levetid: maks 20 år

Bestandsstorleik (2021): om lag 138 000 tonn (gytebestand)

Kvote for 2022: 49 614 tonn (TAC). Nordsjøen og Skagerrak: 44 950 tonn, vestom Skottland: 4 664 tonn

Norsk fangstverdi (2021): om lag 220 mill. kroner

Fakta om bestanden: Sei finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet og er delt inn i mange bestandar. Han lever hovudsakleg ved botnen, men kan gå opp i sjøen for å beite.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordsjøsei i perioden 1967–2020 er kring 157 000 tonn. Uttaket har variert i takt med storleiken på bestanden, og det var langt høgare fram til midten av 1980-åra, jf. figur 4.42. Seien blir hovudsakleg fiska med trål, både av EU og Noreg. For Noregs del blir om lag 85 prosent av seifangstane tekne med trål og litt over 5 prosent med not på kysten av Vestlandet.

Status og råd

Det er uklare bestandsgrenser, og difor blir seien i Nordsjøen og Skagerrak slegen saman med seien vest av Skottland i bestandsvurderinga og kvoterådgjevinga. Gytebestanden har fluktuert utan klare trendar og var over føre-var-grensa frå 1996 til 2019, men er no rekna ut til å liggje noko under føre-var-grensa. Rekrutteringa har sidan 2003 vore under langtidsgjennomsnittet. Tilrådd kvote for 2022 er basert på maksimalt langtidsutbyte og gjev ein totalfangst på 49 614 tonn i Nordsjøen/Skagerrak og vest av Skottland. EU og Noreg har styrt uttaket etter MSY. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, 13 prosent over Fmsy (0,363) i perioden 2009–2018, medan dødelegheita no har auka til (2019–2020) 29 prosent over.

Figur 4.41 Utbreiingsområde og gyteområde for sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland

Figur 4.41 Utbreiingsområde og gyteområde for sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland

Figur 4.42 Utviklinga i bestand og fangst av sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland

Figur 4.42 Utviklinga i bestand og fangst av sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland

Tabell 4.11 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2018

MSY-tilnærming

< 118

116

95

195

2019

MSY-tilnærming

< 103

94

96

184

2020

MSY-tilnærming

< 88

80

77

159

2021

MSY-tilnærming

< 66

65

138

2022

MSY-tilnærming

< 50

50

Boks 4.12 Torsk i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanalen

Figur 4.43 Torsk

Figur 4.43 Torsk

Foto: Espen Bierud, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: torsk – Gadus morhua

Maksimal storleik: 100 cm og 20 kg

Levetid: maks 15 år

Bestandsstorleik (2021): om lag 38 000 tonn (gytebestand)

Kvote for 2022: 15 193 tonn (TAC)

Norsk fangstverdi (2021): om lag 43 mill. kroner

Fakta om bestanden: Torsk finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet og er delt inn i mange bestandar. Han lever hovudsakleg ved botnen, men kan gå opp i sjøen for å beite. Medan småtorsk et mest dyreplankton og krepsdyr, et større torsk mest fisk, som augepål, sild, tobis og småtorsk. Også for torsken i Nordsjøen reknar vi med at det finst fleire lokale stammar med eigne gytefelt, men det er ingen klare skiljeliner mellom stammane. Gytinga går føre seg frå januar til april.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordsjøtorsk i perioden 1963–2020 er kring 180 000 tonn, men med ein kraftig reduksjon av fangsten, i takt med reduksjon i bestanden, gjennom perioden, jf. figur 4.45. Fram til 1980-åra var fangsten på eit nivå rundt 250–300 000 tonn, men vart så gradvis redusert til rundt 40 000 tonn og låg på dette nivået fram til 2019. I 2020 var fangstane på rundt 24 000 tonn. Torsk blir for det meste fanga i eit blandingsfiskeri med trål saman med hyse, kviting, sjøkreps, raudspette og tunge. I det norske fisket blir litt over halvparten teken med garn, ein firedel med trål og ein femdel med line. Alle land som grensar til Nordsjøen, fiskar torsk, men Danmark, Storbritannia og Noreg er dei viktigaste aktørane.

Status og råd

Det er vanskeleg å skilje dei ulike torskestammane i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege delen av Den engelske kanalen, og torsken i dette området blir difor handsama som éin bestand i forvaltingssamanheng. Etter i ein periode å ha auka noko frå det kritiske låge nivået i 2006 vurderer ICES no på ny gytebestanden til å vere under det kritiske nivået. Tilrådd kvote for 2022 er maksimalt 14 276 tonn, jf. tabell 4.12. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, merkbart over Fmsy (0,28). I perioden 2009–2018 var fiskedødelegheita i snitt 57 prosent over Fmsy, medan ho no har auka til 77 prosent over.

Figur 4.44 Utbreiingsområde og gyteområde for torsk i Nordsjøen, Skagerrak og austdelen av Den engelske kanalen

Figur 4.44 Utbreiingsområde og gyteområde for torsk i Nordsjøen, Skagerrak og austdelen av Den engelske kanalen

Figur 4.45 Utviklinga i bestand og fangst av torsk i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.45 Utviklinga i bestand og fangst av torsk i Nordsjøen og Skagerrak

Tabell 4.12 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av torsk i Nordsjøen og Skagerrak dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2018

MSY-tilnærming

< 53

53

49

90

2019

MSY-tilnærming

< 29

35

36

72

2020

MSY-tilnærming

< 14

18

24

52

2021

MSY-tilnærming

< 15

16

52

2022

MSY-tilnærming

< 15

16

Boks 4.13 Hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest for Skottland

Figur 4.46 Hyse

Figur 4.46 Hyse

Foto: Thomas de Lange Wenneck, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: hyse – Melanogrammus aeglefinus

Maksimal storleik: 60 cm og 4 kg

Levetid: maks 15 år

Bestandsstorleik (2021): om lag 257 000 tonn (gytebestand)

Kvote for 2022: 47 685 tonn (TAC)

Norsk fangstverdi (2021): om lag 12 mill. kroner

Fakta om bestanden: Hysa finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet og er delt inn i mange bestandar. Ho lever hovudsakleg ved botnen, og dei viktigaste byttedyra er botndyr som børstemark, muslingar og slangestjerner. Tobis- og sildeegg står også på menyen. Gytefelta ligg i den sentrale Nordsjøen, og gytinga går føre seg frå mars til mai.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland i perioden 1972–2020 er vel 155 000 tonn. Fangsten er gjennom mesteparten av denne perioden blitt redusert, i takt med ein minkande bestand, jf. figur 4.48. Dei siste åra har fangsten lege på 30 000 til 40 000 tonn. Hyse blir hovudsakleg fanga med botntrål og i mindre grad med snurrevad. Hyse er målart for delar av flåten, men blir også fanga i blandingsfiskeri saman med mellom anna torsk, kviting og sjøkreps.

Status og råd

ICES vurderer bestanden til å vere i god stand og berekraftig hausta. Rekrutteringa har sporadisk vore sterk, og 2019 årsklassen er vurdert til å vere den største sidan 2005. Det er førebels ikkje utarbeidd nokon forvaltingsplan for heile området. Basert på maksimalt langtidsutbyte meiner ICES at den totale fangsten ikkje bør overstige 128 708 tonn i 2022, jf. tabell 4.13. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, merkbart over Fmsy (0,194) i perioden 2009–2018 (37 prosent), medan dødelegheita no ligg 6 prosent under Fmsy.

Figur 4.47 Utbreiingsområde og gyteområde for hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest for Skottland

Figur 4.47 Utbreiingsområde og gyteområde for hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest for Skottland

Figur 4.48 Utviklinga i bestand og fangst av hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest for Skottland

Figur 4.48 Utviklinga i bestand og fangst av hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest for Skottland

Tabell 4.13 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2018

MSY-tilnærming

< 49

49

39

200

2019

MSY-tilnærming

< 34

34

36

248

2020

MSY-tilnærming

< 42

42

41

243

2021

MSY-tilnærming

< 69

50

257

2022

MSY-tilnærming

< 129

53

Boks 4.14 Kviting i Nordsjøen og den austlege engelske kanalen

Figur 4.49 Kviting

Figur 4.49 Kviting

Foto: Jan de Lange, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: kviting – Merlangius merlangus

Maksimal storleik: 55 cm og 1,5 kg

Levetid: maks 12 år

Bestandsstorleik (2021): om lag 225 000 tonn (gytebestand)

Kvote for 2022: 32 880 tonn (TAC)

Norsk fangstverdi (2021): om lag 4,3 mill. kroner

Fakta om bestanden: Kvitingen er utbreidd i det austlege Atlanterhavet og er delt inn i mange bestandar. Han lever hovudsakleg ved botnen på 10–200 m djup, men kan gå opp i sjøen for å beite. Kvitingen et i hovudsak fisk, som sild, augepål og tobis, og yngel av torsk, hyse og kviting. Det er gytefelt både i den sørlege og nordlege Nordsjøen. Gytinga går føre seg over ein lang periode om våren og sommaren.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av kviting i Nordsjøen i perioden 1990–2020 er kring 54 000 tonn, men har dei siste åra lege mellom 25 000 og 35 000 tonn, jf. figur 4.51. Kviting blir fanga i eit blanda fiskeri der målartane anten er torsk og hyse, flatfisk eller sjøkreps, og som bifangst i industritrålfisket. Bifangsten i industritrålfisket har minka i seinare år, då meir selektive reiskapar har blitt tekne i bruk. Storbritannia, Frankrike og Nederland har vore dei viktigaste aktørane i fisket, men i seinare år har også den norske fangsten auka noko.

Status og råd

Gytebestanden og fisketrykket har vore relativt stabile sidan 2002, og gytebestanden er no over føre-var-nivået. Rekrutteringa har vore låg sidan 2003, men 2016- og 2019-årsklassen var over snittet for dei siste åra. Basert på maksimalt langtidsutbyte meiner ICES at totalfangsten ikkje bør overstige 88 426 tonn i 2022. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, 27 prosent under Fmsy (0,371) i perioden 2009–2018, medan dødelegheita no ligg 44 prosent under.

Figur 4.50 Utbreiingsområde og gyteområde for kviting i Nordsjøen og austdelen av Den engelske kanalen

Figur 4.50 Utbreiingsområde og gyteområde for kviting i Nordsjøen og austdelen av Den engelske kanalen

Figur 4.51 Utviklinga i bestand og fangst av kviting i Nordsjøen og austdelen av Den engelske kanalen

Figur 4.51 Utviklinga i bestand og fangst av kviting i Nordsjøen og austdelen av Den engelske kanalen

Tabell 4.14 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av kviting i Nordsjøen dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2018

MSY-tilnærming

< 26

22

28

139

2019

MSY-tilnærming

< 25

19

31

144

2020

MSY-tilnærming

< 22

22

35

178

2021

MSY-tilnærming

< 27

26

225

2022

MSY-tilnærming

< 89

33

Boks 4.15 Raudspette i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.52 Raudspette

Figur 4.52 Raudspette

Foto: Merete Kvalsund, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: raudspette – Pleuronectes platessa

Maksimal storleik: 70 cm og 3,5 kg

Levetid: maks 20 år

Bestandsstorleik (2021): om lag 1 003 000 tonn (gytebestand)

Kvote for 2022: 142 508 tonn (TAC)

Norsk fangstverdi (2021): om lag 0,5 mill. kroner. Dei siste åra har Noreg berre utnytta ein liten del av kvoten, og i 2021 var den norske fangsten på 26 tonn.

Fakta om bestanden: Raudspette finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet – på austsida frå Middelhavet til Barentshavet – og er delt inn i mange bestandar. Bestanden i Nordsjøen er den største. Raudspetta lever på botnen ned til om lag 200 meter djup. Raudspetta et børstemark, skjel, maneter, krepsdyr, pigghudar og små fisk. Gyteområda finst i dei sentrale og sørlege delane av Nordsjøen, men det er ingen klare skiljeliner mellom bestandane. Gytinga går føre seg i januar og februar.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av raudspette i Nordsjøen i perioden 1957–2020 er kring 160 000 tonn og har variert ein del i takt med utviklinga i bestanden, jf. figur 4.54. Raudspette blir hovudsakleg fiska med bomtrål i sørlege og sentrale delar av Nordsjøen, og i eit blandingsfiskeri med botntrål i dei sørlege delane av Nordsjøen. Målarten er tunge, og det går føre seg eit omfattande utkast av undermåls raudspette i blandingsfisket. I Skagerrak blir raudspetta fiska i eit direkte fiskeri med garn og snurrevad, men også i eit blandingsfiske saman med torsk og sjøkreps. Utkastet er likevel avgrensa sidan reiskapen har stor maskevidd og difor fiskar selektivt. Nederland, Danmark og Storbritannia dominerer fisket. Noreg disponerer 7 prosent av totalkvoten i Nordsjøen og 2 prosent i Skagerrak.

Status og råd

ICES vurderer bestanden til å vere i god stand og berekraftig hausta. Bestanden har auka dei siste åra til eit rekordhøgt nivå, jf. figur 4.54. Rekrutteringa har vore om lag som langtidsgjennomsnittet, men fiskepresset har minka til nivået for høgt langtidsutbyte. ICES tilrår, basert på maksimalt langtidsutbyte, at fangsten i 2022 ikkje bør overstige 142 508 tonn, jf. tabell 4.15. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, omtrent 7 prosent under Fmsy (0,21) i perioden 2009–2018, medan ho no ligg 18 prosent under.

Figur 4.53 Utbreiingsområde og gyteområde for raudspette i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.53 Utbreiingsområde og gyteområde for raudspette i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.54 Utviklinga i bestand og fangst av raudspette i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.54 Utviklinga i bestand og fangst av raudspette i Nordsjøen og Skagerrak

Tabell 4.15 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av raudspette i Nordsjøen og Skagerrak dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2018

MSY-tilnærming

< 142

128

106

959

2019

MSY-tilnærming

< 143

142

86

871

2020

MSY-tilnærming

< 166

166

79

905

2021

MSY-tilnærming

< 163

162

1 002

2022

MSY-tilnærming

< 143

143

Boks 4.16 Kysttorsk

Sør for 62°N

Tilstanden for kyst- og fjordtorsk på Sør- og Austlandet har over tid blitt dårlegare, spesielt frå Telemark til svenskegrensa. Aust for Lindesnes har det difor blitt innført tiltak for å redusere fangstpresset og verne gytetorsken.

Frå 15. juni 2019 vart det forbode med direktefiske etter torsk innanfor grunnlina frå Telemark til svenskegrensa og forbod mot å fiske med botnsette garn. Yrkesfisket har dispensasjon frå tiltaka, og 44 tonn torsk vart fiska med botntrål innanfor grunnlina i Skagerrak i 2020. I gyteområda til torsken er det fiskeforbod frå 1. januar til 30. april, med unntak av fiske på laks, sjøaure og annan anadrom fisk og undervassjakt. Selkvoten i området vart auka med 20 prosent for om mogleg å minke konkurransen om byttedyr. Tiltaka vil bli vurderte av departementet i 2022.

Langs Skagerrakkysten finst to sameksisterande genetiske variantar av torsk. Den eine varianten dominerer inst i fjordane, medan den andre er meir vanleg i dei litt meir eksponerte ytre områda og er genetisk svært lik nordsjøtorsken. Desse variantane er genetisk relativt ulike kvarandre, meir enn kva kysttorsk og skrei er i nord, og har mellom anna ulik vekst og vandringsmønster. Yngel av begge variantar rekrutterer til og veks opp i fjordar og kystnære område.

Både Havforskingsinstituttets strandnotserie (1919–) og garnserie (1980–1990, 2001–) stadfestar at torskebestandane har blitt ytterlegare reduserte dei siste tiåra og klart mest i austlege Skagerrak. I rapporten Oppdatert kunnskapsstatus om kystnær torsk i Sør-Norge frå 2016 vart mellom anna følgjande tilrådingar gjevne for heile kyststrekninga Stad–svenskegrensa:

  • obligatorisk påmelding til fritidsfiske

  • vern av dokumenterte gyteområde

  • arbeidsgruppe for definering av fjordliner i sør, med særskilde tiltak innanfor for fritids- og yrkesfiske

  • auka jakt på mellomskarv

I sluttrapporten frå prosjektet «Krafttak for kysttorsken» (2017–2020) vart det peika på forvaltingstiltak som vil vere nødvendige for å gjenoppbyggje bestandar og økologisk funksjon hos kystnær torsk i Skagerrak:

  • trålfrie område

  • nullfiskeområde

  • selektive tiltak for å bevare større individ (maksimumsmål)

Figur 4.55 Rapporterte landingar av torsk innanfor 12 nautiske mil på Vestlandet og i Skagerrak

Figur 4.55 Rapporterte landingar av torsk innanfor 12 nautiske mil på Vestlandet og i Skagerrak

Vest for Lindesnes er kunnskapsgrunnlaget vesentleg dårlegare, då ein lenge har mangla standardisert overvaking. På Vestlandet har utviklinga av fiskeressursane ofte blitt vurdert ut frå utviklinga av offisiell landingsstatistikk. Det har likevel vore betydeleg relevant forskingsinnsats av meir sporadisk karakter gjennom fleire tiår

Bestandssituasjonen for torsk på vestlandskysten må seiast å vere betre enn på Sørlandet og betydeleg betre enn i Oslofjorden. Fangstratane til garnfartøya i kystreferanseflåten har i tidsserien halde seg nokolunde stabile på Vestlandet, men blitt halvert på Sørlandet. Tidsserien med garn og ruser vil bli analysert i løpet av 2022–2023. Havforskingsinstituttet rår til at det blir iverksett ei meir aktiv forvalting av kysttorsken også på Vestlandet, med sesongmessig vern av viktige gytefelt som eit av tiltaka.

Nord for 62° N

Denne bestanden blir overvakt med eit årleg tokt (kysttoktet) i oktober–november og har i mange år vore på eit relativt lågt nivå. Det ligg føre ein gjenoppbyggingsplan, og det har blitt innført tekniske reguleringar som mellom anna fjordliner, men desse ser ikkje ut til å ha hatt den ønskte effekten. ICES har difor tilrådd at det blir utvikla ein ny gjenoppbyggingsplan. I og med at kysttorsken blir fiska saman med nordaustarktisk torsk, som er ein mykje større bestand, er det krevjande å finne gode reguleringstiltak for kysttorsk som ikkje skaper problem for fisket etter nordaustarktisk torsk.

Etter råd frå ICES om ny gjenoppbyggingsplan for kysttorsk i nord bestilte Nærings- og fiskeridepartementet i 2018 ein rapport frå Havforskingsinstituttet, i samråd med Fiskeridirektoratet, om kunnskapsstatus, med forslag til forvaltingstiltak og ny gjenoppbyggingsplan. Havforskingsinstituttet publiserte i 2020 rapporten Kysttorsk nord for 62-grader nord – Vurdering av status og forslag til forvaltningstiltak og ny gjenoppbyggingsplan. Basert på denne rapporten går det no føre seg arbeid ved Fiskeridirektoratet i samarbeid med Havforskingsinstituttet om å greie ut dei foreslegne tiltaka:

  • innføre bifangstreglar

  • stengje utvalde gytefelt som er dominerte av kysttorsk i gytesesongen

  • vurdere tiltak for bevaring av brei alders- og storleikssamansetjing

  • vurdere revisjon av fjordliner

  • fremje lokale/regionale reguleringar

  • regulere innsatsen sør for 67-graden utanom gytetida ut frå fangst-per-eining-innsats

I februar 2021 vart bestandsvurderinga for nordaustarktisk torsk og kysttorsk gjennomgått i ein ICES-metoderevisjon (benchmark). Det vart bestemt å dele opp vurderinga av kysttorskbestanden i to område – nord og sør for 67° N, etter tilråding i rapporten nemnd over. For kysttorsk nord for 67-graden var det godt nok datagrunnlag for å utvikle ei analytisk bestandsvurdering, medan bestanden sør for 67-graden vil bli vurdert med metodikk for datafattige bestandar. Basert på den nye metodikken vart det gjeve separate kvoteråd for dei to bestandane for 2022. For bestanden nord for 67° N var kvoterådet for 2022 7 865 tonn, og for bestanden sør for 67° N var rådet på 7 603 tonn. Noreg har bede ICES om å evaluere parametrar i moglege forvaltingsplanar for torsk nord for 67° N, og denne evalueringa er for tida i gang. Neste steg vil så vere å foreslå forvaltingsplanar for kysttorsk i desse to områda. På kysttoktet reknar vi no ut både ein botntrålindeks og ein akustisk indeks. Botntrålindeksen har dei siste åra vore meir stabil enn den akustiske indeksen. Botntrålindeksen hausten 2021 var nær gjennomsnittet for perioden 2017–2020, medan den akustiske indeksen for 2021 enno ikkje er rekna ut. 2020 viste ein betydeleg nedgang i gytebestanden frå året før, men han var i 2020 rundt nivået frå 2018, sidan det var ein sterk oppgang frå 2018 til 2019. Ein bør difor vere varsame med tolkinga av resultatet i eit enkelt år.

Til forsida