Del 7
Lovforslag og merknader

20 Merknader til dei enkelte paragrafane i lovforslaget

Kapittel 1 Innleiande føresegner

Til § 1-1 Formål

Formålet for den nye lova er behandla i kapittel 3.3. Etter første ledd er formålet med lova å legge til rette for berekraftig bruk til beste for dei med allmenningsrett, for samisk reindrift, for allmenningsbygdene og for allmenta.

I dette ligg at allmenningane skal forvaltast med eit langsiktig perspektiv, og at balansen mellom økonomiske, miljømessige og sosiale og kulturelle funksjonar må varetakast. Lova skal legge til rette for at statsallmenningane skal vere tilgjengelege for brukarane og allmenta også i lang tid framover. Det må leggast til rette for at statsallmenningane både skal dekke behova brukarane har i dag og vere i stand til å gjere det i framtida. Statsallmenningane skal brukast, men ikkje bli verken over- eller underutnytta.

Allmenningane har historisk sett vore viktige for levemåten og økonomien til folk i allmenningsbygdene. Dei verdiane allmenningane også i dag representerer for allmenningsrettshavarane er viktige også for bruk og administrasjon av allmenningane. Bruken må samstundes ta omsyn til at det også er tale om ideelle verdiar både for bruksrettshavarane og for folk både i allmenningsbygdene og elles.

Etter andre ledd skal forvaltninga av statsallmenningane skje slik at allmenningsbruk, medrekna jakt og fiske for innanbygdsbuande, og samisk reindrift kan utøvast slik bruksrettshavarane og reindrifta har rett til. Statsallmenningane skal også forvaltast slik at tilgangen til jakt, fiske og friluftsliv blir sikra for allmenta. Retten til allmenningsbruk og til samisk reindrift i det samiske reinbeiteområdet er rettar som grunneigar og fjellstyre må respektere og forvaltninga må tilpassast slik at desse rettane skal kunne utøvast i allmenningane. Dette inneber ikkje noko «veto» for annan bruk, men skal legge grunnlag for ei balansert forvaltning innanfor rammene i lova. I statsallmenningane har både bruksrettshavarane, reindrifta, grunneigar og andre rett til å bruke areala. I slike felles bruksområde må brukarane tilpasse seg kvarandre, og søke å utøve sin bruk utan at det fører til store ulemper for andre brukarar. Lova legg opp til dialog mellom alle brukargruppene. Dette skjer både gjennom at brukarane er representerte i fjellstyret, og i kontakten mellom fjellstyret og Statskog SF.

Utvalet bruker omgrepet allmenningsrett om den abstrakte jordbrukstilknytte bruksretten. Omgrepet bruksrett blir brukt om dei jordbrukstilknytte bruksrettane og av fleirtalet om den kollektive retten til jakt- og fiske for innanbygdsbuande. Når utvalet omtalar jordbrukstilknytt bruksrett, skal det gå tydeleg fram.

Omgrepet bruksrettshavar refererer ikkje til rett til reindriftsutøving, der bruker utvalet omgrepet reindrifta. Dette er gjort for å understreke at reindrifta ikkje er bruksrettshavar etter denne lova.

Eit mindretal i utvalet, Utgård og Smistad, gjer framlegg om ein ordlyd i formålsparagrafen som ligg nær ordlyden i gjeldande fjellov § 3 andre ledd andre punktum. Mindretalet er einig med fleirtalet i at det er viktig med berekraftig forvaltning av allmenningane og at forvaltninga skal ha eit langsiktig perspektiv. Mindretalet meiner at det må seiast klarare at formålet med den berekraftige forvaltninga skal vere å fremje næringslivet i allmenningsbygdene. Dette går fram av forslaget til første ledd. Opplistinga i fleirtalsforslaget er dessutan for snever og femnar ikkje grunneigar og kommunen. Desse medlemmane vil derfor føre vidare dagens ordlyd. Andre ledd har ei knappare utforming enn framlegget frå fleirtalet men dekker det same. Mindretalet tek i formålsparagrafen heller ikkje stilling til rettsgrunnlaget for retten dei innanbygdsbuande har til jakt., Mindretalet legg til grunn at jakt- og fiskeretten under alle omstende følger av lova, både for innanbygdsbuande og for utanbygdsbuande.

Til § 1-2 Verkeområde

Verkeområde for lova er behandla i kapittel 3.2. Paragrafen avgrensar verkeområdet for lova, og samsvarer stort sett med fjellova 1975 § 1. Første ledd første punktum slår fast at føresegnene i lova gjeld for statsallmenningane. Lova definerer ikkje kva ein statsallmenning er, og heller ikkje kvar statsallmenningane ligg geografisk. Skogsdrifta og skogforvaltninga i statsallmenningane er no lagt under lova. Etter første ledd andre punktum kan Kongen gjere vedtak om at lova heilt eller delvis skal gjelde for andre område som staten eig. Det vil etter denne føresegna framleis vere mogleg å legge anna statsgrunn heilt eller delvis inn under lova som statsallmenning. Utvalet har gjort framlegg om at Statskog SF skal kunne kjøpe areal til erstatning for verna skogareal i allmenningane, jf. § 7-5. I slike tilfelle vil denne føresegna vere aktuell.

Andre ledd fører vidare regelen frå fjellova 1975 § 1 og fjellova 1920 § 48 om at «rettar i statsallmenningane i kraft av særleg heimel går ikkje inn under lova». Rettar i kraft av særleg heimel kan til dømes vere vegrettar, festeavtalar og bruksrettar på anna grunnlag enn allmenningsrett. Døme på det siste er rettar til fiske og fangst som er erverva gjennom hevd av ein hytteeigar med festetomt i allmenningen.

Tredje ledd gjeld tilhøvet til folkeretten, og svarer til § 3 i finnmarkslova. Omgrepet avgrensingar svarer til «begrensninger» på bokmål, og tredje ledd skal tolkast likt som § 3 i finnmarkslova. Formuleringa «skal brukast i samsvar med» gjer at styringsorgana i statsallmenningane må bruke reglane, sjølv om det ikkje er tale om organ for staten.

Retten til samisk reindrift følger av alders tids bruk, og utøvinga av den er regulert i reindriftslova. Retten til samisk reindrift blir ikkje regulert av lovforslaget.

Til § 1-3 Forvaltning av statsallmenningane

Første punktum i paragrafen slår fast at bruken av rettar i statsallmenningane blir forvalta av fjellstyret så langt ikkje anna er fastsett i eller i medhald av lov. Det gjeld både jordbrukstilknytte rettar og retten til jakt og fiske. Fjellstyret skal etter paragrafen forvalte skogen i allmenningar med virkesrett, og har med det også inntekter og utgifter frå skogen i desse allmenningane. Ansvaret for å følge offentlegrettslege reguleringar og krav ligg då til fjellstyret for desse allmenningsskogane. I andre punktum blir det slått fast at Statskog SF er grunneigar i statsallmenningane. Regelen må sjåast i samanheng med § 3-4 og § 6-1.

Eit mindretal i utvalet, Utgård, Jåma og Smistad, har i samsvar med sitt syn foreslått at punktumet om at fjellstyret forvaltar skogen, går ut.

Til § 1-4 Allment om avgjerdene

Fleirtalet sitt framlegg til § 1-4 fører vidare regelen i fjellova §§ 12, 15, 18 og 21 om at tiltak ikkje kan utførast dersom dei er til vesentleg skade eller ulempe for nokon som har bruksrett. Regelen er tilpassa regelen i reindriftslova § 63, og inneber at det skal takast omsyn til samisk reindrift på same måte. Dette går fram av første ledd første punktum.

Statskog SF er grunneigar i statsallmenningane. Grunneigar sin råderett i statsallmenningane er likevel avgrensa av omsynet til utøving av bruksrettane og samisk reindrift. Lova regulerer derfor denne avgrensinga av grunneigar sin råderett, og korleis konfliktar om tilhøvet mellom rådigheita til grunneigar og utøvinga av bruksrettane skal løysast.

Fjellstyret sine disposisjonar er regulerte på same måten som dei frå Statskog SF.

Fleirtalet foreslår i tillegg ein regel om at det skal leggast særleg vekt på eksisterande bruk i området. Dette går fram av første ledd andre punktum. Eit praktisk døme her vil vere i dei tilfella det er etablert ei seter i eit område Statskog SF eller fjellstyret skal gjennomføre eit tiltak. Då vil det vere ein høg terskel for å gjennomføre grunndisponeringar eller anna tiltak som har negativ innverknad på drifta på setra. For sjølve setervollen med seterhus er terskelen særs høg.

Eventuelle skadar og ulemper må vurderast i eit langsiktig perspektiv, slik at utnyttinga av bruksrettar og samisk reindrift blir teken vare på for framtida.

I andre ledd er teke inn ein regel om at reindriftslova § 63 skal gjelde for avgjerder eller tiltak frå grunneigar og fjellstyret som kan vere til vesentleg skade eller ulempe for samisk reindriftsutøving i samsvar med reindriftslova. 

Mindretalet i utvalet, Jåma og Omma, foreslår ein alternativ § 1-4, der skilnaden er at det i første ledd står «urimeleg eller unødvendig skade eller ulempe» i staden for «vesentleg skade eller ulempe», og i andre ledd «vesentlig skade eller urimeleg eller unødvendig ulempe» i staden for «vesentlig skade eller ulempe». Mindretalet sitt forslag har bakgrunn i Samerettsutvalet sitt framlegg til endringar i fjellova, jf. forslaget i NOU 2007: 13 om endringar i fjellova § 12 første ledd.

Mindretalet legg til grunn at vilkåra må endrast på same måten i reindriftslova § 63, og har gjort framlegg om ei tilsvarande endring av reindriftslova, jf. kapittel 13 i lovforslaget.

Kapittel 2 Generelle reglar om den jordbrukstilknytte bruksretten (allmenningsretten)

Kapittelet gjeld dei jordbrukstilknytte bruksrettane. Jakt og fiske blir ikkje omfatta av reglane i kapittelet her.

Til § 2-1 Vilkåra for jordbrukstilknytt bruksrett

Første ledd slår fast dei generelle vilkåra for den jordbrukstilknytte bruksretten (allmenningsretten) i statsallmenning. Slik bruksrett ligg til jordbrukseigedommar i bygd eller grend som frå gammal tid har utøvd bruksrett i allmenningen. Omgrepa jordbrukseigedom og bygd eller grend er sentrale omgrep i allmenningsretten. Første ledd svarer til fjellova § 2 første ledd og statsallmenningslova § 2-1 første ledd. Bruksrettane ligg til jordbrukseigedommar og er såkalla reelle rettar, men det er samstundes tale om kollektive rettar som ligg til dei eigedommane som oppfyller vilkåra i lova. Normalt vil det vere slik at om ei bygd eller grend har bruksrett i ein allmenning, så har alle jordbrukseigedommar i det aktuelle geografiske området allmenningsrett. Ut frå dei konkrete omstenda kan det likevel vere slik at det er eigedommar i det aktuelle området som ikkje har bruksrett, eventuelt at dei berre har avgrensa bruksrett (t.d. manglar virkesrett eller har berre virkesrett).

Andre ledd inneheld ein definisjon av omgrepet jordbrukseigedom. Definisjonen svarer til definisjonen i statsallmenningslova § 2-1 andre ledd. Fjellova bruker omgrepet «jordbruksmessig eining» utan å gi ein tilsvarande definisjon. Vurderinga av om ein eigedom er jordbrukseigedom må avgjerast konkret ut frå forholda på den einskilde eigedommen. Det er i dag ikkje fastsett spesielle krav til kor stort areal ein eigedom må ha for å ha bruksrett, og dette blir heller ikkje foreslått i den nye lova.

Rettspraksis er viktig ved avgjerda av kva som kan reknast som jordbrukseigedom. I Rt-2011-390 (Molordommen) la Høgsterett til grunn at det ikkje er nødvendig at ein eigedom er eigna for husdyrhald for å kunne vere ei «jordbruksmessig eining» etter fjellova § 2 andre ledd fjerde punktum. Fleirtalet la mellom anna vekt på at eit krav om husdyrhald er vanskeleg å praktisere. Vilkåret kan få ulikt innhald alt etter kvar du er i landet og gjeldande landbrukspolitikk, og ei rekke konkrete omstende må vurderast. Det grunnleggande utgangspunktet om at det ikkje er krav om husdyrhald står ved lag med ny lov. Jordbruksaktiviteten må heller ikkje ha nokon direkte samanheng med bruk av allmenningsrettane. Dette blir ikkje endra med ny lov.

Til § 2-2 Innhaldet i den jordbrukstilknytte bruksretten

Utgangspunktet for utøvinga av bruksretten går fram av første ledd første punktum. Den jordbrukstilknytte bruksretten (allmenningsretten) kan utøvast til dekning av det jordbruksmessige behovet for eigedommen med bruksrett. Regelen gir uttrykk for det såkalla husbehovsprinsippet. Dette prinsippet inneber at det er det konkrete behovet til gardsdrifta til ein kvar tid som er avgjerande for omfanget av dei ytingane garden har krav på å få av allmenningen. Det konkrete behovet til gardsdrifta skal forståast som den jordbruksmessige drifta på garden, og eventuelle tilleggsnæringar knytte til denne drifta. Utvalet har drøfta dette spørsmålet i kapittel 13.2.2.

Regelen er ei vidareføring av reglane i statsallmenningslova § 2-2 første ledd og fjellova § 2 første og andre ledd. Første ledd andre punktum fører vidare det dynamiske elementet i utøvinga av bruksrettane, jf. fjellova § 2 og statsallmenningslova § 2-2. Utvalet har gjort greie for sitt syn på dette i kapittel 7.2 og syner til drøftinga der.

Tilkjøpt jord kan takast med i vurderinga av det jordbruksmessige behovet til eigedommen, jf. kapittel 13.2.2. Der tilkjøpt jord ikkje grenser til eigedommen, skal ho berre gå inn under hovudbruket sin allmenningsrett dersom tilleggsjorda ligg i same bygdelag som hovudbruket.

Tilgrensande leigejord i driftseininga kan også reknast for å gå inn under hovudbruket sin allmenningsrett uavhengig av om denne jorda tidlegare høyrde til ein eigedom med allmenningsrett. Dette vil likevel berre gjelde for utøving av bruksrettane i så lang tid som leigejorda blir disponert. Så lenge det er tale om leigejord, vil det ikkje vere høve til å gjere eller krevje varige tiltak, som oppretting av seter, basert på den jordbruksmessige drifta på dette arealet. Det vil seie at leigejorda berre gir grunnlag for eit behov for beite i allmenningen. Andre ledd fører vidare regelen i statsallmenningslova § 2-2 andre ledd om forholdsmessig avkorting av ytingane frå allmenningen dersom allmenningen ikkje kastar nok av seg til dekke det samla bruksrettsbehovet. Regelen gjeld no for virkesretten men er foreslått gjort generell for bruksrettane. Fjellstyret har likevel hatt moglegheit til å avgrense talet på beitedyr, jf. fjellova § 15. Tredje ledd omhandlar den situasjonen at ein eigedom har bruksrett i fleire allmenningar. Prinsippet om at ein berre kan få dekka sitt jordbruksmessige behov, men heller ikkje meir, må slå inn også i desse tilfella. I lovutkastet er det gjort framlegg om at bruksrettshavaren sjølv vel kvar han vil ta ut ytinga.

Til § 2-3 Sal, fråskriving, avløysing

Paragrafen erstattar fjellova § 2 andre ledd andre punktum og statsallmenningslova § 2-3. Dette at allmenningsrett ikkje kan bli skilt frå den eigedommen som har retten, er ein hevdvunnen regel i allmenningsretten.

Til § 2-4 Utleige av eigedom med allmenningsrett

Paragrafen erstattar statsallmenningslova § 2-4, som gjeld utøving av virkesrett ved forpakting. Fjellova har ikkje hatt nokon tilsvarande lovregel. Forslaget sikrar klare forhold når eigedommar med allmenningsrett blir leigde ut. Første ledd første punktum opnar for at eigaren og leigaren kan avtale at leigaren skal nytte bruksretten i allmenningen når han leiger eigedommen eller heile jordvegen. Det er ein føresetnad for dette at avtalen varer minst to år. Denne retten for leigaren gjeld etter første ledd andre punktum likevel ikkje for tiltak som har verknad ut over leigetida. Utvalet foreslår i første ledd tredje punktum også at virkesretten ut over retten til ved berre kan utøvast av ein leigar der dette er fastsett i skriftleg avtale mellom eigar og leigar. Andre ledd pålegg leigaren å sende kopi av avtalen om bruksrett til fjellstyret før han kan nytte bruksretten.

Til § 2-5 Register over eigedommar med allmenningsrett (jordbrukstilknytt bruksrett)

Paragrafen vidarefører statsallmenningslova § 2-5 som har reglar om eit virkesrettsregister. Etter første ledd skal fjellstyret føre alle jordbrukseigedommar med jordbrukstilknytt bruksrett inn i eit register. Dette er normalt alle jordbrukseigedommar i det bygdelaget som har bruksrett i allmenningen. I tillegg skal eigedommar som ligg i andre kommunar eller bygdelag, men som har allmenningsrett i denne allmenningen, registrerast. Det noverande registeret over virkesrettshavarane må takast inn i registeret over alle bruksrettshavarar. Blir ein eigedom ikkje ført inn i registeret, vil det vere ein konsekvens at vedkomande eigedom ikkje får bruksrettsytingar. Innføring i registeret er derimot ikkje avgjerande for om ein eigedom har allmenningsrett. Retten til allmenningsbruk følger av den bruk eigedommen har hatt av allmenningen frå gammal tid. Dersom registerføringa ikkje stemmer overeins med den allmenningsrettslege status eigaren meiner eigedommen skal ha, kan han gå til jordskifteretten for å få avgjort saka, jf. kapittel 18 om tvisteløysing og lovutkastet § 12-2. Registeret skal også ha opplysningar om karakteren av den bruksretten eigedommane har, t.d. om retten er avgrensa til visse former for bruk.

Etter andre ledd er bruksrettsregisteret grunnlaget for innkallinga til årsmøtet. Årsmøtet skal haldast for dei som har jordbrukseigedom med bruksrett, og kven dette er skal gå fram av bruksrettsregisteret. Etter tredje ledd er bruksrettsregisteret også grunnlag for kven som har røysterett ved val av representantar for bruksrettshavarane til fjellstyret. Registeret skal leggast til grunn både for kven som skal kallast inn til årsmøtet og kven som skal kunne røyste under årsmøtet.

Fjerde ledd gir plikt til opplyse fjellstyret om ulike hendingar som har innverknad på utøvinga av bruksretten, t.d. eigarskifte, avtalar om utleige m.m. Dette er nødvendig for at fjellstyret skal kunne halde oversikt over kva for eigedommar som til ei kvar tid har bruksrett og kven som kan utøve bruksretten for desse eigedommane.

Statskog SF som grunneigar bør også ha oversikt over dei som har bruksrett i statsallmenningane. Etter femte ledd skal Statskog SF derfor ha innsyn i registeret over eigedommar med jordbrukstilknytt bruksrett.

Til § 2-6 Bortfall av allmenningsrett (jordbrukstilknytt bruksrett)

Spørsmålet om bortfall av allmenningsrett er behandla i kapittel 13.2.3. Etter gjeldande rett kan allmenningsretten falle bort som følge av endringar på eigedommen, t.d. ved at drifta blir lagt ned og jorda blir teken i bruk til andre formål, eller eigedommen taper karakteren av jordbruk. Reglar om bortfall av allmenningsrett følger i dag av fjellova § 2 andre ledd og av statsallmenningslova § 2-6 når det gjeld virkesretten.

Vilkåra for bortfall går fram av første ledd. Allmenningsretten fell for det første bort når jordbruksdrifta på eigedommen blir lagt ned og jorda teken i bruk til andre formål, sjå første ledd nr. 1 bokstav a. Tilsvarande regel går fram av fjellova § 2 andre ledd tredje punktum og statsallmenningslova § 2-6. Etter første ledd nr. 1 bokstav b fell allmenningsretten bort når jordbruksdrifta på eigedommen blir lagt ned og deretter blir liggande nede i eit samanhengande tidsrom av fem år. Dette gjeld sjølv om jorda ikkje er teken i bruk til noko anna formål. Regelen er henta frå statsallmenningslova. Fjellova har ikkje nokon tilsvarande regel om at bortfall først skjer etter ei viss tid. Utan tilleggsvilkåret om at drifta må ha lege nede i fem år, ville allmenningsretten ha falle bort straks drifta vart lagt ned. Etter første ledd nr. 2 fell bruksretten bort dersom eigedommen ved fråsal, annan frivillig avståing, ekspropriasjon eller omdisponering taper karakteren av jordbruk etter § 2-1 andre ledd. Regelen svarer til statsallmenningslova § 2-6 første ledd nr. 2 og fjellova § 2 andre ledd fjerde punktum

Etter andre ledd blir bruksretten vekt til live igjen dersom jordbruksdrifta blir teken opp att på ein eigedom der bruksretten har falle bort etter første ledd nr. 1. Regelen erstattar statsallmenningslova § 2-6 andre ledd. Spørsmålet om eigedommen igjen må reknast som ein jordbrukseigedom med bruksrett må vurderast etter § 2-1.

Tredje ledd har reglar om når bortfall av allmenningsretten trer i kraft. Reglane her er henta frå statsallmenningslova § 2-21 tredje ledd. Bortfall skjer først når fjellstyret har teke avgjerd om bortfall, og eigaren av vedkomande eigedom er underretta om avgjerda. Dette går fram av tredje ledd første punktum. Fjellstyret har etter tredje ledd andre punktum plikt til å ta avgjerd som nemnt når vilkåra for bortfall etter første ledd er til stades. Allmenningsstyret har slik plikt i dag når det gjeld virkesretten, men ikkje fjellstyret når det gjeld dei andre bruksrettane. Blir det reist søksmål om avgjerda, kan fjellstyret bestemme at bruksretten skal stå ved lag til spørsmålet er rettskraftig avgjort. Dette går fram av tredje ledd tredje punktum.

Mindretalet i utvalet, Borgnes, foreslår at første ledd nr. 1 bokstav b blir teken ut av § 2-6. Mindretalet legg til grunn at ei slik føresegn vil vere i strid med grunnleggande allmenningsrettslege prinsipp.

Til § 2-7 Avgrensingar i utøvinga av dei jordbrukstilknytte bruksrettane

Paragrafen fører vidare statsallmenningslova § 4-1. Utvalet sine synsmåtar er omtala i kapittel 13.2. Gjeldande lov gir heimel for å fastsetje avgrensingar (innskrenkingar) i utøvinga av bruksrettane i statsallmenning. Dette gjeld innskrenkingar i alle bruksrettane, også dei som er regulert i fjellova. Første ledd i § 2-7 legg til fjellstyret å sette i verk eventuelle innskrenkingar. Fjellstyret får her ei nokså vidtrekkande myndigheit, men på same måte som etter gjeldande lov blir myndigheita avgrensa av at innskrenkingane skal vere nødvendige for å halde oppe ressursane i allmenningen (allmenningen si yteevne).

Det følger av andre ledd at avgrensingar som nemnt i første ledd også kan gå ut på avgrensingar i utøvinga av bruksrettane i delar av allmenningen av omsyn til naturgrunnlag og friluftsliv. Regelen er ei vidareføring av gjeldande statsallmenningslov § 4-1 andre ledd, men med ei anna formulering.

På same måte som i gjeldande lov kan innskrenkingane fastsetjast for eit avgrensa tidsrom eller inntil vidare. Dette går fram av tredje ledd. I fjerde ledd er det teken inn ein regel om kunngjering av innskrenkingane og om når fastsette innskrenkingar trer i kraft.

Eit mindretal, Helmen og Østerås, foreslår at andre ledd går ut.

Til § 2-8 Årsmøte

Paragrafen avløyser statsallmenningslova § 1-5. Etter første ledd første punktum skal eigarane av eigedom med jordbrukstilknytt bruksrett i dei allmenningane fjellstyret har ansvaret for, kallast inn til årsmøte innan utgangen av april månad kvart år. Årsmøtet skal vere det øvste organet for bruksrettshavarane. Alle registrerte bruksrettshavarar blir kalla inn til årsmøtet. Innkallinga skal etter første ledd andre punktum sendast med tre vekers varsel. Etter andre ledd skal årsmøtet velje ein møteleiar og ein referent på kvart møte. Den som blir valt til møteleiar skal kalle inn til årsmøte det etterfølgande året. Årsmøtet vel ein valkomité året etter at eit nytt fjellstyre er valt.

Det følger av tredje ledd at årsmøtet i dei åra det skal veljast fjellstyre, etter framlegg frå valkomiteen skal fremje forslag til kommunestyret om representantar og vararepresentantar til fjellstyret, som alle må vere registrerte som bruksrettshavarar i allmenningen etter § 2-5.

Etter fjerde ledd kan årsmøtet gjere vedtak om at det i staden for årsmøte for alle allmenningane fjellstyret har ansvaret, skal haldast årsmøte for kvar enkelt allmenning. Etter femte ledd kan årsmøtet uttale seg til fjellstyret i saker som er særleg viktige for bruksrettshavarane. Slike uttalar er rettleiande og ikkje bindande for fjellstyret.

Ved val av representantar til fjellstyret, er alle myndige bruksrettshavarar som er registrert med allmenningsrett i dei allmenningane fjellstyret forvaltar, valbare.

Eit mindretal i utvalet, Utgård, Jåma, Omma, Smistad og Velure, foreslår at fjerde ledd går ut, i samsvar med forslaget frå det same mindretalet til § 3-1, der det ikkje skal kunne veljast ein representant for bruksrettshavarane i kvar allmenning til fjellstyre som skal administrere meir enn ein allmenning.

Til § 2-9 Valkomité

Valkomiteen skal etter første ledd første punktum bestå av representantar for eigedommar med jordbrukstilknytt bruksrett. Etter andre ledd skal valkomiteen ha minst 3 medlemmar og kvar allmenning som ligg under fjellstyret skal kunne vere representert.

Til § 2-10 Val av representantar for eigedommar med jordbrukstilknytt bruksrett

Første punktum bestemmer at valordninga for representantar for eigedommar med jordbrukstilknytt bruksrett skal fastsetjast i bruksreglar, jf. § 4-24. Etter andre punktum skal likestillings- og diskrimineringslova § 28 første til tredje ledd gjelde tilsvarande for valordning og for val. Utvalet viser til at reglane om val av allmenningsstyre i bygdeallmenningslova kan vere eit godt grunnlag som mønster for å regulere valordninga i bruksreglane. Fellesorganisasjonen for fjellstyra vil kunne utarbeide malar for korleis ei valordning kan vere.

Kapittel 3 Administrasjon og organisatoriske reglar

Til § 3-1 Fjellstyret

Samansetninga av fjellstyret er drøfta i kapittel 8.2.1.8. Paragrafen fører vidare § 3 i fjellova og § 1-2 i statsallmenningslova. Hovudregelen i den nye lova går fram av første ledd og følger regelen frå fjellova om at det skal vere fjellstyre i kvar kommune der det er statsallmenning.

Etter andre ledd er hovudregelen at det skal vere fem medlemmar i fjellstyret. Etter tredje ledd første punktum skal fjellstyret ha minst to representantar for dei med jordbrukstilknytt bruksrett. Er det fleire allmenningar under kvart styre, kan fjellstyret ha ein representant for dei med jordbrukstilknytt bruksrett frå kvar allmenning. Årsmøtet fastset om kvar allmenning skal vere representert i fjellstyret. Kommunestyret sikrar ei balansert røysting når talet på representantar med jordbrukstilknytt bruksrett er fleire enn to. Dette går fram av tredje ledd andre til fjerde punktum.

Etter fjerde ledd skal jakt-, fiske-, friluftsliv- og allmenne interesser vere representerte i fjellstyret.

I femte ledd er det bestemt at fleirtalet av medlemmane etter andre og tredje ledd skal vere fast busette i området der allmenningen ligg, eller i bygd eller grend der innbyggarane frå gammal tid har utøvd allmenningsbruk i allmenningen, jf. § 5-1 og 5-2.

Etter sjette ledd skal det vere to representantar for samisk reindrift i dei statsallmenningane som ligg innanfor det samiske reinbeiteområdet etter lov om reindrift § 4.

Medlemmane av fjellstyret skal ha personlege varamedlemmar. Dette går fram av sjuande ledd. Åttande ledd første punktum legg til kommunestyret å ta avgjerd om at det skal vere fleire fjellstyre dersom det er fleire allmenningar i kommunen. Det er ein føresetnad at det er søkt om dette frå eit fjellstyre, eller andre partar organiseringa vedkjem, og at det ligg føre eit forslag frå fellesorganisasjonen for fjellstyra. Dette går fram av åttande ledd andre punktum. I tilfelle der ein statsallmenning er forvalta som bygdeallmenning vil «andre partar organiseringa vedkjem» til dømes vere allmenningsstyret.

Etter åttande ledd tredje punktum skal Statskog SF få høve til å uttale seg om spørsmålet om det skal vere fleire fjellstyre i kommunen.

Funksjonstida for fjellstyret skal vere fire år, slik som etter gjeldande fjellov. Dette går fram av niande ledd.

Etter tiande ledd skal kommunelova §§ 15 og 16 nr. 3 gjelde tilsvarande så langt dei passar. Kommunelova § 15 har reglar om verknaden av å ikkje lenger vere valbar til eit folkevald organ. Medlemmen skal då tre ut av organet. Paragrafen har vidare reglar om søknad om fritak for verv, og om verknaden av at det blir teken ut tiltale mot ein folkevald. Kommunelova § 16 nr. 3 har reglar om val av ny medlem til organet når ein medlem har gått ut.

Reglar om korleis oppnemninga av fjellstyret skal skje går fram av § 3-2.

Mindretalet i utvalet, Utgård, Jåma, Omma, Smistad og Velure, foreslår ein alternativ formulering av § 3-1. Også etter forslaget frå mindretalet skal det vere fjellstyre i kvar kommune der det er statsallmenning, men her er det presisert at det skal vere eitt fjellstyre. Fjellstyret skal ha fem medlemmar. To av medlemmane skal vere representantar for dei med jordbrukstilknytt bruksrett. Det skal også vere ein medlem som er vald for å representere jakt- og fiskeinteresser frå området der allmenningen ligg, eller i bygd eller grend der innbyggarane frå gammal tid har utøvd allmenningsbruk i allmenningen, jf. § 5-1 og 5-2. Tre av dei fem representantane skal såleis kome frå allmenningsområdet. Vidare meiner mindretalet at det skal vere ein representant for friluftsliv og for jakt og fiske elles, og ein representant for allmenne interesser. Mindretalet foreslår vidare at det i kommunar der fjellstyret skal vere styre for fleire allmenningar skal leggast vekt på geografisk spreiing av dei som blir valde til fjellstyret.

Mindretalet meiner som fleirtalet at fjellstyre i det samiske reinbeiteområdet skal ha to representantar for samisk reindrift. Også med omsyn til varamedlemmar, funksjonstid for fjellstyret og tilhøvet til kommunelova er mindretalet sitt forslag likt med fleirtalet.

Til 3-2 Oppnemning av fjellstyre

Første ledd fører vidare § 3 i fjellova om at kommunestyret skal nemne opp eit fjellstyre. Kommunestyret skal også nemne opp leiaren og nestleiaren for fjellstyret.

Etter andre ledd skal årsmøtet for dei med jordbrukstilknytt bruksrett fremje forslag til kommunestyret om sine representantar og personlege varamedlemmar for desse. Årsmøtet skal gjere framlegg om minimum to representantar til kvar plass i fjellstyret. Det skal vere like mange av kvart kjønn.

Etter tredje ledd skal vedkomande reinbeitedistrikt gjere framlegg om representantar for samisk reindrift og personlege varamedlemmar. Også for desse representantane skal det gjerast framlegg om ein av kvart kjønn. Kommunestyret skal velje mellom dei det er gjort framlegg om.

Representantane for dei med jordbrukstilknytt bruksrett skal veljast mellom dei det er gjort framlegg om, sjå fjerde ledd. Kommunestyret skal så langt råd er følge den prioriteringa mellom representantane som årsmøtet har gjort.

Etter femte ledd vel kommunestyret representantane for jakt, fiske og friluftsliv, og for allmenne interesser. Dette kan skje etter forslag frå organisasjonar.

Sjette ledd viser til likestillings og diskrimineringslova § 28 første til tredje ledd. Val av medlemmar til fjellstyret skal fylle dei krava til kjønnsbalanse som går fram av § 28 første ledd. Dersom det ikkje er mogleg å finne tilstrekkeleg mengde kandidatar av begge kjønn kan det givast dispensasjon, jf. tredje ledd i likestillings- og diskrimineringslova § 28.

Etter sjuande ledd første punktum gjeld kommunelova § 14 første ledd bokstav a tilsvarande for val av medlemmar til fjellstyra. Det er gjort unntak for representantane for samisk reindrift. Desse treng ikkje vere busette i kommunen, jf. andre punktum.

Etter åttande leddførste punktum skal styremedlemmane ha ei rimeleg godtgjersle for arbeidet. Godtgjersla blir fastsett av fjellstyret og skal dekkast av fjellkassa.

Etter niande ledd skal kommunestyret setje fristar for framlegg om representantar til fjellstyret. Dersom det ikkje er kome inn forslag innan fristen eller forslaget ikkje er i samsvar med krav til forslag om representantar for begge kjønn, kan kommunestyret nemne opp på fritt grunnlag eller setje ny endeleg frist.

Eit mindretal i utvalet, Utgård og Smistad, foreslår at sjuande ledd i fleirtalet sitt forslag går ut, og at det i åttande ledd (som blir sjuande ledd) blir fastsett at det er kommunestyret som skal fastsetje godtgjersla til fjellstyret, slik ordninga er etter gjeldande fjellov § 7. Godtgjersla skal likevel dekkast av fjellkassa.

Til § 3-3 Val av fjellstyre frå fleire kommunar

Dersom ein statsallmenning ligg i fleire kommunar, eller det er bruksrettshavarar i allmenningen som er busett i andre kommunar enn den allmenningen ligg i, kan representantane etter § 3-1 tredje ledd veljast frå desse kommunane etter ei ordning som dei aktuelle kommunestyra fastset etter forslag frå fellesorganisasjonen. Kommunestyra i dei aktuelle kommunane må kome til einigheit om ei ordning for fordeling av representantar frå dei ulike kommunane.

Eit mindretal i utvalet, Utgård, Jåma, Omma, Smistad og Velure, foreslår ein alternativ ordlyd i § 3-3. Mindretalet foreslår på same måte som fleirtalet at dersom ein statsallmenning ligg i fleire kommunar, eller det er bruksrettshavarar i allmenningen som er busette i andre kommunar enn den allmenningen ligg i, så kan det veljast medlemmar til fjellstyret frå desse kommunane. Mindretalet ser for seg at det kan vere mange ulike situasjonar, og at det derfor bør stillast ope kva løysinga kan bli. Kommunane kan også sjå ulikt på spørsmålet. Mindretalet gjer derfor framlegg om at det er fellesorganisasjonen for fjellstyra som skal fastsetje ordninga, etter at kommunestyra har uttala seg.

Til § 3-4 Oppgåver for fjellstyret

Oppgåver for fjellstyret er drøfta i kapittel 8.2.1.1. Paragrafen fører vidare § 3 i fjellova og § 1-3 i statsallmenningslova. Fjellstyret skal administrere bruksrettane etter kapittel 4 og forvalte jakt, fangst, felling og fiske i statsallmenningane etter kapittel 5 i lova, og elles forvalte allmenningen slik det går fram av lova.

Etter andre ledd skal fjellstyret forvalte skogen i statsallmenningar med virkesrett etter reglane i kapittel 7. I dei tilfella ein statsallmenning blir forvalta etter bygdeallmenningslova når det gjeld skog og virkesrett, skal ikkje fjellstyret forvalte skogen og administrere virkesretten. Då er det allmenningsstyret etter bygdeallmenningslova som har denne oppgåva.

Fjellstyret skal også legge til rette for friluftsliv for allmenta. Dette går fram av tredje ledd.

Eit mindretal i utvalet, Utgård, Jåma og Smistad, meiner at Statskog SF, og ikkje fjellstyret, skal forvalte skogen, og at andre ledd første punktum i paragrafen derfor skal gå ut.

Eit anna mindretal, Østerås, meiner tredje ledd skal ha ei anna formulering, slik at ein får fram korleis fjellstyra skal prioritere mellom dei oppgåvene dei har. Etter dette forslaget går det fram at fjellstyret skal legge til rette for friluftsliv og naturopplevingar når ressursar og økonomi i allmenningen gjer det mogleg.

Til § 3-5 Særskilde oppgåver for fjellstyret – motorferdsel

Etter første ledd skal retten til å forby eller redusere motorferdsel i statsallmenning for andre enn Statskog SF, ligge til fjellstyret, slik den gjer etter gjeldande fjellov § 12.

Fjellstyret skal etter andre ledd behandle søknader om motorferdsel i statsallmenningen og fastsetje vilkår for dette. Dersom motorferdsel vil føre med seg slike fysiske inngrep i grunnen som går inn under lovframlegget § 6-1 om grunndisponering, tek Statskog SF avgjerd om grunndisponeringa. Eventuelle inntekter frå motorferdsel skal gå til fjellkassa, jf. tredje ledd.

Eit mindretal i utvalet, Utgård, Jåma, Omma og Smistad, foreslår ei anna formulering av § 3-5. Første ledd er likt med fleirtalet sitt forslag. Etter forslaget frå mindretalet kan fjellstyret tillate tidsavgrensa motorferdsel som ikkje krev tilrettelegging over lengre tid. I tilfelle der det skal inngåast avtale om motorferdsel over lengre tid, eller der slik motorferdsel krev tilrettelegging, skal avtale om motorferdsel behandlast etter § 6-1 om grunndisponering.

Etter forslaget frå mindretalet skal eventuelle inntekter gå inn i fjellkassa unnateke i dei tilfella det er tale om grunndisponering, der inntektene går til grunneigarfondet. Dette siste følger av § 6-4.

Til § 3-6 Særskilde oppgåver for fjellstyret – trening av hund

Paragrafen er ny samanlikna med gjeldande fjellov, men må sjåast i samanheng med lov om hundehald § 8 der det går fram at fjellstyra skal gi samtykke til trening av hund i statsallmenningane.

Fjellstyret kan etter første punktum gi løyve til at trening av hund kan finne stad i statsallmenningane og fastsetje vilkår for dette. Paragrafen viser til lov om hundehald § 8, der det går fram at fjellstyret skal gi samtykke til trening av hund i statsallmenningane. Eventuelle inntekter frå slik verksemd skal etter andre punktum gå til fjellkassa. Dersom slik hundetrening fører med seg fysiske inngrep, jf. definisjonen i § 6-1, skal tiltaket bli behandla som grunndisponering etter § 6-1.

Eit mindretal i utvalet, Utgård, Jåma, Omma og Smistad, foreslår ein annan ordlyd i § 3-6. Mindretalet viser som fleirtalet til lov om hundehald § 8, der det går fram at fjellstyret skal gi samtykke til trening av hund i statsallmenningane. På same måte som for motorferdsel meiner mindretalet at fjellstyret kan tillate tidsavgrensa hundetrening som ikkje krev tilrettelegging over lengre tid. Eventuelle inntekter frå hundetrening skal gå til fjellkassa. I tilfelle der det skal inngåast avtale om trening av hund over lengre tid, eller der slik trening krev tilrettelegging, er det tale om ein grunneigardisposisjon og då skal avtale om trening av hund behandlast etter § 6-1 om grunndisponering. Dei same omsyna gjer seg gjeldande her som under § 3-5.

Til § 3-7 Fjellkasse

Paragrafen fører vidare § 11 i fjellova og § 1-4 i statsallmenningslova. Det følger av første ledd første punktum at det skal vere ei fjellkasse for kvart fjellstyre. Inntektene fjellstyret har, skal etter første ledd andre punktum gå inn i fjellkassa.

Etter andre ledd er det fjellstyret som disponerer midlane i fjellkassa, etter føresegnene i lova. Fjellkassa skal dekke den løpande drifta av allmenningane og tiltak i allmenningen. Når det kjem til tiltak skal fjellstyret etter fleirtalsframlegget prioritere investeringar som er nødvendige for å sikre yteevna til allmenningen på lang sikt.

Før det kan nyttast midlar til andre formål, må fjellstyret såleis syte for at fjellstyret sine eigne behov er dekte, jf. andre ledd første punktum.

Dernest kan fjellstyret tildele midlar til bruksrettshavarar, utøvarar av samisk reindrift, og til innanbygdsbuande for jakt og fiske. Det skal først tildelast midlar til tiltak innanfor allmenningen, dernest til tiltak som har tilknyting til allmenningen. Det kan også givast tilskot til allmennyttige formål innanfor allmenningsbygdene. Fjellstyret skal ha eit langsiktig perspektiv i forvaltninga av midlane, og legge til rette for utøvinga av dei jordbrukstilknytte bruksrettane, den samiske reindrifta og jakt og fiske i statsallmenningen. Overføringar frå grunneigarfondet bør også kome dei til gode som eventuelt har ulemper frå ei grunndisponering. Fjellstyret bør også ta sikte på å bruke midlane i den allmenningen som har gitt opphav til midlane, om fjellstyret forvaltar fleire allmenningar.

Etter tredje ledd skal fjellstyret lyse ut midlar til tiltak og til allmennyttige formål.

Eit mindretal i utvalet, Østerås, meiner det er viktig å lovfeste at yteevna i allmenningen blir sikra før det blir brukt pengar på noko anna. Mindretalet foreslår at andre ledd får eit tillegg etter første punktum der det står at det først skal setjast av tilstrekkeleg med midlar til sikring og forbetring av allmenningen, med sikte på ei best mogleg utnytting av produksjonsgrunnlaget og det framtidige behovet til bruksrettshavarane. Mindretalet viser til at bygdeallmenningslova § 3-12 har ein slik regel.

Til § 3-8 Kommunesamanslåing

Paragrafen er ny samanlikna med gjeldande lover. Etter første ledd første punktum skal eksisterande fjellstyre i ein ny kommune som er slått saman av fleire kommunar med fjellstyre, halde fram til det første kommunevalet etter opprettinga av ny kommune.

Det nye kommunestyret skal så etter første ledd andre punktum nemne opp nytt fjellstyre etter reglane i § 3-2. Etter andre ledd gjeld § 3-1 åttande ledd tilsvarande ved val av nytt fjellstyre. Grensene for kven som skal reknast som innanbygdsbuande for jakt og fiske skal ikkje endrast, jf. § 5-1.

Eit mindretal i utvalet, Utgård, Jåma, Omma, Smistad og Velure, viser til det alternative forslaget til § 3-1, der det skal vere eit fjellstyre i kvar kommune, og foreslår derfor at andre ledd i denne paragrafen går ut.

Til § 3-9 Delegering/administrasjon

Paragrafen er ny samanlikna med gjeldande lover. Etter første punktum kan fjellstyret tilsette administrativt personell. Etter andre punktum kan fjellstyret delegere oppgåver til administrasjonen. Etter tredje punktum kan delegeringa ikkje gjelde prinsipielle eller særleg viktige saker. Slike spørsmål må fjellstyret sjølv avgjere, som det ansvarlege organet. Fjellstyret er også samansett med tanke på å kunne avvege ulike interesser i statsallmenningane, og det er då rettast også av den grunn at fjellstyret sjølv avgjer slike saker.

Til § 3-10 Fellesorganisasjonen for fjellstyra

Første ledd første punktum i paragrafen etablerer ein fellesorganisasjon for fjellstyra. Fellesorganisasjonen skal vere finansiert med bidrag frå fjellstyra og grunneigarfondet. Finansieringa frå grunneigarfondet skal etter første ledd andre punktum skje etter avtale mellom Statskog SF og fellesorganisasjonen. Ved usemje må saka etter første ledd tredje punktum leggast fram for departementet til avgjerd. Landsmøtet skal etter andre ledd første punktum fastsetje den samla ramma for finansieringa. Bidraget frå fjellstyra skal etter andre ledd andre punktum vere fordelt etter omsetninga til det enkelte fjellstyret dei siste to åra.

Etter tredje ledd skal fellesorganisasjonen kunne rettleie fjellstyra i arbeidet og i økonomiforvaltninga.

Eit mindretal i utvalet, Utgård, Jåma, Omma og Smistad, foreslår ein annan ordlyd i første ledd. Etter mindretalet sitt forslag skal fellesorganisasjonen finansierast med midlar frå fjellstyra, men ikkje frå grunneigarfondet.

Til § 3-11 Landsmøte og styre for fellesorganisasjonen

Etter første ledd første punktum skal det haldast landsmøte for fjellstyra der alle fjellstyra kan vere representerte. Landsmøtet skal velje eit styre for fellesorganisasjonen Landsmøtet skal fastsetje vedtekter for fellesorganisasjonen, jf. første ledd andre og tredje punktum.

Styret for fellesorganisasjonen skal bestå av representantar frå fjellstyra. Det skal i tillegg vere med to representantar for samiske reindriftsutøvarar og to representantar for dei tilsette i fjellstyra. Dette går fram av andre ledd første og andre punktum. Styremedlemmane skal ha ei funksjonstid på opp til fire år om gongen. Styret har ansvar for drifta av fellesorganisasjonen, og skal tilsette dagleg leiar for fellesorganisasjonen. Styremedlemmane skal ha ei rimeleg godtgjersle for arbeidet. Godtgjersla skal fastsetjast av landsmøtet og blir dekt av fellesorganisasjonen. Dette går fram av tredje og fjerde ledd.

Eit mindretalet i utvalet, Utgård, Jåma, Omma og Smistad, foreslår ei anna formulering av andre ledd. Mindretalet meiner styret for fellesorganisasjonen skal vere samansett på same måten som eit fjellstyre, og slik at det er med to representantar for samiske reindriftsutøvarar. I tillegg bør det vere med to representantar for dei tilsette i fjellstyra. Mindretalet foreslår også at alle medlemmane, med unntak for dei som er valde av dei tilsette, må sitje i eit lokalt fjellstyre.

Eit anna mindretal, medlemmen Østerås, foreslår ein annan ordlyd i andre ledd, slik at styret skal bestå av representantar frå fjellstyra. Etter dette forslaget skal dei tilsette ikkje vere med i styret for fellesorganisasjonen.

Kapittel 4 Bruksrettar som ligg til jordbrukseigedom

Til § 4-1 Rett til beite

Beiteretten i statsallmenning er omtala i kapittel 13.1.7 og utvalet sine synsmåtar og forslag i kapittel 13.2.4. Paragrafen avløyser fjellova § 15.

Etter første ledd kan eigedom med beiterett ha rett til å beite med så stor buskap som eigedommen kan vinterfø. Med vinterfø meiner ein i utgangspunktet så mange dyr som garden har fôrgrunnlag til. Minst 50 prosent av fôret til dyra må kome frå garden. For å rekne ut fôrgrunnlaget på garden, legg ein til grunn ei gjennomsnittleg avling på 400 fôreiningar per dekar, sjå kapittel 13.1.7.1.

Retten til å sleppe dyr på beite er ein allmenningsrett. Retten kan likevel ikkje nyttast uavgrensa, av omsyn til dei andre bruksrettshavarane i allmenningen. Derfor er retten kvantitativt avgrensa til kor mykje buskap som eigedommen kan vinterfø. Lova opnar likevel, på same måte som fjellova § 15, for å nytte beiteretten også i større grad enn dette. Her kjem likevel omsynet til dei andre rettshavarane i framgrunnen. Etter andre ledd kan fjellstyret samtykke til at eigedom med beiterett kan sleppe større buskap på beite. Lovforslaget § 1-4 vil gjelde for eit slikt samtykke.

Dersom bruksrettshavar får samtykke til å beite med større buskap enn dei kan vinterfø, er dette vederlagsfritt.

Utleige av beite til nokon som ikkje har bruksrett, er no regulert i fjellova § 15 tredje ledd. I lovforslaget er det teke inn reglar om dette i § 8-1.

Til § 4-2 Inngjerda beiteareal

Utvising av inngjerda beiteareal er behandla i kapittel 13.1.7.2., 13.2.4.2 og 13.2.4.3.

Første ledd første punktum gir fjellstyret heimel til å utvise beiteareal til inngjerding til eigedom med beiterett som har behov for å føre jamt tilsyn med beitedyr. Dette kan vere full inngjerding av eit areal eller delvis inngjerding i form av sperregjerde som held dyra på plass i beiteområdet og lettar tilsynet med dyra. Dette er viktig i eit dyrevelferdsperspektiv.

Fjellstyret kan dermed gi løyve til å setje opp gjerde rundt arealet samtidig som arealet blir utvist. Slik utvising er i dag regulert i forskrift, og utvalet gjer framlegg om å ta føresegnene inn i den nye lova. Utvising av areal til inngjerding må skje etter nøye vurdering av omsynet til andre bruksrettshavarar og samisk reindrift, og andre brukarar av allmenningane. Fjellstyret må i sin vurdering sjå på tilhøva i dei konkrete områda. Er det til dømes tale om eit område med reindrift er det særleg viktig at området ikkje blir unødvendig fragmenterte med gjerde og andre innretningar. Det kan også vere tale om område der etablering av faste innretningar er til hinder for andre næringar, friluftslivet eller har negativ påverknad på naturmangfaldet.

Første ledd andre punktum gir fjellstyret heimel for å sette nødvendige vilkår for utvisinga. Dei vilkåra fjellstyret set for utvisinga må vere saklege og rimelege og eigna til å fremje dei interessene dei skal vareta.

Andre ledd set forbod mot framleige av inngjerda beiteareal. Dersom den eigedommen som har fått arealet utvist ikkje lenger har behov for det, følger det av tredje ledd kva som skal skje vidare. Når bruksrettshavar ikkje lenger nyttar inngjerda beiteområde som er utvist, vil fjellstyret etter tredje ledd første punktum kunne vise arealet ut til annan eigedom som treng inngjerda areal.

Den tidlegare beitebrukaren kan etter tredje ledd andre punktum bli pålagd å fjerne gjerdet dersom arealet ikkje blir overført til andre. Fjellstyret tek avgjerd om at retten til å ha gjerdet har opphøyrt, og at beitebrukaren skal fjerne gjerdet innan ein frist. Varsel om dette skal sendast med frist på tre veker. Dersom det ikkje er kjent kven som har gjerdet, skal varselet festast til gjerdet, med frist til å fjerne gjerdet innan tre veker frå ein fastsett dato.

Dersom gjerdet ikkje blir fjerna kan fjellstyret fjerne gjerdet for beitebrukaren si rekning. Om beitebrukaren ikkje gjer opp for seg, må fjellkassa dekke kostnaden. Det same gjeld også om offentlege myndigheiter gir pålegg til grunneigar om å fjerne gjerdet.

Eit mindretal i utvalet, Borgnes og Broch Hauge, foreslår ei anna formulering i andre ledd. Etter mindretalet sitt forslag kan den som har fått utvist inngjerda beiteareal leige dette ut med samtykke frå fjellstyret.

Til § 4-3 Gjetarbu

Utvising av gjetarbu er omtala i kapittel 13.1.7.2., 13.2.4.2 og 13.2.4.3.

Fjellstyret kan etter første ledd første punktum utvise areal til oppføring av gjetarbu til eigedom med beiterett som har behov for dette.

Fjellstyret kan etter første ledd andre punktum sette vilkår for utvisinga tilsvarande som ved utvising av beiteareal til inngjerding etter § 4-2. Ei gjetarbu er meint som eit enkelt husvære for overnatting for den som skal ha tilsyn med dyr på beite. Å utvise gjetarbu føreset at beiterettshavaren har dyr på beite og at det ikkje er mogleg å ha tilsyn med dyra utan overnatting. Dersom det er andre bygg som ikkje blir nytta i nærleiken, skal fjellstyret først vurdere om nokon av desse er eigna som gjetarbu. I motsetning til seterhus er ikkje gjetarbu tenkt for langvarige opphald med familie. Bua kan derfor ha ein enklare standard.

Etter andre ledd kan den som har fått utvist gjetarbu leige denne ut med samtykke frå fjellstyret. Tredje ledd regulerer kva som skal skje når ei utvist gjetarbu ikkje lenger er i bruk. Gjetarbua skal ikkje reknast for å vere i bruk i høve til denne føresegna dersom ho er leigd ut til andre. Når beitebruken tek slutt, har beitebrukaren heller ikkje noko behov for gjetarbu. Då bør den nyttast av andre eller rivast. Fjellstyret kan bestemme at gjetarbua skal overførast til ein annan som treng gjetarbu og kan pålegge beitebrukaren å fjerne gjetarbua om han ikkje innan ei viss tid fører gjetarbua over til den som får gjetarbua utvist. Reglane for fjerning av gjetarbu er i lovforslaget dei same som for fjerning av gjerde.

Fjerde ledd gjer det mogleg å fjerne gjerde eller gjetarbu for seterbrukaren si rekning om fjerning ikkje skjer frivillig. Lovforslaget legg til fjellstyret å gjennomføre slik fjerning. Om beitebrukaren ikkje gjer opp for seg må fjellkassa dekke kostnaden. Det same gjeld om riving må skje etter at grunneigar har fått pålegg frå offentlege myndigheiter. Dersom fjerning eller overføring ikkje er aktuelt avgjer fjellstyret i samråd med Statskog SF kva som skal skje med gjetarbua. Dette går fram av femte ledd. Det skal ikkje vere mogleg å søke om løyve til å ha bua ståande til fritidsformål.

Fjellstyret kan fastsetje nærare reglar om standard og utforming av gjetarbu i bruksreglane, jf. § 4-24.

Eit mindretal i utvalet, Utgård, Jåma, Omma og Smistad, foreslår at det i § 4-3 andre ledd blir fastsett at den som har fått utvist gjetarbu ikkje skal kunne leige denne ut. Tilsvarande reglar for å setje opp og bruke gjetarbu i reindrifta blir handheva strengt, både med omsyn til standard på bua og bruken av den. Utleige er ikkje aktuelt for reindrifta, og reglane bør vere like.

Til § 4-4 Rett til tilleggsjord

Utvising av tilleggsjord er behandla i kapittel 13.1.8 og 13.2.5. Paragrafen erstattar fjellova § 19. Utvising av tilleggsjord er i dag også regulert i seterforskrifta kapittel 7.

Paragrafen legg til grunn at tilleggsjord er ein jordbrukstilknytt bruksrett. Det går fram av første ledd første punktum at eigedom med allmenningsrett som kan dokumentere behov for det, har rett til å få utvist areal i allmenningen til dyrking eller til kulturbeite. Det er fjellstyret som har myndigheit til å utvise tilleggsjorda. Dersom tilleggsjorda skal dyrkast opp må bruksrettshavarane i tillegg ha løyve etter forskrift om nydyrking gitt med heimel i jordlova. Driftsplan for eigedommen vil kunne dokumentere behovet for tilleggsjord.

I andre ledd blir det presisert at det er fjellstyret som står for utvisinga. Fjellstyret skal vurdere om utvising av tilleggsjord kan vere til vesentleg skade eller ulempe for andre bruksrettshavarar eller for samisk reindrifta, jf. § 1-4. Omsynet til andre bruksrettshavarar og samisk reindrift kan innebere at ein ikkje bør utvise tilleggsjord i ein større eller mindre del av allmenningen. Fjellstyret skal i denne vurderinga legge særleg vekt på omsynet til eksisterande bruk i området.

Det går fram av tredje ledd at den som har fått utvist tilleggsjord ikkje kan leige denne ut. Gardbrukaren kan få utvist ny tilleggsjord dersom drifta på garden på nytt gir behov for tilleggsjord. Tilleggsjord bruksrettshavar ikkje lenger har behov for, og som går tilbake til allmenningen, blir dermed tilgjengeleg for andre bruksrettshavarar. Dersom heile garden blir leigd ut, følger tilleggsjorda med.

Etter fjerde ledd fell utvisinga av tilleggsjord bort dersom ikkje arealet er teke i bruk innan fem år. Denne regelen fører vidare fjellova § 19 andre ledd. Det er fjellstyret som tek avgjerd om at retten til tilleggsjorda har opphøyrt.

Eit mindretal i utvalet, Borgnes, Broch Hauge og Velure, foreslår ein annan regel i tredje ledd. Dette mindretalet meiner at den som har fått utvist tilleggsjord må kunne leige denne ut med samtykke frå fjellstyret.

Eit anna mindretal i utvalet, Utgård, Jåma, Omma og Smistad legg til grunn at tilleggsjord ikkje er ein bruksrett, men ei grunndisponering lagt til fjellstyret, og foreslår derfor ein alternativ § 4-4. Paragrafen vidarefører gjeldande fjellov der fjellstyret etter søknad kan utvise tilleggsjord til jordbrukar med beiterett som kan dokumentere behov for det. Fjellstyret må i avgjerda ta omsyn til at ei utvising av tilleggsjord vil innebere ei svært langvarig binding av bruken av eit areal. I ein slik situasjon har ikkje berre omsynet til andre jordbrukarar og reindrifta vekt, men også omsynet til jaktinteresser, friluftsliv og naturopplevingar samla. Fjellstyret må også kunne seie nei til nye utvisingar av tilleggsjord av omsyn til den samla bruken av allmenningen, sjølv om nye søkarar har like god grunn som tidlegare søkarar. Mindretalet foreslår elles dei same reglane som fleirtalet når det gjeld bortfall av utvising når tilleggsjorda ikkje blir teken i bruk i tråd med utvisinga. Mindretalet har også lagt til grunn at tilleggsjord ikkje kan leigast ut. Systemet i allmenningsretten er at utnyttingsmåtar som ein ikkje har bruk for, går tilbake til allmenningen som kan vurdere bruken på ny.

For ordens skyld viser mindretalet til at det er fjellstyret som er gitt kompetansen til utvising, og at fjellstyret etter lovforslaget no ikkje vil ha heimel for å krevje vederlag ut over eit gebyr for behandling for søknaden, jf. § 10-5.

Til § § 4-5 Opphøyr av rett til tilleggsjord

Spørsmålet om opphøyr av rett til tilleggsjord er omtala i kapittel 13.2.5.4. Opphøyr av rett til tilleggsjord er i dag regulert i fjellova § 22 tredje ledd.

Retten til utvist tilleggsjord fell etter lovforslaget bort dersom arealet ikkje har vore i bruk dei siste ti åra. Dette følger av første ledd første punktum. Etter første ledd andre punktum kan fjellstyret i slike tilfelle utvise tilleggsjorda til ein annan bruksrettshavar med behov for tilleggsjord. Er ikkje dette aktuelt fell tilleggsjorda tilbake til allmenningen, sjå første leddtredje punktum. Fjellstyret kan etter første ledd fjerde punktum pålegge bruksrettshavaren å fjerne eventuelle gjerde. Varsel skal etter første ledd femte punktum sendast skriftleg og med tre vekers varsel. Reglane er her dei same som for inngjerda beiteareal. Blir ikkje gjerdet fjerna innan den fristen fjellstyret har sett, skal fjellstyret fjerne gjerdet for bruksrettshavaren si rekning. Dette følger av andre ledd. Om beitebrukaren ikkje gjer opp for seg må fjellkassa dekke kostnaden. Det same gjeld om fjerning må skje etter pålegg til grunneigar frå offentlege myndigheiter.

I saker der tilleggsjord blir gitt til ny brukar, bør fjellstyret vurdere om den nye brukaren skal kompensere for investeringar gjorde av den tidlegare brukaren.

Til § 4-6 Rett til seter

Retten til seter i statsallmenning er omtala i kapittel 13.1.9 og utvalet sine synsmåtar og forslag i kapittel 13.2.6. Seterretten er i dag regulert i fjellova § 18 og i seterforskrifta.

Første ledd første punktum fastset hovudregelen om rett til seter. Rettsleg sett er seterretten ein hjelperett til beiteretten, jf. formuleringa i lova. Det er eit vilkår for å få utvist seter at eigedommen har behov for seter i samband med jordbruksdrifta. Behovet for seter må godtgjerast med driftsplan. Det er fjellstyret som tek avgjerd om utvising av seter. Fjellstyret skal legge vekt på om den planlagde drifta på setra er vurdert som tenleg og levedyktig av lokal landbruksmyndigheit. Fjellstyret kan utvise seter etter lokale tradisjonar i landbruket, mellom anna til mjølkeproduksjon og husdyrhald, men også for ei driftsform som tek sikte på ein kombinasjon av tradisjonell seterdrift og småskala turistverksemd. Fjellstyret skal legge vekt på om driftsplanen inneber hald av dyr på setra om sommaren, der det er behov for tilsyn. Det skal ikkje utvisast seter dersom utvising av gjetarbu og inngjerda areal dekker behovet. Fjellstyret skal ved vurdering av søknaden også ta omsyn til lokale tradisjonar for næring, landskapsbruk, byggeskikk og omsyn til eksisterande natur- og kulturmiljø.

I gjeldande fjellov § 18 er det sagt at det «kan» utvisast seter. I bygdeallmenningslova § 6-4 er nytta uttrykksmåten «rett til». Dette må forståast slik at ein brukar med beiterett som fyller dei vilkåra for å få utvist setervoll for seter, har eit krav på dette. Det må såleis vere jordbruksomsyn som gir rett til seterbruk. Ved utvisinga må fjellstyret ta stilling særleg til om regelen i lovforslaget § 1-4 er til hinder for utvisning. Fjellstyret må også ta omsyn til om beitebruken tilseier plassering som omsøkt, og også om beitebruken i det heile gir høve til å vise ut ytterlegare ei seter.

Første ledd andre punktum gir fjellstyret heimel til å setje nødvendige vilkår for utvisinga.

Fjellstyret kan fastsetje nærare reglar om standard, størrelse og utforming av seterbygningar i bruksreglane, sjå lovforslaget § 4-24.

Andre ledd fører vidare moglegheita for å søke om seter åleine (enkeltseter) eller saman med andre beiterettshavarar (fellesseter).

Tredje ledd fører vidare kravet i fjellova § 18 femte ledd om at setra må takast i bruk i samsvar med opplysningane gitt i søknaden eller samsvar med vilkår som er sette for utvisinga innan fem år frå vedtaket er fatta. Er ikkje setra teken i bruk innan denne fristen, viser det at garden likevel ikkje har behov for seter. I slike tilfelle bør den utviste setervollen gå tilbake til allmenningen.

Etter fjerde ledd må ei utvist seter drivast i samsvar med utvisinga i minst ti år. Blir dette ikkje gjort, fell retten til setra bort. Etter denne tiårsperioden gjeld tredje ledd i paragrafen her på vanleg måte. Regelen er ny, og behovet for han er drøfta i kapittel 13.2.6.3.

Eit mindretal i utvalet, Borgnes, Helmen, Østerås og Velure, meiner at tiårsregelen i fjerde ledd i fleirtalet sitt forslag ikkje er nødvendig, og at dette leddet må gå ut.

Eit anna mindretal, Utgård, Jåma, Omma og Smistad, foreslår ei anna formulering av første ledd. Mindretalet meiner regelen bør formulerast slik at eigedom med beiterett som har behov for seter i samband med jordbruksdrifta, kan få utvist setervoll av fjellstyret til seterhus og kve. Fjellstyret kan setje vilkår for utvisinga. Mindretalet viser til at gjeldande fjellov ikkje gir fjellstyret plikt til å utvise seter og at den nye lova ikkje bør formulerast slik at det kan sjå ut som om fjellstyret har plikt til dette. Meininga er såleis å vidareføre ordninga etter gjeldande fjellov. Det å utvise seter er noko fjellstyret kan gjere når vilkåra for det er oppfylte. Mindretalet meiner det også bør skiljast mellom setervoll og seterhus.

Til § 4-7 Seter i bruk

Krava til at setra skal vere i bruk er drøfta i kapittel 13.2.6.4.

Noverande reglar om når ei seter skal reknast for vere i bruk går fram av seterforskrifta § 9. Reglane blir foreslått lovfesta i første ledd første punktum, som seier at setra skal reknast for å vere i bruk så lenge setervollen blir hausta eller gjerda inn og nytta til beite. Er det ikkje lenger husdyrhald på setra eller på garden, kan seterbrukaren halde setra i drift ved å hauste setervollen. Fôret kan då seljast. Reglane er meint å medverke til at kulturlandskapet blir vareteke, og at bygningsmassen på setrene blir halden ved like.

Første ledd andre punktum opnar for at setra kan reknast for å vere i bruk også om den blir nytta til anna næring basert på driftsgrunnlaget på garden.

Etter andre ledd første punktum kan seterbrukaren, på seter som er i bruk, med løyve frå fjellstyret setje opp, utvide og endre hus og endre arealet for inngjerding for ei rasjonell utnytting av setra i jordbruksdrifta. Dette er ei vidareføring av reglane i seterforskrifta § 10. Etter tredje ledd kan seterbrukaren som ledd i gardstilknytt næring med samtykke frå fjellstyret leige ut seterhus i opp til ti år om gongen.

Til § 4-8 Opphøyr av rett til seter

Spørsmålet om plikt til drive ei utvist seter og konsekvensane av at ei seter ikkje er i bruk er omtala i kapittel 13.1.9.3, og utvalet sine synsmåtar og forslag i kapittel 13.2.6.

I første ledd blir regelen i fjellova § 22 første ledd vidareført, der rett til den etablerte setra fell bort dersom setra ikkje har vore i drift i ein periode på 20 år. Dersom setervollen ikkje i det minste blir hausta eller nytta som beite på 20 år, tyder det på at eigedommen ikkje lenger har behov for setra. Perioden på 20 år er sett for at korte avbrot i drifta i samband med generasjonsskifte, omlegging av drifta eller sjukdom ikkje skal føre til at retten til setra fell bort. Det er fjellstyret som tek avgjerd om at retten til setra har falt bort, og fjellstyret kan då vise ut setra til ein annan eigedom i drift som treng seter.

Etter andre ledd fell retten også bort når seterbrukaren seier frå seg retten til ei utvist seter, eller overfører setra til ein annan bruksrettshavar med rett til seter. For å gjere ei slik overføring må seterbrukaren få løyve frå fjellstyret.

Etter tredje ledd skal fjellstyret fatte vedtak om at retten til utvist seter har falle bort når vilkåra etter første og andre ledd ligg føre.

Til § 4-9 Ny utvising av etablert seter

Når rett til utvist seter har opphøyrt etter § 4-8, kan fjellstyret vise ut setervollen til eigedom med allmenningsrett som har behov for seter i drifta. Det er ikkje til hinder for slik utvising at den som får setra utvist har seter frå før. Dette følger av første punktum i paragrafen. Men det er sjølvsagt eit vilkår at vedkomande har behov for ei ny seter for drifta på eigedommen sin. Fjellstyret skal etter andre punktum gjere vedtak om at den førre seterbrukaren skal fjerne husa på setra om han ikkje innan ei viss tid fører dei over til den nye brukaren. Dersom seterbrukaren ikkje fjernar husa kan fjellstyret med heimel i tredje punktum fjerne dei for beitebrukaren si rekning. Reglane er ikkje meint å vere til hinder for at det på ei seter blir gitt løyve til å ha seterhusa ståande etter § 4-10, samstundes som ein ny seterbrukar får utvist setervollen for etablering av ei ny seter, dersom fjellstyret meiner at dette er ei god løysing.

Til § 4-10 Seter som ikkje lenger er i bruk der brukaren har allmenningsretten i behald

Spørsmålet om konsekvensane av at ei seter ikkje er i bruk er omtala i kapittel 13.1.9.3, og utvalet sine synsmåtar og forslag i kapittel 13.2.6. Denne paragrafen regulerer situasjonen der eigedommen framleis har allmenningsrett.

Det følger av første ledd første punktum at dersom setra ikkje blir vist ut til andre bruksrettshavarar kan den tidlegare seterbrukaren søke om å få ha seterhusa ståande.

Fjellstyret kan etter første ledd andre punktum gi løyve til å ha seterhusa med nødvendig tomt ståande vederlagsfritt i opp til ti år om gongen. Reglane er ei vidareføring av seterforskrifta § 13, men endrar på kven som har ansvaret for å gi slikt løyve. I første ledd tredje punktum er det sett som vilkår at seterbrukaren må vedlikehalde setra. Andre saklege og relevante vilkår kan også setjast i løyvet.

Andre ledd legg til fjellstyret å rå over setervollen dersom det ikkje er aktuelt å vise ut setra til nokon bruksrettshavar eller det ikkje er aktuelt å gi løyve etter første ledd.

Dersom det ikkje er aktuelt å vise ut setra, gi løyve til den tidlegare seterbrukaren eller at fjellstyret rår over setra, kan fjellstyret pålegge den tidlegare seterbrukaren å fjerne seterhusa. Dersom seterbrukaren ikkje fjernar husa kan fjellstyret fjerne husa for seterbrukaren si rekning. Dette går fram av tredje ledd. Om beitebrukaren ikkje gjer opp for seg må fjellkassa dekke kostnaden.

Fjellstyret kan etter fjerde ledd leige ut seterhus der seterretten har falle bort og der fjellstyret har hand om seterhusa, for opp til ti år utan rett til fornying til formål som kjem allmenta til gode.

Til § 4-11 Seter til eigedom der allmenningsretten har falle bort

Spørsmålet om kva som skal skje med setrer når allmenningsretten fell bort er omtala i kapittel 13.1.9.3 og utvalet sine synsmåtar og forslag i kapittel 13.2.6.

Når ein eigedom mister allmenningsretten, fell også retten til ei utvist seter bort. Etter første ledd skal fjellstyret då fatte vedtak om at retten til seter knytt til denne eigedommen også har falt bort.

§§ 4-9 og 4-10 skal etter andre ledd gjelde tilsvarande i slike tilfelle, slik at fjellstyret kan vise setra ut til ein bruksrettshavar som treng seter, eller fjellstyret kan overta og rå over setra, gi løyve til å ha setra i ti år vederlagsfritt, eller fjellstyret kan pålegge den tidlegare bruksrettshavaren å fjerne seterhusa. Forslaget er ei endring frå gjeldande lov, der ein seterbrukar som har mista allmenningsretten kan søke om feste av tomt til seterhusa. Med forslaget frå fleirtalet vil ein i staden behalde setra i allmenningen, og det vil ikkje vere mogleg for den som har fått vederlagsfritt løyve å selje seterhuset.

Eit mindretal i utvalet, Utgård, Smistad og Velure, vil føre vidare gjeldande ordning for seter der allmenningsretten har falle bort, og foreslår ei anna formulering av § 4-11 andre ledd. I forslaget frå mindretalet er det §§ 4-9 og 4-10 andre og tredje ledd som skal gjelde tilsvarande, ikkje heile § 4-10. Etter dette alternativet kan ikkje fjellstyret gi løyve til å setra ståande vederlagsfritt i ti år. Mindretalet foreslår i staden at den tidlegare seterbrukaren kan søke Statskog SF om tomt til å ha husa ståande. I tilfelle Statskog SF får delt frå tomt og finn at tomta kan overdragast, står føretaket fritt til om tomta skal festast bort eller seljast til den tidlegare seterbrukaren.

Til § 4-12 Rett til utbygging av mindre kraftverk

Paragrafen er ny, og er basert på fleirtalet sin forståing av utviklinga av tida og tilhøva, som er gitt uttrykk for i kapittel 7.2. Med dette forslaget blir det klarlagt at det høyrer til bruksretten å bygge ut dei små kraftverka. Retten til vassfall som ein bruksrett er også drøfta i kapittel 13.2.8.

Etter første ledd første punktum i paragrafen har eigedom med jordbrukstilknytt bruksrett rett til å bygge ut mindre kraftverk i allmenningen, enten åleine eller saman med andre bruksrettshavarar, til eige forbruk. Det er ikkje meininga at dei små kraftverka seinare kan seljast ut. Dei same vilkåra som gjeld for dei andre jordbrukstilknytte bruksrettane, m.a. prinsippet om husbehov, skal gjelde også her. Har ein ikkje behov for ressursen fell den tilbake til allmenningen.

Lova gir her uttrykk for eit særleg rettshøve jf. vassressurslova § 13, og det følger av lova her at det er fjellstyret, og ikkje grunneigar, som kan rå over denne ressursen.

Etter første ledd andre punktum kan det fastsetjast i bruksreglane at berre fjellstyret skal kunne disponere fallrettane, eller at fallrettar for bygging av kraftverk over ein viss størrelse ligg til fjellstyret. Det følger av § 4-24 at det i bruksreglane skal givast nærare reglar for bygging av små kraftverk. I bruksreglane kan det også vedtakast at ein i heile eller delar av allmenningen ikkje ønsker å disponere fallrettane til utbygging av kraftverk. Det kan til dømes vere fordi fjellstyret er kjent med at det alt skjer anna utnytting av allmenningen i området som gjer ein slik kombinasjon vanskeleg.

Med mindre kraftverk er i denne paragrafen meint anlegg som fell under konsesjonsgrensa i vannfallsrettighetsloven § 2 første ledd, sjå første ledd tredje punktum. Etter andre ledd kan fjellstyret setje vilkår for eit løyve.

Eit mindretal i utvalet, Utgård, Hjelle og Parmann, foreslår ei anna formulering av paragrafen. Desse medlemmane sluttar seg til at retten til å bygge ut elektrisk kraft er ei utvikling av bruken av vatn som kraftkjelde, heimla ved bruk i alders tid. Om forholda på ei seter, i ei setergrend eller på eit gardsbruk tilseier at utbygging kan skje, bør likevel overlatast til fjellstyret, jf. særleg § 1-4. Desse medlemmane meiner derfor regelen bør bli formulert slik at eigedom med jordbrukstilknytt bruksrett kan få løyve til å få bygge ut mindre kraftverk i allmenningen åleine eller saman med andre bruksrettshavarar til eige forbruk. Etter desse medlemmane sitt syn skal det med mindre kraftverk i lova bli meint kraftverk som er laga for å forsyne den eller dei aktuelle setrene eller gardsbruk som ligg i allmenningen med elektrisk straum. Også desse medlemmane meiner at fjellstyret kan setje vilkår for eit løyve.

Eit anna mindretal i utvalet, Jåma, Omma og Smistad, meiner utnytting vassfall til mindre kraftverk ikkje er ein del av allmenningsretten, men ein bruksform som er ny og vesensforskjellig frå tidlegare bruk, sjå drøftinga i kapittel 13.2.8. Mindretalet foreslår derfor at § 4-12 går ut.

Til § 4-13 Virkesrett

Paragrafen avløyser § 2-2 i statsallmenningslova. Paragrafen slår fast at eigedom med virkesrett i statsallmenningen har rett til trevirke til å dekke det behovet eigedommen har i jordbruksdrifta. Trevirke kan vere til dømes tømmer, ved, bioenergivirke og flis til bruk på garden. Regelen gir uttrykk for det same prinsippet som den generelle regelen om innhaldet i bruksretten i lovforslaget § 2-2 (husbehovsprinsippet). Det er eigedommen sitt behov for virke som avgrensar retten. Det har ikkje noko å seie om eigedommen har eigne ressursar som kan dekke behova for virke (eller andre ytingar). Eigaren kan likevel krevje virke frå allmenningen. Om eigaren har eigedommar utanfor allmenningsbygda eller delar av eigedommen ligg utanfor allmenningsbygda, kan han ikkje nytte bruksrettsvirke til desse, jf. § 2-2. I bruksreglane for allmenningen kan fjellstyret gi nærare retningslinjer for tildelinga av virke, fristar for utøvinga av virkesretten m.m.

Til § 4-14 Driftsform

Spørsmålet om driftsform ved utøving av virkesretten i statsallmenningane er drøfta i kapittel 13.2.7.1. Paragrafen avløyser §§ 2-7 og 2-9 i statsallmenningslova. Etter første ledd har eigedom med virkesrett rett til å hogge og drive ut virke etter utvising (enkeltpersondrift, jf. § 4-15). Dette tek vare på interessene til dei som måtte ønske å bruke eiga arbeidskraft og eige utstyr til å utøve virkesretten.

Etter andre ledd første og andre punktum skal driftsforma kunne regulerast i bruksreglane for allmenningen, slik at det kan fastsetjast der om allmenningen skal ha enkelpersondrift eller fellesdrift. Slik kan ein tilpasse driftsform etter kva for virke som skal drivast ut, lokale forhold og kva som er rasjonelt og ønskeleg frå bruksrettshavarane si side.

Dei ulike driftsformene er regulerte i §§ 4-15 og 4-16. Etter andre ledd tredje punktum skal Statskog SF ha høve til å uttale seg om valet av driftsform før det blir teke avgjerd om det.

Eit mindretal i utvalet, Utgård, Jåma, Omma og Smistad foreslår ein annan ordlyd i § 4-14. Mindretalet foreslår at driftsforma som hovudregel skal vere fellesdrift, jf. § 4-16. Dette går fram av første ledd første punktum. Etter første ledd andre punktum skal virkesrettshavarane ha rett til å kjøpe det virket dei har behov for med eit prisavslag som svarer til rotverdien (virkesrabatt) eller få eit tilskot til virke som svarer til verdien av virket dei har krav på (virkestilskot). Det følger av andre ledd at eigedom med virkesrett skal ha rett til å hogge og drive ut virke etter utvising (enkeltpersondrift)

Til § 4-15 Enkeltpersondrift

Paragrafen svarer til § 2-7 i statsallmenningslova. Første ledd seier at hogst berre kan skje etter tildeling frå fjellstyret og utvising frå skogforvaltaren etter § 7-1, som etter fleirtalsforslaget er fjellstyret i statsallmenningar med virkesrett.

Etter andre ledd første punktum fell utvisinga bort eitt år etter at den vart gjort kjent for virkesrettshavaren, men det er opning for å forlenge denne fristen dersom driftsforholda eller andre særlege grunnar tilseier det. Særlege grunnar kan vere personlege tilhøve som har hindra bruksrettshavaren i å nytte utvisinga. Fristen kan berre forlengast til to år. Etter utløpet av fristen kan det utviste virket ikkje hoggast utan at ny utvising er gitt. Dette følger av andre ledd andre punktum. Felt virke som er i allmenningen eller på opplagsplass som blir disponert av allmenningen, og som virkesrettshavaren ikkje har fjerna innan ein gitt frist, kan fjellstyret​ rå over. Virkesrettshavaren kan ikkje som følge av dette krevje betaling for hogst og framdrift, og heller ikkje refusjon av betalte avgifter. Dette går fram av andre ledd tredje og fjerde punktum.

Til § 4-16 Fellesdrift

Paragrafen svarer til § 2-9 i statsallmenningslova. Etter første ledd har virkesrettshavarane ved fellesdrift rett til å få kjøpe det virket dei har behov for med eit prisavslag som svarer til rotverdien (virkesrabatt), eller få eit tilskot til kjøpe av virke som svarer til verdien av det virket dei har krav på (virkestilskot), eller tilskot til bruk av tresparande materialar.

Dersom eit utbetalt virkestilskot ikkje er nytta innan to år, kan fjellstyret krevje at virkesrettshavaren betaler tilskotet tilbake. Dette går fram av andre ledd.

Etter tredje ledd skal den som er skogforvaltar etter § 7-1 ha dekt kostnadene ved drifta. Etter fleirtalsforslaget er fjellstyret skogforvaltar i statsallmenningar med virkesrett.

Til § 4-17 Skogfond og avgifter

Paragrafen erstattar statsallmenningslova § 2-8. Etter første ledd første punktum har virkesrettshavaren plikt til å betale inn til skogfondet til allmenningen. Prosenten som skal setjast av til skogfond og fristen for innbetaling skal gå fram av utvisinga, jf. første ledd andre punktum. Etter andre ledd skal skogforvaltaren sette av middel til skogfond når det er gjennomført drift etter § 4-16 (fellesdrift for utøving av virkesretten) og salsdrifter. Fjellstyret kan etter tredje ledd også krevje at virkesrettshavaren skal betale andre avgifter som er fastsette i bruksreglane for allmenningen, jf. § 4-24.

Eit mindretal i utvalet, Utgård, Jåma, og Smistad, foreslår ei anna formulering av § 4-17. Mindretalet foreslår at reglane i gjeldande lov blir vidareførte for det alternativet til reglar om skogsdrifta som mindretalet fremjar.

Til § 4-18 Bruk av motteke virke og tilskot

Etter første ledd skal virke som er motteke handterast forsvarleg og det skal nyttast innan rimeleg tid. Virkesrettshavarane skal nytte virke og andre ytingar frå allmenningen til det formålet som er grunnlaget for tildelinga. Sal og eit kvart anna tiltak eller bruk til andre formål utan etter samtykke frå fjellstyret er forbode. Dette går fram av andre ledd første og andre punktum. Paragrafen fører vidare føresegnene i statsallmenningslova § 2-10, med unntak av føresegna om sal av bygningar der det er nytta virkesrett. Fjellstyret må vurdere kva som er «rimeleg tid» etter utvisinga. Ved brot på reglane om behandling av virket kan fjellstyret gjere om tildelinga og krevje virket eller tilskotet tilbake. Virkesrettshavaren kan også få pålegg om å erstatte verditap på virke som blir levert tilbake, eller bli nekta ny tildeling, sjå § 4-22. Fjellstyret kan fastsetje nærare reglar om virkesretten i bruksreglane, jf. § 4-24.

Til § 4-19 Kårbygningar

Paragrafen fører vidare statsallmenningslova § 2-14. I vurderinga av om det er behov for kårbygning på garden, skal fjellstyret legge vekt på vurderinga til kommunen. Kommunen vil normalt ha behandla ei sak om bygging av kårbygning etter plan- og bygningslova og eventuelt jordlova. Søknad om virke til kårbygning bør behandlast i fjellstyret når det er klart at kommunen har gitt løyve til oppføring. Størrelse og standard for kårbygning som skal dekkast av virkesretten, kan fastsetjast i bruksreglane for allmenningen.

Til § 4-20 Driftsbygningar for utvida produksjon

Paragrafen fører vidare statsallmenningslova § 2-15. Når det gjeld fôrgrunnlaget på eigedommen, viser utvalet til merknadene til § 4-1 om rett til beite.

Til § 4-21 Tilhøvet til forsikring

Første ledd i paragrafen svarer til første ledd i statsallmenningslova § 2-12. Virkesrettshavar kan etter lovforslaget ikkje nytte virkesretten til å føre opp på nytt eller utbetre skadde bygningar som har vore fullverdiforsikra. For bygningar som har vore forsikra etter ein lågare verdi, gjeld det same for den del av oppattføringa eller utbetringa som blir dekt av forsikringssummen. I bruksreglar for allmenningen kan det fastsetjast nærare retningslinjer for bruk av virkesretten ved oppattføring og utbetring av bygningar som har vore skadd og som er forsikra. Dette går fram av andre ledd. Slike reglar kan enten innskrenke eller utvide virkesretten. Er det ikkje fastsett bruksreglar om dette, gjeld hovudregelen i § 4-21. Hovudregelen i lovforslaget er ikkje til hinder for at virkesrettshavar kan kjøpe eller drive ut virke til gjenoppføring eller utbetring mot betaling av full pris.

Til § 4-22 Misbruk av virkesretten

Paragrafen fører vidare statsallmenningslova § 2-11 første og andre ledd. Dersom nokon bryt reglane om utvising og bruk av virke eller virkesrettstilskot, kan fjellstyret gjere om tildelinga og krevje virket eller tilskotet tilbake. Dette går fram av første ledd første punktum. Virkesrettshavaren kan også etter første ledd andre punktum bli pålagt å erstatte verditap på virke som blir levert tilbake, om verditapet kjem av brot på føresegna om bruk og behandling av virket i § 4-18.

Dersom virkesrettshavaren har handla sterkt kritikkverdig, til dømes ved å selje motteke virke, kan fjellstyret også nekte vedkomande ny tildeling for eit tidsrom på opp til fem år. Dette går fram av andre ledd. Andre døme på sterkt kritikkverdige forhold kan vere å bruke motteke virke utanfor allmenningsbygda eller å produsere bygningar med motteke virke for så å selje dei.

Til § 4-23 Fordeling av inntekter vunne på kostnad av virkesretten

Paragrafen vidarefører § 4-4 i den gjeldande statsallmenningslova om fordeling av inntekter etter fjellova. Paragrafen gjeld fordeling av dei inntektene fjellkassa har, og som ein må sjå på som vunne på kostnad av virkesretten. Den delen av desse inntektene som svarer til tapte skoginntekter skal overførast til allmenningsfondet i vedkomande allmenning. Dette går fram av første punktum.

For statsallmenningar som er forvalta etter bygdeallmenningslova når det gjeld skog og virkesrett, er det bestemt i andre punktum at allmenningsstyret kan krevje å få disponere den delen av inntektene som svarer til tapte skoginntekter.

Til § 4-24 Bruksreglar for allmenningen

Spørsmålet om bruksreglar for statsallmenningane er omtala i kapittel 13.2.9.

Paragrafen vidarefører føresegnene i statsallmenningslova § 2-17 om bruksreglar og fjellova § 14 om vedtekter. Det følger av første ledd at det skal utarbeidast bruksreglar for utøvinga av dei jordbrukstilknytte bruksrettane i allmenningen. Jakt og fiske skal ikkje regulerast i bruksreglane. Bruksreglane kan vere felles for fleire allmenningar fjellstyret har ansvaret for, eller dei kan vere for den enkelte allmenningen.

Bruksreglane må ikkje stride mot lova. Bruksreglane er bindande og dei skal leggast til grunn for forvaltninga av bruksrettane i vedkomande allmenning eller allmenningar.

Det går fram av andre ledd kva for spørsmål som skal vere regulerte i bruksreglane.

Etter bokstav a skal valordning for representantar for eigedommar med jordbrukstilknytt bruksrett fastsetjast i bruksreglane, jf. § 2-10.

Etter bokstav b skal det setjast nærare reglar for beitebruken i allmenningen, jf. §§ 4-1 og 4-2. Dette kan vere avgrensingar av tida beite blir brukt og på kva måte.

Etter bokstav c skal det setjast nærare reglar for gjetarbu, jf. § 4-3. Etter bokstav d skal det setjast nærare reglar om tilleggsjord, jf. § 4-4 og 4-5. Det kan til dømes vere kva for område i allmenningen som er eigna til utvising av tilleggsjord, og om det er område som er eigna for kulturbeite eller for oppdyrking. Etter bokstav e skal det fastsetjast nærare reglar for seter, jf. §§ 4-6 til 4-11. Dette kan omfatte størrelse og standard på bygningar. Etter bokstav f skal bruksreglane regulere bygging av små kraftverk, jf. § 4-12. Her må bruksreglane regulere grensa mellom kva kraftverk som kan byggast av bruksrettshavarane sjølve, og kva kraftverk som åleine fjellstyret kan stå ansvarleg for utbygging av. Etter bokstav g skal bruksreglane regulere driftsform for utøving av virkesretten, jf. § 4-14. Etter bokstav h skal det setjast fristar for utøving av virkesretten, og om kva søknader om ytingar må innehalde, jf. §§ 4-15 og 4-16. Etter bokstav i skal bruksreglane gi retningslinjer for tildeling av virke, eventuelt om virkesrabatt og om tilskot til materialar som erstattar uttak av trevirke, jf. §§ 4-15 og 4-16.

Etter bokstav j skal fjellstyret ta stilling til om det skal krevjast inn avgifter etter § 4-17 tredje ledd. Slike avgifter kan berre krevjast inn dersom det går klart fram av bruksreglane.

Etter bokstav k skal det lagast reglar for størrelse og standard for kårbygning når materialane skal dekkast av virkesretten, jf. § 4-19. Etter bokstav l skal det lagast retningslinjer for bruk av virkesrett til gjenoppføring og utbetring av bygningar som har vore skadd og som er forsikra, jf. § 4-21. Etter bokstav m skal bruksreglane ha føresegner om kontroll med bruken av ytingane til bruksrettshavarane, jf. § 4-22.

Innhaldet i bruksreglane må tilpassast den enkelte allmenning. Utover det som følger av lova kan fjellstyret ha reglar om anna utøving av bruksrettane som er relevante for den enkelte allmenning. Dette går fram av tredje ledd.

Mindretalet, Jåma, Omma og Smistad foreslår i tråd med sitt synspunkt om at § 4-12 går ut, at bokstav f går ut i denne paragrafen.

Til § 4-25 Utarbeiding og vedtak om bruksreglar

Årsmøtet skal foreslå bruksreglar for fjellstyret. Fjellstyret har ansvaret for å legge dei ut til høyring. Høyringsfristen skal vere minst seks veker. Dette går fram av første ledd første og andre punktum. Etter andre ledd er det fjellstyret som vedtek bruksreglane. Etter tredje ledd skal fellesorganisasjonen for fjellstyra gå gjennom bruksreglane og prøve om dei er i strid med lova.

Eit mindretal i utvalet, Østerås, fremjar forslag om ein annan ordlyd i § 4-25. Når bruksreglane skal gjelde dei jordbrukstilknytte bruksrettane, legg mindretalet til grunn at årsmøtet for bruksrettshavarane må ha ei viktig rolle i utarbeidinga av bruksreglar. Etter mindretalet sitt forslag skal fjellstyret derfor lage utkast til bruksreglar og legge dei ut til høyring. Utkastet skal deretter leggast fram for årsmøtet, saman med dei uttalane som har kome inn i høyringa. Det leggast til årsmøtet å fastsetje dei endelege bruksreglane. Årsmøtet kan likevel bestemme at fjellstyret vedtek bruksreglane. På same måte som i fleirtalsforslaget blir det lagt til fellesorganisasjonen for fjellstyra å prøve om bruksreglane er i strid med lova eller ikkje.

Til § 4-26 Kunngjering og ikrafttreding av bruksreglar

Paragrafen avløyser statsallmenningslova § 2-20. Fjellstyret skal kunngjere endelege bruksreglar. Bruksreglane trer i kraft fire veker etter at dei er kunngjorde. Eigna måte for kunngjering kan t.d. vere utlegging på fjellstyret si nettside. Bruksreglane bør også vere tilgjengelege for alle hos fjellstyret.

Kapittel 5 Jakt, fangst, felling og fiske

Til § 5-1 Definisjonar

Første ledd definerer kven som er rekna som innanbygdsbuande. Paragrafen vidarefører gjeldande rett og endrar ikkje kretsen av kven som høyrer til denne gruppa. Forskjellen frå gjeldande fjellov er at kravet om busetjing det siste året ikkje er vidareført. Som gjeldande fjellov set paragrafen eit skilje mellom to kategoriar av innanbygdsbuande. Den eine kategorien er «personar som er fast busette i område der allmenningen ligg», etter første alternativ. Dette er knytt til tidlegare kommunegrenser, men grensene varierer for dei ulike typane jakt, fangst og fiske, jf. lovforslaget § 5-2. For småviltjakt unnateke bever, fangst av småvilt, villreinjakt og fiske er grensene for «området der allmenningen ligg» kommunegrensene slik dei var i 1956. For jakt på bever og storvilt unnateke villrein er grensene gjeldande kommunegrenser, fastsette til kommunegrensene per 28. oktober 2015. Den andre kategorien av innanbygdsbuande er personar som er fast busette «i bygd eller grend der innbyggarane frå gammal tid har utøvd allmenningsbruk i allmenningen», etter andre alternativ. Dette er bygd og grend som ligg utanfor dei kommunegrensene som er nemnt ovanfor, men som frå gammalt av har utøvd allmenningsrett i allmenningen. For denne kategorien er altså ikkje kommunegrensene relevante for statusen som innanbygdsbuande.

Andre ledd lovfestar definisjonen av kven som er rekna som utanbygdsbuande basert på gjeldande rett.

Til § 5-2 Grenser for kven som er rekna som fast busette i området der allmenningen ligg

Paragrafen er ei lovfesting av gjeldande rett om grensene for kven som er rekna som fast busette i området der allmenningen ligg. Paragrafen gjeld berre den første kategorien av innanbygdsbuande etter § 5-1 første ledd første alternativ.

Til § 5-3 Administrering av jakt- og fiskerett m.v.

Første ledd klargjer at fjellstyret administrerer jakt- og fiskerettane på vegner av alle med slik rett.

Etter andre ledd skal det ikkje vere mogleg å selje eller leige ut jakt- eller fiskerett vidare. Dette er likevel ikkje til hinder for at fjellstyra kan fordele nokre jakt- og/eller fiskekort til ei lokal reiselivsbedrift for at bedrifta kan selje jakt- og/eller fiskekort saman med utleige av hytter eller liknande. Det er heller ikkje til hinder for å selje jakt- og fiskekort via salskanalar som til dømes Inatur.

Til § 5-4 Pris på jaktkort

Første ledd er ei vidareføring av gjeldande rett i fjellova § 25 siste ledd.

Andre ledd er ei vidareføring av gjeldande rett i fjellova § 25 første ledd tredje og fjerde punktum.

Etter tredje ledd skal det vere lik pris for innanbygdsbuande og utanbygdsbuande for jakt på storvilt unnateke villrein. Dette er ei lovfesting av regelen i forskrift om jakt mv. i statsallmenning § 14 andre ledd.

Eit mindretal i utvalet, Utgård og Omma, har eit anna forslag til § 5-4, der det skal vere opp til fjellstyret å fastsetje pris på jaktkort. Etter andre ledd i forslaget frå mindretalet skal det ikkje vere noka avgrensing i kva type jakt fjellstyret kan setje ulik pris på for innan- og utanbygdsbuande. Pris fastsett av fjellstyret vil vere eit vedtak som kan klagast på til departementet.

Til § 5-5 Jakt- og fiskekort og rapportering

Første ledd første punktum er ei vidareføring av gjeldande rett. Nærare reglar om pris, jf. første ledd andre punktum, blir fastsette i forskrift som i dag.

Andre ledd er i hovudsak ei vidareføring av gjeldande rett. Presiseringa «eller tilsvarande dokumentasjon» er teke inn fordi omgrepa «jakt- og fiskekort» ikkje er dekkande for alle høve. Eit døme på eit slikt høve er der jegeren ikkje får eit jaktkort i tradisjonell forstand, men berre har ei kvittering som syner at han har løyve, til dømes ein faktura med kvitteringsoblat som syner at han har betalt. Også annan dokumentasjon kan vere aktuell.

Tredje ledd lovfestar regelen om at fjellstyret kan krevje at jegerar og fiskarar leverer rapport om jakt- og fiskeresultat m.v. som i dag berre står i forskrift om jakt m.v. i statsallmenning.

Regelen i fjerde ledd er ny i høve til gjeldande rett.

Femte ledd er, når det gjeld jakt, i stor grad ei vidareføring av gjeldande fjellov § 25 tredje ledd. Forskjellen er at terskelen for utestenging er lågare i lovforslaget ved at det ikkje lengre blir kravd rettskraftig dom eller vedteke førelegg, men berre brot mot reglar om jakt og fiske. Dette er ein «kan»-regel og inneber at fjellstyret må avgjere konkret i kvart enkelt høve om ein skal nekte jakt- og fiskekort, og kor lenge utestenginga skal vare. For brot på til dømes reglane til fjellstyret om jakt og fiske, eller ved manglande betaling, bør ein berre nekte jakt- og fiskekort for eitt år. For fiske er føresegna ny.

Til § 5-6 Vedtak om at allmenningen skal vere med i eit større jakt- eller fiskeområde og om utleige

For jakt:

Føresegna er ei vidareføring av gjeldande rett.

Første ledd slår fast at fjellstyret kan vedta at statsallmenningen eller ein del av den, skal vere med i eit større jaktområde, når dette er formålstenleg av omsyn til utøvinga av jakta eller fisket i allmenningen. Slik samanslåing av statsallmenningen, eller ein del av den, med andre areal, vil ofte kunne vere formålstenleg. Vilt nyttar ikkje sjeldan større område eller område på tvers av allmennings- og eigedomsgrenser. Det er ønskeleg å sjå heile dette området i samanheng når man fastset kvotar for jakt, for at kvotane skal bygge på eit best mogleg naturfagleg grunnlag. Eit vedtak om større jaktområde kan også gjere det lettare å forfølge vilt som flyttar seg frå statsallmenningen til område utanfor, under jakta.

Andre ledd slår fast at under same vilkår, altså når dette er formålstenleg av omsyn til utøvinga av jakta eller fisket i allmenningen, kan fjellstyret gjere vedtak om utleige av småviltjakta i allmenningen eller delar av denne til ein organisasjon som har fremje av jakt som formål. Det er ikkje uvanleg at lokale jeger- og fiskeforeiningar administrerer heile eller delar av jakta i eit område, og dette kan vere hensiktsmessig til dømes for å sjå større område i samanheng.

Det følger av tredje ledd at vedtak etter denne paragrafen ikkje skal føre til at rettshavarar blir stelt vesentleg dårlegare enn før med omsyn til å kunne oppnå høve til jakt. Med omgrepet «rettshavarar» i tredje ledd meiner ein dei som har rett til å oppnå høve til jakt etter § 5-8. Ikkje ein kvar endring som gjer retten ringare for rettshavarane er til hinder for slike vedtak, den må vere «vesentleg». Kva som skal bli rekna som «vesentleg» vil avhenge av ei konkret vurdering.

For fiske:

Føresegna er ei vidareføring av gjeldande rett. Vedtak om at allmenningen eller del av denne skal vere med i eit større fiskeområde etter første ledd kan vere formålstenleg for fisket i tilfelle der allmenningen eller ein del av denne til dømes grenser mot privat grunn.

Utleige av fiske i statsallmenning eller i del av statsallmenning etter andre ledd kan til dømes vere at fjellstyret inngår ein avtale med ei jeger- og fiskeforeining om at foreininga skal forvalte fisket i ei elv på vegner av fjellstyret. Det finst ei liknande føresegn i lakse- og innlandsfisklova § 23 første ledd siste punktum.

Det følger av tredje ledd at vedtak etter føresegna ikkje skal føre til at rettshavarar blir stelt vesentleg dårlegare enn før med omsyn til å kunne oppnå høve til fiske. Med omgrepet «rettshavarar» meiner ein dei som har rett til å oppnå høve til fiske med stong og handsnøre etter § 5-13. Ikkje ein kvar endring som gjer retten ringare for rettshavarane er til hinder for slike vedtak, den må vere «vesentleg». Kva som skal reknast som «vesentleg» vil avhenge av ei konkret vurdering.

Til § 5-7 Uttale frå kommunen

Første punktum er ei vidareføring av gjeldande rett i fjellova om at kommunane skal uttale seg før det blir gjort visse vedtak om jakt og fiske. Andre punktum er ei vidareføring av gjeldande rett i fjellova om at dersom det er usemje mellom fjellstyret og kommunen, må fjellstyrevedtaket bli lagt fram for departementet som tek avgjerd i saka.

Til § 5-8 Småviltjakt utan hund

Føresegna er ei vidareføring av gjeldande rett der personar som er fast busette i Noreg, både innan- og utanbygdsbuande, har lik rett til å oppnå høve til å drive småviltjakt utan hund. Kravet om at ein må ha vore busett det siste året er ikkje vidareført, men det skal framleis bli stilt krav til at ein er busett i kommunen. Fjellstyret skal legge til grunn kva for kommune søkaren er busett i per 1. november året før, som er tidspunktet som avgjer kva for kommune søkaren skattar til.

Jakt på bever blir forvalta som småviltjakt utan hund, jf. kapittel 15.2.3.2, men her gjeld dei same grensene for kven som er rekna som innanbygdsbuande som gjeld for storvilt unnateke villrein. Innanbygdsbuande og utanbygdsbuande skal ha lik rett.

Til § 5-9 Småviltjakt med hund og fangst av småvilt

Føresegna er ei vidareføring av gjeldande rett og slår fast at fjellstyret avgjer om det skal bli gitt løyve til småviltjakt med hund og fangst av småvilt, og at fjellstyret kan reservere slike løyve til dei som er innanbygdsbuande.

Til § 5-10 Reguleringar i småviltjakta

Første, andre og tredje ledd fører vidare gjeldande rett. Fjellstyret regulerer talet på jegerar gjennom sitt sal av jaktkort. Andre reguleringar kan skje på ulik måte, men når det gjeld kva for vilt ein kan jakte på og kor mykje den enkelte jeger kan felle, er det vanleg at dette går fram av jaktkortet. Det same gjeld reguleringar av tida, måten og området for jakta og fangsten. Reguleringar som fjellstyret gjer blir i utgangspunktet ikkje fastsette ved forskrift.

Med formuleringa «rimeleg balanse mellom innan- og utanbygdsbuande» i tredje ledd er det sikta til «60/40-regelen» basert på rettleiing frå Miljødirektoratet, dvs. at maksimalt 60 prosent av småviltjakta utan hund kan bli øyremerka dei innanbygdsbuande.

Fjerde ledd inneber at Kongen gir rammeverket for fjellstyret sine reguleringar av småviltjakta. I dette ligg også at Kongen kan avgjere at vedtaka i fjellstyret skal gjerast som forskrift eller som enkeltvedtak.

Til § 5-11 Villreinjakt

Formuleringa «i samsvar med tildelte kvotar» i første ledd siktar til fellingskvotane for villrein som blir fastsette årleg av dei statlege villreinnemndene.

Andre ledd er ei vidareføring av gjeldande rett, og fastslår at villreinjakt kan bli reservert for dei innanbygdsbuande.

Tredje ledd første punktum slår fast at fjellstyret kan dele tida for jakt på villrein inn i periodar. Fjellstyret kan til dømes dele jakta i to periodar der berre innanbygdsbuande blir gitt løyve til jakt i den første perioden, mens det i den andre perioden blir gitt løyve også til utanbygdsbuande. Jakttida vil gå fram av jaktkort eller tilsvarande dokumentasjon. Også etter gjeldande rett kan fjellstyret innskrenke tida for jakta. Etter andre punktum kan fjellstyret dele opp allmenningen i ulike jaktfelt og gi samtykke til lagsjakt. Ved å dele inn allmenningen i geografisk avgrensa jaktfelt og selje kort for dei ulike felta, kan ein fordele jakttrykk og jegerar på ein hensiktsmessig måte. Der fjellstyret tillèt lagsjakt er det ein jeger som skriv under på avtale/jegerkontrakt og som er ansvarleg for at jaktlaget berre feller så mange villrein som jaktlaget har rett til.

Fjerde ledd slår fast at fjellstyret kan inngå overgangsavtale med grunneigarar på anna areal eller med fjellstyret for ein annan statsallmenning for å oppnå ei betre forvaltning av jakta. Med «overgangsavtale» siktar ein her til ei privatrettsleg avtale som inkluderer areal som grensar til statsallmenningen i det området ein kan jakte i. Slike avtalar kan gjere det mogleg å fastsetje felleskvotar for bestandar av vilt som held til også utanfor statsallmenningen, og gjere det lettare å forfølge vilt som flyttar seg frå statsallmenningen til område utanfor, under jakta.

Femte ledd inneber at Kongen gir rammeverket for reguleringane fjellstyret kan gjere av villreinjakta. I dette ligg også at Kongen kan avgjere at vedtaka i fjellstyret skal skje som forskrift eller som enkeltvedtak.

Til § 5-12 Jakt på storvilt unnateke villrein

Omgrepet «storvilt unnateke villrein» i første ledd omfattar dei artane som er definerte som storvilt i forskrift om utøvelse av jakt, felling og fangst § 3, med unntak av villrein.

Andre ledd slår fast at fjellstyret kan dele opp allmenningen i ulike jaktfelt. Fjellstyret kan altså i si forvaltning av jakta dele allmenningen opp i mindre areal og knytte det enkelte løyve til jakt til eit slik areal. Dette for å få ein fornuftig spreiing av jegerane, og/eller av omsyn til tryggleik.

Med formuleringa «rimeleg balanse mellom innan- og utanbygdsbuande» i tredje ledd er det sikta til «60/40-regelen» basert på rettleiing frå Miljødirektoratet, dvs. at maksimalt 60 prosent av jakta kan bli øyremerka dei innanbygdsbuande.

Fjerde ledd inneber at Kongen gir rammeverket for reguleringane fjellstyret kan gjere av jakt på storvilt unnateke villrein.

Til § 5-13 Fiske med stong og handsnøre

Første ledd er ei vidareføring av gjeldande rett om at personar som er busette i Noreg, både innan- og utanbygdsbuande, har lik rett til å oppnå høve til å drive fiske med stong og handsnøre. Forskjellen frå gjeldande fjellov er at kravet om busetjing det siste året ikkje er vidareført.

Andre ledd er ei vidareføring av regelen i gjeldande fjellov § 28 fjerde ledd om at fjellstyret kan gi løyve til fiske med stong og handsnøre også til personar som er busette utanfor Noreg.

Til § 5-14 Fiske med anna reiskap enn stong og handsnøre

Første ledd er ei vidareføring av gjeldande rett, og slår fast at fjellstyret kan gi løyve til å drive fiske med anna reiskap enn stong og handsnøre til innanbygdsbuande. Med omgrepet «anna reiskap enn stong og handsnøre» meiner ein særleg garn og oter. For at gardar og bygdelag som har drive med slikt fiske frå gammal tid skal ha rett framfor andre innanbygdsbuande, jf. første ledd andre punktum, er det ein føresetnad at fjellstyret meiner det er grunnlag for ein slik rett. Fjellstyra har i sin praksis lagt til grunn at ein må kunne dokumentere vedvarande bruk over lang tid for at det skal kunne ha oppstått ein rett for spesielle bygdelag framfor andre innanbygdsbuande.

Andre ledd er òg ei vidareføring av gjeldande rett, og slår fast at også utanbygdsbuande kan få løyve til slikt fiske dersom det ikkje vil gå utover dei innanbygdsbuande sine rettar.

Til § 5-15 Pris på fiskekort

Første og andre ledd er ei vidareføring av gjeldande rett i fjellova § 29 første og tredje ledd.

Etter tredje ledd gjeld føresegnene i lakse- og innlandsfisklova om barns fiske tilsvarande. Barns fiske er regulert i lakse- og innlandsfisklova § 18.

Eit mindretal i utvalet, Utgård og Omma, har eit anna forslag til § 5-15, der det skal vere opp til fjellstyret å fastsetje pris på fiskekort. Etter andre ledd i forslaget frå mindretalet skal det ikkje vere noka avgrensing i kva type jakt fjellstyret kan setje ulik pris på for innan- og utanbygdsbuande, eller for personar som ikkje er busette i Noreg. Pris fastsett av fjellstyret vil vere eit vedtak som kan klagast på til departementet. Tredje ledd i forslaget frå mindretalet svarer til forslaget frå fleirtalet.

Til § 5-16 Reguleringar i fisket

Første ledd er i hovudsak ei vidareføring av gjeldande rett. Reguleringar vil framom alt vere aktuelt av omsyn til fiskebestandane. Innskrenkingar og reguleringar av bruken med omsyn til fiske og reiskapsbruk kan til dømes vere avgrensingar i fiskesesongen for oterfiske, freding i periodar der fisken gyter, eller avgrensingar i talet på garn ein har rett til å bruke. Ein har ikkje sett det same behovet for ein «60/40-regel» for fiske som ein har for jakt. Regelen i fjellova om at fjellstyret ikkje kan gjere innskrenkingar i fiske med stong og handsnøre for innanbygdsbuande og utanbygdsbuande på annan måte enn ved å avgrense talet på fiskekort, er ikkje vidareført i lovforslaget.

Andre ledd gir fjellstyret myndigheit til å gjere vedtak om at einskilde område av allmenningen skal bli freda for alt fiske for eit tidsrom av opp til ti år om gongen. Dette inneber at fjellstyra får myndigheit til å verne fiskeressursane av omsyn til at fisket skal kunne halde fram, i tillegg til at dei statlege myndigheitene har slik myndigheit.

Til § 5-17 Jakt- og fiskehytter og naust

Paragrafen vidarefører § 35 i gjeldande fjellov. Fjellstyret kan føre opp nye jakt- og fiskehytter og naust når det er nødvendig for ei god utnytting av jakt og fiske i statsallmenningen. Statskog SF utviser tomt. Fjellstyret vurderer kva standard og størrelse bygningane skal ha. Før bygga kan førast opp, må fjellstyret ha henta inn nødvendige løyve etter anna lovgiving.

Til § 5-18 Jakt- og fiskebuer m.v. frå før 1920

Paragrafen er ny, og finst verken i gjeldande lov eller i fjellova 1920. Jakt- og fiskebuer frå før 1920 er omtala i kapittel 15.2.16. Utvalet har her delt seg i eit fleirtal og eit mindretal. Etter første punktum i forslaget frå fleirtalet skal den avtalen som allereie er inngått mellom Statskog SF og brukar av jakt- og fiskebu gjelde så lenge bua blir halden ved like. Dette følger av vilkåra i dei avtale som er inngått.

Andre punktum gjeld ein situasjon der garden som bua er knytt til skal seljast. Avtalen er knytt til person, ikkje til eigedom, og retten til bua vil derfor følge med den som sel garden. Bua kan då i staden overførast til fjellstyret i allmenningen.

Forslaget frå mindretalet legg ikkje opp til at bygningen skal tilførast fjellstyret, men bygningen kan med samtykke frå fjellstyret overførast til person som er innanbygdsbuande, jf. § 5-1, eller til eigar av gard med allmenningsrett.

Kapittel 6 Grunndisponering

Til § 6-1 Grunndisponering

Paragrafen bygger på fjellova § 12. Første ledd legg ansvaret for grunndisponering til Statskog SF, mens det i gjeldande fjellov er lagt til departementet. Då gjeldande fjellov vart vedteke var departementet grunneigar i statsallmenningane. Då Statskog SF vart oppretta, vart grunnbokheimelen overdrage til Statskog SF, og føresegna i den nye lova er derfor endra etter dette.

Andre ledd gir ein definisjon av grunndisponering. Med grunndisponering blir i fleirtalsforslaget meint større, varige fysiske inngrep i grunnen som ikkje er ein konsekvens av bruksrettsutøving eller følger av anna særskilt rettsgrunnlag, som til dømes særleg lovheimel til grunndisponering. Eksempel på grunndisponering er utleige av grunn til grustak, bortfeste eller sal av byggjetomtar og utbygging av større vasskraftanlegg.

Det følger av tredje ledd at fjellstyret skal få høve til å uttale seg om ei grunndisponering før Statskog SF tek avgjerd. Statskog SF skal føre dialog med fjellstyret også tidleg i prosessar om grunndisponering. Ein slik tidleg dialog vil gjere at konsekvensane for andre brukarar blir tidleg kartlagte og at brukarane kan kome med innspel. Tidleg og god dialog vil også motverke at det oppstår interessekonfliktar rundt grunndisponering. Reindrifta er representert i fjellstyret, og konsekvensar for reindrifta vil dermed kunne klarleggast i dialogen mellom Statskog SF og fjellstyret. Fjellstyret skal ha ei reell moglegheit til å gi innspel til vurderinga av om grunndisponeringar skal setjast i gong. Denne dialogen kjem i tillegg til uttaleretten etter plan- og bygningslova.

Eit mindretal i utvalet, Utgård, Jåma, Omma og Smistad foreslår ein annan ordlyd i § 6-1, som i større grad fører vidare gjeldande rett. Første ledd er likt med fleirtalet sitt forslag. I andre ledd definerer mindretalet grunndisponering som alle fysiske inngrep og anna arealdisponering (restråderett) som ikkje er bruksrettsutøving eller følger av særskilt rettsgrunnlag. I staden for tredje ledd i fleirtalet sitt forslag foreslår mindretalet ein generell regel i § 10-4 om gjensidig plikt for fjellstyret og Statskog SF til å gi den andre høve til å kome med uttale i dei sakene som er til behandling.

Til § 6-2 Bortfeste og avhending

Paragrafen fører vidare hovudregelen i fjellova § 13, om at grunn i statsallmenningane ikkje skal seljast. Spørsmål om bortfeste og avhending er drøfta i kapittel 12.2.1 og 12.2.2. Etter første ledd kan Statskog SF leige ut eller feste bort grunn i statsallmenningane. Tomtefestelova gjeld for utleige av grunn til hus som leigaren har eller skal oppføre på tomta. Det følger av andre ledd at med dei unntaka som er gitt i tredje ledd kan grunn i statsallmenningane ikkje avhendast til eige. Det er ikkje angitt noka ytre tidsramme for utleige.

Etter tredje ledd gjer lova unntak frå forbodet mot avhending for grunn som er dyrka eller skal brukast som gardsbruk eller som tilleggsjord som er arrondert til eit gardsbruk, og i særlege tilfelle til byggetomter for bustadhus. Slike tomter skal også kunne innløysast etter lov om tomtefeste. Unntaket for grunn til tilleggsjord som er arrondert til eit gardsbruk betyr ikkje at tilleggsjorda må grense til gardsbruket. Også tilleggsjord som ligg noko lenger ifrå, men innanfor praktisk driftsavstand fell innanfor unntaket.

Eit mindretal i utvalet, Utgård, Smistad og Velure, foreslår å utvide unntaka frå forbodet mot avhending i § 6-2 tredje ledd. Etter forslaget frå mindretalet skal det opnast for avhending ved sal av byggetomter til fritidshus, og til innløysing av slike tomter. Avhending kan også skje når det skal seljast seter i dei tilfella allmenningsretten er falt bort. Tilleggsjord kan seljast der ho er arrondert saman med eit gardsbruk, sjølv om ho ikkje er direkte tilgrensande. Medlemmane Utgård og Smistad meiner det også skal vere mogleg å avhende grunn til utbygging av vassfall når falla på tenleg vis kan byggast ut til kraftproduksjon. Om det skal gjerast, må vere opp til Statskog SF å avgjere. Utnytting av vasskraft krev omfattande saksbehandling, og eit frivillig sal har ofte ekspropriasjon som alternativ.

Til § 6-3 Særleg om tomt til jakt- eller fiskebu

I denne paragrafen blir det fastsett at for retten til tomt til jakt- eller fiskebu som brukaren ikkje lenger har høve til å ha, skal § 4-10 gjelde. Dette inneber m.a. at brukaren kan søke fjellstyret om å få behalde husa, og at fjellstyret kan gi løyve til dette i opp til ti år om gongen. Regelen må sjåast i samanheng med § 5-18 om jakt og fiskebuer m.v. frå før 1920.

Eit mindretal i utvalet, Utgård, Smistad og Velure, meiner brukaren skal søke Statskog SF om rett til tomta. I tilfelle Statskog SF finn at tomta skal overdragast skal føretaket stå fritt til å velje om tomta skal festast bort eller seljast.

Til 6-4 Inntekter frå grunndisponering

Paragrafen fører vidare føresegna i § 12 i fjellova om inntekter frå grunndisponering. Spørsmålet er omtala i kapittel 12.4.1. Etter første ledd er Statskog SF ansvarleg for å forvalte eit fond for grunneigarinntekter, grunneigarfondet. Inntekter frå grunndisponeringar skal fordelast mellom grunneigarfondet og fjellkassa som høyrer til den allmenningen der grunndisponeringa er gjort («vedkomande fjellkasse»).

Det følger av andre ledd at alle brutto inntekter frå grunndisponering skal fordelast likt mellom grunneigarfondet og vedkomande fjellkasse.

Grunneigarfondet skal etter tredje ledd første punktum nyttast til å dekke dei kostnadene Statskog SF har ved administrasjon av statsallmenningane, og til ein fellesorganisasjon for fjellstyra. Dersom det er overskot i grunneigarfondet, skal overskotet nyttast til tiltak i allmenningane. Dette går fram av tredje ledd andre punktum. Etter fjerde ledd skal Statskog SF føre rekneskap for grunneigarfondet. Statskog SF skal forvalte grunneigarfondet utanom den ordinære drifta til føretaket.

Eit mindretal i utvalet, Utgård, Jåma, Omma og Smistad, foreslår ei anna regulering av bruken av inntektene frå grunndisponering. Mindretalet foreslår på same måte som fleirtalet at Statskog SF skal vere ansvarleg for å forvalte eit fond for grunneigarinntektene (grunneigarfondet). Alle inntekter frå grunndisponering skal gå inn på fondet. Statskog SF dekker først eigne kostnader med drift og administrasjon i statsallmenningane. Deretter skal midlane kvart år fordelast likt mellom grunneigarfondet og vedkomande fjellkasse. Inntekter frå før lova vart sett i kraft skal etter mindretalet sitt forslag likevel berre delast for inntekter frå feste av hytter og hotell. Slike inntekter blir delt også etter gjeldande fjellov. Mindretalet foreslår ikkje at fondet skal dekke kostnadene til ein fellesorganisasjon for fjellstyra.

Forslaget frå mindretalet må også sjåast i samanheng med forslaget til endring av tomtefestelova når det gjeld retten til innløysing.

Kapittel 7 Skogforvaltning m.m.

Til § 7-1 Skogforvaltar

Spørsmålet om kven som skal forvalte skogen i statsallmenningane er drøfta i kapittel 12.3.3 og 12.3.4.

Etter første ledd første punktum skal fjellstyret forvalte skogen i statsallmenningar med virkesrett. Fjellstyret skal ha ansvaret for alle sider av skogforvaltninga, og for oppfylling av virkesretten. Fjellstyret skal etter første ledd andre punktum knytte til seg skogfagleg kompetanse som skal bistå fjellstyret i den daglege forvaltninga og drifta av skogen.

Det følger av andre ledd at Statskog SF er skogforvaltar i dei statsallmenningane som ikkje har virkesrett.

Eit mindretal i utvalet, Utgård, Jåma og Smistad foreslår ein alternativ § 7-1 om ansvaret for forvaltninga av skogen i statsallmenningane. Mindretalet meiner at Statskog SF skal forvalte skogen, og at forvaltninga skal skje i samråd med fjellstyret, meir likt den forvaltninga som skjer i dag.

Til 7-2 Skogbruksplan

Første ledd slår fast at det alltid skal vere ein oppdatert skogbruksplan for eigedommen. Skogbruksplan skal utarbeidast etter § 5 i skogbrukslova, i samsvar med krava i forskrift om skogbruksplanlegging med miljøregistreringar. Skogbruksplanen skal etter andre ledd første punktum innehalde skogregistreringar som gir oversikt over skog- og miljøressursane på eigedommen og ein plan for forvaltninga av desse. Etter andre ledd andre punktum skal skogbruksplanen også innehalde dei nødvendige opplysningar om skogen og ein plan for avverking og investeringar.

Fjellstyret har ansvaret for å utarbeide skogbruksplan for skogen i statsallmenningane med virkesrett. I statsallmenningar utan virkesrett er det Statskog SF som har ansvaret for dette. I desse tilfella skal fjellstyret ha høve til å uttale seg om skogbruksplanen før den blir fastsett. Dette følger av tredje ledd første punktum, som legg ansvaret til den som er skogforvaltar etter § 7-1.

Det følger av tredje ledd andre punktum at Statskog SF skal ha rett til å uttale seg om skogbruksplanen før den blir fastsett når det er fjellstyret som fastset planen.

Eit mindretal i utvalet, Utgård, Jåma og Smistad, foreslår ei alternativ utforming av § 7-1 tredje ledd der det er Statskog SF har ansvaret for at skogbruksplanen blir utarbeida. Fjellstyret skal ha høve til å uttale seg om skogbruksplanen før den blir fastsett.

Til 7-3 Forvaltning etter bygdeallmenningslova

Paragrafen er ei vidareføring av § 4-5 i statsallmenningslova, men endra slik at departementet ikkje lenger skal ta avgjerd om at ei statsallmenning kan forvaltast etter bygdeallmenningslova når det gjeld skogen og virkesretten. Etter første ledd kan virkesrettshavarene med 2/3 fleirtal ta avgjerd om å søke om at statsallmenningen blir forvalta etter bygdeallmenningslova kapittel 2 til 5 når det gjeld skogforvaltning og utøving av virkesretten. Søknaden skal gå til fellesorganisasjonen for fjellstyra, som gjer framlegg overfor kommunestyret som tek den endelege avgjerda. Virkesrettshavarane kan etter den same prosedyren søke om at ordning med forvaltning etter bygdeallmenningslova skal opphøyre, sjå andre ledd.

Eit mindretal i utvalet, Utgård, Jåma og Smistad, foreslår ein annan ordlyd i § 7-3. Mindretalet foreslår at virkesrettshavarane med 2/3 fleirtal kan søke om at allmenningen blir forvalta som bygdeallmenning når det gjeld skogforvaltning og utøving av virkesretten. Fellesorganisasjonen gjer vedtak etter at kommunestyret har uttala seg. Mindretalet meiner Statskog SF må samtykke til ein overgang til forvaltning som bygdeallmenning. Forslaget har samanheng med dette mindretalet sitt standpunkt om at Statskog SF skal vere skogforvaltar.

Til 7-4 Allmenningsfond

Paragrafen er ei vidareføring av § 1-4 i statsallmenningslova. Fjellstyret skal etter første ledd ha eit allmenningsfond for kvar av dei allmenningane der fjellstyret administrerer skogen.

Det følger av andre ledd at inntektene frå skogsdrifta i desse allmenningane skal gå inn i allmenningsfondet. Etter tredje ledd skal allmenningsfondet nyttast til å dekke virkesretten der denne blir utøvd etter § 4-16 eller nyttast til investeringar i allmenningen fondet høyrer til. Dersom det er klart at allmenningsfondet er tilstrekkeleg til å dekke skyldnadene etter føresegna i tredje ledd, kan fjellstyret med samtykke frå fellesorganisasjonen føre det overskytande over til fjellkassa for bruk i samsvar med § 3-7, sjå fjerde ledd. Føresegna i § 11-2, om forvaltning av finanskapital, skal gjelde tilsvarande, dvs. at stiftelseslova § 18 gjeld for forvaltning av allmenningsfondet. Dette følger av femte ledd

Eit mindretal i utvalet, Utgård, Jåma og Smistad, ønsker å føre vidare dagens ordning, og foreslår ei anna regulering av allmenningsfondet. Mindretalet meiner at kvar allmenning skal ha eit allmenningsfond med mindre anna er bestemt av Statskog SF og fjellstyret i fellesskap. Det skal likevel ikkje i noko tilfelle vere allmenningsfond der Statskog SF gir garanti for dekning av virkesretten. Inntekter frå skogsdrift skal gå inn i allmenningsfondet og brukast til å dekke virkesretten. Allmenningsfondet skal vere stort nok til å dekke investeringar i skogen og gi rimeleg sikkerheit for virkesretten. Midlar i eit allmenningsfond skal overførast til Statskog SF dersom føretaket garanterer for virkesretten. Allmenningsfondet skal forvaltast av Statskog SF og fjellstyret i fellesskap. Føresegna i § 11-2 om forvaltning av finanskapital, skal gjelde tilsvarande, dvs. at stiftelseslova § 18 gjeld for forvaltning av allmenningsfondet.

Til § 7-5- Erstatningar

Når det blir betalt ut erstatning for vern av skog i statsallmenningar med virkesrett skal erstatning tilførast allmenningsfondet for vedkomande statsallmenning, og plasserast på ein særskilt konto. Dette følger av første leddførste punktum. Etter første leddandre punktum kan berre avkastning utover inflasjon brukast, og berre til å dekke virkesretten når den ikkje kan dekkast på annan måte. Kapitalen skal vere ein garanti for at virkesretten skal kunne dekkast i framtida, sjølv om det ikkje er meir skog som kan brukast i allmenningen. Føresegna i § 11-2, om forvaltning av finanskapital, skal etter andre ledd gjelde tilsvarande, dvs. at stiftelseslova § 18 gjeld for forvaltning av erstatningane. Etter tredje ledd skal Statskog SF, etter avtale med fjellstyret, kunne bruke erstatningsmidlar til kjøpe areal med skog som går inn i allmenningen. I slike tilfelle skal det gjerast vedtak om at området skal vere statsallmenning, jf. § 1-2 i lovforslaget, og allmenningsrettane i vedkomande allmenning skal kunne utøvast på det arealet som blir lagt til.

Eit mindretal i utvalet, Utgård, Jåma og Smistad foreslår eit nytt siste ledd i § 7-5 ledd, der mindretalet sitt forslag til § 7-4 andre ledd skal gjelde tilsvarande, slik at midlane frå erstatningar blir utbetalte til Statskog SF i dei tilfella føretaket har garantert for å dekke virkesrettsytingane. Om Statskog SF garanterer for virkesretten, vil midlane kunne forvaltast av føretaket utan risiko for den enkelte virkesrettshavar. Mindretalet bygger på at Statskog SF får dekning for garantien i stortingsvedtak.

Kapittel 8 Utleige

Til § 8-1 Utleige av husdyrbeite, gjetarbu, seter og tilleggsjord

Spørsmålet om utleige av husdyrbeite, gjetarbu, seter og tilleggsjord er omtala i kapittel 16.2.1. Paragrafen vidarefører fjellova §§ 15 og 21, og den slår i første ledd fast at fjellstyret kan leige ut husdyrbeite, gjetarbu, seter og tilleggsjord som ikkje bruksrettshavarane har behov for. For å kunne vurdere kor mykje areal som er tilgjengeleg for utleige, må fjellstyret vurdere kor mykje areal bruksrettshavarane til ei kvar tid vil ha bruk for. Bruksrettshavarar som ønsker ekstra jordbruksareal bør prioriterast. Etter andre ledd skal det ved utleige av overskotsressursar i allmenningen leggast vekt på nærleik til ressursen, slik at lokale interessentar, som ikkje har bruksrett i allmenningen, skal prioriterast framfor andre.

Eit mindretal, Borgnes, Broch Hauge Helmen, Velure og Østerås, gjer framlegg om ein ordlyd i § 8-1 som opnar for at fjellstyret ut frå omsynet til ein rasjonell bruk av allmenningane m.a. kan leige ut husdyrbeite, gjetarbu, seter og tilleggsjord, som bruksrettshavarane ikkje har bruk for. Mindretalet legg til grunn at kva fjellstyret kan leige ut vil endre seg med tida og tilhøva. Mindretalet vil ikkje avgrense ordlyden til husdyrbeite, gjetarbu, seter og tilleggsjord, men ha ein meir open regel, jf. formuleringa «mellom anna» i første ledd. Mindretalet er einige med fleirtalet i at det ved utleige av overskotsressursar skal leggast vekt på nærleik til ressursane.

Til § 8-2 Utleige til tamreindrift

Spørsmålet om utleige av statsallmenning til tamreindrift, under dette til samisk reindrift utanfor det samiske reinbeiteområdet, er omtala i kapittel 16.2.2. Paragrafen vidarefører i hovudsak § 17 i gjeldande fjellov som regulerer utleige av beiteområde til tamreindrift utanfor det samiske reinbeiteområdet etter reindriftslova § 4. Leige av beiteområde i statsallmenning føreset løyve etter reindriftslova § 8 til tamreindrift utanfor det samiske reinbeiteområdet. Slikt løyve kan givast av Landbruks- og matdepartementet. Det følger av reindriftslova § 8 at det ikkje bør givast slikt løyve i villreinområde.

I første ledd første punktum blir det lagt til fjellstyret å leige ut areal til tamreindrift. Det blir også vist til reindriftslova § 8. Etter lovforslaget skal ikkje lenger departementet stadfeste slike avtalar.

Etter første ledd andre punktum kan fjellstyret inngå avtale om utleige med opp til ti år oppseiingsfrist.

Etter andre ledd skal § 8-1 andre ledd gjelde tilsvarande, slik at det også for utleige til tamreindrift skal leggast vekt på nærleik til ressursen.

Til § 8-3 Vederlag for utleige

Etter første punktum kan fjellstyret ta eit rimeleg vederlag for utleige. Med «rimeleg vederlag» er meint eit vederlag på same nivå som pris på leige av anna beiteareal eller oppdyrkingsfelt i området, også på privat grunn. Fjellstyret må likevel også legge til grunn at ressursane i allmenningane skal utnyttast, og ikkje setje vederlaget så høgt at det stenger ute aktuelle leigarar. Etter andre punktum skal leigepris og andre vilkår for utleige fastsetjast i avtale. Utleigeavtalar er privatrettslege avtalar mellom fjellstyret og leigar. Vilkåra i avtalen må sikre at utleige ikkje er til vesentleg skade eller ulempe for andre bruksrettshavarar eller samisk reindrift, jf. § 1-4.

Kapittel 9 Oppsyn

Til § 9-1 Oppgåver for oppsynet i statsallmenning

Første til tredje ledd er ei lovfesting av det som er praksis i dag. Etter første ledd skal fjelloppsynet vareta føresegner etter denne lova og utføre nødvendig tilsyn for fjellstyret,

Etter andre ledd skal fjelloppsynet også føre tilsyn med statsallmenningen for staten som grunneigar, og utføre allmenne oppgåver.

Etter tredje ledd skal fjelloppsynet føre kontroll med at dei lovene som er nemnde i lov om statleg naturoppsyn § 2, og føresegner gitt med heimel i desse lovene blir overhaldne i statsallmenningen.

Fjerde ledd gir heimel for forskrift. Utvalet meiner det vil vere riktig å overføre delar av innhaldet i standardinstruksen for fjelloppsynet til forskrift, for å gi tydelege føringar for oppgåvene til fjelloppsynet. Forskrifta kan også nyttast for å oppnå ei god samordning mellom Statens naturoppsyn og fjelloppsyn generelt eller i bestemde geografiske område. Det er også foreslått tilsvarande heimel for forskrift i naturoppsynslova, jf. § 13-6 i lovforslaget.

§ 9-2 Organisering og finansiering av oppsynet

Paragrafen vidarefører § 36 i fjellova. Etter første ledd første punktum kan fjellstyret tilsette oppsynspersonell til å føre tilsyn med statsallmenningen. Etter første ledd andre punktum kan oppsynspersonellet givast avgrensa politimyndigheit etter § 20 i lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet. Etter andre ledd skal oppsynspersonellet vere lønna av fjellkassa. Det følger likevel av tredje ledd første punktum at fjellstyret har krav på å få refundert utgiftene for dei oppgåvene fjelloppsynet gjer for staten frå statskassa. Etter tredje ledd andre punktum skal fellesorganisasjonen legge fram budsjett for det komande året for departementet. Av dette følger det at fellesorganisasjonen skal vere mottakar av midlane, og fordele dei til dei enkelte fjellstyra.

Fjerde ledd er ei vidareføring av praksisen i dag der SNO kjøper tenester av fjellstyra for å utføre oppsyn i statsallmenningar, men opnar for at fjellstyret også kan ta på seg oppdrag for andre aktørar.

Dette forslaget må også sjåast i samanheng med forslaget om endring av naturoppsynslova. Etter dette forslaget skal det gå tydeleg fram av naturoppsynslova at det er fjelloppsynet som utfører oppsyn i statsallmenningane.

Eit mindretal i utvalet, Utgård, Jåma, Omma og Smistad, har eit anna forslag om tilsyn i allmenningen. Forslaget er omtala i kapittel 11.2.3. Fjellstyret kan etter første ledd tilsetje personell til å føre tilsyn med jakt og fiske i statsallmenningen og utøvinga av bruksrettane. Dette er tale om oppsyn med dei rettar m.m. som fjellstyret har ansvar for. I tillegg kan fjellstyret ha tilsyn med eigedommen etter avtale med grunneigar. Tilsynspersonell blir lønna av fjellkassa, jf. andre ledd. Etter tredje ledd skal utgifter til tilsyn som blir utført etter avtale med grunneigar, dekkast av grunneigarfondet. Fjellstyret gir etter fjerde ledd instruks for tilsynet.

Kapittel 10 Saksbehandling

Til § 10-1 Offentlegheit

Forholdet til offentleglova er omtala i kapittel 9.2.1.1. Det følger av første punktum at offentleglova §§ 3-31 gjeld for verksemda til fjellstyret i saker etter kapittel 5 i lova om jakt, fangst, felling og fiske. Statsallmenningane har eit slikt allment preg når det gjeld denne delen av arbeidet at offentleglova bør gjelde. For andre saker skal fjellstyret følge prinsippa i offentleglova så langt dei høver. Dette går fram av andre punktum. Det same skal etter andre ledd gjelde for fellesorganisasjonen for fjellstyra. Sentrale prinsipp i offentleglova er m.a. meirinnsyn, dvs. at eit organ skal vurdere å gi innsyn sjølv om det er høve til å gjere unntak. Vidare skal innsyn i utgangspunktet vere gratis.

Til § 10-2 Forholdet til forvaltningslova

Forholdet til forvaltningslova er omtala i kapittel 9.2.1.1. Etter første ledd første punktum skal forvaltningslova kapittel III om alminnelege reglar om saksførebuinga, IV om saksførebuinga ved enkeltvedtak, V om vedtaket, VI om klage og omgjering og VIII om verknaden av feil og om utsett iverksetjing, gjelde for fjellstyret sine avgjerder etter kapittel 5 om jakt, fangst og fiske. Etter andre ledd kan avgjerder etter reglane i kapittel 5 klagast på til departementet. Reglane om klage i forvaltningslova vil då gjelde.

Etter tredje ledd skal forvaltningslova kapittel II om habilitet gjelde for all saksbehandling i fjellstyret. Ein styremedlem som representerer bruksrettshavarane er ikkje inhabil ved fastsetjing av bruksreglar for allmenningen eller i saker som gjeld bruksrettane generelt. Medlemmen kan også delta i behandling av enkeltsaker som gjeld utøving av bruksrett, men ikkje i saker som gjeld eigen bruksrettsutøving (til dømes eigen seter eller beite). Det same gjeld tilsvarande for dei andre styremedlemmane i saker der dei kan ha personlege interesser.

Ut over det som går fram av første og andre ledd skal fjellstyret følge prinsippa i forvaltningslova så langt dei høver. Dette går fram av fjerde ledd første punktum. Av dette følger det at fjellstyra skal syte for at dei partar ein sak vedkjem skal ha hatt høve til å uttale seg. Fjellstyret skal gi Statskog SF høve til å uttale seg i saker som vedkjem grunneigar.

Det same gjeld for fellesorganisasjonen, jf. fjerde ledd andre punktum. Sentrale prinsipp i forvaltningslova er m.a. ei alminneleg rettleiingsplikt over partar og andre, saksførebuing og avgjerd utan ugrunna opphald, førehandsvarsling av partar, utgreiings- og informasjonsplikt, rett til innsyn for partar m.m.

Til § 10-3 Om vedtak i fjellstyret

Paragrafen erstattar fjellova § 8 og statsallmenningslova § 1-2 andre ledd. Etter første punktum er fjellstyret vedtaksført når meir enn halvparten av medlemmane er til stades. Fjellstyret er altså vedtaksført sjølv om ikkje alle medlemmane er til stades. Når fjellstyret avgjer saker utan at alle er til stades, bør leiaren sikre at dei fråverande fjellstyremedlemmane har hatt høve til å gi innspel før saka avgjerast. Etter andre punktum gjer leiaren si røyst utslaget dersom røystene står likt.

Til § 10-4 Om gjensidig uttalerett for fjellstyra og Statskog SF

Utvalet foreslår ein generell regel om gjensidig plikt for fjellstyret og grunneigar (Statskog SF) til å gi den andre høve til å kome med uttale i dei sakene som er til behandling, sjå første punktum. Etter andre punktum skal regelen gjelde større inngrep eller disponeringar. Der inngrep eller disponeringar må reknast å kunne vare meir enn fem år, skal dei etter tredje punktum alltid reknast som større inngrep. Regelen overlappar til ein viss grad regelen i § 6-1 tredje ledd i fleirtalsforslaget om innhenting av uttale ved grunndisponeringstiltak. Regelen i paragrafen her understrekar likevel at det er nødvendig med gjensidige orienteringar i saker som er viktige.

Til § 10-5 Gebyr for saksbehandling

Fjellstyret kan etter første leddførste punktum krevje gebyr for behandling av saker. Fjellstyret skal etter andre punktum fastsetje eit regulativ for slike saker. Det følger av tredje punktum at gebyret ikkje skal vere høgare enn det som må reknast som vanleg faktisk kostnad for behandling av vedkomande type saker. Det ligg i dette at gebyret berre skal dekke dei faktiske kostnadene direkte knytt til den aktuelle saka. Heimelen knyter seg til utøving av bruksrettar og tilfelle der ein bruksrettshavar søker om eit samtykke. I tilfelle der fjellstyret eller grunneigaren gir eit løyve eller gjer ein avtale uavhengig av dette, vil det vere naturleg at administrasjonskostnaden ligg inne i den samla prisen. Fjellstyret kan i alle tilfelle ta administrasjonsvederlag, i tillegg til sjølve betalinga for ytinga, for saksbehandling knytt til motorferdsel, utleige, tamreindrift og hundetrening slik at dette ikkje belastar økonomien i fjellstyret

Etter andre ledd skal årsmøtet for bruksrettshavarane kunne uttale seg før regulativet blir fastsett.

Kapittel 11 Kapitalforvaltning, kontroll og rapportering

Til § 11-1 Kapitalfond

Etter første ledd skal fellesorganisasjonen for fjellstyra administrere eit kapitalfond med ein konto for kvar allmenning. Fjellstyret sin del av midlar frå avhending av fast eigedom og fallrettar skal etter andre ledd tilførast kontoen til vedkomande allmenning. For midlar som skriv seg frå avhending av fast eigedom eller fallrettar kan fjellstyret berre disponere avkastning utover inflasjonen.

§ 11-2 Forvaltning av finanskapital

Etter denne paragrafen skal stiftelseslova § 18 gjelde tilsvarande for forvaltning av finanskapital i statsallmenningane. Stiftelseslova § 18 lyder:

«Stiftelsens kapital skal forvaltes på en forsvarlig måte, slik at det til enhver tid tas tilstrekkelig hensyn til sikkerheten og mulighetene for å oppnå en tilfredsstillende avkastning for å ivareta stiftelsens formål.»

Til § 11-3 Rekneskapsplikt

Paragrafen lovfestar i første ledd første og andre punktum rekneskapsplikta for fjellstyret, og plikta til å ha revisor. Dei fleste fjellstyre vil kunne bruke reglane for små føretak. Rekneskapen skal førast etter standardar som blir fastsette av fellesorganisasjonen, sjå første ledd tredje punktum. Etter andre ledd er årsrekneskapen offentleg og skal sendast fellesorganisasjonen og Statskog SF. Fellesorganisasjonen skal lage ei samanstilling av årsrekneskapane frå alle statsallmenningane. Samanstillinga er offentleg, og skal sendast til Statskog SF og departementet til orientering, sjå tredje ledd.

Til § 11-4 Rapportering

Etter denne paragrafen har fellesorganisasjonen for fjellstyra heimel til å be om rapportar over verksemda i allmenningane frå fjellstyra. Fellesorganisasjonen skal utarbeide standardar for slike rapportar.

Kapittel 12 Tvisteløysing

Til § 12-1 Jordskifte og grensefastsetjing i statsallmenning

Bruken av jordskifte i statsallmenningane er behandla i kapittel 18.2.1.

Paragrafen er ei vidareføring av statsallmenningslova § 4-2, som opnar for jordskifte i statsallmenningane etter jordskiftelova § 3-4 om ny utforming av eigedom og alltidvarande bruksrett og § 3-9, som gjeld pålegg om felles tiltak og pålegg om felles investeringar. Dette går fram av første ledd første punktum. Ny utforming av eigedommar inneber mellom anna at eigedommar med uheldig form kan endrast, til dømes ved arealbyte. Allmenningen kan vere ein av fleire eigedommar som kan inngå i eit slikt jordskifte. Felles tiltak og felles investeringar kan til dømes vere felles vegar, kraftleidningar, vatn og kloakk, parkeringsplassar, opplagsplass for tømmer m.m. Bygging av gjerde kan vere eit eksempel på felles tiltak mellom reindrifta og allmenningane.

I første ledd andre punktum er det presisert at andre føresegner i jordskiftelova om jordskifte ikkje kjem til bruk i statsallmenningane. Dette er same avgrensing av bruken av jordskifteverkemidla som etter gjeldande statsallmenningslov.

Av andre ledd første punktum følger det at jordskifteretten kan fastsetje grenser mellom statsallmenning og bygdeallmenning, mellom statsallmenningar og mellom statsallmenning og annan tilgrensande eigedom. Det følger av andre ledd andre punktum at jordskifteretten skal merke og koordinatfeste grensene etter jordskiftelova § 6-29. I saker om jordskifte og grensefastsetjing vil saksbehandlinga følge reglane i jordskiftelova kapittel 6. Det treng ikkje vere tvist i desse sakene. Det er nok at partane er usikre på til dømes kor ei eigedomsgrense går. Sakskostnadene skal, med unntak for kostnader til rettshjelp eller andre sakkunnige, fordelast etter den nytta partane har av saka, jf. jordskiftelova §§ 7-6 og 7-8. Er det tvist mellom partane om grensene, vil likevel dei alminnelege reglane om sakskostnader i tvistelova kapittel 20 gjelde for dom i tvisten, eventuelt tvistelova kapittel 10 om småkravsprosess, jf. jordskiftelova § 7-9.

Tredje ledd første punktum regulerer kven som kan fremje krav om jordskifte etter første ledd eller krav om grensefastsetjing etter andre ledd. Slike krav kan setjast fram av Statskog SF som grunneigar og av fjellstyret​ som representant for bruksrettshavarane. Etter gjeldande lov kan departementet fremje krav, men dette er delegert til Statskog SF. Etter lovforslaget blir det lagt direkte til Statskog SF å kunne fremje krav. Vidare skal jordskiftelova § 1-5 gjelde for kven som kan fremje krav, sjå tredje ledd andre punktum.

Til § 12-2 Avgjerder etter lova som kan førast inn for jordskifteretten som rettsutgreiing

Paragrafen er ny. Spørsmålet om bruk av jordskifteretten som konfliktløysar når det gjeld dei jordbrukstilknytte bruksrettane er behandla i kapittel 18.2.1.

Etter første ledd bokstavane a til f i begge alternativa kan jordskifteretten ta avgjerd i spørsmål om ei avgjerd eller eit tiltak er i strid med lovforslaget § 1-4 første ledd og om ein eigedom høyrer til bygd eller grend som har utøvd allmenningsrett frå gammal tid etter lovforslaget § 2-1. Vidare kan jordskifteretten avgjere spørsmåla om ein eigedom har tapt karakteren av jordbrukseigedom etter lovforslaget § 2-6, om jordbrukstilknytte bruksrettar etter lovforslaget kapittel 4, og om fordelinga av inntekter vunne på kostnad av virkesretten etter § 4-23. Jordskifteretten kan også avgjere spørsmål om rett til jakt og fiske for nokon som er busett i bygd eller grend der innbyggarane frå gammal tid har utøvd allmenningsbruk i allmenningen etter § 5-1 første ledd andre alternativ.

Fleirtalet, medlemmane Borgnes, Broch Hauge, Helmen, Hjelle, Jåma, Omma, Parmann, Velure, Østerås og Øygard foreslår at avgjerdene kan førast inn for jordskifteretten som rettsutgreiing. Prosessforma er då rettsutgreiing etter jordskiftelova kapittel 4. Formålet med rettsutgreiing er å klarlegge innhaldet i eigedoms- og bruksrettar, jf. jordskiftelova § 4-1. Samisk reindrift blir drive i fleire av statsallmenningane. Ein må derfor sikre at jordskifterettane har kunnskap om samiske sedvanar, kultur og rettsforståing særleg i desse områda. Saksbehandlingsreglane i jordskiftelova kapittel 6 skal gjelde, jf. jordskiftelova § 6-1. Etter andre ledd er avgjerdsforma dom, jf. jordskiftelova § 6-23 første ledd. For gebyr skal jordskiftelova §§ 7-2 til 7-5 gjelde i desse sakene. For kostnader til rettshjelp skal partane bere eigne kostnader. Framlegget inneber på dette punktet eit unntak frå den generelle regelen om fordeling i sakskostnader når det er tvist, sjå jordskiftelova § 7-9 første ledd og tvistelova § 20-2 første ledd. Lagmannsretten skal vere ankedomstol på vanleg måte. Ved eventuell overprøving i lagmannsretten kjem § 7-9 til bruk. I ankeomgangen vil altså partane bere vanleg risiko for prosesskostnadene. Dette går fram av tredje ledd. Forslaga gjer det nødvendig å endre jordskiftelova §§ 4-1 og 7-6, sjå lovforslaget § 13-5 nr. 8.

Etter mindretalet, medlemmane Utgård og Smistad, sitt forslag skal sakene behandlast etter §§ 5-3 og 5-4 i jordskiftelova. Saksbehandlinga blir då regulert av jordskiftelova § 5-7 andre ledd, dvs. at sakene følger reglane for skjønn styrt av tingretten etter skjønnslova. Dei alminnelege sakskostnadsreglane i tvistelova kapittel 20 vil gjelde, eventuelt tvistelova kapittel 10 om småkravsprosess, sjå jordskiftelova § 7-9. Etter mindretalet sitt forslag til andre ledd kan jordskifteretten avgjere på førehand om ei avgjerd eller eit tiltak er i strid med § 1-4 første ledd. Om det blir kravd avgjerd på førehand, avgjer jordskifteretten om vedtak eller tiltak kan setjast i verk før jordskifteretten har teke avgjerd. Krav for jordskifteretten kan setjast fram av den som tek sikte på å setje i verk eit vedtak eller gjennomføre eit tiltak, av fjellstyret og av bruksrettshavar som vedtaket eller tiltaket får verknad for. Krav til jordskifteretten om avgjerd på førehand må vere sett fram innan 3 veker etter at den som krev avgjerd fekk kunnskap om tiltaket, jf. andre ledd andre, tredje og fjerde punktum. Forslaga gjer det nødvendig å endre jordskiftelova § 5-3, sjå lovforslaget § 13-5 nr. 8.

§ 12-3 Avgjerder om jakt og fiske

Paragrafen fører vidare § 10 i fjellova når det gjeld avgjerder om jakt og fiske. Etter første ledd første punktum kan avgjerder teke av fjellstyret etter kapittel 5 i lova klagast på til departementet etter reglane i forvaltningslova. Det følger av første ledd andre punktum at klageretten må vere utnytta før vedtak kan førast inn for retten. Etter første ledd tredje punktum skal søksmål reisast mot vedtaket i klagesaka med departementet som part.

Kapittel 13 Ymse føresegner

Til § 13-1 Straff

Paragrafen fører vidare straffebodet i fjellova § 37 berre for brot på føresegnene om jakt, fangst, felling og fiske i lova. Utvalet meiner ikkje det er nødvendig med eit allment straffebod i lova, men at det framleis er behov for ein særskilt straffeheimel knytt til brot mot påbod eller forbod etter kapittel 5 i lova, eller mot vedtak eller forskrifter fastsette med heimel i kapittel 5.

Til § 13-2 Forskrifter

Paragrafen gir heimel for at departementet kan gi forskrifter til gjennomføring av lova. Utvalet legg til grunn at paragrafen med ei slik avgrensing ikkje vil heimle forskrifter til utfylling av lova tilsvarande til dømes den seterforskrifta som gjeld no.

Til § 13-3 Iverksetjing

Den nye lova vil gjelde frå den tid Kongen fastset. Frå same tid held fjellova og statsallmenningslova opp å gjelde. I tillegg må kgl.res. frå 1964 som legg grunnlaget for grensene for kven som reknast som innanbygdsbuande og utanbygdsbuande opphevast.

Til § 13-4 Overgangsreglar

Fram til nytt fjellstyre er vald etter denne lova, må fjellstyret, allmenningsstyret og Statskog SF forvalte statsallmenningane som før. Dette går fram av første ledd. Forskrifter og vedtak med heimel i fjellova og statsallmenningslova må gjelde så langt dei passar fram til det er fastsett nye vedtak eller forskrifter med heimel i lova her, sjå andre ledd. Eldre bruksreglar etter statsallmenningslova § 2-17 eller vedtekter etter fjellova § 14 må gjelde fram til nye bruksreglar er fastsette av fjellstyret. Innan to år etter at det er valt nytt fjellstyre etter lova her, skal fjellstyret gi nye bruksreglar for allmenningen. jf. tredje ledd første og andre punktum.

Departementet bør ha heimel til fastsetje nærare overgangsreglar i samband med at lova tek til å gjelde, sjå fjerde ledd.

Til § 13-5 Endringar i andre lover

Utvalet gjer framlegg om endringar i fleire lover. Der det er fleirtals- eller mindretalsforslag er det presisert.

Til nr. 1 Lov 23. oktober 1959 nr. 3 om oreigning av fast eigedom (oreigningslova)

Utvalet foreslår at § 30 punkt 18 i oreigningslova blir oppheva. Dette punktet gjeld oreigningsheimel etter fjellova § 32. Denne er ikkje foreslått vidareført, og dette punktet kan derfor opphevast.

Til nr. 2 Lov 29. mai 1981 nr. 39 om jakt og fangst av vilt (viltlova)

Endringa i viltlova § 31 første ledd er ei teknisk endring for å oppdatere ordlyden som i dag viser til fjellova.

Til nr. 3 Lov 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk mv. (lakse- og innlandsfisklova)

Endringa i lakse- og innlandsfisklova § 22 første ledd er ei teknisk endring for å oppdatere ordlyden som i dag viser til fjellova.

Til nr. 4 Lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova)

Etter jordlova § 8 skal jordbruksareal drivast. Driveplikta gjeld fulldyrka jord, overflatedyrka jord og på innmarksbeite.1 Driveplikta gjeld også areal der det er utført kultiverings- og kulturtiltak 2. Driveplikta kan oppfyllast enten ved at eigaren driv sjølv eller ved utleige. Det er fritt val av driftsform, men som eit minstemål må ein hauste og kultivere arealet kvart år. Utvalet er ikkje kjent med at det er stilt krav til at tilleggsjord i statsallmenningane skal oppfylle kravet i jordlova § 8. Regelen om bortfall av allmenningsrett gjer også at det ikkje er nødvendig at ein handhevar driveplikta etter jordlova § 8 for tilleggsjord. Det er også eit formål at bruken i allmenningane skal forandre seg, at nokre setervollar går ut av drift, samstundes som det kan kome nye dyrkingsareal. Utvalet meiner at den nye lova bør vidareføre den praksisen som har vore, og foreslår derfor å lovfeste eit unntak for statsallmenningane frå kravet til driveplikt etter jordlova. Utvalet gjer derfor framlegg om eit nytt fjerde ledd i jordlova § 8.

Til nr. 5 Lov 21. juni 1996 nr. 38 om statlig naturoppsyn (naturoppsynslova)

Fleirtalet i utvalet gjer framlegg om ei endring i naturoppsynslova § 2, for å gi ein heimel for forskrift om nærare reglar om oppsyn i statsallmenningane. Utvalet foreslår også ei endring i § 2 som understrekar at oppsynet i statsallmenningane blir vareteke av fjelloppsynet etter fjellova

Til nr. 6 Lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste (tomtefestelova)

Eit mindretal i utvalet, Utgård, Smistad og Velure, foreslår endringar i tomtefestelova § 34 om innløysing av festeavtalar i statsallmenning. Endringa består i at «statsallmenning» blir teke ut i andre ledd, slik at det ikkje lenger skal vere unntak frå innløysingsretten i statsallmenningar.

Til nr. 7 Lov 15. juni 2007 nr. 40 om reindrift (reindriftslova)

Utvalet foreslår endringar i reindriftslova § 8 femte ledd og § 67 tredje ledd. Endringane er tekniske endringar for å oppdatere ordlyden slik at det blir vist til lov … om bruk og styring av rettar m.m. i statsallmenningane (fjellova).

Eit mindretal i utvalet, Jåma og Omma, gjer framlegg om endringar i reindriftslova § 63 tilsvarande ordlyden i mindretalet sitt forslag til § 1-4 i lov om bruk og styring av rettar m.m i statsallmenningane.

Til nr. 8 Lov 21. juni 2013 nr. 100 om fastsetjing og endring av eigedoms- og rettshøve på fast eigedom m.m. (jordskiftelova)

Utvalet gjer framlegg om endringar i jordskiftelova §§ 3-1, 4-1, 4-3, 5-3 og 7-6. Endringane i §§ 3-1 og 4-3 er tekniske endringar. Lovteksten blir oppdatert slik at det blir vist til den nye fjellova.

Jordskiftelova § 4-1 om rettsutgreiing blir foreslått endra ved at det blir lagt inn ein ny bokstav f som gir jordskifteretten heimel til å behandle saker etter fjellova som rettsutgreiingssaker, jf. forslag frå fleirtalet til § 12-2. Jordskifteretten er ein særdomstol og må ha ein slik heimel for å behandle sakene. Fleirtalet sitt forslag gjer det også nødvendig å endre jordskiftelova § 7-6 andre ledd.

Jordskiftelova § 5-3 om skjønn og andre avgjerdar blir foreslått endra av mindretalet, Utgård og Smistad, ved at det blir lagt inn ein ny bokstav q som gir jordskifteretten heimel til å behandle saker etter fjellova som eiga sak (skjønn), jf. mindretalet sitt forslag til § 12-2. Jordskifteretten må ha slik heimel også for å behandle desse sakene.

21 Lovforslag

Forslag til lov om bruk og styring av rettar m.m. i statsallmenningane (fjellova)

Kapittel 1 Innleiande føresegner

§ 1-1 Formål

Denne lova har til formål å legge til rette for ein berekraftig bruk av statsallmenningane, til beste for dei med allmenningsrett, for samisk reindrift, for allmenningsbygdene og for allmenta.

Bruk og styring av statsallmenningane skal skje slik at allmenningsbruk, medrekna jakt og fiske for innanbygdsbuande, og samisk reindrift kan utøvast slik bruksrettshavarane og reindrifta har rett til. Statsallmenningane skal også brukast slik at tilgangen til jakt, fiske og friluftsliv blir sikra for allmenta.

Forslag til § 1-1 frå mindretal (Utgård, Smistad)

Denne lova har til formål å fremje næringslivet i bygdene gjennom å legge til rette for berekraftig styring og bruk av statsallmenningane.

Allmenningsbruk og samisk reindrift skal kunne utøvast slik jordbrukar med bruksrett og reindrifta har rett til, og tilgangen til jakt, fiske og friluftsliv skal sikrast for allmenta.

§ 1-2 Verkeområde

Føresegnene i lova gjeld for statsallmenningane. Kongen kan gjere vedtak om at lova heilt eller delvis skal gjelde for andre område som staten eig.

Lova gjeld ikkje for rettar i statsallmenning i kraft av særleg heimel.

Lova gjeld med dei avgrensingar som følger av ILO-konvensjon nr. 169 om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar. Lova skal brukast i samsvar med reglane i folkeretten om urfolk og minoritetar.

§ 1-3 Forvaltning av statsallmenningane

Fjellstyret skal administrere bruken av rettar i statsallmenningane så langt ikkje anna er fastsett i eller i medhald av lov. Fjellstyret forvaltar skogen i dei allmenningane der det er virkesrett. Statskog SF er grunneigar i statsallmenningane.

Forslag til § 1-3 frå mindretal (Utgård, Jåma og Smistad)

Fjellstyret skal administrere bruken av rettar i statsallmenningane så langt ikkje anna er fastsett i eller i medhald av lov. Statskog SF er grunneigar i statsallmenningane.

§ 1-4 Allment om avgjerdene

Fjellstyret og Statskog SF kan ikkje ta avgjerder som er til vesentleg skade eller ulempe for bruksrettshavarar i allmenningen eller for samisk reindrift. Det skal særleg leggast vekt på omsynet til eksisterande bruk i området.

For avgjerder eller tiltak frå grunneigar og fjellstyret som kan vere til vesentleg skade eller ulempe for samisk reindriftsutøving i samsvar med reindriftslova, gjeld reindriftslova § 63.

Forslag til § 1-4 frå mindretal (Jåma, Omma)

Fjellstyret og Statskog SF kan ikkje ta avgjerder som er til urimeleg eller unødvendig skade eller ulempe for bruksrettshavarar i allmenningen eller for samisk reindrift. Det skal særleg leggast vekt på omsynet til eksisterande bruk i området.

For avgjerder eller tiltak frå grunneigar og fjellstyret som kan vere til vesentleg skade eller urimeleg eller unødvendig ulempe for samisk reindriftsutøving i samsvar med reindriftslova, gjeld reindriftslova § 63.

Kapittel 2 Generelle reglar om den jordbrukstilknytte bruksretten (allmenningsretten)

§ 2-1 Vilkåra for jordbrukstilknytt bruksrett

Jordbrukstilknytt bruksrett i statsallmenning ligg til jordbrukseigedommar i bygd eller grend som frå gammal tid har utøvd slik bruksrett i allmenningen.

Med jordbrukseigedom er meint eigedommar som etter dyrka areal, plassering, bygningar og bruk har karakter av jordbruk. For bureisingsbruk er det ikkje krav om eksisterande bygningar.

§ 2-2 Innhaldet i den jordbrukstilknytte bruksretten

Eigar av eigedom med bruksrett etter § 2-1 kan utøve retten til dekning av eigedommen sitt behov ved drift som jordbruk. Retten kan utøvast på ein måte som til kvar tid er i samsvar med rasjonell bruk, og som er naturleg etter tida og tilhøva.

Er avkastinga til allmenningen ikkje tilstrekkeleg til å dekke det samla bruksbehovet skal fjellstyret gjere ei forholdsmessig avkorting.

Har ein eigedom jordbrukstilknytt bruksrett til dekning av samanfallande bruksbehov i fleire statsallmenningar, eller i både statsallmenning og bygdeallmenning, vel bruksrettshavaren sjølv kvar han vil ta ut ytinga.

§ 2-3 Sal, fråskriving, avløysing

Allmenningsrett kan ikkje ved sal eller på annan måte skiljast frå den jordbrukseigedommen som retten ligg til. Allmenningsretten kan heller ikkje fråskrivast eller krevjast avløyst mot vederlag.

§ 2-4 Utleige av eigedom med allmenningsrett

Ved utleige av eigedommen eller av heile jordvegen på eigedommen for minst to år kan leigaren i skriftleg avtale få rett til å nytte jordbrukstilknytt bruksrett i allmenningen. Dette gjeld likevel ikkje for tiltak som har verknad ut over leigetida. Virkesrett ut over retten til ved kan berre utøvast av ein leigar der dette er fastsett i skriftleg avtale mellom eigar og leigar.

Ein leigar må sende kopi av avtalen etter første ledd til fjellstyret før bruksretten kan nyttast.

§ 2-5 Register over eigedommar med allmenningsrett (jordbrukstilknytt bruksrett)

For kvar statsallmenning skal fjellstyret føre eit register over eigedommar som har jordbrukstilknytt bruksrett og over karakteren av slik bruksrett. Registeret skal innehalde opplysningar om dyrka areal, om tildelingar av ytingar frå allmenningen og kven som til kvar tid utøver bruksretten.

Registeret er grunnlag for innkalling til årsmøtet etter § 2-8.

Registeret er grunnlag for kven som har røysterett ved val av representantar for bruksrettshavarane til fjellstyret, jf. § 2-10.

Ved eigarskifte og ved andre hendingar som medfører endringar med omsyn til utøving av bruksretten (utleige, fråflytting, avvikling eller oppattaking av jordbruksdrift, dødsfall m.v.), skal det givast skriftleg underretning til fjellstyret.

Statskog SF skal ha innsyn i registeret.

§ 2-6 Bortfall av allmenningsrett (jordbrukstilknytt bruksrett)

Allmenningsretten fell bort:

  • 1. dersom jordbruksdrifta på eigedommen blir lagt ned, og

    • a) jorda blir teken i bruk til eit anna formål, eller

    • b) blir liggande nede i eit samanhengande tidsrom av fem år.

  • 2. dersom eigedommen ved fråsal, annan frivillig avståing, ekspropriasjon eller omdisponering taper karakteren av jordbruk etter § 2-1 andre ledd.

Blir jordbruksdrifta teken opp att på ein eigedom der allmenningsretten har falle bort etter første ledd nr. 1, gjeld § 2-1 tilsvarande for ny bruksrett.

Bortfall av allmenningsrett etter denne paragrafen skjer først når fjellstyret har teke avgjerd om det, og eigaren av vedkomande eigedom er skriftleg underretta om avgjerda. Fjellstyret har plikt til å ta avgjerd som nemnd når vilkåra etter første ledd er til stades. Blir det reist sak for jordskifteretten om avgjerda, kan fjellstyret gjere vedtak om at allmenningsretten skal stå ved lag til spørsmålet er rettskraftig avgjort.

Forslag frå mindretal (Borgnes)

Første ledd nr. 1 bokstav b går ut.

§ 2-7 Avgrensingar i utøvinga av dei jordbrukstilknytte bruksrettane

Bruksrett i statsallmenning skal ikkje vere til hinder for at fjellstyret vedtek og set i verk slike avgrensingar i utøvinga av bruksrettane som blir rekna som nødvendige for å halde oppe yteevna til allmenningen.

Vedtak som nemnt i første ledd kan også gå ut på avgrensingar i utøvinga av bruksrettane i delar av allmenningen av omsyn til naturgrunnlag og friluftsliv.

Avgrensingar i utøvinga av bruksrettane etter første og andre ledd kan gjelde for eit nærare fastsett tidsrom eller inntil vidare.

Fjellstyret skal syte for at avgrensingar i utøvinga av bruksrettane blir kunngjorde for bruksrettshavarane på tenleg måte. Avgrensingane gjeld frå fire veker etter at dei er kunngjorde, dersom ikkje eit anna tidspunkt for ikraftsetjinga er fastsett i kunngjeringa.

Forslag til § 2-7 frå mindretal (Helmen, Østerås)

Andre ledd går ut.

Tredje og fjerde ledd blir andre og tredje ledd.

§ 2-8 Årsmøte

Eigar av eigedom med jordbrukstilknytt bruksrett i dei allmenningane fjellstyret har ansvaret for, skal kallast inn til årsmøte innan utgangen av april månad kvart år. Innkallinga skal sendast med tre vekers varsel.

Årsmøtet vel ein møteleiar og ein referent på kvart møte. Den som blir valt til møteleiar skal kalle inn til årsmøte det etterfølgande året. Årsmøtet vel medlemmar til ein valkomité året etter at eit nytt fjellstyre er valt.

I dei åra det skal veljast fjellstyre, skal årsmøtet etter framlegg frå valkomiteen fremje forslag til kommunestyret om representantar og vararepresentantar til fjellstyret, som alle må vere registrerte som bruksrettshavarar i allmenningen etter § 2-5.

Årsmøtet kan gjere vedtak om at det i staden skal haldast årsmøte for kvar enkelt allmenning.

Årsmøtet kan uttale seg til fjellstyret i saker som er særleg viktige for bruksrettshavarane.

Forslag frå mindretal (Utgård, Jåma, Omma, Smistad, Velure)

Fjerde ledd går ut. Femte ledd blir fjerde ledd.

§ 2-9 Valkomité

Valkomiteen skal bestå av representantar for eigedommar med jordbrukstilknytt bruksrett

Valkomiteen skal ha minst tre medlemmar og kvar allmenning som ligg under fjellstyret skal kunne vere representert.

§ 2-10 Val av representantar for eigedommar med jordbrukstilknytt bruksrett

Valordning for representantar for eigedommar med jordbrukstilknytt bruksrett skal fastsetjast i bruksreglar, jf. § 4-24. Likestillings- og diskrimineringslova § 28 første til tredje ledd gjeld tilsvarande for valordninga.

Kapittel 3 Administrasjon og organisatoriske reglar

§ 3-1 Fjellstyret

I kvar kommune der det er statsallmenning skal det vere fjellstyre.

Hovudregelen er at det skal vere fem medlemmar i fjellstyret.

Fjellstyret skal ha minst to representantar for dei med jordbrukstilknytt bruksrett. Er det fleire allmenningar under kvart styre, kan fjellstyret ha ein representant for dei med jordbrukstilknytt bruksrett frå kvar allmenning. Årsmøtet fastset om kvar allmenning skal vere representert i fjellstyret. Kommunestyret sikrar ei balansert røysting når talet på representantar med jordbrukstilknytt bruksrett er fleire enn to.

Jakt-, fiske-, friluftsliv- og allmenne interesser skal vere representerte i fjellstyret.

Fleirtalet av medlemmane etter tredje og fjerde ledd skal vere fast busette i området der allmenningen ligg, eller i bygd eller grend der innbyggarane frå gammal tid har utøvd allmenningsbruk i allmenningen, jf. §§ 5-1 og 5-2.

Ligg ein allmenning heilt eller delvis innanfor det samiske reinbeiteområdet, jf. § 4 i reindriftslova, skal fjellstyret ha to representantar for samisk reindrift.

Medlemmane av fjellstyret skal ha personlege varamedlemmar.

I kommunar med fleire allmenningar kan kommunestyret ta avgjerd om at det skal vere fleire fjellstyre i kommunen. Slike vedtak kan berre gjerast etter søknad frå fjellstyret eller andre partar organiseringa vedkjem, og etter forslag frå fellesorganisasjonen for fjellstyra. Statskog SF skal ha høve til å uttale seg om spørsmålet.

Fjellstyret skal veljast for fire år.

Kommunelova §§ 15 og 16 nr. 3 gjeld tilsvarande så langt dei passar.

Forslag til § 3-1 frå mindretal (Utgård, Jåma, Omma, Smistad, Velure)

Kvar kommune der det er statsallmenning, skal ha eit fjellstyre med fem medlemmar.

Fjellstyret skal ha to representantar for dei med jordbrukstilknytt bruksrett.

Fjellstyret skal ha ein representant for jakt og fiske som skal vere fast busett i området der allmenningen ligg, eller i bygd eller grend der innbyggarane frå gammal tid har utøvd allmenningsbruk i allmenningen, jf. §§ 5-1 og 5-2. Det skal vere ein representant for friluftsliv og for jakt og fiske elles, og ein representant for allmenne interesser.

Ligg ein allmenning heilt eller delvis innanfor det samiske reinbeiteområdet, jf. § 4 i reindriftslova, skal fjellstyret utvidast med to representantar for samisk reindrift.

I kommunar der fjellstyret er styre for fleire allmenningar skal det leggast vekt på geografisk spreiing av dei som blir valde til fjellstyret.

Medlemmane av fjellstyret skal ha personlege varamedlemmar.

Fjellstyret skal veljast for fire år.

Kommunelova §§ 15 og 16 nr. 3 gjeld tilsvarande så langt dei passar.

§ 3-2 Oppnemning av fjellstyre

Kommunestyret skal nemne opp fjellstyre, jf. § 3-1, og mellom dei leiaren og nestleiaren for fjellstyret.

Årsmøtet skal fremje forslag til kommunestyret om representantar for dei med jordbrukstilknytt bruksrett og personlege varamedlemmar. Årsmøtet skal gjere framlegg om minimum to representantar til kvar plass i fjellstyret. Det skal vere like mange av kvart kjønn.

Vedkomande reinbeitedistrikt set fram forslag om representantar for samisk reindrift og personlege varamedlemmar. Reinbeitedistriktet skal gjere framlegg om minimum to representantar til kvar plass i fjellstyret. Det skal vere like mange av kvart kjønn.

Kommunestyret skal nemne opp medlemmane mellom dei det er gjort framlegg om etter andre og tredje ledd, og følge prioriteringane så langt råd er.

Kommunestyret vel representantar og personlege varamedlemmar etter § 3-1 fjerde ledd [mindretalet: tredje ledd] mellom anna etter forslag frå organisasjonar.

Likestillings- og diskrimineringslova § 28 første til tredje ledd gjeld tilsvarande.

Kommunelova § 14 første ledd bokstav a gjeld tilsvarande så langt dette samsvarer med § 3-1. Kommunelova § 14 første ledd bokstav a gjeld ikkje for representantar for samisk reindrift.

Styremedlemmane skal ha ei rimeleg godtgjersle for arbeidet. Godtgjersla skal fastsetjast av fjellstyret og dekkast av fjellkassa.

Kommunestyret set fristar for framlegg om representantar til fjellstyret. Er det ikkje kome inn forslag innan fristen eller er forslaget ikkje i samsvar med krav til forslag om representantar for begge kjønn, kan kommunestyret nemne opp på fritt grunnlag eller setje ny endeleg frist.

Forslag til § 3-2 frå mindretal (Utgård, Smistad)

Sjuande ledd går ut.

Åttande ledd blir nytt sjuande ledd, og skal lyde:

Styremedlemmane skal ha ei rimeleg godtgjersle for arbeidet. Godtgjersla skal fastsetjast av kommunestyret og dekkast av fjellkassa.

Niande ledd blir nytt åttande ledd.

§ 3-3 Val av fjellstyre frå fleire kommunar

Ligg ein statsallmenning i fleire kommunar, eller har bruksrettshavarar i fleire kommunar, kan representantane etter § 3-1 tredje ledd veljast frå desse kommunane, etter ei ordning som kommunestyra fastset etter forslag frå fellesorganisasjonen for fjellstyra.

Forslag til § 3-3 frå mindretal (Utgård, Jåma, Omma, Smistad, Velure)

Ligg ein statsallmenning i fleire kommunar eller har han bruksrettshavarar i fleire kommunar, kan det veljast eitt felles fjellstyre med representasjon frå desse kommunane, etter ei ordning som fellesorganisasjonen for fjellstyra fastset etter at kommunestyra har uttala seg.

Det samla talet på medlemmar og fordelinga av desse på interessegrupper skal vere som fastsett i [mindretalsforslaget til] § 3-1.

§ 3-4 Oppgåver for fjellstyret

Fjellstyret skal administrere bruksrettane etter kapittel 4, og forvalte jakt og fiske etter kapittel 5, og elles forvalte allmenningen slik det går fram av lova her så langt ikkje anna er fastsett i eller i medhald av lov.

Fjellstyret skal forvalte skogen i statsallmenningar med virkesrett etter reglane i kapittel 7. I dei tilfella ein statsallmenning blir forvalta etter bygdeallmenningslova, jf. § 7-3, skal fjellstyret ikkje forvalte skogen eller administrere virkesretten.

Fjellstyret skal legge til rette for friluftsliv for allmenta.

Forslag til § 3-4 frå mindretal (Utgård, Jåma, og Smistad)

Andre ledd første setning går ut.

Forslag til § 3-4 tredje ledd frå mindretal (Østerås)

Fjellstyret kan legge til rette for friluftsliv og naturopplevingar når ressursar og økonomi i allmenningen gjer dette mogleg.

§ 3-5 Særskilde oppgåver for fjellstyret – motorferdsel

Rett til å forby eller redusere motorferdsel i statsallmenning for andre enn Statskog SF ligg til fjellstyret.

Fjellstyret skal behandle søknader om motorferdsel i statsallmenningen og fastsetje vilkår for dette.

Eventuelle inntekter frå slik verksemd skal gå til fjellkassa.

Forslag til § 3-5 frå mindretal (Utgård, Jåma, Omma, Smistad)

Rett til å forby eller redusere motorferdsel i statsallmenning for andre enn Statskog SF ligg til fjellstyret. Fjellstyret kan tillate tidsavgrensa motorferdsel som ikkje krev tilrettelegging over lengre tid. Eventuelle inntekter frå slik verksemd skal gå til fjellkassa.

I tilfelle der det skal inngåast avtale om motorferdsel over lengre tid, eller der slik motorferdsel krev tilrettelegging, skal avtale om motorferdsel behandlast etter § 6-1 om grunndisponering.

§ 3-6 Særskilde oppgåver for fjellstyret – trening av hund

Fjellstyret kan, jf. hundelova § 8, gi løyve til at trening av hund kan finne stad i statsallmenningane og fastsetje vilkår for dette. Eventuelle inntekter frå slik verksemd skal gå til fjellkassa.

Forslag til § 3-6 frå mindretal (Utgård, Jåma, Omma, Smistad)

Fjellstyret kan, jf. hundelova § 8, gi samtykke til at trening av hund kan finne stad i statsallmenningane. Fjellstyret kan gi enkeltståande løyve til hundetrening som ikkje krev tilrettelegging. Eventuelle inntekter frå slik verksemd skal gå til fjellkassa.

I tilfelle der det skal inngåast avtale om trening av hund over lengre tid, eller der slik trening krev tilrettelegging, skal avtale om trening av hund behandlast etter § 6-1 om grunndisponering.

§ 3-7 Fjellkasse

Kvart fjellstyre skal ha ei fjellkasse. Inntekter til fjellstyret går inn i fjellkassa.

Fjellstyret disponerer midlar i fjellkassa til bruk til eiga drift og tiltak i allmenningen. Dernest kan fjellstyret tildele midlar til bruksrettshavarar, utøvarar av samisk reindrift, og til innanbygdsbuande for jakt og fiske. Slike midlar skal først tildelast tiltak innanfor allmenningen, dernest tiltak som har tilknyting til allmenningen. Det kan også givast tilskot til allmennyttige formål innanfor allmenningsbygdene.

Fjellstyret skal kunngjere at det kan søkast om midlar til tiltak og til allmennyttige formål.

Forslag til § 3-7 tillegg til andre ledd, etter første punktum, frå mindretal (Østerås)

Det skal først setjast av tilstrekkeleg med midlar til sikring og forbetring av allmenningen med sikte på ei best mogleg utnytting av produksjonsgrunnlaget og på det framtidige behovet for dei med bruksrett.

§ 3-8 Kommunesamanslåing

Ved samanslåing av ein eller fleire kommunar fungerer dei valde fjellstyra fram til første nye kommuneval. Det nye kommunestyret nemner opp nytt fjellstyre for kommunen etter føresegnene i § 3-2.

§ 3-1 åttande ledd gjeld tilsvarande.

Forslag til § 3-8 frå mindretal (Utgård, Jåma, Omma, Smistad, Velure)

Andre ledd går ut.

§ 3-9 Delegering/administrasjon

Fjellstyret kan tilsette administrativt personale. Fjellstyret kan delegere oppgåver til administrasjonen. Delegeringa kan ikkje gjelde prinsipielle eller særleg viktige saker.

§ 3-10 Fellesorganisasjonen for fjellstyra

Det skal vere ein fellesorganisasjon for fjellstyra, som skal vere finansiert med bidrag frå fjellstyra og grunneigarfondet. Finansieringa frå grunneigarfondet skal skje etter avtale mellom Statskog SF og fellesorganisasjonen. Ved usemje må departementet ta avgjerd.

Landsmøtet fastset den samla ramma for finansieringa. Bidraget frå fjellstyra skal vere fordelt i høve til omsetninga dei siste to åra.

Fellesorganisasjonen skal rettleie fjellstyra i arbeidet og i økonomiforvaltninga.

Forslag til § 3-10 første ledd frå mindretal (Utgård, Jåma, Omma, Smistad)

Det skal vere ein fellesorganisasjon for fjellstyra, som skal vere finansiert med bidrag frå fjellstyra.

§ 3-11 Landsmøte og styre for fellesorganisasjonen

Det skal haldast eit landsmøte for fjellstyra der alle fjellstyra kan vere representerte. Landsmøtet skal velje eit styre for fellesorganisasjonen. Landsmøtet fastset vedtekter for fellesorganisasjonen.

Styret for fellesorganisasjonen skal bestå av representantar frå fjellstyra. Det skal vere med to representantar for samiske reindriftsutøvarar og to representantar for dei tilsette i fjellstyra.

Styremedlemmane skal ha ei funksjonstid på opp til 4 år om gongen, etter fastsetjing i vedtektene for fellesorganisasjonen. Styret har ansvar for drifta av fellesorganisasjonen, og skal tilsette dagleg leiar for fellesorganisasjonen.

Styremedlemmane skal ha ei rimeleg godtgjersle for arbeidet. Godtgjersla skal fastsetjast av landsmøtet og blir dekt av fellesorganisasjonen.

Forslag til § 3-11 andre ledd frå mindretal (Utgård, Jåma, Omma, Smistad)

Styret skal vere samansett på same måten som eit fjellstyre, og slik at det er med to representantar for samiske reindriftsutøvarar og to representantar for dei tilsette i fjellstyra. Alle medlemmane, med unntak frå dei som er valde av dei tilsette, må sitje i eit fjellstyre.

Forslag til § 3-11 andre ledd frå mindretal (Østerås)

Styret for fellesorganisasjonen skal bestå av representantar frå fjellstyra, og der ulike brukargrupper er representerte.

Kapittel 4 Bruksrettar som ligg til jordbrukseigedom

§ 4-1 Rett til beite

Eigedom med beiterett har rett til å beite med så stor buskap som eigedommen kan vinterfø.

Fjellstyret kan likevel samtykke til at eigedommen kan sleppe større buskap på beite.

§ 4-2 Inngjerda beiteareal

Fjellstyret kan utvise beiteareal til heil eller delvis inngjerding til eigedom med beiterett som har behov for å føre jamt tilsyn med beitedyr. Fjellstyret kan setje vilkår for utvisinga.

Den som har fått utvist inngjerda beiteareal kan ikkje leige dette ut.

Dersom eigedommen ikkje lenger har behov for inngjerda areal kan fjellstyret føre det over til annan eigedom som treng inngjerda areal. Er det ingen annan eigedom som treng arealet skal fjellstyret pålegge beitebrukaren å fjerne gjerdet. Varsel om dette skal sendast skriftleg med frist på tre veker. Er det ikkje kjent kven som har gjerdet, skal varselet festast til gjerdet, med frist tre veker frå ein gitt dato. Dersom gjerdet ikkje blir fjerna skal fjellstyret fjerne gjerdet for beitebrukaren si rekning.

Forslag til § 4-2 andre ledd frå mindretal (Borgnes, Broch Hauge)

Den som har fått utvist inngjerda beiteareal kan leige dette ut med samtykke frå fjellstyret.

§ 4-3 Gjetarbu

Fjellstyret kan utvise areal til oppføring av gjetarbu til eigedom med beiterett som har behov for dette. Fjellstyret kan setje vilkår for utvisinga.

Den som har fått utvist gjetarbu kan leige henne ut med samtykke frå fjellstyret.

Dersom gjetarbua ikkje har vore i bruk til utøving av beiteretten dei siste fem åra eller eigedommen ikkje lenger har behov for gjetarbua, skal gjetarbua fjernast eller overlatast til fjellstyret. Fjellstyret kan då overføre gjetarbua til ein annan beitebrukar eller eit beitelag som treng gjetarbu. Dersom det ikkje er andre med behov skal fjellstyret pålegge beitebrukaren å fjerne gjetarbua. Varsel om dette skal sendast skriftleg med frist på tre veker. Er det ikkje kjent kven som har bua, skal varselet festast til bua, med frist tre veker frå ein gitt dato.

Dersom beitebrukaren ikkje fjernar gjetarbua etter pålegg frå fjellstyret skal fjellstyret fjerne gjetarbua for beitebrukaren si rekning.

Dersom fjerning eller overføring ikkje er aktuelt avgjer fjellstyret i samråd med Statskog SF kva som skal skje med gjetarbua.

Forslag til § 4-3 andre ledd frå mindretal (Utgård, Jåma, Omma, Smistad)

Den som har fått utvist gjetarbu, kan ikkje leige henne ut.

§ 4-4 Rett til tilleggsjord

Eigedom med allmenningsrett som kan dokumentere behov for det, har rett til å få utvist areal i allmenningen til dyrking eller til kulturbeite som tilleggsjord.

Fjellstyret står for utvisinga.

Den som har fått utvist tilleggsjord kan ikkje leige henne ut.

Dersom ikkje arealet er teke i bruk innan fem år, fell utvisinga bort.

Forslag til § 4-4 tredje ledd frå mindretal (Borgnes, Broch Hauge, Velure)

Den som har fått utvist tilleggsjord kan leige henne ut med samtykke frå fjellstyret.

Forslag til § 4-4 Utvising av tilleggsjord frå mindretal (Utgård, Jåma, Omma, Smistad)

Fjellstyret kan utvise areal i allmenningen til dyrking eller til kulturbeite til eigedom med allmenningsrett som kan dokumentere behov for det.

Den som har fått utvist tilleggsjord kan ikkje leige denne ut.

Dersom ikkje arealet er teke i bruk innan fem år, fell utvisinga bort.

§ 4-5 Opphøyr av rett til tilleggsjord

Retten til utvist tilleggsjord fell bort dersom arealet ikkje har vore i bruk dei siste ti åra. Fjellstyret kan då vise ut jorda til tidlegare brukar på ny eller vise ut jorda til annan bruksrettshavar med behov for tilleggsjord. Dersom dette ikkje blir gjort går tilleggsjorda tilbake til allmenningen. Fjellstyret kan pålegge bruksrettshavaren å fjerne eventuelle gjerde. Varsel om dette skal sendast skriftleg med tre vekers varsel.

Dersom gjerdet ikkje blir fjerna skal fjellstyret fjerne gjerdet for bruksrettshavaren si rekning.

§ 4-6 Rett til seter

Eigedom med beiterett som har behov for seter i samband med jordbruksdrifta, har rett til å få utvist seter av fjellstyret. Fjellstyret kan setje vilkår for utvisinga.

Bruksrettshavar kan få utvist seter åleine eller saman med andre bruksrettshavarar.

Er setra ikkje teken i bruk i samsvar med opplysningar gitt i søknaden, eller med vilkår som er sette for utvisinga, innan fem år frå vedtaket er fatta, fell retten til den utviste setra bort.

Seter som er utvist etter lova her, må drivast i samsvar med utvisinga i minst ti år. Blir dette ikkje gjort, fell retten til setra bort. Etter denne tiårsperioden gjeld tredje ledd i paragrafen her på vanleg måte.

Forslag til § 4-6 frå mindretal (Borgnes, Helmen, Velure, Østerås)

Fjerde ledd går ut

Forslag til § 4-6 første ledd frå mindretal (Utgård, Jåma, Omma, Smistad)

Eigedom med beiterett som har behov for seter i samband med jordbruksdrifta, kan av fjellstyret få utvist setervoll til seterhus og kve. Fjellstyret kan setje vilkår for utvisinga.

§ 4-7 Seter i bruk

Seter skal reknast for å vere i bruk så lenge setervollen blir hausta, eller gjerda inn og nytta til beite. Seter er også i bruk om den blir nytta til anna næring basert på driftsgrunnlaget på garden.

På seter som er i bruk kan seterbrukaren, med løyve frå fjellstyret, setje opp, utvide og endre hus og endre arealet for inngjerding for ein rasjonell bruk av setra i jordbruksdrifta.

Seterbrukaren kan som ledd i gardstilknytt næring med samtykke frå fjellstyret leige ut seterhus i opp til ti år om gongen.

§ 4-8 Opphøyr av rett til seter

Rett til etablert seter fell bort dersom setra ikkje har vore i drift i ein periode på 20 år.

Retten fell også bort når seterbrukaren seier frå seg retten til etablert seter som ligg til jordbrukseigedommen, eller med løyve frå fjellstyret overfører henne til annan bruksrettshavar med rett til seter.

Fjellstyret skal fatte vedtak om at retten til utvist seter har falle bort når vilkår for bortfall ligg føre.

§ 4-9 Ny utvising av etablert seter

Når rett til utvist seter har opphøyrt etter § 4-8, kan fjellstyret vise ut setervollen til eigedom med allmenningsrett som treng seter i drifta, også når eigedommen har seter frå før. Fjellstyret skal i tilfelle gjere vedtak om at den førre seterbrukaren skal fjerne husa om han ikkje innan ei viss tid fører dei over til den nye brukaren. Dersom seterbrukaren ikkje fjernar husa kan fjellstyret fjerne dei for beitebrukaren si rekning.

§ 4-10 Seter som ikkje lenger er i bruk der brukaren har allmenningsretten i behald

Når setra ikkje blir vist ut til andre bruksrettshavarar, kan den tidlegare seterbrukaren søke om å få ha seterhusa ståande. Fjellstyret kan gi løyve til at seterbrukaren kan ha seterhusa med nødvendig tomt vederlagsfritt i opp til ti år om gongen. Seterbrukaren må syte for å halde ved like husa på setra.

Dersom det ikkje er aktuelt å vise ut setra, eller fjellstyret ikkje gir løyve etter første ledd, kan fjellstyret rå over setervollen.

Dersom ingen av alternativa etter andre ledd er aktuelle kan fjellstyret pålegge den tidlegare seterbrukaren å fjerne seterhusa. Dersom seterbrukaren ikkje fjernar husa kan fjellstyret fjerne husa for seterbrukaren si rekning.

Fjellstyret kan leige ut seterhus der seterretten har falle bort og der fjellstyret har hand om seterhusa, for opp til ti år utan rett til fornying til formål som kjem allmenta til gode.

§ 4-11 Seter til eigedom der allmenningsretten har falle bort

Når ein eigedom har mista allmenningsretten etter § 2-6, skal fjellstyret fatte vedtak om at retten til seter knytt til eigedommen har falle bort.

§§ 4-9 og 4-10 gjeld tilsvarande.

Forslag til § 4-11 andre ledd frå mindretal (Utgård, Smistad, Velure)

§§ 4-9 og 4-10 andre og tredje ledd gjeld tilsvarande. Dersom ingen andre har behov for setra, kan den tidlegare seterbrukaren søke Statskog SF om tomt til å ha husa ståande. I tilfelle Statskog SF får delt frå tomt og finn at tomta kan overdragast, står føretaket fritt til om tomta skal festast bort eller seljast til den tidlegare seterbrukaren.

§ 4-12 Rett til utbygging av mindre kraftverk

Eigedom med jordbrukstilknytt bruksrett har rett til å få bygge ut mindre kraftverk i allmenningen åleine eller saman med andre bruksrettshavarar til eige forbruk. Det kan i bruksreglane fastsetjast at berre fjellstyret skal disponere fallrettane, eller at fallrettar for bygging av kraftverk over ein viss størrelse ligg til fjellstyret. Mindre kraftverk er her anlegg som fell under konsesjonsgrensene i vannfallrettigheitslova § 2 første ledd.

Fjellstyret kan setje vilkår for eit løyve.

Forslag til § 4-12 frå mindretal (Utgård, Hjelle, Parmann)

Eigedom med jordbrukstilknytt bruksrett kan få løyve til å få bygge ut mindre kraftverk i allmenningen åleine eller saman med andre bruksrettshavarar til eige forbruk. Mindre kraftverk er i lova her kraftverk som er laga for å forsyne den eller dei aktuelle setrene eller gardsbruk som ligg i allmenningen med elektrisk straum.

Fjellstyret kan setje vilkår for eit løyve.

Forslag frå mindretal (Jåma, Omma, Smistad)

§ 4-12 går ut.

§ 4-13 Virkesrett

Eigedom med virkesrett i statsallmenningen har rett til trevirke til dekning av eigedommen sitt behov ved drift som jordbruk.

§ 4-14 Driftsform

Eigedom med virkesrett har rett til å hogge og drive ut virke etter utvising (enkeltpersondrift).

Driftsform for utøving av virkesretten skal vere regulert i bruksreglar etter § 4-24. Utøving av virkesretten kan enten skje ved enkeltpersondrift etter § 4-15 eller ved fellesdrift etter § 4-16. Statskog SF skal ha høve til å uttale seg om val av driftsform før fjellstyret gjer vedtak.

Forslag til § 4-14 frå mindretal (Utgård, Jåma, Omma og Smistad)

Utøving av virkesrett skal som hovudregel skje ved fellesdrift. Virkesrettshavarane har rett til å kjøpe det virket dei har behov for med eit prisavslag som svarer til rotverdien (virkesrabatt) eller få eit tilskot til virke som svarer til verdien av virket dei har krav på (virkestilskot).

Eigedom med virkesrett har rett til å hogge og drive ut virke etter utvising (enkeltpersondrift).

§ 4-15 Enkeltpersondrift

Når virkesretten blir utøvd ved enkeltpersondrift skal hogst berre skje etter tildeling frå fjellstyret og utvising frå skogforvaltar etter § 7-1.

Utvisinga fell bort eitt år etter at den vart gjort kjent for virkesrettshavaren, dersom ikkje tidsfristen på grunn av driftsforholda eller av andre særlege grunnar blir forlenga til to år. Etter utløpet av fristen kan det utviste virket ikkje hoggast utan at ny utvising er gitt. Felt virke som er i allmenningen eller på opplagsplass som blir disponert av allmenningen, og som virkesrettshavaren ikkje har fjerna innan ein gitt frist, kan fjellstyret​ rå over. Virkesrettshavaren kan ikkje som følge av dette krevje betaling for hogst og framdrift, og heller ikkje refusjon av betalte avgifter.

§ 4-16 Fellesdrift

Når virkesretten blir utøvd ved fellesdrift har virkesrettshavarane rett til å få kjøpe det virket dei har behov for med eit prisavslag som svarer til rotverdien (virkesrabatt) eller få eit tilskot som svarer til verdien av virket dei har krav på (virkestilskot).

Dersom utbetalt virkestilskot etter første ledd ikkje er nytta innan to år, kan fjellstyret krevje at virkesrettshavaren betaler tilskotet tilbake.

Skogforvaltar etter § 7-1 skal ha dekt kostnadene ved drifta.

§ 4-17 Skogfond og avgifter

Er det utvist virke ved enkeltpersondrift etter § 4-15, skal virkesrettshavaren betale inn skogfond til allmenningen. Prosenten som skal setjast av til skogfond og fristen for innbetaling, skal gå fram av utvisinga.

Er virkesretten utøvd ved fellesdrift etter § 4-16 og salsdrifter skal skogforvaltaren etter § 7-1 betale inn til skogfondet til allmenningen.

Fjellstyret kan også krevje at virkesrettshavaren skal betale eventuelle avgifter som er fastsette i bruksreglane for allmenningen.

Forslag til § 4-17 frå mindretal (Utgård, Jåma og Smistad)

Når virkesretten blir utøvd etter utvising etter § 4-15, skal skogfond etter skogbrukslova § 14 betalast inn til Statskog SF eller til fjellstyret innan ein frist som blir sett når virkesrettshavaren blir underretta om tildelinga.

Virkesrettshavarane kan også påleggast å betale ei avgift som skal dekke godtgjersle til fjellstyret, utgifter til val av representantar til fjellstyret og dei utgiftene fjellstyret har til å administrere virkesretten.

§ 4-18 Bruk av motteke virke og tilskot

Motteke virke må handterast forsvarleg og skal nyttast innan rimeleg tid.

Virkesrettshavarane skal nytte virke og andre ytingar frå allmenningen til det formålet som er grunnlaget for tildelinga. Sal og eit kvart anna tiltak eller bruk til andre formål utan etter samtykke frå fjellstyret er forbode.

§ 4-19 Kårbygningar

For eigedommar med virkesrett omfattar retten også virke til oppføring og vedlikehald av kårbygningar når den jordbruksmessige karakteren til eigedommen tilseier slik bustad.

§ 4-20 Driftsbygningar for utvida produksjon

For driftsbygningar som er innretta på eller planlagt for vesentleg større produksjon enn fôrgrunnlaget til eigedommen gir føresetnad for, kan virkesretten berre utøvast for ein slik part til oppføring og vedlikehald som svarer til behovet ved vanleg jordbruksdrift på eigedommen.

§ 4-21 Tilhøvet til forsikring

Virkesrettshavar kan ikkje nytte virkesretten til å føre opp på nytt eller utbetre skadde bygningar som har vore fullverdiforsikra. For bygningar som har vore forsikra etter ein lågare verdi, gjeld det same for den del av oppattføring eller utbetringa som blir dekt av forsikringssummen.

Fjellstyret kan i bruksreglar etter § 4-24 fråvike desse reglane.

§ 4-22 Misbruk av virkesretten

Ved brot på reglane om utvising og bruk av virke eller virkestilskot, kan fjellstyret gjere om tildelinga og krevje virket eller tilskotet tilbake. Virkesrettshavaren kan også få pålegg om å erstatte verditap på virke som blir levert tilbake, om verditapet kjem av brot på føresegna i § 4-18.

Dersom virkesrettshavaren har handla sterkt kritikkverdig, til dømes ved å selje motteke virke, kan fjellstyret også nekte vedkomande ny tildeling for eit tidsrom på opp til fem år.

§ 4-23 Fordeling av inntekter vunne på kostnad av virkesretten

Når inntekter til fjellkassa må sjåast som vunne på kostnad av virkesretten skal den delen av inntektene som svarer til tapte skoginntekter overførast til allmenningsfondet i vedkomande allmenning. I statsallmenningar som er forvalta etter bygdeallmenningslova, jf. § 7-3, kan allmenningsstyret krevje å få overført ein del av inntektene, svarande til dei tapte skoginntektene.

§ 4-24 Bruksreglar for allmenningen

Det skal utarbeidast reglar for utøving av dei jordbrukstilknytte bruksrettane (bruksreglar) i allmenningen. Bruksreglane må ikkje stride mot lova her. Bruksreglane er bindande, og skal ligge til grunn for forvaltninga av bruksrettane i vedkomande allmenning.

Bruksreglane skal, så langt spørsmåla kan vere aktuelle i vedkomande allmenning, innehalde:

  • a) valordning for representantar for eigedommar med jordbrukstilknytt bruksrett, jf. § 2-10

  • b) nærare reglar om beitebruk, jf. §§ 4-1 og 4-2

  • c) nærare reglar om gjetarbu jf. § 4-3

  • d) nærare reglar om tilleggsjord, jf. §§ 4-4 og 4-5

  • e) nærare reglar om seter, jf. §§ 4-6 til 4-11

  • f) nærare reglar om bygging av små kraftverk, jf. § 4-12

  • g) driftsform for utøving av virkesrett, jf. § 4-14

  • h) fristar som gjeld for utøving av virkesretten, og om kva søknader om ytingar må innehalde, jf. §§ 4-15 og 4-16

  • i) retningslinjer for tildeling av virke, eventuelt om virkesrabatt, virkestilskot og om tilskot til materialar som erstattar uttak av virke, jf. §§ 4-15 og 4-16

  • j) fastsetjing av avgifter etter § 4-17 tredje ledd

  • k) størrelse og standard for kårbygning som skal dekkast av virkesretten, jf. § 4-19

  • l) retningslinjer for bruk av virkesrett ved oppattføring og utbetring av bygningar som har vore skadd og som er forsikra, jf. § 4-21

  • m) føresegner om kontroll med bruken av ytingane til virkesrettshavarane, jf. § 4-22.

Utover dette kan bruksreglane ha reglar om anna bruksrettsutøving tilpassa den enkelte allmenning.

Forslag til § 4-24 frå mindretal (Jåma, Omma, Smistad)

Bokstav f går ut.

§ 4-25 Utarbeiding og vedtak om bruksreglar

Årsmøtet for bruksrettshavarane foreslår bruksreglar for fjellstyret. Fjellstyret skal legge dette ut til høyring med ein frist på minst seks veker.

Fjellstyret vedtek bruksreglar.

Fellesorganisasjonen skal prøve om bruksreglane er i strid med lova.

Forslag til § 4-25 frå mindretal (Østerås)

Fjellstyret skal utarbeide utkast til bruksreglar for allmenningen, og legge det ut til høyring. Høyringsfristen skal vere minst seks veker.

Fjellstyret skal legge fram utkast til bruksreglar for årsmøtet. Uttalar som har kome inn i høyringa, skal leggast fram for årsmøtet.

Årsmøtet tek avgjerd og fastset dei endelege bruksreglane. Årsmøtet kan bestemme at fjellstyret kan vedta bruksreglar.

Fellesorganisasjonen for fjellstyra skal prøve om bruksreglane er i strid med lova.

§ 4-26 Kunngjering og ikraftsetjing av bruksreglar

Fjellstyret skal kunngjere endelege bruksreglar, som trer i kraft fire veker etter at dei er kunngjorde.

Kapittel 5 Jakt, fangst, felling og fiske

§ 5-1 Definisjonar

Med innanbygdsbuande er meint personar som er fast busette i området der allmenningen ligg, eller i bygd eller grend der innbyggarane frå gammal tid har utøvd allmenningsbruk i allmenningen.

Med utanbygdsbuande er meint personar som er busette i Noreg, men som ikkje er innanbygdsbuande etter første ledd.

§ 5-2 Grenser for kven som er rekna som fast busette i området der allmenningen ligg

Grensene for området der allmenningen ligg skal vere i samsvar med kommunegrensene frå 1956 når det gjeld småviltjakt unnateke bever, fangst av småvilt, og villreinjakt og fiske. For jakt på bever og storvilt unnateke villrein skal grensene vere i samsvar med kommunegrensene frå 28. oktober 2015.

§ 5-3 Administrering av jakt- og fiskerett m.v.

Fjellstyret administrerer retten på vegner av alle med jakt- og fiskerett.

Dei som får løyve til jakt og fiske etter dette kapittelet, kan ikkje selje eller leige denne retten vidare.

§ 5-4 Pris på jaktkort

Kongen gir forskrift om pris på jaktkort i statsallmenning.

Fjellstyret kan setje ulik pris for innanbygdsbuande og for utanbygdsbuande. Prisen kan også setjast ulik for småviltjakt med og utan hund.

Det skal vere lik pris for innanbygdsbuande og utanbygdsbuande for jakt på storvilt unnateke villrein.

Forslag til § 5-4 frå mindretal (Utgård, Omma)

Fjellstyret gjer vedtak om pris på jaktkort i statsallmenning.

Fjellstyret kan setje ulik pris for innanbygdsbuande og for utanbygdsbuande.

§ 5-5 Jakt- og fiskekort og rapportering

Jakt, fangst og fiske i statsallmenning kan berre drivast mot løysing av jakt- og fiskekort. Kongen gir forskrift om løysing av jaktkort og om kontroll med jakt, fangst og fiske i statsallmenning.

Innehavaren skal ha jakt- og fiskekort eller tilsvarande dokumentasjon med seg under jakt, fangst og fiske og pliktar å vise det fram når dette blir kravd av oppsynet, politiet eller nokon frå fjellstyret.

Fjellstyret kan krevje at jegerar og fiskarar leverer rapport om jakt-, fangst- og fiskeresultat straks jakta, fangsten eller fisket er avslutta.

Fjellstyret kan gi gebyr for manglande rapportering av jakt, fangst og fiske.

Fjellstyret kan nekte å skrive ut jakt- og fiskekort til den som i dei tre siste åra har brote reglar om jakt og fiske gitt i eller i medhald av lov eller som er fastsette av fjellstyret.

§ 5-6 Vedtak om at allmenningen skal vere med i eit større jakt- eller fiskeområde og om utleige

Fjellstyret kan gjere vedtak om at statsallmenning eller del av statsallmenning skal vere med i eit større jakt- eller fiskeområde, når dette er føremålstenleg av omsyn til utøvinga av jakta eller fisket i allmenningen.

Under same vilkår kan fjellstyret gjere vedtak om at småviltjakta eller fisket i statsallmenning eller del av statsallmenning skal leigast bort til ein organisasjon som har fremje av jakt og fiske som formål.

Vedtak etter denne paragrafen må godkjennast av departementet, og skal ikkje føre til at rettshavarar blir stilt vesentleg dårlegare enn før med omsyn til å kunne få høve til fiske.

§ 5-7 Uttale frå kommunen

Før fjellstyret tek avgjerd etter §§ 5-6 første og andre ledd, 5-9 andre punktum, 5-10 første, andre og tredje ledd, 5-11 andre, tredje og fjerde ledd, 5-12 andre og tredje ledd, 5-13 andre ledd, 5-14 andre ledd og 5-16 første ledd, skal kommunen uttale seg. Er det usemje mellom fjellstyret og kommunen, må fjellstyrevedtaket leggast fram for departementet som tek avgjerd i saka.

§ 5-8 Småviltjakt utan hund

I statsallmenning skal dei som er fast busette i Noreg ha rett til under like vilkår å oppnå høve til å drive småviltjakt utan hund.

§ 5-9 Småviltjakt med hund og fangst av småvilt

Fjellstyret avgjer om det skal givast løyve til å drive fangst av småvilt og småviltjakt med hund. Fjellstyret avgjer om slikt løyve berre skal givast til dei som er innanbygdsbuande, eller om det også skal givast slikt løyve til utanbygdsbuande.

§ 5-10 Reguleringar i småviltjakta

Fjellstyret kan regulere talet på vilt av ulike slag som nokon kan felle eller fange, og regulere tida, måten og området for jakta og fangsten.

Fjellstyret kan òg regulere talet på dei som kan få høve til å drive fangst av småvilt, på dei som kan få høve til å drive småviltjakt utan hund og på dei som kan få løyve til å drive jakt med hund på slikt vilt.

Ved eventuell regulering av talet på dei som kan få høve til småviltjakt utan hund, må fjellstyret sjå til at det blir ein rimeleg balanse mellom innan- og utanbygdsbuande.

Kongen gir forskrift om jakt på småvilt i statsallmenning.

§ 5-11 Villreinjakt

Fjellstyret gir, i samsvar med tildelte kvotar, løyve til jakt på villrein i statsallmenning.

Fjellstyret avgjer om løyve til slik jakt berre skal givast til dei som er innanbygdsbuande, eller om det også skal givast slikt løyve til utanbygdsbuande.

Fjellstyret kan dele tida for jakt på villrein inn i periodar. Fjellstyret kan dele opp allmenningen i ulike jaktfelt og gi samtykke til lagsjakt.

Fjellstyret kan inngå overgangsavtale med grunneigarar på areal som ikkje er statsallmenning eller med fjellstyret for annan statsallmenning for å oppnå ei betre forvaltning av jakta.

Kongen gir forskrift om jakt på villrein i statsallmenning.

§ 5-12 Jakt på storvilt unnateke villrein

I statsallmenning skal dei som er fast busette i Noreg ha rett til under like vilkår å oppnå høve til å drive jakt på storvilt unnateke villrein.

Fjellstyret kan dele opp allmenningen i ulike jaktfelt.

Dersom det er nødvendig å regulere talet på jegerar som får høve til jakt på storvilt unnateke villrein, må fjellstyret sjå til at det blir ein rimeleg balanse mellom innanbygdsbuande og utanbygdsbuande jegerar og jaktlag.

Kongen gir forskrift om jakt på storvilt unnateke villrein i statsallmenning.

§ 5-13 Fiske med stong og handsnøre

I statsallmenning skal dei som er busette i Noreg ha rett til under like vilkår å oppnå høve til å drive fiske med stong og handsnøre.

Fjellstyret kan gi løyve til å fiske med stong og handsnøre også til personar som er busette utanfor Noreg.

§ 5-14 Fiske med annan reiskap enn stong og handsnøre

Fjellstyret kan gi løyve til å drive fiske med annan reiskap enn stong og handsnøre til innanbygdsbuande. Gardar og bygdelag som har drive fiske med fastståande reiskap frå gammal tid, skal ha førerett til slikt fiske.

Fjellstyret kan også gi slikt løyve til utanbygdsbuande dersom det ikkje vil gå ut over dei innanbygdsbuande sine rettar.

§ 5-15 Pris på fiskekort

Kongen gir forskrift om pris på fiskekort i statsallmenning.

For fiske med stong og handsnøre skal prisen vere lik for innanbygdsbuande og utanbygdsbuande. Prisen kan setjast ulik for innanbygdsbuande som får løyve til fiske med anna slags reiskap enn stong og handsnøre, utanbygdsbuande som får slikt løyve, og for personar som ikkje er busette i Noreg som får løyve til fiske med stong og handsnøre. Prisen kan også setjast ulik for fiske med stong og handsnøre, for fiske med oter og for fiske med fastståande reiskap.

Føresegnene i lakse- og innlandsfisklova om barns fiske gjeld tilsvarande.

Forslag til § 5-15 frå mindretal (Utgård, Omma)

Fjellstyret gjer vedtak om pris på fiskekort i statsallmenning.

Prisen kan setjast ulik for innanbygdsbuande, utanbygdsbuande og for personar som ikkje er busette i Noreg.

Føresegnene i lakse- og innlandsfisklova om barns fiske gjeld tilsvarande.

§ 5-16 Reguleringar i fisket

Fjellstyret kan avgrense talet på fiskekort og også elles innskrenke og regulere fiske og reiskapsbruk. Innskrenkingar i fiske med stong og handsnøre for innanbygdsbuande og utanbygdsbuande må i tilfelle skje slik at det blir rimeleg balanse mellom innan- og utanbygdsbuande.

Fjellstyret kan gjere vedtak om at einskilde område av allmenningen skal fredast for alt fiske for eit tidsrom av opp til ti år om gongen. Godkjent vedtak om dette skal kunngjerast minst fire veker før vedtaket tek til å gjelde.

§ 5-17 Jakt- og fiskehytter og naust

Fjellstyret kan føre opp nødvendige jakt- og fiskehytter og naust i statsallmenning. Statskog SF utviser tomt til slike bygningar.

§ 5-18 Jakt- og fiskebuer m.v. frå før 1920

Avtalar om rett til jakt- og fiskebuer m.v. frå før 1920 gjeld så lenge bygningen blir halden ved like. Dersom det ikkje er aktuelt å la bygningen følge med når garden blir overdregen, skal slik bygning tilførast fjellstyret i allmenningen. Med samtykke frå fjellstyret kan ein slik bygning overførast til annan eigar av gard med bruksrett i allmenningen.

Forslag til § 5-18 frå mindretal (Utgård, Smistad, Velure)

Avtalar om rett til jakt- og fiskebuer m.v. frå før 1920 gjeld så lenge bygningen blir halden ved like. Med samtykke frå fjellstyret kan ein slik bygning overførast til person som er innanbygdsbuande jf. § 5-1, eller til eigar av gard med jordbrukstilknytt bruksrett i allmenningen. Dersom ei jakt- og fiskebu blir overdregen til andre enn desse, har brukaren ikkje lenger rett til å ha bygningen ståande i allmenningen.

§ 6-3 [frå mindretal] gjeld tilsvarande.

Kapittel 6 Grunndisponering

§ 6-1 Grunndisponering

Grunndisponering kan berre gjerast av Statskog SF dersom ikkje anna er fastsett i lov.

Med grunndisponering blir meint større, varige fysiske inngrep i grunnen som ikkje er ein konsekvens av bruksrettsutøving eller følger av anna særskilt rettsgrunnlag.

Før Statskog SF tek avgjerd om grunndisponering, skal fjellstyret og i tilfelle allmenningsstyret uttale seg om tiltaket.

Forslag til § 6-1 frå mindretal (Utgård, Jåma, Omma, Smistad)

Grunndisponering kan berre gjerast av Statskog SF dersom ikkje anna er fastsett i lov.

Med grunndisponering blir meint fysiske inngrep i grunnen og anna arealdisponering som ikkje er bruksrettsutøving eller følger av særskilt rettsgrunnlag.

§ 6-2 Bortfeste og avhending

Statskog SF kan leige ut (feste bort) grunn i statsallmenningane.

Med dei unntak som følger av tredje ledd i denne paragrafen kan grunn i statsallmenningane ikkje avhendast til eige.

Det kan berre avhendast grunn:

  • a) som er dyrka eller skal brukast som gardsbruk eller som tilleggsjord som er arrondert til eit gardsbruk

  • b) i særlege tilfelle til byggetomter for bustadhus

  • c) til innløysing av slike tomter etter tomtefestelova.

Forslag til § 6-2 tredje ledd frå mindretal (Utgård, Smistad, Velure)

Det kan avhendast grunn:

  • a) som er dyrka eller skal brukast som gardsbruk eller som tilleggsjord som er arrondert til eit gardsbruk

  • b) til byggetomter for bustadhus eller fritidshus

  • c) til innløysing av slike tomter etter tomtefestelova

  • d) når seter der allmenningsretten er fallen bort skal seljast, jf. § 4-11.

Forslag til § 6-2 frå mindretal (Utgård og Smistad)

  • e) til utbygging av vassfall når falla på tenleg vis kan byggast ut til kraftproduksjon.

§ 6-3 Særleg om tomt til jakt- eller fiskebu

For retten til tomt til jakt- eller fiskebu som brukaren ikkje lenger har høve til å ha, gjeld § 4-10.

Forslag til § 6-3 frå mindretal (Utgård, Smistad, Velure)

For retten til tomt til jakt- eller fiskebu som brukaren ikkje lenger har høve til å ha, jf. § 5-18, kan brukaren søke Statskog SF om rett til tomta. I tilfelle Statskog SF får delt frå tomta og finn at tomta skal overdragast står føretaket fritt til å velje om tomta skal festast bort eller seljast.

§ 6-4 Inntekter frå grunndisponering

Statskog SF er ansvarleg for å forvalte eit fond for grunneigarinntektene (grunneigarfondet), og for at grunneigarinntektene blir delte mellom fondet og vedkomande fjellkasse.

Alle brutto inntekter frå grunndisponering skal fordelast likt mellom grunneigarfondet og vedkomande fjellkasse.

Statskog SF skal bruke midlane i fondet til å dekke kostnader ved administrasjon av statsallmenningane og til ein fellesorganisasjon for fjellstyra. Har grunneigarfondet overskot skal dette nyttast til tiltak i allmenningane.

Statskog SF fører rekneskap for grunneigarfondet.

Forslag til § 6-4 frå mindretal (Utgård, Jåma, Omma, Smistad)

Statskog SF er ansvarleg for å forvalte eit fond for grunneigarinntektene (grunneigarfondet).

Alle inntekter frå grunndisponering går inn på fondet. Statskog SF dekker først eigne kostnader med drift og administrasjon i statsallmenningane.

Deretter skal midlane kvart år fordelast likt mellom grunneigarfondet og vedkomande fjellkasse. Inntekter frå før ikraftsetjinga av lova skal likevel berre delast for inntekter frå feste av hytter og hotell.

Kapittel 7 Skogforvaltning m.m.

§ 7-1 Skogforvaltar

Fjellstyret forvaltar skogen i statsallmenningar med virkesrett. Fjellstyret i statsallmenningar med virkesrett skal knytte til seg skogfagleg kompetanse som skal bistå fjellstyret i den daglege forvaltninga og drifta av skogen.

Statskog SF forvaltar skogen i statsallmenningar utan virkesrett.

Forslag til § 7-1 frå mindretal (Utgård, Jåma, Smistad)

Statskog SF forvaltar skogen i statsallmenningane. I statsallmenningar med virkesrett skal forvaltninga skje i samråd med fjellstyret.

§ 7-2 Skogbruksplan

Det skal til ei kvar tid vere ein oppdatert skogbruksplan etter skogbrukslova § 5 for drift og skjøtsel av skogen i ein statsallmenning.

Skogbruksplanen skal innehalde skogregistreringar som gir oversikt over skog- og miljøressursane på eigedommen og ein plan for forvaltninga av desse. Planen skal også innehalde dei nødvendige opplysningar om skogen og ein plan for avverking og investeringar.

Skogforvaltar etter § 7-1 har ansvaret for at skogbruksplanen blir utarbeida og oppdatert. Statskog SF skal ha rett til å uttale seg om skogbruksplanen før den blir fastsett.

Forslag til § 7-2 tredje ledd frå mindretal (Utgård, Jåma, Smistad)

Statskog SF har ansvaret for at skogbruksplanen blir utarbeida. Fjellstyret skal ha høve til å uttale seg om skogbruksplanen før den blir fastsett.

§ 7-3 Forvaltning etter bygdeallmenningslova

Virkesrettshavarar kan med 2/3 fleirtal søke fellesorganisasjonen om at statsallmenningen skal bli forvalta etter bygdeallmenningslova kapittel 2 til 5 når det gjeld skogforvaltning og utøving av virkesrett. Fellesorganisasjonen for fjellstyra gjer framlegg for kommunestyret, som avgjer søknaden.

Virkesrettshavarane kan med 2/3 fleirtal søke om at statsallmenningen ikkje lenger blir forvalta etter bygdeallmenningslova kapittel 2 til 5 når det gjeld skogforvaltning og utøving av virkesrett. Fellesorganisasjonen gjer framlegg til kommunestyret, som avgjer søknaden.

Forslag til § 7-3 første ledd frå mindretal (Utgård, Jåma, Smistad)

Virkesrettshavarane kan med 2/3 fleirtal vedta å be fjellstyret om å søke fellesorganisasjonen for fjellstyra om at statsallmenningen blir forvalta etter bygdeallmenningslova kapittel 2 til 5 når det gjeld skogforvaltning og utøving av virkesrett. Fellesorganisasjonen gjer vedtak etter at kommunestyret har uttala seg. Statskog SF må samtykke.

§ 7-4 Allmenningsfond

Fjellstyret skal ha eit allmenningsfond for kvar av dei allmenningane der fjellstyret administrerer skogen.

Inntektene frå skogsdrifta i desse allmenningane skal gå inn i allmenningsfondet.

Allmenningsfondet skal nyttast til å dekke virkesretten der denne blir utøvd etter § 4-16 og investeringar i skogen i allmenningen som allmenningsfondet høyrer til.

Dersom det er klart at allmenningsfondet er tilstrekkeleg til å dekke skyldnadene etter føresegna i tredje ledd, kan fjellstyret med samtykke frå fellesorganisasjonen føre det overskytande over til fjellkassa for bruk i samsvar med § 3-7.

Føresegna i § 11-2 gjeld tilsvarande.

Forslag til § 7-4 frå mindretal (Utgård, Jåma, Smistad)

Inntektene frå skogsdrift i allmenningane skal gå inn i allmenningsfondet. Kvar allmenning skal ha eit allmenningsfond med mindre anna er bestemt av Statskog SF og fjellstyret i fellesskap. Det skal likevel ikkje i noko tilfelle vere allmenningsfond der Statskog SF gir garanti for dekning av virkesretten.

Midlar i eit allmenningsfond skal overførast til Statskog SF dersom føretaket garanterer for virkesretten.

Allmenningsfondet blir forvalta av Statskog SF og fjellstyret i fellesskap.

Føresegna i § 11-2 gjeld tilsvarande.

§ 7-5 Erstatningar

Inntekter frå vern av skog etter naturmangfaldlova skal tilførast allmenningsfondet for vedkomande allmenning med virkesrett og plasserast på ein særskilt konto. Av erstatningane kan berre avkastning utover inflasjon brukast, og berre til å dekke virkesretten når den ikkje kan dekkast på annan måte.

Føresegna i § 11-2 gjeld tilsvarande.

Statskog SF kan etter avtale med vedkomande fjellstyre bruke erstatningsmidlar til å kjøpe areal med skog som går inn i allmenningen.

Forslag til § 7-5 nytt siste ledd frå mindretal (Utgård, Jåma, Smistad)

Føresegna i § 7-4 andre ledd [mindretalet] gjeld tilsvarande

Kapittel 8 Utleige

§ 8-1 Utleige av husdyrbeite, gjetarbu, seter og tilleggsjord

Fjellstyret kan leige ut areal til husdyrbeite, gjetarbu, seter eller tilleggsjord som bruksrettshavarane ikkje har behov for.

Ved utleige av slike overskotsressursar i allmenningen skal det leggast vekt på nærleik til ressursen.

Forslag til § 8-1 Utleige av husdyrbeite, gjetarbu, seter og tilleggsjord m.m. frå mindretal (Borgnes, Broch Hauge, Helmen, Velure, Østerås)

Fjellstyret kan ut frå omsynet til ein rasjonell bruk av allmenningane leige ut mellom anna areal til husdyrbeite, gjetarbu, seter eller tilleggsjord som bruksrettshavarane ikkje har behov for.

Ved utleige av slike overskotsressursar i allmenningen skal det leggast vekt på nærleik til ressursen.

§ 8-2 Utleige til tamreindrift

Fjellstyret kan leige ut areal til tamreindrift som har løyve etter reindriftslova § 8. Fjellstyret kan inngå avtale om utleige med opp til ti år oppseiingsfrist.

8-1 andre ledd gjeld tilsvarande.

§ 8-3 Vederlag for utleige

Fjellstyret kan ta eit rimeleg vederlag for utleige. Leigepris og andre vilkår for utleige skal fastsetjast i avtale.

Kapittel 9 Oppsyn

§ 9-1 Oppgåver for oppsynet i statsallmenning

Fjellstyret kan tilsetje oppsynspersonell til å føre tilsyn med statsallmenningen.

Fjelloppsynet skal vareta føresegner gitt i eller i medhald av lova og utføre nødvendig tilsyn for fjellstyret.

Fjelloppsynet skal føre tilsyn med statsallmenningen for grunneigar og utføre allmenne oppgåver.

Fjelloppsynet skal føre kontroll med at lovene nemnde i naturoppsynslova § 2, og føresegner gitt i medhald av desse blir overhaldne i statsallmenningen.

Departementet kan i forskrift gi nærare føresegner om utøving av offentlegrettsleg oppsyn i medhald av lova her og etter lovene nemnde i naturoppsynslova § 2.

§ 9-2 Organisering og finansiering av oppsynet

Oppsynspersonellet kan givast politifullmakt etter § 20 i politilova.

Oppsynspersonellet blir lønna av fjellkassa.

Fjellstyret har krav på å få refundert utgiftene til oppgåvene utført etter § 9-1 andre til fjerde ledd av statskassa. Fellesorganisasjonen for fjellstyra legg fram budsjett for komande år for departementet.

Med samtykke frå fjellstyret kan fjelloppsynet også ta på seg oppdrag for andre i tillegg til oppgåvene nemnde i § 9-1.

Forslag til § 9-1 Tilsyn, frå mindretal (Utgård, Jåma, Omma, Smistad)

Fjellstyret kan tilsetje personell til å føre tilsyn med

  • a) jakt og fiske i statsallmenningen

  • b) utøvinga av bruksrettane

  • c) eigedommen etter avtale med grunneigar.

Tilsynspersonell blir lønna av fjellkassa.

Utgifter til tilsyn etter avtale med grunneigar skal dekkast frå grunneigarfondet.

Fjellstyret gir instruks for tilsynet.

§ 9-2 går ut.

Kapittel 10 Saksbehandling

§ 10-1 Offentlegheit

Offentleglova §§ 3 til 31 gjeld for verksemda til fjellstyret i saker etter kapittel 5 om jakt, fangst, felling og fiske. For andre saker skal fjellstyret følge prinsippa i offentleglova så langt dei høver.

Det same gjeld for fellesorganisasjonen for fjellstyra.

§ 10-2 Forholdet til forvaltningslova

Forvaltningslova kapittel III-VI og VIII gjeld for avgjerder fjellstyret tek etter kapittel 5.

Fjellstyret sine avgjerder etter kapittel 5 kan klagast på til departementet.

Forvaltningslova kapittel II om habilitet gjeld for all saksbehandling i fjellstyret.

For andre saker skal fjellstyret følge prinsippa i forvaltningslova så langt dei høver. Det same gjeld for fellesorganisasjonen for fjellstyra.

§ 10-3 Om vedtak i fjellstyret

Fjellstyret er vedtaksført når meir enn halvparten av fjellstyret er til stades. Står røystene likt, gjer leiaren si røyst utslaget.

§ 10-4 Om gjensidig uttalerett for fjellstyra og Statskog SF

Før fjellstyret eller grunneigar tek avgjerd etter lova skal den av dei som ikkje tek den aktuelle avgjerda, ha hatt høve til å uttale seg i saka. Dette gjeld likevel berre større inngrep eller disponeringar. Der inngrep eller disponeringar må reknast å kunne vare meir enn fem år, skal dei alltid reknast som større inngrep.

§ 10-5 Gebyr for saksbehandling

Fjellstyret kan krevje gebyr for behandling av saker. Fjellstyret skal i tilfelle fastsetje eit regulativ for slike saker. Gebyret skal ikkje vere høgare enn det som må reknast som vanleg faktisk kostnad for behandling av vedkomande type saker.

Årsmøtet for bruksrettshavarane skal ha høve til å uttale seg før regulativ blir fastsett.

Kapittel 11 Kapitalforvaltning, kontroll og rapportering

§ 11-1 Kapitalfond

Fellesorganisasjonen for fjellstyra skal administrere eit kapitalfond med ein konto for kvar allmenning.

Fjellstyret sin del av midlar frå avhending av fast eigedom og fallrettar skal tilførast kontoen til vedkomande allmenning. Fjellstyret kan berre disponere avkastning utover inflasjonen.

§ 11-2 Forvaltning av finanskapital

Stiftelseslova § 18 gjeld tilsvarande for forvaltning av finanskapital i statsallmenningane.

§ 11-3 Rekneskapsplikt

Fjellstyret og fellesorganisasjonen for fjellstyra har rekneskapsplikt etter rekneskapslova, og har plikt til å ha revisor. Fjellstyret skal føre rekneskap for fjellkassa og fonda fjellstyret har ansvaret for. Rekneskapen skal førast etter standardar som fellesorganisasjonen fastset.

Årsrekneskapen for fjellstyret er offentleg, og skal sendast fellesorganisasjonen og Statskog SF.

Fellesorganisasjonen skal lage ei samanstilling av årsrekneskapane i alle statsallmenningane som er offentleg, og som skal sendast til Statskog SF og departementet til orientering.

§ 11-4 Rapportering

Fellesorganisasjonen for fjellstyra kan be om årsrapportar over verksemda i allmenningane frå fjellstyra etter standardar fellesorganisasjonen fastset.

Kapittel 12 Tvisteløysing

§ 12-1 Jordskifte og grensefastsetjing i statsallmenning

Statsallmenning kan inngå i slikt jordskifte som omhandla i jordskiftelova​ §§ 3-4 og 3-9. Føresegnene i jordskiftelova om jordskifte kjem elles ikkje til bruk i statsallmenningane.

Jordskifteretten kan fastsetje grenser mellom statsallmenning og bygdeallmenning, mellom statsallmenningar og mellom statsallmenning og annan tilgrensande eigedom. Jordskifteretten skal merke og koordinatfeste grensene etter jordskiftelova § 6-29.

Krav om jordskifte som nemnt i første ledd, eller om grensefastsetjing etter andre ledd, kan setjast fram av Statskog SF og av fjellstyret. Jordskiftelova § 1-5 gjeld for kravet.

§ 12-2 Avgjerder etter lova som kan førast inn for jordskifteretten som rettsutgreiing

Jordskifteretten kan som rettsutgreiing etter jordskiftelova § 4-1 ta avgjerd om:

  • a) ei avgjerd eller eit tiltak er i strid med § 1-4 første ledd

  • b) ein eigedom høyrer til bygd eller grend som har utøvd allmenningsrett frå gammal tid etter § 2-1

  • c) ein eigedom har tapt karakteren av jordbrukseigedom etter § 2-6

  • d) jordbrukstilknytte bruksrettar etter kapittel 4

  • e) fordeling av inntekt etter § 4-23

  • f) om rett til jakt og fiske for nokon som er busett i bygd eller grend der innbyggarane frå gammal tid har utøvd allmenningsbruk i allmenningen etter § 5-1 første ledd andre alternativ.

Avgjerdsforma er dom jf. jordskiftelova § 6-23 første ledd. For gebyr gjeld jordskiftelova §§ 7-2 til 7-5.

Kvar part skal bere sine eigne kostnader til rettshjelp og til anna sakkunnig hjelp i saka. Ved anke gjeld jordskiftelova § 7-9 første ledd.

Forslag til § 12-2 Avgjerder etter lova som kan førast inn for jordskifteretten, frå mindretal (Utgård og Smistad)

Jordskifteretten kan ta avgjerd i tvist om

  • a) ei avgjerd eller eit tiltak er i strid med § 1-4 første ledd

  • b) ein eigedom høyrer til bygd eller grend som har utøvd allmenningsrett frå gammal tid etter § 2-1

  • c) ein eigedom har tapt karakteren av jordbrukseigedom etter § 2-6

  • d) jordbrukstilknytte bruksrettar etter kapittel 4

  • e) fordeling av inntekt etter § 4-23

  • f) om rett til jakt og fiske for nokon som er busett i bygd eller grend der innbyggarane frå gammal tid har utøvd allmenningsbruk i allmenningen etter § 5-1 første ledd andre alternativ.

Jordskifteretten kan også avgjere på førehand om ei avgjerd eller eit tiltak er i strid med § 1-4 første ledd. Om det blir kravd avgjerd på førehand, avgjer jordskifteretten om vedtak eller tiltak kan setjast i verk før jordskifteretten har teke avgjerd. Krav for jordskifteretten kan setjast fram av den som tek sikte på å setje i verk eit vedtak eller gjennomføre eit tiltak, av fjellstyret og av bruksrettshavar som avgjerda eller tiltaket får verknad for. Krav til jordskifteretten om avgjerd på førehand må vere sett fram innan tre veker etter at den som krev avgjerd fekk kunnskap om tiltaket.

§ 12-3 Avgjerder om jakt og fiske

Vedtak fjellstyret gjer etter reglane i kapittel 5 om jakt og fiske, og som ikkje kan førast inn for jordskifteretten, jf. § 12-2, kan klagast på til departementet etter reglane i forvaltningslova. Vedtak kan ikkje førast inn for retten med mindre klageretten er utnytta. Søksmål må reisast mot vedtaket i klagesaka med departementet som part.

Kapittel 13 Ymse føresegner

§ 13-1 Straff

Brot mot påbod eller forbod etter kapittel 5 i denne lova, og mot vedtak eller forskrifter fastsette med heimel i kapittel 5 i denne lova, blir straffa med bøter eller med fengsel i opp til tre månader, om ikkje tilhøvet går inn under strengare straffeføresegner.

§ 13-2 Forskrifter

Kongen kan gi nærare forskrifter til gjennomføring av lova.

§ 13-3 Iverksetjing

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset. Frå same tid held lov 6. juni 1975 nr. 31 om utnytting av rettar og lunnande m.m. i statsallmenningane (fjellova) og lov 19. juni 1992 nr. 60 om skogsdrift m.v. i statsallmenningene opp å gjelde.

§ 13-4 Overgangsreglar

Fram til nytt fjellstyre etter denne lova er vald, forvaltar fjellstyre, allmenningsstyre og Statskog SF statsallmenningane som før.

Forskrifter og vedtak med heimel i lov 6. juni 1975 nr. 31 om utnytting av rettar og lunnande m.m. i statsallmenningane (fjellova) og lov 19. juni 1992 nr. 60 om skogsdrift m.v. i statsallmenningene skal gjelde så langt dei passar fram til departementet gjer nye vedtak eller fastset nye forskrifter med heimel i lova her.

Eldre bruksreglar etter lov 6. juni 1975 nr. 31 om utnytting av rettar og lunnande m.m. i statsallmenningane (fjellova) § 14 eller vedtekter etter lov 19. juni 1992 nr. 60 om skogsdrift m.v. i statsallmenningene § 2-17 gjeld fram til nye bruksreglar er fastsette av fjellstyret. Innan to år etter at det er valt nytt fjellstyre etter lova her, skal fjellstyret fastsetje nye bruksreglar for allmenningen.

Departementet kan fastsetje nærare overgangsreglar i samband med at lova tek til å gjelde.

§ 13-5 Endringar i andre lover

Frå den tida lova blir sett i kraft, blir det gjort følgande endringar i andre lover:

1. Lov 23. oktober 1959 nr. 3 om oreigning av fast eigedom (oreigningslova)

§ 30 punkt 18 skal lyde: Oppheva

2. Lov 29. mai 1981 nr. 39 om jakt og fangst av vilt (viltlova)

Viltlova § 31 første ledd skal lyde:

På statsgrunn som ikke reguleres av lov … om bruk og styring av rettar m.m. i statsallmenningane (fjellova)er småviltjakt og fangst tillatt mot løsning av jaktkort og betaling av vederlag for norske statsborgere​ og for alle som det siste året har vært og fortsatt er bosatt i Norge. Reindriftsamenes jakt og fangst reguleres av reindriftslova § 26.

3. Lov 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk mv. (lakse- og innlandsfisklova)

Lakse- og innlandsfisklova § 22 første ledd skal lyde:

På statsgrunn som ikke reguleres av lov … om bruk og styring av rettar m.m. i statsallmenningane (fjellova), er fiske med stang og håndsnøre tillatt mot løsing av fiskekort for alle som siste året har vært og fortsatt er fast bosatt i Norge. Fiske med faststående (bundne) redskaper i sjøen kan bare foregå etter utvisning.

4. Lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova)

§ 8 nytt fjerde ledd skal lyde:

Føresegnene om driveplikt i paragrafen her gjeld ikkje for jordbruksareal i statsallmenningane som er utvist av fjellstyret.

5. Lov 21. juni 1996 nr. 38 om statlig naturoppsyn (naturoppsynslova)

Forslag frå fleirtal (Borgnes, Broch Hauge, Helmen, Hjelle, Parmann, Velure, Østerås, Øygard)

§ 2 nytt sjette ledd skal lyde:

I statsallmenninger skal oppsyn etter denne loven ivaretas av fjelloppsynet, jf. lov … om bruk og styring av rettar m.m. i statsallmenningane (fjellova) §§ 9-1 og 9-2. Departementet kan gi forskrift om utøving av oppsyn i statsallmenninger etter lov … om bruk og styring av rettar m.m. i statsallmenningane (fjellova) og etter loven her.

6. Lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste (tomtefestelova)

Forslag frå mindretal (Utgård, Smistad, Velure)

§ 34 skal lyde:

Retten til innløysing gjeld berre så langt denne kan sameinast med bortfestarens rettsgrunnlag etter lov eller avtale. Ein tredjeperson med rett til bortfestareigedomen kan ikkje setje seg i mot at tomta seinare blir innløyst, dersom han eller ho må reknast å ha gjeve samtykke til bortfestinga utan atterhald mot innløysing.

Ved krav om innløysing av ei festetomt til bustadhus eller fritidshus som høyrer til ein bygdeallmenning, kan bortfestaren i staden tilby festaren lenging etter § 33. Det same gjeld ved krav om innløysing av ei festetomt til fritidshus som høyrer til Finnmarkseigedomens grunn i Finnmark.

Kongen kan fastsetje i forskrift at det same som i andre leddet skal gjelde så lenge tomt festa bort til fritidshus høyrer til ein landbrukseigedom og inntekta frå festearealet som høyrer til bruket, tilseier at innløysing ikkje finn stad.

Unntaka i paragrafen her gjeld berre så langt innløysingsretten følgjer av § 32.

7. Lov 15. juni 2007 nr. 40 om reindrift (reindriftslova)

§ 8 femte ledd skal lyde:

Om tamreindrift i statsallmenning utenom reinbeiteområde gjelder bestemmelsene i lov … om bruk og styring av rettar m.m. i statsallmenningane (fjellova).

§ 67 tredje ledd skal lyde:

For skade som voldes av rein som tilhører noen som i henhold til § 8, jf. lov … om bruk og styring av rettar m.m. i statsallmenningane (fjellova), utøver reindrift utenfor reinbeitedistrikt, er de som utøver reindrift innenfor område hvor den skadegjørende rein antas å høre hjemme, ansvarlig en for alle og alle for en.

Forslag frå mindretal (Jåma, Omma)

§ 63 skal lyde:

Grunneier eller bruksberettiget må ikke utnytte sin eiendom i reinbeiteområde på en slik måte at det er til urimelig eller unødvendig skade eller ulempe for reindriftsutøvelse i samsvar med denne lov. Første punktum er likevel ikke til hinder for vanlig utnytting av eiendom til jordbruk, skogbruk eller annen utnytting av utmark til landbruksformål.

8. Lov 21. juni 2013 nr. 100 om fastsetjing og endring av eigedoms- og rettshøve på fast eigedom m.m. (jordskiftelova)

§ 3-1 andre ledd skal lyde:

For jordskifte i bygdeallmenningar gjeld lov 19. juni 1992 nr. 59 om bygdeallmenninger § 1-4. For jordskifte i statsallmenningar gjeld lov … om bruk og styring av rettar m.m. i statsallmenningane (fjellova)§ 12-1.

§ 4-1 bokstav f) skal lyde:

  • f) i statsallmenning for spørsmål rekna opp i lov … om bruk og styring av rettar m.m. i statsallmenningane (fjellova) § 12-2

§ 4-3 tredje ledd skal lyde:

For fastsetjing av grenser for bygdeallmenning eller statsallmenning, gjeld lov 19. juni 1992 nr. 59 om bygdeallmenninger § 1-4 og lov … om bruk og styring av rettar m.m. i statsallmenningane (fjellova)§ 12-1.

§ 7-6 andre ledd tredje setning skal lyde:

I saker etter jordskiftelova § 4-1 bokstav f) skal rekvirenten betale sakskostnadene etter §§ 7-2 til 7-5.

Forslag frå mindretal (Utgård, Smistad)

§ 5-3 bokstav q skal lyde:

  • q) lov … om bruk og styring av rettar m.m. i statsallmenningane (fjellova) § 12-2 og 12-3.

Fotnotar

1.

AR5-klassifisering. AR5 er eit nasjonalt klassifikasjonssystem for markslag.

2.

Sjå rundskriv M-3/2011.

Til forsida