Nye reglar om aksjebrev og aksjeeigarbok

Nye reglar om aksjebrev og aksjeeigarbok

gjeld frå 1. januar 2000

Frå 1. januar 2000 tok det til å gjelde nye reglar om aksjeeigarbok og aksjebrev, jf. lov om aksjeselskaper (aksjeloven) 13. juni 1997 nr. 44 § 21-2 nr. 11.

Lovendringa inneber at overtaking av aksjar eller rettsstiftingar i aksjar ikkje lenger blir sett på som legitimert gjennom påskrift og ihendehaving av aksjebrev slik det følgjer av tidlegare aksjelov (lov om aksjeselskaper 4. juni 1976) nr. 59 § 3-7. Rettsvernet til slike rettar er no knytt til aksjeeigarboka, jf. Aksjelova §§ 4-7, 4-8 og 4-13. Aksjeeigarboka skal førast av selskapet, jf. aksjelova § 4-5.

Lovendringa er viktig for aksjonærar i selskap der aksjane ikkje er registrerte i Verdipapirsentralen. Denne gruppa aksjonærar har ikkje lenger vern for eigedomsretten sin ved at dei sit på aksjebrev. I den grad eigedomsretten til aksjane ikkje tidlegare er registrert i aksjeeigarboka, blir slik registrering no nødvendig for at eigedomsretten skal ha rettsvern. Lovendringa er dessutan viktig for alle andre som har rettar i aksjar, i praksis gjeld det særleg panthavarar. Dei må registrere rettane sine i aksje-eigarboka dersom retten skal bli gjort gjeldande over-for konkurrerande rettshavarar og dei allmenne kreditorane til aksjonæren.

Lovendringa inneber også nye plikter for selskapet når det gjeld føring av aksjeeigarbok m.m., jf. Aksjelova §§ 4-5 flg.

Du finn meir informasjon om den nye aksjelova i ein brosjyre som er tilgjengeleg på Internett: Lov om aksjeselskaper. Brosjyren kan du også få hos Brønnøysundregistra, tlf. 75 00 75 00 eller Narviktelefonane, tlf. 800 33 840.