Ot.prp. nr. 102 (2002-2003)

Om lov om statleg varekrigsforsikring

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn for lovframlegget

Statens varekrigsforsikring vart skipa ved lov av 3. desember 1948 nr. 8 om Statens varekrigsforsikring. Lova er i førearbeidet grunngjeven ut frå beredskapsomsyn ved at ho skal bidra til å sikre forsyningar til landet og norske interesser mot tap som følgje av krig. Vidare skal ordninga gjere det mogleg å oppretthalde næringsverksemd i ein krigstilstand.

I statsbudsjettet for 2003 vart det lagt fram forslag om at tilbodet i Statens varekrigsforsikring i si noverande form skal avviklast. Varekrigsforsikring vil såleis ikkje lenger vere ei statleg oppgåve i fredstid, jf. St.prp. nr. 1 (2002-2003) frå Nærings- og handelsdepartementet. Samstundes vart 1,15 mrd. kroner av kapitalen under ordninga vedtekne betalte inn til statskassa. Det er likevel føresett at ein skal halde fram med statleg varekrigsforsikring som eit beredskapssystem. I statsbudsjettet for 2003 vart det varsla at departementet vil etablere det nye beredskapssystemet i 2003. Dette vil vere viktig for å kunne oppretthalde forsyning og transport av varer i krisesituasjonar der den private marknaden ikkje vil vere tilstrekkeleg, eller det ikkje vil vere eit privat tilbod. Departementet vurderer det derfor slik at lov om Statens varekrigsforsikring av 3. desember 1948 bør erstattast av ei beredskapslov.

Det er departementet si vurdering at ein må synleggjere plassen til den nye ordninga i beredskapssystemet, slik at dette blir eit verkemidel tilpassa ein situasjon der trusselbiletet er vanskeleg å føresjå . Det er departementet si vurdering at ei ny lov så vidt mogleg bør få verknad frå 1. januar 2004.