Ot.prp. nr. 102 (2002-2003)

Om lov om statleg varekrigsforsikring

Til innhaldsliste

9 Merknader til dei enkelte føresegnene i lovforslaget

Til § 1:

§ 1 definerer den ytre ramma for verksemda og verkeområde i tid , når tilbodet om varekrigsforsikring skal setjast i verk og i tilfelle avsluttast. «Ekstraordinære kriseforhold» er meint å dekkje situasjonar der det ikkje ligg føre krig eller krigsfare, men alvorlege hendingar som grip inn i vanleg verksemd. Politiske opptøyar og streik fell i utgangspunktet ikkje under dette omgrepet.

Til § 2:

§ 2 første ledd set fast føremålet og det saklege verkeområdet til ordninga med statleg varekrigsforsikring. Føremålsparagrafen er i all hovudsak ei vidareføring av føremåla til den noverande ordninga. Ein har såleis god røynsle med avgrensing av verkeområdet. Den nye lova vil i utgangspunktet ikkje dekkje høve der to utanlandske føretak sender varer mellom stader i utlandet.

Paragrafen opnar i andre ledd for at andre interesser kan bli dekte gjennom statleg varekrigsforsikring enn dei som er nemnde i § 2 første ledd nr. 1 og 2. Her kan det vere aktuelt å dekkje krigsrisiko for varetransport som til dømes ikkje gjeld norske interesser, men som norske styresmakter av særskilde årsaker ser seg tent med å dekkje eller har folkerettsleg plikt til å dekkje.

Til § 3 :

Paragrafen gir heimel for å opprette eit styre som kan behandle den daglege drifta av varekrigsforsikringsordninga. Eit slikt styre må vere planlagt og byggje på eit «forsikringsforum» og personar med m.a. forsikringsfagleg kompetanse. Det faste sekretariatet skal og vere sekretariat for styret.

Til § 4:

Paragrafen gir heimel for å fastsetje forskrifter til lova. Lova pålegg ikkje plikt til å utarbeide forskrifter.

Til § 5:

Paragrafen gjeld oppheving av og endringar i andre lover. Første ledd set fast at den nye lova erstattar lov av 3. desember 1948 nr. 8 om Statens varekrigsforsikring, som vert oppheva.

I andre ledd vert det presisert at forsikringsavtaler som er inngått etter den gamle lova gjeld til dei vert terminerte og pliktene etter avtalene er gjort opp («sikringsføresegn»).

Tredje ledd gjeld endring i lov av 17. juli 1953 nr. 2 om erstatning for krigsskade på eigedom og interesse (Krigsskadelova). I lova er det vist til lov 3. desember 1948 om Statens Varekrigsforsikring i føresegna om ikraftsetjing, § 36 andre ledd nr. 4. Det går fram av føresegna at føresegnene i lov om Statens varekrigsforsikring gjeld uendra til Kongen fastset noko anna. Dette blir gjort i og med ny lov om statleg varekrigsforsikring. Av denne grunn må tilvisinga til den gamle lova frå 1948 i § 36 andre ledd nr. 4 takast ut. Departementet kan heller ikkje sjå at det er naudsynt å vise til den nye lova om statleg varekrigsforsikring i Krigsskadelova.

Til § 6:

Etter denne paragrafen vert lova sett i verk frå den tid Kongen fastset.