Ot.prp. nr. 102 (2004-2005)

Om lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova)

Til innhaldsliste

16 Merknader til paragrafane i lovforslaget

Til kapittel 1 Innleiande føresegner

Til § 1 Formål

Føresegna i § 1 angir formålet til lova, og understreker utgangspunktet og hovudregelen i lova om at alle har rett til innsyn i dokumenta i forvaltninga. Føresegna byggjer på eit tilsvarande forslag til Formålsføresegn frå offentlegutvalet, jf. NOU 2003: 30 s. 294 og s. 252, men er noko utvida når det gjeld kva omsyn som er tekne med. Føresegna er omtalt i proposisjonen punkt 3.

Føresegna har som formål å klargjere utgangspunktet for lova og å markere verdien av prinsippet om rett til innsyn i saksdokumenta i forvaltninga. Formålsføresegna har såleis ein symboleffekt og ein pedagogisk funksjon. Samtidig vil formålsføresegna ha rettsleg verdi i høve til tolkinga av dei andre føresegnene i lova.

Føresegna framhevar dei omsyn som står sentralt ved bruk av lova. At desse omsyn gjer seg gjeldande, vil kunne tilleggjast stor vekt i dei tilfelle der det kan vere tvil om rekkjevidda av eit unntak.

Dei omsyna som ligg til grunn for at det er gjort unntak frå innsynsretten, er ikkje nemnde i formålsføresegna. Dette er ikkje til hinder for at omsyn som taler mot innsyn, også blir tekne med i lovtolkinga. Omsyna som ligg til grunn for unntaka, vil gå fram av dei enkelte unntaksføresegnene, anten direkte eller føresetnadsvis.

I den vurderinga som skal gjerast etter § 11 om meirinnsyn, er formålsføresegna eit av fleire moment det vil vere grunn til å ta med i vurderinga.

Ordet «openheit» i formålsføresegna er brukt for å understreke at reglane om dokumentinnsyn inngår som ein av fleire mekanismar som medverkar til å skape eit ope samfunn.

Formuleringa «offentleg verksemd» inneber ein referanse til verkeområdet til lova, jf. § 2.

Omsyna som er tekne med i føresegna, er det gjort nærmare greie for i proposisjonen punkt 3.3.

Til § 2 Verkeområdet til lova

Paragrafen regulerer verkeområdet til lova. Han erstattar § 1 i gjeldande lov. Dei generelle merknadene departementet har, går fram av punkt 4. Tilsvarande paragrafar i forslaga frå utvalet går fram av NOU 2003: 30, s. 294, s. 299–300 og s. 304, sjå også spesialmotiva til §§ 2 til 4 på s. 252 følgjande. Når det gjeld avgrensinga av verkeområdet i høve til sjølvstendige rettssubjekt, skil forslaget frå departementet seg frå forslaga frå utvalet.

Første ledd regulerer kva verksemder lova gjeld for.

Etter bokstav a gjeld lova for staten, fylkeskommunane og kommunane. Dette svarer til avgrensinga etter § 1 første ledd første punktum i gjeldande lov. Lova gjeld dermed for alle organ som er ein del av stat, fylkeskommune eller kommune. Kva som er eit organ innanfor stat, fylkeskommune eller kommune, blir ikkje regulert av § 2, men er noko som må avgjerast i høve til dei paragrafane som bruker organomgrepet, f.eks. §§ 3 og 14. Dette spørsmålet er teke opp i merknadene til dei aktuelle paragrafane. I motsetnad til gjeldande rett vil ikkje sjølvstendige rettssubjekt kunne reknast som ein del av stat eller kommune. Dei vil likevel kunne vere omfatta av lova etter bokstav b, c eller d, sjå nedanfor.

Bokstav a femner om folkevalde og politisk utpeika organ som regjeringa, fylkesting og kommunestyre. Vidare femner den om administrative organ som departement, direktorat, fylkesmannsembete, regional statsadministrasjon og fylkeskommunal og kommunal administrasjon. Dessutan fell statlege og kommunale råd, utval og nemnder inn under lova etter dette alternativet uavhengig av om dei er faste eller mellombelse, og uavhengig av om medlemmene er valde, oppnemnde eller utnemnde. Også forskjellige offentlege institusjonar som skolar, universitet, høgskolar og sjukehus fell inn under lova etter dette alternativet dersom dei ikkje er organiserte som sjølvstendige rettssubjekt. Det same gjeld forvaltningsbedrifter og kommunale føretak etter kommunelova kapittel 11. Også offentlege forskingsinstitusjonar som ikkje er organiserte som sjølvstendige rettssubjekt, og andre statlege spesialorgan er omfatta av dette alternativet. Eksempel på dette er Noregs forskingsråd, Likestillingsombodet og Barneombodet. For organ som er omfatta av bokstav a, gjeld lova for heile verksemda, altså ikkje berre for myndigheitsutøving, men også for andre forvaltningsoppgåver, forretningsdrift, personalforvaltning, annan internadministrasjon m.m. Lova gjeld berre for organ som er ein del av den norske staten eller norske fylkeskommunar og kommunar. Norske forvaltningsorgan i utlandet, f.eks. ambassadar og andre utanriksstasjonar er likevel omfatta av lova. Internasjonale organisasjonar som Noreg er medlem av, fell derimot utanfor lova.

Bokstav bfemner om andre rettssubjekt enn dei som er ein del av stat, fylkeskommune eller kommune, i saker der dei gjer enkeltvedtak eller utferdar forskrift. Denne føresegna vidarefører § 1 første ledd tredje punktum i gjeldande lov. Føresegna inneber at rettssubjekt som ikkje er ein del av stat, fylkeskommune eller kommune, vil vere omfatta av lova for den delen av verksemda som går ut på å gjere enkeltvedtak eller å utferde forskrift. Dette gjeld også for rettssubjekt som er fullt ut åtte av private. Eksempel på eit rettssubjekt der denne føresegna er aktuell, er Det Norske Veritas.

Bokstav cfemner om rettssubjekt der stat, fylkeskommune eller kommune har ein eigardel som gir meir enn halvparten av røystene i det øvste organet i rettssubjektet. Denne føresegna vil vere aktuell for verksemder som er organiserte som sjølvstendige rettssubjekt, f.eks. aksjeselskap, ansvarlege selskap eller andre selskapsformer som blir rekna som sjølvstendige rettssubjekt. For rettssubjekt som er omfatta av denne føresegna, vil lova som hovudregel gjelde for alle delar av verksemda og uavhengig av kva slag verksemd rettssubjekt driv, sjå likevel lovutkastet § 2 første ledd andre punktum og andre ledd som er kommenterte nedanfor.

For at lova skal gjelde for eit sjølvstendig rettssubjekt etter dette alternativet, må stat, fylkeskommune eller kommune ha ein eigardel som gir meir enn halvparten av røystene på det øvste organet i rettssubjektet. På dette punktet skil forslaget frå departementet seg frå forslaget frå utvalsfleirtalet. Etter utvalsfleirtalet sitt forslag måtte eit sjølvstendig rettssubjekt vere fullt ut eller i det alt vesentlege ått av stat eller kommune for at lova skulle gjelde, sjå § 2 første ledd bokstav b i forslaget frå utvalsfleirtalet. Meininga med denne formuleringa var at skjeringspunktet skulle gå ved ein eigardel på 90 prosent, sjå NOU 2003: 30 s. 253 andre spalte. Etter departementet sitt forslag er det ikkje avgjerande kor stor eigardel det offentlege har, men om det offentlege har ein slik eigardel at han gir meir enn halvparten av røystene i det øvste organet i rettssubjektet. I praksis vil ein eigardel på meir enn halvparten også gi halvparten av røystene i det øvste organet. Dersom det gjeld eit selskap der det ikkje er knytt røysterett til ein aksjeklasse, vil vilkåret likevel vere oppfylt dersom det offentlege eig så mange aksjar i ein aksjeklasse som det er knytt røysterett til, at det har eit fleirtal av røystene sjølv om det offentlege eig mindre enn halvparten av selskapet når det blir teke omsyn til aksjane som det ikkje er knytt røysterett til.

I tilfelle der fleire fylkeskommunar og fylkeskommunar eller staten og ein eller fleire kommunar og fylkeskommunar ikkje kvar for seg har ein eigardel som gir meir enn halvparten av røystene i det øvste organet i rettssubjektet, men til saman har ein så stor eigardel, vil lova gjelde for det aktuelle rettssubjektet. Når ein vurderer om kravet til eigardel er oppfylt, skal ein altså leggje saman eigardelar som høyrer til staten og fylkeskommunar og kommunar. Bakgrunnen for dette er at det avgjerande er kva for bestemmande innverknad det offentlege samla sett har over eit sjølvstendig rettssubjekt. Av same grunn skal det også ved vurderinga av om vilkåret er oppfylt, takast omsyn til eigardelar i eit sjølvstendig rettssubjekt som er ått av eit anna sjølvstendig rettssubjekt som er omfatta av lova etter bokstav c eller d. Dersom staten f.eks. direkte eig aksjar i aksjeselskap A som gir 20 prosent av røystene på generalforsamlinga i A, og aksjeselskap B der staten har ein eigardel som gir meir enn halvparten av røystene på generalforsamlinga eig aksjar i A som gir 31 prosent av røystene på generalforsamlinga i A, vil aksjeselskap A vere omfatta av lova.

Bokstav dfemner om rettssubjekt der stat, fylkeskommune eller kommune har rett til å velje meir enn halvparten av medlemmene i det øvste organet i rettssubjektet. Denne føresegna tek særleg sikte på sjølvstendige rettssubjekt som ikkje har eigarar, f.eks. stiftelsar, men vil i prinsippet også vere aktuell for sjølvstendige rettssubjekt med eigarar der stat, fylkeskommune eller kommune har rett til å oppnemne medlemmer til det øvste organet sjølv om dei ikkje har eigardelar i rettssubjektet.

For at eit sjølvstendig rettssubjekt skal vere omfatta av lova etter dette alternativet, må stat, fylkeskommune eller kommune ha rett til å velje meir enn halvparten av medlemmene i det øvste organet i rettssubjektet. Også på dette punktet har departementet lagt til grunn eit anna skjeringspunkt enn i forslaget frå utvalsfleirtalet. Etter forslaget frå utvalsfleirtalet måtte stat eller kommune ha rett til velje alle eller det alt vesentlege av dei medlemmene i det øvste organet som ikkje blir valt av dei tilsette, sjå § 2 første ledd bokstav b i forslaget frå utvalsfleirtalet og spesialmotiva på s. 253–254 i NOU 2003: 30. Det avgjerande etter departementet sitt forslag er om det offentlege har rett til å utnemne meir enn halvparten av medlemmene med røysterett i det øvste organet i rettssubjektet. Ein rett for det offentlege til å utnemne medlemmer utan røysterett, f.eks. observatørar, er ikkje relevant. På same måten som etter bokstav b er det avgjerande kva for samla bestemmande innverknad det offentlege har over rettssubjektet. Dersom staten og fleire kommunar og fylkeskommunar eller rettssubjekt som er omfatta av bokstav c eller d, ikkje kvar for seg har rett til å velje meir enn halvparten av medlemmene, skal det også i høve til bokstav d skje ei samla vurdering der det avgjerande er om det offentlege samla sett har rett til å velje meir enn halvparten av medlemmene med røysterett.

Etter første ledd andre punktum gjeld lova likevel ikkje for eit sjølvstendig rettssubjekt som går inn under første ledd bokstav c eller d dersom rettssubjektet hovudsakleg driv næringsverksemd i direkte konkurranse med og på same vilkår som private. Ein liknande regel var med i forslaget frå i utvalfleirtalet til § 2 første ledd bokstav b tredje punktum, sjå NOU 2003: 30 s. 252 og s. 254. Etter utvalsfleirtalet sitt forslag skulle likevel vurderinga av om rettssubjektet var konkurranseutsett, skje i høve til dei ulike delane av verksemda, slik at berre dei delane som var utsett, for direkte konkurranse frå private skulle vere unnatekne. Etter departementet sitt forslag skal det ikkje skje noka slik vurdering av dei enkelte delane av verksemda, men det avgjerande er om verksemda sedd under eitt hovudsakleg driv næringsverksemd i direkte konkurranse med private. Dersom dette er tilfellet og verksemda også driv på same vilkår som private, vil heile verksemda falle utanom lova sjølv om mindre delar av verksemda ikkje er utsette for konkurranse. På den andre sida vil lova gjelde for heile verksemda sjølv om nokre delar av verksemda er konkurranseutsette så lenge verksemda ikkje hovudsakleg driv næringsverksemd i direkte konkurranse med private.

Meininga med kravet om at rettssubjektet hovudsakleg må drive næringsverksemd i direkte konkurranse med private, er å vidareføre dei retningslinjene som er lagde til grunn ved vurderinga av konkurransemomentet i heilskapsvurderinga etter gjeldande rett. Vilkåret skal tolkast nokså strengt. Relevant konkurranse vil berre liggje føre dersom verksemda er utsett for konkurranse innanfor hovudmarknaden sin. Etter gjeldande rett har det f.eks. i høve til Oslo Lufthamn Gardermoen AS ikkje vorte rekna som avgjerande at lufthamna er utsett for ein viss konkurranse frå Sandefjord lufthamn Torp (som ikkje er omfatta av gjeldande lov), dels fordi dei to lufthamnene bl.a. på grunn av forskjell i lokalisering for ein stor del av marknaden ikkje vil ha samanfallande passasjergrunnlag og dels fordi talet på destinasjonar ut frå Torp er mykje lågare enn ut frå Gardermoen. I høve til Oslo Lufthamn Gardermoen AS vil det heller ikkje vere avgjerande at lufthamna er utsett for konkurranse frå lufthamner i utlandet om å fungere som transittlufthamn for interkontinentale flygingar, fordi dette ikkje er nokon hovudmarknad for Oslo Lufthamn Gardermoen. Eit anna eksempel på ei verksemd som ikkje kan seiast å vere utsett for direkte konkurranse, er ei verksemd som har faktisk eller rettsleg monopol på å tilby ei teneste i Noreg, men der den norske marknaden lovleg har moglegheit til å kjøpe liknande tenester frå utlandet, f.eks. gjennom Internett. At verksemda må vere utsett for direkte konkurranse frå private, skal tolkast slik at konkurranse frå andre verksemder som er omfatta av offentleglova, ikkje vil kunne føre til at lova ikkje gjeld. Grunngivinga for at konkurranse kan føre til at ei verksemd blir halden utanfor lova, er omsynet til at verksemda skal ha same rammevilkår som konkurrentane. Dette omsynet slår ikkje til dersom også konkurrentane er omfatta av lova.

Sjølv om eit sjølvstendig rettssubjekt hovudsakleg driv næringsverksemd i direkte konkurranse med private, vil verksemda jamvel vere omfatta av lova når verksemda ikkje blir driven på same vilkår som private. Noko slikt vilkår var ikkje med i utvalsfleirtalet sitt forslag. Dette vilkåret inneber at lova vil gjelde for rettssubjekt som det offentlege har gitt fordelar, f.eks. i form av subsidiar, eller på andre måtar har sikra rettssubjektet inntekter som konkurrentane ikkje har, sjølv om verksemda er utsett for konkurranse frå private. I røynda er dette vilkåret berre ei presisering av konkurransevilkåret fordi ein kan sjå det slik at det ikkje ligg føre nokon verkeleg konkurranse mellom aktørar som ikkje opererer på same vilkår. Dersom ei verksemd uavhengig av konkurranse i hovudsak er sikra inntekter gjennom subsidiar eller andre fordelar som er fastsette av det offentlege, vil heller ikkje grunnane som vanlegvis tilseier at konkurranseelementet bør føre til at ei verksemd haldast utanom lova, gjere seg gjeldande.

Første ledd tredje punktumgir ein overgangsregel for verksemder som etter offentleg oppkjøp eller liknande blir omfatta av første ledd bokstav c eller d. I slike tilfelle vil lova først gjelde for verksemda frå og med fjerde månadsskifte etter den månaden vilkåra i bokstav c eller d vart oppfylte for verksemda. Når eit sjølvstendig rettssubjekt blir omfatta av lova, inneber det bl.a. at verksemda får plikt til å føre journal for inn- og utgåande dokument. Bakgrunnen for overgangsregelen er at verksemder som blir omfatta av lova, vil trenge noko tid på å områ seg og på å få plass nødvendige rutinar.

Andre ledd inneheld forskriftsheimlar som gir Kongen høve til å halde sjølvstendige rettssubjekt som er omfatta av første ledd bokstav c og d, heilt eller delvis utanom lova og til å fastsetje at sjølvstendige rettssubjekt som ikkje oppfyller vilkåra i bokstav c eller d eller som er unnatekne etter første ledd andre punktum, likevel skal vere omfatta av lova.

Etter andre ledd første punktum kan Kongen i forskrift fastsetje at lova ikkje skal gjelde for sjølvstendige rettssubjekt eller for visse dokument hos sjølvstendige rettssubjekt som er omfatta av første ledd bokstav c eller d, dersom det må reknast som nødvendig ut frå omsynet til arten av verksemda, konkurransesituasjonen eller andre særlege tilhøve. Ein liknande forskriftsheimel var også med i lovutkastet frå utvalsfleirtalet, sjå § 2 andre ledd andre punktum på s. 252 i NOU 2003: 30 og s. 254–255 same stad. Vilkåret for å gjere unntak er likevel strengare formulert i departementet sitt lovutkast enn i forslaget frå utvalsfleirtalet.

For at det skal kunne fastsetjast unntaksforskrifter, må dette reknast som nødvendig anten ut frå omsynet til arten av verksemda, konkurransesituasjonen eller andre særlege tilhøve. At det må reknast som nødvendig, er eit nokså strengt vilkår. Det er ikkje tilstrekkeleg at det vil påføre verksemda avgrensa ulemper å vere omfatta av lova. Ulempene må vere kvalifiserte og anten knyte seg til arten av verksemda, konkurransesituasjonen eller andre særlege tilhøve. Verksemda si art vil for eksempel kome inn for verksemder der forretningsmessige omsyn tilseier unntak sjølv om vilkåret i første ledd andre punktum ikkje er oppfylt. Dette alternativet vil kunne bli brukt på sjølvstendige rettssubjekt som skal samarbeide tett med private aktørar på typisk forretningsmessige område slik som Petero AS og Gassco AS. Dette alternativet vil også kunne brukast for å gjere unntak for visse delar av verksemda i kulturinstitusjonar og program- og redaksjonsverksemda i NRK AS. Alternativet konkurransesituasjonen vil vere aktuelt der det er nødvendig å gjere unntak for klart avgrensa område av verksemda i eit sjølvstendig rettssubjekt som er utsett for direkte konkurranse frå private, men utan at denne delen av verksemda er så stor at unntaksvilkåret i første ledd andre punktum er oppfylt. Det siste alternativet, andre særlege tilhøve, vil vere aktuelt for verksemder, f.eks. innanfor kulturområdet, som er så små at det vil vere urimeleg byrdefullt å etterleve offentleglova. Det vil også vere nærliggjande å bruke dette unntaket for å gjere unntak for sjølveigande rettssubjekt som er oppretta med private midlar, men der stiftaren likevel har fastsett at det offentlege skal velje meir enn halvparten av medlemmene med røysterett i det øvste organet.

Etter andre ledd andre punktum kan Kongen gi forskrift om at lova ikkje skal gjelde for sjølvstendige rettssubjekt som er omfatta av første ledd bokstav c eller d dersom det gjeld unntak frå innsynsretten for det alt vesentlege av dokumenta til verksemda og særlege tungtvegande omsyn tilseier det. Ein liknande forskriftsheimel var også med i lovutkastet frå utvalsfleirtalet, sjå § 2 andre ledd andre punktum på s. 252 i NOU 2003: 30 og s. 254–255 same stad. Etter forslaget frå departementet er likevel vilkåra for å bruke denne heimelen formulert vesentleg strengare enn det utvalsfleirtalet har gjort i sitt forslag. For at heimelen skal kunne brukast, blir det for det første kravd at det kan eller skal gjerast unntak for det alt vesentlege av dokumenta hos verksemda. Det vil seie at det alt vesentlege av dokumenta hos verksemda må vere omfatta av unntaka i lova eller innehalde opplysningar som det kan gjerast unntak for. Det er ikkje tilstrekkeleg at dette gjeld for meir enn halvparten av dokumenta. At det skal eller kan gjerast unntak for det alt vesentlege av dokumenta, er likevel ikkje tilstrekkeleg til at det kan fastsetjast forskrift for verksemda. For det andre blir det kravd at særlege tungtvegande omsyn må tilseie at heile verksemda skal haldast utanom lova. Dette er teke inn for å understreke at det berre er i heilt spesielle tilfelle at denne heimelen kan brukast. Føresegna tek særleg sikte på verksemder som i hovudsak handterer dokument som inneheld opplysningar det gjeld teieplikt for, f.eks. i kommunale barnevernsinstitusjonar som er organiserte som sjølvstendige rettssubjekt.

Etter andre ledd tredje punktum kan Kongen gi forskrift om at lova heilt eller delvis skal gjelde for sjølvstendige rettssubjekt som er knytte til stat eller kommune utan å oppfylle vilkåra i første ledd bokstav c eller d, eller som er unnatekne etter første ledd andre punktum. Ein nokolunde tilsvarande heimel var også med i utvalsfleirtalet sitt forslag til § 2 andre ledd tredje punktum, sjå NOU 2003: 30 s. 252 og s. 254–255. Føresegna gir ikkje høve til å fastsetje at kva som helst sjølvstendig rettssubjekt skal vere omfatta av lova. Det blir kravd at rettssubjektet har tilknyting til det offentlege. Heimelen vil f.eks. kunne brukast til å fastsetje at lova skal gjelde for dei delane av verksemda i eit rettssubjekt som fell utanom lova etter første ledd andre punktum, som ikkje er utsette for direkte konkurranse frå private. Eit anna eksempel på eit tilfelle der heimelen vil kunne brukast, vil vere der det blir oppretta ein stiftelse med offentlege midlar utan at det offentlege har rett til å velje meir enn halvparten av medlemmene med røysterett i det øvste organet i stiftelsen.

Tredje ledd slår fast at lova ikkje gjeld for Stortinget, Riksrevisjonen, Stortingets ombodsmann for forvaltninga og andre organ for Stortinget. Føresegna svarer til § 1 fjerde ledd i gjeldande lov og forslaga frå lovutvalet. Føresegna inneber at lova ikkje gir rett til dokumentinnsyn hos Stortinget og organ for Stortinget. Det finst eigne reglar om dokumentinnsyn hos Stortinget og organ for Stortinget, sjå lov 22. juni 1962 nr. 8 om Stortingets ombodsmann for forvaltninga og stortingsvedtak 14. juni 2000 nr. 1076. Dokument som er sende til eller mottekne frå Stortinget eller organ for Stortinget, vil vere omfatta av innsynsretten på vanleg måte hos verksemder som er omfatta av offentleglova.

Fjerde ledd avgrensar verkeområdet til lova i høve til gjeremål organ som er omfatta av lova har etter rettsstellovene. Paragrafen erstattar § 1 tredje ledd i gjeldande lov, men skil seg frå denne bl.a. ved at rettssaksdokument som forvaltninga utarbeider og mottek som part i ei rettssak vil vere omfatta av lova. Dette er i samsvar med forslaget frå utvalet, sjå NOU 2003: 30 s. 294 og s. 304 (§ 3 begge stader) og s. 255- 256.

Fjerde ledd første punktum slår fast at lova ikkje gjeld for gjeremål som domstolane har etter rettsstellovene. Lova gjeld derimot for andre delar av verksemda i domstolane, f.eks. tilsetjingar, anna personalforvaltning, internadministrasjon, vigslar og notorialforretningar. Føresegna inneber berre at dokument som gjeld domstolane sine oppgåver som er heimla eller som følgjer saksbehandlingsreglane i ei av rettsstellovene fell utanfor lova. Det vil først og fremst innebere at domstolane sine dømmande oppgåver i sivile saker og straffesaker er unnatekne frå verkeområdet til lova. Enkelte forvaltningsoppgåver domstolane har, vil likevel heilt eller delvis vere regulerte i ei av rettsstellovene. Eksempel på det er saker om gebyrfastsetjing, salærfastsetjing til forsvarar i straffesaker og til prosessfullmektigar under fri rettshjelpsordning og dødsfallregistreringar m.m. Departementet tek sikte på å gi forskrift i medhald av fjerde ledd fjerde punktum der det blir fastsett at dokument som gjeld slike gjeremål i domstolane, skal vere omfatta av lova sjølv om dei er heimla eller heilt eller delvis regulerast i ei rettsstellov. Kva lover som skal reknast som rettsstellover, vil bli fastsette i forskrift i medhald av fjerde ledd fjerde punktum. Det vil vere naturleg å oppretthalde opprekninga i gjeldande forskrift 14. februar 1986 nr. 351 til offentleglova punkt IV nr. 2, men slik at rettsgebyrlova ikkje blir teken med, og slik at lov 14. mai 2004 nr. 25 om voldgift som erstattar tvistemålslova kapittel 32, blir teken med i opprekninga.

Etter fjerde ledd andre punktum er også dokument som gjeld gjeremål andre organ enn domstolane har etter rettstellovene i eigenskap av rettsstellorgan unnatekne frå verkeområdet til offentleglova. Dette gjeld bl.a. dokument som gjeld forkynningar i Noreg og utlandet som blir handterte av forvaltningsorgan, lensmannsskjønn og saker som namsfutane handterer etter tvangsfullføringslova. Dokument som eit forvaltningsorgan utarbeider eller mottek som part i ei rettssak, vil derimot vere omfatta av offentleglova hos dette organet, men likevel ikkje straffesaksdokument hos politiet og påtalemakta, sjå merknadene til tredje punktum nedanfor. Like eins vil lova gjelde i andre tilfelle der eit forvaltningsorgan har utarbeidd eller mottek slike dokument i annan eigenskap enn rettstellorgan, f.eks. dersom dokumenta er mottekne til orientering eller dersom slike dokument blir utveksla i samband med at fleire organ samarbeider om korleis forvaltninga skal opptre i ei rettssak. Sjølv om slike dokument er omfatta av lova hos vedkomande organ, vil det vere høve til å gjere unntak for slike dokument etter lovutkastet § 17.

Fjerde ledd tredje punktum gjer unntak for dokument som gjeld gjeremål politiet og påtalemakta har etter straffeprosesslova. Dette inneber at dokument i straffesaker korkje vil vere omfatta av lova hos domstolane eller hos politiet og påtalemakta. Vidare inneber dette at dokument i saker om erstatning for urettmessig straffeforfølging, inndraging og andre saker som blir behandla etter straffeprosesslova, ikkje er omfatta av offentleglova hos politiet og påtalemakta. Rettssaksdokument i sivile saker vil derimot vere omfatta av lova også hos politiet og påtalemakta dersom dei i eigenskap av part eller i annan eigenskap enn rettstellorgan utarbeider eller mottek slike dokument.

Fjerde ledd fjerde punktum gir Kongen høve til å gi forskrifter om kva lover som skal reknast som rettsstellovar etter fjerde ledd og om at enkelte gjeremål etter rettsstellovene likevel skal vere omfatta av lova. Sjå elles merknadene til fjerde ledd første punktum.

Etter femte ledd gjeld lova for Svalbard dersom ikkje anna blir fastsett av Kongen. Føresegna vidarefører § 1 i gjeldande lov og er i samsvar med forslaget frå utvalet. Føresegna inneber at lova vil gjelde for slike verksemder som er omfatta av lova som er lokaliserte på Svalbard. Høvet for Kongen til å gjere unntak for verksemder som er lokaliserte på Svalbard, er ikkje brukt etter gjeldande lov, og vil neppe vere aktuelt under den nye lova heller.

Sjette leddslår fast at § 6, § 7 andre ledd, § 8 tredje ledd tredje punktum og fjerde og femte ledd, og § 30 første ledd tredje punktum og andre ledd, gjeld uavhengig av føresegnene i § 2 for alle verksemder som er omfatta av direktiv 2003/98/EF om vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor. Bakgrunnen for dette er at dei nemnde føresegnene i lovutkastet skal gjennomføre direktiv 2003/98/EF, og at verkeområdet til direktivet er definert på ein litt annan måte i direktivet enn i lovutkastet § 2. For å sikre at direktivet blir gjennomført riktig er det derfor nødvendig å knytte verkeområdet til dei føresegnene som skal gjennomføre direktivet direkte til direktivet sitt verkeområde. Kva for verkeområde direktivet har går fram av artikkel 1 og 3.

Til kapittel 2 Hovudreglane om innsyn

Til § 3 Hovudregel

Paragrafen gir hovudregelen om at saksdokument, journalar og liknande register for organet er opne for innsyn for alle dersom ikkje anna følgjer av lov eller forskrift gitt i medhald av lov. Paragrafen vidarefører § 2 første ledd og delvis § 2 andre ledd første punktum i gjeldande lov. Departementet sine allmenne merknader går fram av punkt 12.1.4. Dei tilsvarande forslaga frå lovutvalet går fram av NOU 2003: 30 s. 294 (§ 5), s. 304 (§ 5) og s. 256 følgjande. Forslaget frå departementet er i hovudsak i samsvar med forslaga frå utvalet.

Etter første punktum gjeld innsynsretten saksdokument, journalar og liknande register for organet.

Omgrepet saksdokument er nærmare definert i § 4 og det blir vist til merknadene til denne paragrafen. I lovutkastet frå utvalsfleirtalet (§ 5), vart formuleringa «organets dokumenter» brukt, men denne skilnaden har ikkje noko å seie for realiteten.

Journal siktar til den journalen organ som er omfatta av lova, skal føre etter reglane i lov 4. desember 1992 nr. 126 om offentlege arkiv og forskrift 11. desember 1998 nr. 1193 om offentlege arkiv. Dette er ei oversikt der organet skal registrere ein del opplysningar om inn- og utgåande dokument. Liknande register vil for det første omfatte slike register som har ein liknande funksjon som dei eigentlege journalane, f.eks. enklare postlister. For det andre vil dette femne om andre former for saksoversikter og dokumentoversikter. Eit eksempel på dette er såkalla sakskort, som er ei oversikt over dei dokumenta som finst i ei bestemt sak. I begge tilfella er det ein føresetnad for at liknande register skal vere underlagde innsynsrett, at dei ikkje inneheld andre opplysningar enn dei som kan gå fram av den offentlege journalen.

Til skilnad frå § 2 andre ledd andre punktum i gjeldande lov er ikkje møtekart til folkevalde organ i kommunar og fylkeskommunar nemnt. Bakgrunnen for det er at slike møtekart vil vere omfatta av omgrepet saksdokument, slik at det ikkje er nødvendig å nemne dei særskilt. Av lovutkastet § 16 første ledd bokstav b går det fram at det ikkje kan gjerast unntak for slike dokument etter unntaka for interne dokument, og det følgjer dermed også indirekte av dette at dei er omfatta av hovudregelen om innsyn.

Første punktum slår vidare fast at det berre kan gjerast unntak frå retten til innsyn når dette følgjer av lov eller av forskrift gitt i medhald av lov. Dette er i samsvar med gjeldande lov § 2 første ledd, men skil seg frå forslaga til utvalet, sidan det gjekk inn for at forskrifter som gjorde unntak frå innsynsretten, måtte ha heimel i offentleglova. Føresegna inneber at det berre kan gjerast unntak frå innsyn når dette er fastsett i lov eller forskrift som er gitt med heimel i lov. Ein instruks om å gjere unntak frå innsyn vil vere utan verknad dersom han ikkje har heimel i lov eller forskrift. På same måten vil ikkje ein avtale, f.eks. med ein som har sendt inn eit dokument til organet, gi grunnlag for å gjere unntak frå innsyn.

Andre punktumslår for det første fast at innsynsretten etter første punktum gjeld for alle. Dette er ei vidareføring av gjeldande rett. Alle skal her tolkast bokstaveleg. Det vil seie at kven som helst har rett til innsyn etter lova. Det speler inga rolle om vedkommande er innlending, utlending, ung, gammal, eller om det er ein fysisk eller juridisk person som krev innsyn. Innsynsretten gjeld også for andre organ som er omfatta av lova.

Andre punktum slår for det andre fast at innsynskravet må rettast til det organet som har dokumenta eller journalane mv. som det blir kravd innsyn i.

Til § 4 Definisjonar

Paragrafen definerer omgrepet saksdokument og organ. I gjeldande lov blir omgrepet saksdokument definert i § 3, men definisjonen i forslaget er meir omfattande enn i gjeldande lov. Departementet sine allmenne merknader går fram av punkt 12.1.4. Dei tilsvarande forslaga frå utvalet går fram av NOU 2003: 30 s. 294–295 (§ 6), s. 303 (§ 2) og s. 257 følgjande. Departementet sitt forslag skil seg frå forslaga frå utvalet ved at omgrepet saksdokument er meir utfyllande definert.

Første ledd definerer dokumentomgrepet, som er ein del av det meir omfattande omgrepet saksdokument. Med dokument er meint ei logisk avgrensa informasjonsmengd som er lagra på eit medium for seinare lesing, lytting, framsyn, overføring eller liknande. Til skilnad frå gjeldande lov er «eller liknande» føydd til for å klargjere at opprekninga ikkje er uttømmande.

Dokumentomgrepet er teknologinøytralt. Det omfattar alle typar informasjon utan omsyn til korleis informasjonen er lagra. Det har vidare ikkje noko å seie korleis informasjonen kjem til uttrykk. Blant anna vil tekstar, lyd, bilete, teikningar og modellar vere omfatta av omgrepet.

Kva som utgjer éit dokument, må avgjerast ut frå kva som utgjer ei logisk avgrensa informasjonsmengd. Det avgjerande vil vere kva informasjon som innhaldsmessig høyrer saman. Om for eksempel eit brev med vedlegg utgjer eitt dokument eller om vedlegga utgjer separate dokument, kan derfor ikkje avgjerast på generelt grunnlag.

Andre ledd regulerer kva dokument som er saksdokument for eit organ, det vil seie kva dokument hos dette organet som er omfatta av hovudregelen om innsynsrett. Avgrensinga av kva dokument som er saksdokument for organet, har to sider. For det første gir føresegna ei tidsmessig avgrensing. For det andre gir føresegna også ei innhaldsmessig avgrensing.

Når det gjeld den tidsmessige avgrensinga, blir det skilt mellom dokument som organet mottek utanfrå, og dokument som organet sjølv opprettar.

Dokument som blir mottekne utanfrå, blir etter andre ledd første punktum rekna som saksdokument for organet når dei er komne inn til eller er lagde fram for organet. Dette er i samsvar med gjeldande lov. Eit dokument er komme inn til eller er lagt fram for organet når det er motteke per post, telefaks, elektronisk (per e-post) eller på annan måte. Eit dokument som blir overlevert til ein som er tilsett i organet, f.eks. i eit møte eller i privat samanheng, vil ha komme fram til organet når vedkommande har bringa dokumentet til organet.

Dokument som organet sjølv opprettar, blir etter andre ledd andre og tredje punktum rekna som saksdokument for organet, når dokumentet blir sendt ut av organet eller, dersom det ikkje skjer, når dokumentet er ferdigstilt. Eit dokument vil vere sendt når det er sendt i posten, per telefaks, som e-post eller liknande. Dokumentet skal reknast som sendt sjølv om det ikkje har komme fram til mottakaren. Dersom eit dokument ikkje blir sendt i vanleg tyding, men berre blir lagt ut i ein database som også er tilgjengeleg for dei som er meinte som mottakarar av dokumentet, skal dokumentet reknast som sendt når det er lagt ut i databasen.

Dokument som ikkje skal sendast ut, vil måtte reknast som ferdigstilte og dermed som saksdokument for organet når det ikkje lenger er aktuelt å gjere endringar eller tilføyingar i dokumentet. Her skil forslaget seg frå gjeldande lov, der slike dokument først blir rekna som saksdokument når saka som dokumentet er ein del av, er ferdigbehandla. Typiske eksempel på dokument som denne regelen vil gjelde for, er interne instruksar, retningslinjer og liknande. Regelen vil også gjelde for notat som inneheld saksopplysningar, vurderingar og råd frå ei avdeling eller ein saksbehandlar som blir sende til leiinga i organet, ei anna avdeling eller ein annan saksbehandlar. Dersom slike dokument blir sende vidare for at det skal arbeidast vidare med dei, vil dei likevel ikkje kunne reknast som ferdigstilte. Sjølv om slike dokument etter forslaget vil vere omfatta av hovudregelen om innsynsrett, vil det ofte vere høve til å gjere unntak for dei fordi dette vil vere dokument utarbeidde til bruk for den interne saksførebuinga i organet, sjå lovforslaget § 14.

Etter andre ledd første punktum er det ikkje tilstrekkeleg for at eit dokument skal reknast som eit saksdokument at det er komme inn til eller at det er oppretta av organet. Det blir i tillegg kravd at dokumentet innhaldsmessig må gjelde ansvarsområdet eller verksemda til organet. Noko slikt krav går ikkje uttrykkeleg fram av gjeldande lov eller av forslaga til utvalet. Gjeldande lov har likevel vorte tolka slik at innsynsretten berre gjeld dokument som har ei innhaldsmessig tilknyting til verksemda til organet. Heile utvalet meinte også at innsynsretten berre skulle gjelde dokument som har ei slik tilknyting. Forslaget er derfor ikkje meint å innebere noka realitetsendring i høve til gjeldande rett, men formålet er berre å klargjere at dokumenta må ha ein innhaldsmessig samanheng med verksemda i organet for at dei skal vere underlagde innsynsrett.

Det er ikkje noko krav at dokumentet må gjelde ei konkret sak i organet. Det er tilstrekkeleg at dokumentet knytter seg til ansvarsområda til organet eller til verksemda meir generelt. Så lenge dette kravet er oppfylt, har det heller ikkje noka å seie at dokumentet ikkje har vore gjenstand for noka verkeleg saksbehandling i organet. Eit dokument som berre er teke til orientering vil såleis kunne vere eit saksdokument for organet.

Om eit dokument faktisk er journalført eller ikkje, har ikkje noko å seie for om dokumentet må reknast som eit saksdokument.

Tredje ledd gir ei ikkje uttømmande opprekning av kva dokument som ikkje skal reknast som saksdokument for organet fordi kravet om innhaldsmessig tilknyting ikkje er oppfylt.

Etter bokstav a skal dokument som inngår i bibliotek- eller museumssamling, ikkje reknast som saksdokument for organet. For bibliotek og museum vil formålet med verksemda nett gå ut på å gi ålmenta innsyn i samlingane, men på ein annan måte enn offentleglova legg opp til. Regelen vil likevel også gjelde i høve til biblioteksamlingar hos bibliotek som berre dei tilsette i organet eller ei anna avgrensa gruppe skal dra nytte av.

Bokstav bfemner om dokument som private har overlate til offentlege arkiv for bevaring. Private har ikkje plikt til å avlevere dokument til offentlege arkiv, samtidig som det kan vere ønskeleg at dette blir gjort. I slike tilfelle vil det gjere seg gjeldande særlege arkivfaglege omsyn, og tilgjenge til slike dokument bør derfor utelukkande vere regulert i lov 4. desember 1992 nr. 126 om offentlege.

Bokstav cfemner om dokument som er overlatne til eit organ for offentleggjering i eit periodisk tidsskrift som blir gitt ut av organet. Føresegna tek sikte på dokument som blir mottekne for publisering.

Bokstav d omfattar aviser, tidsskrifter, reklamemateriell og liknande som organet mottek utan at det er knytt til ei bestemd sak i organet. Denne føresegna tek sikte på dokument som organet abonnerer på og mottek på anna vis utan tilknyting til saksbehandlinga i organet. Dersom organet derimot f.eks. mottek ein kopi av ein avisartikkel som vedlegg til eit saksdokument, vil også kopien få ei slik tilknyting til saka at han må reknast som eit saksdokument.

Bokstav e omfattar dokument som ein medarbeidar i eit organ har motteke i annan eigenskap enn som tilsett i organet. Føresegna tek sikte på dokument som utelukkande gjeld private tilhøve for vedkommande medarbeidarar. Det avgjerande er ikkje om dokumentet er retta til vedkommande medarbeidarar, men kva innhald det har. Dersom dokumentet gjeld ei sak organet arbeider med, eller inneheld opplysningar om eit saksområde som organet har ansvaret for, skal det lite til for at eit dokument som er retta til ein medarbeidar i organet likevel må reknast som eit saksdokument for organet. For eksempel vil eit dokument som ein tilsett eller politikar i organet har motteke som privatperson bli rekna som eit saksdokument for organet dersom det inneheld nye opplysningar som har noko å seie for ei sak organet har til behandling.

Dersom eit dokument har ein blanda karakter slik at det inneheld både private opplysningar og saksopplysningar, vil dei delane som inneheld saksopplysningar, vere omfatta av innsynsretten.

Når det gjeld dei særlege spørsmål som oppstår i samband med dokument som blir sende til og frå den politiske leiinga i forvaltningsorgan, viser departementet til utgreiinga om dette i St.meld. nr. 32 (1997–98) Om offentlighetsprinsippet i forvaltningen s. 66 følgjande som også vil vere retningsvisande for grensedragingane etter den nye lova.

Fjerde leddslår fast at når lova bruker omgrepet organ, så siktar det til alle typar verksemder, medrekna sjølvstendige rettssubjekt, som er omfatta av lova. Bakgrunnen for dette er at lova etter § 2 vil gjelde for mange sjølvstendige rettssubjekt, og at omgrepet organ vanlegvis berre blir brukt om verksemder som er ein organisatorisk del av stat og kommune. For ikkje å gjere lova for tunglesen er likevel omgrepet organ gjennomgåande brukt i lova.

Til § 5 Utsett innsyn

Paragrafen gir reglar som gir organet høve eller plikt til å fastsetje at innsyn først skal gjelde frå eit seinare tidspunkt enn det som følgjer av §§ 3 og 4. Første og andre ledd tilsvarer høvesvis første og andre ledd i § 4 i gjeldande lov, medan tredje ledd er nytt. Dei allmenne merknader frå departementet går fram av punkt 12.1.4. Forslaga til utvalet om utsett innsyn går fram av NOU 2003: 30 s. 295 (§ 13), s. 305 (§ 9) og s. 263 følgjande. Forslaget frå departementet skil seg frå forslaga til utvalet.

Etter første leddkan organet fastsetje at det i ei bestemd sak først skal vere innsyn frå eit seinare tidspunkt i saksførebuinga enn det som følgjer av §§ 3 og 4, såframt det er grunn til å tru at dei dokumenta som ligg føre, gir eit direkte misvisande bilete av saka, og at innsyn derfor kan skade klare samfunnsmessige eller private interesser.

Vilkåra for å usetje innsynstidspunktet etter denne føresegna er svært strenge. Det er for det første eit vilkår at det er grunn til å tru at dokumenta som ligg føre på tidspunktet da det er aktuelt å utsetje innsynet, gir eit direkte misvisande bilete av saka. Det er dokumenta i seg sjølv som må gi eit misvisande bilete. At det er grunn til å tru at pressa eller andre uavhengig av innhaldet i dokumenta vil gi ei skeiv framstilling av saka, gir ikkje grunnlag for å utsetje innsynstidspunktet. Det er ikkje tilstrekkeleg at dokumenta gir eit noko ubalansert eller ikkje eit fullstendig bilete av saka. Det blir kravd at dokumenta gir eit kvalifisert misvisande bilete. Det er det samla inntrykket som dokumenta i saka gir som er avgjerande. Dersom eit dokument i saka gir eit klart misvisande bilete, men dette blir balansert gjennom dei andre dokumenta i saka, vil det såleis ikkje vere høve til å utsetje innsynstidspunktet. Etter kvart som det kjem til fleire dokument i saka, kan det vere at dokumenta samla sett ikkje lenger gir eit direkte misvisande bilete av saka, og det vil da ikkje lenger vere høve til å utsetje innsynet. I vurderinga av om dokumenta gir eit direkte misvisande bilete, kan det ikkje takast omsyn til at biletet blir balansert gjennom opplysningar som går fram av dokument det blir nekta innsyn i etter andre reglar i lova.

For det andre er det eit vilkår at det er grunn til å tru at innsyn kan skade klare samfunnsmessige eller private interesser. Skadeverknaden må ha samanheng med at dokumenta gir eit direkte misvisande bilete av saka. Vil offentleggjering føre til skade på slike interesser av andre grunnar, vil det ikkje vere høve til å utsetje innsynstidspunktet. Skadeverknadene må gjelde klare samfunnsmessige eller private interesser. Dette inneber at det må vere konkret fare for ikkje uvesentlege skadeverknader på slike interesser.

Vilkåra i føresegna er som nemnt strenge. Det vil særleg vere aktuelt å bruke denne føresegna på eit tidleg stadium i saker der nokon rettar grove skuldingar mot ein bestemd tenestemann hos det offentlege eller mot private. Føresegna vil også etter situasjonen kunne brukast på eit tidleg stadium i tenestemannssaker om avskjed o.l. og i ulike granskingar o.l.

Andre ledd svarer til føresegna som vart tilføydd som § 4 andre ledd i gjeldande lov ved lov 14. januar 2005 nr. 6. Etter denne føresegna blir dokument som er utarbeide av eller til Riksrevisjonen i saker som han vurderer å leggje fram for Stortinget, først offentlege hos forvaltninga når saka er motteken i Stortinget. Etter føresegna er det ein føresetnad for å kunne utsetje innsynstidspunktet at Riksrevisjonen har gitt forvaltningsorganet varsel om at han vurderer å leggje saka fram for Stortinget i samsvar med § 18 andre ledd andre punktum i riksrevisjonslova. Det er tilstrekkeleg varsel dersom Riksrevisjonen ved oversending av ei sak har påført dokumenta påteikning om at dei er unnatekne frå innsyn etter riksrevisjonslova § 18 andre ledd. Dersom Riksrevisjonen ikkje har gitt slikt varsel, vil ikkje forvaltningsorganet ha høve til å utsetje tidspunktet for innsyn jamvel om Riksrevisjonen vurderer å leggje saka fram for Stortinget. Har derimot Riksrevisjonen gitt slikt varsel, vil forvaltninga ha plikt til å nekte innsyn i saksdokumenta inntil saka er motteken i Stortinget. Forvaltninga har altså ikkje høve til å utøve meirinnsyn for slike dokument.

Plikta for forvaltninga til ikkje å offentleggjere slike dokument gjeld fram til saka er motteken i Stortinget. Riksrevisjonslova § 18 andre ledd krev ikkje at Riksrevisjonen varslar forvaltningsorganet om at saka er motteken i Stortinget. I praksis vil likevel forvaltningsorganet bli varsla i samband med at Riksrevisjonen sender saka over til Stortinget. Jamvel om forvaltningsorganet ikkje mottek noko varsel frå Riksrevisjonen om at saka er send til Stortinget, vil forvaltningsorganet ikkje lenger ha høve til nekte innsyn i dokumenta med heimel i denne føresegna etter at saka er motteken i Stortinget. Dersom saka blir ferdigbehandla utan å ha vore lagd fram for Stortinget, vil det ikkje lenger vere høve til å nekte innsyn etter føresegna etter at Riksrevisjonen har gitt forvaltningsorganet varsel om at saka er ferdigbehandla. Dersom forvaltninga får krav om innsyn i korrespondanse med Riksrevisjonen etter at det har gått ei viss tid utan at ein har høyrt noko meir om saka, må forvaltninga undersøkje med Riksrevisjonen om saka er oversend til Stortinget eller er ferdigbehandla.

Tredje leddgir høve til å fastsetje utsett innsyn for eit dokument inntil det har komme fram til den det vedkjem, eller hendinga der det skal offentleggjerast har funne stad. Slik utsetjing av innsynstidpunktet kan berre skje dersom vesentlege private eller offentlege interesser tilseier det.

Føresegna tek for det første sikte på å sikre at private i særlege tilfelle skal ha høve til å gjere seg kjende med eit dokument som vedkjem dei i særleg grad, før dokumentet blir gjord tilgjengeleg for ålmenta. Føresegna vil kunne brukast der utkast til granskingsrapportar eller endelege granskingsrapportar blir oversende til dei granskinga gjeld eller pårørande. Etter dette alternativet vil innsyn kunne utsetjast inntil dokumentet har komme fram til vedkommande. Det er altså ikkje tale om noka vesentleg utsetjing av innsynstidspunktet.

For det andre tek føresegna sikte på å verne om offentlege interesser i tilfelle der opplysningar skal offentleggjerast på eit bestemt tidspunkt og det er mykje om å gjere at dei ikkje blir kjende før det. Eksempel på dette er dokument som avslørar kva beløp regjeringa skal løyve til den årlege TV-aksjonen.

Til § 6 Forbod mot forskjellsbehandling

Paragrafen er ny og gjennomfører artiklane 10 og 11 i EUs direktiv 2003/98/EF om vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor. Paragrafen slår fast at forskjellsbehandling er forbode ved behandling av saker etter offentleglova og i andre tilfelle der det blir gitt tilgang til informasjon, medrekna at det ikkje er høve til å avtale at nokon skal ha einerett på tilgang til informasjon. Departementet sine allmenne merknader går fram av punkt 11.4. Offentleglovutvalet vurderte ikkje tilhøvet til direktivet. Paragrafen tilsvarer i hovudsak forslaget til § X1 frå fleirtalet i den interdepartementale arbeidsgruppa som utgreidde korleis direktivet burde gjennomførast og ytterlegare tiltak for leggje til rette for vidarebruk, sjå rapporten «Fra bruk til gjenbruk» s. 84 følgjande og s. 99.

Til skilnad frå dei andre reglane i offentleglova vil denne paragrafen og dei andre paragrafane i lova som er gitt for å gjennomføre direktivet, ha eit noko anna verkeområde enn reglane elles i lova. Direktivet gjeld etter artikkel 1 nr. 2 bokstavane d til f ikkje for dokument hos allmennkringkastarar, utdannings-, forskings- og kulturinstitusjonar, samtidig som ein del av desse verksemdene vil vere omfatta av offentleglova. Av tredje ledd går det fram at paragrafen her ikkje gjeld for verksemder som ikkje er omfatta av direktivet dersom ikkje Kongen fastset anna i forskrift. På den andre sida vil direktivet i andre samanhenger gjelde for verksemder som ikkje er omfatta av offentleglova, jf. direktivet artikkel 2 nr. 1 og 2. Ved informasjonsutlevering frå slike verksemder vil reglane i paragrafen her og reglane i dei andre paragrafane i lova som er gitt for å gjennomføre direktivet gjelde, jamvel om reglane elles i lova ikkje gjeld for verksemda, jf. lovutkastet § 2 sjette ledd. Dette gjeld også når slike verksemder leverer ut dokument utan at det skjer på grunnlag av innsynsrett.

Til skilnad frå dei andre reglane i lova blir omgrepet «informasjon» brukt i staden for «saksdokument» i paragrafen her og i reglane i dei andre paragrafane som er gitt for å gjennomføre direktivet. Bakgrunnen for dette er at dokumentomgrepet i direktivet nok er noko vidare enn omgrepet saksdokument, slik at det er nødvendig å bruke eit anna omgrep for å få fram at desse reglane gjeld også der det blir gitt ut informasjon som fell utanfor definisjonen i lova av saksdokument.

Den interdepartementale arbeidsgruppa har gitt slik utgreiing for forslaget som svarer til første ledd i lovforslaget frå departementet:

«Bestemmelsen forbyr forskjellsbehandling mellom sammenlignbare innsynskrav. Innsynskrav med forskjellige formål, for eksempel der formålet med det ene kravet er kommersiell gjenbruk og formålet med det andre er ikke-kommersiell gjenbruk, trenger ikke å være sammenlignbare i bestemmelsens forstand og det kan dermed være adgang til forskjellsbehandling. Det kan imidlertid ikke kreves opplysninger om hva som er formålet med et innsynskrav. Forskjellsbehandling på dette grunnlaget vil derfor være avhengig av at den som krever innsyn frivillig gir opplysninger om formålet.

Forskjellsbehandling vil foreligge både når sammenlignbare innsynskrav behandles forskjellig med hensyn til om det overhodet gis tilgang til dokumenter og når de behandles forskjellig med hensyn til på hvilke vilkår eller hvordan det gis tilgang. Når det foreligger innsynsrett etter offentlighetsloven eller annen lovgivning, vil det allerede følge av de øvrige bestemmelsene i den aktuelle loven eller forskriften at alle som ber om det må få innsyn dersom det ikke finnes en unntaksadgang for det aktuelle dokumentet. Kan dokumentene unntas fra offentlighet, vil det likevel være adgang til å gi innsyn i den utstrekning dokumentene ikke inneholder taushetsbelagte opplysninger, det kan med andre ord utøves såkalt meroffentlighet. Bestemmelsen i første ledd første punktum vil imidlertid være til hinder for at sammenlignbare innsynskrav forskjellsbehandles når det utøves meroffentlighet. Det vil si at hvis det først er utøvd meroffentlighet en gang, så må det også utøves meroffentlighet i forhold til sammenlignbare innsynskrav. Også i dag vil det følge av ulovfestede prinsipper at det ikke er adgang til å praktisere meroffentlighet ulikt i forhold til forskjellige aktører. Bestemmelsen bidrar imidlertid til å klargjøre dette prinsippet.

Forbudet mot forskjellsbehandling er som nevnt også til hinder for at det gjøres forskjell med hensyn til vilkår og måten det gis tilgang til dokumenter på. Dette gjelder både i tilfeller hvor det foreligger innsynsrett og hvor det utøves meroffentlighet. Dette innebærer at hvis enkelte aktører gis innsyn på en bestemt måte eller i en bestemt form, kan ikke andre sammenlignbare innsynskrav behandles på en annen måte. Har for eksempel en aktør inngått en avtale med et organ om å få oversendt alle dokumenter av en bestemt type fortløpende uten å fremsette innsynskrav i hvert enkelt tilfelle, kan ikke sammenlignbare aktører deretter nektes samme service dersom de krever det.

Hva som anses som sammenlignbare innsynskrav, må avgjøres etter en konkret vurdering. Sammenligningen er imidlertid ikke begrenset til samme saksfelt – det kan også trekkes veksler til andre sakskategorier.

I første ledd første punktum fremgår også et forbud mot å inngå avtaler som gir noen enerett til tilgang til dokumenter. Der det foreligger innsynsrett etter offentlighetsloven eller annen lovgivning, vil det følge allerede av de øvrige bestemmelser i den aktuelle lov eller forskrift at det ikke er adgang til å gi noen en enerett til tilgang til dokumenter så langt innsynsretten rekker. Også i tilfeller hvor det til tross for en unntaksadgang gis innsyn etter en meroffentlighetsvurdering, vil ulovfestede prinsipper i stor utstrekning være til hinder for at noen gis enerett til tilgang til dokumenter. Bestemmelsen bidrar imidlertid til å klargjøre dette. Videre vil den være til hinder for at utvalgte aktører får inngå avtaler om en særlig dokumenttilgang utover det som følger av offentlighetsloven eller annen lovgivning, for eksempel avtaler om fortløpende oversendelse av en viss type dokumenter uten at det er nødvendig å fremsette innsynskrav i det enkelte tilfelle. Hvis det skal ytes slik merservice, skal alle aktører stilles likt.

I første ledd annet punktum er det presisert at det ikke representerer et gyldig grunnlag for forskjellsbehandling at et innsynskrav er fremsatt av en offentlig eller offentlig tilknyttet virksomhet når formålet med innsynskravet ikke har sammenheng med aktiviteter som er en del av virksomhetens offentlige oppgaver. Poenget er at offentlige og offentlig tilknyttede virksomheter skal behandles likt med andre aktører når de gis tilgang til dokumenter der formålet med å innhente dokumentene faller utenfor vedkommende virksomhets offentlige oppgaver. Motsetningsvis vil det være adgang til å forskjellsbehandle offentlige eller offentlig tilknyttede virksomheter og andre aktører når en offentlig virksomhet har til formål å bruke dokumentene i aktiviteter som er en del av virksomhetens offentlige oppgaver.»

Andre ledd gjennomfører reglane i direktivet artikkel 11 nr. 2. Til skilnad frå den interdepartementale arbeidsgruppa som utgreidde korleis direktivet bør gjennomførast, går departementet inn for at reglane i direktivet artikkel 11 nr. 2 blir tekne inn i lova, og ikkje i forskrifter.

Etter andre ledd første punktum er ikkje forbodet mot einerettsavtalar i første ledd til hinder for at det gjerast slike avtalar dersom dette er nødvendig for å levere ei teneste i ålmenta si interesse. Dette kan bl.a. vere tilfelle der det ikkje vil vere rekningssvarande å utvikle tenester med basis i informasjonen dersom det er konkurranse, slik at det utan einerett ikkje vil vere nokon aktørar som vil tilby tenester med basis i informasjonen.

Dersom det blir gjort avtalar om einerett etter første punktum, følgjer det av andre punktum at det kvart tredje år skal finne stad ei fornya vurdering av om vilkåret i første punktum er oppfylt. Dersom ein ved ei slik fornya vurdering kjem til at vilkåret ikkje lenger er oppfylt, må einerettsavtalen opphøyre. Utforminga av eventuelle einerettsavtalar må ta høgde for dette.

Etter tredje punktum skal eventuelle einerettsavtaler som blir gjorde i medhald av andre ledd, vere offentlege. Dette inneber at slike avtalar alltid skal vere offentlege uavhengig av kva som følgjer av reglane i lova elles.

I fjerde punktumer det presisert at det ikkje i noko tilfelle kan gjerast avtalar om einerett til informasjon som ålmenta har rettskrav på innsyn i etter lov eller forskrift. Avtalar om einerett vil altså ikkje kunne avgrense den innsynsretten andre har etter offentleglova eller anna regelverk.

Til § 7 Bruk av offentleg informasjon

Paragrafen er ny og slår fast at informasjon som det er gitt innsyn i, i utgangspunktet kan brukast til kva formål som helst. Departementet sine allmenne merknader går fram av punkt 11.4. Offentleglovutvalet fremja ikkje forslag om ei slik føresegn, men eit i hovudsak tilsvarande forslag vart fremja av fleirtalet i den interdepartementale arbeidsgruppa som utgreidde korleis EUs direktiv 2003/98/EF om vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor burde gjennomførast og ytterlegare tiltak for å leggje til rette for vidarebruk, sjå § X 2.1 i rapporten «Fra bruk til gjenbruk» s. 99–100 og s. 86.

Første ledd slår fast at informasjon som det er gitt innsyn i etter offentleglova eller anna lovgiving som gir ålmenta rett til innsyn i offentleg verksemd, kan brukast til kva formål som helst dersom ikkje anna lovgiving eller ein tredjeperson sin rett er til hinder for det. Direktivet krev ikkje at vidarebruk skal vere tillate. Denne regelen er derfor ikkje noka følgje av direktivet, men eit tiltak som legg til rette for vidarebruk ut over dei krava som følgjer av direktivet. Sjølv om gjeldande offentleglov ikkje inneheld nokon tilsvarande regel, vil det også etter gjeldande rett vere høve til å bruke informasjon det blir gitt innsyn i til kva som helst dersom ikkje anna regelverk er til hinder for det. Føresegna klargjer likevel dette utgangspunktet. Fleirtalet i den interdepartementale arbeidsgruppa gir følgjande utgreiing om deira tilsvarande forslag:

«I første ledd første punktum gjengis hovedregelen om at når det gis innsyn etter offentlighetsloven eller annen lovgivning som gir allmennheten innsynsrett kan dokumentet i utgangspunktet brukes til ethvert ønskelig formål. At dokumentene er offentlig tilgjengelig, for eksempel gjennom at de ligger ute på internett, likestilles i denne sammenheng med tilfeller hvor det er fremsatt et innsynskrav på vanlig måte. Bestemmelsen gjelder både i tilfeller der innsyn er gitt i medhold av offentlighetsloven og i tilfeller hvor innsyn er gitt i medhold av annen lovgivning om allmennhetens innsynsrett. Enkelte former for bruk kan være forbudt i lov eller i medhold av lov. De private aktørene har selv ansvaret for at bruken er i samsvar med gjeldende regelverk. Særlig åndsverkloven kan være til hinder for bruk av dokumenter – både dokumenter som skriver seg fra private og dokumenter som er produsert i det offentlige. At innholdet i dokumentet er underlagt vern etter åndsverkloven, er samtidig et eksempel på et tilfelle der tredjemanns rett vil være til hinder for gjenbruk. I slike tilfeller må bruken av dokumentet avklares med rettighetshaver. Det kan også tenkes at for eksempel en sammenstilling av offentlige dokumenter i visse tilfeller kan stride mot straffelovens bestemmelser om ærekrenkelse eller rasisme. Personopplysningsloven er et annet eksempel på lovverk som kan begrense bruken.»

Andre ledd første punktum gjennomfører delar av direktivet artikkel 7 og artikkel 8 nr. 2. Føresegna gjeld derfor berre for verksemder som er omfatta av direktivet, jf, merknadene til § 6. Føresegna slår fast at eventuelle standardlisensar om bruk av offentleg informasjon frå slike verksemder skal vere tilgjengelege i digitalt format og må kunne behandlast elektronisk. Føresegna inneber ikkje at forvaltninga har plikt til å utarbeide slike standardlisensar. Etter andre ledd andre punktum kan Kongen gi forskrift om at regelen i første punktum også skal gjelde for verksemder som ikkje er omfatta av direktivet, jf. merknadene til § 6 første ledd.

Til § 8 Hovudregel om gratis innsyn

Paragrafen slår fast hovudregelen om at organet ikkje kan krevje betaling for innsyn etter lova, og gir heimlar til å fastsetje forskrifter som gir høve til å ta betalt i særlege tilfeller. Liknande reglar følgjer av § 8 tredje ledd i gjeldande lov. Forslaget inneber likevel at utgangspunktet om at innsyn er gratis kjem klarare til uttrykk, samtidig som forskriftsheimlane gir klarare rammer for når det kan krevjast betaling og for kor høge betalingssatsane kan vere. Reglane i tredje ledd andre punktum og fjerde til sjette ledd gjennomfører forskjellige reglar om betaling i EUs direktiv 2003/98/EF om vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor. Departementet sine allmenne merknader går fram av punkt 12.1.4 og punkt 11.4. Forslaga frå offentleglovutvalet som i hovudsak svarer til første til tredje ledd i departementet sitt forslag, går fram av NOU 2003: 30 s. 298 (§ 35), s. 307 (§ 26) og s. 286. Forslaga som svarer til fjerde til sjette ledd frå fleirtalet i den interdepartementale arbeidsgruppa som utgreidde korleis direktivet burde gjennomførast, og ytterlegare tiltak for å leggje til rette for vidarebruk, går fram av rapporten «Fra bruk til gjenbruk» s. 100 (§ X4) og s. 88–89.

Etter første ledd kan organet berre krevje betaling for innsyn etter offentleglova dersom det har heimel i forskrift gitt i medhald av andre eller tredje ledd i paragrafen. Dette gjeld uavhengig av kva måte innsyn blir gitt på, jamvel om dette fører til at organet blir påført vesentlege kostnader for å etterkomme kravet. Føresegna må sjåast i samanheng med § 30 første ledd andre punktum der hovudregelen er at den som krev innsyn har ein vilkårslaus rett til papirkopi eller elektronisk kopi. Retten til kopi gjeld i motsetnad til etter gjeldande lov § 8 første ledd første punktum for eit uavgrensa tal på kopiar. Er det ikkje gitt forskrifter som gir høve til å krevje betaling for eit stort tal på kopiar, kan altså organet likevel ikkje nekte å gi kopiar under tilvisning til at det vil bli for dyrt. Paragraf 8 vil ikkje gjelde dersom innsynsretten er heimla i ei anna lov. I slike tilfelle vil reglane om betaling i den andre lova fullt ut regulere i kva grad det er høve til å ta betalt.

Det er berre forskrifter som er gitt med heimel i andre og tredje ledd i paragrafen her som kan gi grunnlag for å krevje betaling for innsyn. Forskrifter gitt med heimel i andre lover vil ikkje gi høve til å ta betalt der innsynsretten følgjer av offentleglova. Forskriftsheimlar i nyare lover kan rett nok gå føre føresegna i første ledd i paragrafen her, men meininga er at det i framtida ikkje skal bli gitt slike heimlar i andre lover. Noverande forskriftsheimlar som gir høve til å ta betalt, kan oppretthaldast dersom dei blir heimla i offentleglova. Dette vil bli gjennomgått når det skal givast forskrifter til den nye lova.

Andre ledd første punktuminneheld ein forskriftsheimel som gir høve til å gi forskrift som heimlar høve til å ta betalt for avskrifter, utskrifter eller kopiar. Han gir ikkje høve til å ta betalt når det blir gitt innsyn på annan måte enn dei nemnde, f.eks. ved gjennomlesing av dokumenta ved personleg oppmøte hos organet. Denne forskriftsheimelen vil kunne brukast for å gi forskrifter om betaling for alle typar dokument som er omfatta av lova. Når det gjeld saksdokument som gjeld saker innanfor kjerneområdet til offentlegprinsippet, er det likevel ein føresetnad at innsyn som den klare hovudregel skal vere gratis også når dette skjer i form av at det blir gitt kopiar mv. For slike dokument skal det berre kunne givast forskrifter som heimlar betaling i tilfelle der det blir kravd svære mengder kopiar eller kopiar til svært kostnadkrevjande medium.

Andre ledd andre punktum slår fast at betalingssatsane som blir fastsette i eventuelle forskrifter som blir gitt i medhald av andre ledd først punktum, skal setjast slik at inntektene ikkje blir høgare enn dei faktiske kostnadene ved kopiering og utsending av dokument. I forskrifter etter andre ledd vil altså ikkje betalingssatsane kunne fastsetjast slik at organet får ei forteneste når det gir innsyn. Det er berre høve til å ta omsyn til kostnadene med sjølve kopieringa og utsending av dokumenta, det vil seie kostnadene som går med til papir eller anna kopieringsmedium og til porto e.l. Betalingssatsane skal ikkje ta omsyn til den tida som går med til å finne fram dokumenta, vurdere om det skal givast innsyn, kopieringa og utsendinga. Å behandle innsynskrav er ein integrert del av verksemda i det enkelte organet på lik linje med andre gjeremål som forvaltninga har. Den enkelte brukaren av innsynsretten skal derfor ikkje belastast med slike kostnader. For tilfelle der det blir gitt elektronisk kopi av dokument ved at dokumentet blir oversendt per e-post eller på tilsvarande kostnadsfri måte, vil det ikkje vere høve til å gi forskrifter om at det skal kunne takast betalt fordi organet i slike tilfelle ikkje vil bli påført nokon kostnader ved å gi kopi.

Tredje leddgir høve til å fastsetje forskrifter som gir heimel til å ta betalt når det blir gitt innsyn i informasjon som ikkje vedkjem kjerneområdet til offentlegprinsippet. Dette går fram ved at det berre kan bli gitt forskrifter om betaling når særlege tilhøve ved arten til dokumenta eller verksemda gjer det rimeleg. Ein siktar her for det første til dokument som blir utarbeidde for å dekkje eit kommersielt behov hos private, f.eks. bearbeidd eigedomsinformasjon som blir tilbydd til eigedomsmeklarar og finansinstitusjonar. For det andre siktar ein til informasjonsutlevering frå offentlege verksemder som heilt eller delvis skal drivast på kommersiell basis, og der sal av informasjon utgjer ein del av innteningspotensialet. I begge tilfelle vil det dreie seg om verksemd der informasjonsutleveringa har karakter av å vere ei tenesteyting på linje med det som kan drivast av private. Det blir understreka at føresegna ikkje heimlar forskrifter som gir rett til å ta betalt for innsyn i dokument som gjeld kjerneområdet for offentlegprinsippet, det vil seie dokument som gjeld offentleg myndigheitsutøving. Føresegna gir også høve til å gi forskrifter om betaling når innsyn blir gitt på annan måte enn ved avskriftar, utskrifter eller kopier.

Tredje ledd andre punktumfastset eit tak for kor høge betalingssatsar som kan fastsetjast i forskrifter som blir gitt i medhald av tredje ledd første punktum. Denne føresegna gjennomfører direktivet artikkel 6 og gjeld berre for verksemder som er omfatta av direktivet, sjå sjette ledd. Eventuelle betalingssatsar i forskrifter etter første punktum må setjast slik at dei samla inntektene ikkje blir høgare enn dei faktiske kostnadene ved innsamling, produksjon, reproduksjon og formidling av informasjonen, og ei rimeleg avkastning av investeringane. Det kan sjølvsagt fastsetjast lågare betalingssatsar enn heimelen gir høve til. For verksemder som er omfatta av lova, men ikkje av direktivet, vil det i prinsippet kunne fastsetjast forskrifter som gir høve til å krevje høgare betaling enn det som følgjer av andre punktum, men i praksis vil det neppe vere aktuelt.

Fjerde ledd gjennomfører også direktivet artikkel 6 og har samanheng med at direktivet i høve til ein del verksemder har eit vidare verkeområde enn offentleglova, jf. merknadene til § 6. Føresegna slår fast at den samla inntekta ved informasjonsutlevering frå verksemder som ikkje er omfatta av offentleglova, men som er omfatta av anna lovgiving som gir ålmenta innsynsrett eller av direktivet, ikkje må overstige dei faktiske kostnadene ved innsamling, produksjon, reproduksjon og formidling av informasjonen, og ei rimeleg avkastning av investeringane.

Femte ledd gjennomfører direktivet artikkel 7. Etter femte ledd første punktumskal verksemder som krev betaling for informasjon, offentleggjere betalingssatsane i elektronisk form dersom det er mogeleg og formålstenleg. Dette kan for eksempel skje ved at prisane blir lagde ut på nettsida til verksemda. Dersom verksemda ikkje har det nødvendige utstyret for å offentleggjere betalingssatsane elektronisk, vil ho ikkje ha plikt til det. Etter femte ledd andre punktumskal verksemder som krev betaling for informasjon på førespurnad gi opplysningar om grunnlaget for utrekning av betalingssatsane og eventuelt kva faktorar som vil bli lagde til grunn for utrekninga i særlege høve. Det sistenemnde tek sikte på tilfelle der det ikkje er fastsett betalingssatsar på førehand.

Sjette leddfastset at føresegnene i tredje ledd andre punktum og fjerde og femte ledd berre gjeld for verksemder som er omfatta av direktivet dersom ikkje anna blir fastsett i forskrift. Dette har samanheng med at direktivet ikkje gjeld for visse verksemder som er omfatta av offentleglova, sjå merknadene til § 6 første ledd.

Til § 9 Rett til å krevje innsyn i ei samanstilling frå databasar

Paragrafen er ny og innfører ein rett til å krevje at organet skal gjere ei samanstilling av opplysningar som er lagra i databasane til organet for å etterkomme eit innsynskrav. Departementet sine allmenne merknader går fram av punkt 12.1.4. Forslaget følgjer opp eit forslag frå offentleglovutvalet, sjå NOU 2003: 30 s. 295 (§ 8) og s. 258–259.

Etter gjeldande rett vil ålmenta berre ha rett til innsyn i dokument som eksisterer på innsynstidspunktet. Eit organ vil aldri ha noka plikt til å utarbeide eit nytt dokument for å etterkomme eit innsynskrav. Denne paragrafen endrar dette ved at han gir rett til å krevje at forvaltninga skal lage ei samanstilling av opplysningar som finst elektronisk lagra i databasane til organet for å etterkomme eit innsynskrav. Gjennom ei slik samanstilling vil det oppstå eit nytt dokument i offentleglova si tyding. Dokumentet som oppstår gjennom ei slik samanstilling, vil vere underlagt dei vanlege reglane om innsyn og unntak frå innsynsretten. Det vil seie at dersom det som eit resultat av samanstillinga f.eks. går fram opplysningar som det kan gjerast unntak for etter § 21 i lovutkastet, så vil det kunne nektast innsyn i desse opplysningane på vanleg måte. Plikta til å vurdere meirinnsyn etter forslaget § 11 vil likevel gjelde også i slike høve. Dersom det blir bedt om at det skal lagast ei samanstilling av opplysningar som det allereie i utgangspunktet skal eller kan gjerast unntak frå innsyn i, vil ikkje organet ha noka plikt til å gjennomføre samanstillinga dersom det ikkje er aktuelt å utøve meirinnsyn heilt eller delvis.

Det er eit vilkår for at organet skal ha plikt til å lage ei slik samanstilling at samanstillinga kan lagast av opplysningar som finst elektronisk lagra i databasane til organet. Føresegna gir altså ikkje grunnlag for å krevje ei samanstilling av opplysningar som ikkje er lagra elektronisk. Opplysningane som skal samanstillast, må vidare finnast i databasane til organet. Det kan ikkje krevjast at det skal lagast ei samanstilling der opplysningar som finst i databasar som ikkje tilhøyrar organet, skal inngå. Det vil vidare ikkje vere plikt til å lage ei slik samanstilling av opplysningar i dokument som ikkje er omfatta av hovudreglane om innsynsrett i lovutkastet §§ 3 og 4 sjølv om dokumenta er lagra i databasane til organet.

Det er vidare eit krav at samanstilling må kunne gjerast med enkle framgangsmåtar. Dette vilkåret peiker på den arbeidsbyrda organet vil bli påført ved å lage samanstillinga. Der samanstillinga utelukkande kan gjerast ved hjelp av databaserte løysingar som kan setjast i gang ved hjelp av enkle kommandoar, vil vilkåret vere oppfylt. Dersom derimot samanstillinga krev meir tidkrevjande manuelle operasjonar, f.eks. der ein saksbehandlar sjølv må gå inn og vurdere kva opplysningar som skal samanstillast, vil ikkje dette vilkåret vere oppfylt. Paragrafen vil f.eks. kunne brukast i tilfeller der organet har databaserte løysingar som kan setje saman statistiske opplysningar frå dokument som finst i databasane til organet.

Til § 10 Plikt til å føre journal. Tilgjengeleggjering av journalar og dokument på Internett

Paragrafen fastset journalføringsplikt for alle organ som er omfatta av lova, og gir Kongen heimel til i forskrift å fastsetje at organ som fører elektronisk journal, skal gjere denne tilgjengeleg på Internett. Paragrafen klargjer dessutan at eit organ også har høve til å gjere saksdokument tilgjengelege på Internett, men dette er altså ikkje noko organet har plikt til. Paragrafen er ny, bortsett frå første ledd, som er identisk med § 2 andre ledd tredje punktum i gjeldande lov. Departementet sine generelle merknader til andre og tredje ledd går fram av punkt 12.2.4. Forslaga frå offentleglovutvalet om desse spørsmåla går fram av NOU 2003: 30 s. 295 (§ 9) og s. 259–260. Andre og tredje ledd i forslaget frå departementet skil seg frå dei tilsvarande forslaga frå utvalet, jf. punkt 12.2.4.

Første ledd slår fast at organ som er omfatta av offentleglova, skal føre journal etter reglane i arkivlova med forskrifter, jf. lov 4. desember 1992 nr. 126 om arkiv og forskrift 11. desember 1998 nr. 1193 om offentlege arkiv. Rett nok følgjer plikta til å føre journal direkte av arkivforskrifta, og i utgangspunktet har dermed regelen i offentleglova berre ein pedagogisk funksjon. Etter gjeldande rett er det likevel usikkert om arkivforskrifta har eit verkeområde som er like vidt som offentleglova. Dessutan får offentleglova etter forslaget i denne proposisjonen eit enda vidare verkeområde enn i dag. Ein eigen regel i offentleglova sikrar dermed at journalføringsreglane også vil gjelde for verksemder som ikkje kjem inn under arkivforskrifta. Andre reglar i arkivlova med forskrifter vil sjølvsagt ikkje gjelde i slike tilfelle.

Det nærmare innhaldet i reglane om journalføring går fram av arkivforskrifta kap. II B. Etter § 2–6 har organet plikt til å registrere i journalen alle inngåande og utgåande saksdokument som er gjenstand for saksbehandling og har verdi som dokumentasjon. Paragrafen opnar også for registrering av organinterne dokument, så langt organet finn dette tenleg, jf. første ledd tredje punktum. Dette er dokument som eit organ har utarbeidd for si eiga interne saksførebuing, og som ikkje blir sende ut av organet. Det er likevel plikt til å journalføre saksforslag med vedlegg som blir gitt til eit kommunalt eller fylkeskommunalt folkevalt organ. Kva for opplysningar journalen skal innehalde, går elles fram av arkivforskrifta § 2–7.

Etter § 14 første ledd i lovutkastet her kan det gjerast unntak frå innsyn for organinterne dokument. Men dette gjeld ikkje dersom dokumentet fell inn under ein av kategoriane i § 14 andre ledd. Også slike dokument vil likevel vere organinterne dokument som fell inn under § 2–6 første ledd tredje punktum i arkivforskrifta, dvs. at organet ikkje har plikt til å journalføre dei.

Departementet legg derimot til grunn at det skal vere journalføringsplikt for dokument som blir utveksla innanfor kommunar og fylkeskommunar, og som det ikkje kan gjerast unntak for etter lovutkastet § 14, jf. lovutkastet § 16. I samband med det etterfølgjande forskriftsarbeidet vil også arkivforskrifta bli justert på dette punktet.

Andre ledd inneheld ein forskriftsheimel som gir Kongen høve til å gi reglar om at organ som fører elektronisk journal, skal gjere denne allment tilgjengeleg på Internett, og om korleis dette skal gjennomførast. Føresegna gir ikkje heimel til å påleggje eit organ å føre elektronisk journal. At journalen skal gjerast allment tilgjengeleg, inneber at han må vere tilgjengeleg for alle som har tilgang til Internett, ikkje berre for pressa eller andre avgrensa grupper. Forskriftene kan også regulere korleis tilgjengeleggjeringa skal skje. Av omsyn til personvernet kan det f.eks. bli aktuelt å fastsetje reglar om avgrensa søkjefunksjonalitet.

Tredje ledd regulerer i kva grad dokument kan gjerast allment tilgjengelege på Internett. I første punktumblir det slått fast at organet kan tilgjengeleggjere dokument på denne måten, men med unntak for opplysningar som kjem inn under teieplikt i lov eller i medhald av lov. Alt etter gjeldande rett vil det vere høve til å leggje dokument ut på Internett, men det har vore ein del tvil om dette. Føresegna vil dermed vere med på å klargjere rettssituasjonen. Føresegna omfattar både dokument som det er innsynsrett i, og dokument som det kan gjerast unntak for, men som ikkje inneheld teiepliktige opplysningar. Opplysningar som kjem inn under teieplikt i lov eller i medhald av lov, vil det vere forbode å tilgjengeleggjere. Dette følgjer direkte av teiepliktsreglane. Dei andre opplysningane i eit dokument som inneheld teiepliktige opplysningar, vil likevel kunne leggjast ut på nettet. Når det gjeld kva som ligg i formuleringa allment tilgjengeleg, viser departementet til merknadene til første ledd.

Etter tredje ledd andre punktum kan Kongen i forskrift gi nærmare reglar om tilgjengeleggjering av dokument på Internett og om at visse typar personopplysningar og dokument som ein tredjeperson har immaterielle rettar til, ikkje skal kunne offentleggjerast på denne måten. I medhald av denne føresegna vil Kongen bl. a. kunne gi reglar om avgrensa søkjefunksjonalitet for å ivareta personvernomsyn, like eins reglar om at organ som legg ut visse dokument på Internett, skal opplyse kva kriterium som ligg til grunn for dette dokumentutvalet.

Det kan vidare bli gitt forskrift om at det ikkje skal vere høve til å gjere tilgjengeleg visse typar personopplysningar på Internett. Personopplysningar skal her tolkast i samsvar med definisjonen i personopplysningslova § 2 nr. 1. Forskriftsheimelen tek sikte på tilfelle der slik offentleggjering ikkje vil vere i tråd med personverndirektivet, eller der personvernomsyn elles tilseier at opplysningar ikkje bør leggjast ut på Internett.

Personopplysningar som blir rekna som ømtolige etter personverndirektivet, vil i stor grad vere teiepliktige etter norsk rett. Det vil likevel ikkje alltid vere slik, og det kan da vere behov for reglar som slår fast at det ikkje er høve til å gjere opplysningane tilgjengelege elektronisk. Personverndirektivet vil derimot som oftast ikkje vere til hinder for elektronisk tilgjengeleggjering av vanlege personopplysningar. EF-domstolen sin dom 20. mai 2003 (sameina saker C-465/00, C-138/01 og C-139/01) Rechnungshoftyder likevel på at det i gitte tilfelle også kan vere i strid med direktivet å offentleggjere visse typar vanlege personopplysningar elektronisk. Rettssituasjonen er likevel uavklart. Det vil dermed vere behov for forskriftsregulering, slik at det enkelte organ slepp å vurdere tilhøvet til personverndirektivet i kvart enkelt tilfelle.

Det kan også bli gitt forskrift som set forbod mot å leggje ut på Internett dokument som ein tredjeperson har immaterielle rettar til. Bakgrunnen for dette er at ein del slike dokument kan utnyttast på ein måte som krenker dei økonomiske interessene til rettshavaren. I slike tilfelle vil det vere fare for at rettane til tredjepersonen blir krenkte dersom dokumentet er tilgjengeleg på Internett. Dette kan f.eks. gjelde bestilte utgreiingar som også vil kunne brukast i kommersielle samanhenger hos private. Ei rekkje dokument som forvaltninga mottek frå private, vil det kunne vere knytt opphavsrettar til, f.eks. søknader, argumentasjonsskriv i ei sak, høyringsfråsegner o.l. Slike dokument vil det til vanleg ikkje knyte seg økonomiske interesser til, og det er ikkje aktuelt å forskriftsfeste at slike dokument ikkje skal kunne leggjast ut på Internett.

Til § 11 Meirinnsyn

Føresegna inneber ei vidareføring og presisering av gjeldande rett. Departementet har såleis ikkje følgt opp forslaget frå utvalet om å erstatte plikta til å vurdere meirinnsyn med ei føresegn om plikt til offentleggjering etter ei interesseveging, sjå NOU 2003: 30 s. 295 (§ 10), s. 104 følgjande og s. 260 følgjande. Meirinnsynsregelen er drøfta i proposisjonen punkt 5.3.

Utgangspunktet for meirinnsynsprinsippet er at det ligg føre eit dokument som det er høve til heilt eller delvis å nekte innsyn i. Dersom unntaket gjeld opplysningar som er underlagde teieplikt, jf. § 13 i utkastet, er det ikkje aktuelt å gi meirinnsyn.

I § 11 er det presisert at det skal gjerast ei interesseveging ved vurderinga av om meirinnsyn skal givast. Dette gjeld også etter dagens lov, og endringa har til formål å klargjere og presisere dette. Ved vurderinga av om ein skal gi meirinnsyn, skal ein på den eine sida vurdere om dei omsyna som ligg til grunn for unntaksføresegna gjer seg gjeldande i det aktuelle tilfellet. Dersom dei ikkje gjer det, bør ein gi innsyn. Sjølv om omsyna gjer seg gjeldande, må ein så vurdere kva omsyn som taler for å gi innsyn. I denne vurderinga vil ein kunne sjå på formålsføresegna i § 1, og på dei konkrete omsyn som gjer seg gjeldande i det enkelte tilfellet. Dersom omsyna som taler for innsyn veg tyngre enn behovet for unntak, bør ein gi innsyn.

Som etter gjeldande rett bør ein i praksis når ein vurderer eit innsynskrav ta utgangspunkt i behovet for unntak, og vurdere om det ligg føre eit reelt og sakleg behov for å nekte innsyn i dokumentet. Dersom eit slikt behov gjer seg gjeldande, må ein forsikre seg om at det er heimel for å gjere unntak for dokumentet.

Til § 12 Unntak for resten av dokumentet

I gjeldande lov er det ikkje nokon generell regel om når det er høve til å gjere unntak for heile dokumentet når unntakshøvet i utgangspunktet knyter seg til opplysningar. Ein slik regel er likevel å finne i tilknyting til unntaka i § 5 a og 6 a, men da med noko annleis utforming. Føresegna skil seg òg frå forslaget frå offentleglovutvalet, jf. NOU 2003: 30 s. 295 (§ 11) og s. 262, som gjorde forslag om ein regel om innsyn i resten av dokumentet når behovet for innsyn berre var knytt til delar av det. Departementet sine allmenne merknader går fram av punkt 5.4 ovanfor.

I forslaget til ny lov er unntakshøvet i utgangspunktet knytt til opplysningar, og ikkje til heile dokument, slik hovudregelen er etter gjeldande rett. Det er derfor i nokre tilfelle behov for ei føresegn om at ein likevel kan gjere unntak for heile dokumentet. Etter bokstav ai føresegna er det tillate å gjere unntak for heile dokumentet dersom dei delane som ikkje fell inn under eit unntak, aleine vil gi eit klart misvisande inntrykk av innhaldet. Denne føresegna svarer til § 5 a andre ledd og § 6 a andre ledd i gjeldande lov.

Bokstav b er ny i høve til gjeldande rett og gir høve til å gjere unntak for heile dokumentet dersom det vil vere urimeleg arbeidskrevjande å skilje ut dei opplysningane som er omfatta av eit unntak. Føresegna vil til dømes kunne nyttast dersom det gjeld store dokument der dei opplysningane som fell inn under eit unntak, er spreidde over heile dokumentet.

Bokstav c svarer til regelen i gjeldande lov §§ 5 a og 6 a og gir høve til å gjere unntak for heile dokumentet dersom dei opplysningane som er omfatta av eit av unntaka, utgjer den største delen av dokumentet.

Til kapittel 3 Unntak frå innsynsretten

Til § 13 Opplysningar som er underlagde teieplikt

Føresegna i første og tredje ledd erstattar høvesvis § 5a og § 10 i gjeldande rett, og svarer til forslaget frå utvalet, jf. NOU 2003: 30 s. 295 (§ 14) og s. 264. Andre ledd er nytt i høve til gjeldande rett, og var heller ikkje med i forslaget frå utvalet. Føresegna er kort omtalt i proposisjonen punkt 12.3.2.

Føresegna slår i første ledd fast at opplysningar som er undergitt teieplikt i lov eller i medhald av lov, er unnatekne frå innsyn. Forvaltninga har plikt til å nekte innsyn i opplysningar som er underlagt teieplikt. Dersom opplysningar er omfatta av ei føresegn om teieplikt, vil det ikkje under noko omstende vere høve til å gi innsyn i opplysningane, heller ikkje på grunnlag av føresegna om meirinnsyn i § 11.

For at forvaltninga skal ha plikt til å gjere unntak for opplysningane etter føresegna i § 13 første ledd, må teieplikta følgje av lov eller av føresegner gitt i medhald av lov. Teieplikt som følgjer av instruks eller avtale vil ikkje gi grunnlag for teieplikt etter § 13. Lova inneheld ikkje sjølv nokre føresegner om teieplikt, men det finst ei rekkje føresegner som stiller opp teieplikt elles i lovverket. Dei mest sentrale reglane om teieplikt i forvaltninga står i forvaltningslova §§ 13 følgjande.

Unntaket i første ledd for opplysningar som er underlagde teieplikt i lov, vil på grunn av føresegna i forvaltningslova § 13 b første ledd nr. 1 ikkje vere til hinder for at ein part får innsyn etter offentleglova. Som det går fram av rundskriv G-28/98 frå Justisdepartementet, vil føresegnene i forvaltningslova § 19 gjelde analogisk når ein part krev innsyn etter offentleglova. Parten har dermed ikkje rett til innsyn i opplysningar som er nemnde i forvaltningslova § 19. Meirinnsyn må likevel vurderast.

I andre ledd er det presisert at føresegnene i forvaltningslova om teieplikt gir sjølvstendige rettssubjekt som er omfatta av verkeområdet til lova etter § 2 første ledd bokstav c eller d høve til å gjere unntak for opplysningar undergitt teieplikt i same omfang som eit forvaltningsorgan. Bakgrunnen for dette er at forvaltningslova og teiepliktreglane der ikkje vil gjelde for slike verksemder. Utan denne føresegna ville dermed ikkje desse verksemdene hatt høve til å gjere unntak for opplysningar som ville vore underlagde teieplikt i eit forvaltningsorgan.

I tredje ledd er det slått fast at når innsynskravet gjeld eit dokument som inneheld opplysningar undergitt teieplikt, skal kravet saman med ei eventuell grunngiving på oppmoding leggjast fram for den som har krav på tausheit med ein høveleg frist til å gi samtykke til at opplysningane blir gjorde kjende. Dersom den som har bedt om innsyn har gitt ei grunngiving for kravet, skal denne leggjast ved når kravet blir sendt til den som har krav på tausheit. Dette siste er nytt i høve til gjeldande rett og er i samsvar med eit forslag frå offentleglovutvalet. Dersom vedkommande ikkje svarer, skal dette reknast som nekting av samtykke. Bakgrunnen for føresegna er at teieplikt etter forvaltningslova § 13 a nr. 1 fell bort når den som har krav på tausheit, samtykkjer. Forvaltninga har inga generell plikt til å leggje alle krav om innsyn i dokument som inneheld opplysningar undergitt teieplikt fram for den som er verna av teieplikta. Denne plikta oppstår berre dersom den som har kravd innsyn ber om at kravet blir lagt fram for vedkommande.

Til § 14 Dokument utarbeidde for eige saksførebuing (organinterne dokument)

Paragrafen gir høve til å gjere unntak for organinterne dokument og erstattar § 5 første ledd i gjeldande lov. Departementet sine allmenne merknader går fram av punkt 6.4.1. Sjølve unntaket for slike dokument går fram av første ledd. Første ledd er ei vidareføring av § 5 første ledd i gjeldande lov. Andre ledd er nytt og reknar opp visse dokument eller delar av dokument som det ikkje kan gjerast unntak for etter paragrafen. Tredje ledd er også nytt og inneheld ein forskriftsheimel som gir Kongen høve til å gi forskrift om at unntaket ikkje skal gjelde for dokument som blir utveksla innan statlege eller statleg tilknytte organ. Den tilsvarande paragrafen i lovutkastet frå utvalsfleirtalet er § 15, sjå NOU 2003: 30 s. 295–296 og s. 265 følgjande. Dei forskjellige mindretalsforslaga finst på s. 301 (§ 15) og s. 305 (§§ 10 og 11) i NOU 2003: 30.

Etter første ledd er det høve til å gjere unntak frå innsyn for dokument som eit organ har utarbeidd for si eiga interne saksførebuing. Unntakseininga er altså heile dokument, ikkje berre dei delane av eit dokument som det vil kunne ha skadelege verknader å gi innsyn i.

Dokumentet må vere utarbeidd av organet sjølv for eiga saksførebuing i organet. Dermed blir det avgjerande kva som utgjer eitt og same organ. Meininga er at det skal løysast på same måten som etter gjeldande rett. I Veileder i offentlighetsloven frå Justisdepartementet (G-0354 B) s. 34 er det gitt slik utgreiing om dette:

«Det generelle utgangspunkt er at en organisasjon som utad framstår som en selvstendig enhet, må regnes som ett forvaltningsorgan. Foruten organiseringa må det bl.a. legges vekt på om enheten har selvstendig avgjørelsesmyndighet.

Et departement regnes som ett organ. På grunn av den sterke organisatoriske tilknytningen mellom de ulike delene av departementet, gjelder dette selv om enkelte avdelinger eller andre enheter i vedkommende departement er tillagt selvstendig avgjørelsesmyndighet.

Fylkesmannen er et selvstendig organ i forhold til sentraladministrasjonen.

Et vanlig, frittstående direktorat regnes som et organ for seg. Er et direktorat unntaksvis organisert som en departementetsavdeling og det ikke treffer avgjørelser i eget navn, vil det derimot være et hjelpeorgan for departementet og bli behandlet som en del av departementet. I saker der et slikt direktorat treffer vedtak i eget navn, må det likevel anses som et eget organ, selv om det organisatorisk sett inngår som en departementsavdeling.

En viss tvil kan oppstå når det gjelder sentrale organer med tilknyttede lokale enheter. Det har vært antatt at norske delegasjoner til internasjonale organisasjoner er en del av den norske forvaltning som har oppnevnt dem. Videre har det vært lagt til grunn at norske ambassader og andre utenriksstasjoner er en del av Utenriksdepartementet i saker der de opptrer som hjelpeorganer for departementet. I saker der utenriksstasjonene treffer selvstendig vedtak – f.eks. i saker om støtte til nordmenn i utlandet – er de derimot egne organer.»

Om utval og arbeidsgrupper mv. er det same stad på s. 34–35 gitt ei slik utgreiing:

«En arbeidsgruppe som er oppnevnt av et organ for å utrede en særskilt sak, må normalt regnes som en del av det organet som har oppnevnt den. Intern saksforberedende korrespondanse mellom utvalget og organet – typisk et departement – vil følgelig kunne unntas fra offentlighet etter § 5 første ledd.

Formelle granskingskommisjoner, klagenemnder, lovbestemte råd og utredningsutvalg som er oppnevnt ved kongelig resolusjon, vil som utgangspunkt være egne organer i offentlighetslovens forstand. Hvor grensen skal trekkes, må i tvilstilfelle avgjøres etter en konkret helhetsvurdering der det bl.a. legges vekt på hjemmelsgrunnlaget for oppnevnelsen, arbeidets varighet, graden av egen organisasjon, mandatet og sammensetningen.

Koordineringsutvalg mv. som opprettes for å samordne aktiviteten til flere organer politisk, faglig eller administrativt, må ofte regnes som egne organer, og ikke som hjelpeorganer for et bestemt organ.

I Lovavdelingens uttalelse 10. mai 1985 (sak 740/85 E) ble et interdepartementalt utvalg på politisk nivå som skulle koordinere departementenes arbeid med bl.a. regelforenkling, likestilt med et departement, slik at utveksling av arbeidsdokumenter mellom departementene og utvalget var omfattet av offentlighetsloven § 5 annet ledd bokstav c.»

I høve til departementa må utgreiinga ovanfor utdjupast noko. Regjeringa som kollegium må såleis reknast som eitt organ. I høve til dokument som gjeld utarbeiding av regjeringsnotat, utkast til slike notat og andre utkast til dokument som blir utveksla i samband med ein regjeringskonferanse, må alle departementa som er involverte reknast som eitt og same organ, slik at slike dokument vil vere omfatta av første ledd. Det same gjeld for dokument som blir utveksla i samband med saksbehandlinga i statssekretærutval og andre utval innan regjeringa.

Personar eller einingar som på permanent basis utfører sekretariatsfunksjonar for eit organ, skal normalt reknast som ein del av dette organet. Dette gjeld også dersom sekretariatet i visse saker har fått myndigheit til å fatte avgjerder.

Dersom eit forvaltningsorgan eller eit sjølvstendig rettssubjekt blir leidd av eit kollegialt organ, f.eks. eit råd eller eit styre, må rådet eller styret reknast som ein del av organet eller rettssubjektet.

Om ein person som er mellombels knytt til eit organ, f.eks. for å utføre eit utgreiingsoppdrag, skal reknast som ein del av organet eller som ein ekstern oppdragstakar, vil avhenge av ei konkret vurdering. Dersom personen er tilsett som arbeidstakar i organet, vil vedkommande alltid måtte reknast som ein del av organet. Dersom det er tale om eit oppdragstilhøve, vil dette avhenge av arten til oppdraget, mandatet og kva grad av fortrulegheit og internt samarbeid med organet som det er lagt opp til.

I nokre samanhenger vil ikkje fast tilsette arbeidstakarar i eit organ bli rekna som ein del av organet. Dette gjeld f.eks. i høve til dokument som blir utveksla med ein arbeidstakar i saker om opprykk, oppseiing o.l. Det same gjeld reiserekningar eller i andre høve der tilsette krev godtgjering eller refusjon. Korrespondanse med tilsette som gjeld spørsmål om korleis verksemda skal drivast, må derimot i utgangspunktet reknast som organintern. Dette kan likevel stille seg annleis dersom det oppstår sterk konflikt mellom den tilsette og organet.

Korrespondanse mellom ein skole og elevane kan ikkje reknast som organintern. Tilsvarande vil gjelde mellom eit fengsel og dei innsette. Dette gjeld likevel ikkje dersom personane opptrer på vegne av institusjonen som ledd i deira arbeid der.

Det er som hovudregel eit vilkår at dokumentet ikkje er sendt ut av organet. Dette heng saman med at dokumentet må vere utarbeidd for den interne saksførebuinga i organet. Høvet til å gjere unntak vil gå tapt dersom dokumentet blir sendt ut av organet, anten i original eller i kopi, f.eks. til ein som er part i saka. Det vil likevel framleis kunne gjerast unntak for eit dokument sjølv om det blir sendt over til eit anna organ i samband med klagebehandling eller kontroll, f.eks. til Sivilombodsmannen, Riksrevisjonen eller ein granskingskommisjon, eller til eit organ som har ei koordinerande rolle, slik f.eks. Statsministerens kontor har i høve til departementa eller Finansdepartementet i høve til deira saker med økonomiske konsekvensar. Det same gjeld dersom saka blir sendt over til eit sideordna organ for vidare behandling, f.eks. på grunn av ugildskap eller fordi parten har flytta. At eit dokument blir vist fram for utanforståande utan at vedkommande får eit eksemplar av dokumentet, er heller ikkje til hinder for at dokumentet framleis er omfatta av unntakshøvet etter § 14.

Andre ledd reknar opp visse dokument eller delar av dokument som ikkje er omfatta av unntakshøvet etter første ledd. Andre ledd gjer berre unntak frå første ledd. Slike dokument eller delar av dokument som er omfatta av andre ledd, kan det framleis gjerast unntak for etter andre unntaksreglar i lova dersom vilkåra for det er oppfylte.

Etter bokstav akan det etter første ledd ikkje gjerast unntak for dokument eller del av dokument som inneheld organet si endelege avgjerd i ei sak. Dette er i røynda berre ei presisering av første ledd, fordi den endelege avgjerda i ei sak ikkje vil vere ein del av saksførebuinga. Heller ikkje etter gjeldande rett vil det vere høve til å unnata den endelege avgjerda i ei sak etter dette unntaket. Føresegna i bokstav a gjeld jamvel om den endelege avgjerda berre går fram av eit dokument som elles har organintern karakter. Dette kan vere tilfellet dersom avgjerda berre går fram av ei påteikning på eit elles organinternt dokument. I slike tilfelle vil det ikkje vere høve til å gjere unntak for den delen av dokumentet der påteikninga går fram.

For at denne regelen skal vere aktuell, må det vere fatta ei endeleg avgjerd i ei sak. Det må trekkjast ei nedre grense for kva som i det heile skal reknast som ei sak i høve til føresegna. Dersom «saka» berre går ut på at organet har bestemt seg for ikkje å gå vidare med ein idé e.l. utan at det var ein førespurnad utanfrå som starta saksbehandlinga, eller utan at forvaltninga har trekt inn utanforståande, vil det ikkje liggje føre ei endeleg avgjerd i høve til føresegna. Tilsvarande vil ikkje konklusjonar i regjeringskonferansar eller i utval som er oppnemnde av regjeringa, bli rekna som endelege avgjerder, slik at desse vil vere omfatta av unntaket i første ledd. Dreier det seg derimot om avgjerder som vil få direkte verknad for private, f.eks. ei avgjerd om å avgrense talet på dispensasjonar i eit område eller i ein tidsperiode, vil avgjerda om dette vere omfatta av føresegna.

Etter bokstav b kan det etter første ledd ikkje gjerast unntak for generelle retningslinjer for saksbehandlinga til organet. Det er ikkje eit krav at retningslinjene må vere rettsleg bindande for saksbehandlinga, men dei må kunne ha innverknad på behandlinga av saker i organet. Eksempel på kva som vil vere omfatta av denne føresegna, er generelt utforma skriv om korleis eit regelverk skal tolkast, retningslinjer for utøving av skjønn etter eit regelverk og retningslinjer for korleis sakene skal behandlast, f.eks. saksbehandlingsfristar, kva opplysningar som skal innhentast o.l. Også etiske retningslinjer for behandlinga av saker er omfatta. Det gjeld ikkje noko krav om at retningslinjene må ha innverknad på om dei vedtaka som blir fatta er gyldige, eller om den aktiviteten det er tale om er lovleg. Retningslinjer som gjeld behandlinga av ei enkelt sak vil derimot ikkje vere omfatta av bokstav b.

Etter bokstav c vil ikkje føredrag til saker som blir behandla av Kongen i statsråd vere omfatta av unntakshøvet etter første ledd etter at saka er avgjord. I dag er slike dokument omfatta både av unntaket i § 5 første ledd og § 6 først ledd nr. 3 (denne føresegna er ikkje foreslått vidareført i lovforslaget frå departementet). I praksis blir det likevel nesten alltid utøva meirinnsyn for føredraga etter at saka er behandlinga i statsråd.

Etter bokstav dvil ikkje presedenskort vere omfatta av unntakshøvet etter første ledd. Dersom kortet gjengir organinterne vurderingar, vil det likevel kunne gjerast unntak for kortet. Føresegna snevrar inn unntakshøvet for organinterne dokument. Presedenskort er ein kortfatta beskriving av innhaldet i eit dokument. Slike kort blir ofte laga for at organet skal få ei betre oversikt over kva vedtak organet har fatta, kva fråsegn organet har gitt, osv. Slike kort vil ofte innehalde eit kort samandrag av fakta i saka, kva reglar som er brukte, og grunngivinga. Føresegna slår fast at det ikkje kan gjerast unntak for slike kort etter unntaket for organinterne dokument. Dersom presedenskortet samanfattar innhaldet i eit organinternt dokument, eller dersom det elles gir uttrykk for interne vurderingar som ikkje har komme til uttrykk for omverda gjennom eit anna dokument, vil presedenskortet likevel vere omfatta av unntakshøvet etter første ledd.

Presedenskort blir ofte samla i eit presedensregister. Dersom dette registeret blir ført elektronisk, følgjer det av § 9 i lovforslaget at det kan krevjast innsyn i ei samanstilling av presedenskorta dersom det kan gjerast med enkle framgangsmåtar.

Tredje ledd inneheld ein forskriftsheimel som gir Kongen høve til gi forskrift om at unntaket i første ledd ikkje skal gjelde for bestemte organinterne dokument som blir utveksla innan bestemte statlege eller statleg tilknytte organ. Bakgrunnen for denne føresegna er at omsyna bak unntaket i første ledd ofte ikkje vil gjere seg gjeldande for dokument for den interne saksførebuinga som blir utveksla innanfor store organ. Nokon tilsvarande forskriftsheimel finst ikkje i gjeldande lov. Det kan bl.a. vere aktuelt å bruke heimelen i høve til dokument frå administrasjonen til styret i føretak etter helseføretakslova og frå administrasjonen til kollegial eining i universitet og høgskolar.

Til § 15 Dokument innhenta utanfrå for den interne saksførebuinga

Paragrafen regulerer unntakshøvet for dokument for den interne saksførebuinga til eit organ som blir innhenta utanfrå. Departementet sine allmenne merknader går fram av punkt 6.4.2. Første ledd regulerer unntakshøvet for dokument for den interne saksførebuinga som blir innhenta frå underordna organ, og frå eitt departement til bruk i eit anna departement. Andre ledd regulerer unntakshøvet for råd og vurderingar som blir innhenta frå andre enn dei som omfatta av første ledd. Tredje ledd slår fast at unntaka i første og andre ledd gjeld tilsvarande for dokument som gjeld innhenting av slike dokument som det kan gjerast unntak for etter paragrafen, og for referat frå møte mellom overordna og underordna organ, mellom departement og mellom eit organ og nokon som gir råd og vurderingar som nemnt i andre ledd. Paragrafen erstattar § 5 andre ledd i gjeldande lov, men skil seg frå den ved at unntakshøvet for slike dokument er vesentlig snevrare gjennom at det er teke inn eit skadevilkår i paragrafen. I lovutkastet frå utvalsfleirtalet er unntakshøvet for slike dokument regulert i §§ 17 – 20, sjå NOU 2003: 30 s. 296 og s. 270 følgjande. Dei forskjellige mindretalsforslaga finst på s. 301–302 (§§ 15 og 17) og på s. 305 (§§ 12 – 14) i NOU 2003: 30. Forslaget frå Departementet skil seg i større eller mindre frå alle forslaga frå utvalet.

Etter første ledd første punktumkan eit organ gjere unntak frå innsyn for dokument som organet har innhenta frå eit underordna organ til bruk for den interne saksførebuinga når det er nødvendig for å sikre forsvarlege interne avgjerdsprosessar. Dersom vilkåra først er oppfylte er det høve til å gjere unntak for heile dokumentet, ikkje berre for dei delane av dokumentet som det er nødvendig å gjere unntak for for å sikre forsvarlege avgjerdsprosessar.

For at det skal vere høve til å gjere unntak, er det for det første eit krav om at dokumentet må vere innhenta frå eit underordna organ.

Når det gjeld spørsmålet om kva som utgjer eit organ, viser ein til merknadene til § 14 første ledd.

Avgjerande for om eit organ er overordna eit anna organ, er først og fremst om det har omgjerings- og instruksjonsrett i høve til det andre organet eller kan påleggje det arbeidsoppgåver innanfor det aktuelle saksområdet. Ordinære direktorat vil vere underordna bestemte departement. Politidistrikta vil vere underlagde Politidirektoratet. Fylkesmannsembeta står i ei særstilling ved at dei administrativt er underlagt Moderniseringsdepartementet, medan dei på dei ulike fagområda som dei handterar vil vere underlagde vedkommande fagdepartement.

Mange organ vil ha ei uavhengig stilling i høve til den øvste sentrale statsforvaltninga ved behandling av enkeltsaker. Dette gjeld bl.a. klageorgan og tilsynsmyndigheiter. Dersom slike organ blir bedne om å utføre generelle utgreiingsoppgåver av organ som høyrer til den øvste statsforvaltninga, f.eks. i samband med lovendringar innanfor det aktuelle området, vil dei likevel i denne samanhengen måtte reknast som underordna organ.

Eit organ skal ikkje reknast som underordna organ berre fordi det har lovbestemt plikt til å gi fråsegn i ei sak, eller fordi fråsegn frå det aktuelle organet er viktig for å få saka forsvarleg opplyst.

Sjølvstendige rettssubjekt som er åtte av stat, fylkeskommune eller kommune, eller som har anna tilknyting til stat, fylkeskommune eller kommune, skal ikkje i noko høve reknast som underordna det organet dei har tilknyting til i høve til § 15.

Kommunar og fylkeskommunar kan aldri reknast som underordna organ i høve til statlege organ etter § 15. Generelt vil heller ikkje eit organ kunne reknast som underordna eit anna organ fordi det er underlagt kontroll- eller tilsynsmyndigheita til dette organet.

Dokument som blir innhenta frå sideordna organ eller frå overordna organ til bruk i eit underordna organ, vil heller ikkje vere omfatta av unntakshøvet etter § 15. Det same gjeld dokument som kjem frå partane i saka eller andre privatpersonar.

Dersom eit departement samarbeider med eit anna departement om ei sak og innhentar dokument frå eit underordna organ, vil slike dokument også vere omfatta av unntakshøvet hos det andre departementet jamvel om dette ikkje er overordna sendarorganet. Dette gjeld både dersom dokumentet blir sendt via det overordna departementet, og dersom dokumentet blir sendt direkte til det andre departementet. I tilfelle der det ikkje er høve til å gjere unntak for saksførebuande korrespondanse mellom to organ som samarbeider om ei sak, f.eks. mellom to direktorat, vil det derimot ikkje vere høve til å gjere unntak for dokument som blir sendt til eit av organa frå eit organ som ikkje er underordna mottakaren, jamvel om avsendaren er underordna organet mottakaren samarbeider med om saka.

Det er ikkje noko krav om at organet må vere direkte underordna det organet som innhentar dokument.

For at det skal vere høve til å gjere unntak er det for det andre eit krav om at dokumentet må vere til bruk for den interne saksførebuinga i det overordna organet. Dette inneber at formålet med å innhente dokumentet i hovudsak var at det skulle brukast til saksførebuinga. I enkelte tilfelle kan det vere slik at det på eit seinare tidspunkt vil vere aktuelt å sende eit dokument som opphavleg var meint for den interne saksførebuinga, ut til andre, f.eks. som vedlegg til eit anna dokument. I så fall vil det vere høve til å gjere unntak for dokumentet inntil det blir sendt ut. Dersom det ikkje ligg føre haldepunkt for kva som var formålet med å innhente dokumentet, må vurderinga skje ut i frå kva som er vanleg praksis for vedkommande saks- eller dokumenttype. Årsmeldingar og rapportar frå underliggjande organ vil f.eks. normalt vere utarbeidde ikkje berre med sikte på oppfølging hos det overordna organet, og vil dermed ikkje vere omfatta av unntakshøvet.

Eit dokument vil ikkje lenger vere omfatta av unntakshøvet dersom det blir sendt ut av organet, sjå merknadene til § 14 første ledd om den tilsvarande problemstillinga for organinterne dokument.

For det tredje er det eit vilkår for å gjere unntak at dokumentet må vere innhenta av det overordna organet. Sjølv om ikkje dette går fram av ordlyden, er eit tilsvarande krav lagt til grunn etter gjeldande rett. Meininga med å ta dette inn i lova er berre å vidareføre den praksis som har vore lagd til grunn etter gjeldande rett. For at dette vilkåret skal vere oppfylt, må det aktuelle dokumentet normalt vere innsendt etter oppmoding frå det overordna organet. Ei slik oppmoding kan vere skriftleg eller munnleg. Vilkåret om at dokumentet skal vere innhenta skal likevel ikkje tolkast absolutt, men gir rom for ein viss fleksibilitet. Dette gjeld særleg i tilfelle der det er eit nært og regelmessig samarbeid mellom to forvaltningsorgan, og der det dermed i det enkelte tilfelle kan vere noko tilfeldig kor initiativet til å produsere eit dokument ligg. F.eks. vil ein ståande instruks om å sende inn dokument til bruk for den interne saksførebuinga i det overordna organet, oppfylle vilkåret. I tilfelle der eit overordna organ oppmodar om bistand frå eit underordna organ og det deretter blir utveksla ei rekkje dokument mellom organa, vil også vilkåret vere oppfylt sjølv om det overordna organet ikkje har bedt om å få kvart enkelt dokument. Vilkåret om at dokumentet må vere innhenta har til formål å avgrense mot dokument som underordna organ oversender fullt ut av eige drift. Dersom det er tilfellet, vil det ikkje vere høve til å unnata dokumentet jamvel om det først og fremst er utarbeidd i mottakaren si interesse, f.eks. der eit underordna organ melder eit lovbrot som det overordna organet har til oppgåve å følgje opp. Vilkåret inneber også at det ikkje vil vere høve til å unnata eit dokument frå eit underordna organ som set i gang ei saksbehandling hos eit overordna organ.

Det er ikkje nok for å gjere unntak at dei tre ovannemnde vilkåra er oppfylte. Det blir i tillegg kravd at unntak er nødvendig for å sikre forsvarlege interne avgjerdsprosessar. Dette vilkåret inneber ei vesentleg innsnevring av unntakshøvet i høve til gjeldande rett. Vilkåret inneber at det berre vil kunne gjerast unntak dersom det er fare for at innsyn vil skade den interne avgjerdsprosessen hos mottakaren. Formålet med å ta inn dette vilkåret er at det berre skal vere høve til å gjere unntak i tilfelle der omsyna bak dette vilkåret slår til.

Unntaket skal ikkje berre verne om omsynet til å sikre forsvarlege avgjerdsprosessar i den enkelte saka, men også på lengre sikt. Det vil derfor også vere relevant å ta omsyn til at innsyn kan skade framtidige interne avgjerdsprosessar ved at organ ein samarbeider tett med kan bli meir tilbakehaldne med å komme med frimodige råd og vurderingar.

Vilkåret vil kunne vere oppfylt når det ligg føre eit tett samarbeid mellom organa. Det vil vere tilfellet i situasjonar der organa utvekslar utkast til det som skal vere mottakarorganet si endelege avgjerd eller liknande i saka for å få merknader eller innspel.

Vilkåret vil elles kunne vere oppfylt der underordna organ direkte gir råd og vurderingar om kva avgjerd det overordna organ bør fatte i ei sak. Dette vil vere tilfellet når eit underordna organ deltek i saksførebuinga til eit departement i saker som skal fremjast for Stortinget, behandlast i regjeringa, av Kongen i statsråd eller på annan måte på politisk nivå. Også når underordna organ deltek i saksførebuinga i samband med at statsråden skal svare på spørsmål frå Stortinget, halde ein tale eller liknande, vil skadevilkåret ofte vere oppfylt. For innspel og bidrag til talar gjeld dette meir generelt der innhaldet i talen elles vil kunne bli kjent før han er halden, eller at ikkje brukte innspel og bidrag ville bli kjende etter at talen er halden.

I tilfelle der det ikkje er tett samarbeid mellom organa og eit underordna organ gir råd og vurderingar i reine administrative og faglige spørsmål, vil det på den andre sida som oftast ikkje vere høve til å gjere unntak.

Dersom dokumentet berre inneheld generelle premissar som skal inngå i avgjerdsgrunnlaget til mottakaren, f.eks. generelle utgreiingar av faktiske tilhøve eller av gjeldande rettstilstand, vil det derimot som hovudregel ikkje vere høve til å unnata det. Dette gjeld jamvel om dokumentet skal brukast i saksførebuinga i saker der det er eit tett samarbeid mellom organa, og der eit underordna organ deltek i saksførebuinga til departement i politiske saker mv. I særlege tilfelle kan det likevel vere høve til å gjere unntak også for slike dokument, f.eks. dersom det går fram av samanhengen at dokumentet skal brukast i arbeidet med å utforme eit svar til Stortinget eller ein tale.

Endelege konsekvensutgreiingar i enkeltsaker, jf. f.eks. plan- og bygningslova kap. VII-a, står i ei særstilling, og det vil ikkje kunne gjerast unntak for slike.

Særleg i tilfelle der berre klart avgrensa delar av eit dokument inneheld opplysningar som det er nødvendig å unnata frå innsyn for å sikre forsvarlege avgjerdsprosessar, er det viktig å vere merksam på meirinnsynsregelen i forslaget § 11. I slike tilfelle vil denne føresegna gi organet ei oppfordring til å utøve meirinnsyn i dei delane av dokumentet som det ikkje er nødvendig å unnata av omsyn til den interne saksførebuinga.

Etter første ledd andre punktumer det høve til å gjere unntak for dokument som eit departement har innhenta frå eit anna departement til bruk for si interne saksførebuing når det er nødvendig for å sikre interne avgjerdsprosessar. Dette skadevilkåret inneber ei vesentleg innsnevring av unntakshøvet i høve til gjeldande rett. På same måten som etter første ledd gjeld unntakshøvet heile dokument, ikkje berre dei delane av eit dokument som det vil ha skadeverknader å offentleggjere. Vilkåra om at dokumentet må vere innhenta og til bruk for den interne saksførebuinga hos mottakaren, skal tolkast på same måte som dei tilsvarande vilkåra i første punktum, sjå ovanfor. Vilkåret om at unntak må vere nødvendig for å sikre forsvarlege avgjerdsprosessar, skal òg i prinsippet tolkast på same måte som etter første punktum. På grunn av at det er eit svært tett samarbeid mellom departementa i mange saker, og at departementa i stor grad handterer saker som inngår i politiske prosessar, vil likevel dette vilkåret i praksis oftare vere oppfylt for korrespondanse mellom departement enn for korrespondanse mellom overordna og underordna organ.

Andre ledd gir høve til å gjere unntak for delar av dokument som inneheld råd og vurderingar av korleis eit organ bør stille seg i ei sak, og som organet har innhenta til bruk for den interne saksførebuinga, når det er påkravd av omsyn til ei forsvarleg ivaretaking av det offentlege sine interesser i saka. Også på dette punktet representerer forslaget ei vesentleg innsnevring av unntakshøvet i høve til gjeldande rett. Forslaget skil seg også frå gjeldande rett ved at det avgjerande for unntakshøvet er innhaldet i dokumentet, og ikkje kven det er innhenta frå.

I motsetning til første ledd gir andre ledd i utgangspunktet berre høve til å unnata dei delane av eit dokument som oppfyller vilkåra i føresegna. Dette er òg ein skilnad frå gjeldande rett der unntakshøvet femner om heile dokumentet.

Unntakshøvet gjeld råd og vurderingar av korleis eit organ bør stille seg i ei sak. Dette femner om råd og vurderingar av kva handlingsalternativ organet bør velje i ein gitt situasjon, kva avgjerd det bør treffe o.l., medrekna vurderingar av kva konsekvensar som vil materialisere seg ved ulike handlingsalternativ. Saksomgrepet skal i denne samanheng tolkast vidt. Det krevst ikkje at saka må ende opp i eit bindande vedtak, slik at unntaket også vil vere aktuelt i saker som går ut på å utarbeide handlingsplanar, stortingsmeldingar o.l.

Det vil ikkje vere høve til å unnata fråsegner som ikkje har karakter av råd og vurderingar av korleis organet bør stille seg. Dette inneber at det som hovudregel ikkje vil vere høve til å unnata dei delane av eit dokument som berre inneheld generelle premissar som skal inngå i avgjerdsgrunnlaget til mottakaren, f.eks. generelle utgreiingar av faktiske tilhøve eller av rettsspørsmål. Dersom slike generelle utgreiingar er samanvevde med råd og vurderingar av korleis organet bør stille seg, vil det likevel vere høve til å unnata dei. Der dette gjer seg gjeldande for alle delar av dokumentet, vil det kunne gjerast unntak for heile dokumentet. Rettslege utgreiingar som gjeld enkeltsaker, er eit eksempel på tilfelle der det ofte vil vere ei slik samanveving av generelle utgreiingar av rettstilstanden, vurderingar av den enkelte saka og råd og vurderingar av korleis mottakaren bør stille seg, at det vil vere høve til å unnata heile dokument.

Også i andre tilfelle enn dei ovannemnde vil det kunne gjerast unntak for heile dokumentet, dersom eit av vilkåra i lovutkastet § 12 er oppfylt.

Endelege konsekvensutgreiingar i enkeltsaker, jf. f.eks. plan- og bygningslova kap. VII-a, vil ikkje vere omfatta av unntaket.

Det er vidare eit vilkår for unntak at det er påkravd av omsyn til ei forsvarleg ivaretaking av det offentlege sine interesser i saka. Det skal altså ikkje berre takast omsyn til interessane til mottakarorganet, men det vil også gi høve til unntak dersom innsyn vil skade interessene til andre offentlege organ som saka rører ved. At unntak må vere påkravd, er eit nokså strengt vilkår. Dette inneber at det må vere ein nokolunde reell fare for at det vil føre til skade av eit visst omfang på dei interessene føresegna skal verne om. Om skadevilkåret er oppfylt, vil kunne stille seg ulikt ettersom tida går. Sjølv om ei offentleggjering på eit tidspunkt kunne føre til skadeverknader, treng ikkje det lenger vere tilfelle når det har gått ei viss tid, f.eks. vil det som oftast ikkje ha skadeverknader å offentleggjere råd og vurderingar som gjeld forhandlingar etter at avtalen er inngått.

Også etter andre ledd gjeld det eit krav om at dokumenta må vere innhenta av mottakaren, og at dokumentet må vere til bruk for den interne saksførebuinga. Etter dette unntaket vil likevel kravet om at dokumentet må vere innhenta, vere meir absolutt enn det tilsvarande vilkåret i første ledd, fordi det er særs upraktisk at nokon gir slike råd og vurderingar som er omfatta av andre ledd utan at dei er oppmoda om det. Når det gjeld kravet om at dokumentet må vere til bruk for den interne saksførebuinga, viser ein til merknadene til første ledd første punktum.

Dersom først vilkåra i andre ledd er oppfylt, har det ikkje noko å seie kven dokument er innhenta frå. Unntaket gjeld altså uavhengig av om dokumentet er innhenta frå eit forvaltningsorgan eller frå private, og uavhengig av kva kompetanse avsendaren har. Unntaket vil i prinsippet også gjelde der det blir innhenta råd og vurderingar frå organ som er omfatta av første ledd, men dette vil ikkje ha noko å seie i praksis fordi unntaksvilkåra etter andre ledd er strengare enn i første ledd.

Etter tredje leddgjeld unntaka i første og andre ledd tilsvarande for dokument om innhenting av dokument som nemnde i første og andre ledd, og innkallingar til og referat frå møte mellom overordna og underordna organ, mellom departement og mellom eit organ og nokon som gir råd og vurderingar som nemnde i andre ledd. Også etter gjeldande lov er det høve til gjere unntak for dokument om innhenting av slike dokument. Gjeldande lov gir likevel ikkje uttrykkeleg høve til å gjere unntak for innkallingar og referat frå møte mellom organ som nemnde i første og andre ledd, men det er lagt til grunn at dette vil følgje av ei tolking av gjeldande lov, slik at dette forslaget berre inneber ei presisering.

At unntaka gjeld tilsvarande, vil seie at skadevilkåret i første og andre ledd også gjeld for høvet til å gjere unntak for dokument om innhenting og for innkallingar til og referat frå møte. Dersom det ikkje vil ha skadeverknader som nemnde i første eller andre ledd om slike dokument blir offentleggjorde, vil det dermed ikkje vere høve til å gjere unntak.

Etter fjerde ledd gjeld ikkje unntaka i paragrafen for dokument som blir innhenta som ledd i allmenn høyring av ei sak. Det vil seie at fråsegner frå høyringsinstansane i slike høyringar ikkje er omfatta av unntakshøvet etter første til tredje ledd. Heller ikkje dokumenta som blir sende på høyring, vil det kunne gjerast unntak for etter § 15. Dette gjeld både oversendingsbrevet og sjølve høyringsdokumentet. Til skilnad frå gjeldande lov er regelen utvida slik at det heller ikkje er høve til å gjere unntak for dokument som gjeld allmenn høyring av enkeltsaker.

I mange tilfelle vil eit spørsmål som er under utgreiing, bli lagt fram for andre offentlege instansar i andre samanhenger enn ved den allmenne høyringa. Etter utgreiingsinstruksen punkt 4.1 skal saker med økonomiske, administrative eller andre vesentlege konsekvensar for andre departement, leggjast fram for desse før saka blir sendt på høyring. Utgreiingsinstruksen punkt 6.1 fastslår at utkast til meldingar og proposisjonar skal leggjast fram for Finansdepartementet og departement som saka rører ved før utkastet blir lagt fram for regjeringa. Utkast til odelstingsproposisjonar skal også etter utgreiingsinstruksen punkt 5.1 leggjast fram for Justisdepartementets lovavdeling for lovteknisk gjennomgåing før dei blir lagde fram for regjeringa. Desse tilfella som er regulert i utgreiingsinstruksen er ikkje allmenne høyringar etter fjerde ledd. Det kan dermed gjerast unntak frå innsyn for dokument som blir lagde fram for andre departement etter desse reglane og for fråsegnene etter dei allmenne reglane i første til tredje ledd.

Til § 16 Innsyn i interne dokument hos kommunane og fylkeskommunane

Paragrafen er ny og regulerer rekkjevidda av unntaka i §§ 14 og 15 for dokument som blir sende mellom ulike delar innan kommunar og fylkeskommunar. Departement sine allmenne merknader går fram av punkt 7.4. Paragrafen skil seg frå dei ulike forslaga frå fraksjonane i offentleglovutvalet, men byggjer på element frå fleirtalsforslaget og forslaga frå to av mindretala.

Første ledd reknar i bokstavane a til d opp visse dokument som det ikkje kan gjerast unntak for etter §§ 14 og 15 sjølv om vilkåra i dei paragrafane er oppfylte. Sjølv om det ikkje kan gjerast unntak for desse dokumenta etter §§ 14 og 15, vil det kunne gjerast unntak for slike dokument etter lovutkastet §§ 13 og 17 følgjande dersom vilkåra i desse paragrafane er oppfylte.

Første ledd bokstav aer ei vidareføring av gjeldande lov § 5 tredje ledd. Forslaget er i samsvar med det heile offentleglovutvalet gjekk inn for. Denne føresegna slår fast at det ikkje kan gjerast unntak etter §§ 14 og 15 for saksforslag som blir gitt til eit kommunalt eller fylkeskommunalt folkevalt organ. Dette gjeld også for eventuelle vedlegg.

Føresegna gjeld både for saksforslag med vedlegg frå administrasjonen til eit folkevalt organ og for saksforslag med vedlegg frå eitt folkevalt organ til eit anna. Omgrepet folkevalt organ skal avgrensast på same måten som etter gjeldande rett. I kommunar der det er innført kommunal parlamentarisme, inneber dette at kommunerådet («byrådet») skal reknast som eit folkevalt organ. Det vil seie at det ikkje kan gjerast unntak for saksforslag med vedlegg frå administrasjonen til kommunerådet etter §§ 14 og 15. Dersom kommunen har organisert seg slik at dei enkelte medlemmene av kommunerådet har fått tildelt eit leiaransvar for delar av administrasjonen, vil dette likevel stille seg annleis. I slike tilfelle vil det kunne gjerast unntak for dokument frå den delen av administrasjonen ein kommuneråd er ansvarleg for til vedkommande kommuneråd etter unntaket for organinterne dokument. Samtidig vil regelen om at det ikkje kan gjerast unntak for saksforslag med vedlegg gjelde for dokument frå den enkelte kommuneråd til kommunerådet.

Første ledd bokstav bslår fast at sakliste til møte i folkevalt organ i kommunar og fylkeskommunar ikkje er omfatta av unntakshøvet etter §§ 14 og 15. Føresegna er ei vidareføring av § 2 andre ledd andre punktum i gjeldande lov. Ingen av fraksjonane i offentleglovutvalet gjekk inn for å ta med ei uttrykkeleg føresegn om dette i lova. Heile utvalet meinte likevel at saklistene framleis skulle vere offentlege. Departementet meiner at det er grunn til å slå dette fast i lova.

Etter første ledd bokstav ckan det ikkje nektast innsyn i dokument som blir sende frå eller til kommunale eller fylkeskommunale kontrollutval, revisjonsorgan og klagenemnder i samband med behandling av klagesaker. Også etter gjeldande rett blir desse einingane rekna som eigne organ i høve til unntaket for organinterne dokument. På grunn av karakteren til oppgåvene deira kan dei heller ikkje sjåast på som underordna organ i høve til andre einingar i kommunen. Det vil heller ikkje vere særleg praktisk at desse einingane gir slike råd og vurderingar som det kan nektast innsyn i etter § 15 andre ledd, bortsett frå at dette kan vere aktuelt for kontrollutval og revisjon i høve til kommunestyret, men slik korrespondanse bør likevel som hovudregel vere offentleg. Heile offentleglovutvalet var einig om at desse einingane skulle sjåast på som eigne organ i høve til unntaket for organinterne dokument, men løysingane med omsyn til korleis dette skulle komme til uttrykk i lova er ulike i forslaga til dei forskjellige fraksjonane.

Føresegna gjeld for alle dokument som blir sende frå kontrollutvalet, revisjonsorganet og klagenemnder til andre einingar i kommunen. For dokument som blir sende frå andre einingar i kommunen til kontrollutvalet, revisjonsorganet eller klagenemnder, gjeld føresegna berre for dokument som er utarbeidde med det formål at dei skal oversendast dit. Elles organinterne eller andre interne dokument, det vil seie dokument som er utarbeidde uavhengig av kontroll-, revisjons- eller klagesaker, som blir oversende frå ei kommunal eining til kontrollutvalet, revisjonsorganet eller ei klagenemnd, kan det såleis framleis gjerast unntak for etter oversendinga. Dette er i samsvar med det som gjeld i staten.

I første ledd andre punktum er det presisert at unntaket i § 14 likevel gjeld for dokument som blir utveksla mellom kommunale og fylkeskommunale kontrollutval og sekretariatet til utvalet. Bakgrunnen for dette er at kontrollutvalet skal ha eit eige sekretariat som skal vere uavhengig av resten av kommuneadministrasjonen. Kontrollutvalet med tilhøyrande sekretariat skal altså reknast som eitt organ i høve til første ledd bokstav c.

Etter første ledd bokstav d kan ikkje unntaka i §§ 13 og 14 brukast i saker der ei eining i kommunen opptrer som ekstern part i høve til ei anna eining i kommunen. Denne føresegna tek sikte på tilfelle der ei eining i kommunen opptrer på same måten som ein utanforståande i høve til ei anna eining i kommunen, f.eks. der skoleetaten søkjer plan- og bygningsetaten om byggjeløyve for å føre opp ein ny skole. Forslaget er i samsvar med gjeldande rett og synet til lovutvalet. Korkje etter gjeldande rett eller i nokon av forslaga frå lovutvalet går dette uttrykkeleg fram av lova. Departementet meiner på si side at det kan verke klargjerande dersom dette blir presisert i lova.

Andre ledd slår fast at unntaket i § 14 ikkje gjeld for dokument som blir sende frå eller til eit kommunalt særlovsorgan eller eit kommunalt føretak etter kommunelova kap. 11. Slike dokument kan det gjerast unntak for etter § 15 og dei andre unntaka i lovutkastet. Unntaket i § 15 første ledd vil på same måten som elles berre vere aktuelt der det ligg føre eit over- og underordningstilhøve mellom einingane som utvekslar dokument, og dei andre vilkåra for unntak i paragrafen er oppfylte. Unntaket i § 15 andre ledd vil kunne brukast uavhengig av korleis dei organisatoriske tilhøva mellom einingane som utvekslar dokument er.

Første alternativ i andre ledd slår fast at det ikkje kan nektast innsyn i dokument som blir sende frå eller til eit kommunalt særlovsorgan etter lovutkastet § 14. Dette er i samsvar med gjeldande rett og det heile offentleglovutvalet gjekk inn for. I gjeldande § 5 går dette likevel ikkje fram av ordlyden i lova.

Kommunale særlovsorgan er organ som er oppretta i medhald av ei særlov og ikkje på grunnlag av kommunelova. Eksempel på eit særlovsorgan er det faste utvalet for plansaker i kommunen (jf. plan- og bygningslova 14. juni 1985 nr. 77 § 9–1 andre punktum). Administrasjonen til eit særlovsorgan blir rekna som ein del av særlovsorganet. Dei særlovsorgana som finst i dag, har likevel stort sett ikkje nokon eigen administrasjon, men er knytte til den samla administrasjonen i kommunen. Det må derfor skiljast mellom dokument som administrasjonen utarbeider for særlovsorganet, og andre dokument. Denne føresegna vil ikkje gjelde for dokument som administrasjonen ikkje har utarbeidd for særlovsorganet.

Føresegna inneber berre at det ikkje kan gjerast unntak for korrespondanse mellom særlovsorgan og andre einingar i kommunen etter § 14. Dersom eit særlovsorgan utvekslar dokument med ei eining i kommunen som må sjåast på som overordna organ i høve til særlovsorganet, vil unntaket i § 15 første ledd kunne brukast dersom det dreier seg om dokument som blir innhenta til bruk for saksførebuinga i det overordna organet og unntak er nødvendig av omsyn til forsvarlege interne avgjerdsprosessar. Også dei andre unntaka i lova vil kunne brukast for slike dokument dersom vilkåra i desse er oppfylte.

Andre alternativ i andre ledd tek sikte på kommunale føretak etter kommunelova kapittel 11. Desse må reknast som ein del av kommunen, og ikkje som eigne rettssubjekt. Etter gjeldande rett kan det vere noko tvilsamt om dokument som blir utveksla mellom andre delar av kommunen og kommunale føretak etter kommunelova kapittel 11, er omfatta av unntakshøvet for organinterne dokument. Eit samla lovutval går inn for å klargjere at slik korrespondanse ikkje skal reknast som organintern.

Kommunale selskap som er organiserte etter aksjelova, allmennaksjelova, selskapslova eller lov 29. januar 1999 nr. 6 om interkommunale selskap, er sjølvstendige rettssubjekt og skal korkje etter gjeldande rett eller etter forslaget reknast som ein del av kommunen. Sidan slike selskap er sjølvstendige rettssubjekt, vil det heller ikkje vere høve til å gjere unntak for dokument som blir utveksla mellom slike selskap og kommunen etter § 15 første ledd.

Dersom administrasjonssjefen som ledd i kontrollen av eit kommunalt føretak etter kommunelova kapittel 11, får oversendt dokument som må reknast som organinterne i føretaket, vil det framleis kunne gjerast unntak for slike dokument etter § 14 i tråd med det som elles gjeld der slike dokument blir oversende til kontroll- eller klageorgan.

Om administrasjonssjefen skal reknast som overordna organ i høve til kommunale føretak, jf. lovutkastet § 15 første ledd, vil avhenge av om korrespondansen gjeld ei sak der administrasjonssjefen har utsettjande veto, jf. kommunelova § 72.

Etter tredje leddgjeld unntaket i § 14 som hovudregel ikkje for dokument som blir sende frå eller til ei kommunal eller fylkeskommunal eining på område der eininga har sjølvstendig avgjerdsrett. Etter gjeldande rett vil det vere høve til å gjere unntak for slik korrespondanse som organintern dersom ikkje nokre av unntaka frå hovudregelen om at kommunen skal sjåast på som eit organ kjem inn, jf. punkt 7.1. Forslaget vil føre til ein vesentleg utvida innsynsrett i kommunar og fylkeskommunar, fordi det vil innebere at det ikkje lenger kan seiast å vere nokon hovudregel om at kommunar og fylkeskommunar skal reknast som eitt organ i høve til unntaket for organinterne dokument. Fleirtalet og to av mindretala i offentleglovutvalet gjekk også inn for løysingar som gjekk ut på å dele kommunen inn i einingar som skal reknast som eigne organ i høve til unntaket for organinterne dokument utover det som følgjer av forslaga i første og andre ledd. Den nærmare utforminga av forslaget til departementet skil seg likevel frå forslaga til dei tre fraksjonane i utvalet.

Kva som skal seiast å utgjere ei eining som skal reknast som eit eige organ i høve til lovutkastet § 14, skal avgjerast ut frå om eininga har sjølvstendig avgjerdsrett. Det avgjerande er altså om eininga har fått delegert avgjerdsrett innanfor sitt område. Dersom det er tilfellet, vil den aktuelle eininga måtte reknast som ei eining som skal sjåast på som eit eige organ i høve til unntaket for organinterne dokument. Dette vil likevel berre gjelde i høve til dokument i saker som gjeld saksområde der eininga har sjølvstendig avgjerdsrett. Dersom dokumenta først vedkjem saker der eininga har sjølvstendig avgjerdsrett, vil dette vere avgjerande, ikkje om det er aktuelt for eininga å fatte noka avgjerd i den konkrete saka. I generelle saker der eininga ikkje har avgjerdsrett, f.eks. i saker om planar, det kommunale budsjettet, rekneskap og tilsetjingar, vil korrespondanse mellom eininga og andre delar av kommunen vere omfatta av unntaket for organinterne dokument.

Ofte vil dei forskjellige einingane i kommunen eller fylkeskommunen ha fått delegert avgjerdsrett innanfor sine saksfelt. Dei skal i så fall reknast som eigne einingar etter føresegna, men motsett dersom det ikkje er delegert avgjerdsrett.

I kommunar og fylkeskommunar som har innført kommunal parlamentarisme vil i alle fall kollegiet som utgjer kommunerådet ha avgjerdsrett og dermed utgjere ei eining. Om den enkelte kommunerådsavdeling skal reknast som ei eining, vil avhenge av om det enkelte kommunerådsmedlem har fått tildelt avgjerdsrett.

I kommunar og fylkeskommunar som har oppretta eigne kommunedelar (bydelar), vil desse ofte ha fått tildelt avgjerdsrett. Dei vil da måtte reknast som eigne einingar. Der ein kommunedel har fått tildelt avgjerdsrett innanfor fleire saksfelt, kan den enkelte kommunedelen ha valt å organisere seg slik at avgjerdsretten er delegert vidare til forskjellige einingar i kommunedelen. I så fall vil ikkje korrespondanse mellom einingar innanfor kommunedelen på område der einingane har sjølvstendig avgjerdsrett vere omfatta av unntaket i § 14.

Administrasjonssjefen vil måtte reknast som ei eiga eining i tilfelle der det er delegert avgjerdsrett til andre delar av kommunen eller fylkeskommunen.

Kommunar og fylkeskommunar vil ha ei rekkje institusjonar, for eksempel sjukeheim og skolar. Også slike einingar skal reknast som eigne organ i høve til lovutkastet § 14 når det gjeld korrespondanse som vedkjem saker der institusjonane har fått delegert avgjerdsrett.

I mindre kommunar kan den samla kommunale administrasjonen vere svært liten. I slike tilfelle kan det vere at det ikkje er delegert avgjerdsrett, og føresegna i tredje ledd vil da ikkje få noko å seie.

Tredje ledd første punktum inneber berre at unntaket i 14 ikkje gjeld for korrespondanse frå eller til ei eining. For dokument som blir sende mellom ei eining og andre delar av kommunen, vil § 15 og dei andre unntaka i lova gjelde på vanleg måte.

Administrasjonssjefen må reknast som overordna organ i høve til alle einingane i kommunen. Det innbyrdes tilhøvet mellom einingane vil som oftast vere slik at det ikkje ligg føre noko over- og underordningsforhold, og unntaket i § 15 første ledd vil i slike høve ikkje kunne brukast på korrespondanse mellom einingane på nivået under administrasjonssjefen. Dersom korrespondanse mellom einingane på nivået under administrasjonssjefen har karakter av slike råd og vurderingar som er omfatta av § 15 andre ledd, vil dette unntaket kunne brukast.

I tredje ledd andre punktum er det fastsett to unntak frå regelen i tredje ledd første punktum om at unntaket for organinterne dokument ikkje gjeld for dokument som blir sende frå og til ei eining i kommunar og fylkeskommunar. Bakgrunnen for dette er at det i visse typar saker vil gjelde eit særleg behov for fortrulegheit for korrespondanse mellom administrasjonssjefen eller kommunrådet og dei underliggjande einingane. Eit liknande forslag var med i lovutkastet frå utvalsfleirtalet.

Etter andre punktum vil for det første unntaket i § 14 ikkje gjelde i saker der administrasjonssjefen eller kommunerådet gjennomfører kontrolltiltak overfor ei eining. Føresegna omfattar ikkje saker som gjeld den generelle oppfølginga frå administrasjonssjefen av verksemdsområda, men tek berre sikte på kontrolltiltak i medhald av kommunelova § 23 nr. 2 andre punktum. For at det skal kunne gjerast unntak for dokument i slike saker etter § 14, må sjølvsagt vilkåra i denne paragrafen vere oppfylte.

Etter andre punktum vil unntaket i § 15 for det andre ikkje gjelde i saker som ei eining legg fram for administrasjonssjefen eller kommunerådet før det blir fatta vedtak, eller før ei innstilling blir lagd fram for eit folkevalt organ. Dette tek sikte på tilfelle der ei eining legg fram utkast til vedtak eller innstillingar for administrasjonssjefen for godkjenning eller innspel før eit vedtak blir fatta eller ei innstilling blir fremja.

Til § 17 Unntak for visse dokument som gjeld Det Kongelege Hoff

Føresegna er ny i høve til gjeldande rett, og var heller ikkje med i forslaget frå offentleglovutvalet. Føresegna tek sikte på å klargjere rettstilstanden for visse dokument som blir utveksla mellom forvaltninga og kongehuset. Føresegna er behandla i proposisjonen punkt 12.3.3 ovanfor.

Føresegna gir høve til å gjere unntak frå innsyn for dokument som gjeld talar som medlemmer av kongehuset skal eller har halde, og for dokument som gjeld reiseprogram for medlemmer av kongehuset. Unntaket omfattar utkast og innspel til talar, og forslag og innspel til reiseprogram. Føresegna gir høve til å gjere unntak for heile dokumentet.

Det er presisert i føresegna at unntaket ikkje gjeld for den endelege talen etter at han er offentleg framført. Det vil likevel framleis vere høve til å nekte innsyn i utkast til talen som ikkje vart brukt, etter at han er halden. For dokument som gjeld reiseprogram gjeld det tilsvarande at det berre kan nektast innsyn fram til reisa er gjennomført eller reiseprogrammet offentleggjort. Utkast til reiseprogram vil like eins kunne unnatakast på tilsvarande måte etter at reisa er gjennomført.

Til § 18 Unntak for rettssaksdokument

Paragrafen gir høve til å gjere unntak frå innsyn for dokument som eit organ har utarbeidd eller motteke som part i ei rettssak for norsk domstol. Paragrafen er ny, men inneber eit godt stykke på veg det same som § 1 tredje gjeld i gjeldande lov som held slike dokument utanfor verkeområdet til lova, slik at dei av den grunn ikkje er underlagde innsynsrett. Til skilnad frå gjeldande rett vil likevel slike dokument vere omfatta av lova etter utkastet til § 2 fjerde ledd. Dette vil innebere at slike dokument må journalførast, og at plikta til å vurdere meirinnsyn etter lovutkastet § 11 vil gjelde for slike dokument. Departementet sine allmenne merknader går fram av punkt 4.4.3. Offentleglovutvalet som også gjekk inn for at rettssaksdokument skulle vere omfatta av lova, foreslo ikkje noko unntak for slike dokument.

Paragrafen gir høve til å gjere unntak for dokument som eit organ har utarbeidd eller motteke som part i ei rettssak for norsk domstol. Også dokument i saker for norsk valdgiftsdomstol vil vere omfatta av unntaket. Derimot vil ikkje dokument i saker for utanlandske eller internasjonale domstolar vere omfatta av dette unntaket, f.eks. dokument i saker for EFTA-domstolen eller Den europeiske menneskerettsdomstolen. Dokumentet må anten vere utarbeidd eller motteke av organet i eigenskap av å vere part. Dette vil både omfatte stemningar, tilsvar og andre prosesskrifter som organet har utarbeidd eller motteke i høve saka. Også vedlegg til slike dokument vil vere omfatta dersom dei er utarbeidde i høve saka. Dersom eit dokument som er utarbeidd uavhengig av rettssaka, f.eks. forvaltningsvedtaket som er tvistegjenstand i rettssaka, blir lagd ved eit prosesskrift, vil det likevel ikkje vere omfatta av unntaket. Det er ikkje eit vilkår at organet sjølv må ha utarbeidd dokumenta. Unntaket vil også omfatte dokument som er utarbeidde av advokaten til organet eller andre rådgivarar som det bruker i saka.

Unntakshøvet gjeld ikkje berre hos det organ som er part i rettssaka, men også hos andre organ som får oversendt dokumenta til orientering, eller fordi dei skal gi råd eller andre innspel til organet som er part i saka.

Dersom eit dokument som i utgangspunktet fell inn under dette unntaket, seinare blir teke inn som eit saksdokument i ei forvaltningssak, vil det ikkje lenger vere høve til å gjere unntak for dokumentet etter denne paragrafen.

Domstolen si avgjerd i saka vil vere eit rettssaksdokument, men rettsavgjerder vil vere offentlege hos domstolen. Det er da ikkje nokon grunn til at forvaltninga skal ha høve til å gjere unntak for rettsavgjerder i saker der ho er part. Unntaket omfattar derfor ikkje rettsavgjerder.

Til § 19 Unntak for dokument som blir utveksla under konsultasjonar med Sametinget m.m.

Bakgrunnen for særregelen i første punktum går fram av punkt 12.3.13 ovanfor. Korkje gjeldande lov eller forslaget frå offentleglovutvalet inneheldt noko slikt unntak.

Unntaket gjeld berre når dokumentet er utveksla som ledd i ein konsultasjon i samsvar med dei prosedyrereglane for konsultasjonar som er eller blir avtalte mellom Sametinget og regjeringa. Konsultasjonar mellom ein kommune eller fylkeskommune og samiske interesser er ikkje dekte. Dei prosedyrereglane som gjeld no vart fastsette 11. mai 2005 i ein avtale mellom Sametinget og kommunal- og regionalministeren på vegner av regjeringa. Det nærmare verkeområdet for unntaksregelen er på denne måten avhengig av innhaldet i prosedyrereglane.

Paragrafen gjer det mogleg å utveksle f.eks. utkast til høyringsbrev før ei sak blir send på allmenn høyring, utan at utkastet derfor blir offentleg. Det same gjeld utkast til proposisjonar og liknande som blir utarbeidd etter at allmenn høyring er halden. Offentleglova gjeld også for Sametinget, og § 19 gir både Sametinget og konsultasjonsmotparten høve til å unnata dokumentet frå innsyn. Samiske organisasjonar, f.eks. reindriftsorganisasjonar, er ikkje dekte av offentleglova, og paragrafen gjeld i dette tilfellet derfor berre det høvet den statlege konsultasjonsmotparten har til å unnata dokument frå innsyn.

Paragrafen gjeld ikkje for dokument som blir utveksla som ledd i allmenn høyring av ei sak, jf. andre punktum. Det er same atterhald som i § 15 fjerde ledd.

Til § 20 Unntak av omsyn til Noregs utanrikspolitiske interesser

Paragrafen regulerer høvet til å gjere unntak for opplysningar ut frå omsynet til Noregs utanrikspolitiske interesser. Saman med § 21 erstattar han § 6 første ledd nr. 1 i gjeldande lov. Paragrafen presiserer og innsnevrar unntakshøvet i tilhøve til gjeldande rett. Til skilnad frå gjeldande lov er unntakshøvet knytt til opplysningar, og ikkje til heile dokument. Paragrafen er i hovudsak i samsvar med forslaget frå utvalet, sjå NOU 2003: 30 s. 297 (§ 22), s. 306 (§ 17) og s. 275 følgjande. Tredje ledd var likevel ikkje med i lovutkastet frå utvalet. Departementet sine allmenne merknader går fram av punkt 8.4.1. Første ledd gjeld generelt for alle typar opplysningar, medan andre ledd gir visse særreglar for opplysningar som gjeld saker om internasjonal normutvikling. Tredje ledd gir eit svært snevert unntakshøve for andre opplysningar enn dei som er omfatta av første og andre ledd.

Første ledd er bygd opp slik at det alltid er eit vilkår for unntak at det er påkravd av omsyn til Noregs utanrikspolitiske interesser. I tillegg blir det kravd at minst eitt av vilkåra i bokstavane a til c er oppfylt. For situasjonar som fell utanfor bokstavane a til c, vil det altså ikkje vere høve til å gjere unntak jamvel om det er påkravd av omsyn til Noregs utanrikspolitiske interesser, dersom ikkje vilkåra i tredje ledd eller i andre unntaksreglar er oppfylte, f.eks. §§ 14 eller 15.

Det generelle vilkåret om at unntak må vere påkravd av omsyn til Noregs utanrikspolitiske interesser, peiker på dei interessene som er verna av unntaket. Føresegna vernar om dei utanrikspolitiske interessene i brei tyding, slik at også utanriksøkonomiske, medrekna handelspolitiske interesser, og utviklingspolitiske interesser er verna. Det er likevel berre høve til å gjere unntak for å verne om Noregs interesser. Dersom innsyn berre vil skade interessene til andre statar utan at norske interesser blir påverka, vil det ikkje vere høve til å gjere unntak. Innanrikspolitiske interesser er heller ikkje verna. Føresegna gir altså ikkje høve til å gjere unntak f.eks. ut frå at regjeringa kan bli utsett for kritikk heime på grunn av standpunkt e.l. Noreg har teke i internasjonale samanhenger.

Kravet om at unntak må vere påkravd er meint å ha same innehald som det tilsvarande uttrykket i § 6 første ledd nr. 2 i gjeldande lov. Dette inneber at det må liggje føre ein verkeleg fare for at innsyn vil føre til skadeverknader av eit visst omfang for Noregs utanrikspolitiske interesser.

Dersom opplysningar som elles kunne ha vorte unnatekne, er allment kjende eller tilgjengelege, vil det følgje av vilkåret om at unntak må vere påkravd at det ofte ikkje vil vere høve til å unnata opplysningane. Det vil såleis ikkje kunne gjerast unntak for opplysningar som er gitt ut av styresmaktene i andre statar eller av internasjonale organisasjonar. Dette gjeld sjølv om desse har brote reglar eller føresetnader om hemmeleghald. Dersom ei offentleggjering frå norske styresmakter si side vil ha preg av ei stadfesting av at opplysningane er riktige fordi opplysningane berre er kjende eller tilgjengelege i form av rykte eller på annan upåliteleg måte, vil det derimot framleis vere høve til å gjere unntak for dei.

Sjølv om det generelle vilkåret om at unntak må vere påkravd av omsyn til Noregs utanrikspolitiske interesser er oppfylt, vil det berre vere høve til å gjere unntak dersom eitt av tileggsvilkåra i bokstavane a til c også er oppfylt.

Bokstav a omfattar opplysningar som det følgjer av folkerettslege reglar at Noreg har plikt til å gjere unntak for. Ei folkerettsleg plikt kan anten følgje av traktat eller internasjonal sedvane. Eit eksempel på det første er NATO-regelverket som inneheld føresegner om teieplikt og gradering. Føresegna gjeld berre reglar som gjeld mellom statar eller mellom statar og mellomstatlege organisasjonar. Konfidensialitetsreglar som følgjer av regelverket til ein internasjonal organisasjon som ikkje er oppretta av statar, f.eks. FIFA, vil ikkje gi grunnlag for å gjere unntak.

Dersom Noreg har ei folkerettsleg plikt til å gjere unntak frå innsyn, vil også vilkåret om at unntak må vere påkravd av omsyn til Noregs utanrikspolitiske interesser, gjennomgåande vere oppfylt. Brot på våre folkerettslege plikter vil såleis normalt skade Noregs tilhøve til andre statar eller internasjonale organisasjonar. Også i tilfelle der det ligg føre ei folkerettsleg plikt må det skje ei konkret vurdering av om det er påkravd å nekte innsyn. På s. 276–277 i NOU 2003: 30 uttaler utvalet følgjande om denne problemstillinga:

«Internasjonalt har det skjedd en utvikling i synet på åpenhet de siste årene. Det er dermed ikke gitt at brudd på eldre omfattende konfidensialitetsbestemmelser vil kunne skade våre utenrikspolitiske interesser.

Enkelte traktatfestede konfidensialitetsbestemmelser er vedtatt for å bidra til at stater samarbeider med internasjonale overvåkningsorganer. Et eksempel på dette er Den europeiske torturkonvensjon 26. november 1987 artikkel 11, som fastslår at all informasjon som overvåkningskomiteen mottar, samt komiteens endelige rapport skal være konfidensiell. Slike bestemmelser er i første rekke gitt for å verne statenes interesser, og den internasjonale organisasjonen har sjelden noen selvstendig interesse i at deres kritikk ikke gjøres kjent. I disse tilfellene vil ikke bestemmelsen gi hjemmel for å unnta opplysningene fra offentlighet.»

Departementet er einig i vurderingane som kjem til uttrykk i sitatet. Når det gjeld det utvalet uttaler om eldre konfidensialitetsføresegner, presiserer departementet at det ikkje generelt kan sjåast vekk frå slike, men at det avgjerande vil vere om det har skjedd ei utvikling der reglane ikkje lenger blir praktisert. Dersom det har funne stad ei utvikling der slike reglar ikkje lenger blir etterlevde internasjonalt, vil ikkje vilkåret om at unntak må vere påkravd, vere oppfylt. I desse tilfella vil det ofte vere slik at reglane må sjåast på som bortfalne gjennom praksis, slik at det ikkje vil liggje føre noka folkerettsleg plikt til hemmeleghald.

Bokstav b omfattar opplysningar som er mottekne under føresetnad av at dei ikkje skal offentleggjerast, og opplysningar som det følgjer av fast praksis at Noreg har plikt til ikkje å offentleggjere.

Ein føresetnad om hemmeleghald vil ofte gi seg utslag i at dokumentet eller opplysningane er klassifiserte eller graderte. Dersom dette er heimla i folkerettslege reglar eller fast praksis, vil ein vere over i bokstav a eller andre alternativ i bokstav b. I andre tilfelle vil det vere ein glidande overgang. Ein føresetnad om hemmeleghald kan også komme til uttrykk på annan måte, f.eks. munnleg. Dersom ein slik føresetnad om hemmeleghald er klart uttrykt, vil det normalt vere høve til å gjere unntak. Det må likevel også i desse tilfella skje ei konkret vurdering av om unntak er påkravd.

Ein fast internasjonal praksis kan gi grunnlag for ein internasjonal sedvane om plikt til hemmeleghald. I så fall vil ein vere innanfor området for bokstav a. Sjølv om ikkje ein fast praksis er så varig og etablert at han har gitt opphav til ein sedvanerettsregel, vil ein fast praksis gi grunnlag for unntak etter andre alternativ i bokstav b.

Også i høve til dette alternativet vil ofte grunnvilkåret om at unntak må vere påkravd vere oppfylt. Kravet om at unntak må vere påkravd, kan likevel i praksis føre til at det oftare ikkje vil vere høve til å gjere unntak etter dette alternativet i bokstav b enn dersom vilkåret i bokstav a er oppfylt. Ei rekkje statar fører no ein meir open utanrikspolitikk, og dette påverkar internasjonal praksis. Jamvel om det framleis ligg føre ein internasjonal praksis om å gjere unntak frå innsyn for visse opplysningar eller dokument, vil det derfor ikkje i alle høve føre til skadeverknader å gi innsyn i opplysningar som er omfatta av ein slik praksis.

Det er ikkje noko krav at alle land følgjer ein praksis om ikkje å offentleggjere den aktuelle opplysningstypen. Dersom det ligg føre ein fast praksis hos dei fleste land og internasjonale organisasjonar om at ein type opplysningar skal hemmeleghaldast, vil det ikkje hindre at dette unntaket kan brukast at nokre få land ikkje følgjer ein slik praksis. At opplysningane er offentleggjorde av eller tilgjengelege hos styresmaktene i andre land, kan likevel føre til at grunnkravet om at unntak må vere påkravd, ikkje er oppfylt, sjå ovanfor. Dersom det f.eks. er fast praksis for at ein viss type dokument som blir utveksla med ein internasjonal organisasjon, ikkje skal offentleggjerast, vil det heller ikkje vere til hinder for at unntaket kan brukast at ein annan praksis blir følgd for tilsvarande dokument som blir utveksla med ein annan organisasjon.

At enkelte land eller grupper av land har ein fast praksis om at visse opplysningar ikkje kan offentleggjerast, vil ikkje aleine utgjere ein fast praksis i bokstav b si tyding. Det kan likevel vere rimeleg å leggje vekt på fast praksis innanfor ein region dersom denne praksisen gjennomgåande blir respektert av land også i vår del av verda. Opplysningar som er mottekne frå land som følgjer ein fast praksis der den aktuelle opplysningstypen blir halden hemmeleg, vil det uansett ofte kunne gjerast unntak for fordi det vil vere ein føresetnad frå avsendarlandet si side. Det kan også knyte seg slike føresetnader til opplysningar som er mottekne frå andre land eller internasjonale organisasjonar av omsyn til land eller grupper av land som har ein restriktiv praksis.

Bokstav b gir berre høve til å gjere unntak på grunnlag av føresetnader om hemmeleghald frå, eller fast praksis som er utvikla mellom, framande statar eller mellom statar og internasjonale organisasjonar som er oppretta av statar.

Bokstav c omfattar opplysningar som gjeld norske forhandlingsposisjonar, forhandlingsstrategiar eller liknande. Føresegna skal verne om norske forhandlingsinteresser på det utanrikspolitiske området. Innsyn i forhandlingsposisjonar mv. vil ofte svekkje forhandlingsevna vår. Særleg gjeld dette for opplysningar om retrettsposisjonar eller strategiar. Etter at forhandlingsposisjonar er lagde fram i forhandlingane, vil det normalt ikkje lenger vere påkravd å gjere unntak frå innsyn for desse. Utgangspunktet vil dermed vere at det må givast innsyn i forhandlingsposisjonar etter at dei er framlagde, dersom ikkje vilkåra i bokstav a eller b er oppfylte. Forhandlingsstrategiar og retrettsposisjonar vil det derimot kunne nektast innsyn i inntil forhandlingane er avslutta.

Etter at forhandlingane er avslutta, vil det vanlegvis ikkje lenger liggje føre eit behov for å gjere unntak for opplysningar om forhandlingsposisjonar mv. I bokstav c andre punktum er det derfor presisert at det ikkje lenger kan gjerast unntak for slike opplysningar, dersom det ikkje er grunn til å tru at forhandlingane om same saka vil bli tekne opp igjen. Slike opplysningar vil det likevel framleis kunne gjerast unntak for etter andre heimlar, f.eks. bokstav a eller b.

Jamvel om unntakseininga etter paragrafen er opplysningar, vil det vere høve til å gjere unntak for heile dokument dersom slike omstende som er omfatta av bokstavane a til c, gjer seg gjeldande for heile dokumentet og unntak for heile dokumentet er påkravd for å ivareta Noregs utanrikspolitiske interesser.

Andre ledd gir særreglar for opplysningar i offisielle dokument som blir utveksla mellom Noreg og ein mellomstatleg organisasjon i saker som gjeld internasjonal normutvikling som kan få verknad for norsk rett. Internasjonal normutvikling må i denne samanhengen tolkast vidt, slik at mange av prosessane som går føre seg i slike organisasjonar vil vere omfatta. Føresegna vil såleis ikkje berre vere aktuell der det er truleg at ei norsk lov eller forskrift må endrast, men også der tilhøvet allereie er regulert i lov eller forskrift i Noreg. Det er heller ikkje noko krav at Noreg tek aktivt del i forhandlingane.

Etter andre ledd første punktumgjeld det eit skjerpa skadekrav for å gjere unntak for opplysningar i offisielle dokument som blir utveksla mellom Noreg og ein mellomstatleg organisasjon. I tilfelle der slike opplysningar er mottekne under føresetnad av at dei ikkje skal offentleggjerast, eller der dette følgjer av fast praksis, jf. første ledd bokstav b, vil det berre vere høve til å gjere unntak dersom det er påkravd av omsyn til tungtvegande utanrikspolitiske interesser. Typiske dokument som vil vere omfatta av denne føresegna, er møteinnkallingar, offisielle forslag og fråsegner, møtereferat mv. Andre ledd gjeld ikkje tilfelle der det følgjer av folkerettslege reglar at Noreg har plikt til å gjere unntak frå innsyn for slike opplysningar. Slike tilfelle vil bli regulert av første ledd.

Etter andre ledd andre punktumgjeld det same skjerpa skadekravet også for norske forhandlingsposisjonar i saker om internasjonal normutvikling etter at dei er framlagde i forhandlingane. Slike opplysningar kan det dermed berre gjerast unntak for dersom det er påkravd av tungtvegande utanrikspolitiske interesser. Føresegna gjeld berre for sjølve forhandlingsposisjonane. Forhandlingsstrategiar, retrettsposisjonar o.l. vil bli regulert av første ledd også i saker som gjeld internasjonal normutvikling.

Tredje leddgir eit snevert unntakshøve for andre opplysningar enn dei som er omfatta av første og andre ledd. Etter denne føresegna er unntaksvilkåret formulert slik at unntak må vere påkravd av særleg tungtvegande utanrikspolitiske interesser. Dette inneber at det gjeld eit enda strengare skadevilkår enn etter andre ledd. Meininga er at rammene for unntak skal vere svært snevre, slik at unntaket berre skal kunne brukast i heilt spesielle tilfelle. Unntaket vil f.eks. kunne brukast i høve til kritiske opplysningar og vurderingar av tilhøva i andre statar eller mellomstatlege organisasjonar som er utarbeidde av norske styresmakter. Tredje ledd vernar på same måten som første og andre ledd berre Noregs tilhøve til andre statar og mellomstatlege organisasjonar. Dersom ei offentleggjering berre vil føre til innanrikspolitiske skadeverknader, vil det ikkje vere høve til å gjere unntak.

Til § 21 Unntak av omsyn til nasjonale forsvars- og tryggingsinteresser

Paragrafen regulerer høvet til å gjere unntak ut frå nasjonale tryggingsomsyn eller forsvaret av landet. Saman med § 20 erstattar han § 6 første ledd nr. 1 i gjeldande lov. Forslaget frå utvalet går fram av NOU 2003: 30 s. 297 (§ 23) og s. 278. I lovutkastet frå departementet er paragrafen formulert annleis enn i forslaget frå utvalet. Bakgrunnen for det er at departementet meiner det er formålstenleg at skadevilkåret blir likt utforma i utanriksunntaket og i tryggingsunntaket. Formuleringsskilnaden mellom forslaget frå departementet og forslaget frå utvalet er ikkje meint å medføre nokon realitetsskilnad. Dei allmenne merknadene til § 21 går fram av punkt 8.4.2.

Etter § 21 kan det gjerast unntak frå innsyn for opplysningar når det er påkravd av nasjonale tryggingsomsyn eller forsvaret av landet. Til skilnad frå gjeldande rett er det berre høve til å gjere unntak for opplysningar, og ikkje for heile dokument. Elles er meininga at unntaket skal ha tilsvarande innhald som gjeldande lov. Påkravd skal tolkast på same måten som i § 20, sjå merknadene til § 20 første ledd.

Tryggingsomsyn og forsvaret av landet vil i nokon grad gli over i kvarandre. Det er i utgangspunktet berre tryggleiken og forsvaret til Noreg som er verna av føresegna, men opplysningar som har noko å seie for tryggleiken eller forsvaret til andre, kan også ha noko å seie for Noregs tryggleik og forsvar, f.eks. fordi dei ligg nær oss eller vi har eit tryggleiks- og forsvarspolitisk samarbeid med dei. Dersom Noreg offentleggjer opplysningar som kan skade tryggleiken eller forsvaret til andre land, utan at offentleggjeringa skader Noregs tryggleik eller forsvar, vil det vere høve til å gjere unntak for opplysningane etter § 20.

Alternativet forsvaret av landet vil ikkje berre verne om reint militære tilhøve som f.eks. arten, storleiken og plasseringa av anlegga og utrustinga til forsvaret, men f.eks. også om sivilforsvaret og etterretningsverksemda til forsvaret. Alternativet nasjonale tryggingsomsyn vil f.eks. verne om opplysningar som kan skade verksemda til politiet, medrekna overvakingspolitiet, og det sivile beredskapsopplegget i samfunnet.

Til § 22 Unntak i visse budsjettsaker

Føresegna i § 22 er i hovudsak ei vidareføring av føresegnene i gjeldande offentleglov § 6 første ledd nr. 7 og forskrift til offentleglova 14. februar 1986 nr. 351 punkt III nr. 2. Departementet har såleis ikkje følgt opp forslaget frå offentleglovutvalet om å oppheve særreglane i høve til budsjettdokument, jf. NOU 2003: 30 s. 207–208. Føresegna er òg omtalt i proposisjonen punkt 12.3.4.

Etter første punktum er det høve til å gjere unntak frå innsyn i dokument som er utarbeidde av eit departement og som gjeld statlege budsjettsaker. Føresegna er ei vidareføring av gjeldande lov § 6 første ledd nr. 7, og gir berre høve til å gjere unntak for dokument som gjeld statlege budsjettsaker. Det er ikkje høve til å nekte innsyn i dokument som gjeld kommunale eller fylkeskommunale budsjett.

Unntakshøvet er knytt til dokument «som gjeld» budsjettsaker. Dette inneber at føresegna berre omfattar dokument som inngår direkte som ledd i budsjettførebuinga, slik som budsjettmateriale som blir sendt frå fagdepartementa til Finansdepartementet, og utgreiingar og notat som blir utarbeidde i samband med dei årlege statsbudsjetta. Unntaket gjeld vidare for forslag frå fagdepartementa om overskridingar eller tilleggsløyvingar i gjeldande budsjettermin, og for avgjerdene til Finansdepartementet i slike saker.

For slike dokument vil ein i stor grad også kunne gjere unntak frå innsyn etter føresegnene i § 15.

Etter andre punktum er det òg høve til å gjere unntak for opplysningar om budsjettrammer fastsette av regjeringa eller eit departement i dokument frå underliggjande organ eller frå Det Kongelege Hoff, Domstoladministrasjonen eller Sametinget. Føresegna i andre punktum gir i motsetning til første punktum berre høve til å gjere unntak for opplysningar, og ikkje for heile dokumentet. Dette inneber òg ei innsnevring i høve til gjeldande rett.

Vidare gjeld unntaket berre for opplysningar som er knytte til budsjettrammer fastsette av regjeringa eller eit departement.

Til § 23 Unntak av omsyn til det offentlege sin forhandlingsposisjon m.m.

Føresegna i første ledd og andre ledd svarer til gjeldande lov § 6 første ledd nr. 2 bokstavane a og b, men det er gjort nokre endringar og presiseringar. Første og andre ledd er omtalte i proposisjonen punkt 12.3.5. Forslaga byggjer på forslag frå utvalet, jf. NOU 2003: 30 s. 297 (§ 24 første og andre ledd) og s. 278–279. Føresegna i tredje ledd erstattar forskrift 14. februar 1986 nr. 351 til offentleglova punkt V nr. 12. Føresegna byggjer i hovudsak på forslaget frå eit mindretalet i utvalet, jf. NOU 2003: 30 s. 302 (§ 25). Føresegna er behandla i proposisjonen punkt 9. Føresegna i fjerde ledd erstattar delvis forskrift til offentleglova 14. februar 1986 nr. 351 punkt V nr. 10, men unntakshøvet er noko snevrare enn etter gjeldande rett ved at unntaket berre gjeld i høve til selskap som fell utanfor verkeområdet til lova, jf. § 2. På den andre sida omfattar unntaket også kommunar og fylkeskommunar og ikkje berre staten. Offentleglovutvalet gjorde forslag om å oppheve unntaket, jf. NOU 2003: 30 s. 210. Føresegna er omtalt i proposisjonen punkt 12.3.7.

Føresegna i første ledd gjeld økonomi-, lønns- eller personalforvaltninga til «forvaltningsorganet». Dette omfattar alle organ og einingar som er omfatta av verkeområdet til lova etter § 2, både statlege, fylkeskommunale og kommunale organ, og også sjølvstendige rettssubjekt som er omfatta av lova i medhald av § 2. Føresegna vernar ikkje om interessene til private. Opplysningar om forretningshøve som gjeld den private parten, vil ofte vere underlagde teieplikt, slik at det er plikt til å nekte innsyn etter § 13, jf. forvaltningslova § 13 første ledd nr. 2.

Til skilnad frå gjeldande lov er unntakshøvet knytt til opplysningar og ikkje til heile dokument. Dei delane av dokumentet som ikkje fell inn under unntaket, er i utgangspunktet offentlege, med mindre det er høve til å gjere unntak for heile dokumentet etter § 12.

Etter første ledd i føresegna er det for det første høve til å nekte innsyn i opplysningar når dette er påkravd av omsyn til ei forsvarleg gjennomføring av økonomiforvaltninga til organet. Unntaket vernar om dei privatøkonomiske interessene til forvaltningsorganet i forhandlingssituasjonar, og vil kunne nyttast i saker om kjøp og sal og ved avtaleinngåingar generelt. Føresegna vil derimot ikkje gjelde i saker som gjeld den interne økonomiforvaltninga, slik som budsjettsaker og liknande. For at det skal vere høve til å unnata opplysningar i medhald av denne føresegna, er det eit vilkår at dei har eit konkurranseaspekt, slik at innsyn vil kunne skade forhandlingsposisjonen eller den strategiske stillinga til det offentlege no eller i framtidige saker.

For det andre gir føresegna i første ledd høve til å unnata opplysningar når det er påkravd av omsyn til ei forsvarleg gjennomføring av lønns- eller personalforvaltninga til organet.

Alternativet lønnsforvaltning tek sikte på å verne forhandlingsposisjonen til det offentlege. Det er også her eit vilkår at innsyn vil svekkje den strategiske stillinga til organet i den aktuelle saka eller i framtidige saker. Føresegna er først og fremst aktuell i lønnsforhandlingar, og da både i individuelle og kollektive forhandlingar. Føresegna gir derimot ikkje høve til å gjere unntak for opplysningar om kva lønn ein medarbeidar faktisk har.

Alternativet personalforvaltning vil kunne gi grunnlag for unntak jamvel i forhandlingar som ikkje direkte rører ved dei økonomiske interessene til organet, til dømes der forhandlingane eller opplysningane gjeld andre arbeidsvilkår enn lønn, slik som arbeidstidsordningar. Vidare vil unntaket kunne femne om opplysningar som gjeld konfliktar på arbeidsplassen. Føresegna kan likevel berre nyttast for å verne om interessene til forvaltningsorganet, og kan i utgangspunktet ikkje brukast når det berre er andre interesser som blir skadelidande ved innsyn, til dømes interessene til tilsette eller til ei fagforeining som er involvert i ein konflikt.

Kravet som gjeld i alle tilfella om at unntak frå innsyn må vere «påkravd», er eit strengt vilkår, og inneber at det må liggje føre ein nokså konkret fare for at innsyn vil kunne skade dei interessene som føresegna skal verne, og at skaden må vere av eit visst omfang.

Omsynet til ei forsvarleg gjennomføring av økonomi-, lønns- eller personalforvaltninga til organet vil normalt ikkje føre til eit behov for å nekte innsyn i opplysningane over lang tid, til dømes etter at ei forhandling er avslutta. Føresegna vil da i utgangspunktet ikkje lenger gi høve til å gjere unntak for opplysningar som det var grunnlag for å nekte innsyn i medan forhandlingane varte. Det kan likevel tenkjast situasjonar der det framleis vil vere påkravd å gjere unntak for opplysningane, til dømes dersom dei gjeld forhandlingsstrategiar eller andre generelle spørsmål som kan brukast i seinare forhandlingar.

Andre ledd i føresegna gir høve til å gjere unntak frå innsyn for opplysningar om forhandlingar om rammeavtalar med landbruks-, fiskeri- og reindriftsorganisasjonane. Føresegna er gitt for å verne om interessene til det offentlege i slike forhandlingar.

Vilkåret for at unntaket skal kunne brukast, er som i første ledd at det er påkravd å gjere unntak frå innsyn av omsyn til ei forsvarleg gjennomføring av forhandlingane.

Tredje ledd regulerer unntakshøvet for tilbod og protokoll i saker om offentlege innkjøp. Føresegna gir høve til å gjere unntak frå innsyn for tilbod og protokoll etter regelverk gitt i medhald av lov 16. juli 1999 nr. 69 om offentlege innkjøp. Til skilnad frå gjeldande rett er det ikkje presisert kva forskrifter innkjøpssakene må følgje. Forskriftsverket på dette området blir ofte endra, og nye forskrifter kjem til, og det er derfor ikkje formålstenleg å søkje å presisere i lova kva forskrifter som er omfatta. Slik føresegna er utforma no, vil ho omfatte tilbod og protokoll etter alle forskrifter gitt i medhald av lov om offentlege innkjøp slik dei lyder til ei kvar tid.

Unntaket gjeld for det første tilbod, med andre ord dei svara leverandørar gir på ein kunngjord konkurranse, uavhengig av kva konkurranseform som blir nytta. Vidare gjeld unntaket for protokollar. Innhaldet i protokollen er regulert i forskrift 15. juni 2001 nr. 616 om offentlege innkjøp §§ 8–1 og 15–1, for innkjøp over og under terskelverdiane. Føresegna gir ikkje høve til å gjere unntak frå innsyn for andre dokument enn tilbod og protokollar. For desse gjeld følgjeleg dei andre reglane i lova.

Unntakshøvet er avgrensa i tid og gjeld berre fram til valet av leverandør er gjort. Dette er eit tidlegare tidspunkt enn underteikninga av kontrakten. For partane er det i medhald av dei aktuelle forskriftene etablert ei ordning der tilbydarane får melding om kven av leverandørane som vil få kontrakten, med ei frist for å klage eller komme med innvendingar, sjå til dømes forskrift om offentlege innkjøp §§ 10–3 og 17–3. Ved at unntakshøvet berre gjeld fram til slik melding er sendt til leverandørane, vil jamvel borgarane dra nytte av det same tidsrommet og ha ein sjanse til å kontrollere prosessen og påverke utfallet før kontrakten er skriven.

Protokollen, og særleg tilboda, vil ofte innehalde opplysningar som er underlagde teieplikt etter forvaltningslova § 13 første ledd nr. 2. Desse opplysningane skal det ikkje givast innsyn i, jf. § 13. Før det blir gitt innsyn i tilbod eller protokoll, må forvaltninga derfor skilje ut dei opplysningane som fell inn under teieplikta. Gode grunnar kan tale for at forvaltningsorganet gir tilbydarane høve til å uttale seg om kva opplysningar som bør unnatakast. Departementet vil samtidig presisere at forvaltningsorganet ikkje ukritisk kan halde seg til utsegna frå tilbydarane, men er nøydd til å gjere ei sjølvstendig vurdering av kva opplysningar som fell inn under teieplikta.

Føresegna i fjerde ledd gir høve til å nekte innsyn i dokument som er utarbeidde eller mottekne av regjeringa, eit departement eller ein kommune eller fylkeskommune i saker som gjeld deira utøving av eigarskap i selskap. Til dømes kan det omfatte dokument som gjeld organiseringa av selskapet, formål og målsetjingar for verksemda, økonomiske rammer og budsjett eller meir konkrete spørsmål om strategi og produksjonsmetodar.

I høve til statlege selskap gjeld føresegna berre når det er regjeringa eller eit departement som i eigenskap av eigar behandlar saker som gjeld selskapet. Ho omfattar ikkje behandlinga i direktorat eller andre organ skilde frå departementet.

Unntaket kan ikkje brukast når eigarorganet i høve til selskapet opptrer som forvaltningsorgan og ikkje som eigar.

Til § 24 Unntak for kontroll- og reguleringstiltak, dokument om lovbrot og opplysningar som kan lette gjennomføringa av lovbrot m.m.

Føresegna i første ledd er i hovudsak ei vidareføring av § 6 første ledd nr. 2 bokstav c i gjeldande offentleglov. Andre ledd svarer til § 6 første ledd nr. 5 i gjeldande lov, men unntakshøvet er foreslått innsnevra. Føresegnene i tredje ledd første punktum og andre ledd andre alternativ er ei vidareføring av gjeldande offentleglov § 6 a, medan tredje ledd andre punktum andre alternativ er nytt i høve til gjeldande rett. Paragrafen svarer til forslaget frå offentleglovutvalet, jf. NOU 2003: 30 s. 297 (§§ 25–27) og s. 279 flg. Dei allmenne merknadene til departementet går fram av punkta 12.3.5, 12.3.6 og 12.3.8.

Føresegna i første ledd gir høve til å gjere unntak frå innsyn for opplysningar når det er påkravd fordi innsyn ville motverke offentlege kontroll- eller reguleringstiltak eller andre pålegg eller forbod, eller føre til fare for at dei ikkje kan gjennomførast. Føresegna omfattar kontroll- eller reguleringstiltak som planlagde forhøgingar, nedsetjingar eller opphevingar av ein skatt eller ei avgift, eller innføring av nye tollreglar eller eksport- eller importforbod.

Eit vilkår for at føresegna kan brukast, er at det dreier seg om offentlege kontroll- eller reguleringstiltak. Kontrolltiltak som blir gjennomførte av private organisasjonar, slik som bedriftskontrollar som blir utførte av organisasjonar i arbeidslivet, fell utanfor.

I motsetning til etter gjeldande lov er unntakshøvet knytt til opplysningar i staden for heile dokument.

Høvet til å unnata opplysningane gjeld berre dersom innsyn vil «motverke» kontrolltiltaket eller «medføre fare for at det ikkje kan gjennomførast». Dette inneber at det må krevjast ein nokolunde klar og direkte fare for at innsyn vil motverke vedkommande tiltak. At innsyn vil svekkje tilliten til styresmaktene eller kontrollinstansane generelt, er ikkje nok. Heller ikkje er det nok at innsyn kan verke forstyrrande eller skape praktiske vanskar for gjennomføringa av tiltaket. Føresegna må tolkast slik at ho berre omfattar situasjonar der innsyn kan føre til konkrete omgåings- eller unnagåingstransaksjonar.

Omsynet til ei effektiv gjennomføring av offentlege kontroll- eller reguleringstiltak vil som hovudregel vere avgrensa i tid, til dømes til etter at eit kontrolltiltak er gjennomført. Etter det er det i utgangspunktet ikkje noko som tilseier at opplysningane bør vere unnatekne frå innsyn.

Omsynet til effektiviteten av kontrolltiltaket må gjere det påkravd å nekte innsyn. Dette er eit strengt vilkår.

Føresegna i andre ledd gir høve til å nekte innsyn i visse dokument som gjeld lovbrot. Det er ikkje noko vilkår at dokumentet gjeld eit straffbart lovbrot, føresegna omfattar også lovbrot som berre er undergitt administrative eller tenestelege sanksjonar, til dømes tilbakekalling av løyve og autorisasjonar, avskjed og liknande. Det må dreie seg om brot på formell lov eller forskrift fastsett med heimel i lov. Handlingar som berre strir mot til dømes yrkesetiske reglar eller tenesteinstruksar, er ikkje omfatta av føresegna.

Etter andre ledd første punktum er det høve til å gjere unntak frå innsyn for melding, tips eller liknande dokument om lovbrot. Omgrepet «melding» har eit nokolunde klart innhald i juridisk språkbruk, og vil omfatte opplysning til politiet eller påtalemakta om eit påstått lovbrot med sikte på etterforsking. «Tips eller liknande dokument om lovbrot» tek sikte på opplysningar om moglege lovbrot som blir gitt til forvaltninga, men som det ikkje er naturleg å omtale som ei melding i eigentleg forstand.

Bruk av føresegna krev ikkje at det faktisk er skjedd eit lovbrot. Dette vil ofte framstå som uklart når det blir levert inn ei melding eller eit tips, som nettopp har til formål å avklare dette.

Første punktum gjeld berre for melding, tips eller liknande dokument som skriv seg frå private. Meldingar og tips frå offentlege organ blir regulerte i andre punktum. Med offentlege organ meiner ein her som elles i lova alle verksemder som er omfatta av verkeområdet til lova, jf. § 4 fjerde ledd.

Unntaket i andre punktum omfattar i tillegg til meldingar og tips alle andre slag dokument som direkte omhandlar og er forfatta som følgje av eit lovbrot, til dømes for å klargjere, stoppe eller sanksjonere det. Det kan til dømes vere dokument der eit forvaltningsorgan ber om opplysningar eller utgreiingar i samband med eit konkret lovbrot, eller rapportar om undersøkingar forvaltninga har gjort i høve til eit mogleg lovbrot. At eit dokument inneheld opplysningar om eit lovbrot er ikkje i seg sjølve nok til at ein kan gjere unntak etter føresegna. Dokumentet må handle om lovbrotet.

Etter andre punktum er det berre høve til å nekte innsyn i dokumentet fram til saka er avgjord. Andre punktum er såleis ein regel om utsett innsynsrett. Saka vil vere avgjord når det er teke avgjerd om å reagere med ein eller annan sanksjon som følgje av lovbrotet, til dømes straff, tvangsmulkt, tilbakekalling av autorisasjon eller løyve eller liknande. Saka vil òg reknast som avgjord når det er gjort vedtak om førebelse tiltak, slik som suspensjon. Dersom forvaltninga kjem til at det ikkje skal reagerast med sanksjonar, anten fordi det ikkje er gjort noko lovbrot eller av andre grunnar, vil saka vere avgjord når slik avgjerd er teken. Det kan skape problem for bruken av unntaket at det ikkje alltid blir teke noka formell avgjerd om å avslutte saka. God forvaltningsskikk taler for at forvaltninga sørgjer for å formalisere saka når ho reint faktisk er avslutta. Dersom det går lang tid utan at noko skjer i saka, vil det etter omstenda vere mogleg å sjå saka som avgjord, slik at dokumenta blir gjenstand for innsyn.

Etter føresegna i tredje ledd er det høve til å nekte innsyn i opplysningar som kan lette gjennomføringa av lovbrot m.m. Etter tredje ledd første punktum kan det gjerast unntak når dette er påkravd fordi innsyn ville lette gjennomføringa av straffbare handlingar. Det første vilkåret for å bruke føresegna er at det dreier seg om opplysningar av ein slik karakter at dei kan vere nyttige ved gjennomføringa av straffbare handlingar. I tillegg må det vere ein viss risiko for at opplysningane reint faktisk vil bli brukte på denne måten. Det er ikkje noko vilkår for å gjere unntak at personen som ber om innsyn, kan mistenkjast for å ville bruke opplysningane til eit kriminelt formål. Unntaksheimelen må tolkast objektivt, og ikkje på bakgrunn av eigenskapar hos den som krev innsyn.

Føresegna vil omfatte opplysningar om konkrete sikringstiltak, eller detaljert informasjon om vaktrutinar, alarmanlegg, system for tilgjengekontroll eller opplysningar om ruter og tider for pengetransportar. På den andre sida vil som hovudregel ikkje generelle og nøytrale opplysningar, til dømes om byggemateriale, storleik, rominndeling osv. gi grunnlag for å gjere unntak frå innsyn, sjølv om det er tenkeleg at informasjonen vil kunne nyttast til planlegging av straffbare handlingar. Når det gjeld detaljerte teikningar av ei bygning og liknande, vil unntakshøvet variere etter kva type bygning det gjeld. Til dømes vil det sjeldan vere grunnlag for å gjere unntak for teikningar av eit vanleg kontorbygg, medan det kan vere høve til å gjere unntak for tilsvarande teikningar av eit bygg som inneheld store verdiar, eller som kan vere særleg utsett for sabotasje eller terrorisme.

Føresegna opnar også for å gjere unntak dersom opplysningane vil gjere merksam på høvet til å gjennomføre ei straffbar handling. Detaljerte opplysningar om våpenlager, tilhaldsstad for sjeldne fugleartar og liknande vil kunne falle inn under føresegna, da det er tenkeleg at slike opplysningar kan oppmode til å gjere innbrot eller til faunakriminalitet.

Etter tredje ledd andre punktum første alternativer det høve til å unnata opplysningar når unntak er påkravd fordi innsyn ville utsetje enkeltpersonar for fare. Føresegna gir forvaltninga høve til å verne om kjeldene sine dersom vedkommande vil kunne bli utsett for represaliar eller fare dersom identiteten hans eller hennar vart kjend. Føresegna overlappar til ein viss grad regelen i andre ledd, men vernar ikkje berre om den som direkte har gitt opplysningar til forvaltninga. Dersom opplysningane har gått gjennom fleire ledd, vil dei alle kunne nyte vern etter føresegna.

Føresegna gjeld ikkje berre i kjeldeverntilfella. Dersom ein person utan å ha gitt opplysningar har stilt seg på ein slik måte at han vil kunne bli utsett for represaliar frå eit kriminelt miljø, vil det òg vere høve til å unnata opplysningar om dette. Vidare vil ein til dømes kunne unnata opplysningar om at ein person motarbeider regimet i ein diktaturstat. Føresegna kan nyttast både når personen som skal vernast er i Noreg og i utlandet.

Etter tredje ledd andre punktum andre alternativer det høve til å gjere unntak når det er påkravd fordi innsyn ville lette gjennomføringa av handlingar som kan skade delar av miljøet som er særleg utsette, eller som er trua av utrydding.

Føresegna vil delvis overlappe føresegna i første punktum. Likevel er det ein del miljøskadelege handlingar som ikkje er straffbare, slik at opplysningar som vil lette gjennomføringa av slike handlingar ikkje kan bli unnatekne etter første punktum. Til dømes er det berre når ein art er freda at det vil vere straffbart å skade eller true arten. Fordi ikkje alle trua eller sårbare artar er freda, er det andre punktum andre alternativ som må brukast for å gjere unntak for opplysningar om til dømes leveplass eller liknande.

Til § 25 Unntak for tilsetjingssaker m.m.

Føresegnene i første og andre ledd er ei vidareføring av gjeldande offentleglov § 6 første ledd nr. 4, medan tredje ledd er nytt i høve til gjeldande rett. Føresegna svarer til forslaget frå lovutvalet, jf. NOU 2003: 30 s. 297 (§ 28). Dei allmenne merknadene går fram av proposisjonen punkt 10.4.

Første ledd gjer unntak frå innsynsretten for dokument i saker om tilsetjing eller forfremming i offentleg teneste. Det gjeld eigne reglar om partsinnsyn i tilsetjingssaker som gir søkjarar til ei stilling rett til å få opplysningar om seg sjølv og andre søkjarar.

Unntaket i første ledd gjeld berre dokument i saker om tilsetjing eller forfremjing. Siktemålet med saka må såleis vere å treffe ei avgjerd om ein eller fleire personar skal tilsetjast eller forfremjast. Tilsetjing i alle typar offentlege stillingar er omfatta, også mellombelse stillingar. Det er eit krav at det dreier seg om ei stilling, og ikkje til dømes tildeling av stipend utan tilsetjing eller enkeltståande oppdrag.

Dokument i andre personalsaker, slik som saker om permisjon, oppseiing eller avskjed, kan det ikkje nektast innsyn i med heimel i føresegna. Opplysningar i andre personalsaker kan derimot komme inn under andre unntaksføresegner, til dømes § 13 om teieplikt og § 23 første ledd om lønns- og personalforvaltning.

Unntaket gjeld i utgangspunktet alle dokumenta i saka, bortsett frå søkjarlista, sjå nedanfor. I ei tilsetjingssak vil det såleis vere høve til å gjere unntak frå innsyn for søknaden, referat frå intervjuet, vurderingar av søkjarane, innstillinga og arbeidsavtalen.

Dokumentet må gjelde ei konkret sak om tilsetjing eller forfremjing. Dette inneber at til dømes generelle retningslinjer om korleis ein går fram i slike saker, ikkje fell inn under unntaket.

Føresegna gir heller ikkje høve til å nekte innsyn i dokument om førebuing eller oppfølging av ei sak om tilsetjing eller forfremjing, til dømes eit dokument om oppretting av ein stillingsheimel eller eit budsjettdokument som inneheld opplysningar om ei tilsetjing.

Det er ikkje noko vilkår etter føresegna at innsyn vil kunne skade tilsetjingsprosessen. På den andre sida stiller føresegna heller ikkje opp noko forbod mot å gi innsyn. Forvaltningsorganet må vurdere om det bør gi innsyn i dokumenta etter den allmenne regelen om meirinnsyn i § 11, med mindre opplysningane er underlagde teieplikt.

Etter andre ledd første punktum gjeld ikkje unntaket i første ledd for søkjarlister. Søkjarlista skal etter andre ledd andre punktum setjast opp snarast etter at søknadsfristen er gått ut, og skal i tillegg til namna til søkjarane innehalde opplysningar om alder, stilling eller yrkestittel og bustad- eller arbeidskommune.

Forvaltningsorganet har plikt til å sørgje for at søkjarlista er tilgjengeleg sjølv om det bruker eit privat konsulentfirma ved tilsetjinga. Forvaltningsorganet blir heller ikkje friteke frå plikta til å setje opp søkjarliste ved å utlevere opplysningane på annan måte, til dømes ved å gi munnleg informasjon eller delvis innsyn i søknadene.

Søkjarlista skal setjast opp «snarast» etter at søknadsfristen er gått ut. Søkjarlista bør normalt vere sett opp innan 2–3 dagar etter at søknadsfristen er gått ut. Særlege omstende, til dømes at det er svært mange søkjarar eller at det kjem inn søknader etter fristen, kan likevel føre til at organet må få nokre fleire dagar til å utarbeide søkjarlista. Søkjarlista blir offentleg så snart ho er utarbeidd, jf. § 4 andre ledd.

Søkjarlista skal i utgangspunktet innehalde namnet på alle dei søkjarane som ikkje har trekt søknaden sin før lista blir offentleggjord første gong. Etter andre ledd tredje punktumkan opplysningar om ein søkjar likevel bli unnatekne frå innsyn dersom søkjaren sjølv oppmodar om det. Føresegna gir forvaltninga høve, men ikkje noka plikt, til å unnata desse opplysningane frå innsyn. Forvaltninga vil også i desse tilfella ha plikt til å vurdere meirinnsyn på vanleg måte. Vurderinga må skje konkret og i høve til kvar enkelt søkjar og dei grunnar dei gir for ikkje å bli førte opp på den offentlege søkjarlista. I vurderinga må det leggjast vekt både på den interessa ålmenta har i innsyn i saka, rekrutteringsomsyn og personvernomsyn. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal bli teken til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. Dette inneber at det som hovudregel skal særlege grunnar til for at ei oppmoding om ikkje å bli ført opp på den offentlege søkjarlista kan bli tatt til følgje når det gjeld leiande stillingar. Dette inneber ikkje at det aldri bør vere høve til å ta oppmodinga til følgje i slike tilfelle, men at forvaltningsorganet konkret må vurdere kvar søkjar, og at kontrollomsynet normalt vil vege tungt ved denne typen tilsetjingar. At det skal særlege grunnar til for å ta ei oppmoding om ikkje å bli ført opp på søkjarlista til følgje, inneber at det generelle ubehaget ein søkjar vil kunne oppleve ved at det blir kjent at han har søkt ei stilling, ikkje vil vere nok. For at ei slik oppmoding skal kunne takast til følgje, må det liggje føre spesielle omstende og påvisast at innsyn vil kunne føre til meir konkrete skadar eller ulemper. Til dømes vil det kunne vere grunnlag for å gjere unntak for ein søkjar som er sjølvstendig næringsdrivande, og som risikerer redusert kundetilgang dersom det blir kjent at det er fare for at vedkommande kan komme til å leggje ned verksemda. Også for leiarar i offentleg verksemd kan det vere grunnlag for å ta til følgje ei oppmoding om ikkje å bli ført opp på den offentlege søkjarlista. Til dømes kan det i verksemder under omstilling eller omorganisering skape ekstra uro om det blir kjent at ein av leiarane har søkt ei ny stilling.

Blant dei stillingane det knyter seg stor offentleg interesse til, og der terskelen for å få gjennomslag for ei oppmoding om ikkje å bli ført opp på søkjarlista vil vere høg, kan ein til dømes nemne stilling som departementsråd, direktør eller leiar for statlege direktorat eller uavhengige organ, fylkesmann eller rådmann i kommunane.

I høve til slike stillingar der det knyter seg særleg offentleg interesse til å få vite kven som har søkt, bør det i utlysinga gjerast merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om det. Ein søkjar som har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, men som ikkje får oppmodinga teken til følgje, vil ha høve til å trekkje søknaden fram til søkjarlista er offentleggjord første gong.

Det følgjer av andre ledd fjerde punktum at det alltid skal gå fram av søkjarlista kor mange søkjarar det har vore til stillinga og kva kjønn dei har.

Tredje ledd i føresegna slår fast at unntaket for tilsetjingssaker i første ledd ikkje gjeld nominasjonsvedtak og avstemming ved utnemning av biskop. Regelen har ingen parallell i gjeldande offentleglov, og byggjer på forslaget frå utvalet.

Framgangsmåten ved bispeutnemningar skil seg frå andre tilsetjingsprosessar i det offentlege. Føresegna i tredje ledd klargjer at det gjeld tilsvarande reglar om innsyn ved slike utnemningar som i andre tilsetjingssaker. Dette inneber at det ikkje vil kunne gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om kandidaten som gjeld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustad- eller arbeidskommune som går fram av nominasjonsvedtak eller avstemmingsprotokoll.

Grunngivingar og vurderingar av dei enkelte kandidatane vil det vere høve til å unnata etter regelen i første ledd. Rangeringa av desse og avstemmingsresultatet vil derimot vere offentlege. Røyster eller utsegner frå enkeltpersonar kan ein òg nekte å gi innsyn i. Etter forskriftene som regulerer bispeutnemningar, har biskopar, prostar, prestar, professorar, rektorar, kantorar, diakonar og kateketar røysterett. Det er resultatet av avstemminga for kvar kategori av personar med røysterett som skal gjerast kjent, men ikkje dei enkelte røystene.

Til § 26 Unntak for eksamenssvar og karakterar m.m.

Føresegna første ledd første punktum er ei vidareføring av gjeldande lov § 6 første ledd nr. 6. Første ledd andre og tredje punktum og andre ledd er nye i høve til gjeldande lov. Føresegna i tredje ledd er ei vidareføring av gjeldande lov § 6 første ledd nr. 8 og 9. Bortsett frå første ledd tredje punktum byggjer forslaget på forslaga frå utvalet, sjå NOU 2003: 30 s. 298 (§§ 29 og 30) og s. 283. Departementet sine allmenne merknader går fram av punkt 12.3.9–12.3.11.

Første ledd første punktum gir høve til å nekte innsyn i svar til eksamen eller liknande prøve og innleverte utkast til konkurranse eller liknande. Under omgrepet utkast til konkurranse eller liknande høyrer til dømes arkitektkonkurransar.

Første ledd andre punktum er ny i høve til gjeldande lov og gir høve til å gjere unntak frå innsyn for eksamensoppgåver eller liknande prøver, til dømes prøve for å få fagbrev, og konkurranseoppgåver eller liknande, inntil vedkommande eksamen eller prøve er gjennomført eller konkurransen lyst ut. Eksamen og liknande prøve omfattar både den oppgåva som blir gitt det aktuelle semesteret, og utkast til oppgåver, medrekna oppgåver som er ferdige, men som ikkje blir gitt det aktuelle semesteret for mogleg bruk på eit seinare tidspunkt. Også for konkurranseoppgåver og liknande omfattar unntaket utkast og ferdige oppgåver som ikkje blir lyst ut.

Første ledd tredje punktum er ny i høve til gjeldande lov. Føresegna gjer unntak frå innsyn for karakterar og vitnemål i grunnskolen, den vidaregåande skolen og frå utdanning på høgare nivå. Unntaket omfattar i tillegg til sjølve karakterane dei vurderingar som er gjorde av eleven eller kandidaten. Karakterar og vitnemål frå grunnskolen og vidaregåande opplæring er etter gjeldande rett omfatta av teieplikt etter forvaltningslova § 13 første ledd nr. 1, men fordi det er ei viss usikkerheit rundt spørsmålet meiner departementet at det vil vere føremålstenleg å slå fast i føresegna her at det er høve til å gjere unntak for slike karakterar. For karakterar og vitnemål frå utdanning på eit høgare nivå enn vidaregåande opplæring er utgangspunktet etter gjeldande rett at desse ikkje er underlagde teieplikt. Departementet meiner at karakterar frå utdanning på eit høgare nivå enn vidaregåande opplæring bør stå i same stilling som karakterar frå grunnskolen og frå vidaregåande opplæring. Slike opplysningar blir av mange oppfatta som sensitive, og personvernomsyn tilseier at dei ikkje bør vere allment tilgjengelege.

Føresegna i andre ledd har ingen parallell i gjeldande lov. Opplysningar om kven som er foreslått eller vurdert til ein pris, kan i nokre tilfelle vere underlagde teieplikt.

Etter andre ledd første punktum kan det gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om kven som skal få ein pris, eit heidersteikn eller liknande til tildelinga har funne stad. Formålet med føresegna er å sikre det elementet av overrasking som er meint å liggje i ei slik tildeling.

Etter andre ledd andre punktum er det høve til å gjere unntak frå innsyn for opplysningar om kven som har vore vurdert for ein pris eller liknande også etter at utdelinga har funne stad. Formålet med denne føresegna er å verne dei kandidatane som ikkje nådde opp eller vart funne verdige til å motta ein slik pris eller liknande mot at desse opplysningane blir gjorde offentlege. Unntaket omfattar òg dei opplysningar og vurderingar som forvaltninga har motteke eller utarbeidde om personen, med mindre dei er vortne kjende gjennom grunngivinga for prisutdelinga.

Føresegna i tredje ledd er ei vidareføring av gjeldande lov § 6 første ledd nr. 8 og 9. Heller ikkje utvalet gjorde forslag om endringar i føresegna.

Personregister omfattar register, lister m.m. der personbilete er lagra systematisk slik at bilete av enkeltpersonar kan finnast att. Typiske eksempel er passregister og førarkortregister.

Til § 27 Forskriftsheimel

Paragrafen gir heimel for Kongen til å fastsetje forskrifter om at organet heilt kan nekte innsyn i eit nærmare avgrensa saksområde, dvs. alle dokument og journalinnførslar på området. Vilkåret er at det følgjer av andre føresegner at det likevel kan eller skal gjerast unntak for det alt vesentlege av dokumenta på det aktuelle området. Paragrafen gir også heimel for å nekte innsyn i dokument som er avleverte til arkivdepot når dette er nødvendig av arkivtekniske omsyn. Første ledd svarer til § 11 andre ledd i gjeldande lov, medan andre ledd om arkivdepot er nytt. Lovutkastet frå offentleglovutvalet inneheldt ingen tilsvarande forskriftsheimel, men det var frå utvalet si side ein føresetnad at det også under den nye lova skulle kunne givast unntaksforskrifter, jf. NOU 2003: 30 s. 49–50 og 210.

Etter første ledd kan Kongen fastsetje forskrifter om at det heilt kan nektast innsyn i eit saksområde når det etter andre unntaksføresegner likevel er heimel for å gjere unntak frå innsyn for det alt vesentlege av dokumenta. I så fall kan det altså gjerast unntak for alle dokument og dei tilhøyrande journalinnførslane på området. I andre punktum blir det slått fast at slike forskrifter berre kan givast når særleg tungtvegande grunnar taler for det. Dette er strenge vilkår. For det første er det eit krav at det skal eller kan gjerast unntak for det alt vesentlege av dokumenta på det aktuelle saksområde. Det er ikkje nok at det er unntaksheimel for dei fleste eller langt på veg dei fleste dokumenta, f.eks. 60 til 70 prosent. Det alt vesentlege må tolkast som tilnærma alle, det vil seie minst om lag 90 prosent. Det må likevel takast omsyn også til kvalitative kriterium. Det avgjerande vil derfor vere i kva grad det kan eller skal gjerast unntak for dei delane av dokumenta som inneheld operative saksopplysningar. Dei fleste unntaksheimlane i lovforslaget gir berre høve til å gjere unntak for opplysningar, ikkje for heile dokument. Der det skal eller kan gjerast unntak for opplysningar, vil det avgjerande på same måten vere ei totalvurdering av kor mykje av dokumenta som blir igjen.

At det kan eller skal gjerast unntak for det alt vesentlege av dokumenta på det aktuelle saksområdet, er likevel ikkje eit tilstrekkeleg vilkår for å gi unntaksforskrifter. Det er også eit krav at særlege tungtvegande grunnar taler for det. Her må det leggjast vekt på kor arbeidskrevjande det vil vere å vurdere innsyn i kvart enkelt tilfelle på det aktuelle området, men også på i kva grad det er omsyn som taler for at ålmenta bør ha innsyn i dei gjenståande opplysningane og dokumenta på området.

Unntaksføresegnene i gjeldande forskrift 14. februar 1986 nr. 351 til offentleglova punkt V og VI er gitt med heimel i den tilsvarande forskriftsheimelen i § 11 andre ledd i gjeldande lov. I samband med at det skal givast forskrifter til den nye lova, vil det bli vurdert i kva grad desse føresegnene skal vidareførast eller justerast.

Andre ledd gir høve for Kongen til å fastsetje forskrift om at det kan gjerast unntak for dokument som er avleverte til arkivdepot når det er nødvendig av arkivtekniske omsyn. Bakgrunnen for denne forskriftsheimelen er for det første at den nye lova etter forslaget også vil gjelde for dokument som er eldre enn tidspunktet da den første offentleglova tok til å gjelde. Dermed vil innsynsretten også komme til å omfatte gamle originaldokument som kan vere i så dårleg stand at dei ikkje kan lånast ut eller kopierast utan at dei over tid vil bli påførte slitasje eller skade. Heimelen vil for det andre kunne brukast i tilfelle der arkivdepotet har fått avlevert større mengder dokument som ikkje er ordna og katalogiserte på ein slik måte at det lèt seg gjere for arkivdepotet utan svært mykje arbeid å skilje ut teiepliktige eller graderte opplysningar.

Til kapittel 4 Saksbehandling og klage

Til § 28 Innsynskravet

Føresegna regulerer korleis eit krav om innsyn må utformast. Føresegna utfyller og presiserer gjeldande rett og inneber ei viss oppmjuking av identifikasjonskravet i gjeldande lov § 2 andre ledd første punktum. Føresegna svarer med eitt unntak til forslaget frå offentleglovutvalet, sjå NOU 2003: 30 s. 298 (§ 31) og s. 283–284. Dei allmenne merknadene til departementet går fram av punkt 12.4.1.

Etter første ledd kan innsyn krevjast skriftleg eller munnleg. Dette er ei lovfesting av kva som alt er gjeldande rett.

Andre ledd første punktum fastset i kva grad saka eller dokumentet det blir kravd innsyn i, må identifiserast i innsynskravet. Utgangspunktet er framleis at den som ønskjer innsyn, må vise til ei bestemt sak. Det vil òg vere tilstrekkeleg å vise til eit bestemt dokument. Den som krev innsyn, må ikkje identifisere saka ved å vise til saks- eller dokumentnummer, men må gi ein karakteristikk av saka eller dokumentet som gjer at forvaltninga kan klare å finne fram til dei.

Føresegna mjukar opp identifikasjonskravet ved at det i rimeleg utstrekning kan krevjast innsyn i saker av ein bestemt art, til dømes alle saker om utsleppsløyve etter forureiningslova eller liknande. Dette kan vere nyttig for dei som ønskjer å setje seg inn i forvaltningspraksis på eit område. Skrankane som ligg i at slikt innsyn berre kan krevjast i rimeleg utstrekning, tek sikte på den arbeidsbyrda forvaltningsorganet blir påført når det skal behandle kravet. Dersom organet ikkje har teknologiske verktøy for å finne fram til sakene, men må gjere det manuelt, vil det ikkje vere høve til å krevje innsyn i saker av ein bestemt art hos vedkommande organ, fordi dette vil innebere at organet blir påført ei urimeleg arbeidsbyrde.

I andre ledd andre punktum er det presisert at identifikasjonskravet ikkje gjeld når det blir kravd innsyn i journal eller liknande register.

Til § 29 Kva organ som skal avgjere innsynskravet mv.

Føresegna regulerer kva organ som skal behandle innsynskravet, og stiller krav til saksbehandlinga og saksbehandlingstida. Første ledd første punktum er ny i høve til gjeldande lov, men inneber inga realitetsendring. Første ledd andre punktum er ei vidareføring av gjeldande rett. Føresegnene i første ledd svarer til forslaget frå utvalet, jf. NOU 2003: 30 s. 298 (§ 32) på s. 284. Andre ledd er nytt både i høve til gjeldande rett og forslaget frå utvalet. Føresegna er omtalt i proposisjonen 12.4.2–12.4.4.

Etter første ledd første punktum skal eit organ som mottek eit krav om innsyn, gjere ei konkret og sjølvstendig vurdering av kravet. Dette inneber at organet på sjølvstendig grunnlag må avgjere om det skal eller kan nektast innsyn i dokumentet. Dette gjeld både når organet sjølv har utarbeidd dokumentet, og når det er motteke utanfrå. Organet er ikkje bunde av standpunktet til avsendarorganet, men må eventuelt overprøve standpunktet til avsendarorganet om at det ikkje skal givast innsyn i dokumentet. Vurderinga må gjerast konkret i høve til det aktuelle dokumentet på tidspunktet for avgjerda av innsynskravet, jf. særleg plikta til å vurdere meirinnsyn etter § 11.

Første ledd andre punktum slår fast at kravet skal avgjerast utan ugrunna opphald. Dette vil seie så snart som praktisk mogleg. Dei fleste innsynskrav er såpass enkle at dei bør avgjerast same dag som dei er mottekne. Dersom det må gjerast undersøkingar, kravet reiser vanskelege spørsmål, eller det er arbeidskrevjande fordi det gjeld ei stor menge dokument, kan organet bruke meir tid, men jamvel i slike tilfelle må organet behandle kravet så snart det er praktisk mogleg.

Etter andre ledd kan Kongen i forskrift gi reglar om kva organ som på ulike saksområde skal avgjere innsynskrav. Paragrafen gir høve til å gjere unntak frå regelen i første ledd, f.eks. for graderte dokument.

Til § 30 Korleis organet skal gi innsyn

Paragrafen regulerer korleis organet skal gi innsyn i dokumentet, og erstattar gjeldande lov § 8 med visse endringar. Føresegna byggjer delvis på forslaget frå offentleglovutvalet i § 34, sjå NOU 2003: 30 s. 298 og s. 285. Andre ledd og delar av første ledd gjennomfører artikkel 4 nr. 3 andre punktum og artikkel 5 nr. 1 i direktiv 2003/98/EF om vidarebruk av informasjon frå den offentlege sektoren og byggjer på forslag frå fleirtalet i den interdepartementale arbeidsgruppa som utgreidde korleis direktivet burde gjennomførast og ytterlegare tiltak for å leggje til rette for vidarebruk, sjå § X3 i rapporten «Fra bruk til gjenbruk» s. 100 og s. 87–88. Departementet sine allmenne merknader går fram av pkt. 12.4.5.

Etter første ledd første punktum er det opp til organet å bestemme ut frå omsynet til forsvarleg saksbehandling korleis dokumentet skal gjerast kjent. Føresegna svarer til gjeldande offentleglov § 8 første ledd. Etter første ledd andre punktum har den som har bedt om innsyn, likevel som hovudregel krav på papirkopi eller elektronisk kopi av dokumentet. Føresegna utvidar retten til å krevje kopi i høve til gjeldande rett. Dersom det er praktisk mogleg å gi kopi, har den som krev innsyn krav på å få kopiar utan avgrensingar med omsyn til omfang. Om høvet til å ta betalt for kopiar viser ein til merknadene til § 8. Elektronisk kopi omfattar både at dokumentet blir sendt på e-post, og at det blir kopiert til diskett eller eit anna medium.

Det følgjer av første ledd tredje punktum at når innsynskravet er fremja overfor ei verksemd som er omfatta av direktiv 2003/98/EF, og overfor andre verksemder der Kongen har fastsett det i forskrift, gjeld retten til kopi alle eksisterande format og språkversjonar. Med format blir det sikta til forskjellige fil- eller tekstformat. Språkversjon siktar ikkje berre til offisielle norske skriftspråk, men også utanlandske språk. Denne føresegna gjennomfører artikkel 5 nr. 1 i direktiv 2003/98/EF.

Etter første ledd fjerde punktum har ikkje organet plikt til å gi kopi når innsynskravet gjeld format eller versjon av dokument som er allment tilgjengelege. Ein vil dermed ikkje ha krav på kopi av format eller versjon av dokument som er i vanleg sal eller tilgjengelege på bibliotek, f.eks. offentlege utgreiingar, stortingsdokument eller liknande. Dersom dokumentet eksisterer i elektronisk format, og det berre er allment tilgjengeleg i papirformat, vil ein likevel ha krav på elektronisk kopi. Det same gjeld der dokumentet berre er allment tilgjengeleg i andre språkversjonar enn den etterspurde.

Etter første ledd femte punktumkan Kongen gi forskrift om at retten til elektronisk kopi ikkje skal gjelde for dokument som ein tredjeperson har immaterielle rettar til, og for dokument der det er påkravd av arkivtekniske omsyn. Bakgrunnen for at det kan gjerast unntak frå retten til elektronisk kopi for dokument som ein tredjeperson har immaterielle rettar til, er at ein del slike dokument kan utnyttast kommersielt, og at det vil vere mykje lettare dersom ein får tilgang til ein elektronisk kopi. Ein viser elles til merknadene til § 10 tredje ledd andre punktum. Når lova skal gjelde også for dokument som er eldre enn frå 1. juli 1971, vil innsynsretten også gjelde for ein del dokument som er i ein slik stand at dei kan bli skadde eller øydelagde ved kopiering. For å ivareta dette kan det fastsetjast forskrift som gjer unntak frå retten til kopi for slike dokument.

Andre ledd gjennomfører direktiv 2003/98/EF artikkel 4 nr. 3 andre punktum. Føresegna har derfor eit anna verkeområde enn dei andre paragrafane i lova ved at ho gjeld for verksemder som er omfatta av direktivet dersom ikkje Kongen fastset noko anna i forskrift, jf. andre ledd tredje punktumog merknadene til § 6.

Etter andre ledd første punktum skal organet når det gir innsyn i informasjon som det knyt seg immaterielle rettar til, opplyse om kven som er innehavar av rettane eller kva for lisenshavar organet har fått informasjonen frå. Dette gjeld berre i den grad organet faktisk har kjennskap til kven som er innehavar av rettane eller lisenshavar. Føresegna inneber altså ikkje at organet har noka plikt til å undersøkje dette. Etter første ledd andre punktumer det ikkje nødvendig å gi opplysningar om kven som er innehavar av rettane eller lisenshavar når det står fram som openbert unødvendig. Dette vil vere tilfellet dersom dette går klart fram av informasjonen sjølv eller i tilfelle der det er heilt på det reine at det ikkje vil vere aktuelt å bruke informasjonen i strid med rettane, f.eks. dersom det blir gitt innsyn i søknader og liknande skriv frå privatpersonar til forvaltninga.

Til § 31 Avslag og grunngiving

Føresegna gir reglar om utforminga av avslag og krav til grunngiving av avslag. Reglane avløyser § 9 andre ledd i gjeldande lov, med nokre endringar, og byggjer på forslag frå offentleglovutvalet, jf. NOU 2003: 30 s. 298 (§ 36) og s. 286–287. Føresegna er omtalt i proposisjonen punkt 12.4.6.

Første ledd første punktum slår fast at avslag på krav om innsyn skal vere skriftleg. Føresegna er ny i høve til gjeldande lov, som ikkje har noko krav om at avslag må vere skriftlege.

Etter første ledd andre punktum skal avslaget alltid vise til den føresegna som gir grunnlag for avslaget, og presisere kva ledd, bokstav eller nummer som er brukte. Avslaget skal såleis innehalde ei heilt presis heimelstilvising. Det er ikkje nok berre å vise til ein paragraf.

I første ledd tredje punktum blir det presisert at dersom det er § 13 om teieplikt som er grunnlaget for avslaget, må organet også vise til den føresegna som pålegg teieplikt. Av fjerde punktum følgjer det tilsvarande at når avslaget byggjer på forskrift, må det visast til riktig punkt i forskrifta.

Det følgjer av første ledd femte punktum at avslaget også skal opplyse om retten til å klage og klagefristen.

Andre ledd i føresegna er nytt i høve til gjeldande lov. Etter andre ledd første punktumkan den som har fått avslag, innan tre veker frå avslaget vart motteke krevje ei nærmare grunngiving for avslaget. Organet pliktar da å gi ei meir utfyllande grunngiving der det må nemne dei hovudomsyn som har vore avgjerande for avslaget, jf. forvaltningslova § 25 tredje ledd første punktum. Føresegna krev ikkje at organet gir ei uttømmande eller omfattande grunngiving. Grunngivingsplikta etter andre ledd blir òg avgrensa av at organet ikkje kan vere forplikta til å røpe opplysningar som er unnatekne frå innsyn. Det følgjer av andre ledd andre punktum at organet skal gi slik utfyllande grunngiving skiftleg og snarast råd, og i alle tilfelle seinast innan ti vyrkedagar etter at kravet vart motteke.

Til § 32 Klage

Føresegna slår fast retten til å klage over avslag på innsyn og gir nærmare reglar for gjennomføringa av klageretten. Første og tredje ledd er i hovudsak ei vidareføring av gjeldande rett. Andre ledd, som slår fast at den som ikkje har fått svar på ei oppmoding om innsyn innan fem dagar, kan sjå dette som eit avslag som kan påklagast, og fjerde ledd om at vedtaket til klageinstansen er særleg tvangsgrunnlag etter tvangsfullføringslova kapittel 13 overfor kommunar, fylkeskommunar og sjølvstendige rettssubjekt, er nye i høve til gjeldande rett. Desse to føresegnene går òg lenger enn forslaget frå utvalet. Første ledd er noko endra i høve til forslaget frå utvalet. Forslaga frå offentleglovutvalet går fram av NOU 2003: 30 s. 299 (§ 37), s. 287–289 og s. 302 (§ 37) (mindretalsforslag). Dei allmenne merknadene til departementet går fram av punkt 12.4.7 ovanfor.

Etter første ledd er det høve til å påklage «avgjerd etter denne lova». Dette gjeld i første rekkje avslag på krav om innsyn og avvising av slike krav, til dømes fordi det ikkje er presist nok. Dersom kravet blir avvist fordi verksemda hevdar at ho ikkje fell inn under verkeområdet til lova, vil dette òg kunne påklagast. Klageinstansen vil i desse tilfella ha kompetanse til å slå fast med bindande verknad at eit organ eller eit sjølvstendig rettssubjekt er omfatta av verkeområdet. Det vil òg vere høve til å klage over avslag på krav om kopi eller utskrift og på krav om kopiar og utskrifter. Avslag på krav om innsyn i journalen kan påklagast, også i dei tilfella der avslaget er grunna i at organet ikkje fører journal eller at journalføringa er mangelfull. Lova gir ikkje nokon generell rett til å klage over brot på reglane om journalføring uavhengig av om det er gitt avslag på krav om innsyn i journalen. Det går fram direkte av første ledd andre punktum at ei avgjerd om å gi innsyn ikkje kan påklagast.

Klageinstansen kan prøve alle sider av saka, både dei juridiske vurderingane, til dømes av om dokumentet er omfatta av ei unntaksføresegn, og vurderinga av om det skal givast meirinnsyn.

I forslaget frå utvalet vart det presisert at klageretten tilkjem den avgjerda direkte gjeld, eller andre med rettslig klageinteresse. Departementet har valt å formulere føresegna noko annleis, ved at det berre går fram av lovteksten at «avgjerd […] kan påklagast». Gjennom tilvisinga til reglane i forvaltningslova kapittel VI vil klageretten likevel tilkomme både den avgjerda direkte gjeld, og andre med rettsleg klageinteresse, jf. fvl. § 28. Dette inneber at ikkje berre den som har fått avslag på eit krav om innsyn kan klage, men også andre som har ei rettsleg interesse i avgjerda, til dømes presseorganisasjonar. Dette er ei utviding av klageretten i høve til gjeldande rett.

Første ledd første punktum slår fast at det skal klagast til det organet som er nærmast overordna det organet som har fatta vedtaket. Etter første ledd tredje punktum er fylkesmannen klageinstans for vedtak i kommunalt eller fylkeskommunalt organ. Første ledd fjerde punktum gir Kongen kompetanse til å gi forskrift om kva organ som skal vere klageinstans for avgjerder fatta av statlege organ. Dette vil vere aktuelt i dei tilfella der det er uklart kva organ som er overordna til dømes eit frittståande direktorat eller tilsyn. Kongen kan etter første ledd femte punktum også gi forskrift om kva organ som skal vere klageinstans for avgjerder av sjølvstendige rettssubjekt som er omfatta av lova etter § 2 første ledd bokstav b til d. Slike rettssubjekt vil ikkje ha noko overordna organ i vanleg forstand, og det kan derfor vere nødvendig å gi reglar som klargjer kva organ som skal vere klageinstans. Første ledd sjette punktum slår fast at når det blir klaga over ei avgjerd fatta av eit departement, skal departementet opplyse om at retten til å klage til Sivilombodsmannen ikkje gjeld for avgjerder av Kongen i statsråd.

Føresegna i andre ledd første punktumslår fast at dersom eit krav om innsyn ikkje er avgjort innan fem verkedagar etter at organet mottok kravet, er dette å rekne som eit avslag som kan påklagast etter første ledd. Etter andre ledd andre punktum gjeld dette ikkje når det er Kongen i statsråd som er klageinstans, det vil seie ved krav om innsyn hos departementa. Etter andre ledd tredje punktumgjeld regelen heller ikkje når spørsmål om å oppheve teieplikt er lagt fram for den opplysningane gjeld, jf. § 13 tredje ledd, eller i dei tilfella der spørsmål om nedgradering må leggjast fram for eit anna organ. I begge desse tilfella vil forvaltninga ofte trenge meir enn fem dagar til å avgjere innsynskravet, utan at det bør gi den som har bedt om innsyn, rett til å klage.

Etter føresegna tredje ledd første punktum skal klaga førebuast og avgjerast utan ugrunna opphald. Ordlyden er tilpassa formuleringa i forvaltningslova § 11 a første ledd for å få fram at også saksførebuinga skal gjerast raskt. Behandlinga av ei klagesak vil ta noko lengre tid enn behandlinga i førsteinstansen. Grunnen til det er blant anna at førsteinstansen må vurdere saka på nytt, og at ein stiller strengare krav til grunngiving av avgjerda i klagesaker. Ofte vil òg klagesakene vere noko meir kompliserte enn den typiske førsteinstanssaka.

Tredje ledd andre punktum slår fast at reglane i forvaltningslova (fvl.) kapittel VI gjeld så langt dei passar. Tilvisinga gjeld blant anna klagefristen, jf. fvl. §§ 29 til 31, krav til form og innhald på klagen, jf. fvl. § 32 og reglane om saksførebuinga i klagesak, jf. fvl. § 33.

Det følgjer av fvl. § 34 andre ledd første punktum at klageinstansen kan prøve alle sider av saka og ta omsyn til nye omstende. Dette gjeld også der Kongen i statsråd er klageinstans. Dette er ei endring i høve til gjeldande rett.

Tilvisinga til forvaltningslova omfattar òg føresegna i fvl. § 36 om rett til dekning av sakskostnader som har vore nødvendige for å få endra vedtaket. Fvl. § 36 fjerde ledd inneber at forvaltninga har plikt til å gjere parten oppmerksam på retten til å krevje dekning av sakskostnader.

Fjerde ledd gir reglar om tvangsgjennomføring av vedtaket til klageinstansen overfor kommunar og fylkeskommunar og sjølvstendige rettssubjekt som er omfatta av lova etter § 2 første ledd bokstavane b til d. Føresegna svarer til miljøinformasjonslova § 19 sjette ledd. Føresegna slår fast at vedtaket til klageinstansen vil vere særleg tvangsgrunnlag etter tvangsfullføringslova kapittel 13 overfor kommunar og fylkeskommunar og sjølvstendige rettssubjekt. Dersom eit slikt organ nektar å følgje vedtaket frå klageinstansen om å gi innsyn, vil den som har kravd innsyn, kunne få kravet tvangsfullført. Utan denne regelen ville den som kravd innsyn, ikkje kunne setje i verk tvangsfullføring av innsynskravet på grunnlag av vedtaket frå klageinstansen, men måtte først ha gått til domstolane for å få dom for kravet.

Til kapittel 5 Sluttføresegner

Til § 33 Iverksetjing og overgangsreglar

Etter første ledd gjeld lova frå den tid Kongen fastset. Før den nye lova tek til å gjelde er det nødvendig å få på plass ein del forskrifter, bl.a. om avgrensinga av verkeområdet til lova.

Andre ledd gir ein overgangsregel for sjølvstendige rettssubjekt som blir omfatta av lova etter § 2 første ledd bokstav c eller d. For slike rettssubjekt som ikkje var omfatta av gjeldande lov, vil innsynsretten og plikta til å føre journal berre gjelde for dokument som er komne inn til eller som er oppretta av rettssubjektet etter at den nye lova tek til å gjelde.

Tredje ledd gjennomfører direktiv 2003/98/EF om vidarebruk av informasjon frå den offentlege sektoren artikkel 11 nr. 3. Føresegna byggjer på forslag frå fleirtalet i den interdepartementale arbeidsgruppa som utgreidde korleis direktivet kunne gjennomførast, sjå rapporten «Fra bruk til gjenbruk» s. 101, men til skilnad frå arbeidsgruppa har departementet teke regelen direkte inn i lova og ikkje utforma den som ein forskriftsheimel.

Føresegna slår fast at avtalar som gir nokon einerett til tilgang til informasjon som ikkje oppfyller vilkåra i § 6 andre ledd, skal opphøyre når avtalen går ut, men likevel seinast 31. desember 2008. Dette gjeld sjølv om avtalen fastset eit seinare opphøyrstidspunkt enn dette.

Til § 34 Endringar i andre lovar

Som ein konsekvens av at verkeområdet til den nye lova berre skal regulerast av lova sjølv og forskrifter gitt i medhald av lova, blir det foreslått at føresegner i spesiallovgivinga som regulerer tilhøvet mellom sjølvstendige rettssubjekt og offentleglova, skal opphevast.

Ein rekkje føresegner i spesiallovgivinga inneheld tilvisingar til gjeldande offentleglov. Desse blir foreslått endra slik at dei blir tilpassa den nye lova.

Til endringane i forvaltningslova

Til endringa i § 2

Tillegget «eller lignende» i § 2 første ledd bokstav f er gjord for å skape samsvar med offentleglova § 4 første ledd.

Til endringa i § 17

I § 17 andre ledd første punktum samt tredje ledd første og andre punktum er tilvisingane til føresegnene om unntak frå innsyn justerte som følgje av endringane i desse reglane.

Til § 18

Første ledd svarer til gjeldande § 18 første ledd, med den skilnaden at tilvisinga er endra frå «denne paragraf eller § 19» til «§§ 18 til 19».

Andre ledd er nytt og lovfestar plikta til meirinnsyn. Føresegna svarer som utgangspunkt til offentleglova § 11, men med den skilnaden at behovet for unntak må vegast mot omsynet til parten og ikkje omsynet til offentleg innsyn.

Til § 18 a

Paragrafen regulerer høvet partane har til å gjere seg kjende med såkalla organinterne dokument.

Første ledd første punktum svarer til offentleglova § 14 første ledd og gjeldande § 18 andre ledd første punktum.

Andre punktum svarer til offentleglova § 14 andre ledd bokstav c og d.

Andre ledd svarer til offentleglova § 14 tredje ledd.

Til § 18 b

Paragrafen regulerer innsyn i dokument som eit forvaltningsorgan har innhenta utanfrå til si eiga interne saksførebuing. Første til tredje ledd svarer til offentleglova § 15 første til tredje ledd og avløyser gjeldande § 18 andre ledd andre og tredje punktum i forvaltningslova.

Til § 18 c

Paragrafen svarer til gjeldande § 18 tredje ledd.

Til § 18 d

Paragrafen avgrensar rekkjevidda av unntaka i §§ 18 a og 18 b. Han svarer til offentleglova § 16.

Første ledd bokstav a svarer til gjeldande § 18 fjerde ledd. Elles avgrensar paragrafen unntaka frå retten til innsyn samanlikna med gjeldande reglar om innsyn.

Til endringane i § 19

Endringa i § 19 første ledd bokstav a er gjord for å avgrense unntaket frå innsynet i samsvar med offentleglova §§ 20 og 21. Lovteknisk er dette gjort ved at føresegna peiker på dei omsyna som kan grunngi unntak. Den nærare grensedraginga går frem av offentleglova §§ 20 og 21.

I tredje ledd er tilvisinga til unntaka frå innsyn justert, på same vis som i § 18 første ledd.

Til endringane i § 20

Det er gjort enkelte justeringar i § 20 for å tilpasse paragrafen til offentleglova.

Andre ledd første punktum presiserer at parten har rett til papirkopi eller elektronisk kopi. Endringa samsvarer med offentleglova § 30 første ledd andre punktum. Ei tilsvarande justering er gjord i fjerde ledd første punktum. Retten til å få kopi vederlagsfritt er ikkje endra.

Til endringane i § 21

Første ledd første punktum slår fast at avslag på krav om innsyn skal vere skriftleg. Dette svarar til offentleglova § 31 første ledd første punktum, men er ei nyskaping samanlikna med tilstanden i dag. Dei omsyna som taler for eit skriftkrav, veg ikkje like tungt ved krav om innsyn etter forvaltningslova som etter offentleglova. Omsynet til god orden tilseier likevel at eit slikt krav bør gjelde også etter forvaltningslova. Andre punktumregulerer kor presist det skal visast til grunnlaget for å avslå eit krav om innsyn, tilsvarande offentleglova § 31 første ledd andre punktum. Det er ikkje vist til reglane om teieplikt, fordi dei ikkje er til hinder for å gi partane innsyn, jf. forvaltningslova § 13 b første ledd nr. 1. Etter tredje punktum skal avslaget opplyse om retten til å klage og om klagefristen etter § 29.

I andre ledd er uttrykket «begjæringen» erstatta med «kravet». Det er berre tale om ei språkleg justering.

Til endringane i miljøinformasjonslova § 13 første og andre ledd

Endringane i første ledd gjennomfører direktiv 2003/98/EF artikkel 5 nr. 1 og endringane i andre ledd gjennomførar direktivet artikkel 4 nr. 3 andre punktum. Departementet sine allmenne merknader går fram av pkt. 11.4. Forslaga byggjer på forslag frå den interdepartementale arbeidsgruppa som utgreidde korleis direktivet burde gjennomførast og ytterlegare tiltak for å leggje til rette for vidarebruk, sjå rapporten «Fra bruk til gjenbruk» s. 101. Endringane svarer til forslaget til § 29 første ledd andre og tredje punktum og andre ledd i offentleglova og ein viser til merknadene til denne.

Til forsida