Ot.prp. nr. 108 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 8. juni 1984 nr. 58 om gjeldsforhandling og konkurs og andre lover (elektronisk kommunikasjon mv.)

Til innhaldsliste

10 Merknader til lovforslaget

10.1 Merknader til endringane i konkurslova

Til § 6

I § 6 første ledd første punktum er det foreslått at kunngjering av opning av forhandling om friviljug gjeldsordning skal kunngjerast elektronisk i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon. Denne kunngjeringa trer i staden for kunngjering i Norsk Lysingsblad, sjå punkt 3. Opninga skal òg kunngjerast i ei avis som er alminneleg lesen på staden. Etter § 6 første ledd første punktum er det berre «åpningen» av gjeldsforhandlinga som skal kunngjerast. Føresegna i § 35 første ledd om kva ei kunngjering om opning av forhandling om tvangsakkord skal innehalde, gjeld ikkje tilsvarande. Ei kunngjering etter § 6 vil difor vere relativt kort. Kunngjeringar etter § 6 førekjem dessutan sjeldan i praksis. Departementet meiner difor at det ikkje er naudsynt med ei føresegn om at kunngjeringa i avisa skal bli gjengitt i forkorta form, slik det er foreslått når det gjeld kunngjeringar etter §§ 35 og 78.

Til § 24

I § 24 andre ledd er alternativet om telegrafisk underretning til gjeldsnemnda tatt ut av lovteksten. Bruk av telegram og teleks er ikkje lenger praktisk. Sjå punkt 5.4.3. For ordens skuld presiserer departementet at kommunikasjon ved hjelp av telefaks framleis kan skje i medhald av føresegna. Bruk av telefaks er ei form for skriftleg kommunikasjon.

Til § 25

I § 25 andre ledd nytt andre punktum er det føyd til at oppmodinga til fordringshavarane også kan sendast ved å bruke elektronisk kommunikasjon dersom det er nytta ein trygg metode for å sikre at meldinga er nådd fram. Endringa er nærmare omtalt i punkt 5.4.3.

Til § 35

Reglane i § 35 andre ledd om i kva form kunngjering skal skje, er foreslått endra. Det er fastsett at kunngjering skal skje i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon og i ei avis som er vanleg lesen på staden. Kunngjeringa i avisa skal bli gjengitt i forkorta form med tilvising til den fullstendige kunngjeringa i den elektroniske kunngjeringspublikasjonen. Forslaget må sjåast i samanheng med framlegget om ein forskriftsheimel i § 156 nytt sjette ledd, som gir departementet heimel til å gi nærmare reglar om gjennomføringa av kunngjeringa. Endringane i kunngjeringsreglane er omtalt nærmare i dei alminnelege merknadene punkt 3.

Til § 37

I § 37 er det føyd til i nytt andre punktum at underretninga til fordringshavarane også kan sendast ved å bruke elektronisk kommunikasjon dersom det er nytta ein trygg metode for å sikre at underretninga er nådd fram. Endringa er nærmare omtalt i punkt 5.4.3.

Til § 40

Femte ledd er endra ved at reglane om vedtaking av akkordforslaget ved telegram er tatt ut. Bruk av telegram er ikkje lenger praktisk. Sjå nærmare punkt 5.4.3.

Til § 78

§ 78 første ledd nytt nr. 5 fastset at ei kunngjering om konkursopning skal opplyse om kva for ein domstol som handsamar buet, sjå punkt 3.4.

I andre ledd er tilvisinga til § 156 justert som ein konsekvens av dei foreslåtte endringane i § 156.

Endringa i tredje ledd første punktum om i kva form kunngjeringa skal skje, svarar til endringa av § 35 andre ledd. Departementet viser til merknadene til § 35 og til dei alminnelege merknadene punkt 3.

Til § 79

I § 79 er det gjort endringar med omsyn til kven som skal ha plikt til å registrere meldingar om konkursopning i forskjellige register. Endringane er omtalt nærmare i punkt 7.4 i dei alminnelege merknadene.

I andre ledd er pliktene til føraren av Konkursregisteret utvida, ved tilføyinga av nytt nr. 2. Noverande nr. 2 og 3 blir nye nr. 3 og 4. Etter nr. 2 skal føraren av Konkursregisteret gi melding om konkursopninga til grunnboka dersom skyldnaren eig fast eigedom. Føresegna vil ikkje bli sett i kraft før det nye sentrale tinglysingssystemet er sett i verk for alle rettskrinsar.

I § 79 tredje ledd er det gjort framlegg om at føraren av Konkursregisteret skal melde frå om opninga av konkursen i Meirverdiavgiftsmanntalet i staden for bustyraren som i dag.

Fjerde ledd fastset kva for registreringar bustyraren skal stå for. Som følgje av overføringa av plikten til tinglysing i grunnboka, er det berre andre realregister enn grunnboka og verdipapirregister som blir omfatta av bustyrarens registreringsplikt etter dette leddet. Retten kan framleis vedta å sjølv syte for slik kunngjering.

Femte ledd er uendra.

Noverande fjerde ledd er flytta til sjette ledd og er foreslått endra. Departementet meiner at lovgivinga bør vere teknologinøytral og finn det ikkje naudsynt å nemne særskilt kva for tekniske hjelpemidlar som skal bli nytta. Føresegna gir heimel for å gi forskrifter om framgangsmåten ved framsetting av meldingar etter første til femte ledd, og inneber dermed eit utvida virkeområde samanlikna med gjeldande fjerde ledd. Endringa av heimelen vil gjere det naudsynt med endring av forskrift 20. september 1985 nr. 1872 om framgangsmåten ved tinglysing av melding om konkursåpning på grunnlag av begjæring over telefon eller på annen enkel måte.

I sjuande ledd, som svarar til gjeldande sjette ledd, er det gjort endringar i tilvisingar, som er naudsynte på grunn av dei andre endringane i paragrafen.

Til § 93

I § 93 første ledd andre punktum er det fastsett at innkalling til skiftesamling skal kunngjerast i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon i staden for i Norsk Lysingsblad, sjå nærare punkt 3. Hovudregelen er elles etter første punktum at retten avgjer korleis ein skal kalle inn til skiftesamling når fristen for fordringsanmelding er ute.

Til § 109

I § 109 tredje ledd er utgangspunktet for fristen for å melde krav i buet endra frå den dag kunngjeringa blir innrykka i Norsk Lysingblad til det tidspunktet konkursopninga blei kunngjort i Brønnøysundregistras elektroniske kunngjeringspublikasjon. Endringa må sjåast i samanheng med endringa i konkurslova § 78 tredje ledd. Dagen for kunngjering må då gå fram av kunngjeringa.

Til § 111

I § 111 andre ledd nytt tredje punktum framgår det at ein kan sende varsel om prøving av fordringane i elektronisk form med opplysning om kor innstillinga finst elektronisk tilgjengeleg, dersom fordringshavaren har godtatt bruk av elektronisk kommunikasjon. Føresegna gir fordringshavaren krav på eit direkte varsel om fordringsprøvinga, men innstillinga treng ikkje følgje med varselet om fordringshavaren elles har godtatt å nytte elektronisk kommunikasjon. Varselet kan då vise til at innstillinga finst tilgjengeleg på ei elektronisk buside. I tillegg er det i nytt fjerde punktum gjort framlegg om at den som har rett til å vere til stades ved prøvinga av fordringane, også skal ha rett til å be om å få bustyraren si innstilling sendt til seg. Om innstillinga blir oversendt elektronisk eller med vanleg post, vil her kvile på ein avtale mellom bustyraren og den som etterspør informasjonen.

Til § 120

I fjerde ledd første punktum er det fastsett at bustyraren skal gjere innberetninga kjent for fordringshavarane ved å sende den til dei eller gjere den tilgjengeleg i elektronisk form, sjå punkt 5.4. Ordet «sende» vil vere teknologinøytralt, jf. § 156 andre ledd. Poenget med endringa av § 120 fjerde ledd er å fastslå at om fordringshavaren har godtatt elektronisk kommunikasjon, treng ikkje bustyraren å sende innberetninga særskilt til fordringshavaren. Det vil vere nok å gjere ho tilgjengeleg på busida. Med heimel i § 156 fjerde ledd kan Kongen i forskrift gi nærmare reglar om i kva form ei buinnberetning kan sendast elektronisk til Konkursregisteret.

Til § 122

Det er foreslått ei endring i § 122 andre ledd som gjeld bustyrarens utsending av sluttrekneskap og sluttreiegjering. Nytt tredje punktum fastset at sjølve rekneskapen og utgreiinga ikkje treng sendast til fordringshavarar som har godtatt elektronisk kommunikasjon. Desse dokumenta kan då gjerast tilgjengelege på busida. Men fordringshavaren skal likevel få eit særskilt varsel om fristen på to veker for å gjere innvending. I varselet skal det då visast til kor rekneskapen og reiegjeringa er tilgjengelege. Sjå punkt 5.4.

Til § 124

Det er foreslått ei endring i § 124 andre ledd som gjeld bustyrarens utsending av akkordforslag, si eiga og bustyrets uttale om forslaget og fordringshavarlista, sjå punkt 5.4. Nytt tredje punktum fastset at sjølve forslaget, uttalene og fordringshavarlista ikkje treng sendast til fordringshavarar som har godtatt elektronisk kommunikasjon. Desse dokumenta kan då gjerast tilgjengelege på busida. Men fordringshavaren skal likevel få eit særskilt varsel om fristen på minst to veker etter § 40 første ledd for å gjere innvending, og eventuelt om tid og stad for avstemningsmøte, jf. § 40 andre ledd. I varselet skal det då visast til kor forslaget, uttalene og fordringshavarlista er tilgjengelege.

Til § 128

I § 128 første ledd andre punktum er det presisert at dei fordringshavarane som har reist innvending mot ei avgjerd om å ta buet opp til slutning, skal «underrettes» om avgjerda. Poenget med presiseringa er å gjere det klårt at det ikkje er nok at avgjerda er tilgjengeleg på ei buside. Men det vil vere nok å underrette over telefon, hvis avgjerda ikkje blir sendt til fordringshavarane. Sjå punkt 5.4.2.

Av same årsak er det foreslått at «meddeles» blir endra til «sendes» i § 128 fjerde ledd første punktum . Ordet «sende» vil her innebere at det ikkje er nok med underretning over telefon.

Til § 130

Endringa i andre ledd tredje punktum er føretatt for å få fram at kvar fordringshavar skal få ei direkte underretning om den nye utlodninga. Poenget er å gjere det klårt at det ikkje er nok at utlodninga er tilgjengeleg på ei buside.

Til § 136

I § 136 tredje ledd er det foreslått at kunngjering om at buhandsaminga er innstilt, skal skje ved offentleggjering i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon og i ei avis som er alminneleg lesen på staden. Sjå punkt 3.4. I den gjeldande lovteksten er det her berre vist til kunngjeringsforma etter § 78 tredje ledd. Det er her foreslått ei eiga føresegn i § 136 tredje ledd fordi det ikkje er grunn til å la aviskunngjeringa skje i forkorta form. Innhaldet i ei kunngjering etter § 136 tredje ledd vil i alle høve vere kort.

Til § 138

I § 138 første ledd tredje og fjerde punktum er det gjort framlegg om at bustyraren si plikt til å sørgje for sletting av tidlegare meldingar om at konkurs er opna i dei registra som er nemnde i leddet, blir overført til føraren av Konkursregisteret. Føremålet med framlegget er å redusere bustyraren si arbeidsmengd og gi grunnlag for rasjonaliseringseffektar ved bruk av elektronisk kommunikasjon. Sjå punkt 7.

Til § 144

I § 144 første ledd første punktum er det gjort framlegg om at alle konkursbu og alle tvangsavviklingsbu skal registrerast i Konkursregisteret. Framlegget gjer slik registrering obligatorisk. Framlegget går også ut på at alle bu skal bli registrert på sitt eige organisasjonsnummer. Endringa inneber at det er konkursbuet eller tvangsavviklingsbuet, og ikkje som i dag konkursskyldnaren, som skal vere registereining i Konkursregisteret. Endringa er naudsynt for å sikre automatisk og elektronisk overføring av informasjon mellom ulike register. I første ledd andre og tredje punktum er det gjort endringar som er naudsynte på grunn av endringa i første ledd. Endringane inneber ikkje realitetsendringar.

I tredje ledd er det gjort framlegg om å føye til Einingsregisteret blant dei registra som kan overføre opplysningar til Konkursregisteret etter nærmare forskrifter gitt av departementet. Endringa er naudsynt for å sikre kommunikasjon mellom registra. Ei slik overføring av informasjon vil venteleg også ytterlegare betre opplysingskvaliteten i registra.

Til § 156

Nye andre til sjette ledd i § 156 gir reglar om elektronisk kommunikasjon. Overskrifta til føresegna er endra for å femne om dei nye ledda.

Nytt andre ledd første punktum klårgjer at når lova nyttar omgrepet «skriftlig», er det ikkje til hinder for at den skriftlege informasjonen kan formidlast elektronisk, dersom sendaren og mottakaren har lagt til rette for det, og mottakaren har godtatt det. Vilkåret at det må vere lagt til rette for det, inneber eit krav om at det teknisk må vere mogeleg å formidle informasjonen elektronisk, og at eventuelle krav til teknisk tryggleik som blir fastsett etter utkastet til nytt fjerde ledd, er oppfylte. Nytt andre ledd andre punktum fastset at lovas uttrykk «sendes», «meddeles»,«meldes», «varsel» og «underretning» skal tolkast som teknologinøytrale omgrep, men at det vil vere eit vilkår for bruk av elektronisk kommunikasjon at partane har lagt til rette for det og mottakaren har godtatt det.

Nytt tredje ledd første punktum omhandlar høvet til å gjere dokument og opplysningar om buet tilgjengelege på elektroniske busider drifta av Brønnøysundregistra.

Føremålet med busidene hos Brønnøysundregistra er å gjere det tenleg for alle bustyrarar å samle buinformasjon hos Brønnøysundregistra i staden for å nytte manuell handsaming eller leggje informasjonen ut på nettsidene til den einskilde bustyraren. Plasseringa av busidene i Brønnøysundregistra si tekniske løysing gjer at bustyraren kan bli letta for ei rekkje administrative oppgåver. Dette vil føre til reduserte kostnader for buet og truleg ei betre buhandsaming. Ei slik plassering vil vidare gjere det lettare å løyse dei personvernrettslege sidene ved slik kommunikasjon på ein god måte. Føresegna fastset at «[d]okumenter» og «opplysninger» om konkursbuet kan gjerast tilgjengelege på sida. Det er ikkje umogleg at det teknisk kan bli lagt til rette for at ulike varsel kan sendast automatisk frå sidene til fordringshavarar som har godtatt dette. Det vil då vere ei føresetnad at kvart varsel oppfyller dei krav som elles er fastsett i lova. Det følgjer av tredje ledd andre punktum at føraren av Konkursregisteret skal syte for at all informasjon om buet som finst i Konkursregisteret, utan opphald blir gjort tilgjengeleg på busida. Føremålet er å samle mest mulig informasjon på busida. I tredje ledd tredje punktum er det presisert at berre føraren av Konkursregisteret og bustyraren kan leggje inn informasjon på busida. I fjerde punktum er det fastsett at informasjonen på busida ikkje må gjerast tilgjengeleg for andre enn dei som har ein lovheimla rett til å motta den. At informasjonen blir tilgjengeleg på busida, skal med andre ord ikkje føre til at krinsen av dei som har rett til å se informasjonen, blir utvida samanlikna med i dag. Departementet kan gi nærmare reglar om dette i forskrift etter fjerde ledd. Det vil her blant anna vere relevant å gi reglar om kven som har ansvaret for at opplysningane er korrekte, oppdaterte og naudsynte, og at dei ikkje blir lagra lenger enn det er høve til jf. personopplysningslova §§ 27 og 28.

I fjerde ledd er det gitt ein forskriftsheimel for at Kongen kan fastsetje nærmare krav til teknisk tryggleik mv. for elektronisk kommunikasjon etter lova og for dei elektronisk busidene. Det kan til dømes vere aktuelt å fastsetje at det for einskilde meldingar eller varsel må vere nytta ei form for elektronisk kommunikasjon som sikrar autentisitet over kven som er avsendar eller over innhaldet i eit dokument. Føresegna gir òg heimel for å stille særskilte krav til i kva form bustyraren skal gi buinnberetninga til Konkursregisteret etter konkurslova § 120, til dømes ved bruk av ein elektronisk blankett. Men ei slik forskrift vil ikkje kunne endre dei krava til innhaldet i buinnberetninga som følgjer av konkurslova § 120 første ledd.

I femte ledd første punktum er det gjort framlegg om ein heimel til å gi reglar om avgrensa tilgang til elektronisk tilgjengelege opplysningar. Departementet legg førebels til grunn at det minst vil bli fire ulike tilgangsnivå. Kunngjeringsinformasjonen skal vere tilgjengeleg for alle. Det vil vidare følgje av eigne reglar kven som har tilgang til opplysningane i Konkursregisteret. Det må vere definert kva for opplysningar fordringshavarane, offentlege etatar, bustyraren og føraren av Konkursregisteret skal ha tilgang til. Vidare vil abonnement på informasjon frå busidene ha avgrensa målgrupper. I femte ledd første punktum er det òg heimel for å gi forskrifter om bustyrarens og føraren av Konkursregisteret sine plikter. Det vil kunne vere aktuelt å gi reglar om plikt til å syte for at opplysningane er oppdaterte og korrekte og kven som reint praktisk skal syte for sletting av opplysningar mv. Det er òg heimel for å gi reglar om sletting av opplysningar på busidene. I femte ledd andre punktum er det vidare gitt heimel for å gi unntak frå konsesjonsplikta etter personopplysningslova § 33.

Nytt sjette ledd gir ein forskriftsheimel for reglar om gjennomføring av kunngjering etter lova. Heimelen gjeld alle føresegnene i lova som påbyr kunngjering. Mellom anna kan det fastsetjast reglar om kva ei forkorta kunngjering i avis skal innehalde. Sjette ledd gir òg heimel for å fastsetje reglar om sletting av kunngjeringsopplysningar.

Til 156 a

Paragrafen er ny. Første punktum gir føraren av Konkursregisteret plikt til å tilby abonnementsordningar for informasjon frå Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon. Andre punktum gir Kongen heimel til å gi nærmare reglar om slike abonnementsordningar. I tredje punktum er det gitt heimel for at Kongen kan gi forskrifter om abonnementsordningar for informasjon frå elektroniske busider hos Brønnøysundregistra. Sjå punkt 4.

10.2 Merknader til endringa i einings­registerlova

Til § 2

I § 2 første ledd nytt nr. 7 er Konkursregisteret føyd til på lista over kva for register som er tilknytte register til Einingsregisteret. Forslaget om å gjere Konkursregisteret til slikt tilknytt register er nærmare omtalt i dei alminnelege merknadene punkt 8.

Til § 26

Det er foreslått eit nytt fjerde ledd i § 26 om at dersom Einingsregisteret har mottatt melding etter konkurslova § 138 andre ledd første punktum, skal det registrerte konkursbuet slettast frå registeret. Sjå punkt 8.3.

10.3 Til ikraftsetjings- og overgangs­føresegnene

Det er fastsett at lova tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset, og det er gitt heimel for delt ikraftsetjing. Det vil vere mogeleg å setje reglane om kunngjeringar i kraft før dei andre lovendringane. Dei andre lovendringane krev langt på veg at det blir fastsett nærare forskrifter før ikraftsetjinga.

Til forsida