Ot.prp. nr. 108 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 8. juni 1984 nr. 58 om gjeldsforhandling og konkurs og andre lover (elektronisk kommunikasjon mv.)

Til innhaldsliste

7 Overføring av plikter etter konkurslova § 79 frå bustyraren og tingretten til Konkursregisteret

7.1 Gjeldande rett

Reglar om kva for register ei konkursopning skal registrerast i og kven som elles skal ha melding om konkursopninga, finst i konkurslova § 79. Etter konkurslova § 79 andre ledd skal føraren av Konkursregisteret syte for at melding om konkursopninga blir tinglyst eller registrert i Lausøyreregisteret, Føretaksregisteret om skyldnarens verksemd er registrert der, og Rekneskapsregisteret, dersom skyldnaren har innsendingsplikt til Rekneskapsregisteret.

Etter konkurslova § 79 tredje ledd skal bustyraren, om ikkje retten vedtar å gjere det sjølv, sørgje for at melding om konkursopninga blir tinglyst eller registrert i grunnboka og liknande realregister, dersom skyldnaren eig realregistrerte formuesgode, og i eit verdipapirregister dersom det der er registrert rettar som bustyraren meiner er omfatta av buets beslagsrett. Det følgjer av fjerde ledd at slik melding i særlege tilfelle kan setjast fram over telefon eller på annan enkel måte. Det er fastsett ein forskriftsheimel for framgangsmåten i slike tilfelle.

Etter konkurslova § 79 femte ledd skal bustyraren, om ikkje retten vedtar å gjere det sjølv, sende underretning om konkursopninga til Posten Norge AS og dei bankane og tilsvarande institusjonar der skyldnaren har innskot.

Etter konkurslova § 79 sjette ledd skal bustyraren sende melding om konkursopninga i samsvar med lov 19. juni 1969 nr. 66 om merverdiavgift § 27 andre ledd, dvs. at det skal sendast melding til Meirverdiavgiftsmantalet dersom skyldnaren dreiv meirverdiavgiftspliktig verksemd.

Når det gjeld registrering av opning av akkordforhandling, fastset konkurslova § 36 første ledd at opninga på begjæring av gjeldsnemnda skal registrerast i Lausøyreregisteret, grunnboka og liknande realregister dersom skyldnaren eig fast eigedom eller andre realregistrerte eigedelar, i eit verdipapirregister dersom det er registrert rettar der som gjeldsnemnda meiner tilhører skyldnaren, og i Føretaksregisteret dersom skyldnarens føretak er innført der. Etter konkurslova § 36 andre ledd skal gjeldsnemnda gi underretning om opninga til bankar og tilsvarande institusjonar der skyldnaren har innskot.

7.2 Framlegget i høyringsnotatet

Konkursrådet foreslo i høyringsnotatet å overføre meldepliktene etter konkurslova § 79 tredje, femte og sjette ledd frå bustyraren eller tingretten til Konkursregisteret. Det heiter på side 27 i høyringsnotatet:

«Konkursrådet mener at disse meldingene kan formidles av Konkursregisteret, hvilket vil avlaste bostyrer fra rene administrative oppgaver. Dette medfører på den annen side en økning av oppgaver for Konkursregisteret. Det antas likevel at det totale kostnadsnivået ikke endres ettersom flere andre forslag i tilknytning til rasjonalisering av bobehandlingen medfører besparelser for registeret, bl.a. at boinnberetningen sendes elektronisk til registeret.»

Konkursrådet gjorde vidare framlegg om at registrering av dei avgiftspliktige bua i Meirverdiavgiftsmantalet skulle kunne skje automatisk via Einingsregisteret om Konkursregisteret blei gjort til eit tilknytt register til Einingsregisteret.

7.3 Høyringsfråsegnene

Til forslaget om endring av konkurslova § 79 tredje og femte ledd uttaler Brønnøysundregistra at Konkursregisteret ikkje vil ha tilgang til opplysningar om konkursskyldnaren eig fast eigedom og i kva rettskrins eigedomen ligg, og at det bør gå fram av lova at bustyraren har informasjonsplikt om dette. Også når det gjeld plikta til å sørgje for underretning om konkursopning til post eller bankar etter konkurslova § 79 femte ledd, foreslår Brønnøysundregistra at dette skal gjelde etter oppgåve frå bustyraren over kva for bankar mv. skyldnaren har innskot i. Brønnøysundregistra viser for øvrig til utviklinga av det nye sakshandsamingssystemet for tinglysing i fast eigedom, Regin@, som tar sikte på å leggje til rette for bruk av elektroniske dokument.

Brønnøysundregistra føreset at det blir lagt til rette for elektronisk kommunikasjon mellom Konkursregisteret og grunnboka og mellom Konkursregisteret og bankar og liknande institusjonar. Brønnøysundregistra peiker på den klåre gevinsten det vil innebere dersom Konkursregisteret kan overføre meldingar til alle bankar og liknande institusjonar uavhengig av kunnskap om skyldnaren har konti i den enkelte banken. Brønnøysundregistra meiner at overføring av melding om konkursopning same dag som opninga blir registrert i Konkursregisteret, truleg vil innebere at buet overtar disposisjonsretten over konti tidlegare enn etter dagens system.

Trondheim tingrett uttaler seg generelt positivt om framlegget, men presiserer at ein likevel må vere seg bevisst dei arbeidsoppgåvene som føreset fysisk nærhet til konkursskyldnaren.

Dei øvrige høyringsinstansane har ikkje uttalt seg om dette framlegget.

7.4 Departementets vurderingar

For å kunne tinglyse melding om at konkurs er opna i grunnboka, må ein i dag vite kva for eigedomar skyldnaren eig og kva for rettskrins dei ligg i. Gjennom eit planlagt nytt sakshandsamingssystem for tinglysing i fast eigedom, Regin@, vil registrering av opning av konkurs kunne skje ved melding til ein sentral database. Systemet vil muliggjere tinglysing ved bruk av konkursskyldnaren sitt organisasjonsnummer eller fødsels- eller personnummer som identifikator, og vil difor kunne leggje til rette for automatisk registrering og tinglysing. Regin@ blei operativt i april 2005. Men systemet vil først omfatte alle eigedomane i landet på det tidspunktet tinglysingsoppgåvene er overført frå alle tingrettane til Statens kartverk. Etter planen skal dette vere gjennomført andre halvår i 2007.

Mange konkursskyldnarar eig ikkje fast eigedom. Det kan difor reisast spørsmål om ein bør innføre ei automatisk registreringsplikt for Konkursregisteret i alle bu, eller om plikta skal vere avhengig av at bustyraren har gitt opplysning om at skyldnaren eig fast eigedom. Bustyraren har som oppgåve å skaffe seg oversikt over skyldnarens eigedelar, og skyldnaren har opplysningsplikt andsynes bustyraren om kva han eig. Skyldnarens opplysningsplikt går fram av konkurslova § 101 første ledd.

Når det nye sentrale sakshandssamingssystemet for tinglysing er fullt operativt, vil det vere teknisk mogeleg at systemet automatisk sjekkar meldingar om konkurs frå Brønnøysundregistra mot opplysningar om kven som er registrerte med fast eigedom i grunnboka. Systemet vil då få «treff» om konkursskyldnaren er registrert med fast eigedom. Melding om konkursopning vil då berre bli tinglyst for dei som eig fast eigedom. Sjølv om ikkje alle konkursskyldnarar eig fast eigedom, meiner departementet at denne rutinen vil vere rasjonaliserande, slik at Brønnøysundregistra kan foreta slik automatisk undersøking for alle konkursar, og slik at konkursane blir tinglyst der det er «treff» i systemet.

Departementet foreslår på denne bakgrunnen å overføre til Konkursregisteret ansvaret for å sørge for tinglysing av melding om opning av konkurs i grunnboka. Ein føresetnad for dette er at det nye sakshandsamingssystemet er operativt, slik at registrering av konkurs kan skje ved melding til eit sentralt register for heile landet. Lovendringa kan difor først tre i kraft frå det tidspunktet Regin@ er operativt for alle rettskrinsar.

Departementet foreslår ikkje å følgje opp forslaget om overføring av ansvaret for registrering i andre realregister enn grunnboka. Dei aktuelle realregistra er skipsregistra NIS og NOR, Kraftledningsregisteret, Luftfartsregisteret og Petroleumsregisteret. Dei fleste konkursskyldnarar vil ikkje ha formuesgode som er registrert i nokon av desse registra. I dei bua der det finst slike formuesgode, meiner departementet at registreringsplikta framleis bør liggje hos bustyraren. Det vil innebere liten (om nokon) rasjonaliseringsvinst å overføre registreringsplikta til Konkursregisteret i desse tilfella.

Departementet foreslår i denne omgang ikkje å følgje opp Konkursrådet sitt framlegg om å overføre ansvaret for registrering av melding om opning av konkurs i verdipapirregistra til Konkursregisteret. Registreringsplikta er etter gjeldande rett avhengig av at det er registrert rettar i verdipapirregisteret som bustyraren meiner er omfatta av buets beslagsrett. I mange bu vil det ikkje vere registrert slike rettar. Bustyraren må i alle høve få greie på kva for verdipapir eller rettar i verdipapir som inngår i buet. Det vil truleg vere liten rasjonaliseringsgevinst å hente ved å overføre til Konkursregisteret plikten til å melde konkurs i dei tilfella slike rettar inngår i buet.

Det er i dag ikkje teknisk lagt til rette for ei automatisk varsling om konkursopning til bankar og tilsvarande institusjonar.

Etter gjeldande rett er det berre dei bankane mv. der skyldnaren har innskot, som skal varslast om konkursopninga. Det kan reisast spørsmål om det bør innførast eit system der alle bankar mv. får melding om alle bu, og sjølve må gjere undersøkingar av om skyldnarane har konti hos dei. Det kan vere at det vil vere mogeleg å utvikle tekniske løysingar der melding om konkursopning i bankens datasystem blir halden saman med oversikta over kven som har konti der, på ein slik måte at bankane automatisk får fram ei oversikt over kva for kontoinnehavarar som er gått konkurs. På den andre sida vil eit slikt system innebere at fleire personopplysningar (opplysningar om konkursopning) blir spreidde til bankane enn i dag.

Departementet vil på denne bakgrunnen ikkje foreslå å innføre ei slik automatisk varsling no. Departementet ser ikkje bort frå at den tekniske utviklinga etter kvart kan gjere slik automatisk varsling mogeleg. Eventuelle lovendringar kan vurderast seinare om dei tekniske tilhøva ligg til rette for det, og aktørane ønskjer det.

Departementet foreslår etter dette å oppretthalde den noverande ordninga med at plikta til å varsle bankar og tilsvarande institusjonar ligg hos bustyraren.

Når det gjeld registrering av konkursopninga i Meirverdiavgiftsmantalet, foreslår departementet å følgje opp forslaget frå Konkursregisteret om å overføre dette til Konkursregisteret. Slik registering vil kunne skje automatisk via Einingsregisteret når Konkursregisteret blir gjort til eit tilknytt register til Einingsregisteret, jf. punkt 8.

Departementet er elles samd med Brønnøysundregistra i at retten, bustyraren og Konkursregisteret som hovudregel bør kunne setje fram melding om opning av konkurs elektronisk eller på ein annan enkel måte. Departementet gjer framlegg om at konkurslova § 79 fjerde ledd første punktum om melding «over telefon eller på annen enkel måte» blir oppheva. Departementet foreslår i staden at forskriftsheimelen i noverande fjerde ledd andre punktum blir gjort meir generell. Forskrift 20. september 1985 nr. 1872 om framgangsmåten ved tinglysing av melding om konkursåpning på grunnlag av begjæring over telefon eller på annen enkel måte bør etter departementets syn også bli endra som følgje av endringane i lovteksten og målet om ei meir teknologinøytral lovgiving.

I Konkursrådets høyringsnotat var det ikkje foreslått endringar i konkurslova § 36 om melding om opning av akkordforhandling. Spørsmålet var i det heile ikkje drøfta i høyringsnotatet. Departementet finn det heller ikkje naturleg å overføre nokre av registreringspliktene som gjeldsnemnda har etter denne føresegna, til føraren av Konkursregisteret. Konkursregisteret inneheld ikkje opplysningar om akkordforhandlingsbu, og det verker difor ikkje naturleg at føraren av Konkursregisteret får nokon av desse pliktene i akkordforhandlingsbua.

Til forsida