Ot.prp. nr. 11 (2000-2001)

Om lov om endring i lov 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr

Til innhaldsliste

1

I proposisjonen vert det gjort framlegg om at grunngebyret i rettsgebyrlova § 1 (R) aukast frå kr 600 til kr 655, med verknad frå 1. januar 2001. Framlegget om auke er i samsvar med framlegget i St.prp. nr. 1 (2000-2001) for budsjetterminen 2001, Justis- og politidepartementet side 52.

Satsen vart sist endra frå kr 530 til kr 600 med verknad frå 1. januar 2000. Dei økonomiske verknadane av auken er innarbeidde i St.prp. nr. 1 (2000-2001).

Til forsida