Ot.prp. nr. 115 (2001-2002)

Om lov om endringar i inkassolova

Til innhaldsliste

9 Merknader til lovutkastet

Til endringane i § 5

I § 5 første ledd bokstav a og tredje ledd første punktum er det presisert at eit inkassoforetak kan ha fleire faktiske leiarar. Bakgrunnen for endringa er drøfta under punkt 7.2 ovanfor. Fleire faktiske leiarar er først og fremst aktuelt i større inkassoforetak, der det vil vere vanskeleg eller umogleg for ein einskild person å ha den faktiske leinga av inkassoverksemda i alle avdelingane eller einingane. Dersom eit inkassoforetak har fleire faktiske leiarar, t.d. ein faktisk leiar for kvar avdeling, må kvar av dei ha personleg inkassoløyve etter andre ledd. Kor vidt ein person skal reknast som «faktisk leder», vil m.a. avhenge av kva ansvar han har og korleis foretaket si inkassoverksemd er organisert. Ein føresetnad for at ein person skal reknast for faktisk leiar, er at han har eit eige ansvarsområde, åtskilt frå ansvarsområdet til dei andre faktiske leiarane. Eit foretak kan som utgangspunkt ikkje ha to eller fleire faktiske leiarar for same avdeling eller same saksportefølje e.l.

Endringa i § 5 tredje ledd andre punktum inneber at Kredittilsynet får uttrykkeleg heimel til å stille vilkår for løyve til å drive oppkjøp og inndriving av pengekrav for eiga rekning. Bakgrunnen for endringa er omtalt i punkt 7.1 ovanfor. Dei vilkåra som vert sett, må vere saklege og ikkje framstå som uforholdsmessig tyngande. Dette følgjer av allmenne forvaltningsrettslege reglar. Vilkåra kan til dømes gå ut på at det krevst røynsle frå bank- eller inkassoverksemd for den som skal leie foretak som driv oppkjøp og inndriving av pengekrav. Eit anna døme kan vere at det vert stilt krav om personleg inkassoløyve for rett til å drive oppkjøp og inndriving av pengekrav.

Føresegna i fjerde ledd gir Kredittilsynet heimel til å krevje at foretak som søkjer om inkassoløyve, sluttar seg til ei nemndsordning. Kredittilsynet kan også påleggje foretak som tidlegare har fått inkassoløyve, å slutte seg til ei slik ordning.

Kredittilsynet står som utgangspunkt fritt til å vurdere i kvart einskild høve om det skal stillast krav om nemndstilknyting. For at nemndsordninga skal verke etter intensjonen, bør hovudregelen i praksis vere at inkassoløyve berre vert gitt til foretak som sluttar seg til ei inkassoklagenemnd. Dersom inkassoforetaka ikkje vert pålagt å slutte seg til ei nemndsordning, vil det svekke systemet og omsyna bak å innføre slike nemnder, særleg omsynet til å gi skyldnarane eit enkelt høve til å få handsama klager. Dersom Kredittilsynet stiller krav om nemndstilknyting til enkelte foretak, men ikkje til andre, krevst det saklege grunnar for forskjelshandsaminga. Dette følgjer av allmenne forvaltningsrettslege reglar.

Til § 10 andre ledd ny bokstav f

Inkassolova § 10 andre ledd listar opp kva ei betalingsoppfordring skal innehalde. Tilføyinga i bokstav f presiserer at betalingsoppfordringa skal opplyse om at skyldnaren har rett til å krevje nemndshandsaming etter § 22. Det nærmare innhaldet i opplysningsplikta kan fastsetjast i forskrift, jf. ny § 27.

Til ny § 22 Adgang til nemndsbehandling mv.

Ifølgje første ledd kan organisasjonar som representerer foretak som driv inkassoverksemd, og Forbrukarrådet eller annan organisasjon som representerer skyldnarar, opprette ei eller fleire nemnder som handsamar tvistar mellom skyldnarar og foretak som driv inkassoverksemd. Føresegna inneheld ingen krav til dei organisasjonane som kan opprette nemnder, ut over at dei må representere inkassoverksemder eller skyldnarar. Paragrafen regulerer berre nemnder som er oppretta etter avtale med Forbrukarrådet eller annan organisasjon som representerer skyldnarar. Utanfor fell eventuelle klagenemnder som det einskilde inkassoforetaket sjølv har oppretta til handsaming av klager mot foretaket.

Omgrepet «inkassovirksomhet» omfattar både ervervsmessig eller stadig inndriving av forfalne pengekrav for andre, og oppkjøp og eiga inndriving av forfalne pengekrav, jf. inkassolova § 2 første ledd. Reglane om inkassoklagenemnd er såleis ikkje avgrensa til tradisjonell inkassoverksemd (framandinkasso). Som «skyldnere» reknar ein både forbrukarar og andre som pliktar å betale eit pengekrav. Lovforslaget er med andre ord ikkje avgrensa til tvistar i forbrukarforhold.

Partane i nemndsavtalen kan verte samde om ei trongare avgrensing av kompetansen til nemda enn det som følgjer av lovutkastet, til dømes at nemda ikkje skal gjelde for foretak som driv oppkjøp og inndriving av fordringar, eller at det berre er forbrukarar som skal ha høve til å bringe saker inn for nemnda. Det kan også avtalast at nemnda skal ha ein vidare kompetanse enn det som følgjer av lovutkastet, til dømes at all eigeninkasso som finansinstitusjonane står for, skal vere omfatta av nemndsordninga. Dei foreslåtte reglane om inkassoklagenemnd vil likevel ikkje gjelde for saker som vert handsama i medhald av ein slik utvida kompetanse.

Andre ledd føreskriv at partane kan leggje ein nemndsavtale fram for Kongen til godkjenning. Dersom Kongen godkjenner vedtektene, gjeld reglane i tredje og fjerde ledd og §§ 23 til 27 for den aktuelle nemnda. Avgjerda av om vedtektene skal godkjennast høyrer under fritt forvaltningsskjøn. Det kan stillast vilkår for godkjenninga så langt allmenne forvaltningsrettslege reglar tillét det. Det kan til dømes stillast vilkår om at nye inkassoforetak skal ha høve til å slutte seg til nemndsavtalen på same vilkår som dei eksisterande medlemmene av nemnda. Avgjerda av om vedtektene skal godkjennast er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova.

I tredje ledd vert det presisert at ein skyldnar kan krevje nemndshandsaming av ein kvar tvist der nemnda er kompetent, så lenge han har sakleg interesse i å få nemnda si fråsegn i saka. Det vil vere vedtektene til nemnda som avgjer om ho er kompetent. Nemnda må i kvar einskild sak vurdere konkret om kravet til sakleg interesse er oppfylt. Ved vurderinga av om ein skyldnar har sakleg interesse i å få ei fråsegn frå nemda, må det som utgangspunkt leggjast vekt på mykje dei same momenta som ved vurderinga av om ein part har søksmålsinteresse og tilstrekkeleg sakstilknyting for å reise søksmål for ein domstol. For det første må det leggjast vekt på om det ligg føre ei reell rettsuvisse mellom partane. Ei slik rettsuvisse vil normalt vere grunna på at skyldnaren anten har teke til motmæle mot eit krav inkassator har sett fram, eller i ord eller handling har gjort gjeldande eit krav som ikkje kan sameinast med det inkassatoren hevdar. For det andre må det takast omsyn til om det ligg føre eit aktuelt behov for ei rettsleg avklaring. Dersom den avklaringa som klagaren ber om, ikkje har forholdsvis umiddelbare, praktiske konsekvensar for partane, vil det ofte ikkje vere behov for å gi klagaren høve til å belaste nemnda med saka. Vidare kan nemnda leggje vekt på i kva grad den aktuelle saka reiser prinsipielle spørsmål som bør avklarast.

Fjerde ledd slår fast at dersom skyldnaren har pådrege seg skyldnader i eigenskap av å vere forbrukar, kan han ikkje fråskrive seg retten til å krevje nemndshandsaming. Inkassolova inneheld ingen definisjon av kven som skal reknast som forbrukar. Det er naturleg at omgrepet har same innhald her som i lov 25. juni 1999 nr. 46 om finansavtaler og finansoppdrag (finansavtalelova) § 2 første ledd. Som forbrukar reknar ein såleis fysisk person når ikkje skyldnaden hovudsakleg er knytt til næringsverksemd.

Til ny § 23 Forholdet til de alminnelige domstoler

Det går fram av første ledd første punktum at ein tvist som vert handsama av ei nemnd, ikkje kan bringast inn for dei allmenne domstolane så lenge han vert handsama av nemnda. I denne perioden er tvisten litispendent i høve til dei allmenne domstolane. Føresegna er ikkje til hinder for at det underliggjande hovudkravet (det kravet inkassator søkjer å drive inn) vert teke til handsaming ved dei allmenne domstolane, medan inkassorettslege tvistar som har oppstått i samband med inndrivinga av hovudkravet, er til handsaming i nemnda. I andre punktum er det gjort unntak frå hovudregelen om litispendens: At ein tvist om inndrivingskostnader er til handsaming i ei nemnd, er ikkje til hinder for at tvisten vert brakt inn for dei almenne domstolane saman med hovudkravet. Uttrykket «bringes inn etter tvistemålslovens regler» inneber ei tilvising til reglane i lov 13. agust 1915 nr. 6 om rettergangsmåten for tvistemål (tvistemålsloven), sjå særleg §§ 55 og 59. Føresegna i § 23 første ledd andre punktum gir ikkje heimel for å handsame fleire krav mot den same saksøkte utover det som følgjer av reglane i tvistemålslova. Ifølgje tredje punktumvert ein tvist rekna for å vere handsama av ei nemnd frå det tidspunktet han er komen inn til nemnda, dvs. når eit kravsmål om handsaming har kome fram til nemnda. Dette er ei presisering av når litispendensverknaden inntrer.

Ifølgje andre leddkan ei sak som er realitetshandsama av ein nemnd, førast rett inn for tingretten utan at det er nødvendig med handsaming i forliksrådet. Dette inneber at partane står fritt til å ta ut forliksklage eller å la vere. At nemnda har realitetshandsama saka, inneber at nemnda har gitt ei formell fråsegn om det som er tvistetema i saka. Utanfor fell saker som nemnda har avvist, heva eller utsett.

I dei fleste tilfella vil det vere klart kva slags sak nemnda har realitetshandsama, og som såleis kan førast direkte inn for tingretten. Har skyldnaren kravd nemndshandsaming av ein tvist som gjeld ansvaret for inndrivingskostnadene, er det t.d. på det reine at både skyldnaren og kravshavaren kan bringe ein tvist om dette inn for tingretten utan handsaming i forliksrådet. Dette gjeld sjølv om partane i tingretten vil gjere gjeldande nye rettslege eller faktiske grunnlag for sine påstandar.

I andre tilfelle kan det vere meir uklart om ei sak kan førast direkte inn for tingretten. Det kan t.d. tenkjast at nemnda har kome til at eit inkassoforetak har handla i strid med «god inkassoskikk». På bakgrunn av dette ønskjer skyldnaren å reise erstatningssak mot foretaket for å få dekt det økonomiske tapet han er påført på grunn av foretaket sin handlemåte. Ei slik erstatningssak må handsamast i forliksrådet på vanleg måte. Dette er heilt klart i tilfelle der nemnda ikkje har realitetshandsama erstatningsspørsmålet. Men sjølv om nemnda har realitetshandsama dette spørsmålet, vil ikkje skyldnaren kunne bringe saka direkte inn for tingretten. Dette kjem av at nemnda sin kompetanse etter inkassolova er avgrensa til å handsame «forpliktelser etter denne lov» mellom skyldnarar og foretak som driv inkassoverksemd, jf. utkast til ny § 22 første ledd. Erstatningsansvaret til inkassoforetaket er ikkje ein skyldnad etter inkassolova, men følgjer av den ulovfesta skyldregelen. Dersom nemnda tek stilling til krav som ikkje har sitt grunnlag i inkassolova, inntrer ikkje retten til å føre ei sak direkte inn for tingretten.

Til ny § 24 Rapportering til Kredittilsynet

Føresegna gir inkassoklagenemndene høve til å oversende fråsegner til Kredittilsynet. Nemndene vurderer sjølve i kvar einskild sak om fråsegna skal sendast til Kredittilsynet. Departementet føreset at i alle fall grove brot på god inkassoskikk vert rapportert til Kredittilsynet. Dersom ei nemnd ikkje konsekvent oversender alle fråsegnene, bør nemnda utarbeide retningslinjer om kva fråsegner som skal oversendast.

Dei oversendte fråsegnene er undergitt Kredittilsynets teieplikt så langt det følgjer av lov 7. desember 1956 nr. 1 om tilsynet for kredittinstitusjoner, forsikringsselskaper og verdipapirhandel m.m. (kredittilsynsloven) § 7 og lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven) § 13 flg. Teieplikta er ikkje til hinder for at Kredittilsynet gir påtalemakta melding om inkassoforetak som har handla i strid med straffesanksjonerte reglar i inkassolova, jf. kredittilsynslova § 6 første ledd.

Til ny § 25 Ansvar for nemndas omkostninger

Føresegna gir nemndene høve til å krevje at inkassator betalar kostnadene til nemnda i den aktuelle saka dersom det ligg føre grove brot på kravet til god inkassoskikk, jf. inkassolova § 8. Uttrykket «grove overtredelser» skal tolkast på same måten som den tilsvarande formuleringa i inkassolova § 26 (etter forslaget § 32) første ledd bokstav b, sjå Ot.prp. nr. 2 (1987-88) s. 129 og NOU 1983: 8 s. 99. Ved vurderinga må det m.a. takast omsyn til om brotet på «god inkassoskikk» er forsettleg eller aktlaust, kor stort avvik frå norma det er tale om, og kva følgjer handlinga har hatt for skyldnaren eller andre.

Formuleringa «nemndas omkostninger i den aktuelle saken» omfattar som utgangspunkt alle kostnadene ved å handsame ein klage. Føresegna byggjer på ein tanke om at foretak som grovt bryt kravet til god inkassoskikk, bør bere alle kostnadene ved klagehandsaminga sjølv. Klart unødvendige kostnader kan ein likevel ikkje krevje at det innklaga inkassoforetaket skal dekkje, så sant det ikkje er foretaket som er skyld i kostnaden. Foretaket sitt ansvar er avgrensa til sakskostnadene «i den aktuelle saken». Føresegna føreset at ein relaterer kostnadene til kvar einskild sak. I forhold til enkelte kostnader, t.d. godtgjersle til nemndsmedlemmene, skaper eit slikt spesifiseringskrav ikkje noko problem. Andre kostnader kan det vere meir problematisk å knyte til kvar einskild sak, typisk eventuelle leigeutgifter og andre faste og løpande utgifter. I slike tilfelle må det skje ei skjønsmessig vurdering av kor stor del av kostnadene som knyter seg til den aktuelle saka.

Til ny § 26 Avbrudd av foreldelse

Første punktum presiserer at foreldinga vert avbrota etter foreldingslova § 16 nr. 2 når ein tvist om eit krav som nemnda har mynde til å handsame, vert ført inn for nemnda. At avbrotet av foreldinga skjer «etter foreldelseslova § 16 nr. 2», inneber at dei allmenne reglane i foreldingslova vil gjelde også i desse tilfella, sjå særleg §§ 20 til 29.

Uttrykket «tvist om krav» skal tolkast på same måten som i foreldingslova § 16. Det inneber at føresegna om fristavbrot vil gjelde sjølv om den tvisten som vert ført inn for nemnda, ikkje omfattar alle sider av saka, jf. Ot.prp. nr. 44 (1997-98) s. 13. Det kan t.d. vere ein skyldnar som fremjar erstatningskrav mot eit inkassoforetak, og bringer tvisten inn for inkassoklagenemnda for å få avklart om foretaket har handla i strid med «god inkassoskikk», jf. inkassolova § 8. Foreldinga av erstatningskravet vil her verte avbrota, sjølv om nemnda etter lova ikkje har kompetanse til å ta stilling til om vilkåra for erstatning er oppfylt.

Den fristavbrytande verknaden inntrer berre når tvist om krav «som nemnda har myndighet til å behandle (jf. § 22 første ledd)» vert ført inn for nemnda. Etter § 22 første ledd har nemnda kompetanse til å handsame «tvister om forpliktelser etter denne loven mellom skyldnere og foretak som driver inkassovirksomhet». Ein tvist kan typisk knyte seg til omfanget av skyldnaren sitt ansvar for inndrivingskostnadene, men han kan som nemnt også gjelde inkassoforetaket sitt moglege erstatningsansvar overfor skyldnaren. I begge tilfella har det interesse å få slått fast om foretaket har opptrådt i strid med «god inkassoskikk».

Ifølgje andre punktum vert ikkje foreldinga av hovudkravet avbrote ved at ein tvist vert ført inn for nemnda. Føresegna er meint å ha ein klargjerande funksjon, jf. punkt 3.3 ovanfor. Uttrykket «hovedkrav» omfattar det kravet inkassator søkjer å drive inn, i motsetning til krav på inndrivingskostnader eller andre krav kravshavaren måtte ha overfor skyldnaren. Foreldinga av hovudkravet må avbrytast etter dei allmenne reglane i foreldingslova §§ 14 til 19.

Til ny § 27 Forskrifter

Kongen kan gi forskrifter til nærare utfylling og gjennomføring av reglane i kapittel VII om nemndshandsaming av tvistar i inkassosaker. Likeins kan Kongen i forskrift gi nærmare reglar om innhaldet i opplysningsplikta etter § 10 andre ledd bokstav f.

Til endringa i § 22 (ny § 28)

Endringa inneber at nemndsmedlemmer og andre som utfører arbeid for ei offentleg godkjent inkassoklagenemnd, har teieplikt etter dei same reglane som gjeld for inkassoforetak og deira tilsette. Utrykket «andre som utfører arbeid for nemnda» vil typisk omfatte personar som er tilknytt nemnda sitt sekretariat.

Til endringa i § 24 (ny § 30)

Lovforslaget § 30 fjerde ledd første punktum slår fast at Kredittilsynet kan leggje ned forbod mot ei inkassoverksemd dersom eitt eller flere av vilkåra i § 4 og § 5 første, tredje og fjerde ledd ikkje er oppfylt for inkassoverksemd som vert driven i medhald av inkassoløyve etter § 5. Føresegna er endra for å rette opp ein inkurie, jf. punkt 7.3 ovanfor.

Kredittilsynet har såleis kompetanse til å leggje ned forbod i følgjande situasjonar:

  • inkassoforetaket er ikkje registrert i Foretaksregisteret (jf. § 4 første ledd første alternativ)

  • inkassoforetaket har ikkje inkassoløyve (§ 4 første ledd andre alternativ)

  • inkassoforetaket tilfredsstiller ikkje suffisienskravet (§ 4 andre ledd andre og tredje punktum)

  • vilkåra for foretaksløyve er ikkje oppfylt (jf. § 5 første ledd, tredje ledd og fjerde ledd).

Til endringa i § 25 første ledd bokstav c (ny § 31 første ledd bokstav c)

Det følgjer av denne føresegna at eit inkassoløyve etter § 5 kan verte inndrege dersom det er utilrådeleg å drive inkassoverksemd i medhald av løyvet fordi inkassoforetaket ikkje innan den fristen som er fastsett av Kredittilsynet, oppfyller vilkår om å slutte seg til ei nemndsordning som nemnt i § 5.