Ot.prp. nr. 12 (2002-2003)

Om lov om endringar i lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd

Til innhaldsliste

3 Departementet si vurdering og framlegget til ny lovregel

Departementet ser at overgangsregelen i barnetrygdlova § 26 nr. 3 kan ha uheldige utslag når barnet er under omsorg av barneverntenesta ved det tidspunktet lova tek til å gjelde. Etter lov 22. april 1927 nr. 3 om verjemål § 3 er det den eller dei som etter reglane i barnelova har foreldreansvaret for barnet, som er verje for barnet. I dei fleste tilfelle vil dei biologiske foreldra framleis ha foreldreansvaret, sjølv om barneverntenesta har overteke omsorga for barnet. Slik regelen no lyder, vil altså oppsparte barnetrygdmidlar som er meinte å kome barnet til nytte seinare, kunne utbetalast til foreldre som ikkje blir haldne for å vere skikka til å ha omsorga for barnet.

På bakgrunn av dette gjer departementet framlegg om ei endring av overgangsregelen i lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd § 26 nr. 3. Departementet gjer framlegg om at lova blir endra slik at oppspart barnetrygd for barn som er under omsorg av barneverntenesta når lova tek til å gjelde, blir sett på sperra konto. Beløpet skal utbetalast til barnet når barnet fyller 18 år. Dersom vedtaket om omsorgsovertaking blir oppheva før barnet fyller 18 år, skal dei oppsparte barnetrygdmidlane overførast til verja.

Dei reglane som gjeld i dag, legg opp til at det skal sparast pengar som kan kome barnet til nytte seinare, til dømes i samband med utdanning. Framlegget er såleis i tråd med intensjonen i det gjeldande regelverket som barnetrygda er oppspart i medhald av. Det vil vere rimeleg at pengane ikkje blir utbetalte til biologiske foreldre som ikkje har omsorga for barnet, men blir sette på sperra konto fram til barnet er 18 år, og at barnet då får råderetten over midlane.

Det vil også vere i tråd med det gjeldande regelverket at dei oppsparte midlane blir overførte til verja dersom foreldra igjen får omsorga for barnet. Når ein har kome til at dei biologiske foreldra kan ta hand om barnet, må det kunne leggjast til grunn at dei også kan forvalte barnetrygda på ein forsvarleg måte.