Ot.prp. nr. 12 (2002-2003)

Om lov om endringar i lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd

Til innhaldsliste

5 Merknader til den aktuelle lovregelen

Til barnetrygdlova § 26 nr. 3

Lovregelen omhandlar barnetrygdmidlar som ved det tidspunktet lova tek til å gjelde, er oppsparte etter reglane i forskrifta om kven som skal ha retten til barnetrygd for barn som ikkje blir oppfostra hos foreldra sine eller hos adoptivforeldre. Oppsparte barnetrygdmidlar skal overførast til barnet dersom barnet er 18 år. Dersom barnet er under 18 år og dei biologiske foreldra har omsorga for barnet, skal barnetrygdmidlane overførast til verja. Dersom barnet er under omsorg av barneverntenesta, skal det oppsparte beløpet setjast på sperra konto. Pengane skal overførast til barnet når barnet fyller 18 år. Den oppsparte barnetrygda skal overførast til verja dersom vedtaket om omsorgsovertaking blir oppheva før barnet fyller 18 år.