Ot.prp. nr. 12 (2002-2003)

Om lov om endringar i lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd

Til innhaldsliste

4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Barneverntenesta i kommunen vil ha ansvaret for å følgje opp forslaget. Departementet har ikkje oversikt over kor mange barn under barneverntenesta si omsorg som har oppsparte barnetrygdmidlar, men ein legg til grunn at dette vil vere ei lita oppgåve som ikkje medfører administrative kostnader.

Forslaget vil heller ikkje medføre auka utgifter over trygdebudsjettet.