Ot.prp. nr. 13 (2007-2008)

Om lov om endring i lov 26. mars 1999 nr. 15 om ­retten til å delta i fiske og fangst (deltakerloven)

Til innhaldsliste

2 Endring av § 21 - Fangst av kongekrabbe

I St. meld. nr. 40 (2006-2007) Forvaltning av kongekrabbe går regjeringa inn for at alle merkeregistrerte fartøy under 11 meter som er registrert i Aust-Finnmark, inkludert kommunane Nordkapp og Porsanger, skal få høve til å delta i fangsten av kongekrabbe.

Forslaget er diskutert og nærmare grunngjeve i kapittel 9.1 i stortingsmeldinga, særleg kapittel 9.1.4 og 9.1.6.

Det er deltakerloven § 21 som er heimel for å settje vilkår for å delta i ulike fiskeri, for å begrense talet på fartøy som deltek. Slike begrensningar kan ein innføre når «hensynet til ressursforvaltningen, avviklingen av fisket eller lønnsomheten i fisket» gjer det naudsynt. Fangst av kongekrabbe er mellom dei verksemdene som er underlagt slike vilkår.

Dei vilkåra som gjeld for ulike fiskeri i dag, skiller ikkje mellom fartøya ut frå kvar dei er registrert. Det har vore like vilkår for alle fartøy, uavhengig av heimstaden til fartøyet og eigaren, og uavhengig av kvar fisket foregår. Dette har også vore tilfelle for vilkåra for å delta i kongekrabbefangsten.

Forslaget om å gjere unntak frå adgangsvilkåra for fartøy som er registrert i eit visst geografisk område, er soleis eit av dei nye tiltaka i stortingsmeldinga om forvaltning av kongekrabbe.

Deltakerloven § 21 gjev i dag ikkje heimel for å skille mellom fartøy etter kvar fartøyet er registrert. Dette er utreda nærare i kapittel 9.1.7 i St. meld. nr. 40 (2006-2007) Forvaltning av kongekrabbe. Det er difor varsla i meldinga at regjeringa vil fremme eit lovforslag med den naudsynte heimelen.

Det vert på denne bakgrunn gjort framlegg om eit tillegg til andre ledd i deltakerloven § 21, som skal gjeve heimel til å unnta fartøy registrert i eit visst eller visse geografiske område frå dei vilkår for å delta i fangst av kongekrabbe som vert fastsett med heimel i § 21 første ledd.

Det vil ikkje vere naudsynt at det handlar om eit samanhengande geografisk område, og unntaket kan gjelde alle fartøy eller fartøy t.d. under ein viss storleik. Heimelen vil vidare berre kunne nyttast til å gjere generelle unntak i forskrift, ikkje til å gjere unntak for enkeltfartøy gjennom enkeltvedtak.

Forslaget har ikkje vore på offentleg høyring, då det er lagt fram for Stortinget som eit av forslaga til ny forvaltning av kongekrabbe i St. meld. nr. 40 (2006-2007). Dei økonomiske og administrative konsekvensane av forslaget er utreda i kapittel 11 i stortingsmeldinga, særleg kapittel 11.2 og 11.3.