Ot.prp. nr. 13 (2007-2008)

Om lov om endring i lov 26. mars 1999 nr. 15 om ­retten til å delta i fiske og fangst (deltakerloven)

Til innhaldsliste

3 Endring av § 25 - Endring av «gebyr» til «avgift»

Ved behandlinga av St. prp. nr. 1 for budsjettåret 2007 la Stortinget til grunn at enkelte tilsynsoppgåver skal finansierast av såkalla sektoravgifter.

I nye retningslinjer for gebyr og avgiftsfinansiering, R-112/2006, har Finansdepartementet klargjort skilnaden mellom eit gebyr og ei avgift, og kva vilkår som bør gjelde for offentlege gebyr- og avgiftsordningar. Eit grunnvilkår for gebyrordningane er at gebyrplikta er knytt til den som mottek ei klart definert handling av styresmaktene, og eit gebyr skal dermed vere klårt knytta til mottak av ei teneste. Hovudmålet med ei sektoravgift er derimot å finansiere utgiftene til bestemte tiltak, for eksempel fellestiltak for ei næring der kostnaden vert betalt av næringa sjølv gjennom ei avgift.

I deltakerloven § 25 går det fram at «[d]epartementet kan bestemme at det skal betales et gebyr ved innføring i merkeregisteret og et årlig gebyr så lenge fartøyet står i merkeregisteret». Vidare følgjer det av andre punktum i same føresegn at «[g]ebyret er tvangsgrunnlag for utlegg.»

Bakgrunnen for å innføre desse gebyra var todelt. For det første skal gebyret dekkje kostnader med drifta av merkeregisteret og bruken av registeret til statistikk- og samordningsformål. For det andre skal gebyret medverke til at fartøyeigarane stryk ikkje-aktive fartøy frå registeret.

I høve til retningslinjene nemnt ovanfor, er dermed det gebyret som vert betalt ved innføring i merkeregisteret fortsatt å rekne som eit gebyr. Det årlege gebyret er derimot ikkje direkte knytt til handsaminga av ei enkelt sak. I samsvar med retningslinjene skal dette difor kallast ei avgift.

Det vert difor gjort framlegg om å endre formuleringa «[...] og et årlig gebyr» til «[...] og en årlig avgift» i deltakerloven § 25. Vidare må omgrepet «avgift» takast inn i andre punktum i føresegna for å sørgje for at også denne vil vere tvangsgrunnlag for utlegg, jf. lov 26. juni 1992 nr. 86 om tvangsfullbyrdelse og midlertidig sikring (tvangsfullbyrdelsesloven) § 7-2 bokstav e.

Forslaget fører ikkje til materielle endringar for næringa. Lovforslaget har ikkje vore sendt på høyring, då dette vert ansett for openbert unødvendig. Forslaget har ikkje nemnande økonomiske eller administrative konsekvensar.