Ot.prp. nr. 14 (2004-2005)

Om lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg

Til innhaldsliste

13 Merknader til dei einskilde paragrafane

Til § 1

Paragrafen definerer formålet med den nye lova, som er å sikre ei minste samla inntekt for personar som har kort butid i Noreg og difor ikkje har tilstrekkelege ordinære trygderettar.

Til § 2

Paragrafen gir definisjonar av visse omgrep for å lette utforminga av lova.

Første leddet slår fast at ein med ordet «grunnbeløpet» meiner grunnbeløpet i folketrygda.

Andre leddet fastlegg det innhaldet ordet «ektemake» skal ha i lova. Det omfattar personar som reknast for gifte etter ekteskapslova, sambuarar som lever saman som ektefolk utan å vere gifte, og registrerte partnarar etter partnarskapslova. For alle tre tilfella gjeld at dei berre skal reknast som ektemakar dersom dei lever saman i eitt hushald. Denne definisjonen er viktig i høve til mange av paragrafane i lova, sjå til dømes lovforslaget § 5.

Ein viser óg til det som er sagt i punkt 4.3.4.

Til § 3

Paragrafen fastlegg personkrinsen for den supplerande stønadsordninga.

Første leddet seier at ein person må ha fylt 67 år og vere busett i Noreg for å få supplerande stønad. Busett i Noreg er personar som står i folkeregisteret og har opphaldsløyve som gir grunnlag for busetjing her.

Andre leddet gjer eit unntak fra reglane i første leddet for personar som får kome til Noreg i kraft av at dei er forsørgde familiemedlemer i oppstigande linje av ein person som alt er i landet. Slike forsørgde familiemedlemer skal først kunne få supplerande stønad når dei har fått løyve til fast busetjing i Noreg.

Ein viser óg til det som er sagt i punkta 3.1, 3.2 og 3.3.

Til § 4

Paragrafen regulerer høvet til å få supplerande stønad under opphald i utlandet.

Etter første leddet kan ein stønadstakar berre få stønad under samanhengande utanlandsopphald på inntil tre månader, og dei kan ikkje ha stønad under opphald i utlandet i meir enn tre månader i alt i eit kalenderår.

Andre leddet gir reglar om når ein skal stoppe stønaden ved utanlansopphald utover det tilletne etter første leddet. Reglane svarar til det som gjeld for start og stans av ytingar ved endringar i tilhøva etter lovforslaget § 11 første og andre leddet, men departementet finn det tenleg å gi ei særskilt regulering i høve til opphald i utlandet.

Tredje leddet opnar for å gi ytingar i lengre tid enn det som følgjer av første leddet dersom stønadstakaren var forhindra frå å vende attende til Noreg på grunn av eigen sjukdom. Slike forlengingar skal ikkje vere kurante, og stønadstakaren må sjølv skaffe fullgod dokumentasjon på at det var naudsynt å bli verande i utlandet utover tre månader.

Ein viser óg til det som er sagt i punkt 3.5.

Til § 5

Paragrafen bestemmer nivået for full supplerande stønad.

Etter første leddet vil full supplerande stønad svare til minstepensjon i folketrygda, men med nærare bestemte tilpassingar. Mellom anna er det færre alternativ for storleiken på ytingane enn i folketrygda. Det er berre tre ulike stønadsnivå, eitt for tilfella med ektemakar som begge har fylt 67 år og begge kan få supplerande stønad, eitt for personar med ektemake under 67 år og eitt for einslege. Nivået for ein person med ektemake under 67 år er eit nivå der ordninga i folketrygda med tillegg for forsørgt ektemake er integrert i ytinga.

Etter andre leddet vert supplerande stønad auka med 40 prosent av grunnbeløpet per barn dersom stønadstakaren forsørgjer barn under 18 år som bur saman med stønadstakaren i eitt hushald. I dette leddet vert det óg bestemt kven av ektemakane som skal få auka ytinga når begge har fylt 67 år og kan få supplerande stønad.

Etter tredje leddet vert eit barn rekna å forsørgje seg sjølv når det har inntekt utover grunnbeløpet (den same grensa som i høve til barnetillegg i folketrygda).

Etter fjerde leddet skal ytinga til ein person med ektemake under 67 år fastsetjast etter første leddet bokstav a (som for einslege stønadstakarar) når ektemaken oppheld seg i utlandet i lengre tid enn fastsett i § 4. Retten til auka ytingar etter første leddet bokstav b fell då bort. Tilsvarande fell retten til å få ytingar med tillegg for forsørgt barn bort når barnet har slike opphald i utlandet. Når det gjeld tidspunktet for omrekning av ytingane, skal reglane i § 4 gjelde tilsvarande. Dersom til dømes eit forsørgt barn skal opphalde seg i utlandet i meir enn tre månader samanhengande, vert tillegget stogga frå og med kalendermånaden etter den månaden då opphaldet i utlandet tok til.

Ein viser óg til det som er sagt i punkt 4.

Til § 6

Første leddet omhandlar inntektene som skal inngå ved inntektsprøvinga av den supplerande stønaden. Dette kan vere arbeidsinntekt, norske og utanlandske offentlege eller private pensjonar og kapitalinntekter, dvs. eit vidt spekter.

Det vil kunne oppstå spørsmål om økonomiske ytingar av ulike slag skal reknast som inntekt, mellom anna erstatningsutbetalingar. Slike utbetalingar er eingongsbeløp, og bør etter departementet sitt syn ikkje reknast som inntekt i denne samanhengen. Dersom utbetalinga vert brukt til å skaffe seg inntekt (i enklaste formen ved innskot i ein bank), vil inntekta i prinsippet inngå i inntektsgrunnlaget ved prøvinga av supplerande stønad.

Eit erstatningsbeløp vil likevel vere pengar som stønadstakaren kan bruke til det daglege underhaldet eller fritt disponere over på andre vis. Det vil difor ikkje utan vidare vere rett å gi ei behovsprøvd yting som supplerande stønad når stønadstakaren har disponible økonomiske ressursar av ein slik art. Departementet finn difor at erstatningsutbetalingar må reknast som formue i høve til behovsprøvinga, og difor kan medføre at det vert gitt avslag på supplerande stønad, sjå punkt 5.4.3 og merknadene til lovforslaget § 8.

Det kan i nokre tilfelle vere vanskeleg å avgjere om ei økonomisk yting er å rekne som kapitalinntekt. Departementet meiner at spørsmålet må bli å vurdere i tråd med reglane for skattelikninga, slik at «kapitalinntekt» i høve til supplerande stønad vil seie inntekt av ein slik art at den vert rekna som kapitalinntekt etter skattelova, eller ville ha vorte rekna som kapitalinntekt dersom den skulle skattleggjast i Noreg. Ei inntekt skal takast med ved inntektsprøvinga av supplerande stønad sjølv om ho ikkje vert skattlagt her.

Andre leddet gjer det klårt at ein skal ta med inntekt hos stønadstakaren sjølv så vel som hos ektemaken (sjå merknadene til § 2 andre leddet når det gjeld kven som skal reknast for ektemakar), og gir i tillegg reglar om gjennomføringa av inntektsprøvinga når begge ektemakane har fylt 67 år.

Ein viser óg til det som er sagt i punkt 5.

Til § 7

Paragrafen slår fast at supplerande stønad vert gitt dersom full supplerande stønad etter § 5 er høgare enn inntektsgrunnlaget fastsett etter § 6. Stønaden skal utgjere differansen mellom desse beløpa. Utmålingsregelen inneber at inntektene går til frådrag i mogleg supplerande stønad krone for krone.

Ein viser óg til det som er sagt i punkt 5.

Til § 8

Første leddet gir heimel for prøving av supplerande stønad mot formue. Etter lovforslaget kan ein gi avslag på søknaden om stønad når ein søkjar eller ektemaken har så stor formue at det ville vere urimeleg å gi ytinga. Ein skal sjå bort frå vanleg bustad mv. Meininga er å nekte stønad i tilfelle med formue klårt ut over det vanlege.

I merknadene til § 6 i lovforslaget kom departementet til at erstatningsutbetalingar generelt bør reknast som formue i høve til behovsprøvinga av supplerande stønad, og difor kan medføre at søknader om ytingar vert avslått. Óg i denne samanhengen må det dreie seg om vesentlege beløp. Det bør såleis ikkje vere aktuelt å ta omsyn til utbetalingar under 100 000 kroner.

Vanskelege spørsmål kan oppstå ved erstatning til oppretting av skade på bustaden eller liknande. I utgangspunktet bør slike pengar kunne nyttast i samsvar med formålet, utan at det går utover retten til supplerande stønad. I slike situasjonar vil stønadstakaren likevel ofte kunne velje korleis og i kva mon det skal skje oppretting av ein skade, og det vil då kunne vere naturleg etter ei tid å vurdere retten til supplerande stønad i høve til pengane som framleis står inne på konto.

Departementet reknar med at det ikkje vert mange saker der ein gir avslag på supplerande stønad på grunn av formue. Gjennomføringa av reglane om prøving mot formue kan syne seg å by på store problem, og det er vanskeleg å gi gode retningslinjer. Røynslene i praksis kan gi grunnlag for nærare reglar.

I andre leddet i forslaget til § 8 vert det difor foreslått at departementet får heimel til å gi forskrift til utfylling av lova. Ein vil óg arbeide vidare med dette fram mot implementeringa av ordninga.

Ein viser óg til det som er sagt i punkt 5, særskilt underpunkta 5.4.3 og 5.5.

Til § 9

I paragrafen vert det bestemt at supplerande stønad ikkje vert gitt dersom ytinga ville utgjere eit mindre beløp enn 2 prosent av full supplerande stønad etter grunnlaget i § 5 første leddet bokstav a (ytinga til einslege stønadstakarar) utan tillegg for forsørgde barn. Dette tilsvarar nå ei månedleg yting på 176 kroner. Grunnen er sjølvsagt å unngå stønadsbeløp som er lågare enn det det kostar å administrere og utbetale dei.

Ein viser óg til det som er sagt i punkt 7.1.

Til § 10

Etter paragrafen skal fastsett stønad setjast opp eller ned dersom det skjer endringar i inntektene eller dei andre tilhøva som er lagt til grunn ved fastsetjinga av stønaden. Vilkåret er at den aktuelle endringa fører med seg ei endring av stønaden med minst 10 prosent.

Ein viser óg til det som er sagt i punkt 7.2.

Til § 11

Første leddet etablerer regelen om ein stønadsperiode på 12 månader. Ein kan få forlenga ytinga for 12 månader om gongen, men berre etter søknad. Ordninga tek primært sikte på å lage eit naturleg kontrollpunkt i sakene (sjå punkt 6 om kontrollspørsmåla). Forlenging av ytinga vil likevel vere kurant, med mindre det har skjedd endringar som gjer at søkjaren ikkje fyller vilkåra for supplerande stønad. Ved søknad om supplerande stønad, inkludert søknad om forlenga ytingar, skal søkjaren møte personleg på trygdekontoret (sjå lovforslaget § 17 andre punktumet). Dette vil mellom anna vere tenleg i høvet til kontrollen med opphald i utlandet.

Andre og tredjeleddet gir reglar om start og stans av supplerande stønad og regulerer når endringar i stønadsnivå tek til å gjelde. Reglane er i store trekk henta frå folketrygdlova § 22-12 første, tredje, fjerde og femte leddet, men reglane er mellom anna tilpassa ordninga med å gi ytingar for 12 månader om gongen..

Fjerde leddetgir reglar om etterbetaling tilsvarande hovudregelen i folketrygdlova § 22-13 tredje leddet og slår vidare fast at det ikkje vert gitt renter ved etterbetaling (tilsvarar folketrygdlova § 22-17 første leddet). I tillegg vert det bestemt at det ikkje kan krevjast erstatning etter skadeserstatningslova eller alminnelege erstatningsrettslege reglar for rentetap eller ytingar for periodar som ikkje vert omfatta av retten til etterbetaling.

Femte leddet seier at det skal gjerast frådrag i etterbetaling av supplerande stønad for økonomisk stønad etter sosialtenestelova kapittel 5 i den same perioden. Sosialtenesta vil eventuelt ha krav på beløpet som refusjon etter sosialtenestelova.

Sjette leddet gir reglar om utbetalingsterminar og -tidspunkt og avrunding av terminbeløp tilsvarande folketrygdlova § 22-10 tredje leddet og § 22-11.

Ein viser óg til det som er sagt i punkt 7.3.

Til § 12

Etter denne paragrafen fell retten til supplerande stønad bort for tidsrom etter at eit institusjonsopphald, inkludert opphald i fengsel, har vara i ein kalendermånad utover den månaden då han eller ho vart innlagt. I motsetnad til dei tilsvarande reglane i folketrygdlova §§ 3-27, 3-28 og 3-29, som gir rett til reduserte ytingar etter utløpet av den nemnde perioden, inneber forslaget at retten til supplerande stønad fell heilt bort.

Ein viser óg til det som er sagt i punkt 3.4.

Til § 13

Første leddet slår fast at supplerande stønad som er utbetalt utan at vilkåra for det var oppfylte, skal krevjast attende dersom den som fekk utbetalinga forsto eller burde ha forstått at utbetalinga grunna seg på ein feil. Departementet meiner at ein bør reagere strengt ved feilutbetalingar som kan leggjast stønadstakaren til last, og regelen er difor formulert slik at tilbakekrevjing skal skje. Dette må ein sjå i lys av at ordninga vil kunne bli særskilt utsett for misbruk. Vilkåra for å krevje attende feilutbetalt stønad tilsvarar regelen i bidragsinnkrevjingslova § 14 nr. 2 andre leddet, som er enklare utforma enn dei relativt kompliserte reglane i folketrygdlova §§ 22-15. Vedtak om å krevje attende feilutbetalt supplerande stønad skal vere tvangsgrunnlag for utlegg.

Andre leddet gir heimel for avrekning av beløp som vert krevde attende i framtidige terminar av supplerande stønad eller andre ytingar til livsopphald som vert administrerte av trygdeetaten. Avrekninga kan ikkje utgjere meir enn 10 prosent av dei aktuelle terminbeløpa.

Tredje leddet i forslaget til § 13 seier at beløp som ikkje vert innkrevde ved avrekning, kan innkrevjast etter reglane i bidragsinnkrevjingslova.

Reglane i andre og tredje leddet tilsvarar folketrygdlova § 22-15 tredje leddet.

Ein viser óg til det som er sagt i punkt 8.1.

Til § 14

Paragrafen seier at utgiftene til supplerande stønad og til administrasjon av ordninga vert dekte av statskassa. Trygdeetaten skal føre særskilt rekneskap over pengane som vert overførte til dekning av supplerande stønad.

Ein viser óg til det som er sagt i punkt 8.2.

Til § 15

Etter paragrafen gjeld reglane i forvaltningslova for saker om supplerande stønad, med dei unntaka som går fram av lova (tilsvarar folketrygdlova § 21-1).

Ein viser óg til det som er sagt i punkt 8.3.

Til § 16

Paragrafen seier at saker om supplerande stønad skal avgjerast av Rikstrygdeverket, som kan delegere avgjerda til anna organ i trygdeetaten. Mønsteret er folketrygdlova § 20-2 første leddet. Ein må rekne med at avgjerda i desse sakene kan bli sentralisert for å sikre at det byggjer seg opp komptanse på området. Det einskilde trygdekontoret vil kunne ha svært få slike saker.

Ein viser óg til det som er sagt i punkt 8.3.

Til § 17

Paragrafen tilsvarar folketrygdlova § 21-2 første leddet. Søknad om ytingar skal setjast fram for trygdekontoret på bustaden til søkjaren på skjema fastsett av Rikstrygdeverket. Søkjaren må møte personleg på trygdekontoret. Det vert understreka at trygdekontoret skal hjelpe søkjar med utfyllinga av skjemaet så langt dette er naudsynt. Mange i den aktuelle gruppa kan ha problem med dette.

Ein viser óg til det som er sagt i punkt 8.3.

Til § 18

Første leddet slår fast at ein person som søkjer om supplerande stønad, har plikt til å gi alle opplysningar som trygdeetaten treng for å vurdere søknaden. Like eins skal ein stønadstakar melde frå om endringar i alle tilhøva som verkar inn på retten til stønaden. Mønsteret er folketrygdlova § 21-3 første leddet.

Andre leddet tilsvarar folketrygdlova § 21-3 andre leddet og slår fast den retten trygdeetaten har til å krevje at ein person som får supplerande stønad gir naudsynte opplysningar. Dette er vesentleg av omsyn til kontrollen med ytingane.

Tredje leddet tilsvarar folketrygdlova § 21-7 og gir heimel til å reagere på manglande dokumentasjon eller på uriktige opplysningar med å avslå ein søknad eller stoppe ei yting som er gitt.

Ein viser óg til det som er sagt i punkt 6.

Til § 19

Første leddet gir trygdeetaten rett til å hente opplysningar frå likningsetaten eller skattefogdane om inntekts- og formuestilhøva for ein person som søkjer om eller har fått supplerande stønad. Denne regelen har ikkje nokon parallell i folketrygdlova, men er henta frå bidragsinnkrevjingslova § 10 andre leddet bygd ut med ein heimel til å hente opplysningar frå skattefogdane, som ikkje er ein del av likningsetaten. Opplysningar om inntekts- og formuestilhøve er vesentlege i høve til supplerande stønad, og dei nemnde etatane er dei viktigaste kjeldene til slik informasjon.

Andre leddet gir tilsvarande rett til å hente naudsynte opplysningar frå sosialtenesta, politiet, andre offentlege organ, arbeidsgivar, bankar, forsikringsselskap og private pensjonsordningar. Heimelen her omfattar alle slag opplysningar som verkar inn på retten til supplerande stønad, ikkje berre opplysningar om økonomiske tilhøve. Parallellen i folketrygdlova er § 21-4 første leddet andre punktumet, men i lovforslaget her er sosialtenesta og politiet særskilt nemnde, av di dei vil kunne ha opplysningar som er særs viktige i høve til supplerande stønad. Til dømes vil politikontrollen med innreise på Gardermoen m.m. kunne bli viktig i høve til kontrollen med reglane om supplerande stønad og opphald i utlandet.

Etter tredje leddet kan trygdeetaten påleggje helseinstitusjonar, fengsel og andre institusjonar å gi rutinemessige meldingar om innskriving og utskriving av klientar. Dette tek sikte på ei effektiv implementering av reglane om ytingar under opphald i institusjon (sjå lovforslaget § 12). Tilsvarande regel finn ein i folketrygdlova § 21-4 tredje leddet.

Fjerde leddet seier at dei som vert pålagt å gi opplysningar, skal gjere det utan ugrunna opphald, utan hinder av teieplikt og utan vederlag. Denne regelen er henta frå folketrygdlova § 21-4 andre leddet siste punktumet og same paragrafen fjerde leddet.

Ein viser óg til det som er sagt i punkt 6.

Til § 20

Paragrafen seier at ektemaken til ein stønadstakar har den same plikta til å gi opplysningar om inntekts- eller formuestilhøva sine som stønadstakaren sjølv har etter lovforslaget § 18. Vidare har trygdeetaten heimel til å hente opplysningar om ektemaken i samsvar med lovforslaget § 19. Desse reglane har ikkje nokon parallell i folketrygdlova, men har bakgrunn i at supplerande stønad mellom anna skal prøvast mot inntekt og formue hos ektemaken (som her omfattar sambuar og registrert partnar, sjå merknaden til § 2 andre leddet).

Ein viser óg til det som er sagt i punkt 6.

Til § 21

Etter første leddet kan Rikstrygdeverket fastleggje rutiner for etterprøving og kontroll med mottakarar av supplerande stønad. Dette tilsvarar folketrygdlova § 21-6 tredje punktumet.

Andre leddet gir heimel for departementet til å gi særskilt forskrift om tiltak med sikte på å kontrollere at vilkåra i § 4 er oppfylte eller om ein stønadstakar har hatt opphald i utlandet i strid med reglane. Forskrifta kan bestemme at ein stønadstakar skal møte personleg på trygdekontoret inntil to gonger i året og vise pass eller anna reisedokument. Paragrafen har ikkje nokon parallell i folketrygdlova. Ordninga med å gi ytingar for 12 månader om gongen (lovforslaget § 11 første leddet) og personleg frammøte på trygdekontoret ved søknad om forlenging (lovforslaget § 17) vil redusere behovet for frammøte på andre tidspunkt. Det vil likevel kunne vere grunn til å krevje frammøte i visse situasjonar, og i høve til den avgrensa retten til opphald i utlandet vil personleg frammøte generelt vere tenleg som kontroll.

Ein viser óg til det som er sagt i punkt 6.

Til § 22

Paragrafen bestemmer at vedtak om supplerande stønad kan ankast inn for Trygderetten. Reglane i folketrygdlova § 21-12 om anke og klage skal gjelde tilsvarande så langt dei høver. Forslaget opnar mellom anna for at det vert etablert ein klage- eller ankebehandling i trygdetaten før saka eventuelt kjem opp for Trygderetten.

Ein viser óg til det som er sagt i punkt 8.3.

Til § 23

Paragrafen seier at ei rekkje paragrafar i folketrygdlova om administrasjon og handsaming av saker skal gjelde tilsvarande så langt dei høver.

Ein viser óg til det som er sagt i punkt 8.3.

Til § 24

Etter denne paragrafen skal lova om supplerande stønad ta til å gjelde frå det tidspunktet Kongen bestemmer. Tidspunktet for iverksetjing er avhengig av når den administrative førebuinga i trygdeetaten kan vere sluttført. Vidare er det ein føresetnad for iverksetjinga at Noreg har fått unntak frå eksportplikta etter EØS-avtalen for denne ytinga.

Ein viser óg til det som er sagt i punkt 12.

Til forsida