Ot.prp. nr. 14 (2004-2005)

Om lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn

Minstekravet for å få alderspensjon frå folketrygda er ei butid i Noreg på 3 år mellom fylte 16 og 67 år. For å få full pensjon, må ein ha ei butid på minst 40 år. Med kortare butid vert pensjonen tilsvarande redusert. Dei som kjem hit etter at dei har fylt 67 år, kan ikkje få alderspensjon. På den andre sida kan personar med tilleggspensjon få ytingar på nivå med eller høgare enn minstepensjon, sjølv om tida i Noreg er kortare enn 40 år.

Personar som vert rekna som flyktningar eller statslause etter FN-konvensjonane får full minstepensjon sjølv om dei ikkje fyller butidsvilkåra. Flyktningane får full pensjon utan omsyn til butid berre så lenge dei er busette i Noreg. Dersom dei flyttar til utlandet, vert pensjonen rekna om.

Personar som ikkje har status som flyktningar, og som har lang butid i utlandet i vaksen alder, kan ikkje få full alderspensjon. Dette gjeld personar med opphaldsløyve på humanitært grunnlag og arbeidsinnvandrarar, så vel som nordmenn med lang tid utanfor Noreg. Når personar i desse gruppene vert pensjonistar, vil mange av dei få økonomisk sosialhjelp som supplement til folketrygda. Det vil óg vere ei mindre gruppe som har sosialhjelp som den einaste inntekta (dei som var om lag 67 år då dei kom til Noreg).

Personar frå EØS-landa og frå andre land som vi har trygdeavtale med, er sikra ytingar frå Noreg og frå heimlandet etter reglane i avtalane om trygdekoordinering. I utgangspunktet treng dei ikkje sosialhjelp, men det kan vere einskilde unntak. For eksempel gjeld dette personar som ikkje har vore yrkesaktive og som kjem frå land der trygdeordninga byggjer på yrkesaktivitet.

Dei fleste tilfella med sosialhjelp vil vere innvandrarar frå land i den tredje verda med lite utbygde sikringssystem. Problemet er synleg alt i dag, sjølv om førstegenerasjonsinnvandrarane har ein låg gjennomsnittsalder. Venteleg vil det vere om lag dobbelt så mange som treng sosialhjelp som supplement til trygdeytingar i år 2020.

Behovet for sosialhjelp som pensjonist er eit individuelt behov. Det einaste fellestrekket vil vere at dei har meir enn 11 år i utlandet i yrkesaktiv alder, slik at dei ikkje kan få 40 år i Noreg og oppnå full alderspensjon i folketrygda. Slik sett, er sosialhjelpa tilpassa behovet, både ut frå vilkåra for å få hjelp og ut frå reglane for utmåling.

Økonomisk sosialhjelp er likevel meint som ei mellombels og unntaksvis yting. Når sosialhjelpa må supplere pensjonar frå folketrygda, er dette av langvarig karakter. Mange vil oppleve det som vanskeleg personleg å vere sosialklient over lengre tid. Kommunane får på si side auka utgifter over sosialhjelpsbudsjettet, og vert varsame med å ta imot personar i denne gruppa, som ofte blir verande urimeleg lenge i asylmottak i påvente av busetjing i ein kommune.

I St. meld. nr. 50 for 1998-99 (Utjamningsmeldinga) vart det i punkt 9.6 lagt fram ei skisse til ei ny stønadsordning for dei som får liten eller ingen pensjon frå folketrygda på grunn av kort butid i yrkesaktiv alder. Ytingane skulle vere behovsprøvde og sikre ei samla inntekt på nivå med minstepensjon. Trygdeetaten skulle administrere den nye ordninga.

I Innst. S. nr. 222 for 1999-2000 gikk eit fleirtal i sosialkomiteen inn for å etablere ei slik ordning. Framstegspartiet gikk mot forslaget. Det same gjorde medlema frå Høgre, i det vesentlege av di ein kunne sjå ei slik ordning som uheldig og diskriminerande i høve til personar som faktisk fyller krava om butid. Ein ville difor vurdere alternative løysingar.

Seinare har spørsmålet vore oppe i Stortinget i samband med handsaminga av St.meld. nr. 6 for 2002-2003 (Fattigdomsmeldinga). Stortinget bad Regjeringa leggje fram eit forslag til ei supplerande stønadsordning i løpet av 2003 (Innst. S. nr. 184 for 2002-2003).

I Budsjettinnst. S. nr. 5 for 2003-2004 punkt 4.2.3.1 tok kommunalkomiteen opp saka:

«Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, viser til at Stortinget i samband med handsaminga av Utjamningsmeldinga ga grønt lys for ei supplerande stønadsordning for personar med for kort butid i Noreg til fullt ut å få del i rettane i folketrygda. Fleirtalet viser til at fleire kommunar som følgje av fleire innvandrarar i pensjonsalder har auka utgifter til sosialhjelp. Fleirtalet viser vidare til at fleire kommunar vegrar seg for å busetje flyktningar fordi ei slik stønadsordning ikkje er på plass. Fleirtalet har merka seg at Regjeringa fleire gonger har stadfesta at det vert arbeidd med ei ordning. Fleirtalet meiner det hastar med å få ei ordning på plass og fleirtalet ser fram til at ei sak om dette blir lagt fram for Stortinget.

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet viser til B.innst.S.nr.11 (2003-2004) der desse partia fremjar forslag om ei slik sak innan 1. april 2004.»

Ved handsaminga av Storbymeldinga (St.meld. nr. 31 for 2002-2003) bad kommunalkomiteen om ei snarleg løysing og viste til merknaden i Budsjettinnst. S. nr. 5 (sjå Innst. S. nr. 117 for 2003-2004 punkt 6.2).

Behandlinga av Utjamningsmeldinga og den seinare behandlinga i Stortinget syner at det er brei semje om å løyse problemet med varig mottak av sosialhjelp. Arbeids- og sosialdepartementet har sett på ulike alternative løysingar, mellom anna ei ordning med refusjon til kommunane for sosialhjelp til einskilde grupper, men meiner at ei ny stønadsordning vil vere den beste løysinga. Dette vil sikre den einskilde rett til ytingar, og sosialkontora vert fritekne for eit ansvar som mange ser det som lite rasjonelt og lite prinsipielt at dei skal ha. Venteleg vil óg ei ny stønadsordning auke viljen i kommunane til å ta mot eldre personar frå asylmottaka.

Arbeids- og sosialdepartementet har sett det som vesentleg at ei ny ordning ikkje vert bygd inn i folketrygda. Folketrygda har som prinsipp at alle med den same butida og oppteninga av pensjonspoeng skal ha den same ytinga. Særordninga for flyktningar er det einaste unntaket, og byggjer på ei internasjonalt akseptert og definert gruppe i ein spesiell situasjon. Ei løysing i folketrygda måtte i tilfelle byggje på behovet for supplerande ytingar. Hovudkriteriet måtte bli det same som for økonomisk sosialhjelp, slik at ein kunne unngå å gi ekstra ytingar til personar som slett ikkje treng det (av di dei samla ytingane frå Noreg og utlandet er tilstrekkelege).

Departementet meiner difor at ei betre inntektssikring for dei aktuelle gruppene best kan skje gjennom ei ny stønadsordning med desse hovudtrekka:

  • Personkrinsen skal vere personar som har fylt 67 år.

  • Ytingane skal vere inntektsprøvde og sikre eit minste samla inntektsnivå.

  • Garantinivået skal svare til minstepensjonen i folketrygda.

  • Stønadstakarane må vere busette i Noreg.

  • Trygdeetaten administrerer ordninga.

Eit notat med ei skisse til stønadsordning i tråd med dette vart sendt på høyring ved brev frå Sosialdepartementet 23. april 2004. I høyringsnotatet vart det likevel lagt til grunn at stønadsnivået i ordninga burde vere 90 prosent av minstepensjon i folketrygda. Høyringsfristen vart sett til 31. mai 2004. Den etter måten korte fristen har bakgrunn i at departementet i tråd med det klåre ynskjet frå Stortinget har prioritert å få fram eit lovforslag så snart råd er.

Høyringsnotatet vart sendt til følgjande instansar:

  • Arbeids- og administrasjonsdepartementet

  • Barne- og familiedepartementet

  • Finansdepartementet

  • Justisdepartementet

  • Kommunal- og regionaldepartementet

  • Utenriksdepartementet

  • Rikstrygdeverket

  • Utlendingsdirektoratet

  • Datatilsynet

  • Kommunenes sentralforbund

  • Den norske advokatforening

  • Norges Juristforbund

  • Den norske Dommerforening

  • Likestillingsombudet

  • Juss-Buss, innvandrergruppa

  • Kontaktutvalget mellom innvandrere og myndighetene

  • Senteret mot etnisk diskriminering

  • Flyktningerådet

  • SOS Rasisme

  • Antirasistisk Senter

  • Selvhjelp for innvandrere og flyktninger

  • MIRA Ressurssenter

  • Innvandrernes Landsorganisasjon

  • Landsorganisasjonen i Norge

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

  • Norsk Kommuneforbund

  • Fagforbundet

  • Akademikerne

  • Handels- og servicenæringens hovedorganisasjon

  • Faglig forum for kommunalt flyktningearbeid v/Flyktningekontoret på Voss

  • Kommunalansattes Fellesorganisasjon

  • Bosnia-Hercegovina Forbundet v/Refka Kovac

  • Ressurssenter for pakistanske barn

  • Tamil Development Network v/K. Sivarajah

Det kom svar frå følgjande av desse instansane:

  • Finansdepartementet

  • Justisdepartementet

  • Kommunal- og regionaldepartementet

  • Utenriksdepartementet

  • Rikstrygdeverket

  • Utlendingsdirektoratet

  • Datatilsynet

  • Kommunenes sentralforbund

  • Likestillingsombudet

  • Kontaktutvalget mellom innvandrere og myndighetene

  • Senteret mot etnisk diskriminering

  • Flyktningerådet

  • MIRA Ressurssenter

  • Fagforbundet

  • Landsorganisasjonen i Norge

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

  • Ressurssenter for pakistanske barn

I tillegg har departementet fått synspunkt frå Arbeidernes Kommunistparti. Bosnia-Hercegovina Forbundet har kome med synspunkt over telefon, som er innarbeidde på dei relevante punkta i framstillinga.

Næringslivets Hovedorganisasjon har ikkje merknader til høyringsnotatet. Fagforbundet sluttar seg til forslaget om ei ny supplerande stønadsordning utan nærare kommentarar.

Alle høyringssvara støttar prinsippet om ei eiga stønadsordning til dekning av stønadsbehovet for personar som ikkje har fullgode pensjonar korkje frå Noreg eller utlandet. Det er likevel mange forslag til endring eller utviding av ordninga. Synspunkta frå høyringsinstansane er tekne inn på dei ulike punkta i forslaget til ny stønadsordning.

Landsorganisasjonen i Norge finn ikkje å kunne vere med i ei høyring «som ikke gir mulighet for en forsvarlig behandling». Med dette vert det sikta til den korte høyringsfristen.

Nokre av høyringsinstansane reiser spørsmålet om forslaget til ny stønadsordning på ulike vis er diskriminerande for innvandrarar. Synspunktet er at nordmenn blir behandla etter reglane i folketrygda, medan innvandrarane får dei strengare reglane i den nye stønadsordninga. Arbeidernes Kommunistparti tek dette opp mellom annna i høve til stønadsnivået i den nye ordninga, medan Senter mot etnisk diskriminering reiser spørsmålet når det gjeld tilgangen til ytingar i utlandet og definisjonen av sambuarskap (senteret reiser spørsmål om forslaga på desse punkta kan stride mot Menneskerettskonvensjonen artiklane 8 og 14 - retten til eit familieliv og forbodet mot diskriminering). Kontaktutvalget mellom innvandrere og myndighetene gjer gjeldande tilsvarande synspunkt.

Arbeids- og sosialdepartementet konstaterer at det ikkje er nokon som kjem dårlegare ut etter innføringa av ei supplerande stønadsordning. Den supplerande ordninga må vurderast for seg, slik ein óg må gjere med folketrygda. Det kan ikkje vere diskriminering at det gjeld ulike reglar i dei to ordningane, der folketrygda byggjer på oppteningskrav og den andre ordninga byggjer på eit individuelt behov for ytingar. Det er heller ikkje slik at innvandrarar er stengde ute frå folketrygda, tvert om vil det store fleirtalet i Noreg få heile eller mesteparten av den norske ytinga si derifrå. Samanlikna med økonomisk sosialhjelp, vil den nye stønadsordninga innebere viktige føremoner. Ytingane får eit sterkare preg av rettskrav, og stønadstakarane kan i større grad få ytingar i utlandet enn når det gjeld sosialhjelp. Dette inneber til dømes betre sjansar til å utøve retten til eit familieliv etter Menneskerettskonvensjonen artikkel 8. Departementet finn for sitt vedkomande at det ikkje er tilstrekkeleg grunn til å gå nærare inn på spørsmålet om diskriminering.

Til forsida