Ot.prp. nr. 14 (2004-2005)

Om lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg

Til innhaldsliste

5 Gjennomføringa av behovsprøvinga

5.1 Innleiing

Sett i høve til målgruppa for ei supplerande stønadsordning, er det klårt at behovsprøving av denne ytinga i det vesentlege vil innebere inntektsprøving. Ein kan ikkje vente at personar i denne gruppa vil ha særleg formue. Ordninga bør likevel opne for å ta omsyn til dette dersom einskilde likevel skulle ha formue av ein viss storleik.

Hovudpunktet ved utforminga av ein ny stønadsordning vert likevel reglane for inntektsprøving. Behovet for supplerande stønad er som tidlegare nemnd individuelt, og ytingane bør avkortast i samsvar med den samla inntekta hos stønadstakaren. Samstundes er det viktig at arbeidet for trygdeetaten vert minst mogleg.

5.2 Høyringsnotatet

I høyringsnotatet gikk departementet inn for at ein ved inntektsprøvinga tek omsyn til eit så vidt spekter av inntekter som mogleg - arbeidsinntekt, pensjonsinntekt og kapitalinntekt. Norske og utanlandske inntekter vert behandla likt. Ein burde ta omsyn til inntekta hos ektemaken, sambuaren eller den registrerte partnaren, derimot ikkje inntekta til barn (bortsett frå at inntekta til barnet kan vere så høg at det ikkje vert gitt tillegg til stønaden for forsørging av barnet). Prøvinga skulle skje ved at dei inntektene som inngår, går til frådrag i det garanterte stønadsnivået krone for krone utan noko fribeløp.

Høyringsnotatet opna for å ta omsyn til formue ved vurderinga av om ein skal gi supplerande stønad (men ikkje formue i form av bustad eller anna til dagleg bruk for stønadstakaren). Ein la til grunn at avgjerda inntil vidare burde vere basert på skjønn.

Den konkrete gjennomføringa av inntektsprøvinga vart ikkje pensla ut i høyringsnotatet.

5.3 Høyringsinstansane

Dei fleste høyringsinstansane har ikkje særskilte merknader til kva slag inntekter som bør gå inn i prøvinga, men gir ei generell tilslutning til ordninga slik ho vart skissert i høyringsnotatet. Einskilde instansar hadde likevel forslag til endringar:

Senter mot etnisk diskriminering meiner at supplerande stønada klårt må framstå som ei trygdeyting, ikkje som sosialhjelp. Dette medfører mellom anna at ytinga ikkje bør vere prøvd mot formue.

Likestillingsombudet er skeptisk til at inntekta til eventuell ektemake eller sambuar skal gå inn i grunnlaget for inntektsprøving av stønaden. Ombudet meiner at dette inneber at kvinnene i denne persongruppa vil halde fram å vere økonomisk avhengige av mennene, slik situasjonen ofte er i heimlandet.

Arbeidernes kommunistparti (AKP) vil ha ein minstepensjon til alle utan behovsprøving, og peikar på at dette vil spare ressursar til kontroll og handsaming av sakene. Det er uheldig å gjere stønaden behovsprøvd. Mellom anna vert det vist til at dei som har tent opp ein liten tenestepensjon og betalt premie, ikkje vil ha noka føremon av dette når tenestepensjonen går til frådrag i den supplerande stønaden.

MiRA-senteret deler synspunktet til AKP på dette.

Utlendingsdirektoratet reiser spørsmål om å etablere eit fribeløp i høve til den praktiske gjennomføringa av prøving mot formue.

5.4 Vurdering

5.4.1 Inntektsgrunnlaget ved prøvinga

I samsvar med forslaget i høyringsnotatet, meiner departementet at inntektsprøvinga i utgangspunktet bør omfatte alle former for inntekt som personen har - pensjonsinntekter (offentlege eller private), arbeidsinntekt og kapitalinntekter. Norske og utanlandske inntekter vert behandla på same måten.

Kapitalinntekter er i utgangspunktet vanskelege å ta omsyn til reint administrativt, av di dei kan variere mykje frå periode til periode. Dei må likevel vere med dersom prøvinga skal gi eit rimeleg resultat. Til dømes kan ein tenkje seg at ein person i utlandet har hatt valet mellom å vere med i ei pensjonsordning og å sikre seg privat, eventuelt gjennom vanleg sparing. Dette valet bør ikkje vere avgjerande for om ein skal kunne få supplerande ytingar.

I ei ordning av den aktuelle typen må ein etter departementet sitt syn ta med inntekta til ektemake, sambuar eller registrert partnar. «Sambuar» vil omfatte alle tilfelle der to personar lever saman som ektefolk, sjå punkt 4.3.4. Dersom det er aktuelt med tillegg for forsørgde barn, får ein spørsmålet om den eventuelle inntekta til barnet skal inngå. Barnetillegg vert berre gitt dersom barnet ikkje har ei høgare inntekt enn eitt grunnbeløp, sjå punkt 4.3.3. Ut frå dette, og ut frå at det generelt er viktig å sikre levekåra for barna, meiner departementet at ein bør kunne sjå bort frå barnet si inntekt ved prøvinga.

5.4.2 Gjennomføringa av prøvinga

Departementet foreslår at inntekter som inngår ved prøvinga, skal gå til frådrag i full supplerande stønad krone for krone. Det synest ikkje aktuelt med fribeløp eller eventuelt å ta omsyn berre til ein prosentdel av inntektene. Prøvinga av supplerande stønad vert på den måten meir lik utmålinga av sosialhjelp enn inntektsprøvinga av ytingar i folketrygda, som til dømes prøvinga av alderspensjon mot arbeidsinntekt mellom fylte 67 og 70 år. Dette er etter departementet sitt syn i samsvar med målet om å gi ei garantert samla minsteinntekt.

Når begge ektemakane har fylt 67 år og begge kan få supplerande stønad, skal ytinga til kvar av ektemakane prøvast for seg. Inntekta hos den eine av ektemakane bør då berre takast med ved prøvinga av ytingane til den andre i den mon inntekta er høgare enn full supplerande stønad etter lovutkastet § 5 første leddet bokstav c. Dersom begge ektemakane har lågare inntekt enn full supplerande stønad, kan reglane ikkje vere slik at begge får frådrag i stønaden for den samla inntekta til begge, dvs. frådrag to gonger for den same inntekta.

Når det gjeld inntektsprøvinga av forsørgingstillegg i folketrygda og prøvinga av alderspensjon mot arbeidsinntekt mellom fylte 67 og 70 år, meiner departementet at det ikkje er grunn til særskilde tilpassingar i høve til den supplerande stønadsordninga. Ytingane frå folketrygda vil gå inn i inntektsprøvinga av supplerande stønad med det beløp dei utgjer etter inntektsprøvinga i folketrygda, og dei inntektene som eventuelt har ført til reduksjon av ytingane i folketrygda vil gå inn med det beløp dei faktisk utgjer.

Supplerande stønad vert berre gitt dersom full supplerande stønad utgjer eit høgare beløp enn inntektene som skal inngå ved prøvinga, og stønaden skal då setjast lik differansen mellom den fulle ytinga og inntektene til stønadstakaren. Ein einsleg stønadstakar kan til dømes få supplerande stønad med inntil 105 407 kroner i året (grunnbeløpet = 58 778 kroner). Med ei årleg inntekt på 35 000 kroner vert den supplerande stønaden 70 407 kroner per år (105 407 - 35 000). Gjennomføringa i praksis reiser ikkje vanskelege spørsmål.

5.4.3 Prøving mot formue

Høyringsnotatet opna for å ta omsyn til formue ved vurderinga av om ein skal gi supplerande stønad, men ikkje formue i form av bustad eller anna til dagleg bruk for stønadstakaren. Ein la til grunn at avgjerda inntil vidare burde vere basert på skjønn.

Det kom få merknader frå høyringsinstansane til spørsmålet om å prøve retten til stønad mot formue, sjå punkt 5.3.

Departementet foreslår at den nye lova skal gi heimel til prøving mot formue. Dette må som nemnd i høyringsnotatet ikkje gjelde formue i form av ordinær bustad eller andre ting til dagleg bruk for stønadstakaren, men tilfelle med formue klårt utanfor det vanlege. Departementet finn det vanskeleg å definere dette nærare, men vil sjå om røynslene i praksis kan gi grunnlag for ei utfylling av reglane.

I tilfella der det vert lagt vekt på formue, vil resultatet bli at søknaden om supplerande stønad vert avslått. Vedkomande vil kunne kome attende med ein ny søknad dersom tilhøva på dette punktet endrar seg.

5.5 Forslag

Departementet foreslår:

  • Alle former for inntekt skal inngå ved inntektsprøvinga av supplerande stønad, pensjonsinntekt, kapitalinntekt og arbeidsinntekt, norske inntekter så vel som inntekter frå utlandet. Inntekt hos ektemake, sambuar eller registert partnar inngår i prøvinga.

  • Ytingane til ektemakar som begge har fylt 67 år, vert inntektsprøvde for seg. Dersom ein av ektemakane har ei høgare inntekt enn full supplerande stønad , skal den overskytande delen av inntekta takast med ved prøvinga av ytingane til den andre ektemaken.

  • Inntekt som inngår i prøvinga skal gå til frådrag i stønaden krone for krone.

  • Supplerande stønad skal utgjere eventuell positiv differanse mellom full supplerande stønad og inntektene som inngår i prøvinga.

  • Supplerande stønad vert prøvd mot formue, men ikkje vanleg bolig eller andre vanlege ting til dagleg bruk for stønadstakaren. Departementet får heimel til å gi forskrift til utfylling av lova.

Departementet viser til §§ 6, 7 og 8 i lovforslaget og til merknadene til desse paragrafane.

Til forsida