Ot.prp. nr. 14 (2004-2005)

Om lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg

Til innhaldsliste

7 Låge stønadsbeløp, justering og utbetaling av ytingar mv.

7.1 Låge stønadsbeløp

7.1.1 Høyringsnotatet

I høyringsnotatet vart det peika på at den supplerande stønaden vil utgjere differansen mellom eit garantibeløp og dei inntektene som skal inngå ved prøvinga. I nokre tilfelle vil ytingane frå den supplerande ordninga bli svært små. Dei administrative kostnadene ved handsaminga av saka og ved utbetalinga av ytingane vil kunne bli høgare enn stønaden. Departementet gikk inn for at retten til supplerande stønad burde falle bort dersom dei månadlege stønadsbeløpa vert svært låge, dvs. mellom kr 100 og kr 300 per månad.

7.1.2 Høyringsinstansane

Dei fleste høyringsinstansane let vere å ta opp dette spørsmålet.

Rikstrygdeverket er samd i at ytingar ikkje vert gitt i tilfelle med svært små månadlege ytingar, men meiner likevel at grensa ikkje bør setjast for høgt. Rikstrygdeverket meiner vidare at grensa bør utgjere ein viss prosent av supplerande stønad, slik at ein får ei automatisk regulering av minstebeløpet. Det vert foreslått å sette grensa til 2 prosent av supplerande stønad for ein einsleg stønadstakar.

7.1.3 Vurdering

Arbeids- og sosialdepartementet meiner at det bør fastsetjast ei beløpsgrense, slik at den supplerande stønaden berre vert gitt dersom stønadsbeløpet vert minst så høgt som dette beløpet. Kostnadene ved å administrere ei sak og ved utbetalinga av ytingar talar for dette. Sett på bakgrunn av målet med den nye lova, bør minstebeløpet ikkje vere for høgt. Departementet meiner óg at det vil vere ei føremon å få ei beløpsgrense som ikkje må regulerast særskilt (sjå forslaget frå Rikstrygdeverket).

Etter ei samla vurdering vil departementet foreslå at supplerande stønad ikkje vert utbetalt dersom stønaden er lågare enn to prosent av full supplerande stønad etter lovforslaget § 5 første leddet bokstav a (nivået for einslege stønadstakarar) utan tillegg for forsørgde barn. Med eit grunnbeløp på 58 778 kroner vert grensa 2 108 kroner per år og 176 kroner per månad.

Ein viser til lovforslaget § 9 og merknadene til denne paragrafen.

7.2 Justering av fastsett stønad

7.2.1 Høyringsnotatet

I høyringsnotatet vart det peika på at den nye lova må ha reglar om kva som skal skje når inntektene endrar seg over tid. Departementet la til grunn at det bør vere romslege krav til storleiken på endringane før den supplerande stønaden vert vurdert på nytt, og ein gikk difor inn for at ein berre skulle ta omsyn til inntektsendringar som gir ei endring av stønaden på minst 15 prosent.

7.2.2 Høyringsinstansane

Det var få kommentarar til dette frå høyringsinstansane, men det vart reist spørsmål om ikkje terskelen for endringar burde vere lågare.

7.2.3 Vurdering

Grensa for endring av stønaden ved inntektsendringar vert avgjerande for når stønaden skal setjast opp eller ned. Det er viktig, slik det vart framheva i høyringsnotatet, at ein ikkje får for mange endringssaker, men dette må vurderast i høve til utslaga for stønadstakarane. Det vil generelt heller ikkje vere heldig at ytingane er høgare eller lågare enn den faktiske inntekta skulle føre til. Etter ei ny vurdering foreslår departementet at inntektsendringar skal føre til endringar i stønaden når stønaden som følgje av dette vil gå opp eller ned med minst 10 prosent. Dette tilsvarar grensa i praksis i folketrygda.

Det er óg andre tilhøve som vil kunne føre til endringar i stønaden, til dømes endringar i sambuarskap eller at eit forsørgt barn fyller 18 år. Departementet foreslår difor at lova får ei generell utforming.

Ein viser til lovforslaget § 10 og merknadene til denne paragrafen

7.3 Reglar for utbetaling og etterbetaling

7.3.1 Høyringsnotatet

Høyringsnotatet viste i hovudsak til reglane i folketrygda om start og stans av ytingar, og la til grunn at desse reglane enten kunne takast inn i den nye lova eller gjelde tilsvarande ved at den nye lova viser til dei.

I høyringsnotatet vart det likevel foreslått at hovudregelen for etterbetalingar i folketrygda skulle leggjast til grunn for etterbetaling av supplerande stønad, slik at stønad vert gitt for inntil tre månader før den månaden då søknaden om ytingar kom til trygdekontoret. Ein gikk inn for at dette skulle vere ei absolutt grense for etterbetaling, slik at ein i motsetnad til i folketrygda ikkje supplerer med reglar om etterbetaling i lengre periodar når søknaden kjem for seint på grunn av feilinformasjon i trygdeetaten mv. Etter høyringsnotatet burde lova heller ikkje opne for utvida etterbetaling i form av krav om erstatning etter lova om skadebot.

7.3.2 Høyringsinstansane

Spørsmålet vart i liten grad kommentert av høyringsinstansane.

Bosnia-Hercegovina Forbundet meiner at ein bør kunne gi etterbetaling i tre år når manglande ytingar har si årsak i feil hos det offentlege.

Senter mot etnisk diskriminering meiner at reglane om etterbetaling bør vere dei same som i folketrygda, og finn at forslaget i høyringsnotatet liknar for mykje på reglane om økonomisk sosialhjelp.

7.3.3 Vurdering

Departementet vil peike på at ytingane frå ei supplerande stønadsordning skal dekkje dei daglege behova til stønadstakaren. Ytinga er meint å erstatte, heilt eller delvis, behovet for økonomisk sosialhjelp i den aktuelle gruppa, og stønadstakarane vil normalt ha vore klientar på sosialkontoret i perioden som det vil vere aktuelt å gi etterbetaling av ytingar for. Det vil ikkje vere tenleg å leggje opp til etterbetaling for lange periodar. Arbeids- og sosialdepartementet meiner at ein bør kunne leggje til grunn hovudregelen i folketrygdlova § 22-13 tredje leddet om etterbetaling i tre månader. Regelen gjeld for dei fleste av ytingane frå folketrygda, til dømes for uførepensjon.

Av dei same grunnane meiner departementet at det heller ikkje er aktuelt å opne for utvida etterbetaling av supplerande stønad når feil på trygdekontoret er årsaka til at ytinga ikkje er gitt tidlegare. Den supplerande stønaden bør berre ha verknad framover i tid, og bør på dette punktet likne sosialhjelpa. I tråd med forslaget i høyringsnotatet bør ein óg avskjere krav om kompensasjon på erstatningsrettsleg grunnlag for stønad ein ikkje har fått på grunn av grensa for etterbetaling. Tilsvarande bør ein - i tråd med ordninga i folketrygda (sjå folketrygdlova § 22-17) - heller ikkje gi renter ved etterbetaling eller erstatning for rentetapet på erstatningsrettsleg grunnlag. Ei sak om supplerande stønad vil kunne ta relativt lang tid dersom det er problem med dokumentasjonen av inntekter mv., og spørsmålet om renter vil kunne reise seg i slike tilfelle. Det vil likevel sjelden dreie seg om renter for lengre tid enn nokre månader.

Departementet foreslår at supplerande stønad berre vert gitt i inntil tre månader før den kalendermånaden då søknaden om stønad vart sett fram. Det skal heller ikkje vere opning for å krevje kompensasjon for tapte terminar etter lova om skadebot eller etter alminnelege erstatningsrettslege reglar. Tilsvarande skal ein ikkje gi renter eller eventuell erstatning for rentetap.

Departementet foreslår i tillegg at det vert gitt reglar om utbetaling av ytingar mv. i tråd med reglane for månadsvise ytingar i folketrygda. Det synest å vere den beste løysinga å ta desse reglane inn i den nye lova framfor å vise til paragrafane i folketrygdlova. Mellom anna vil då tilpassingar til dennye stønadsordninga kunne gå fram på ein betre måte.

Stønadstakaren vil ofte ha hatt økonomisk sosialhjelp i heile eller delar av perioden som ei etterbetaling av supplerande stønad refererer seg til. Det er her behov for ei samordning, ettersom det ikkje er meininga at stønadstakaren skal ha begge stønadene fullt ut. Departementet finn at den enklaste løysinga vil vere at trygdeetaten av eige tiltak gjer frådrag i den supplerande stønaden for sosialhjelp som er gitt i etterbetalingsperioden. Dette inneber at trygdekontoret alltid må undersøke med sosialkontoret i kva mon stønadstakaren har hatt sosialhjelp. Resultatet av frådraget kan eventuelt bli at det ikkje vert nokon supplerande stønad å etterbetale. Supplerande stønad som vert halden attende på denne måten, skal trygdekontoret overføre til sosialtenesta som refusjon dersom sosialtenesta har krav på dette etter sosialtenestelova.

I punkt 6.3 vart det foreslått at supplerande stønad vert gitt for ein periode på 12 månader om gongen. I lovforslaget vert dette innarbeidd i tilknytning til reglane om utbetaling og etterbetaling, som forslaget om ein avgrensa stønadsperiode høyrer nært saman med. Reglane om etterbetaling vil normalt berre verke inn den første gongen ein søkjer om stønad, men vil kunne ha verknad i andre tilfelle óg. Til dømes kan det vere at ein person somlar med å søkje om forlenga ytingar. Det er difor behov for ei generell regulering.

Ein viser til § 11 i lovforslaget og merknadene til denne paragrafen.

Til forsida