Ot.prp. nr. 14 (2007-2008)

Om lov om endringar i lov 28. august 1992 nr. 103 om pengespill m.v. (særskild tildeling av overskot frå Norsk Tipping)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovforslaget

Den 17. juni 2003 vedtok Stortinget forslaga i Ot.prp. nr. 44 (2002-2003) Om lov om endringer i pengespill- og lotterilovgivningen. Lovvedtaket innebar m.a. at dei tidlegare gevinstautomatane som har vore oppstilte til inntekt for samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar, vart forbode frå 1. juli 2007, og at organisasjonane sine inntekter frå slike automatar med det fall bort.

For å sikre organisasjonane inntekter etter at dei tidsavgrensa oppstillingsløyva til gevinstautomatane var gått ut, fastsette Stortinget i 2003 at organisasjonane skulle få del i det ordinære overskotet frå Norsk Tipping gjennom nye reglar om fordeling av overskotet frå selskapet (ny tippenøkkel). Den nye tippenøkkelen i pengespellova § 10 tek til å gjelde frå 1. januar 2009 når Norsk Tipping har fått etablert nye og meir moderate pengespel til erstatning for dei forbodne gevinstautomatane.

I St.meld. nr. 39 (2006-2007) Frivillighet for alle punkt 25.7 gjekk regjeringa inn for følgjande for iverksetjing av tippenøkkelen:

«Regjeringen legger opp til at den nye tippenøkkelen vil bli innført fra 1. januar 2009 og bli lagt til grunn ved fordelingen til formålene i 2009.

I perioden 1/7-07 til 31/12-08 har de samfunnsnyttige og humanitære organisasjonene som hadde automatinntekter, verken inntekter fra automater eller fra Norsk Tipping. For å sikre organisasjonene inntekter også i 2008, samt opprettholde inntektsnivået til de eksisterende overskuddsmottakerne, tas det sikte på dele ut 1 milliard kroner ekstra i årene 2008 og 2009. Av dette beløpet vil om lag 350 mill kroner bli utbetalt i 2008 til de organisasjonene som hadde automatinntekter i 2001, mens om lag 650 mill kroner vil bli utbetalt organisasjonene i 2009. I tillegg vil det i 2008, utover beløpet på 350 mill kroner, bli tilført organisasjonene et beløp som skal tilsvare veksten fra 2006 til 2007 i det ordinære spilleoverskuddet til utdeling fra Norsk Tipping. Basert på foreliggende overskuddsprognoser vil dette utgjøre et beløp i størrelsesorden 150 mill kroner. Dette innebærer at samlet utbetaling i 2008 til de organisasjonene som tidligere hadde automatinntekter vil utgjøre et beløp i størrelsesorden 500 mill kroner. Fordelingen vil bli foretatt i samsvar med de retningslinjer som ble trukket opp i Ot.prp.nr. 44 (2002–2003), med en relativ fordeling organisasjonene imellom som ligger til grunn i den nye tippenøkkelen. Departementet vil fremme nødvendige lovendringer for å gjennomføre dette.»

Dei retningsliner som vart trekte opp i Ot.prp. nr. 44 (2002-2003), innebar mellom anna at dei organisasjonane som i 2002 hadde inntekter frå gevinstautomatar, skulle sikrast noko kompensasjon for inntektsbortfallet i perioden mellom avviklinga av automatane og iverksetjinga av ny tippenøkkel. Kompensasjonen i overgangsperioden skulle dekkjast inn ved mellombels disponering av Norsk Tipping sitt fond. Ot.prp. nr. 44 (2002-2003) inneheld ingen føresetnad om at storleiken på beløpet som skal delast ut, skal vere avhengig av veksten frå 2006 og 2007 i Norsk Tipping, slik det no er gjort framlegg om i St.meld. nr. 39 (2006-2007) punkt 25.7 og St.prp. nr. 1 (2007-2008) for Kultur- og kyrkjedepartementet side 36. Proposisjonen her gjer derfor framlegg om at det i pengespellova § 10 blir teke inn ein mellombels heimel for slik tildeling.

Lovforslaget blir lagt fram for å sikre at fordelinga av Norsk Tipping sitt overskot i 2008 kan skje slik det er lagt opp til i St.meld. nr. 39 (2006-2007) og St.prp. nr. 1 (2007-2008) for Kultur- og kyrkje­departementet. Departementet har derfor ikkje funne grunn til å sende forslaget på høyring.