Ot.prp. nr. 15 (2005-2006)

Om lov om oppheving av lausgjengarlova og om endringar i straffelova o.a. (eige straffebod mot vald i nære relasjonar o.a.)

Til innhaldsliste

2 Endringar i gjeldande og ny straffelov

2.1 Oversyn

Ein alminneleg del i den nye straffelova blei vedteken ved lov 20. mai 2005 nr. 28. Den gjeldande straffelova (lov 22. mai 1902 nr. 10) blei samstundes endra på nokre punkt. Departementet har vorte merksam på at det er naudsynt med ytterlegare endringar i føresegnene om tap av rettar og samfunnsstraff i den gjeldande straffelova §§ 15, 16 og 28 a for å føre vidare høvet til å kombinere tap av rettar med andre straffer, og høvet til å kombinere samfunnsstraff og bot. Endringane bør gjerast før dei endringane som allereie er vedtekne i den gjeldande straffelova tek til å gjelde, jf. nærmare nedanfor i punkt 2.2 og 2.3.

Det er ikkje naudsynt å endre den nye straffelova på motsvarande vis. For kvar reaksjon er det her uttrykkjeleg nemnt kva for andre reaksjonar han kan bli kombinert med.

I den alminnelege delen i den nye straffelova § 5 har det som følgje av ei tilføying i første ledd blitt ein tilvisingsfeil i tredje ledd. Departementet foreslår at dette blir retta opp, jf. punkt 2.4.

2.2 Tap av rettar etter straffelova 1902

Ifølgje straffelova 1902 § 15 tredje ledd første punktum og § 16 kan tap av rettar i dag alltid bli kombinert med – dvs. bli pålagt i tillegg til – andre straffer. Høvet blir særleg nytta i saker der det er naudsynt etter lova § 29 å døme nokon til tap av retten til ei stilling eller til å drive ei særskild verksemd, slik tilfellet ofte er i saker om seksuallovbrot, økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet.

Reglane om straff i form av tap av rettar i den nye straffelova skil seg mykje frå gjeldande rett. Forbetringane var av ein slik art at det var ynskjeleg å endre den gjeldande straffelova på same vis, slik at endringane kan ta til å gjelde før den nye lova. Desse endringane går fram av § 102 nr. 1 i den nye straffelova.

Dei inneber i hovudsak at:

  • Somme former for tap av rettar blir oppheva

  • Tap av rettar i form av retten til å drive verksemd (§ 29) og forbudet mot å opphalde seg på visse stader (§ 33) blir utvida

  • Skiljet mellom hovudstraff og tilleggsstraff blir oppheva, og tap av rettar blir gjort til hovudstraff

Innpassinga av desse endringane i den gjeldande straffelova gjer det naudsynt med ytterlegare endringar. Etter straffelova 1902 må ein kombinasjon av hovudstraffer ha særskild heimel. Slike heimlar er anten tekne inn i den alminnelege delen av lova, jf. straffelova § 26 a, eller i det einskilde straffebodet, jf. til dømes § 271 om grovt bedrageri. Då straffelova 1902 § 15 blei endra for å gjere tap av rettar til hovudstraff, blei ikkje § 15 tredje ledd, som gjev heimel for å kombinere tap av rettar med annan straff, ført vidare. Ei slik vidareføring bør bli vedteken før endringane i den gjeldande straffelova tek til å gjelde.

Høvet til å kombinere tap av rettar med andre straffer blir sikra dersom heile tredje ledd i straffelova 1902 § 15 slik føresegna lyder før lovendringane tek til å gjelde, blir teken inn i femte ledd i dei to attverande føresegnene om tap av rettar i § 29 og § 33 i straffelova 1902 slik dei vil lyde etter lovendringane 20. mai 2005 nr. 28. Femte ledd i desse føresegnene vil då lyde:

«Rettighetstapet etter bestemmelsen her kan idømmes ved siden av eller istedenfor annen straff, men kan bare ilegges som eneste straff hvis det ikke er fastsatt en minstestraff på fengsel i 1 år eller mer for handlingen.»

Framlegget gjev både ein heimel til å kombinere tap av rettar med andre straffer og ein klår heimel til og avgrensing av høvet til å nytte tap av rettar som einaste reaksjon.

2.3 Samfunnsstraff etter straffelova 1902

På liknande måte som for tap av rettar (sjå punkt 2.2) har den nye straffelova òg reglar om samfunnsstraff som ein ynskte å gjennomføre i straffelova 1902. På same vis er det naudsynt å endre den gjeldande straffelova ytterlegare for å føre vidare høvet til å kombinere samfunnsstraff med bot.

Fengsel, samfunnsstraff og bøter er etter straffelova 1902 hovudstraffer, jf. § 15. Som nemnt ovanfor, kan hovudstraffer etter gjeldande rett ikkje bli kombinerte utan ein uttrykkjeleg heimel i den alminnelege delen eller i det einskilde straffebodet.

Då straffelova 1902 blei endra i samband med vedtaket av ei ny straffelov, blei følgjande «kombinasjonsføresegn» teken inn i § 28 a sjette ledd:

«Når særlige grunner tilsier det, kan ubetinget fengselsstraff på inntil 30 dager idømmes sammen med samfunnsstraffen.»

Det er naudsynt med ytterlegare tilpassingar av den gjeldande straffelova for å halde fast dei høva til å kombinere samfunnsstraff med andre reaksjonar som vi har i dag, og som òg vil vere der når straffelova 2005 tek til å gjelde.

Høvet til å kombinere samfunnsstraff med bøter er ikkje brukt i stor mon i dag (sjå Ot.prp. nr. 90 (2003-2004) side 298), men høvet bør førast vidare. Departementet foreslår difor at § 28 a i straffelova 1902 får eit nytt sjette ledd med slik ordlyd:

«Sammen med samfunnsstraff kan det idømmes

  1. bot, selv om bøter ellers ikke er fastsatt som straff for lovovertredelsen, eller

  2. ubetinget fengselsstraff på inntil 30 dager når særlige grunner tilsier det.»

Saman med dei endringane som departementet foreslår i § 29 femte ledd og § 33 femte ledd, jf. punkt 2 over, vil ein slik ordlyd gje det same høvet til kombinasjon som vi har i dag, og som vil bli ført vidare når straffelova 2005 § 51 tek til å gjelde.

2.4 Stadleg virkeområde etter straffelova 2005

I Innst. O. nr. 72 (2004-2005) om lov om straff side 42 gjekk justiskomiteen inn for at den norske straffelovgjevinga skal kunne gjelde mot straffbare handlingar som er brot på krigen sin folkerett sjølv om dei ikkje er straffbare i den staten dei er gjorde. I samsvar med dette fekk straffelova 2005 § 5 første ledd eit nytt nr. 3. Ein oversåg då at det òg måtte gjerast ei endring i § 5 tredje ledd som viser til første ledd.

Departementet legg til grunn at brot på krigen sin folkerett skal kunne bli forfølgde i Noreg jamvel når dei er gjorde av «utlending i utlandet», og at det nye nr. 3 difor skal vere med i oppregninga i tredje ledd. På denne bakgrunn foreslår departementet at føresegna får følgjande ordlyd:

«Første ledd nr. 1, 2, 3, 6 og 7 gjelder tilsvarende for handlinger foretatt av andre personer enn dem som omfattes av første og annet ledd, når personen oppholder seg i Norge, og handlingen har en lengstestraff på fengsel i mer enn 1 år.»