Ot.prp. nr. 16 (2007-2008)

Om lov om endringar i burettslagslova, eigarseksjonslova og avhendingslova

Til innhaldsliste

8 Merknader til dei enkelte paragrafane

8.1 Merknader til endringar av burettslagslova

Til § 1-4

Føresegna inneheld forbod mot å stifte nye bustadaksjeselskap. Det blir no i nytt andre punktum presisert at aksjeselskap eller allmennaksjeselskap heller ikkje kan endre formål eller eigarstruktur i selskapet slik at selskapet blir eit bustadaksjeselskap. Forbodet omfattar både varig omdanning til bustadaksjeselskap og mellombels omdanning til bustadaksjeselskap med sikte på vidare omdanning til annan organisasjonsmodell, til dømes burettslag. Departementet viser elles til den generelle omtalen av føresegna under punkt fem.

Til § 2-13

Rettsvern for rettar i burettslagsandelar oppnår ein ved å registrere retten i grunnboka, jf. burettslagslova § 6-1.

Ved nybygging av større byggjeprosjekt kan burettslagsbustadene bli innflyttingsklare til ulik tid. Utbyggjaren vil vanlegvis behalde eigedomsretten til burettslagsandelane så lenge som råd er, fordi det sikrar han best kontroll med byggjeprosjektet. Det kan avtalast at ein forbrukar som inngår avtale om å kjøpe ein burettslagsandel, får rett til å flytte inn i den nyoppførte bustaden før han overtek han. Forbrukaren får då ein burett. Før innflytting skal buretten til forbrukaren registrerast i grunnboka. Frå tidspunktet for registreringa kan buretten seljast og pantsetjast. Pant vil då vere registrert som eit hefte i buretten. Seinast eitt år etter første innflytting i burettslaget skal utbyggjaren overføre andelane til forbrukarane. Andelane skal samtidig erstatte dei registrerte burettane som registreringsobjekt i grunnboka.

I nytt fjerde ledd blir det slått fast at registerte rettar i buretten blir overførte til andelen frå det tidspunktet forbrukaren blir registrert som andelseigar. Registerføraren skal overføre på eige initiativ. Registrerte rettar i buretten beheld prioriteten sin også etter at andelen har erstatta buretten som registreringsobjekt. Lova opnar òg for andre løysingar, men då må det følgje av særskild avtale. Departementet viser elles til den generelle omtalen av føresegna under punkt seks.

Til § 4-6

Det kan avtalast at overdragaren skal betale eit vederlag til burettslaget eller burettslaget sin representant, til dømes eit bustadbyggjelag, for arbeidet med eigarskifte av burettslagsandel. Nytt andre punktum inneheld ei avgrensing i avtalefridommen med omsyn til kven som skal betale eit slikt vederlag. Det er overdragaren som skal betale vederlaget, og det kan ikkje avtalast at andre skal bere denne kostnaden. Det inneber mellom anna at avhendaren og kjøparen ikkje kan inngå avtale om at sistnemnde skal dekkje eigarskiftegebyret. Dette blir òg presisert i avhendingslova § 1-2 andre ledd andre punktum og § 2-6 første ledd tredje punktum. Departementet viser elles til den generelle omtalen av føresegna under punkt fire.

Til § 4-12

Det kan vedtektsfestast ei ordning med forkjøpsrett ved overdraging av andel i burettslag. Andelseigarane kan sjølve bestemme kven som skal ha forkjøpsrett, men det går fram av § 4-12 første ledd at forkjøpsrett ikkje kan gjerast gjeldande ved overdraging til visse personar som står overdragaren nær. I nytt andre ledd blir det slått fast at forkjøpsrett heller ikkje kan gjerast gjeldande ved overføring frå kommune til leigar av den bustaden som andelen er tilknytt. Forkjøpsretten kan heller ikkje gjerast gjeldande ved overdraging frå andre juridiske personar som nemnt i § 4-2 første ledd til den som leiger bustaden som andelen er tilknytt. Departementet viser elles til den generelle omtalen av føresegna under punkt tre og dei spesielle merknadene til endringane i avhendingslova.

Til § 6-14

Endringa inneheld oppretting av skrivefeil.

8.2 Merknader til endring av avhendingslova

Det blir slått fast at det er overdragaren som skal betale eigarskiftegebyr etter burettslagslova § 4-6. Det kan ikkje avtalast at andre skal bere denne kostnaden. Det inneber mellom anna at avhendaren og kjøparen ikkje kan inngå avtale om at sistnemnde skal dekkje eigarskiftegebyret. Denne føresegna kan ikkje fråvikast i avtale, og det blir presisert i avhendingslova § 1-2 andre ledd andre punktum og § 2-6 første ledd tredje punktum. Departementet viser elles til den generelle omtalen av føresegna under punkt fire og dei spesielle merknadene til endringa i burettslagslova § 4-6.

8.3 Merknader til endring av eigarseksjonslova

Endringa tilsvarer endringa i burettslagslova § 4-16. Vi viser derfor til omtalen av denne føresegna ovanfor og til den generelle omtalen av føresegna under punkt tre.

8.4 Merknader til iverksetjing og overgangsreglar

Lova gjeld frå den tid Kongen bestemmer.

Endringane i burettslagslova § 4-6 andre punktum og avhendingslova §§ 1-2 andre ledd andre punktum og 2-6 første ledd nytt andre punktum om betaling av vederlag i samband med eigarskifte gjeld ikkje avtalar mellom overdragar og ervervar om kven som skal betale vederlaget dersom vederlagsavtalen var inngått før lova her blei sett i kraft.

Etter endringane i burettslagslova § 4-12 nytt andre ledd og eigarseksjonslova § 22 nytt sjette ledd skal ikkje forkjøpsrett kunne gjerast gjeldande ved overføring frå kommune til den som leigar av kommunen m.fl. Unntaket frå forkjøpsretten gjeld ikkje der han er utløyst før lova her blei sett i kraft.

Andre endringsføresegner reknar ein med er i samsvar med gjeldande rett. Departementet har derfor ikkje sett grunn til å foreslå overgangsreglar for desse lovendringane.