Ot.prp. nr. 16 (2008-2009)

Om lov om endringar i lov 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfarten (sjøloven) mv.

Til innhaldsliste

4 Merknader til dei einskilde paragrafane i lovforslaget

Til endringa i sjøloven § 175 a

Endringa i sjøloven § 175 a gjeld grensebeløpa, sjå punkt 2 og eksemplane i punkt 2.2 over om kva framlegget kan ha å seie for grensebeløpa for skip med ulik tonnasje.

Til endringane i sjøloven § 183

I tredje ledd er unntaket for skip som er omfatta av 1992-ansvarskonvensjonen, jf. tredje ledd i sjøloven § 191, teke ut. I tiande ledd er det i staden teke inn eit unntak for skade som er omfatta av 1992-ansvarskonvensjonen, jf. sjøloven § 191 andre ledd. Sjå punkt 3 over om bakgrunnen for desse endringane. Fordi endringane i § 183 er naudsynte for at Noreg skal oppfylle skyldnadene sine etter bunkerskonvensjonen, føreslår departementet at desse endringane skal tre i kraft straks.

Til endringa i tvangsfullbyrdelsesloven § 1-8

Departementet føreslår ei endring av tvangsfullbyrdelsesloven § 1-8 femte ledd for å rette opp ein feil som oppstod då lov 17. juni 2005 nr. 90 om mekling og rettergang i sivile tvister (tvisteloven) tok til å gjelde. Tvangsfullbyrdelsesloven § 1-8 femte ledd regulerer kva ein skal rekne som den saksøkte sitt alminnelege verneting i tvangsfullføringssaker.

Då tvisteloven tok til å gjelde, opphørte samstundes reguleringa av vernetinget for saksøkte som i samband med ei tvangsfullføringssak ikkje har kjent bustad. Det er ikkje kommentert i førearbeida til tvisteloven kvifor § 1-8 ikkje lenger regulerer vernetinget der den saksøkte er utan kjent bustad. Slik departementet ser det, har det ikkje vore meininga å endre rettstilstanden. Departementet føreslår difor ei endring der formålet er å vidareføre det som gjaldt om verneting i tvangsfullføringssaker for personar som ikkje har kjent bustad, før tvisteloven tok til å gjelde. Departementet har på den bakgrunn ikkje sett det som naudsynt med ei høyring av framlegget.

Departementet meiner det er best å regulere spørsmålet i tvangsfullbyrdelsesloven § 1-8 femte ledd og føreslår eit nytt tredje og fjerde punktum i paragrafen.