Ot.prp. nr. 19 (2007-2008)

Om lov om redaksjonell fridom i media

Til innhaldsliste

10 Merknader til dei einskilde paragrafane i lovforslaget

Til § 1

Paragrafen slår fast at føremålet med lova er å «sikre redaksjonell fridom i media». Føremålet heng saman med at redaksjonell fridom er ein føresetnad for den rolla media har som informasjonskjelder og arenaer for meiningsdanning og samfunnsdebatt, sjå nærmare om dette under punkt 5.3.

Til § 2

Første leddet nr. 1 slår fast avgrensinga av verkeområdet i høve til trykt skrift. Når det gjeld omgrepet «dagsaviser» legg departementet til grunn den definisjonen av dagspresse som vart nytta i NOU 1995: 3 «Mangfold i media». Her vart dagspresse definert som «... publikasjoner som utgis regelmessig og minst en gang i uken og som inneholder overveiende allment nyhets- og aktualitetsstoff.» Dette er også den definisjonen som Medietilsynet legg til grunn ved handsaming av saker etter medieeigarskapslova. Omgrepet omfattar også gratisaviser.

Lova vil også femne «andre periodiske publikasjonar». «Periodisk» inneber at lova berre vil gjelde aviser, blader, tidsskrift e.l. som kjem ut fast med visse mellomrom i tid. Det er eit vilkår at publikasjonen driv «journalistisk produksjon og formidling av nyhende, aktualitetsstoff og samfunnsdebatt». Dette er meint som kumulative krav. Formuleringa «nyhende, aktualitetsstoff og samfunnsdebatt» omfattar ikkje berre den breie, allmenne nyhendeformidlinga. Også nisjepublikasjonar innanfor spesielle interesse- eller fagområde vil vere omfatta, såframt dei ikkje «hovudsakleg er retta mot medlemmer eller tilsette i bestemte organisasjonar, foreiningar eller selskap» , jf andre leddet. Det ligg ikkje i dette nokon føresetnad om at desse stofftypane må utgjere hovudinnhaldet i publikasjonen. Til dømes vil vekeblad e.l. der hovuddelen av innhaldet består av meir underholdningsprega stoff også vere omfatta, såframt «nyhende, aktualitetsstoff og samfunnsdebatt» utgjer ein ikkje uvesentlig del av innhaldet. Lova vil omfatte slike publikasjonar uavhengig av kven som står som utgjevar. Utgjevar kan til dømes vere private kommersielle selskap, fag- og interesseorganisasjonar eller private tenketankar/tankesmier.

Første leddet nr. 2 avgrensar verkeområdet til lova når det gjeld kringkasting. Utkastet viser til kringkastingslova § 1-1 første ledd. 1 Kringkastingslova definerer kringkastar som den som har ansvaret for å sette saman programtilbodet i kringkasting, og som samstundes sender programma, eller får andre til å sende dei.

Første leddet nr. 3 slår fast at lova også gjeld elektroniske massemedium som har «tilsvarande føremål og funksjon» som dagsaviser og andre periodiske publikasjonar eller kringkastarar.

Med «elektroniske» medium meiner vi i denne samanhengen verksemder som ved bruk av elektronisk kommunikasjon driv formidling av nyhende osb. over elektroniske kommunikasjonsnett, jf ekomloven § 1-5. Det praktisk viktigaste er sjølvsagt Internett, og særleg verdsveven (World wide web), men omgrepet vil også kunne femne formidling av nyhende over andre typar elektroniske kommunikasjonsnett, til dømes mobiltelefonnettverk.

Med «massemedium» meinast medium som er etablert og utforma med sikte på å nå eit stort publikum. Vilkåret inneber at verksemda må ha eit omfang og ein profesjonalitet som gjer at tenesta er eigna til å nå eit massepublikum. Departementet antar at også sjølve organisasjonen må vere av ein viss storleik for at det skal vere naturleg å krevje at det blir peika ut ein ansvarleg redaktør. Dette vil avgrense mot meir eller mindre «private» nyhendetenester på nettet, f.eks. bloggar.

Lova vil berre femne elektroniske medium som har «... tilsvarende formål og funksjon» som dags­aviser og andre periodiske publikasjonar eller kringkastarar. I dette må det mellom anna liggje ei avgrensing mot tenester som berre frå tid til anna driv nyhendeformidling. Det må i utgangspunktet vere tale om ei nyhendeteneste som blir oppdatert med jamne mellomrom. Mange nettstader vil ha einskilde nyhende liggjande på sidene, sjølv om tenesta har ei heilt anna funksjon og føremål enn å vere ein formidlar av nyhende, aktualitetsstoff og samfunnsdebatt. Slike tenester vil ikkje vere omfatta av lova. I utgangspunktet kan offentlege verksemders informasjonsverksemd på nett heller ikkje reknast for å ha «tilsvarande føremål og funksjon» som dagspresse og kringkasting mv, sjølv om dei skulle drive noko formidling av nyhende og debatt.» Det må dessutan vere tale om redigert nyhendeformidling. I dette vil det til dømes liggje ei avgrensing mot tenester som består av tilrettelegging for distribusjon av innhald generert av private brukarar (f.eks. Youtube, Myspace og Wikipedia), der det ikkje vil være naturleg eller praktisk mogleg å ha ein tradisjonell sentral redaktørfunksjon.

Andre leddet presiserer at lova likevel ikkje gjeld medium som har som hovudføremål å drive reklame eller marknadsføring. Med dette har departementet ikkje tenkt på ordinære kommersielle massemedium, som normalt vil operere både på publikumsmarknaden og reklamemarknaden. Formuleringa har til hensikt å avgrense mot meir eller mindre reine reklamepublikasjonar, kundeblad e.l. Dette vil vere publikasjonar der eventuelt redaksjonelt innhald hovudsakleg har til føremål å trekkje merksemd til reklameinnhaldet. I praksis vil det typisk vere tale om trykte publikasjonar, men i regelen vil i prinsippet gjelde alle typar medium.

Lova gjeld heller ikkje medium som hovudsakleg er retta mot ein avgrensa og lukka krins, dvs. medlemmer eller tilsette i bestemte organisasjonar, foreiningar eller selskap. Publikasjonar utgitt av fag- eller interesseorganisasjonar vil typisk ha eit todelt føremål. Dels skal dei fungere som interne fora for informasjon til medlemmene, dels skal dei formidle organisasjonen sine synspunkt til eit breiare publikum for å orientere og påverke opinion og styresmakter. Departementet legg til grunn at slike publikasjonar vil vere omfatta av lova, såframt dei har eit monaleg nedslagsfelt ut over medlemsmassen og ein ambisjon om å vere premissgjevar for og deltakar i samfunnsdebatten på sitt felt.

Til § 3

Første leddet slår fast at medium som blir omfatta av verkeområdet for lova må peike ut ein redaktør som skal ha den uavhengige stillinga andsynes eigar og anna føretaksleiing som blir beskrive i § 4.

Lova er ikkje til hinder for at eigar/utgivar sjølv er redaktør. Dersom eigar/utgivar sjølv fattar avgjerder i redaksjonelle spørsmål, må ho eller han sjølv stå for den daglege leiinga av den redaksjonelle verksemda og fatta avgjerder i redaksjonelle spørsmål. Gir eigar/utgivar andre dette oppdraget, skal denne andre kallast redaktør og redigere mediet uavhengig av eigar/utgivar.

Andre leddet inneheld ein definisjon av omgrepet «redaktør» og er basert på definisjonen i § 436 i straffelova av 1902. Redaktør er den som fattar avgjerd om innhaldet i mediet. Det er likegyldig om han har tittelen redaktør, utgivar eller anna. Tillegget «eller om ein del av dette» opnar for at eit medium kan ha fleire sideordna, sjølvstendige redaktørar. Dersom det vert peika ut fleire enn ein redaktør vil reglane om redaktøren sin fridom gjelde innanfor ansvarsområdet til den einskilde redaktøren.

Til § 4

Første leddet slår fast det viktigaste materielle innhaldet i lova, nemleg at det er redaktøren som leier den redaksjonelle verksemda og som fattar avgjerder i redaksjonelle spørsmål. Redaktøren står for den daglege leiinga og drifta av redaksjonen – inkludert organisering, administrasjon, tilsetting av redaksjonelle medarbeidarar og disponering av det budsjettet som er avsett til redaksjonen. Avgjerder i «redaksjonelle spørsmål» vil først og fremst femne retten til å avgjere kva som skal publiserast i mediet – inkludert utval av materiale, presentasjon av oppfatningar, vinklingar osb. Også avgjerder om bruk av journalistiske arbeidsmetodar, om upublisert materiale skal overleverast til politi/påtalemakt osb må reknast som redaksjonelle spørsmål i denne samanhengen. Praksis etter Redaktørplakaten vil kunne vere retningsgivande for kva som er å rekne som «redaksjonelle spørsmål» etter lova.

Lova slår fast at eigar/utgivar kan formulere eit grunnsyn og føremål som vil vere forpliktande for redaktøren i redaksjonelle spørsmål.

Andre leddet presiserer hovudregelen i første leddet på to punkt: For det første kan eigar/utgivar eller anna selskapsleiing ikkje «instruere eller overprøve redaktøren i redaksjonelle spørsmål». Dette vil femne både instruksjon/overprøving i enkeltsaker og meir generelt formulerte instruksar (så lenge instruksane ikkje gjeld grunnsyn og føremål, jf første leddet). For det andre kan dei ikkje krevje å få gjere seg kjent med redaksjonelt materiale før det blir offentleggjort. Dette svarar til § 2-3 i kringkastingslova og skal førebyggje forsøk på å instruere eller overprøve redaktøren i redaksjonelle spørsmål.

Til § 5

Paragrafen slår fast at redaktøren ikkje kan fråskrive seg den kompetansen han har etter denne lova i ei avtale.

Fotnotar

1.

Lov av 4. desember 1992 nr. 127 om kringkasting, § 1-1 første ledd: «Med kringkaster menes fysisk eller juridisk person som har det redaksjonelle ansvaret for sammensetningen av programtilbudet i kringkastingssendinger, og som sender dem eller lar noen annen sende dem.»