Ot.prp. nr. 20 (1999-2000)

Om lov om endringar i lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonstrygd for sjømenn mv.

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn

Sjømannspensjonsutvalet blei sett ned av Sosial- og helsedepartementet den 11. juli 1997. Bakgrunnen var Stortinget si behandling av Ot.prp. nr. 59 (1995-96), der Sosial- og helsedepartementet la fram forslag til endringar i lov om pensjonstrygd for sjømenn. Forslaga var eit samla opplegg for å betre den vanskelege økonomien i pensjonstrygda gjennom visse innstrammings- og forenklingstiltak, kombinert med auka tilskott frå staten i nokre år framover. Dei enkelte forslaga i proposisjonen blei ikkje handsama, jf. Innst. O. nr. 5 (1996-97).

Stortinget gjorde i staden den 15. november 1996 desse to vedtaka:

  1. «Stortinget ber Regjeringen nedsette et utvalg der ansattes organisasjoner og arbeidsgiverorganisasjoner er representert for å foreta en nærmere utredning og fornyet vurdering av sjømannspensjonene både når det gjelder fortsatt offentlig pensjonsordning, en eventuell privat tjenestepensjonsordning eller en eventuell AFP-lignende ordning. En overgang til forsikringsmessig beregning av pensjonen må også vurderes.»

  2. «Stortinget ber Regjeringen fremme forslag til lovendring som sikrer en automatisk G-regulering av sjømannspensjonene slik at dette kan tre i kraft fra 1. mai 1997.»

Stortingsvedtaket om G-regulering blei følgd opp i Ot.prp. nr. 31 (1996-97), der departementet foreslo å knytte dei ordinære sjømannspensjonane og krigsfartstillegget til grunnbeløpet i folketrygda. Lovendringa blei innført med verknad frå 1. mai 1997.

Pensjonstrygda for sjømenn blir i hovudsak finansiert etter eit utlikningsprinsipp. Det vil seie at inntektene i eit år skal dekke dei løpande utgiftene i samme år. Arbeidstakarane og reiarlaga betaler avgifter. Trygda får elles avkastning frå eit fast grunnfond på 186 mill. kroner, der kapitalen ikkje kan nyttast (frå Nortrashipoppgjeret etter den andre verdskrigen), og frå eit reguleringsfond. Staten gir tilskott som for det meste dekker særskilde krigsfartstillegg. Trygda er garantert av staten.

Ordninga har sidan 1994 gått med underskott. Den viktigaste årsaka til dette er at det er færre aktive sjøfolk no enn i store delar av etterkrigstida. Underskotta har blitt dekte av reguleringsfondet. Sjømannspensjonsutvalet har funne at pensjonstrygda med dagens regelverk vil gå med underskott fram til om lag 2015. Når reguleringsfondet er brukt opp om nokre få år, vil staten få store utgifter på grunn av statsgarantien. Under punkt 5 nedanfor blir det meir utfyllande gjort greie for økonomien til Pensjonstrygda for sjømenn.

Til forsida