Ot.prp. nr. 20 (1999-2000)

Om lov om endringar i lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonstrygd for sjømenn mv.

Til innhaldsliste

3 Tidlegare lovendringar i pensjonstrygda for sjømenn

I dette punktet vil departementet orientere kort om tidlegare endringar i lov om pensjonstrygd for sjømenn.

Forarbeida til lov om pensjonstrygd for sjømenn er Ot.prp. nr. 13 (1948) og Innst. O. XVI (1948). Lova er endra ei rekkje ganger, sist ved lov 19. desember 1997 nr. 99.

Av vesentlege endringar blir nemnd:

  • Ved lov 6. juli 1957 nr. 33 blei lova tilpassa generelle reglar om samordning og allmenn lov om alderstrygd.

  • Ved lov 21. juni 1963 nr. 14 blei reglane om finansiering og statens ansvar endra (jf. Ot.prp. nr. 54 (1962-63) og utvalsutgreiing 23. juni 1962.

  • Ved lov 16. desember 1966 nr. 10, lov 16. desember 1966 nr. 14 og lov 20. desember 1968 nr. 2 blei pensjonstrygda tilpassa folketrygda (jf. Ot.prp. nr. 50 (1967-68) og utvalsutgreiing 20. januar 1968).

  • Ved lov 28. mai 1971 nr. 49 og lov 28. mai 1971 nr. 50 blei det fastsett gunstigare reglar for sjømenn med krigsfartstid (jf. Ot.prp. nr. 25 (1970-71) og Nortrashiputvalet si innstilling I 22. mai 1970).

  • Ved lov 13. juni 1975 nr. 51 auka alderspensjonane med om lag 70 prosent. Samstundes blei det tatt inn ein regel om at spørsmålet om å auke dei ordinære pensjonssatsane og krigsfartstillegget skulle leggast fram for Stortinget når grunnbeløpet i folketrygda blei auka. Før 1975 blei pensjonane berre regulerte gjennom lovendringar. Elles blei reglane om trygda sitt omfang, vilkår for pensjon, avgiftsfastsetting o.a. endra (jf. Ot.prp. nr. 50 (1974-75) og NOU 1974:48).

  • Ved lov 12. juni 1987 nr. 48 om norsk internasjonalt skipsregister blei reglane om plikt til å svare reiaravgift for ikkje-trygdepliktige utlendingar oppheva. Dette blei kompensert ved høgare reiaravgift for trygdepliktige (jf. Ot.prp. nr. 45 (1986-87)).

  • Ved lov 29. januar 1993 nr. 27 blei reglane om trygda sitt omfang, avgiftsbetaling, retten til ytingar, utrekning/samordning av pensjon og tilbakebetaling av pensjonsavgift endra (jf. Ot.prp nr. 47 (1991-92) og NOU 1989:12).

  • Ved lov 13. juni 1997 nr. 58 blei den ordinære sjømannspensjonen og krigsfartstillegget automatisk regulert i samsvar med auken i grunnbeløpet i folketrygda.

Til forsida