Ot.prp. nr. 20 (1999-2000)

Om lov om endringar i lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonstrygd for sjømenn mv.

Til innhaldsliste

10 Forholdet mellom sjømannspensjon og pensjon frå folketrygda

10.1 Bakgrunn

Ved overgang til alderspensjon frå folketrygda, kan sjømannspensjonistar med fartstid før 1967 få eit overgangstillegg når summen av alderspensjon frå Pensjonstrygda for sjømenn etter 67 år (dvs. låg fastlåst pensjon) og alderspensjon frå folketrygda, er mindre enn alderspensjonen frå Pensjonstrygda for sjømenn var før fylte 67 år (lov om pensjonstrygd for sjømenn § 48 nr. 1). Tillegget utgjer beløpsforskjellen.

Dersom ein får uførepensjon mv. frå folketrygda, og sjømannspensjonen og uførepensjonen er mindre enn om vedkomande berre hadde hatt sjømannspensjon, blir det gitt eit overgangstillegg som utgjer beløpsforskjellen (§ 48 nr. 2).

Sjømannspensjonsutvalet tek opp spørsmål om sjømannspensjonistane dessutan bør få godskrive pensjonspoeng i folketrygda for åra dei får sjømannspensjon fram til fylte 67 år. Bakgrunnen for at spørsmålet er reist, er at personar som går av med pensjon før fylte 67 år, vil kunne få ein lågare alderspensjon frå folketrygda frå fylte 67 år enn dei som held fram i arbeid fram til denne alderen.

Fleirtalet i utvalet, representantane frå næringa og representanten frå Pensjonstrygda for sjømenn, har ein felles særmerknad der det heiter:

«...... Poengopptjening i folketrygden for pensjonister innenfor pensjonstrygden for sjømenn, må også innføres. En løsning for å skape rettferdighet med tanke på poengopptjening i folketrygden kan være at sjømannspensjonister når de blir alderspensjonister, får en pensjon beregnet ut fra inntil 7 år mer enn de faktisk har opptjent pensjonsgivende inntekt. Grunnlaget for beregningen kan f eks være et gjennomsnitt av pensjonsgivende inntekt opptjent de siste tre år som yrkesaktiv.»

Forholdet har mest å seie i oppbyggingsfasen til folketrygda (1967-2007). Frå år 2007 og seinare vil dei fleste sjøfolka kunne ha tent opp full oppteningstid i folketrygda.

10.2 Høyring

Arbeidstakarorganisasjonane uttaler òg i høyringsrunden at dei ønskjer at sjømannspensjonistane skal kunne tene opp pensjonspoeng i folketrygda, slik ordninga er i avtalefesta pensjon (AFP).

Sjømannsorganisasjonane uttaler at opptening av pensjonspoeng kan bli sett på som staten sitt bidrag ved tariffoppgjera dei seinare åra. «Også sjømennene har vært med på de kollektivt fornuftige oppgjørene, og avstått lønnstillegg, men da uten å få pensjon og poengopptjening i folketrygden på linje med andre grupper», heiter det i høyringsmerknaden.

Norsk Olje- og Petrokjemisk Fagforbundskriv at

«for at arbeidstakerne skal ha en reell mulighet til å kunne pensjonere seg når de er 60 år, bør de ...sikres rett til opptjening i folketrygden også for årene fra 60-67 år, slik ordningen gjelder for dagens AFP-pensjonister. Ellers vil for manges vedkommende et uttak av førtids alderspensjon i årene 60-67 år medføre vesentlig lavere pensjon etter 67 år. Sjøfolkenes rett til pensjon blir dermed illusorisk.»

Rikstrygdeverket uttaler at drøfting av dette spørsmålet må bli sett i lys av den diskusjonen og dei framlegga som blir gjort etter NOU 1998:19 Fleksibel pensjonering, der det er forslag om endring av reglane for utrekning av framtidige pensjonspoeng for AFP.

10.3 Departementet si vurdering

Hovudprinsippet i folketrygda er at poengtal blir tent opp ved inntektsgivande arbeid. Frå 1992 blir det dessutan gitt pensjonspoeng for omsorgsarbeid (omsorgspoeng).

Bortsett frå dei som får omsorgspoeng, er det i dag berre uførepensjonistar i folketrygda og AFP-pensjonistar som får rekna med og godskrive «antatte framtidige» pensjonspoeng i folketrygda i pensjonstida, utan samstundes å ha arbeidsinntekt. Departementet finn det vanskeleg å utvide ordninga til nye grupper.

Tenestepensjonsordningar i offentleg og privat sektor med særaldersgrenser, ordningane med vartpengar og ventelønn, og pensjonstrygdene for sjømenn, fiskarar og skogsarbeidarar gir ikkje rett til opptening av pensjonspoeng.

AFP-pensjonistar får poengopptening mellom anna fordi dei har samme reglane for utrekning av pensjon som uførepensjonistar i folketrygda. I offentleg sektor gjeld denne ordninga berre fram til 65 år, slik at det berre er før fylte 65 år at det blir gitt poeng.

Departementet viser til at arbeidstakarrepresentantane verken i Sjømannspensjonsutvalet eller i høyringsrunden går inn for ei AFP-liknande ordning for sjømenn. Det kjem vesentleg av at ei AFP-ordning på mange måtar er ei mindre gunstig pensjonsordning enn sjømannspensjonen. Det er mellom anna strengare reglar om inntektsprøving i ei AFP-ordning, og det blir ikkje tent opp rettar. Tilknytinga til folketrygdsystemet gjer dessutan at gifte får noko lågare pensjon enn einslege. Det er etter departementet si vurdering ikkje rimeleg at sjømannspensjonistar skal få enkelte fordelaktige element ved denne ordninga, som dei elles ikkje ønskjer å gå over til.

I Nasjonalbudsjettet 2000 blir det varsla at ordninga med opptening av pensjonspoeng for AFP-pensjonistar blir vurdert avvikla frå 2007 ut frå omsyn til likebehandling av førtidspensjonsordningar. Det kan i så fall innebere at ordninga blir fasa ut frå 2002.

Frå 2007 vil dei fleste sjøfolk kunne ha 40 poengår i folketrygda. Mange av sjømannspensjonistane har òg arbeidsinntekt over folketrygda sitt grunnbeløp, slik at dei tener opp pensjonspoeng.

For sjøfolk med fartstid før 1967, gir pensjonsordninga for sjømenn som nemnd i dag eit livsvarig overgangstillegg dersom alderspensjonen frå folketrygda er lågare enn sjømannspensjonen.

Departementet vil på denne bakgrunn ikkje foreslå at sjømannspensjonistar skal få høve til å godskrive pensjonspoeng i folketrygda frå fylte 62 til fylte 67 år utan å ha arbeidsinntekt.

10.4 Overgangstillegg - lov om pensjonstrygd for sjømenn § 48

Ved overgang til alderspensjon frå folketrygda, kan sjømannspensjonistar med fartstid før 1967 få eit overgangstillegg frå pensjonstrygda for å hindre at pensjonen går ned, sjå ovanfor punkt 10.1. Overgangstillegget har blitt mindre viktig etter kvart som yngre årskull tener opp stadig større pensjonar frå folketrygda. Departementet går likevel inn for å behalde ordninga med overgangstillegg.

Departementet foreslår at regelen om overgangstillegg etter fylte 67 år ikkje skal gjelde for det nye tillegget som blir foreslått i ny § 6,sjå proposisjonen punkt 7. I motsett fall ville tillegget i § 6 bli livsvarig for nokon, og det stemmer ikkje med intensjonane bak dette tillegget.

Departementet foreslår elles at tillegget i ny § 6 skal takast med ved samanlikninga når det gjeld regelen som skal syte for at ein sjømannspensjonist ikkje går ned i yting dersom vedkomande får uførepensjon frå folketrygda. Det blir vist til lovforslaget ny § 29.

Departementet foreslår at lovendringa trer i kraft 1. januar 2001. Endringa har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar.

Til forsida