Ot.prp. nr. 20 (1999-2000)

Om lov om endringar i lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonstrygd for sjømenn mv.

Til innhaldsliste

11 Tilbakekreving etter feilutbetaling mv. - lov om pensjonstrygd for sjømenn § 24 m. fl.

11.1 Tilbakekreving og avrekning

Etter lov om pensjonstrygd for sjømenn § 24 kan styret i Pensjonstrygda mellom anna avslå pensjonskrav og halde pensjonen tilbake dersom det er gitt urette opplysningar ved svik. Elles kan trygda krevje tilbake pensjon som er utbetalt for mykje ved trekk i pensjonen.

Departementet finn at det er nødvendig med nye reglar som gir heimel for å krevje tilbake for mykje utbetalt sjømannspensjon. Dette er særleg viktig no som det er forslag om å innføre eit tillegg til pensjonistar som ikkje har inntekt over to ganger grunnbeløpet i folketrygda, sjå punkt 7.

I dei seinare åra har fleire pensjonsordningar utanfor folketrygda enten revidert reglane om tilbakekreving av for mykje utbetalt yting etter mønster av reglane i folketrygdlova, eller det ligg føre forslag om å gjere dette. Til dømes er det i Ot.prp. nr. 94 for 1998-99, som er til handsaming i Stortinget, forslag om å gi reglar om tilbakekreving i lov om Statens Pensjonskasse etter døme frå reglane i folketrygdlova.

Departementet finn det tenleg at det også blir gitt reglar i lova om pensjonstrygd for sjømenn som svarar til reglane i folketrygdlova på dette området.

Departementet foreslår at ein tek inn generelle reglar om tilbakekreving i lov om pensjonstrygd for sjømenn § 24 nr. 1 og nr. 2. Elles blir det foreslått å ta inn reglar i § 24 nr. 3 om avrekning ved trekk i framtidig yting,slik det er i folketrygda for ytingar som er avhengige av inntekt.

Forslaget til § 24 nr. 1 og 2 om generelle reglar om tilbakekreving av for mykje utbetalt yting, er laga etter mønster frå folketrygdlova § 22-15. Reglane i nr. 1 vil dekke tilfelle der pensjonisten kan klandrast. Dette gjeld når:

  • Mottakaren har sjølv framkalla feilutbetalinga medvete eller ved grov aktløyse, eller feilen er så klar at ein må føresette at han visste om den.

  • Mottakaren sjølv eller nokon som handlar på vegne av mottakaren, har framkalla feilutbetalinga ved aktløyse. Også å unnlate å gi opplysningar blir ramma.

  • Pensjonsordninga har framkalla feilutbetalinga, men pensjonisten burde ha skjønt at utbetalinga var feil.

I nr. 1 tredje og fjerde punktum foreslår departementet reglar for inndrivingsmåten av denne typen krav i samsvar med det som gjeld i folketrygda, det vil seie at krava kan drivast inn ved trekk i framtidige ytingar eller ved utlegg.

Etter forslaget til § 24 nr. 2 vil det også elles kunne krevjast tilbake for mykje utbetalt yting i andre tilfelle når serlege grunnar gjer det rimeleg, men då avgrensa til det som er att av summen når feilutbetalinga blir kjent for mottakaren. Denne regelen svarer til ulovfesta reglar om attendesøking av pengekrav, og som for folketrygda sin del er tatt inn i lova.

Forslaget til § 24 nr. 3 er laga etter døme frå folketrygdlova § 22-16, som har reglar om ei avrekningsordning på objektivt grunnlag når ytingar som er avhengige av inntekt, er feil utbetalt. For slike ytingar kan det som er for mykje utbetalt, avreknast ved trekk i framtidige ytingar.

Tilbakekreving vil vere særleg aktuelt når ein person som ikkje er fylt 62 år, har fått utbetalt pensjon i strid med vilkåret om at tenesta til sjøs skal vere slutt, og likeins der det blir utbetalt eit tillegg til alderspensjonen etter den nye ordninga som ein foreslår å innføre, men der inntekta har blitt for høg. Departementet foreslår at det som er utbetalt for mykje i slike høve, skal kunne avreknast mot framtidig pensjon.

Departementet foreslår at det kan trekkjast opptil 20 prosent av månadspensjonen.

Ordninga med avrekning vil kunne nyttast også der vilkåra i dei generelle reglane om tilbakekreving i § 24 nr. 1 og nr. 2 er til stades. Pensjonsordninga vil da ha et val. Dersom det ikkje lenger finst nokon pensjon å avrekna beløpet i, vil ein i desse høva kunne krevje beløpet tilbake etter dei generelle reglane.

I nr. 4 blir det foreslått at trekk etter nr. 1 og nr. 3 avbryt forelding etter lov 18. mai 1979 nr. 18 om forelding av fordringar, og at dersom slikt trekk opphører, varer verknaden av avbrote forelding i eitt år etter at trekket opphørte. Dette er i samsvar med det som gjeld i folketrygda (folketrygdlova § 22-14 femte ledd).

Det blir vist til lovforslaget § 24.

11.2 Opplysningsplikt

Lov om pensjonstrygd for sjømenn har ikkje reglar der det blir presisert at den som krev eller mottek ytingar har ei plikt til å gi opplysningar til pensjonsordninga. Etter departementet sitt syn er det viktig at opplysningsplikta går fram av lova. Plikta vil mellom anna gjelde endringar i inntekt som gjer at retten til eit tillegg som blir nemnd ovanfor fell bort. Departementet viser til eksempel på reglar om opplysningsplikt i folketrygdlova § 21-3 første punktum og § 21-6 andre ledd.

Departementet foreslår ein regel som presiserer at den som krev pensjon og/eller tillegg, har plikt til å gi dei opplysningane som er nødvendige for at Pensjonstrygda skal kunne vurdere om retten til ytinga er til stades.

Likeins blir det foreslått at den som mottar pensjon og/eller tillegg, må gi Pensjonstrygda melding om endringar i tilhøve som kan avgjere om retten til ytinga framleis er til stades, eller om ytinga har rett storleik.

Det blir vist til § 22 i lovforslaget.

11.3 Iverksetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet foreslår at endringane trer i kraft 1. januar 2001.

Endringane får ikkje særlege økonomiske eller administrative konsekvensar.

Til forsida