Ot.prp. nr. 20 (1999-2000)

Om lov om endringar i lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonstrygd for sjømenn mv.

Til innhaldsliste

13 Merknader til dei enkelte paragrafane i lovforslaget

13.1 Endringar i lov om pensjonstrygd for sjømenn

Til § 2

Paragrafen regulerer at styret kan bestemme at pensjonstrygda i særlege tilfelle kan ha eit vidare omfang enn etter § 1, og gir dessutan reglar om kven som er unntatt frå pensjonstrygda.

I nytt nr. 3 skal yrkesgrupper innan offshore jf. § 1 nr. 2 bokstav a og nr. 4 bokstav b, etter dispensasjon frå departementet kunne bli unntatt frå pensjonstrygda for sjømenn med verknad for framtida. Ein overgangsregel er bestemt i § 4 nr. 1 andre ledd bokstav b.

Det blir vist til punkt 8.

Til § 3

Paragrafen regulerer kva som skal reknast for pensjonsgjevande fartstid.

Utgangspunktet etter nr. 1 første punktum er at det er fartstid det er betalt avgift for som skal reknast som pensjonsgjevande fartstid. Det blir her vist til punkt 13.3. Etter andre punktum kan styret i særlege tilfelle dispensere frå dette kravet.

Gjeldande nr. 1 bokstav a om høve til å medrekne vernepliktstid blir oppheva.

Det skal framleis vere høve til å rekne med slik tid for å komme opp i minstekravet for å få rett til pensjon (150 fartsmånader). Overgangsregelen blir lovfesta i § 4 nr. 1 andre ledd bokstav c. Sjå punkt 9.4.2.1.

Gjeldande nr. 1 bokstav b om medrekning av tid ein har arbeidd ved mekanisk verkstad blir oppheva. Sjå punkt 9.4.2.4.

Gjeldande nr. 1 bokstav c om tid der vedkommande har mottatt godtgjering som nemnd i § 1 nr. 3, blir nytt andre ledd første punktum. Ein heimel for styret i pensjonstrygda til å gi reglar om ei enklare utrekning av tid med ferie og fritid blir nytt andre ledd andre punktum.Det blir vist til punkt 9.4.2.3.

Gjeldande nr. 1 bokstav d og nr. 2 blir oppheva, fordi desse reglane ikkje lenger har nokon realitet. Dei som reglane i nr. 2 har omfatta, får i dag alderspensjon frå folketrygda.

Til § 4 nr. 1

Utgangspunktet i § 4 nr. 1 første ledd er at minst 150 pensjonsgjevande fartsmånader gir rett til alderspensjon.

Det generelle høvet etter samordningslova til å legge sammen tenestetid for å få rett til pensjon opphører når det gjeld Pensjonstrygda for sjømenn. Tilvisinga til samordningslova § 6 blir derfor tatt ut av andre ledd første punktum.

Etter andre ledd kan ein rekne med tid for å nå opp i minstekravet på 150 måneder:

Etter andre ledd bokstav a går det fram at høvet til å legge sammen tenestetid i pensjonstrygda held fram i høve til Pensjonstrygda for fiskarar. Minstekravet til fartstid i Pensjonstrygda for sjømenn blir her sett ned frå 36 månader (med høve til dispensasjon) til 12 månader.

I bokstav a andre punktum blir det bestemt at styret i Pensjonstrygda for sjømenn likevel får høve til å ta omsyn til oppteningstid i andre ordningar når oppteninga har skjedd på skip.

Av andre ledd bokstav b går det fram at oppteningstid i andre pensjonsordningar kan reknast med dersom arbeidstakaren er unntatt frå trygda etter § 2 nr. 3.

Andre ledd bokstav c bestemmer at vernepliktsteneste avslutta før 1981 kan reknast med i visse tilfelle.

Tredje ledd er tatt med av informasjonsomsyn. Det framgår at tid som nemnd i andre ledd, ikkje kan medreknast ved utrekning av alderspensjonen.

Gjeldande tredje ledd om fartstid under den andre verdskrigen blir oppheva, fordi det ikkje lenger har nokon realitet. Alle som denne regelen var aktuell for, har no alderspensjon frå folketrygda.

Det blir vist til punkt 9.4.2.

Til § 4 nr. 3

Regelen omhandlar kor lenge alderspensjonen løper.

Gjeldande regel om rett til alderspensjon inntil fem år før pensjonsalderen, når summen av arbeidstakaren sin alder og pensjonsgjevande fartstid er 80 år eller meir, blir oppheva. Det blir vist til punkt 9.4.5.

Til § 5

Nr. 1 første leddgir pensjonssatsar for alderspensjonen, og der er det gjort mindre endringar på grunn av at gjeldande bokstav b blir oppheva.

Gjeldande nr. 1 bokstav b inneheld reglar om ein netto alderspensjon etter fylte 67 år med fastlåste satsar for fartstid før 1. januar 1967. For slik fartstid blir det også gitt pensjon før fylte 67 år til pensjonist som mottar «uførepensjon, foreløpig uførestønad, rehabiliteringspenger eller attføringspenger etter lov om folketrygd for hel uførhet eller full avtalefestet pensjon». Ordninga blir oppheva for nye pensjonstilfelle etter 1. januar 2001. Ein overgangsregel er regulert i § 28 nr. 1. Sjå punkt 9.4.3.

Gjeldande nr. 1 andre ledd om krigsfartstillegg blir oppheva. Reglane blir ført vidare i § 28 nr. 1 tredje ledd.

Gjeldande tredje ledd blir nytt andre ledd.

Nr. 2 har reglar om at pensjonen skal reduserast når pensjonisten har gradert uførepensjon m.v.

Nr. 3 er noko omskrive, fordi gjeldande nr. 1 bokstav b blir oppheva. Gjeldande nr. 4 om alderspensjon før pensjonsalderen blir oppheva. Sjå merknadene til § 4 nr. 3 og punkt 9.4.5.

Til § 6

Gjeldande § 6 omhandlar enkepensjon. Sidan reglane om fastlåste låge pensjonar for fartstid før 1967 blir oppheva, sjå merknadene til § 5 nr. 1, blir også kapitel IV om enkepensjon oppheva.

Paragrafen blir no flytta til kapitel III om alderspensjon og skal gi reglar om eit tillegg til pensjonen til pensjonistar som har pensjonsgjevande fartstid i minst 48 av dei siste 60 månadene før uttak av pensjon, tidlegast ved fylte 60 år. Det blir vist til punkt 7.

Til kapitel IV overskrifta

Kapitlet gjeld i dag overgangsordninga med enkepensjon etter fastlåste, låge satsar som blir foreslått oppheva, sjå nærmare omtale i punkt 9.4.3. Overskrifta blir endra, fordi reglar om utbetaling blir tatt inn her. Sjå punkt 12.

Til § 7

Paragrafen gir reglar om utbetaling av ytingar, mellom anna om etterbetaling, som ikkje blir gitt lenger enn tre år tilbake frå den månaden krav om ytinga blir sett fram.

Bortsett frå at reglar om kapitalutløysing av små, fastlåste pensjonar er tatt ut, svarar paragrafen til gjeldande § 41, med nokre språklege endringar. Regelen om at det ikkje gis renter ved etterbetaling, har fått eit eige nummer. Om kapitalutløysing blir det vist til merknadene til § 28 nr. 4. Sjå punkt 12.

Til kapitel V overskrifta

Kapitlet hadde tidlegare reglar om barnepensjon. Dei blei oppheva ved lov 29. januar 1993 nr. 27. Reglane om dekking av utgifter i gjeldande kapitel VIII blir tatt inn her, og overskrifta blir endra i samsvar med dette. Sjå punkt 12.

Til § 8

Paragrafen har reglar om korleis utgiftene skal dekkast, og om at trygda er garantert av staten. I høve til gjeldande § 26 er det ei mindre språkleg justering i første ledd, og tilvisingane til andre paragrafar er endra. Det er ingen endringar i høve til gjeldande rett. Sjå punkt 12.

Til §§ 9-15

Paragrafane har nærmare reglar om dekking av utgiftene. Dei inneheld ingen endringar i høve til dei gjeldande reglane i §§ 27-33, bortsett frå tilvisingar til andre paragrafar i §§ 11, 12, 13 og 15. I § 15 nr. 1 bokstav a er ordlyden dessutan forenkla i høve til gjeldande § 33. Sjå punkt 12.

Til kapitel VI overskrifta

Kapitlet hadde tidlegare reglar om uførestønad. Dei blei oppheva ved lov 29. januar 1993 nr. 27. Reglane om tilbakebetaling av avgift i gjeldande kapitel IX blir tatt inn her, og overskrifta blir endra i samsvar med dette. Sjå punkt 12.

Til § 16

Paragrafen er uendra i høve til gjeldande § 34, bortsett frå ei paragraftilvising i nr. 2. Sjå punkt 12.

Til kapitel VII overskrifta

Kapitlet har i dag reglar om nedsetjing og tap av pensjon, som dels skal opphevast (gjeldande § 22), dels skal flyttast og gis ei anna utforming (gjeldande § 24, sjå merknadene til §§ 23 og 24). Paragrafane 21, 23 og 25 er opphevd tidlegare, ved lover 29. januar 1993 nr. 27 og 2. juni 1979 nr. 40. Reglane om administrasjon i gjeldande kapitel X blir tatt inn her, og overskrifta blir endra i samsvar med dette. Sjå punkt 12.

Til §§ 17-19

Paragrafane har regler om trygda sin administrasjon. Dei inneheld ingen endringar i høve til dei gjeldande reglane i §§ 35-37. Sjå punkt 12.

Til kapitel VIII overskrifta

Kapitlet i gjeldande lov gjeld dekking av utgiftene, som no blir flytta til kapitel V. Kapitlet skal innehalde ymse reglar, i det vesentlege som i gjeldande kapitel XII, som fell bort. Overskrifta blir endra i samsvar med dette. Sjå punkt 12.

Til §§ 20 og 21

Paragrafane er uendra i høve til dei gjeldande §§ 40 og 42. Sjå punkt 12.

Til § 22

Gjeldande nr. 1 blir oppheva, fordi reglane om fastlåste småpensjonar og enkepensjon det blir vist til òg er oppheva.

Gjeldande nr. 2 blir oppheva, fordi denne regelen ikkje lenger har nokon realitet.

Paragrafen inneheld reglar om opplysningsplikta for den som krev eller mottar ytingar etter lova.

Nr. 1gjeld plikta til å gi nødvendige opplysningar for den som krev alderspensjon og/eller tillegg til alderspensjonen. Regelen er generell, men er særleg viktig i høve til det inntektsprøvde tillegget som blir innført i § 6.

Nr. 2 gjeld informasjonsplikta ved endringar, og vil mellom anna gjelde dersom ein person som får tillegg etter § 6, får inntekt over to ganger grunnbeløpet i folketrygda. Sjå punkt 11.2.

Til § 23

Paragrafen inneber mellom anna at styret kan stanse saksbehandlinga dersom vedkommande mot betre vitende gir urette opplysningar eller held tilbake opplysningar. Samanlikn folketrygdlova § 21-7. Den gjeldande lova har i § 24 første ledd ein liknande regel for svikstilfella.

Til § 24

Paragrafen gjeld tilbakekreving av feilutbetalte ytingar, og vil komme i staden for ein avgrensa regel om tilbakekreving ved trekk i framtidig pensjon i gjeldande § 24 andre ledd.

Nr. 1 og nr. 2 svarar til dei ordinære tilbakekrevingsreglane som gjeld i folketrygda (folketrygdlova § 22-15). I nr. 1 siste punktum er det bestemt at denne typen krav om tilbakebetaling kan trekkjast i framtidige ytingar, og at krava er tvangsgrunnlag for utlegg.

Nr. 3er laga etter døme av folketrygdlova § 22-16 om tilbakebetaling ved inntektsavhengige ytingar, der det som er utbetalt for mykje kan avreknast mot framtidige ytingar, utan at det er nødvendig å vurdere om ytinga er motteke i god tru. Regelen vil gjelde når ein pensjonist under 62 år har fått utbetalt pensjon sjølv om han har halde fram som sjømann. Regelen vil også gjelde der det er gitt eit tillegg etter ordninga som blir innført i § 6, sjølv om pensjonisten har hatt for høg inntekt. Det skal kunne trekkjast opp til 20 prosent av den månadlege pensjonen, inkludert eventuelt tillegg etter § 6, til summen er tilbakebetalt.

Nr. 4 bestemmer at trekk etter nr. 1 og nr. 3 avbryt forelding etter lov om forelding av fordringar, og at verknaden av forelding held fram i eitt år etter at trekka er stansa. Sjå punkt 11.1.

Til §§ 25 og 26

Paragrafane er uendra i høve til gjeldande §§ 43 og 44. Sjå punkt 12.

Til § 27

Paragrafen er uendra i høve til gjeldande § 45 første ledd. Det andre leddet i § 45 gjeld ytingar som ikkje lenger blir gitt, og er ikkje tatt med. Sjå punkt 12.

Til kapitel IX overskrifta

I gjeldande lov inneheld kapitlet reglar om tilbakebetaling av avgift, sjå ovanfor under merknadene til kapitel VI. Kapitlet skal innehalde overgangsreglar og vil erstatte gjeldande kapitel XIII, som fell bort. Overskrifta blir endra i samsvar med dette. Sjå punkt 12.

Til § 28

Paragrafen gir overgangsreglar i høve til reglar som skal opphevast.

Nr. 1 gjeld dei som er 67 år før 1. januar 2001, når endringane i lova skal tre i kraft. Desse pensjonistane skal framleis få rett til fastlåste pensjonar etter reglane som no blir oppheva. Likeins skal reglane om krigsfartstillegg førast vidare. Dei fastlåste pensjonssatsane og satsane for krigsfartstillegg, som følgjer grunnbeløpet i folketrygda, blir gjengitt i nr. 1 andre og tredje ledd.

Nr. 2gjeld dei som har fått eller får uførepensjon frå folketrygda med verknad frå eit tidspunkt før 1. januar 2001. Tilsvarande overgangsreglar skal gjelde for desse pensjonistane, og dei små, fastlåste pensjonane skal også gis etter at desse pensjonistane er fylt 67 år.

Nr. 3 gir tilsvarande overgangsreglar for små, fastlåste enkepensjonar når dødsfallet skjer før 1. januar 2001, og ved seinare dødsfall dersom den avdøde hadde krigsfartstillegg. I andre ledd blir pensjonssatsane gjengitt.

I nr. 4 blir det gitt reglar om kapitalutløysing av små, fastlåste pensjonar som vil løpe etter overgangsordninga. Reglane svarar til § 41 nr. 4 andre og tredje ledd i den gjeldande lova.

Til § 29

Paragrafen svarar til § 48 i den gjeldande lova som inneheld reglar om overgangstillegg for å kompensere for manglande opptening i folketrygda. Ordlyden er noko endra, fordi ein ikkje lenger vil gi nye små, fastlåste sjømannspensjonar.

Nr.1 svarar til den gjeldande § 48 nr. 1, og vil gjelde for dei som har pensjonsgjevande fartstid før folketrygda blei innført i 1967. Dei skal få eit overgangstillegg dersom ein ugradert alderspensjon frå folketrygda blir lågare enn det sjømannspensjonen var. Det er presisert at regelen ikkje skal gjelde for det nye tillegget etter § 6. Regelen i tredje ledd om at tillegget skal reduserast dersom pensjonen frå folketrygda aukar meir enn det som følgjer av ein auke av grunnbeløpet, er i samsvar med det som gjeld no etter ei forskrift.

Nr. 2 svarar til gjeldande § 48 nr. 2. Regelen skal syte for at ein sjømannspensjonist ikkje går ned i yting dersom vedkomande får uførepensjon frå folketrygda. Tillegget som blir innført etter § 6, skal takast med ved samanlikninga.

Regelen i nr. 3 svarar til gjeldande § 48 nr. 3 utan endringar. Sjå punkt 10.4.

Til kapitel X overskrifta

Kapitlet har i dag reglar om administrasjon, sjå ovanfor under merknadene til kapittel VII. Kapitlet vil erstatte gjeldande kapitel XIV, som fell bort. Overskrifta blir endra i samsvar med dette.

Til § 30

Paragrafen svarar til gjeldande § 49, med ei språkleg justering i andre ledd.

13.2 Endringar i lov 6. juli 1957 nr. 26 om samordning av pensjons- og trygdeytelser

Til § 6 nytt tredje ledd

Det blir tatt inn eit nytt tredje ledd som presiserer at samordningslova sine reglar om høve til å legge sammen tenestetid, ikkje gjeld for Pensjonstrygda for sjømenn.

Samstundes blir det vist til lov om pensjonstrygd for sjømenn § 4 nr. 1 andre ledd bokstav a for å vise at tenestetid i Pensjonstrygda for sjømenn framleis skal leggjast sammen med tenestetid i Pensjonstrygda for fiskarar, sjå punkt 9.4.4.

13.3 Endringar i lov 11. juni 1993 nr. 104 om endringer i lov 17. juni 1966 nr. 12 om folketrygd og i visse andre lover

Til avsnitt IV femte ledd

Lov om pensjonstrygd for sjømenn § 3 nr. 1 om at det berre er fartsmånader det er betalt avgift for som skal reknast som pensjonsgjevande fartstid, blir for nye pensjonstilfelle gitt verknad for all fartstid etter 30. juni 1949. Det blir vist til punkt 9.4.2.2.

Til forsida