Ot.prp. nr. 20 (1999-2000)

Om lov om endringar i lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonstrygd for sjømenn mv.

Til innhaldsliste

4 Oversikt over gjeldande ordning

4.1 Personkrins

Pensjonstrygda for sjømenn gjeld som hovudregel for norske statsborgarar og personar som er fast busette i Noreg, når dei er arbeidstakarar på skip og visse flyttbare innretningar i sjøen, som er innført i norsk skipsregister (NOR eller NIS) med minst 100 bruttotonn (lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonstrygd for sjømenn § 1 nr. 1 og 2). På fiske- og fangstfartøy gjeld pensjonstrygda berre for arbeidstakarar tilsett i visse stillingar om bord, ikkje for fiskarar (§ 1 nr. 4 bokstav a). Høva for unntak frå pensjonsordninga er avgrensa (§ 2 nr. 2). Per 30. april 1998 omfatta pensjonsordninga om lag 26 000 yrkesaktive personar.

4.2 Opptening av alderspensjon

Pensjonstrygda for sjømenn er i dag tilpassa folketrygda som ei førtids alderspensjonsordning fram til 67 år. Da tek folketrygda over pensjonsansvaret.

Pensjonsalderen er som hovudregel 60 år. Han er mellom 60 og 65 år for arbeidstakarar som begynte i teneste etter 31. desember 1968, og som har tent opp mindre enn 120 fartsmånader etter fylte 40 år. For desse personane blir pensjonsalderen sett opp med ein månad for kvar to månader som manglar på 120 fartsmånader etter fylte 40 år (glidande pensjonsalder), sjå lov om pensjonstrygd for sjømenn § 4 nr. 2. Til dømes vil ein som sluttar til sjøs ved fylte 44 år, først kunne ta ut sjømannspensjon ved fylte 63 år.

Før sjømennene har fylt 62 år kan dei berre få alderspensjon dersom dei har slutta å tene opp pensjonsgjevande fartstid, og ikkje har tilsvarande teneste på utanlandsk skip (§ 4 nr. 4).

Redusert alderspensjon kan bli tatt ut frå fylte 55 år, dersom summen av fartstid og alder er 80 år eller meir (§ 4 nr. 3). Pensjonen blir da sett ned med 0,7 prosent for kvar månad som manglar til pensjonsalderen på det tidspunkt pensjonen først blir utbetalt (§ 5 nr. 4). Denne reduksjonen i alderspensjonen er varig.

Personar som har heil uførepensjon mv. frå folketrygda eller avtalefesta pensjon, har ikkje rett til alderspensjon frå pensjonstrygda for sjømenn.

Retten til ytingar og storleiken på ytingane er avhengig av den pensjonsgjevande fartstida som er tent opp. Det blir normalt kravd ei oppteningstid (pensjonsgjevande fartstid) på 150 månader (12,5 år) for å få alderspensjon (§ 4 nr. 1 første ledd). Full pensjon blir gitt etter 360 månader (30 år) med opptening (§ 5 nr. 1 andre ledd). Visse tidsrom som det ikkje er betalt pensjonsavgift for, blir rekna med i den pensjonsgjevande fartstida (§ 3 nr. 1).

Pensjonen blir gitt etter faste satsar for kvar fartsmånad tent opp av overordna eller underordna sjømenn (§ 5 nr. 1 bokstav a). Det vil seie at sjømannspensjonen er uavhengig av yrkesinntekta. Underordna tener opp pensjon for fartstid etter 30. april 1993 etter ein høgare sats enn for tidlegare fartstid. Satsane er knytt til grunnbeløpet i folketrygda. Frå 1. mai 1999 er full årspensjon som overordna på 153 808 kroner. For underordna utgjer full pensjon mellom 109 863 kroner og 128 455 kroner (maksimal framtidig pensjon). Store inntektsskilnader blant sjømenn gjer at storleiken på pensjonane er varierande i høve til yrkesinntekta. Utvalet har rekna med at både overordna og underordna sjømenn med ei gjennomsnittleg lønn (høvesvis 340 000 og 255 000 kroner), i dag får ein pensjon på om lag 45 prosent av inntekta.

Det blir etter nærmare vilkår utbetalt eit enkeltbeløp (tilbakebetaling av pensjonsavgift) for fartstid frå 36-149 månader (§ 34 nr. 1).

4.3 Overgangsordning for pensjonar tent opp før 1967

Pensjonar som er tent opp før folketrygda blei innført 1. januar 1967, er under avvikling gjennom ei overgangsordning. Pensjonane etter denne ordninga blir gitt etter låge, fastlåste satsar. For alderspensjonar er satsane for årleg pensjon kr 29,00 for kvar fartsmånad som overordna, og kr 17,00 for kvar fartsmånad som underordna (§ 5 nr. 1 bokstav b).

Overgangsordninga omfattar først og fremst enkepensjonar og alderspensjonar til personar som er fylt 67 år, eller har uførepensjon mv.

Per 31. desember 1998 var det om lag 30 700 sjømannspensjonistar, men berre 4 900 av dei hadde ordinær alderspensjon før fylte 67 år. Dei andre hadde pensjon etter overgangsordninga. Årlig beløp i ordinær alderspensjon utgjorde om lag 466 mill. kroner, medan pensjonane etter overgangsordningane med fastlåste satsar utgjorde om lag 80 mill. kroner. I tillegg kjem krigsfartstillegget på om lag 180 mill. kroner.

4.4 Finansiering

Det er i hovudsak to måtar å finansiere pensjonsutgifter på:

  • Utlikning av eit års utbetalingar av pensjon gjennom årlege avgifter eller tilskott, ofte kalla «pay as you go»

  • Kapitaldekning av framtidige pensjonsforpliktingar gjennom fondsoppsamling

«Kapitaldekning» inneber at kvar generasjon sparer til sin eigen pensjonering ved at ein sett av midlar i fond. Yrkesaktive i framtida skal såleis ikkje finansiere dei løpande pensjonsutgiftene for tidlegare generasjonar. Dersom pensjonane skal ha eit avtalt nivå, må dei årlege avsetningane reknast ut frå forventningar om utviklinga i levealder, uførleik, pensjonsalder mv., og forventningar om den framtidige avkastninga av dei oppsparte midla.

Eit utlikningssystem inneber på si side prinsipielt at pensjonsutgiftene eit år blir dekt over rekneskapen for det samme året, ved at nødvendige innbetalingar blir utrekna ut frå forventa utbetalingar av pensjon. Dagens yrkesaktive betalar med andre ord for dei løpande pensjonane til førre generasjon, mens dei overlet til sine etterkommarar å dekke eigne pensjonar.

Pensjonstrygda for sjømenn bygger i hovudsak på eit utlikningssystem, og blir finansiert av avgifter frå arbeidstakarar og reiarlag, visse tilskott frå staten og avkastning av fond.

Pensjonsordninga er garantert av staten (lov om pensjonstrygd for sjømenn § 26).

Arbeidstakarane betalar fast månadsavgift knytt til grunnbeløpet i folketrygda (§ 27 nr. 2). Frå 1. mai 1999 er månadsavgifta 549 kroner for teneste som overordna, og 427 kroner for teneste som underordna. Reiarlaga si avgift er normalt 3,3 prosent av sjømannen si bruttoinntekt om bord (§ 29). Samla betalar arbeidstakarar og reiarlag avgifter på om lag 5,2 prosent av inntekta. Ved teneste på fiske- og fangstfartøy betalar reiarlaget avgift med faste beløp, og avgiftene er her lågare enn elles. I 1998 utgjorde avgiftene frå arbeidstakarane og reiarlaga i alt om lag 446 mill. kroner.

Statens tilskott utgjorde i 1998 om lag 202 mill. kroner. Størsteparten av tilskottet (om lag 90 prosent) gjaldt utgifter til tillegg for fartstid under den andre verdskrigen. Elles utgjorde finansinntektene i 1998 om lag 53,3 mill. kroner.

Finansinntektene i pensjonstrygda skriv seg såleis frå avkastninga av trygda sine fond, som er grunnfondet og reguleringsfondet. Kapitalen i grunnfondet skriv seg frå Nortrashipoppgjeret etter den andre verdskrigen, og utgjer fast 186 mill. kroner (§ 32 nr. 1). Avkastninga kan nyttast til å dekkje utgiftene til trygda, men kapitalen kan ikkje rørast.

Reguleringsfondet er eit bufferfond der overskott i rekneskapsåret skal leggjast til, og det skal elles dekkje underskott i rekneskapsåret (§ 32 nr. 2).

4.5 Private tilleggsordningar oppretta ved tariffavtalar

I dei seinare åra er det inngått forskjellige tariffavtalar om private tilleggsordningar for eit fleirtal av arbeidstakarane som er omfatta av pensjonstrygda for sjømenn. Tariffavtalane omfattar om lag 20 000 arbeidstakarar.

Tariffavtalane tar sikte på at det skal bli gitt alderspensjon frå 60 til 67 år, og at den private pensjonen sammen med den lovfesta sjømannspensjonen skal utgjere 60 prosent av pensjonsgrunnlaget. Full pensjon kan gis etter 30 år, og det er særleg dagens yngre arbeidstakarar som vil få fullt utbytte av tilleggsordningane.

Pensjonsgrunnlaget er fast årleg lønn, og kan etter reglane om private tenestepensjonsordningar ikkje overstige 12 ganger grunnbeløpet i folketrygda. Dersom arbeidstilhøvet tek slutt, har arbeidstakaren krav på rettane som er tent opp i form av ei fripolise.

Premie til tilleggsordningane blir betalt av arbeidsgivarane. I 1998 er premien på om lag 2,7 prosent av lønna i gjennomsnitt for dei ordningane som er oppretta.

4.6 Organisering og administrasjon

Pensjonsordninga for sjømenn blir administrert av ein eigen institusjon, Pensjonstrygda for sjømenn. Institusjonen blir leia av eit styre som Sosial- og helsedepartementet sett ned. Styret har mellom anna medlemmer som er foreslått av arbeidsgivarar og arbeidstakarar (§ 35 nr. 1).

Utbetalingane av pensjon blir gjort gjennom trygdekontora.

Pensjonsordninga har eit komplisert regelverk. Dette fører til at saksbehandlinga i samband med krav om pensjon er arbeidskrevjande. Det gjeld ei rekkje overgangsreglar som fører til omfattande manuelt arbeid.

Å krevje inn pensjonsavgiftene i ei lovfesta, obligatorisk pensjonsordning som pensjonstrygda for sjømenn, er òg ressurskrevjande. Alle skip mv. som kjem inn under ordninga, må registrerast og følgjast opp. Pensjonsavgifter som ikkje blir betalt ved forfall, må ein purre på, og om nødvendig drive inn ved tvangsmiddel.

Ved utgangen av 1998 hadde Pensjonstrygda for sjømenn 47 fast tilsette i arbeid. Dei samla administrasjonsutgiftene samme året var 22,6 mill. kroner, dvs. om lag 2,9 prosent av pensjonsutgiftene.

Til forsida