Ot.prp. nr. 20 (1999-2000)

Om lov om endringar i lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonstrygd for sjømenn mv.

Til innhaldsliste

9 Finansiering av tillegget og kompensasjon for mindre inntekter ved at yrkesgrupper innan offshore kan bli unntatt frå pensjonstrygda. Fornyingar og forenklingar

9.1 Innleiing

Sjømannspensjonsutvalet foreslår at eit tillegg til sjømannspensjonen blir finansiert gjennom omfordelingstiltak. Ei slik omfordeling inneber at sjømenn som er i yrket fram til pensjonsalderen, blir prioritert i forhold til personar som har vore sjømenn i kortare eller lengre tid, men som har slutta som sjømenn før pensjonsalderen.

Det blir dessutan reist spørsmål om å nytte grunnfondet på 186 mill. kroner for å finansiere tillegget.

Omfordelingstiltaka som blir omtalt av utvalet, blei tidlegare foreslått i Ot.prp. nr. 59 (1995-96). Dei enkelte forslaga blei ikkje handsama av Stortinget, som i staden gjorde vedtak om ei utgreiing av pensjonsordninga for sjømenn.

I høyringsrunden er det noko delte meiningar om kva for tiltak ein bør nytte for å finansiere tillegget. Sjømannsorganisasjonane ønskjer primært å nytte grunnfondet, medan reiarlaga ønskjer å gjennomføre fleire av dei tiltaka som utvalet tek opp for å forenkle ordninga. Dei ser eit stort behov for å forenkle ordninga.

Departementet har forståing for dette, og vil gå inn for at enkelte av dei forslaga som blei fremma i Ot.prp. nr. 59 (1995-96), blir vurdert nærmare.

Departementet foreslår at yrkesgrupper innan offshore kan bli unntatt frå pensjonsordninga gjennom dispensasjon frå departementet (punkt 8). Det blir derfor foreslått at innsparingane gjennom omfordelingstiltaka òg skal nyttast til å kompensere for desse mindreinntektene.

9.2 Omfordelingstiltak og forslag til forenklingar omtalt i NOU 1999:6

9.2.1 Bakgrunn for omfordelingstiltaka

Utvalet presenterer i innstillinga ( NOU s 81 flg.) ei liste over tiltak som kan nyttast i ei omfordeling. Utvalet legg til grunn at alle tiltaka kan bli vedtekne av Stortinget gjennom lovendringar, utan å komme i strid med reglane i Grunnloven § 97 om at ingen lov må gis verknad tilbake i tid.

Dei fleste av forslaga har som nemnd tidlegare vore fremma i Ot.prp. nr. 59 (1995-96). Forslaga førte den gang til innvendingar frå sjømannsorganisasjonane. Bakgrunnen for forslaga var å minske utgiftene på grunn av den vanskelege økonomiske situasjonen i pensjonstrygda for sjømenn. Fleire av tiltaka ville elles innebere forenklingar av eit regelverk som er komplisert og arbeidskrevjande å administrere. Når utvalet foreslår mange av dei samme tiltaka, er det stort sett meininga å nytte innsparingane til å auke pensjonane for dei som etter utvalet si meining treng det mest. I innstillinga blir det sagt mellom anna:

«Når utvalget nå drøfter visse endringer i regelverket for den gjeldende pensjonsordningen, er problemstillingen således en annen enn i Ot prp nr 59 (1995-96). Midler som frigjøres foreslås nå benyttet til å øke pensjonene til personer som har seilt fram til pensjonsalderen, og som skal leve av pensjonen. Bakgrunnen for en slik tilnærming er å finne i utvalgets mandat der det heter at statsgarantien ikke skal utvides.»

9.2.2 Moglege omfordelingstiltak og forenklingar omtalt av utvalet

Av moglege forhold i dagens ordning det kan vere naturleg å sjå nærmare på, nemner utvalet:

  • Oppheving av ordninga med å yte pensjon for tid det ikkje er betalt avgift for;I dagens ordning blir det tent opp pensjonsgjevande fartstid i fleire tilfelle sjølv om det ikkje blir betalt avgift for denne tida. Dette gjeld f. eks. under avtening av verneplikta. Kontantverdien av samla innsparingar kan truleg bli om lag 1 milliard kroner.

  • Avgrensing av høvet til å legge sammen fartstid med tenestetid i andre pensjonsordningar for å få rett til pensjon. Innsparingane utgjer om lag 90 mill. kroner i kontantverdi.

  • Oppheving av ordninga med å legge sammen fartstid med tenestetid på skip som ikkje gir pensjonsrett. Innsparinga er på 20 mill. kroner i kontantverdi.

  • Avvikling av overgangsordninga med å yte fastlåste låge pensjonar. Reduserte utgifter er rekna å utgjere om lag 205 mill. kroner i kontantverdi.

  • Oppheving av ordninga med barnetillegg. Kontantverdien av reduserte utgifter er om lag 40 mill. kroner.

  • Avgrensing av ordninga med tilbakebetaling av pensjonsavgift. Reduserte utgifter ved å halvere utbetalingane er om lag 315 mill. kroner i kontantverdi.

Dei samla reduksjonane i utgiftene av alle tiltaka blir av utvalet utrekna til å utgjere 1,7 milliardar kroner i kontantverdi per 1. januar 2000.

Utvalet nemner ytterlegare nokre tiltak som er meint å forenkle administreringa av ordninga. Dette gjeld bl. a. oppheving av ei særordning for personar som utdannar seg til maskinist, og oppheving/avgrensing av retten til å ta ut redusert pensjon før pensjonsalderen. I tillegg vil det innebere administrative innsparingar ved ei eventuell gjennomføring av omfordelingstiltaka som er foreslått.

Utvalet peiker elles på at ein dessutan kan nytte trygda sitt grunnfond på 186 millionar kroner til å finansiere eit tillegg. Det blir peika på at dersom grunnfondet blir nytta, vil dette redusere trygda sine finansinntekter framover.

Eitt utvalsmedlem (representanten for Det norske maskinistforbund) har i ein særmerknad foreslått at finansieringa av tillegg til pensjonane blir staten sitt ansvar utover bruk av grunnfondet. To andre utvalsmedlemer (representantane for Norsk Sjømannsforbund og Norsk Sjøoffisersforbund) uttaler i ein særmerknad at grunnfondet bør nyttast som finansieringskjelde for tillegga.

9.3 Høyring

Høyringsinstansane går ikkje detaljert inn på dei enkelte omfordelingstiltaka, men nokre har enkelte synspunkt på kva for tiltak ein bør nytte for å finansiere eit tillegg.

Sjømannsorganisasjonane krev primært at tillegget blir innført utan at pensjonsytingane blir reduserte for andre grupper sjømannspensjonistar. Dei meiner at grunnfondet må vere tilstrekkeleg som finansieringskjelde.

Norsk Olje- og Petrokjemisk Fagforbundgår prinsipielt imot alle omfordelingstiltak som fjernar rettar dagens medlemmer allereie har, eller rettar dei er lovt å få.

Norges Rederiforbund seier bl. a. i sin merknad:

«Etter vårt syn er alle de forslag som er fremmet meget nøkterne og godt begrunnede. Vi kan ikke se at de er urimelig eller på noen måte berører velervervede rettigheter som har krav på særlig beskyttelse. Samtlige forslag bør derfor gjennomføres. Vi er også meget positive til at de tiltak som foreslås, vil medvirke til en forenkling av Pensjonstrygdens saksbehandling. Dette vil også gi nyttige innsparinger. På dette punkt finner vi imidlertid at utredningen er noe knapp, og vi hadde gjerne sette en bredere analyse av muligheter her.»

Rederienes Landsforening seier at dei har motførestellingar mot å nytte grunnfondet, men at fordelane veg opp for desse. Dei foreslår derfor at grunnfondet blir avvikla for å finansiere tillegget. Ved å nytte grunnfondet meiner dei behovet for å gjere omfordelingar blir sterkt redusert, og at ein unngår den strid ei slik omfordeling ville kunne skape. Dei går òg inn for at ein avviklar overgangsordninga med fastlåste låge pensjonar for fartstid før 1. januar 1967, og at ein opphever ordninga med å godskrive pensjonsgjevande fartstid under avtening av verneplikta utan at det blir betalt avgift for denne tida.

Pensjonstrygda for sjømenn ved styret seier bl. a. i sin merknad:

«Styret er innstilt på at det innenfor gjeldende ordning foretas en del omfordelingstiltak slik utvalget har skissert for å kunne finansiere bedre ytelser for sjømenn med lang fartstid. Samtidig bør det foretas endringer i pensjonstrygdloven som kan gjøre ordningen mer oversiktlig og lettere å administrere. Dette kan lette overgang til en annen pensjonsmodell.».

Rikstrygdeverket meiner det er høveleg med ein gjennomgang av reglane for å få til eit enklare regelverk som bl. a. kan gi administrative innsparingar.

9.4 Departementets vurdering og forslag - omfordeling og forenkling

9.4.1 Innleiing

Departementet meiner kostnadene ved å innføre eit tillegg til sjømannspensjonen bør finansierast innanfor dagens utgiftsramme og statsgaranti.Det vil seie at det må finnast midlar til å finansiere tillegget gjennom ei omfordeling. Ei slik omfordeling inneber at ein prioriterer ytingar til sjømenn som seglar til pensjonsalderen, framfor dei som har vore i sjømannsyrket ein periode, men sluttar før pensjonsalderen. Ein må òg finne kompensasjon for mindreinntekter ved å unnta yrkesgrupper innan offshore frå pensjonstrygda.

Blant dei som seglar til pensjonsalderen, er det mange som vil ha lite utover sjømannspensjonen å leve av; ei yting som for mange vil utgjere om lag 45 prosent av inntekta til sjøs. Departementet meiner derfor det er rimeleg at denne gruppa blir prioritert, gjennom omfordelingar som skaper grunnlag for å finansiere eit inntektsavhengig tillegg til pensjonen.

Departementet har forståing for at Sjømannspensjonsutvalet går inn for ei slik omfordeling. Departementet viser til at dei tiltaka som no blir fremma, er av mindre betydning enn dei omfattande tiltaka som blei fremma i Ot. prp. nr. 59 (1995-96), og som ikkje blei vedtekne av Stortinget. Dei samla tiltaka hadde den gang ein kontantverdi på 2,2 milliardar kroner og skulle gi betre balanse mellom pensjonstrygda sine inntekter og utgifter. Dei tiltaka som no blir fremma, har ein kontantverdi på om lag 700 millionar kroner og skal nyttast til å forbetre og forenkle ordninga.

Departementet vil ikkje foreslå avvikling av grunnfondet,slik utvalet og enkelte av høringsinstansane peikar på. Ei avvikling av grunnfondet vil redusere dei framtidige finansinntektene (avkastning) til pensjonstrygda. Grunnfondet blei dessutan sett av til ei fast og varig pensjonsordning for sjøfolk, og har stått urørt sidan pensjonstrygda blei oppretta.

9.4.2 Godskriving av tid det ikkje er betalt avgift for

9.4.2.1 Vernepliktstid - lov om pensjonstrygd for sjømenn § 3 nr. 1 bokstav a

Departementet foreslår å avgrense ordninga med å godskrive pensjonsgjevande fartstid under vernepliktstenesta. Dette er tidsrom det i dag kan bli tent opp pensjonsgjevande fartstid for, sjølv om det ikkje blir betalt pensjonsavgift for perioden (§ 3 nr. 1 bokstav a).

Den perioden ein avtener verneplikta blir rekna som pensjonsgjevande fartstid når han tar til innan seks månader etter utløpet av pensjonsgjevande fartstid eller maritim skolegang. Tar perioden til seinare, kan han reknast med dersom særlege grunnar gjer det rimeleg. Regelen gjeld for alle våpenartar og for sivil tenesteplikt. Det er ikkje stilt noko minstekrav til fartstid før eller etter vernepliktstenesta, eller til total fartstid.

Det er ofte vanskeleg å skaffe fram dokumentasjon for vernepliktstid. Bakgrunnen er at denne perioden ikkje er registrert i noko sjømannsregister. Sakshandsaminga er i alle tilfelle ressurskrevjande.

Departementet meiner at det ikkje utan vidare er naturleg å ta omsyn til vernepliktstid i ei pensjonsordning som er basert på at det blir gitt pensjon for avgiftspliktig fartstid. Ordninga med slik «gratis» godskriving av tenestetid kjem særleg personar som sluttar tidleg som sjømenn til gode, fordi dei som er yrkessjømenn fram til pensjonsalderen, vil oppnå full tenestetid uavhengig av vernepliktstida. I ei omfordeling der «livsvarige sjømenn» blir prioritert, er derfor dette etter departementet si oppfatning eit høveleg omfordelingstiltak.

Departementet legg dessutan vekt på at praktiseringa av regelen er arbeidskrevjande, fordi det ofte er vanskeleg å skaffe dokumentasjon for vernepliktsteneste som ligg mange år tilbake.

Ei endring vil gjelde personar som ikkje har tent opp pensjon fullt ut ved ordinær teneste til sjøs. Vernepliktstida har variert mellom 12 og 18 månader.

Departementet foreslår at det i ei overgangstid blir gitt høve til å rekne med slik tid for å komme opp i minstekravet for å få rett til pensjon (150 fartsmånader). Dette gjeld for dei som har avtent vernepliktstenesta før 1981. Dette årstalet er sett for å avgrense overgangsordninga i tid. Endringa vil da føre til at ein kan behalde sjølve retten til pensjon som forutsett. Enkelte utan full opptening får noko mindre i pensjon som følgje av at vernepliktstenesta ikkje lenger blir medrekna som pensjonsgjevande fartsstid. Dette blir presisert av informasjonsomsyn i § 4 nr. 1 tredje ledd.

Departementet foreslår at § 3 nr. 1 bokstav a blir oppheva, og at overgangsordninga blir regulert i § 4 nr. 1 andre ledd bokstav c. Det blir vist til lovforslaget.

Det blir foreslått at endringa trer i kraft 1. januar 2001.

Kontantverdien per 1. januar 2000 av reduserte pensjonsutgifter ved å avgrense ordninga med godskriving av vernepliktsteneste som oppteningstid, kan setjast til om lag 300-400 mill. kroner. Endringa vil gjere pensjonsordninga lettare å administrere.

9.4.2.2 Fartstid det ikkje er betalt avgift for - endringslov 11. juni 1993 nr. 104 avsnitt IV

Ved lov 11. juni 1993 nr. 104 blei det i lov om pensjonstrygd for sjømenn § 3 nr. 1 første punktum presisert at berre fartstid som det er betalt avgift for, skal reknast som pensjonsgjevande fartstid. Samstundes fekk styret i Pensjonstrygda for sjømenn heimel til å godskrive fartstid som det ikkje er betalt avgift for, når særlege grunnar gjer det rimeleg.

I Ot.prp nr. 64 (1992-93) blei det foreslått at endringa skulle gis verknad for alle krav som pensjonstrygda mottok etter 1. juli 1993. Styret skulle nytte ein liberal dispensasjonspraksis for krav dei mottok om fartstid før denne dato. Under handsaminga i Stortinget blei det bestemt at kravet om innbetaling av avgift berre skulle gjelde for fartstid etter at lova blei sett i verk, 1. juli 1993. Dette inneber at all fartstid, med eller utan avgiftsbetaling, før denne datoen må reknast med som pensjonsgjevande fartstid.

I Ot.prp nr. 59 (1995-96) foreslo departementet igjen at kravet om at det må vere betalt avgift for den fartstida som skal reknast som pensjonsgjevande, skulle gis verknad for all fartstid etter 1. juli 1949. Det blei med andre ord foreslått at reglane om verknadstidspunkt, avgrensa til fartstid etter 1. juli 1993 i endringslov 11. juni 1993 nr. 104, skulle endrast. Forslaget gjaldt såleis all avgiftspliktig fartstid det ikkje er betalt avgift for, men berre for nye pensjonstilfelle, sjå proposisjonen side 9. Forslaget blei som nemnd ikkje handsama av Stortinget. Etter ønske frå styret i Pensjonstrygda for sjømenn tar departementet nå saka opp på nytt.

Lova sitt system har alltid lagt til grunn at det for teneste om bord må vere betalt inn avgift for at det skal gis rett til pensjon. Dersom det skal bli godskrive fartstid det ikkje er betalt inn avgift for, kan trygda måtte betale ut store pensjonsbeløp for perioden før 1. juli 1993 utan at motytingar er betalt inn.

Årsaka til at avgift ikkje er betalt inn, kan vere at det er uklart om ein har plikt til det. Det er funne at det i ei tid ikkje blei betalt pensjonsavgift for visse arbeidstakarar tilsett hos underentreprenørar (biarbeidsgjevarar) i petroleumsverksemda (til dømes cateringpersonell). Det samme gjeld arbeidstakarar på flytande innretningar som i si tid ikkje blei sett på som «skip» etter petroleumslova. Elles har manglande avgiftsbetaling hendt for fartøy i innanriks fart, inkludert i fiske og fangst, kor det ikkje var mønstringsplikt.

Styret i Pensjonstrygda for sjømenn meiner det ikkje er rimeleg at arbeidstakarar og reiarar i dag skal finansiere slik «gratistid» gjennom si avgiftsbetaling. Opparbeidde pensjonsrettar bør elles ikkje bli reduserte med verknad tilbake i tid.

I dette tilfellet dreier det seg om rettar som ikkje er opparbeidde, fordi det ikkje er betalt inn avgift. Dei dette gjeld kan dessutan neppe ha noko forventning om å få pensjon for slik fartstid. Kravet om at lovbestemt avgift må vere innbetalt, bør derfor gjelde all fartstid etter 1. juli 1949, ikkje berre for fartstid etter 1. juli 1993.

Departementet legg òg vesentleg vekt på den administrative forenklinga endringa inneber, og at styret i pensjonstrygda har bedt om ei slik endring, seinast i brev av 27. august 1999.

Departementet vil såleis foreslå at for krav framsett etter 1. januar 2001 må det vere betalt avgift for all trygdepliktig fartstid etter 30. juni 1949, for at fartstida skal reknast som pensjonsgjevande.

Etter sin ordlyd gjeld § 3 nr. 1 første punktum også i dag all fartstid, uansett når fartstida har funne stad. Departementet foreslår derfor at reglane om verknadstidspunkt i endringslov 11. juni 1993 nr. 104 avsnitt IV, blir endra. Regelen som seier at endringa trer i kraft 1. juli 1993, avgrensa til fartstid etter denne dato, blir foreslått endra til fartstid etter 30. juni 1949. Forslaget gjeld såleis all trygdepliktig fartstid det ikkje er betalt avgift for, men berre for nye tilfelle.

Det blir vist til lovforslaget del III om endring i lov 11. juni 1993 nr. 104 om endringer i lov 17. juni 1966 nr. 12 om folketrygd og i visse andre lover avsnitt IV femte ledd.

Departementet foreslår at endringa trer i kraft 1. januar 2001.

Reduserte utgifter til pensjon vil etter forsiktige overslag auke frå om lag 1 mill. kroner i år 2000 til om lag 7 mill. kroner i 2009-11, for deretter å minke til dei utgjer om lag 0,5 mill. kroner i 2020. Kontantverdien per 1. januar 2000 av dei reduserte pensjonsutgiftene er rekna til 90 mill. kroner. Endringa vil gjere sakshandsaminga i pensjonstrygda enklare.

9.4.2.3 Forenkla godskriving av tidlegare tid med feriegodtgjering og fritidskompensasjon - lov om pensjonstrygd for sjømenn § 3 nr. 1 bokstav c

Departementet meiner at ordninga med å få medrekna tidlegare periodar med sjuketid og tidsrom under ferie og avspasering av fridagar mv. som pensjonsgjevande fartstid, må halde fram(§ 3 nr. 1 bokstav c, jf. § 1 nr. 3). Dette er tidsrom som har ein særleg tilknyting til yrket som sjømann.

Det kan vere vanskeleg å dokumentere tid med feriegodtgjering og fritidskompensasjon før 1. oktober 1975, som det ikkje er betalt avgift for. Departementet vil derfor foreslå at styret i pensjonstrygda kan gi reglar om forenkla utrekning for slik tid.

Departementet viser til lovforslaget § 3 nr. 1 andre ledd.

Det blir foreslått at endringa trer i kraft 1. januar 2001.

Endringa vil ikkje føre til høgare pensjonsutgifter, men ein forenkla administrasjon.

9.4.2.4 Særordninga for personar under utdanning til maskinist - lov om pensjonstrygd for sjømenn § 3 nr. 1 bokstav b

Ordninga inneber at det kan godskrivast pensjonsgjevande fartstid for tidsrom der ein utdannar seg til maskinist ved verkstad/aspirantkurs, dersom det blir innbetalt arbeidstakaravgift.

Regelen blir praktisert slik at avgifta må bli innbetalt i samband med tida på verkstad/aspirantkurs (med høve for ei viss utsetjing). Det har ikkje vore innbetalt avgift i samband med tenesta på ei årrekkje. I ei viss utstrekning blir det søkt om å få innbetale avgift for verkstadtid mange år tilbake i samband med krav om pensjon. Ordninga skaper såleis ei forventning om betre pensjonsutbetalingar, og gir meirarbeid for Pensjonstrygda for sjømenn, blant anna med ankesaker til Trygderetten.

Departementet foreslår at § 3 nr. 1 bokstav b blir oppheva.

Det blir foreslått at endringa trer i kraft 1. januar 2001.

Endringa vil ikkje ha økonomiske konsekvensar, men ho vil føre til ei administrativ forenkling.

9.4.3 Låge pensjonar etter fastlåste satsar for fartstid før 1967 - lov om pensjonstrygd for sjømenn § 5 nr. 1 bokstav b m. fl.

Departementet foreslår å avvikle overgangsordninga med å yte fastlåste låge pensjonar for fartstid før 1. januar 1967. Ordninga gjeld i det vesentlege alderspensjonar etter fylte 67 år, alderspensjonar til den som har uførepensjon mv. frå folketrygda/avtalefesta pensjon og enkepensjonar (§ 5 nr. 1 bokstav b og § 7 første ledd).

Folketrygda gir i dag kompensasjon for tid før 1967 gjennom reglane om overkompensasjon for personar født før 1937 (folketrygdlova § 3-9).

Fordi det dreier seg om fartstid som er tent opp før 1. januar 1967, blir det gitt stadig færre nye pensjonar etter fastlåste satsar, og dei blir dessutan mindre og mindre. Stadig fleire av dei nye pensjonane blir løyst ut med eit enkeltbeløp, fordi pensjonane per år utgjer mindre enn fire prosent av grunnbeløpet i folketrygda.

Ytingane vil for nye tilfelle ikkje bidra vesentleg til livsopphaldet. For eksempel vil ein sjømann som fyller 60 år i 2000, maksimalt kunne oppnå ein pensjon etter overgangsordninga på 204 kroner per månad (med fartstid som underordna), dersom han kan bli godskrive samanhengande tid frå fylte 15 år til utgangen av 1966. Dette maksimumsbeløpet vil bli redusert med 17 kroner for kvart fødselsår etter 1940. Tilsvarande vil pensjonen for ei enke etter ein slik sjømann maksimalt kunne utgjere 55 kroner per månad. Pensjonen blir redusert med 5 kroner for kvart år sjømannen er født etter 1940.

Ei avvikling av overgangsordninga med å yte små, fastlåste pensjonar vil frå først av gjelde for om lag 2 000 personar i året, men talet vil minke etter kvart som det er tent opp stadig mindre pensjonsgjevande fartstid før 1967.

Departementet foreslår at overgangsordninga blir avvikla for nye pensjonstilfelle.

Departementet viser til lovforslaget, § 5 nr. 1 og §§ 6, 7, 8, 13 og 15. Det blir foreslått ein overgangsregel i § 28, mellom anna held gjeldande reglar for enkepensjon fram når den avdøde hadde krigsfartstillegg. Reglane om kapitalutløysing er etter forslaget flytta til § 28 nr. 4.

Departementet foreslår at endringane trer i kraft 1. januar 2001.

Reduserte utgifter til pensjon vil vere om lag 9 mill. kroner i år 2001. Dei årlege reduksjonane i utgiftene vil auke til om lag 16 mill. kroner i 2006. Seinare vil dei minke, og utgjere mindre enn 1 mill. kroner i 2022, deretter 0. Dei reduserte utgiftene er rekna til om lag 200 mill. kroner i samla kontantverdi per 1. januar 2000. Det vil gi administrative innsparingar å avvikle overgangsordninga.

9.4.4 Ordningane med å legge sammen tenestetid for rett til pensjon

For å få rett til pensjon frå pensjonstrygda for sjømenn, er det et vilkår at vedkommande sjømann har vore medlem av pensjonsordninga i ei viss minstetid. Etter lov om pensjonstrygd for sjømenn § 4 nr. 1 første ledd blir det som hovudregel berre gitt alderspensjon til arbeidstakarar med meir enn 150 pensjonsgjevande fartsmånader.

9.4.4.1 Ordninga med å legge sammen tenestetid i pensjonsordningar for å få rett til pensjon - lov om samordning av pensjons- og trygdeytelser § 6

Pensjonstrygda for sjømenn er omfatta av lov om samordning av pensjons- og trygdeytelser, jf. denne lova § 1. Ein sjømann som har færre enn 150 pensjonsgjevande fartsmånader, kan likevel få rett til pensjon dersom han har minst 36 fartsmånader, og i tillegg tenestetid i ei anna samordningspliktig tenestepensjonsordning som er så lang at samla tenestetid blir minst 150 månader. Dette følgjer av samordningslova § 6.

Departementet foreslår at denne ordninga med å legge sammen tenestetid blir oppheva.

Ein kan først legge sammen tenestetid frå det tidspunktet pensjonsalderen er nådd i begge ordningane.

Fordi pensjonen frå dei andre ordningane vanlegvis blir ytt frå langt høgare alder (67 år eller seinare) enn den som gjeld i pensjonstrygda for sjømenn, har ordninga med å legge sammen tenestetid lite å seie i praksis. Det vil i tilfelle vere snakk om små pensjonar som blir ytt etter overgangsordninga. Er det på førehand utbetalt eit enkeltbeløp i tilbakebetaling av pensjonsavgift, skal dette gå til frådrag. Dersom pensjonsalderen i ei anna ordning er låg (særaldersgrense), vil sammenlegging kunne skje før 67 år (i nokre tilfelle allereie frå 60 år). Både i desse og i andre tilfelle vil heile eller delar av sjømannspensjonen ofte gå til frådrag i den andre pensjonen.

Departementet foreslår, i samsvar med NOU 1999:6, at ordninga held fram mellom Pensjonstrygda for sjømenn og Pensjonstrygda for fiskarar, og med eit visst høve til å ta omsyn til anna tenestetid på skip. Kravet til oppteningstid for å kunne yte pensjon ved å legge sammen tenestetid, blir foreslått sett ned til 12 månader.I begge dei nemnde pensjonstrygdene skjer oppteninga av tenestetid på fartøy, og begge er førtidspensjonsordningar til folketrygda frå 60 år.

Det er truleg at forslaget vil gjelde om lag 30 sjømannspensjonistar per år, og det dreier seg stort sett om tenestetid som underordna. Tenestetida varierer frå 36 til 149 månader, og pensjonane varierer frå om lag 11 000 kroner til om lag 45 000 kroner per år. Dersom forslaget blir vedtatt, vil mange personar få auka tenestepensjon frå andre tenestepensjonsordningar med tilsvarande beløp.

Departementet viser til lovforslaget, samordningslova § 6 nytt tredje ledd og lov om pensjonstrygd for sjømenn § 4 nr. 1 andre ledd bokstav a.

Det blir foreslått at endringane trer i kraft 1. januar 2001.

Reduserte utgifter til pensjon blir utrekna til om lag 0,4 mill. kroner i år 2000, og aukar til om lag 4,5 mill. kroner når alle sju årskulla er fylt opp. Seinare vil dei reduserte utgiftene variere etter storleiken på årskulla. Kontantverdien per 1. januar 2000 av reduserte pensjonsutgifter er i alt rekna til 90 mill. kroner. Endringa vil føre til at pensjonsordninga blir enklare å administrere.

9.4.4.2 Ordninga med å legge sammen pensjonsgjevande fartstid med tenestetid på skip som ikkje gir pensjonsrett - lov om pensjonstrygd for sjømenn § 4 nr. 1 andre ledd

Ein sjømann som har færre enn 150 pensjonsgjevande fartsmånader, kan likevel få rett til pensjon dersom han har minst 75 pensjonsgjevande fartsmånader og i tillegg tenestemånader (ikkje pensjonsgjevande) på norske skip over 50, men under 100 bruttotonn. Det er krav om at summen av pensjonsgjevande fartsmånader og ikkje-pensjonsgjevande tenestemånader er minst 150 månader (§ 4 nr. 1 andre ledd).

Departementet foreslår å oppheve ordninga med å få rett til pensjon ved å legge sammen med tenestetid på mindre skip.

Det kan reisast tvil om gjeldande regel er rimeleg, fordi den fører til at nokon som har betalt avgift for få månader, oppnår pensjon, mens andre som har betalt for atskillig fleire månader, ikkje får pensjon fordi dei ikkje når opp i 150 månader. Tenestetida på dei mindre skipa finst ikkje i noko register, slik at saksbehandlinga kan være tidkrevjande på grunn av innhenting av opplysningar.

Forslaget vil anslagsvis gjelde tre personar per år. Pensjonsgjevande fartstid for denne gruppa tidlegare sjømenn er normalt tent opp i teneste som underordna, og varierer frå 75 til 149 pensjonsgjevande fartsmånader.

Departementet viser til lovforslaget § 4 nr. 1 andre ledd bokstav a.

Det blir foreslått at endringa trer i kraft 1. januar 2001.

Reduserte utgifter til pensjon ved å oppheve regelen er utrekna til om lag 0,1 mill. kroner i år 2000, aukande til om lag 1,0 mill kroner når alle sju årskulla er fylt opp. Seinare vil dei reduserte utgiftene variere etter storleiken på årskulla. Innsparingane er rekna til 20 mill. kroner i kontantverdi per 1. januar år 2000. Endringa vil føre til visse forenklingar i saksbehandlinga.

9.4.5 Retten til å ta ut redusert pensjon før pensjonsalderen - § 4 nr. 3 og § 5 nr. 4

I dag er det høve til å ta ut ein redusert pensjon inntil fem år før pensjonsalderen dersom ein har slutta i pensjonsgjevande teneste og summen av alder og tenestetid er 80 år eller meir. Pensjonen blir da redusert med 0,7 prosent for kvar månad pensjonen blir gitt før pensjonsalderen.

For den enkelte som er utan arbeid, vil det vanlegvis vere meir gunstig med dagpengar under arbeidsløyse. Ordninga er derfor lite nytta, men fører til meirarbeid.

Departementet foreslår at retten etter § 4 nr. 3 og § 5 nr. 4 til å ta ut redusert pensjon før pensjonsalderen blir oppheva.

Det blir foreslått at endringane trer i kraft 1. januar 2001.

Endringane vil ikkje ha økonomiske konsekvensar av noko vekt, men dei vil føre til ei administrativ forenkling.

9.4.6 Oppsummering

Samla kostnadsreduksjon kan reknast å utgjere om lag 700 mill. kroner i kontantverdi ved dei tiltaka som departementet foreslår. Innsparingane vil dekkje både meirutgifter til tillegget på 250 mill. kroner og mindreinntektene ved at yrkesgrupper innan offshore kan bli unntatt frå pensjonstrygda (om lag 400 mill. kroner).

Tiltaka vil også medføre administrative forenklingar for pensjonstrygda.

Departementet viser også til at kostnadene ved tillegget som foreslått etter § 6 er noko usikre, bl. a. er dei baserte på at talet på sjømenn som held fram i yrket fram til pensjonsalderen - og dermed vil få rett til tillegget - vil bli som i dag. Dette kan forandre seg, bl. a. kan innføringa av eit tillegg skape incitament til at fleire vel å fortsette i sjømannsyrket fram til pensjonsalderen. Dessutan er innsparingane ved omfordelingstiltaka noko usikre, f. eks. foreslår departementet at vernepliktstid framleis kan medreknast for å komme opp i minstekravet for rett til pensjon, noko som vil gi ei mindre innsparing enn utvalet la til grunn.

Det er ein føresetnad at dei aktuelle endringane - tillegget etter § 6 og mindreinntektene ved at nokre yrkesgrupper kan unntas frå pensjonstrygda - ikkje svekker økonomien i trygda ytterlegare. Når endringane blir sikra gjennom omfordeling som foreslått, vil òg tillegget falle innanfor staten sin garanti.

Det blir foreslått som nemnd ovanfor, at endringane trer i kraft med verknad frå 1. januar 2001.

Til forsida