Ot.prp. nr. 20 (2007-2008)

Om lov om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova)

Til innhaldsliste

5 Marin bioprospektering – marine genressursar

5.1 Bakgrunn

Bioprospektering er formålsretta leiting etter naturstoff i genetisk materiale for å prøve ut eigenskapane til materialet og utnytte dei kommersielt. Utnyttinga kan mellom anna bestå i å produsere det syntetisk, lage produkt basert på det genetiske materialet eller å setje gen frå materialet inn i andre organismar for å gje desse nye eigenskapar.

Vi har i dag ikkje rettsreglar som omfattar marin bioprospektering og utnyttinga av marine genressursar utover det som følgjer av patentlova med omsyn til vilkår for, og rettsverknader av, å få patent til oppfinningar knytta til resultatet av bioprospektering. Dersom ein ved hjelp av bipoprospektering finn fram til nyttige arvestoff i genmaterialet og set dette inn i levande organismar, vert det regulert av genteknologilova. Genteknologilova har mellom anna til formål «å sikre at framstilling og bruk av genmodifiserte organismer skjer på ein etisk og samfunnsmessig forsvarlig måte», jf. genteknologilova § 1.

Det er berre eit fåtal av livsformene som finst langs norskekysten og i dei nordlege havområda som er utforska og vert utnytta i næringssamanheng. Mange marine artar er truleg enno ikkje beskrivne, og få av dei kjende artane er karakteriserte i særleg grad når det gjeld genetiske og molekylære eigenskapar. Dette gjeld særleg dei kuldetilpassa organismane, fordi forskinga ofte har konsentrert seg om livsformer frå tropiske og tempererte farvatn.

Dei neste 20 åra vil vi kunne få ei ekspansiv utvikling i kartlegginga av biologisk materiale frå dei nordlege farvatna. Her har Noreg særlege fortrinn fordi vi har ei lang kystlinje som grensar opp til subarktiske og arktiske farvatn, og vi har infrastruktur som gjer at vi kan hente inn og karakterisere eit vidt spekter av marine organismar frå desse farvatna. Sjølv om vegen frå innhenting av råmateriale via leite-, analyse- og utviklingsfasen til kommersiell verksemd er lang, og trass i at langt frå alle prospekteringsprosessar fører til resultat, vil ein kommersiell suksess også kunne gje betydeleg økonomisk gevinst.

5.2 Forholdet til folkeretten

Etter folkeretten og biomangfaldkonvensjonen frå 1992 artikkel 3 har statane suveren rett til å utnytte eigne biologiske ressursar. Dette vert utdjupa i høve til genressursane, i artikkel 15 nr. 1: «Idet det erkjennes at statene har suverene rettigheter over sine naturressurser, ligger myndigheten til å bestemme over tilgangen til genressursene hos nasjonale regjeringer og er undergitt nasjonal lovgivning». Tilgangen til genressursane kan såleis regulerast av nasjonale styresmakter. På marin side samsvarar dette med kyststatane sin eksklusive rett til utnytting av ressursane i økonomiske soner og på kontinentalsokkelen etter havrettskonvensjonen kap. V og VI.

Havrettskonvensjonen art. 56 nr.1 a) gjev kyststaten suverene rettar over alle levande og ikkje-levande naturførekomstar i vatnet over havbotnen, på havbotnen og i undergrunnen i den økonomiske sona. Havrettskonvensjonen stadfester vidare kyststatens eksklusive og suverene rettar over kontinentalsokkelen i art. 77.

Etter biomangfaldkonvensjonen og havrettskonvensjonen kan såleis opphavslandet sjølv bestemme over tilgangen til genetisk materiale og stille vilkår for slik utnytting.

Leverandørlandet skal likevel leggje vinn på å gje andre statar tilgang til ressursane, jf. biomangfaldkonvensjonen art. 15 nr. 2: «Hver kontraherende part skal bestrebe seg på å legge forholdene til rette for å lette andre kontraherende Parters tilgang til genetiske ressurser for miljømessig forsvarlig bruk, og skal ikke innføre restriksjoner som motvirker målsetningene i denne konvensjon».

For uttak av genetisk materiale gjev biomangfaldkonvensjonen traktatspartane høve til å stille krav om samtykke frå leverandørlandet, jf. art. 15 nr. 5: «Tilgang til genetiske ressurser skal være avhengig av forutgående samtykke fra den kontraherende Part som leverer slike ressurser, med mindre annet er bestemt av vedkommende Part». Uautorisert prospektering og uttak med etterfølgjande utnytting av genressursar frå leverandørlandet vert ofte kalla «biopiracy».

Etter konvensjonen artikkel 15 nr. 7 skal det setjast i verk høvelege rettslege, administrative eller politiske tiltak med sikte på å oppnå «en rimelig og likeverdig fordeling med de kontraherende Parter som leverer disse ressursene, av resultatene fra forskning og utvikling og av fordelene som følger av kommersiell eller annen utnyttelse av genressursene». Partane skal med andre ord sikre at leverandørlanda får ein rimeleg del bl.a. av den økonomiske avkastninga frå utnyttinga av eigne genressursar. Konvensjonen gjev med andre ord rett til å stille vilkår som kan sikre Noreg ein rimeleg del av utbyttet ved utnytting av genressursar under føresetnad av at det genetiske materialet anten kjem frå Noreg eller er henta frå eit anna land i tråd med føresegnene i konvensjonen.

Biomangfaldkonvensjonen gjev såleis heimel for å stille ulike vilkår for andre sin tilgang til genressursar, så sant dei ikkje vert så tyngande at det hindrar faktisk tilgang. Krava kan likevel ikkje vere strengare enn at dei ligg innanfor konvensjonens krav til «en rimelig og likeverdig fordeling». Lokalkunnskap skal også kompenserast dersom det vert nytta lokalkunnskap frå urfolk eller lokalsamfunn om eigenskapane til marine genressursar (art. 8j).

Tilgangen skal vere «på gjensidig avtalte vilkår» (art. 15 nr.4) og fordelar ved tilgang til genetiske ressursar skal sikte mot «å oppnå en rimelig og rettferdig fordeling med de kontraherende Parter som leverer disse ressursene» (art.15 nr. 7). Dette gjeld mellom anna fordelar ved utnytting som inneber patentering, men også til dømes lisensiering for biomasseuttak er omfatta av «annen utnyttelse» (art.15 nr. 7). Eit døme på biomasseuttak som kan stride mot dette er uautoriserte uttak som vert selt til utanlandske interessentar og som fører til at ein ikkje kan dekke lokal etterspørsel.

Biomangfaldkonvensjonen art. 15 inneber altså ei plikt til å sikre at norsk uttak frå andre leverandør- eller opphavsland skjer i samsvar med nasjonal lovgjeving, at uttak av ressursar skjer etter samtykke og at det kan stillast vilkår for utnytting av eigne genressursar, medrekna krav om fordelar.

Innhaldet av omgrepet fordelar er nærare beskrive i Bonn-retningslinjene, som er ikkje-bindande retningslinjer til biomangfaldkonvensjonen art. 15. Etter Bonn-retningslinjene kan dei monetære fordelane ein kan krevje blant anna omfatte lisensavgift, royalties eller delt eigarskap til immaterielle rettar. Dei ikkje-monetære fordelane kan blant anna innebere tilgang til vitskaplege data frå forsking og utvikling eller byte av tilgang til genetiske ressursar. Det følgjer vidare av art. 19 nr. 2 at partar til avtalen skal sikrast tilgang til kunnskap frå bioteknologiske resultat som utnyttar leverandørlandets genressursar på bakgrunn av informert samtykke. Utviklingslanda skal sikrast slik tilgang på rimelege og mest mogleg fordelaktige vilkår, som vert presiserte i art. 16 nr. 3. Forholdet til Bonn-retningslinjene og biomangfaldskonvensjonen art. 15 er inngåande drøfta i biomangfaldlovutvalets utgreiing, NOU 2004:28 s. 497 – 498.

Når det gjeld samlingar av marint genetisk materiale, må marine biobankar som er underlagde offentleg forvaltning, forvaltast i tråd med biomangfaldkonvensjonens reglar om tilgang, i dei generelle retningslinjene i art. 15. Dette fell utanfor verkeområdet til havressurslova, jf. kap 3.1.

Havrettskonvensjonen frå 1982 skil mellom to kategoriar aktivitetar knytt til viltlevende marine ressursar; vitskapleg havforsking og kommersielt orienterte aktivitetar, medrekna prospektering, utforsking og utnytting. Bioprospektering er ikkje uttrykkeleg behandla i havrettskonvensjonen, men denne aktiviteten kan sidestillast med prospektering retta mot mineralforsking, som er regulert av konvensjonen.

Havforsking dreiar seg om innsamling og analyse av informasjon, data og prøver med sikte på å auke menneska sin felles kunnskap om miljøet og har ikkje økonomisk gevinst som mål. Sidan målet med denne aktiviteten er kunnskap, er det karakteristisk for havforskinga å vere open, spreie data, utveksle og offentleggjere og spreie forskingsresultat i samsvar med konvensjonens del XIII, der det i art. 238 heiter at: «(a)lle stater, uansett geografisk beliggenhet, og kompetente internasjonale organisasjoner har rett til å drive vitenskaplig havforskning, med forbehold for de rettigheter og plikter som er fastsatt i denne konvensjon for andre stater. »

Prospektering inneber ikkje forsking på denne måten. Prospektering er undersøkande verksemd utførd blant anna for å vurdere den økonomiske verdien av ein ressurs i forkant av framtidig kommersiell utnytting. Dette vert regulert av konvensjonens del V, der det av art. 56 følgjer at kyststaten har suverene rettar til «å undersøke og utnytte, bevare og forvalte så vel levende som ikke-levende naturforekomster i vannmassene over havbunnen, på havbunnen og i undergrunnen, og med hensyn til annen virksomhet med sikte på økonomisk utnyttelse».

Etter biomangfaldkonvensjonen og havrettskonvensjonen har såleis Noreg suverene rettar til å regulere bioprospektering som vert gjennomførd med sikte på systematisk utprøving av det uttekne materialet sine eigenskapar for kommersiell utnytting.

5.3 Forslaget frå havressurslovutvalet

5.3.1 Innleiing

Utvalet vil med lovforslaget sittt «legge grunnlaget for å regulere og forvalte også nye marine virksomheter, som bioprospektering og andre aktiviteter som forutsetter tilgang til eller uttak av viltlevende marine ressurser. Utvalget foreslår at det i forvaltningen av viltlevende marine ressurser og genetisk materiale skal tas hensyn til en økosystembasert tilnærming, biologisk mangfold og viktige områder for livssyklusen til viltlevende marine ressurser».

5.3.2 Grunngjevinga til utvalet

Utvalet har ei omfattande grunngjeving for forslaget og uttalar mellom anna:

Havressursloven vil være forvaltningsloven for uttak og tilgang til alle viltlevende marine ressurser. Også reguleringen av uttak og tilgang til marine genressurser omfattes av de suverene rettigheter i den økonomiske sone og på kontinentalsokkelen etter havrettskonvensjonen og biomangfoldkonvensjonen. I biomangfoldkonvensjonen art. 2 er «genressurser» definert som genetisk materiale av faktisk eller potensiell verdi. Genetisk materiale er ethvert materiale fra planter, dyr, mikrober eller av annen opprinnelse som inneholder funksjonelle arveenheter. Med funksjonelle arveenheter forstås genetisk materiale som kan overføres fra en organisme til en annen.

Det genetiske materiale omfatter ikke bare genene, men også molekylærforbindelser inneholdende arvestoffer (proteiner, enzymer, fettsyrer mv.) som kan trekkes ut av den fysiske ressurs og anvendes til særskilte utnyttelsesformål. Eksempelvis er genene grunnlag for proteiner som kan fungere som enzymer og hormoner. Hormoner kan styre en organismes vekst, utvikling eller andre viktige funksjoner, mens enzymer kan virke som katalysatorer for stoffomsetning i en organisme. Det er likevel en betingelse etter Biomangfoldskonvensjonen at materialet inneholder arvestoffer. Ettersom begrepet genressurser ikke var i bruk på den tiden Havrettskonvensjonen ble vedtatt, viser konvensjonen ikke uttrykkelig til slike ressurser. Marine genressurser er imidlertid biologiske ressurser og er dermed omfattet av norske suverene rettigheter i den økonomiske sone og på kontinentalsokkelen etter Havrettskonvensjonen. Videre får konvensjonen anvendelse på alle aktiviteter i hav og sjø, herunder leting etter og uttak av genmateriale, innenfor norske jurisdiksjonsområder.

Når loven regulerer tilgang til og uttak av ressursene, vil det videre ligge innenfor virkeområdet å gi hjemler som kan sette vilkår for slik tilgang og utnyttelse. Utnyttelsesformål vil kunne være tradisjonelt biomasseuttak, men også bioprospektering og havforskning. Begrepet all utnyttelse omfatter utnyttelse av både hele eller deler av ressursen, eksempelvis biprodukter og marint genetisk materiale.

Marin bioprospektering er en formålsrettet leting etter naturstoffer i marint genetisk materiale med sikte på systematisk utprøving av materialets egenskaper. Ved utprøvingen letes etter og kartlegges såkalte bioaktive stoffer, som kan brukes i kommersiell sammenheng.

Marin bioprospektering har ikke lang historie i Norge. Riktignok har alginater/marine polysakkarider fra tang og tare vært studert i flere tiår og gitt kommersielle produkter, men studier av marine organismer har ellers gjerne vært gjennomført som grunnforskning, eller vært motivert av behovet for å løse problemer for fiskeri- og havbruksnæringen. På 1980-tallet begynte de næringsrettede forskningsmiljøene for alvor å undersøke marine biprodukter med tanke på produksjon av biokjemikalier. Biproduktene, som kunne utgjøre 2/3 av fangsten, gikk til fôrindustrien eller ble kastet, og var på mange måter et problem for næringen.

Marin bioprospektering kan foregå i henhold til tre ulike strategier:

Råstoffutnyttelse hvor utgangspunkt tas i tilgjengelig råstoff – typisk utvikling av biprodukter for å produsere marine oljer, enzymer mv.

Indikasjonsbasert prospektering som bygger på en antagelse om at en art eller biotop inneholder interessante gener eller bioaktive stoffer basert på grunnforskning, folkemedisin eller lokalkunnskap.

Screeningsbasert bioprospektering (siling) hvor det siles blindt etter aktive stoffer (systematisk testing av et stort antall stoffer i forhold til et definert mål).

Stoffene som det prospekteres etter kan være gener eller molekylærforbindelser som proteiner, enzymer og fettsyrer, eller hele organismer. Prospektering er gjerne formålsrettet, og kjennskap til genene vil være en forutsetning eller i det minste gi et fortrinn for å oppnå kommersielle resultater. Medisinske miljøer leter ofte etter komponenter som har anti-bakteriell virkning, materiale som virker som et slags antibiotikum, samt immunstimulerende og kreftlindrende stoffer. Finner forskerne slikt materiale, forsøker de å rense og karakterisere de aktive komponentene. Dernest skal de testes. Først når forskerne har klart å fremstille virkestoffet syntetisk, er prosessen fullført. Underveis kartlegges og undersøkes DNA, og det foretas strukturanalyser av de aktive forbindelsene.

Ved bioprospektering etter marine genressurser vil det i mange tilfeller også være nødvendig med redskap som trål eller liknende aktivt redskap. Deltakerloven har vært praktisert slik at også andre arter enn fisk omfattes av aktiviteten «fiske». Blant annet er det gitt konsesjon for fiske av raudåte, som biologisk regnes som dyreplankton. Uttak i forbindelse med marin bioprospektering kan således ikke uten videre sondres vekk fra fiske, dersom det benyttes aktive redskap som trål, selv om formålet vil være et annet enn ved fiske.

Bioprospektering vil kunne gi en rekke nye kommersielle produkter og flere bedriftsetableringer basert på viltlevende marine ressurser. I slike situasjoner kan det oppnå vanskeligheter med å dekke etterspørselen etter en type marint råstoff etter at det er utviklet et kommersielt vellykket produkt – det såkalte forsyningsproblem («supply problem»). Det vil være lite lønnsomt å utvikle produkter med utgangspunkt i ressurser som det er særlig knapphet på eller hvor store uttak på annen måte vil være sårbart for økosystemet, eksempelvis dersom ressursen er et sentralt næringsgrunnlag for andre arter. En slik utvikling vil stille større krav til forvaltningen, ved at nødvendige forvaltningstiltak må komme på plass i tide, samt at dagens uttak må sees i lys av hvilken fremtidig høstingsvirksomhet som kan påregnes.

5.3.3 Oppsummering og vurdering frå utvalet

Utvalet oppsummerer og konkluderer slik:

Utvalget foreslår hjemmel til å regulere leting og uttak i sjø som ledd i marin bioprospektering, men foreslår ingen formelle begrensninger i utnyttelsen av det genetiske materiale. Hjemmel til å forby eller begrense utnyttelsesformål faller inn under patentloven, og havressursloven vil regulere den fysiske tilgangen til og uttaket av marine genressurser, samt visse aspekter ved etterfølgende utnyttelse ved krav om samtykke. Utvalget foreslår likevel et hjemmelsgrunnlag for å stille krav om samtykke og kreve inn en forholdsmessig andel av det økonomiske overskudd fra en biologisk oppfinnelse for etterfølgende utnyttelse av marint genetisk materiale som stammer fra Norge. Krav om samtykke og tilståelse av fordeler for å utnytte marint genetisk materiale kan i denne sammenheng utgjøre en begrensning i den immaterialrettslige tilgangen (muligheter til å utnytte genressursen i patentsammenheng) til den marine genressursen. Jo strengere vilkår som fastsettes for utnyttelsen, desto mer begrenset blir den generelle immaterialrettslige tilgangen.

5.4 Høyringsfråsegner

Av dei høyringsinstansane som uttalar seg konkret om spørsmålet bioprospektering og utnytting av genressursar, støttar følgjande forslaget frå utvalet: Utanriksdepartementet, Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening, Norges Fiskarlag og Troms Fylkeskommune, medan Justisdepartementet har gått mot forslaget .

Landbruks- og matdepartementet tek ikkje stilling til forslaget, men peikar på at havressurslovutvalet har teke eit anna utgangspunkt enn det biomangfaldlovutvalet har gjort i sitt forslag til ei naturmangfaldlov. Departementet uttalar at:

Landbruks- og matdepartementet har merket seg at Havressurslovutvalget har valgt et annet utgangspunkt når det gjelder den legale statusen til genetisk materiale til viltlevende marine ressurser, enn den statusen som er tillagt genetisk materiale i Biomangfoldlovutvalgets forslag til en naturmangfoldlov. Landbruks- og matdepartementet mener det kan være uheldig om dette spørsmålet blir løst ulikt i fremtidig lovgivning og ber om en vurdering av om dette er ønskelig. Vi antar at behovet for regler kan være ulikt for ulike sektorer, men vi mener at reglene må ses i sammenheng slik at det går tydelig frem hvilke regler som vil gjelde.

Artsdatabanken ønskjer eit lovverk på dette området velkome, men understrekar at det trengst samordning med biomangfaldlovutvalets forslag for å oppnå eit heilskapleg lovverk. Artsdatabanken har også konkrete merknader til utvalets forslag.

Blant høyringsfråsegnene som stør forslaget frå utvalet vil departementet særleg vise til Utanriksdepartementet som seier at «det vil være snakk om å sikre norske økonomiske interesser i forbindelse med uttak av genetisk materiale, i samsvar med bl.a. Biodiversitetskonvensjonen, gjennom etablering av en eiendomsrett. Departementet støtter derfor dette forslaget.»

Troms fylkeskommune meiner det er positivt at samfunnet kan krevje utbytte frå produkt basert på genetisk materiale samla i norske farvatn.

Av dei høyringsinstansane som går inn for ei anna løysning enn den utvalet gjer framlegg om konstaterer Justisdepartementetat forslaget til naturmangfaldlov § 57 tredje ledd seier at staten kan ivareta allmenta sine rettar til genetisk materiale, medan havressurslovutvalet føreset at staten skal forvalte det genetiske materialet på ein måte som bl.a. sikrar «en optimal utnyttelse og hensiktmessig fordeling av ressursene» ,jf. lovforslaget § 1 – 6, første ledd bokstav c. Det ser difor ikkje ut til å vere stor praktisk skilnad mellom dei to forslaga. Likevel er det ein fordel om det same utgangspunktet gjeld for tilgang til og rett til utnytting av genetiske ressursar i alle miljø, dvs. at ein ikkje skil mellom tilgang til genetiske ressursar i havet og på land. Med det som utgangspunkt hellar Justisdepartementet til å stø biomangfaldlovutvalets innfallsvinkel.

Miljøverndepartementetviser i si høyringsfråsegn til at naturmangfaldlovutvalet og havressurslovutvalet på enkelte punkt har valt ulike løysingar. Dette gjeld mellom anna reglane om genetisk materiale/genressursar. Dei viser til at havressurslovutvalet peikar på at departementa i det vidare arbeidet med lovene må finne ei felles løysing på dette punktet. Miljøverndepartementet er samd i dette og gjev uttrykk for at det difor må skje «en bearbeiding i den videre lovprosess».

Artsdatabanken peikar på at omgrepet «genetisk materiale» er nytta gjennomgåande i forslaget til lovtekst. Dette er ikkje i samsvar med det dei meiner er formålet med utgreiinga. Spesielt gjeld det for bioprospektering, som inneber å leite etter «bioaktive stoff». Det omfattar ei rekkje kjemiske sambindingar og ikkje berre genetisk materiale slik lovteksten gjev inntrykk av. Artsdatabanken ønskjer eit lovverk på dette feltet velkome, men understrekar at ein må sjå arbeidet i ein større samanheng. Det må vere ei heilskapleg lovgjeving for bioprospektering generelt, og ikkje vere rom for eit særskilt lovverk i marine miljø i høve til landlege miljø. Lovarbeidet bør difor samordnast med det vidare arbeidet med naturmangfaldlova.

5.5 Vurderingane til departementet

Departementet er samd i forslaget frå utvalet om at lova skal omfatte reglar om marin bioprospektering. Dette er ein naturleg konsekvens av forslaget om utviding av verkeområde til havressurslova i høve til saltvassfiskelova, som inneber at fokus vert flytta frå dei enkelte verksemdene fiske og fangst til alle utnyttingsformål. Vi viser til drøftingane i kapittel 3 om det saklege verkeområdet for lova. Det er ikkje folkerettslege hindringar som avgrensar Noregs rett til å regulere marin bioprospektering og utnyttinga av marine genressursar innanfor rammene som følgjer av biomangfaldkonvensjonen art. 15.

Marin ressursforvaltning fell vidare heilt og fullt utanfor verkeområdet til EØS-avtalen. Reguleringa av uttak av marint biologisk og genetisk materiale må reknast som marin ressursforvaltning, og fell såleis også utanfor verkeområdet til EØS-avtalen.

Omgrepet marin bioprospektering er relativt nytt og er ikkje brukt eller definert i havrettskonvensjonen eller biomangfaldkonvensjonen. Det finst heller ikkje nokon felles definisjon av omgrepet.

Utvalet har definert bioprospektering som «leting etter naturstoffer i marint genetisk materiale med sikte på senere utprøving av materialets egenskaper for kommersiell utnyttelse». Departementet meiner denne definisjonen må utvidast til også å omfatte biokjemiske ressursar, men er elles samd i utvalet si forståing av omgrepet marin bioprospektering.

Genetisk materiale er dei arvekodande gen som vi finn i biologisk materiale, og formålet med å identifisere dette er å nytte dei funksjonelle arveeiningane på ein direkte måte. Uttak av biologisk materiale for å nytte det til å identifisere arveeigenskapane, er eit eingongsfenomen, og inneber ikkje gjenteken hausting.

Bioprospektering inneber i utgangspunktet leiting, innsamling eller klassifisering (sampling) av biologisk materiale eller ressursar som har potensiell nytteverdi. Om etterfølgjande masseundersøking («screening»), isolering og karakterisering av interessante og nyttige bioaktive eigenskapar, genar eller genomet skal karakteriserast som bioprospektering eller bioteknologi, kan vere eit ope spørsmål.

Prosessen knytt til bioprospektering og utnyttinga av marine genressursar kan grovt delast opp i fem fasar:

  1. Før uttak av marine genressursar.

  2. Under uttak av marine genressursar.

  3. Etter uttak av marine genressursar.

  4. Patentering av marine genressursar.

  5. Kommersiell utnytting av marine genressursar.

Vi avgrensar den følgjande drøftinga til punkta 1, 2 og 3, som omfattar prospekterings- og prosessfasane, og 5, som omfattar spørsmål om fordelsberekning ved kommersiell utnytting av resultata av gjennomførd prospektering. Vilkår for, og rettsverknader av, patentering, vert regulert av lov av 15. desember 1967 nr. 9 om patenter, og vert ikkje drøfta her.

I Noreg er det svært gode føresetnader for å innhente og å karakterisere eit vidt spekter av marine organismar. Biologiske prosessar og stoffskifte har tilpassa seg dei låge temperaturane i nordlege farvatn og føregår som regel med låg fart. Forskinga dei siste tiåra har vist at organismar som har tilpassa seg kulde er utstyrt med biomolekylar som er spesielle med omsyn til aktivitet, struktur og funksjon. Eigenskapar og biologiske aktivitetar til slike molekylar kan ofte utnyttast kommersielt, og gjerne i ein heilt annan samanheng enn det som var deira opphavlege funksjon i organismen. Dette omfattar blant anna enzym frå kuldetilpassa marine organismar som har ein spesiell, fleksibel (labil) molekylstruktur som gjer at enzymet har høg spesifikk aktivitet og fungerer ved låg temperatur. Her er i utgangspunktet alle tilgjengelege marine organismar interessante. Svært få marine artar er utforska i vesentleg grad på molekylært nivå, men alle inneheld biomolekylar/bioaktive stoff, og somme av desse kan eigne seg for kommersialisering. Slike kandidatar kan identifiserast gjennom forsking.

Utnytting av eigenskapar og biologiske aktivitetar til molekyl som nemnt ovanfor kan skje på to prinsipielt ulike måtar. Den eine måten er at det bioaktive stoffet vert utvunne frå ein marin ressurs, som til dømes fisk, reker eller algar, og at denne ressursen må haustast frå havet for kvar gong det bioaktive stoffet skal utvinnast. Slikt uttak vil vere regulert etter reglane om regulering av ressursuttaket i lovas kapittel 3. Den andre måten er at den marine organismen vert fjerna frå sitt opphavlege miljø og utnytta utan at det er nødvendig å hauste nye organismar frå havet. Det kan til dømes gjerast ved at ein mikroorganisme (alge, bakterie, virus) vert dyrka fram i eit laboratorium, eller ved at ein hentar biologisk informasjon frå den marine organismen, og brukar denne informasjonen. Det kan vere informasjon om korleis makromolekyl er oppbygde (sukkerstoff, feittsyrer), som kan nyttast til å framstille tilsvarande kjemisk, eller det kan vere genetisk informasjon som gjer at tilsvarande stoff kan framstillast med bioteknologiske metodar. Stoffa som vert framstilte, treng ikkje alltid å vere identiske med utgangsstoffa.

Departementet har kome til at det bør sikrast heimel til å krevje løyve til leiting og uttak i sjø, jf. fase 1 ovanfor. Grunngjevinga er femdelt.

For det første er det nødvendig å ha kontroll med at leite- og uttaksaktiviteten vert sett i verk, slik at uttaket ikkje skjer på artar eller med metodar som skadar viltlevende marine ressursar eller sårbare område i det marine økosystemet. For det andre bør ikkje leite- og uttaksaktivitet tillatast før forvaltninga har fått kjennskap til kva artar uttaket omfattar og i kva område det skal gå føre seg. Dette fordi artar og område som gjennomgåande har kommersielt interessante eigenskapar kan bli utsette for press. For det tredje vil krav om offentleg løyve til å leite etter og ta ut marint genetisk materiale vere ei sikring for staten. Det gjeld særleg når vi ser dette saman med forslaget om at staten skal kunne krevje ein del av fordelane frå utnytting av norsk marint genetisk materiale, medrekna at fordelar ikkje går tapt ved overføring av marine genressursar. For det fjerde krev dei fleste kommersielle uttak i dag løyve med mindre uttaket skjer med avgrensa reiskap som nemnt i lovforslaget § 22, jf. saltvassfiskelova § 4a. I løyvet kan det også gjevast dispensasjon frå reiskaps- og fangstreguleringar.

For det femte må det takast omsyn til dei utviklingspolitiske sidene ved saka, og dei signala Noreg gjev ved utvikling av regelverk om utnyttig av genressursar. I samband med Stortinget si behandling av Ot.prp. nr. 33 (2006 – 2007) Om lov om endringer i lov 15. desember 1967 nr. 9 om patenter m.m. (gjennomføring av den europeiske patentkonvensjonen) uttalte fleirtalet i næringskomiteen følgjande i Innst. O. nr. 91 (2006 – 2007):

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Venstre, viser til at Norge har over tid har vært støttespiller for utviklingslandene og brobygger i forhold til utviklingslandenes krav om suverenitet over egne biologiske ressurser. Hovedkrav fra utviklingslandenes side er at bio-prospektører skal måtte ha tillatelse til å ta ut genetisk materiale, samt avtale om overskuddsdeling ved kommersialisering av slikt materiale. Begrunnelse for et slikt krav, som stadfestet i FNs konvensjon om biologisk mangfold, er blant annet et ønske om å styrke den lokale legitimiteten for bevaring av biologisk mangfold. Flere utviklingsland har innført eget slikt lovverk, såkalt sui generis-lovverk.

Flertallet er kjent med at Regjeringen arbeider med oppfølging av NOU 2004:28 Lov om bevaring av natur, landskap og biologisk mangfold (naturmangfoldloven). Flertallet viser til muligheten for å signalisere et norsk sui generis-lovverk i forbindelse med dette arbeidet.

Departementet meiner desse merknadene veg tungt i vurderinga om havressurslova skal ha heimel for å krevje løyve til leiting og uttak i sjø i samband med marin bioprospektering.

Under og etter uttak av marine genressursar, fase 2 og 3, gjeld reglane i lova om utøving og rapportering så langt dei høver. Til dømes må reglane i lova om reiskapsavgrensingar og fangstrapportering følgjast, med mindre det i uttaksløyvet er gjeve dispensasjon frå slike reglar.

Kravet til løyve før uttak og undersøking i sjø i samband med bioprospektering kan gjerast gjeldande både for dei som har bioprospektering som mål for uttak og undersøking, og for dei som driv vitskapleg havforsking og anna grunnforsking og uttak og undersøking i samband med dette. I mange tilfelle kan funn som vert gjort i samband med vitskapleg forsking og grunnforsking seinare verte grunnlag for kommersiell utnytting. Det er difor ikkje unaturleg med krav om løyve til bioprospektering også for dei som driv vitskapleg havforsking, lagt til grunn at formålet med utnytting av materialet kan endre seg etter uttak. Eksempel på dette kan vere når forskingsinstitusjonar har system for å kommersialisere funn frå grunnforsking eller det er samarbeid mellom forskingsinstitusjonar og kommersielle aktørar.

Departementet meiner det skal krevjast løyve til bioprospektering, men ser det som mest tenleg at ein i havressurslova gjev ein heimel til å gje nærare føresegner om dette, fordi ein treng noko tid for å utvikle ei slik ordning. Kompetansen til å gje slike føresegner bør leggjast til Kongen.

Når det gjeld krav om fordelar ved kommersiell utnytting av norske marine genressursar, fase 5, ser departementet at svært få leite- og analyseprosjekt fører til drivverdige funn. På den andre sida vil funn som leier fram til ein kommersiell suksess kunne gje betydeleg økonomisk gevinst. Det er difor ikkje urimeleg med ein lovheimel som gjer det mogleg for Noreg å sikre seg ei økonomisk godtgjersle ved utnytting av norske ressursar. Når det gjeld andre fordelar, som resultat frå forsking og utvikling, jf. biomangfaldkonvensjonen art. 15 nr. 7, er det ikkje urimeleg med ein lovheimel som gjer det mogleg for Noreg å sikre seg tilgang til slike fordelar sjølv om bioprospekteringa ikkje gjev ein betydeleg økonomisk gevinst. Både tilvising til økonomisk godtgjersle og andre fordelar vert i det følgjande omtala som fordelar.

Marine genressursar er omtala i regjeringa sin nordområdestrategi frå 1. desember 2006:

Marin bioprospektering må reguleres på en måte som gjør at norske miljøer får videreutviklet kunnskap og kompetanse om de genetiske ressursene, og at nasjonen sikrer sine rettigheter og får sin del av et eventuelt økonomisk utbytte som følge av marin bioprospektering. Regjeringen vil utvikle et nytt regelverk for marin bioprospektering i områder under norsk jurisdiksjon, blant annet gjennom arbeidet med en ny naturmangfoldlov og en ny havressurslov.

Det foregår i dag utbreidd genetisk kartlegging av enkeltartar ved fullsekvensiering av genomet og identifisering av kodande gen. I samband med slike forskingsprosjekt er det stor sjanse for å oppdage nye variantar eller heilt nye biologiske prinsipp som kan nyttast kommersielt. Det er likevel grunn til å tru at ei rekkje kommersielt interessante biologiske prinsipp vil verte oppdaga i samband med biologisk grunnforsking eller forsking i annan samanheng, og ikkje som eit resultat av systematiske undersøkingar. Oppdagingane kan skje lang tid etter at prøvene med det biologiske materialet vart henta inn.

Departementet foreslår difor at det bør vere mogleg for styresmaktene å fremme krav om ein del av fordelane frå norsk genetisk materiale, også når utviklinga er gjennomførd utan at det er gjeve løyve på førehand, til dømes når råmateriala er kjøpte inn gjennom alminneleg tilgjengelege leverandørar.

Departementet ser at å handheve krav etter ei slik føresegn kan by på særlege bevisutfordringar.

I nokon tilfelle kan det oppstå spørsmål om materialet kjem frå område under norsk jurisdiksjon og såleis fell innanfor det geografiske verkeområdet for lova. Dei fleste artane i norske farvatn lever berre her. I slike høve kan det vanskeleg oppstå bevismessig tvil om opphavet. Noreg har også vandrande og langtmigrerande fiske-, skaldyr- og sjøpattedyrbestandar, som vi deler med andre kyststatar. Genetikken kan likevel i somme høve vere med å identifisere lokale bestandar av større fellesbestandar. Vidare vil ei biologisk oppfinning ofte innehalde fleire biologiske komponentar, slik at det kan vere bevismessig usikkert om ein norsk marin genressurs er aktiv komponent i forhold til andre komponentar. I tillegg kan eit genfragment finnast i andre organismar.

Bevis kan også bli eit tema der norsk marint bioaktivt stoff og genetisk materiale vert overførd, kanskje gjennom fleire ledd, frå den som opphavleg fekk løyve til undersøkingar og uttak av materialet, og fram til kommersiell utnytting der det kan bli aktuelt å fremme krav om fordelar. Departementet foreslår difor at det kan fastsetjast at resultata av bioprospektering ikkje skal kunne overdragast utan samtykke frå, og eventuelt med godtgjersle til, staten.

Sjølv om handhevinga av eit regelverk kan by på bevistekniske vanskar meiner departementet at det i seg sjølv ikkje er tilstrekkeleg til å la vere å etablere eit heimelsgrunnlag for regulering av uttak og utnytting av norske ressursar og reglar for deling av fordelar ved kommersiell utnytting av slike ressursar.

Å krevje inn fordelar frå marint genetisk materiale kan innebere ein viss økonomisk konsekvens ved ein kommersiell suksess. Fordi ein i slike prosjekt ofte er avhengig av risikovillige investorar, vil ei regulering som avkortar ein mogleg kommersiell gevinst kunne virke hemmande på verdiskapinga, og også kunne hindre utviklinga av medisinar eller andre produkt frå havet. Den usikkerheita og dei økonomiske avgrensingane ei streng praktisering av regelverket kan skape i marknaden, må vegast opp mot verdien av potensielle fordelar.

Departementet meiner at risikoen ved å måtte avstå fordelar til staten er liten samanlikna med den generelle usikkerheita og risikoen som ofte knyter seg til bioprospektering og uttak og til utvikling av produkt baserte på genressursar.

Praktisk vil det enklaste vere å stille vilkår for samtykke til uttak og utnytting av marint genetisk materiale på uttakstidspunktet i norske farvatn. Dersom Noreg skal krevje samtykke og tilståing av fordelar overfor utanlandske bioprospektørar for utnytting av marint genetisk materiale, kan det mellom anna gjerast ved skriftlege kontraktar på leitetidspunktet. I dei tilfella utanlandske aktørar driv vitskapleg havforsking, bør dei kunne påleggjast å søkje om samtykke til bioprospekting samtidig med søknad om samtykke til havforsking, slik at dette kan handhevast om funn frå havforskinga seinare vert nytta til bioprospektering.

Etter ei samla vurdering av dei momenta som er komne fram meiner departementet at tunge grunnar talar for at det vert etablert eit rammeverk som gjer det mogleg å regulere marin bioprospektering innanfor områda der norsk jurisdiksjon gjeld, og som gjev høve til å rekne seg fordelar av avkastinga frå marine genressursar som kan sporast tilbake til det same området. Departementet kan krevje fordelar frå utnytting av marint genetisk materiale, også når det ikkje er søkt om løyve til uttak av ressursar på førehand. Føresegner om bioprospektering er tekne inn i §§ 9 og 10. Departementet vil peike på at også naturmangfaldlova vil gje reglar om bioprospektering, mellom anna vil eit overordna uttrykk for statens forhold til genetiske materiale verte lagt inn i den nye naturmangfaldlova. Desse vil for marine genressursar gjelde saman med reglane i havressurslova.

Departementet ser at det er behov for å greie ut korleis føresegnene ein her gjer framlegg om skal nyttast som ledd i ein strategi for utnytting av marine genressursar. Det er viktig å utvikle ein strategi som Noreg er tent med. Strategien må kunne leggjast til grunn for den politikken som skal førast i høve til bioteknologisk utnytting av dei marine genressursane våre, både når det gjeld norske og utanlandske selskap. Fordelen med ein slik strategi er framsyn og tryggleik for dei som ønskjer å satse på kommersiell utnytting av norske marine genressurser.

Til forsida