Ot.prp. nr. 24 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 13. juni 1980 nr. 35 om fri rettshjelp

Til innhaldsliste

5 Merknader til dei einskilde paragrafane

Til § 3

Paragrafen fastset at det er advokaten som skal drive inn eigendelen i saker med fri rettshjelp. Om grunngjevinga viser departementet til punkt 3 ovanfor.

Til § 9

Paragrafen gir regler om når det skal svarast eigendel, og storleiken på eigendelen i saker med fritt rettsråd og fri sakførsel. Etter fyrste ledd skal det i saker der fri rettshjelp er gitt utan behovsprøving, ikkje svarast eigendel. Dette gjeld for saker som høyrer under rettshjelpslova § 13, fyrste ledd og § 22, tredje ledd.

Etter tredje ledd er det i saker med fri sakførsel fastsatt ei maksimalgrense for eigendelen på 5 gonger salærsatsen/grunndelen. Føresegna om at det skal svarast eigendel på 25 % av dei samla utgiftene vil i saker der advokatens bistand ikkje overstiger 20 timar føre til at eigendelen blir lågare enn maksimalgrensa.

Eigendelen blir fastsett for kvar sak. I enkelte sakstypar vil det bli spørsmål om kva som kan reknas som ei sak. Til dømes vil slike spørsmål dukke opp i saker om felleseieskifte og barnefordeling. Stykkprisforskrifta vil tene som rettleiing her. I saker med fri sakførsel må det avgjerande for fastsetting av eigendelar vere hvilke deler av saka som er overført til søksmåls former. I samsvar med tidlegare praksis skal det reknas ein eigendel for kvar rettsinstans saka er bragt inn for. Førebels rettergangsskritt inngår i denne relasjon som ein del av tingrettens handsaming av saka.

Ein viktig grunn for gjeninnføring av ordninga med eigendel for fri rettshjelp er at ordninga skal vere enkel å praktisere. På denne bakgrunn, og med omsyn til at størrelsen på eigendelen er moderat, skal det ikkje vere høve til å søke om å få ettergitt eller redusert den fastsatte eigendel.