Ot.prp. nr. 25 (2002-2003)

Om lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa § 4A-3 (opplæringslova)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovforslaget

2.1 Historikk og behov for endring

Personar som manglar dokumentasjon på realkompetansen sin, har ofte vanskeleg for å finne arbeid i høve til sine kvalifikasjonar. Dette gjeld spesielt innvandrarar. Blant innvandrar frå ikkje-vestlege land er arbeidsløysa tre gonger så høg som i befolkninga totalt. I mai 2002 låg arbeidsløysa for innvandrarar på 7,8 prosent mot 2,9 prosent i heile befolkninga. Blant afrikanske innvandrarar var arbeidsløysa på heile 14,6 prosent i mai 2002. Problem med å få godkjent utdanning og yrkeserfaring frå utlandet fører til at mange anten må ta heile utdanninga på nytt i Noreg eller at dei får tilbod om jobbar som ikkje samsvarar med deira kvalifikasjonar. Då St. meld. nr. 17 (2000-2001) Asyl- og flyktningpolitikken i Noreg blei behandla, uttalte Kommunalkomiteen i Innstilling S.nr.197 (2000-2001) at vi treng å styrkje arbeidet på godkjenningsområdet.

Innanfor det treårige Realkompetanseprosjektet har Oppland fylkeskommune og Oslo kommune hatt prosjekt på yrkesprøving, som er ein metode for å vurdere realkompetanse. Erfaringar frå prosjektfylka viser at yrkesprøving som metode høver godt for målgruppa minoritetsspråklege, som på denne måten kan få vurdert sin kompetanse og utstede eit kompetansebevis både i høve til arbeid og til vidare skolegang. Vurderinga av kompetansen skjer ved praktisk prøving og i høve til standarder i det norske systemet for fag-/sveinebrev eller andre yrkesfaglege opplæringsløp på vidaregåande nivå.

Realkompetanseprosjektet har hatt som eit hovudmål å etablere eit nasjonalt system for å dokumentere kompetanse på vidaregåande opplærings nivå, med legitimitet både i arbeidslivet og utdanningssystemet. Samstundes er retten til å få vurdert realkompetanse i gjeldande opplæringslov knytt til retten til vidaregåande opplæring. Dermed kan vaksne berre få realkompetansen sin vurdert med sikte på vidare opplæring, men ikkje om føremålet er å søkje arbeid.

Oppretting av ei ordning for å vurdere realkompetanse på vidaregåande opplærings nivå med sikte på arbeid blei vurdert i ei arbeidsgruppe med deltaking frå fleire departement. Utdannings- og forskingsdepartementet har i samsvar med anbefalinga frå arbeidsgruppa vedteke å fremje ein Ot.prp. hausten 2002 om endring av opplæringslova, slik at vaksne som i dag har rett til vidaregåande opplæring, også skal få rett til realkompetansevurdering utan å søkje opplæring på førehand. Det vil seie at personar som er fødde før 1. januar 1978, og som har fullført grunnskole eller tilsvarande, men som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, får rett til å få vurdert sin realkompetanse og rett til kompetansebevis. Dette skal vere uavhengig av om målsettinga med vurderinga er vidare utdanning eller arbeid. Regjeringa ser ei utvida ordning for realkompetansevurdering som tenleg både for integrerings- og arbeidsmarknadspolitikken.

Forslaget går ut på at fylkeskommunen skal tilretteleggje for og gjennomføre ei ordning som utvider muligheten for realkompetansevurdering til å gjelde alle som har behov for ei slik vurdering. Fylkeskommunane har i dag ansvar for å tilby vurdering av realkompetanse for dei som har rett til vidaregåande opplæring. Forslaget inneber at dei og får ansvar for å tilby realkompetansevurdering for dei som blir vist til fylkeskommunen frå kommune, Aetat eller trygdeetaten. Fylkeskommunen dekkjer fortsatt utgiftene til vurdering av realkompetansen til dei som har rett til vidaregåande opplæring. Kommunen dekkjer utgiftene til realkompetansevurdering for nyleg komne innvandrarar utan rett til vidaregåande opplæring og som etter ei individuell vurdering treng ei realkompetansevurdering. Registrerte arbeidssøkjarar utan rett til vidaregåande opplæring skal kunne få tilbod om ei realkompetansevurdering finansiert av Aetat og personer tilmeldt trygdeetaten skal kunne få tilbod om dei blir henvist av trygdeetaten.

2.2 Alminnelig høring

Departementet sendte 30. mai 2002 utkast til endring i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa § 4A-3 (opplæringslova) på alminneleg høring med frist 5. august 2002. Utkastet vart mellom anna sendt til alle fylkeskommunar og kommunar, partane i arbeidslivet og aktørar innan utdanningsfeltet.

2.3 Vurderinger fra departementet

Departementet har lagt til grunn rapporten frå arbeidsgruppa som vart sett ned 23. mai 2001, (jf. ovanfor under kapittel 1.1) og høringsfråsegna ved utarbeidinga av forslag til endring i opplæringslova § 4A-3.

Høringsinstansane er generelt positive til realkompetansevurdering, til bruk av yrkesprøving som ein metode for å vurdere yrkeskompetansen til innvandrarar og andre arbeidssøkjargrupper og til at det blir ei endring i opplæringslova. Det har kome inn mange konstruktive forslag med omsyn til korleis endringa bør eller kan gjerast. Eit stort tal høringsinstansar ønskjer nærare avklaring av ansvar for finansiering når fleire skal få høve til realkompetansevurdering og bruk av yrkesprøving som metode i den samanhengen.

Til forsida