Ot.prp. nr. 28 (2004-2005)

Om lov om skogbruk (skogbrukslova)

Til innhaldsliste

3 Tilhøva i dag

3.1 Skogbruk - næring og miljø

I Noreg er det knytt store verdiar til jord-, skog- og utmarksareala. Desse er eit viktig grunnlag for verdiskaping, busetjing og velferd for borgarane. 120 mill. dekar, eller om lag 37 % av Noreg, er dekt av skog. Omkring 74 mill. dekar av dette - eller 22 % av landarealet - er «produktiv skog», det vil seie skog som produserer meir enn 0,1 kubikkmeter tømmer per dekar per år. Det samla skog- og utmarksarealet er samstundes brukt til anna landbrukstilknytt næringsverksemd, som jakt og fiske, turisme med vidare.

Skogen er ei viktig kjelde til verdiskaping og sysselsetjing, og ein heilt sentral faktor for å ta vare på jord- og vassressursar og biologisk mangfald. Skogen gir samstundes eit positivt bidrag i arbeidet med å løyse klimautfordringane.

Skog byr dessutan på verdiar for rekreasjon og friluftsliv som er viktige for helse og trivsel for borgarane i eit moderne samfunn. Skogen inneheld også mange kulturminne, og er ein viktig del av landskapsbiletet.

Trevirke er ein fornybar ressurs. Skog og treprodukt bind store mengder karbon. Auka utnytting av skogen ved bruk av varige treprodukt kan erstatte andre produkt som har større klimagassutslepp i produksjon eller bruk. Noreg har teke på seg ambisiøse mål for å redusere nasjonale utslepp av klimagassar. Energibruken står direkte eller indirekte for dei aller fleste miljøproblema. Trevirke krev langt mindre energi både til framstilling og transport enn samanliknande materiale. Auka bruk av tre framfor andre materiale i ulike typar byggverk vil såleis kunne gi tydelege utslag i den norske klimarekneskapen. Ein aktiv bruk av fornybare skogressursar kan såleis medverke til eit meir berekraftig produksjons- og forbruksmønster.

Innafor rammene for berekraftig forvaltning er det også eit potensial for å auke utnyttinga av skogen til energiformål. Auka bruk av bioenergi kan medverke til å minske klimagassutslepp og sikre framtidig oppdekking av energibehovet i landet. Bruk av trevirke som bioenergi gir ikkje noko nettobidrag til CO2-innhaldet i atmosfæren. Ved forbrenning av bioenergi blir det frigitt ein CO2-mengde tilsvarande det som ville blitt frigjort ved naturleg nedbryting av same biomasse. Bioenergi som erstattar fossile brensler, vil derfor ha ein direkte positiv verknad i CO2-rekneskapen. Om biomassen som blir utnytta til bioenergi kjem frå skog i dårleg vekst, kan ein dessutan få ein positiv tilleggseffekt. Dersom skog i dårleg vekst blir erstatta med skog med betre tilvekst, vil CO2-bindinga auke fordi tilveksten på arealet aukar.

Skogbruket skil seg vesentleg frå jordbruket ved at det - i nært samspel med skogindustrien - er ei verdsmarknadsnæring som opererer i frie marknader. Dette er med på å bestemme rammevilkår for næringa og for styresmaktene sine val av næringspolitiske løysingar.

Forvaltninga av skog og skogareal skjer ut frå den enkelte skogeigar sine eigedoms- og bruksrettar, men skogbruksstyresmaktene påverkar også allmenta sine interesser og forvaltning av kollektive gode i eit langsiktig perspektiv.

I siste halvdel av 1990-talet blei det gjennomført eit samarbeidsprosjekt i skogsektoren som blir kalla Levende Skog. Måla for prosjektet var å styrkje miljøsatsinga i skogbruket, og å betre tilliten både nasjonalt og internasjonalt til at skogindustrien i Noreg hentar virke frå eit berekraftig og langsiktig skogbruk. Levende Skog la fram eit sett kriterier og indikatorar for berekraftig skogforvaltning og eit sett standardar (retningslinjer) for berekraftig skogbruk. Standardane er seinare lagt til grunn for sertifisering av skogbruksverksemda.

Ved utgangen av 2003 kom nesten alt tømmer som blei omsett i Noreg frå skog som var sertifisert. Sertifiseringa byggjer i all hovudsak på modellar knytt til ISO 14001 og standardane for berekraftig skogbruk som blei laga i samband med Levende Skog-prosjektet. Desse standardane er også godkjende av den europeiske merkeordninga PEFC (Pan European Forest Certification). I tillegg er nokre eigedommar sertifiserte gjennom FSC (Forest Stewardship Council).

Skogsertifiseringa legg til grunn at den nasjonale skogbrukslovgjevinga og anna relevant lovgjeving skal følgjast. Alle nye føresegner i skogbrukslova blir dermed ein del av sertifiseringa. Det ligg i tenkinga bak sertifiseringa at nivået på ambisjonane for miljøomsyn kan vere høgare enn dei som ligg i lovgjevinga.

3.2 Eigedomsstruktur og næringsverksemd

Skogen i Noreg blir driven gjennom eit typisk småskala skogbruk. Dette har samanheng med eigedomstilhøva, variert terreng og vekslande produksjonstilhøve. Meir enn 80 prosent av skogen er eigd av privatpersonar, og ein stor del av skogen blir driven i kombinasjon med jordbruk. Det er i alt 120 000 skogeigedommar med over 25 daa produktiv skog i Noreg. Den gjennomsnittlege storleiken på desse einingane er på rundt 500 dekar. Eigedomsstrukturen har vore relativt stabil over tid.

Stadig fleire bønder og skogeigarar hentar inntekt frå anna verksemd enn landbruk, og driftsgranskingane for landbruket viser at knapt halvparten av dei som eig landbrukseigedom no har eigedomen som sin hovudarbeidsplass. Den tradisjonelle utnyttinga av skogressursane på mange eigedommar er redusert i omfang, medan produksjon og sal av andre tenester og produkt enn trevirke frå utmarka spelar ei større rolle enn tidlegare. I enkelte område er det også slik at verdien av bioenergiprodukt, særleg brennved, no er større enn verdien av massevirke til papirindustrien.

Realprisen på tømmer er meir enn halvert frå 1950 til 2000. Lågare eigeninnsats og fallande realprisar har gitt skogeigarane reduserte inntekter frå skogen. Til ein viss grad har dette blitt kompensert ved at kostnadene blir reduserte gjennom auka bruk av entreprenørar. Mekaniseringsgraden er no om lag 90% på landsbasis, og opptil 100 % i enkelte fylke. Dette har vore nødvendig med tanke på den reelle prisnedgangen på tømmer. Prisfallet har også ført med seg at store skogareal har gått ut av aktiv forvaltning med tradisjonell skogsdrift.

Skogareala kan også gi grunnlag for næringsverksemd med grunnlag i andre verdiar enn trevirke. Dette kan vere produksjon av juletre og pyntegrønt, auka satsing på næringsverksemd med basis i jakt-, fiske- og utmarksressursane på eigedommen eller ulike typer av tenesteproduksjon.

I tillegg til auka satsing på bygdeturisme med grunnlag i jakt, fiske og lokale mat- og bygningsressursar har den delen av avverkingskvantumet frå skogbruket som blir omsatt som bioenergi auka sterkt dei seinare åra. Det er framleis mest vekt på lokale verdikjeder med hogst og omsetjing av ved i lokalmiljøet. Ein ser likevel i aukande grad omsetningsmønster som femner om transport inn til større tettstader og byar, og eksempel på sal av foredla produkt; flis og brikettar, og sal av tenester i samband med bioenergi som drift og vedlikehald av energianlegg med vidare. I enkelte område er verdien av slike bioenergiprodukt, og særleg brennved, no større enn verdien av massevirke til papirindustrien.

Figur 3.1 viser grunneigarbidraget for dei ulike verdikjedane som skogeigarane arbeider med. Figuren er resultat av eit analyseprosjekt som Norges Skogeierforbund gjennomførte i 2004 og viser at dei ulike skog- og utmarkseigedommane samla sett blir utnytta i fleire viktige næringssamanhenger.

Figur 3.1 Grunneigarbidrag for dei ulike verdikjedane

Figur 3.1 Grunneigarbidrag for dei ulike verdikjedane

Skogeigarane forvaltar norsk skog og utmark, og tek avgjerder som er viktige for gjennomføringa av skogpolitikken. Småskalapreget i norsk skogbruk har i lang tid vore eit viktig utgangspunkt for samarbeid mellom skogeigarane, samarbeid både gjennom felles organisering og gjennom nabosamarbeid om tekniske løysingar o.l. I dei seinare tiåra har behovet for slike samarbeidsløysingar vorte større og meir mangesidig. Auka verdiskaping, forvaltning av skogressursane og miljøomsyn krev samhandling mellom skogeigarane. Stadig fleire skogeigarar har no yrke og arbeidsplass utanom bruket, og dei har høg kompetanse på andre område enn skogbruk. Ein er derfor også framover avhengig av løysingar der andre kan drive skogen på vegne av skogeigaren, og skape miljø som kan gi råd og rettleiing. I landbrukspolitikken er det no auka satsing på marknadsretta verksemd knytt til skogbruket, som til dømes auka satsing på næringsverksemd i utmarka. Ein må vere budd på ei utvikling der enkelteigarane også vil samarbeide om fellesløysingar ut over eigedomsgrensene på desse nye områda. Fleirtalet av skogeigarane samarbeider gjennom skogeigarorganisasjonane om slike oppgåver. Skogeigarane samarbeider med kvarandre, med styresmaktene og med andre aktørar som har interesse for skog.

Tradisjonelt har den viktigaste oppgåva for skogeigarorganisasjonane vore å organisere omsetjing av skogsvirke. Oppgåva er like viktig i dag, men ho har endra innhald og form med utviklinga i marknaden og samfunnet sine krav til slikt samarbeid. Effektivitet og konkurranseevne for norsk virke er avhengig av eit omfattande samarbeid om å organisere ei god gjennomføring av hogst og transport frå skog til fabrikk. Før innebar medlemskap i ein skogeigarorganisasjon leveringsplikt for skogeigarane, men no er dette ei frivillig sak. Skogeigarorganisasjonane kan tilby assistanse for å gjennomføre hogst og leveransar, og dei kan ta ansvar for at leveransane og skogsdrifta elles er i samsvar med sertifiseringskrava etter standardar for eit berekraftig skogbruk. Utan samarbeidet gjennom skogeigarorganisasjonane ville mykje av dette ikkje vore mogleg å gjennomføre på ein økonomisk og praktisk måte.

Satsinga på auka utnytting av skogareala til anna næringsverksemd som jakt, fiske og opplevingsturisme med basis i landskap, skog og utmark stiller også krav som gjer det nødvendig å samarbeide over eigedomsgrensene. Dersom desse tilboda skal utviklast vidare, trengst det forpliktande samarbeid der ein legg vekt på å finne høvelege og rasjonelle organisasjons- og selskapsformer som er eigna til å vare. Det er eit mål i skogpolitikken at eigarane i større grad enn i dag vidareutviklar produkt og tenester frå skog og utmark. Samarbeid er rasjonelt og nødvendig for å utvikle nye produkt og/eller auke tilbodet av «arealprodukt». Tilhøvet mellom konkurranselovgjevinga og dette samarbeidet er teke opp under kapittel 6.6.

3.3 Skogressursane

Frå resultata frå den første Landsskogtakseringa blei lagt fram i 1925, har både tilvekst og ståande volum i Noreg vorte fordobla. For både tilvekst og ståande volum har auken vore større for lauv og furu enn for gran.

Figur 3.2 Årleg tilvekst for ulike treslag

Figur 3.2 Årleg tilvekst for ulike treslag

Figur 3.3 Utvikling i stående volum

Figur 3.3 Utvikling i stående volum

3.3.1 Hogst

Frå 1990 har hogsten blitt redusert noko nær kvart år. Avverkingsnivået i 2002 var det lågaste på 25 år. Kor mykje skog som blir avverka heng i stor grad saman med prisane.

Samanliknar ein avverkinga dei siste åra med avverkinga i perioden mellom 1983/84 og 1994/95, ser ein at denne perioden var den einaste perioden på 1900-talet med årleg avverking på over 8 millionar m3. Samanliknar ein avverkinga dei siste åra med gjennomsnittleg avverking på 1950-, 60- og 70-talet, kan ein sjå at avverkinga nå er attende på det same nivået som han var i desse tre tiåra.

3.3.2 Stor forskjell mellom tilvekst og hogst

Den årlege tilveksten er i dag 24 millionar m3, og avverkinga for sal har dei siste åra vore mellom 7 og 8 millionar m3. Skilnaden mellom desse tala kunne indikere at avverkinga kunne ha vore mykje høgare, men her må ein og sjå på mellom anna virke som blir nytta til ved og konsekvensar av hogstformer, og miljøomsyn. Det finst ikkje sikre oversikter over dette, men ein reknar med at forbruket av ved ligg mellom 2 og 3 millionar m3. Det totale uttaket av virke frå norske skogar er derfor truleg mellom 9 og 10 millionar m3 årleg.

Boks 3.1 Bestandsskogbruk

Eit bestand er eit avgrensa skogareal med relativt einsarta tresetting og av ein slik storleik at det kan utgjere ei sjølvstendig behandlings- og driftseining. I bestandskogbruket er bestandet behandlingseining. Produksjonstida er avgrensa (omløpstid). Forynginga skjer flatevis, og er avgrensa til ein relativt kort periode etter at hovedhogsten er gjort. Det inneber rask forynging på opne flater. Da blir alle bestand einsaldra. Ved hogst blir heile eller nesten heile bestandet teke. Overgangen til bestandsskogbruk innebar at ein konsentrerte aktiviteten samstundes som ein i langt større grad enn tidlegare la vekt på å få til god forynging etter hogst.

Treslagsfordelinga og hogstklassefordelinga er elles slik at tilvekst aleine ikkje gir eit godt bilete av kva som er rett avverkingsnivå. Den skogen som blei etablert på dei høgproduktive areala etter omlegginga til bestandsskogbruk utgjer store volum med stor tilvekst. Tilveksten i denne skogen er i dag på det høgaste, og skogen er derfor under vanlege tilhøve ikkje moden for avverking. Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) ventar at dei store areala med høgproduktiv skog på Austlandet som blei etablert etter overgangen til bestandsskogbruk, først blir hogstmodne om 25 år. Det same gjeld for skogen på Vestlandet og i Nord-Noreg. Her utgjer gran etter skogreising og treslagsskifte store volum med stor tilvekst, men heller ikkje i desse områda vil så mykje av skogen vere hogstmoden at ein kan auke avverkinga før om 10-20 år. Tala for volum og tilvekst gir derfor isolert sett eit misvisande bilete av grunnlaget for hogst.

NIJOS har konkludert med at avverkingspotensialet for gran har vore utnytta både i låglandet Austafjells, på Vestlandet og i Trøndelag og Nord-Noreg. På kort sikt er det berre innafor den regionen som omfattar Agder-fylka og dalstroka og fjellbygdene på Austlandet at det er grunnlag for å auke avverkinga av gran. Dette krev at det blir bygd nokre nye vegar slik at enkelte område blir lettare tilgjengeleg for drift, og det fører til at skog som står i bratt og vanskeleg terreng blir utnytta i større grad enn tidlegare.

Furu og lauvtre tåler derimot auka avverking i heile landet. For furu er det eit stort overskot av hogstmodent virke, men skogindustrien har liten kapasitet til foredling av massevirke av furu, og dette har påverka avverkinga av furu i stor grad, spesielt i dei områda som har høge transportkostnader som følgje av store avstandar til skogindustrien. Sjølv om det i enkelte område har vore eit stort omfang av foredling av lauvtrevirke til panelar og liknande, har det meste av lauvtrevirket fram til no vore utnytta til energivirke. Ein må derfor kunne vente at utviklinga på bioenergisektoren framover vil ha mykje å seie for avverkinga av furu og lauvtre. I enkelte fylke er i dag faren for elgskadar ei årsak til lågare avverking av furu enn ressurstilgangen skulle tilseie. Skogeigarane lèt heller furuskogen stå, fordi det etter hogst er vanskeleg å få opp ny furuskog på grunn av elgskadar på forynginga. Ei auka avverking av furutømmer i slike område ville elles gitt grunnlag for verdiskaping gjennom foredling.

3.3.3 Vernskog

Etter skogbrukslova kan eit område få status som vernskog. Vernskog er i første rekkje skog som tener som vern mot skred, ras, elvebrot, sandflukt eller liknande, eller skog som gir særleg vern for annan skog, dyrka jord eller bygningar.

Formålet med å gi skogareala ein eigen status er at ein gjennom meir kontrollert forvaltning kan sikre vekst og livskår for skog i utsette område. Det er i hovudsak det biologiske og klimatiske grunnlaget for å kunne halde oppe skogproduksjon som er bakgrunnen for vernskogføresegnene i skogbrukslova. Vernskog omfattar i hovudsak sårbar skog, fjellskog og skog ut mot havet. Ein gjennomgang av alle vernskogområda i Noreg på starten av 1990-åra viste at om lag 20 % av den produktive barskogen er vernskog etter skogbrukslova. I all vernskog er det generell meldeplikt for all hogst, og i fleire område er det også meldeplikt for andre tiltak i skogen.

3.4 Vegar og transport

Eit tenleg skogsvegnett er ein føresetnad for å kunne drive eit stadstilpassa og konkurransedyktig skogbruk. På Sørlandet, Austlandet og i Trøndelag er hovudvegnettet langt på veg utbygd, og vegbyggingsaktiviteten i desse områda vil framover stort sett knyte seg til bygging av sidevegar og modernisering av eksisterande vegnett. I dei tidlegare skogsreisingsstrøka (i hovudsak kystområda på Sørlandet, Vestlandet og i Nord-Noreg) har ikkje vegutbygginga kome like langt, og viss ein skal hauste dei ressursane som er bygde opp, er det nødvendig å halde fram med vegutbygginga i desse områda.

Tabell 3.1 Skogsbilvegar

FYLKESkogsbilvegar, km, 2003Andre vegar som kan nyttast til tømmertransport, kmSum bilvegar, 2003Vegtettleik meter/ha 2003
Østfold187840022789,9
Akershus251260031129,6
Hedmark1173833001503811,1
Oppland65932350894312,4
Buskerud63111120743113,0
Vestfold1275570184515,4
Telemark49221700662212,7
Aust-Agder26141580419413,2
Vest-Agder657100016576,8
Sør-Trøndelag1521126027816,8
Nord-Trøndelag3326132546517,5
Skogfylka, sum43347152055855210,8
Rogaland3103306404,6
Hordaland45357010234,1
Sogn og Fjordane50070012004,4
Møre og Romsdal73965013895,0
Nordland1002155025524,4
Troms62363012533,1
Finnmark1401803203,8
Skogreisingsstrøk3767461083774,2
Heile landet4711419815669299,0

Dei fleste stader er eigedoms- og terrengforholda i Noreg slik at samarbeid mellom fleire skogeigarar er ein føresetnad for å få etablert gode vegløysingar. I mange område tener det same vegnettet også fleire interesser. Døme på dette er skogbruks-, jordbruks-, busetjings- og friluftslivsinteressene. Samordning av dei ulike interessene er derfor den største utfordringa ved planlegging av skogsvegar. For å møte denne utfordringa har om lag halvparten av kommunane i landet utarbeidd hovudplanar som viser korleis vidare utbygging av skogsvegnettet bør skje. Forskrift med krav om søknad frå skogeigar og godkjenning frå kommunen før bygging av landbruksvegar kan setjast i gang gjeld likevel også i desse kommunane.

I vegnære og lett tilgjengelege skogområde har hogsten i lengre tid vore like stor som, eller større enn, tilveksten. I område som ligg langt frå veg og i bratt terreng er det på den andre sida bygd opp mykje hogstmoden skog. Samstundes er bygginga av skogsbilvegar redusert frå ca 800 km per år på starten av 1990-talet til 120 km i 2003. Som ein følgje av dette forventar ein at gjennomsnittleg driftsveglengde vil auke til om lag det dobbelte av det lengda har vore dei siste 25 åra. Dette får stor verknad på økonomien ved drift av skogen.

Driftsveglengda kan reduserast noko gjennom auka satsing på vegbygging, men mykje av den hogstmodne skogen står på mark med låg produksjonsevne, delvis i høgareliggande skog. I desse områda vil det ikkje vere økonomisk lønnsamt å byggje eit tett vegnett slik det er i dei høgproduktive områda. Det er behov for fleire vegar i skogreisingsstrøka etter kvart som skogen blir hogstmoden, og noko meir vegar i skogstrøka.

Direktoratet for naturforvaltning har delt Noreg inn i område etter kor lang avstand dei ligg frå tekniske inngrep. Inngrepsfrie område er område som ligg meir enn 1 km frå eksisterande tekniske inngrep som vegar og liknande. Innan dei inngrepsfrie områda blir område som ligg meir enn 5 km frå eksisterande tekniske inngrep definerte som villmarksprega område. For slike villmarksprega område er det i dag knytt restriksjonar til vegbygging. Desse restriksjonane har små konsekvensar i fylka nord til og med Sør-Trøndelag, men i Nord-Trøndelag, Nordland og Troms er om lag 10 % av skogarealet påverka av desse reguleringane.

Reglane som gjeld framføring av veg og kva for endringar departementet meiner det er behov for å gjere i dei er omtala under kapittel 6.4.5.

3.5 Forynging av skog

Forynging av skog er grunnleggjande for framtidige moglegheiter for å hauste av tømmerressursane og kvaliteten på det virket som blir produsert. Hogst av tømmer utan påfølgjande investeringar og tilrettelegging for ny forynging inneber eit haustingsskogbruk som har negative konsekvensar for både råstofftilbodet og kvaliteten i framtida. Forynging med stadstilpassa treslag er derfor viktig for den framtidige ressurstilgangen. Dette har verdi for skogen sin evne til å tilpasse seg langsiktige endringar i klima. Ein oversikt over det produktive skogarealet etter dominerande treslag viser at vi har 41 % gran, 33 % furu og 26 % lauvtre (NIJOS). Fordi grana er mest utbreidd og er vanskelegast å forynge naturleg, er det dette treslaget som i hovudsak blir planta. I 2003 var 91 % av selte skogplanter vanleg gran.

Hogstform og foryngingsmetode skal vere tilpassa veksestaden. Riktig val av hogstform har mest å seie for at hogstfeltet blir godt tilrettelagt for forynging. I ein del høve er det nødvendig å gjere førebuande tiltak på hogstflata før forynging. I 2002 blei det gjort markriving på 14 % av det arealet som skulle foryngast, sprøyta mot ugras på 1 % av arealet, og grøfta på 4 % av arealet.

Resultatkontrollen av foryngingsfelt blir utført kvart år på 1000 felt og i tre sesongar etter avverking på desse felta. Kontrollen viser at det på ca 25% av det årlege foryngingsarealet ikkje blir gjort god nok tilrettelegging for oppbygging av ny skog med tilstrekkeleg kvalitet. Kontrollen viste vidare at i 2002 blei 46,6 % av det totale hogstarealet forynga ved planting, 7,5 % ved ein kombinasjon av planting og naturleg forynging, 0,7 % ved såing og at 23,6% var lagt til rette for naturlig forynging. Den delen av foryngingsfelta som ikkje er tilfredsstillande tilrettelagt for ny skog auka frå 2001 til 2002 med 3,5 %.

Skogplantesalet har minka mykje dei siste åra. I 1995 blei det selt 48 millionar planter, medan det i 2003 berre blei selt 23 millionar skogplanter. Oversikt over utvikling i planta areal, figur 3.4, viser den same tendensen. Omfanget av tilplanta areal i 2002 var på nivå med tilplantinga midt på 1950-talet.

Figur 3.4 Utvikling i planta areal (daa) 1952-2003

Figur 3.4 Utvikling i planta areal (daa) 1952-2003

Blant dei felta som var tilplanta eller tilrettelagt for naturleg forynging, hadde høvesvis 21 og 40 % behov for tiltak for å oppnå tilfredsstillande forynging. For 34 % av det naturleg forynga arealet var det i undersøkinga for tidleg å vurdere kor god forynging ein kan vente. I tillegg, som nemnt over, var 21,6 % av det totale foryngingsarealet ikkje tilrettelagt for nokon type foryngingsmetode.

Skogreising har vore ein viktig del av skogbruket i kystområda i dei siste om lag hundre åra, anten som skogreising på snaumark eller som treslagsskifte i skog der dei eksisterande treslaga har vore av dårleg kvalitet og gitt liten produksjon av virke for sal. Ved vurdering av kva slags areal som ein bør reise skog på, har ein lagt vekt på å finne område der granskog eller annan barskog ville gi betre og eventuelt større produksjon enn naturlege treslag på staden.

I dag er det små areal der det blir gjennomført skogreising eller treslagsskifte. I 2002 utgjorde dette arealet 14 000 dekar.

Stiftinga Det norske Skogfrøverk skal sørgje for ein landsdekkjande tilgang på skogfrø av høg kvalitet, og drive rådgjeving om frø- og planteforsyning. Dette inneber mellom anna drift av frøplantasjar, frøavl og konglesanking. Det er private planteskular rundt om i landet, i mange høve ått av skogselskapa i fylka, som står for produksjonen av skogplanter.

Reglane som gjeld forynging og kva for endringar departementet meiner det er behov for å gjere i dei er omtala under kapittel 6.4.4.

3.6 Ungskogpleie

Etablert forynging må følgjast opp med nødvendig ungskogpleie. Ungskogpleie omfattar i hovudsak regulering av treslag, tretal og fjerning av tre av dårleg kvalitet, overstandarar (tre som av ulike grunnar får stå igjen etter hogst) og annan konkurrerande vegetasjon. Ungskogpleie blir i første rekkje gjort for å auke mengda kvalitetsvirke, men også for å oppretthalde produksjonen. Ungskogpleie blir i hovudsak gjort manuelt med ryddesag. Noko areal blir sprøyta for å sikre forynginga. I hovudsak er dette areal der gras, urter og annan vegetasjon truar det treslaget ein ønskjer å etablere framtidsskog av.

Ungskogpleieaktiviteten hadde ein topp i siste halvdelen av 80-talet med nærare 700 000 daa årleg, men fekk ein nedgang først på 90-talet til om lag 400 000 daa. I 2003 blei det gjennomført ungskogpleie på om lag 120 000 daa eller om lag 16 % av aktiviteten i toppåra. Tal frå landbruksavdelingane hos fylkesmennene viser behov for ungskogpleie på vel 2 mill daa. Omfanget av sprøyting har minka kraftig dei siste åra. I 2003 blei det sprøyta vel 6 000 daa. Dette er ei halvering sidan 2000.

Ut over ungskogpleie blir det gjennomført ein del andre kvalitetsfremmande tiltak i form av kunstig kvisting og skadeførebyggjande tiltak mot råte- og beiteskadar. Kunstig kvisting har hatt eit årleg omfang på om lag 8 000 daa.

Beiteskadar på skog dreier seg i hovudsak om elgbeiting på furuskog på Austlandet og hjortebeiting på granskog på Vestlandet. I fleire deler av landet reduserer dette sjansen for å få opp furuforynging. Elgbeiteregistreringar viser at det i nokre område ikkje har kome opp ny skog av furu dei siste 30-40 åra. Med tanke på utvikling av skog som er godt tilpassa veksestaden er dette ei viktig utfordring. Mange skogeigarar hentar inntekt både frå skogbruk og frå sal av jaktrettar. Samstundes ser ein også at det i enkelte regionar er konfliktfylt å finne ein god balanse mellom store stammer av hjortevilt og forynging og framvekst av ny skog med høg kvalitet. Dette blir særleg eit problem der hjorteviltet har fast trekk slik at dei om vinteren beiter ned skog i andre område enn der dei oppheld seg i jaktperioden. Med mykje hjortevilt på avgrensa areal, særleg elg og hjort, kan beitinga bli så omfattande at det hindrar ei normal utvikling av viktige beiteplanter. Overbeitinga gjer det vanskeleg eller umogleg å få opp ny ungskog med nødvendig tettleik og rette treslag, særleg på stader der lauv og furu høver best. Det blir vanskeleg å sikre eit vinterbeite av god kvalitet for hjorteviltet, noko som har uheldige konsekvensar for kondisjonen og utviklinga av viltstammen, og det kan samstundes påverke det biologiske mangfaldet meir generelt.

I enkelte område har ein kartlagt tilgangen på viltbeite og utnytting av beitet. Særleg viktige er områda for vinterbeite. Slik kartlegging kan brukast for å gi eit betre grunnlag for å treffe avgjerder der motsetningane mellom viltinteresser og skoginteresser er store.

Reglane som gjeld forynging og kva for endringar departementet meiner det er behov for å gjere i dei er omtala under kapittel 6.4.4. Tilsvarande omtale av reglane som gjeld førebygging av skadar finst i kapittel 6.5.5.

3.7 Skog og miljø

3.7.1 Innleiing

Skogbruk og miljøvern har ei over hundre år felles historie, og dei første med høgare skogbruksutdanning var samstundes med på å stifta dei første naturvernforeiningane og fekk freda dei første skogareala. I dei siste tre tiåra har ulike meiningar om korleis skogsdrifta bør skje dominert og skygga for den lange felles tradisjonen. Det har vore sterke ordskifte om «stygt og pent», om storleiken på hogstflater, om vegbygging og i dei siste åra også om omfanget av vern av skog.

Etter at miljøprofilen i gjeldande skogbrukslov blei styrkt ved lovendringane i 1976, kom det fleire politiske signal om ei større vektlegging av miljøverdiane i dei ulike sektorane. Innafor skogbruket blei dette følgt opp med utgreiinga «Flersidig skogbruk» - NOU 1989:10. I utgreiinga blei det lagt fram fleire forslag med sikte på ei betre innarbeiding av miljøomsyna i skogpolitikken og i dei skogpolitiske verkemidla. Utgreiinga la mellom anna grunnlaget for revisjonen av vernskoggrensene på 1990-talet, fastsetjinga av den første vegforskrifta etter § 17 a i gjeldande skogbrukslov, auka vekt på miljøomsyn ved skogreising og drift i fjellskog, og ei samordning av praktiseringa av skogbrukslova på både offentlege og private skogareal.

Det er to hovudutfordringar knytt til miljøarbeidet i skogpolitikken. Det er viktig å sikre miljøomsyn i næringsverksemda. Vidare er det viktig å auke dei positive miljøbidraga frå skogsektoren. Desse miljøtema er særleg sentrale:

  • biologisk mangfald og genetiske ressursar,

  • kulturminne, kulturlandskap og andre kulturverdiar,

  • opplevings- og rekreasjonsverdiar,

  • miljønytte ved auka bruk av trevirke.

Dei ulike miljøkvalitetane krev omsyn både til enkeltelement og til samanhengen mellom element, og i mange høve er det rett å ta utgangspunkt i landskapet når ein gjennomfører tiltak.

3.7.2 Biologisk mangfald og genetiske ressursar

Skogøkosystema har eit stort mangfald av livsmiljø for plante- og dyreartar, sopp, lav og mosar. Både kulturskog og skog utan særleg menneskeleg påverknad har ein dynamikk der leveområde forsvinn og kjem attende. Naturen er stadig i endring, og det biologiske mangfaldet vil også endre seg.

Dette gjer at vi treng kunnskap om økologiske prosessar i stor og liten skala, slik som biotop- og arealkrav for dei ulike artane. Det er ei stor utfordring å ta omsyn både til artar med eit relativt spesialisert levevis, og artar med meir generelle krav til kvalitet og storleik på leveområda.

Landbruks- og matdepartementet har lagt til rette for utvikling av eit standardisert og godt dokumentert registreringsopplegg knytt til biologiske miljøverdiar. Norsk institutt for skogforskning (Skogforsk) har leda forskingsarbeidet som er grunnlaget for registreringsopplegget, og Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) har teke del i den praktiske utforminga av opplegget. Slike miljøregistreringar er ein del av skogbruksplanane til skogeigarane, og eit viktig grunnlag for miljøarbeidet i skogbruket. Om lag 15 millionar dekar er så langt registrert etter MiS-metodikk.

Raudlista

Fleire av dei internasjonale naturvernavtalene (konvensjonane) som Noreg har slutta seg til omfattar mellom anna forpliktingar til vern og berekraftig utnytting generelt, og med særskilt merksemd omkring sikring av trua artar. Det enkelte medlemsland må, for å følgje opp desse konvensjonane, mellom anna ha oversikt over bestandssituasjonen for dei artane som er omfatta av avtalene. Utarbeiding av nasjonale raudlister har mellom anna av den grunn blitt ei prioritert oppgåve. Dette er lister over artar som ein kan rekne med er trua, sårbare, omsynskrevjande, eller artar ein veit for lite om til å kunne vurdere kva for status dei skal ha.

På den norske raudlista blei om lag 3 000 artar i 2000 omtala som trua, sårbare eller omsynskrevjande. Nær halvparten av dei lever i skog. Som ei oppfølging av St. meld. nr. 42 (2000-2001) Biologisk mangfold - sektoransvar og samordning, har regjeringa sett i gang fleire oppgåver knytt til forbetring av raudlistearbeidet. Ein vurderer mellom anna kriteria for å raudliste artar. Ein ser også på om det er mogeleg å gjere raudlista til eit betre forvaltningsverktøy ved å bruke meir standardisert vurderingsmetodikk, meir presis dokumentasjon og betre datagrunnlag.

Som eit resultat av auka kunnskap om verdien av dødt virke for det biologiske mangfaldet, blei registrering av dødt trevirke og vindfall innlemma i Landsskogtakseringa i 1994. Slike registreringar er også sentrale element i dei miljøregistreringane som går inn i skogbruksplanane. Berre i Noreg er det om lag 4 600 artar som treng dødt virke i heile eller deler av livssyklusen sin. Desse artane, i hovudsak frå gruppene sopp, biller og andre insekt, er i tillegg avhengige av ulike kvalitetar av dødt trevirke slik som nedbrytingsgrad, treslag, dimensjon og eksponering. Resultat av arbeidet i Landsskogtakseringa så langt viser at det i Noreg i snitt er 8 m3 dødt trevirke pr. ha. I Sverige og Finland er det i snitt 6 m3. Sverige har som miljømål å auke delen «hård død ved» med 40% i heile landet innan 2010. Dei vil da kome så vidt over det nivået vi har i dag. I Noreg aukar også mengda av dødt trevirke, og vi vil derfor ha ei høgre arealmengde av dødt trevirke enn i Sverige. Når det gjeld mengda av dødt trevirke i ulike typar av skog, er det meir død ved i gamal skog og på høg bonitet. Død ved finst i nær sagt alle vegetasjonstypar, men det er større mengder død ved på rike vegetasjonstypar som er viktige for det biologiske mangfaldet. NIJOS-rapport «Skog 2000» viser at for tørre tre og vindfall er mengda fordobla frå perioden 1919-1930 og fram til i dag.

Genetiske ressursar

Skogstre er av dei artane som har størst genetisk variasjon. Denne variasjonen er eit resultat av ei dynamisk utvikling over mange generasjonar, og variasjonen er viktig for tilpassingsevna for arten på både kort og lang sikt. Med treslaget sine genetiske ressursar forstår vi genetisk variasjon som har verdi for både naturleg utvikling og utnytting med dei miljøtilhøva som er i dag og kjem i framtida.

Spesielt for Noreg er det at mange treslag her veks på si nordlegaste grense. Marginale populasjonar kan innehalde genetiske variasjonsmønster som ikkje finst andre stader i utbreiingsområdet til arten. Dersom slike populasjonar er trua, er det spesielt viktig å bevare den genetiske variasjonen deira.

På verdsbasis trur ein at ca. 10% av alle treslag er direkte trua av utrydding. Dermed kan verdifull genetisk variasjon gå tapt. Dei fleste av dei utryddingstrua artane er tropiske artar, og i dei nordiske skogane er ingen treslag direkte utryddingstrua. Det er fleire faktorar som påverkar den genetiske variasjonen og tilpassingsevna hos treslag. Under norske forhold er truleg klimaendringar den enkeltfaktoren som kan bety mest i framtida.

Hovudmålet med bevaring av genetiske ressursar er å skape gode forhold for framtidig utvikling og utnytting. Dette kan gjerast ved å sikre verdifulle gen og genetiske variasjonsmønster. Grunnlaget for bevaring er etter dette både biologisk, økonomisk og etisk motivert.

Ved utnytting av genressursane på kort sikt er det viktig å etablere og bevare populasjonar som kan generere plantemateriale med gode vekst- og kvalitetseigenskapar. I eit lengre framtidsperspektiv er det viktig å ta vare på genetisk variasjon som kan gi opning for å gjere utval for eigenskapar som kanskje ikkje er påakta i dag, samstundes som tilpassingsevna til varierande miljøforhold blir teke vare på. Den etiske grunngjevinga for bevaring av genetiske ressursar er den same som gjeld for å bevare naturmiljøet generelt. Grunngjevinga er akseptert gjennom internasjonale konvensjonar.

Bevaring av genetiske ressursar går inn som eit av ledda i Konvensjonen om biologisk mangfald som Noreg har ratifisert. Konvensjonen forpliktar Noreg til m.a. å bevare den biologiske diversiteten som finst, og til å utvikle nasjonale strategiar for slik bevaring. Ved den første konferansen i Ministerkonferansane for trygging av skogane i Europa (Strasbourg 1990) slutta Noreg seg til resolusjon 2 om bevaring av skogstrea sine genetiske ressursar. I samband med dette har Noreg utarbeidd ein strategi for bevaring av genressursane.

3.7.3 Kulturminne, kulturlandskap og andre kulturverdiar

Skogareala er rike på spor etter busetjing, næringsverksemd og annan menneskeleg aktivitet attende til steinalderen. Kulturminna - og kulturmiljøa dei ofte går inn i - er ein historisk arv det er eit nasjonalt ansvar å ta vare på.

Sjølv om store delar av denne kulturarven er formelt freda etter kulturminnelova, er det ikkje til å unngå at nokre spor etter menneskeleg verksemd går tapt over tid. Skogbruksverksemd kan uforvarande skade eller øydeleggje den arkeologiske kulturarven under markoverflata, til dømes ved bygging av skogsvegar, hogst med tyngre maskinelt utstyr, terrengtransport, markriving, grøfting eller planting.

Kunnskapen om kulturminne i skog er varierande, men generelt er det registrert lite i tradisjonelle utmarksområde. Den informasjonen som finst omfattar i hovudsak kulturminne med vernestatus etter kulturminnelova. Tilgangen til denne informasjonen er heller ikkje så god utanfor kulturminneforvaltninga, og mange lokalt initierte registreringsprosjekt er berre tilgjengelege i papirformat. Undersøkingar viser at det er varierande kvalitet på data, spesielt data som gjeld stadfesting. Landbruks- og matdepartementet har sett i gang eit prosjekt ved NIJOS som siktar mot å lage eit registreringsopplegg for kulturminne i samband med skogbruksplanlegginga. Kulturminneregistrering utført av skogbruksplanleggjarar i samband med skogtakst synest så langt å vere ei kostnadseffektiv og påliteleg kulturminneregistrering.

3.7.4 Opplevings- og rekreasjonsverdiar

Skogen er eit viktig landskapselement i Noreg fordi dei skogkledde areala dekkjer ein så stor del av landet. Skogen er viktig i rekreasjonssamanheng, og er etter friluftslova tilgjengeleg for alle. Skogen blir brukt til ulike friluftslivs- og idrettsaktivitetar der mellom anna opplevingsverdiane er sentrale. Bruken varierer sterkt frå dei tettstadnære skogområda, som er viktige turområde og område for leik, idrettslege aktivitetar og undervisning, til skogområde som ligg langt frå folk og som blir brukt mindre intenst og som kan gi oppleving av lite påverka natur.

Det er eit viktig mål for skognæringa å tilpasse verksemda til dei behova folk har for friluftslivs- og opplevingsområde. Skogbruket må leggje vekt på å unngå at det oppstår brukskonfliktar, ved mellom anna å ta omsyn til turvegar, stiar og skiløyper.

Skogbruksnæringa har særlege utfordringar når det gjeld omsyn til opplevingskvalitetane i by- og tettstadsnære område, og i samband med vegbygging i såkalla villmarksprega område.

3.7.5 Skogbruk og miljøomsyn

Skogbruket har eit klart ansvar for å ta omsyn til dei ulike miljøkvalitetane. Nokre av miljøelementa knytt til biologisk mangfald er viktige i miljøsamanheng, men samstundes også nødvendige for langsiktig skogbruk. Viktige spørsmål er mellom anna:

  • Kvar er miljøverdiane og kva for omsyn skal ein ta i høve til dei?

  • Korleis kan ein sikre god balanse mellom miljøomsyn og næringsverksemd?

Miljøregistreringar i skog (MiS-registreringar) er i dag ein del av skogbruksplanane som skogeigaren bruker i drifta av eigedommen, og slike registreringar og planar er eit viktig grunnlag for miljøinnsatsen i skogbruket. Om lag 15 millionar dekar er så langt registrert etter MiS-metodikk.

Det er ei utfordring å finne gode løysingar som sikrar balanse mellom bruk og vern. Dette krev i enkelte tilfelle forbod og restriksjonar på bruk, i andre tilfelle tilpassingar i næringsverksemda. I nokre tilfelle er det også mogleg å sikre miljøkvalitetane gjennom å leggje til rette for anna økonomisk næringsverksemd med basis i dei viktige miljøkvalitetane - t.d. reiseliv og turisme - slik at det også blir lønnsamt å ta vare på det ein ønskjer å verne.

Det har vore ein lang periode med sterk vekt på å innarbeide miljøomsyn i alt skogpolitisk regelverk, og det er også gjennomført store samarbeidsprosjekt mellom skognæringa og miljøvernorganisasjonane.

Krava til skogbruket om å ta betre omsyn til ulike miljøkvalitetar er blitt meir omfattande. Ein legg i dag stor vekt på miljøregistreringar, betre oversikt over miljøverdiar og behovet for meir målretta og miljøtilpassa tiltak i skogbruket. Det er generelt auka etterspørsel etter dokumentasjon på at skogprodukta kjem frå eit berekraftig skogbruk. Ulike ordningar for dokumentasjon og sertifisering har vokse fram på 1990-talet, og dei fører med seg nye krav til den enkelte skogeigaren når det gjeld hogst og skjøtsel av skogen. Sertifiseringa fører mellom anna med seg etter måten grundige kontrollrutinar som skal gi betre dokumentasjon på korleis skogen blir forvalta. Skogbruket og skogindustrien sitt samarbeid i prosjektet Levende Skog om standardar for berekraftig skogbruk og etablering av sertifisering basert på standardane er eit eksempel på dette.

Trass i endringane i skogpolitikken og den innsatsen skognæringa sjølv har gjort, har det ut over 1990-talet vore ei sterk fokusering på mogelege negative effektar av skogbruk, spesielt i høve til biologisk mangfald. Natur- og miljøvernorganisasjonar, og i aukande grad marknadsaktørar og forbrukarar, stiller stadig større miljøkrav til skogbruksverksemda. Mange skogeigarar har til dels frykta for konsekvensane av krava, og i nokre høve har det vore uklart for dei kva slags kunnskap og vitskapeleg grunnlag krava er bygde på. Aktørane innafor skogbruket har også opplevd at det har vore stor avstand mellom krava frå organisasjonane og dei føresegnene som er nedfelte i lov- og regelverket. Det er ei viktig utfordring framover å finne gode løysingar som sikrar aktivitet og næringsverksemd med grunnlag i skogressursane. Ei ny skogbrukslov bør vere ein reiskap som samstundes skal gi gode rammer for framtidig næringsverksemd og klare standardar for forvaltninga av ressursgrunnlag og miljøkvalitetar.

3.8 Verkemiddel for berekraftig skogbruk

3.8.1 Skogavgift

Etter gjeldande lov skal skogeigaren betale inn ei skogavgift, som er ein tvungen fondsavsetnad. Plikta til å setje av skogavgift gjeld ved alt sal av tømmer og biobrensel. Siktemålet er å sikre nødvendige langsiktige investeringar i vedkommande skog. Avsetnaden gir skogeigaren eit betre grunnlag for å finansiere eit berekraftig skogbruk.

Ordninga med skogavgift har vore eit berande element i bruken av verkemiddel i skogpolitikken. Pr. 1. januar 2003 hadde norske skogeigarar 700,2 millionar kroner ståande inne på skogavgiftskonti. Frå hogster i 2003 blei det innbetalt 189,9 millionar kroner i skogavgift, og 195,4 millionar kroner blei investert i ulike tiltak i skogen. Pr. 1. januar 2004 var det 694,7 millionar kroner inneståande på skogavgiftskonti.

Reglane som gjeld skogavgift og kva for endringar departementet meiner det er behov for å gjere i dei er omtala under kapittel 6.7.1.

3.8.2 Meldeplikt og andre offentlege pålegg

Meldeplikt for skogbrukstiltak etter gjeldande lov har vore aktuelt i vernskog og i skog der det er fastsett forskrift etter § 17 b, eller når meldeplikt er innført etter § 19. Meldeplikt vil seie at ein skogeigar må melde frå til skogoppsynet før han skal hogge, eller gjennomføre andre tiltak som det er innført meldeplikt for. Praktiseringa av meldeplikta vil vere fastsett i forskrift, eller i vedtak frå eit skogoppsynsorgan. Der vil det vere bestemt om skogeigaren må vente på eit svar, eller om arbeidet kan starte opp om ikkje skogoppsynet har reagert innan ei viss tid. Det er innført meldeplikt i all skog som er vernskog. Skogområda i Oslo og nærliggande kommunar (Oslo-marka) er det mest kjende området med forskrift etter § 17b. Formålet med denne forskrifta er å sikre at skogbruket i Oslomarka er med på å ivareta og utvikle kvalitetar knytt til friluftsliv, naturmiljø, landskap, kulturminne og vassforsyning. Heimelen til å innføre meldeplikt i § 19 har berre vore nytta i nokre få tilfelle opp gjennom åra. I 1990 var Tønsberg den første kommunen som innførde meldeplikt for alle skogeigarar i kommunen. Meldeplikta blei innført for å sikre at reglane i skogbrukslova blei følgde. Heimelen har seinare blitt nytta i enkelte område med særskilde miljøverdiar, m.a. nokre kystgranskogområde i Møre og Romsdal og dei to fylka i Trøndelag.

Gjeldande skogbrukslov har fleire føresegner som gir heimel for skogoppsynet til å påleggje ein skogeigar å stoppe eller utføre tiltak i eigen skog. Den einaste av desse som har vore nytta meir enn i nokre få tilfelle er § 16, 4. ledd, som gir heimel til å stanse ein planlagd eller oppstarta hogst. Ein har opp gjennom åra hatt tilfelle der skogoppsynet har måtte gripe inn ved overdriven økonomisk utnytting av skogeigedommar, eller forsøk på å gjennomføre reine avskogingar før ei odelsløysing eller eit tvangssal. I dei seinare åre har det også vore nokre vedtak der ein har pålagt å redusere hogster i område med viktige miljøverdiar. Heimlane til å påleggje skogkulturarbeid etter § 17, gjennomføring av tiltak etter skade på skog etter §§ 22 og 23 og pålegg om å opprette skogbruksplan etter § 30 har ikkje vore nytta mykje. I samband med kampen mot barkbillene på slutten av 1970-talet blei det gitt fleire pålegg etter § 28 om tiltak mot insekt- og soppangrep med vidare.

Reglane som gjeld meldeplikt og kva for endringar departementet meiner det er behov for å gjere i dei er omtala under kapittel 6.5.2.

3.8.3 Statstilskot til skogbruket

Det er dei siste åra gitt rammer for tilskot til formål i skogbruket over statsbudsjettet og over jordbruksavtalen gjennom Landbrukets utviklingsfond. Tilskotsordningane gjeld i hovudsak langsiktige investeringstiltak i skogbruket som planlegging, skogkultur og bygging av skogsbilvegar. I tillegg er det gitt tilskot til langtransport på Vestlandet og i Nord-Noreg, til tiltak for å fremme foredling av trevirke, og til nokre andre tiltak i skogbruket. Sidan tidleg på 1990-talet er tilskota samla sett reduserte år for år.

Verkemiddelbruken i skogpolitikken blei endra i 2003. Frå 2004 er tilskot til skogbruk i all hovudsak flytta frå jordbruksavtalen til ein annan post på statsbudsjettet. Med unntak av dei midla som er knytt til kompetansehevande tiltak blir det alt vesentlege av midla fordelt frå departementet til fylkesmennene og vidare til kommunane ut frå kommunevise tiltaksstrategiar. Tildelinga til kommunane er eit resultat av at kommunane gjennom kommunereforma er gitt større ansvar og fridom. I statsbudsjettet for 2004 blei det løyvd ei tilskotsramme på 137 millionar kroner til dei tradisjonelle skogbrukstiltaka. I tillegg blei det sett av 18 millionar kroner til bioenergisatsing, og 39 millionar kroner til verdiskapingstiltak (i hovudsak til Verdiskapingsprogrammet for bruk og foredling av trevirke).

Det er ikkje føresegner i gjeldane lov om statlege tilskot. Forskriftene om tilskot er for ein del fastsett med heimel i jordlova og delvis fastsett med bakgrunn i Stortinget sine årlege budsjettvedtak. Frå februar 2004 blei reglane for alle tilskotsordningane i skogbruket med unntak av skogbruksplanlegging samla i ein forskrift.

Reglane som gjeld tilskot og kva for endringar departementet meiner det er behov for å gjere i dei er omtala under kapittel 6.7.2.

3.9 Internasjonal skogpolitikk

Skogspørsmål kom høgt på den internasjonale dagsorden i samband med førebuingane og gjennomføringa av FN-konferansen om miljø og utvikling i Rio i 1992. Oppfølginga har skjedd i arbeidet med FN sitt mellomstatlege skogpanel, FN sitt mellomstatlege skogforum og seinare i Skogforumet i FN som blei oppretta i 2000. Skogforumet er i dag eit organ som er direkte lagt inn under FN sitt sosiale og økonomiske råd. Det er forhandla fram eit fleirårig program for arbeidet, under dette ein handlingsplan. Hovudoppgåva er å gjennomføre handlingsplanen og dei tiltaka som landa er samde om i det internasjonal samarbeidet. Handlingsplanen er omfattande og femner tiltak knytt til miljø og økonomiske og sosiale forhold ved forvaltning av skog. Seinast under verdstoppmøtet i Johannesburg i august 2002 samla medlemslanda i FN seg om Skogforumet i FN og handlingsplanen. Tiltaka som går inn i handlingsplanen er omtala i sluttrapportane frå FN sitt mellomstatlege skogpanel (E/CN. 17/1997/12) og FN sitt mellomstatlege skogforum (E/CN. 17/2000/14).

Skog er også eit viktig element i Konvensjonen om biologisk mangfald og Klimakonvensjonen. Partane i konvensjonen om biologisk mangfald vedtok på det sjette partsmøtet i 2002 eit utvida arbeidsprogram for biologisk mangfald i skog (CBD COP Decision VI/22). Arbeidsprogrammet konkretiserer og utvidar arbeidet med vern av biologisk mangfald innafor rammene av konvensjonen.

Konvensjonane og skogprosessen i FN har medverka til auka merksemd om skogen som ein globalt sett viktig ressurs med stor verdi for klima, som fornybart råstoff og med store ressursar av verdifullt biologisk materiale. Konvensjonane om biologisk mangfald og klima har saman med skogprosessen i FN hatt innverknad på utforminga av skogbrukslovgjeving i mange land. Det har også haldningane i marknadene for forbruksvarer. Haldningane har kome til uttrykk gjennom ordningar for sertifisering og merking av opphavet for ulike skogprodukt.

I Europa har det sidan 1990 vore eit aktivt skogpolitisk samarbeid knytt til oppfølginga av Ministerkonferansane for trygging av skogane i Europa. Dette regionale samarbeidet har i stor grad teke opp dei globale skogpolitiske problemstillingane, og søkt å finne løysingar på desse i forhold til dei spesifikke forholda og utfordringane vi har i Europa. Landa er mellom anna samde om kriteria, som beskriv målområda for ei berekraftig skogforvaltning, og indikatorar til å måle utviklinga i forhold til desse kriteria i dei enkelte land. Indikatorane blir nytta ved rapportering av status og utvikling i skogtilstand i samband med det internasjonale skogpolitiske samarbeidet. Samarbeidet omfattar også ei rekkje andre forhold knytt til utforming og gjennomføring av skogpolitikken i deltakarlanda. Det gjeld mellom anna skogen sitt bidrag til regional utvikling, vern av skog, dei økonomiske føresetnadene for skogbruk som næring og rammeverk for utforming av skogpolitikken slik dette er trekt opp i arbeidet i FN (nasjonale skogprogram). Vedtaka i prosessen er nedfelt i erklæringar og resolusjonar frå dei fire ministerkonferansane i Strasbourg (1990), Helsinki (1993), Lisboa (1998) og Wien (2003).

Skogpolitikken i EU er dei enkelte medlemslanda sitt ansvar. Ministerkonferansane for trygging av skogane i Europa er derfor arenaen for skogpolitisk samarbeid i vår verdsdel. Andre politikkområde i EU som jordbrukspolitikken, distriktsutvikling, og miljø- og industripolitikk er likevel svært viktige for rammevilkåra for skogsektoren og for utforminga av skogpolitikken i medlemslanda i EU.

I det internasjonale arbeidet med skogspørsmål globalt og i Europa legg ein vekt på at vilkåra for skogsektoren varierer mellom land og område. Resultata gir føringar og støtte for deltakarlanda i utforminga av nasjonal politikk på området, men også rom for utforming av verkemiddel som varierer mellom land avhengig av nasjonale forhold og prioriteringar. I denne samanhengen er det viktig å sjå korleis administrative og økonomiske virkemiddel, samt informasjon og opplæring, spelar saman med skoglovgjevinga. Sjølv om dei enkelte tiltaka som landa har samla seg om i dei fleste høva ikkje er juridisk bindande, har Noreg ei politisk plikt til å gjennomføre tiltak som er aktuelle for oss. Landbruks- og matdepartementet har derfor over tid lagt vekt på å integrere internasjonale skogpolitiske vedtak og prinsipp i den nasjonale skogpolitikken.

Departementet tok hausten 2003 initiativ til ei kartlegging av internasjonale vedtak og tilrådingar knytt til skogsektoren, og kartla også korleis desse er følgt opp nasjonalt. Kartlegginga vert gjennomført av Norges Landbrukshøgskole, Institutt for naturforvaltning, og vil vere avslutta hausten 2004. Ei rekkje aktørar, blant dei ulike sektorstyresmakter, private organisasjonar, frivillige organisasjonar og ulike fagmiljø tek aktivt del i arbeidet.

Til forsida