Ot.prp. nr. 30 (2002-2003)

Om lov om bustadbyggjelag (bustadbyggjelagslova) og lov om burettslag (burettslagslova)

Til innhaldsliste

5 Forbod mot diskriminering i bustadlovgivinga

Gjeldande rett

I bustadbyggjelagslova og i burettslova er det i dag ingen føresegner som direkte set forbod mot diskriminering. Det er heller inga føresegn mot diskriminering i eigarseksjonslova eller i husleigelova. Den føresegna som har sett forbod mot diskriminering - iallfall til ein viss grad - på det bustadrettslege området, er straffelova § 349a. Her heiter det at ein som i ervervsmessig eller liknande verksemd på grunn av truvedkjenninga, rasen, hudfargen eller det nasjonale eller etniske opphavet til ein person nektar vedkomande varer eller tenester på dei same vilkåra som gjeld for andre, blir straffa med bøter eller fengsel i opptil seks månader. På same måten blir ein straffa dersom ein i slik verksemd nektar ein person varer eller tenester som nemnt på grunn av vedkomande si homofile legning, leveform eller orientering.

Det er usikkert kor langt denne føresegna gjeld innafor bustadområdet. Utvalet legg til grunn at diskriminerande vedtektsføresegner og liknande også vil vere ugyldige på ulovfesta grunnlag. Utvalet legg vidare til grunn at vanlege skadebotreglar kan føre til ansvar for diskriminering.

Forslaget frå utvalet

Utvalet foreslår forbod mot diskriminering i utkastet til ny lov om bustadbyggjelag og i utkastet til ny lov om burettslag. I begge føresegnene heiter det at det i vedtektene ikkje kan setjast vilkår for å vere andelseigar som tek omsyn til truvedkjenning, rase, hudfarge, språkkunnskapar, nasjonalt eller etnisk opphav eller homofil legning, leveform eller orientering, og at slike omstende ikkje kan reknast som sakleg grunn til å nekte godkjenning av ein andelseigar eller tilleggjast vekt ved tildeling av bustad. Om skadebotansvar for ulovleg diskriminering gjeld vanlege skadebotreglar.

Etter eit møte med representantar for Senter mot etnisk diskriminering fekk utvalet forståing for at det kan vere tenleg å framheve eit diskrimineringsforbod også i lovgivinga om bustadbyggjelag og burettslag. Utgangspunktet for utvalet har vore straffelova § 349 a, men utvalet gjekk lenger når det gjeld språkkunnskapar. Utvalet meiner at det i fleire samanhengar er relevant å krevje visse språkkunnskapar, men at det er vanskeleg å tenkje seg situasjonar der språkkunnskapar kan vere relevante i bustadbyggjelag eller burettslag. Utvalet nemner at eit bustadbyggjelag eller eit burettslag i denne samanhengen ikkje vil ha noka plikt til å skaffe vedtekter eller informasjon på andre språk enn norsk.

Tilleggsforslag frå departementet

Departementet har etter at høyringsfristen for NOU 2000:17 Burettslovene gjekk ut, sendt ut på høyring eit forslag om å ta inn forbod mot diskriminering også i eigarseksjonslova og husleigelova, tilsvarande det som er foreslått i burettslovene. Ved utveljing av sameigar, leigar eller annan brukar av eigedommen skal det etter forslaget ikkje vere lov til å ta omsyn til truvedkjenning, hudfarge, språkkunnskapar, nasjonalt eller etnisk opphav eller homofil legning, leveform eller orientering.

Departementet har i sitt forslag ikkje teke med «rase» i opplistinga, til forskjell frå forslaget til nye burettslover frå utvalet si side. Når det gjeld skadebotansvar for ulovleg diskriminering, skal vanlege skadebotreglar gjelde etter forslaget.

Merknader frå høyringsinstansane til forslaget til lovregulering i burettslovene

Asker og Bærum Boligbyggelag meiner at det ikkje er behov for eigne føresegner om diskriminering i burettslovene. Det blir vist til at straffelova § 349a er ei uttømmande føresegn. Dessutan kan forbodet brukast til å setje forbod mot andre kategoriar av menneske, som til dømes narkomane, pyromanar og straffedømde. Vernet mot diskriminering blir teke betre vare på dersom grunnlaget er ulovfesta. Forslaget om at dei vanlege skadebotreglane skal gjelde, er i alle høve overflødig. Denne regelen bør strykast.

Den Norske Advokatforeningstiller spørsmål ved om ikkje føresegna også burde hatt med eit forbod mot vilkår som dreier seg om kjønn. I staden for homofil legning, burde forbodet gå mot vilkår som dreier seg om seksuell legning.

Trondheim og omegn boligbyggelagforeslår at det i utkastet blir lagt til at det i vedtektene ikkje kan setjast vilkår for andelseigarane som gir diskriminerande verknad for grupper som nemnde i straffelova § 349a. Dette er grunngitt med at straffelova § 349a blir rekna for å representere dei gruppene Stortinget til kvar tid ønskjer skal vernast mot diskriminering. Ved å nytte den nemnde føresegna, vil ein følgje den offentlege norma, slik ho til kvar tid måtte vere, og unngår såleis at det i burettslag blir gitt svakare eller sterkare vern og/eller skyldnader enn i samfunnet elles.

Oslo kommuneber om at ein vurderer om forbod mot diskriminering også skal gjelde for eksisterande bustadaksjeselskap.

Justisdepartementetstiller spørsmål ved om det er tenleg å plassere dei to føresegnene i burettslovene i separate paragrafar innleiingsvis i lovforslaga. Det blir vist til at forbodet mot diskriminering knyter seg til retten til å bli/vere andelseigar i bustadbyggjelag eller burettslag. Dette er regulert i kapittel 4. Departementet tilrår derfor at forbodet mot diskriminering blir innarbeidd i dei allmenne føresegnene om retten til å bli/vere andelseigar. Det er uheldig dersom retten til å bli/vere andelseigar dels er regulert i kapittel 1 og dels i kapittel 4, særleg dersom det ikkje er tilvisingar mellom dei aktuelle paragrafane.

Merknader frå høyringsinstansane til forslaget til endring i eigarseksjonslova og husleigelova

Utlendingsdirektoratet, Nærings- og Handelsdepartementet, Forbrukarrådet, Oslo kommune ved Byrådsavdeling for eldre og bydelene, Norges Eiendomsmeglerforbund, Leieboerforeningen, OBOS, Bergen og omegn boligbyggelag, Kirkens sosialtjeneste, Kirkens bymisjon, Amnesty International Norge og Næringslivets Hovedorganisasjon støttar forslaget.

Justisdepartementet, Huseiernes Landsforbund, Den Norske Advokatforening og Trondheim kommune seier seg einige i forslaget, men er kritiske til at forbodet i husleigeforhold omfattar privat utleige. Justisdepartementet vil rå til at forbodet mot diskriminering ikkje skal omfatte utleige av rom i eigen bustad. Dette er i samsvar med det forslaget Holgersen-utvalet har kome med. Huseiernes Landsforbund og Den Norske Advokatforening framhevar at det i private husleigeforhold, der utleigaren og leigaren skal bu tett innpå kvarandre, vil vere vanskeleg å fastslå om eit diskrimineringsforbod er brote. Det er først der utleigaren driv verksemda som næring og det nære forholdet mellom partane er erstatta av eit forretningsmessig forhold, at ein vil kunne påvise ei mogleg diskriminering. Trondheim kommune foreslår at det bør vurderast korleis eit handhevingsorgan kan fungere i praksis.

Organisasjonen mot offentlig diskriminering (OMOD)ber om at det blir presisert at forbodet mot diskriminering skal omfatte alle former for utleige av bustad/husrom. Dette vil omfatte leige som ikkje er bygd på forretning, som til dømes utleige av hybel i eigen bustad. Bakgrunnen for dette standpunktet er mellom anna at diskriminering ved bustadformidling ikkje er omfatta av diskrimineringsforbodet i straffelova § 349a.

NBBL stiller spørsmål ved ordbruken i høyringsutkastet, som ein meiner kan synast å favorisere enkelte grupper framfor andre. Ingen bør kunne diskriminerast på grunnlag av si seksuelle legning. I eit samfunn som likestiller homofil og heterofil legning, leveform eller orientering, vil det å trekkje fram éi av gruppene i seg sjølv vere diskriminerande. Føresegna bør derfor omformulerast.

Barne- og familiedepartementetog Likestillingsombodetmeiner at det er prinsipielt uheldig at ei lov som er meint å motverke diskriminering, ikkje også omtaler diskriminering av kjønn. Likestillingslova forbyr forskjellsbehandling på grunn av kjønn i § 3, men lova blir ikkje handheva på privatlivets område, jf. § 2 andre ledd. Sjølv om kjønnsdiskriminering ved utleige av private bustader, hyblar eller liknande i prinsippet er forbode, behandlar korkje Ombodet eller Klagenemnda slike saker. I praksis inneber det at privatpersonar fritt kan leggje vekt på kjønn når dei leiger ut bustader. Det prinsipielle standpunktet til ombodet er at diskriminering på grunn av kjønn ikkje skal tillatast i større grad enn anna diskriminering, og ombodet foreslår på bakgrunn av dette at diskrimineringsforbodet i bustadlovene også skal omfatte kjønn.

Sosialdepartementetforeslår å inkludere funksjonshemma i forbodet mot diskriminering. Departementet understrekar at det handlar om å bli vurdert på lik linje med andre på område som blir regulerte av dei to bustadlovene.

Antirasistisk senter meiner at det er viktig at statsborgarskap blir teke inn i lovtekstane. Grunnen til dette er at den erfaringa som Antirasistisk senter har med saker som gjeld diskriminering, viser at statsborgarskap er blitt brukt som argument frå utleigaren si side for å nekte leigeforhold. I tillegg til dette har Antirasistisk senter framheva at det ikkje er gjort greie for kva som ligg i «taes hensyn til» i ny § 1-8 i husleigelova. Dei meiner at dette er ein vesentleg mangel som vil vere til hinder når det gjeld å oppfylle dei intensjonane som lova legg opp til. Antirasistisk senter meiner også at ein utleigar som feilaktig opplyser til ein potensiell leigar at bustaden er utleigd, burde rammast av lova. Til slutt gir dei uttrykk for at det burde vere mogleg å krevje ei grunngiving frå seljar/utleigar om avgjersla deira når ein kan sannsynleggjere at ulovleg diskriminering har skjedd.

Utanriksdepartementetgir uttrykk for skepsis når det gjeld forslaget om skadebot. Forslaget seier at vanlege føresegner om skadebot gjeld. Departementet peiker på at prinsippet om delt bevisbyrde er innført i tilsetjingssaker i arbeidsforhold. Vidare er prinsippet nedfelt i Rådsdirektiv 2000/43/EF om likebehandling utan omsyn til rase og etnisk opphav, som eit generelt prinsipp i saker om diskriminering på generelt grunnlag. Også i innstillinga frå Holgersen-utvalet blir dette prinsippet foreslått. Utanriksdepartementet etterlyser ei grunngiving for kvifor prinsippet om delt bevisbyrde ikkje er teke med i denne omgang. Organisasjonen mot offentlig diskriminering foreslår også delt bevisbyrde ved rettstvistar, med grunngiving i arbeidsmiljølova § 55 a.

Organisasjonen mot offentlig diskriminering (OMOD)kjem med fleire innvendingar mot lovforslaget frå departementet. For det første tek organisasjonen til orde for at «rase» ikkje bør takast ut av forslaget. Det blir framheva i denne samanhengen at «rase» kan seiast å eksistere som eit sosialt fenomen sjølv om det ikkje eksisterer som naturvitskapleg fenomen. Avgjerda om å fjerne ordet bør ikkje takast før innstillinga frå Holgersen-utvalet skal behandlast. For det andre stiller OMOD spørsmål ved formuleringa «nasjonalt eller etnisk opphav», som er forskjellig frå straffelova §§ 135a og 349a, der «nasjonale eller etniske opprinnelse» blir brukt. Vidare ønskjer OMOD at det blir presisert kva som skal vere verkeområdet i eigarseksjonslova. Det blir foreslått at forbodet mot diskriminering i lova bør omfatte pålegg om sal i sameige, jf. eigarseksjonslova § 26. OMOD meiner at det bør innførast opplysningsplikt for alle partar i tvistar om bustaddiskriminering - dette vil vere ein føresetnad for å få til eit effektivt lovverk. Til slutt blir det foreslått at det også blir gitt ei føresegn om at ein også kan straffe medverknad til diskriminering.

SOS Rasismestiller seg noko kritisk til forslaget som er lagt fram. Dei meiner den sanksjonsforma som er foreslått, er for mild - og at det er vanskeleg å bevise eit økonomisk tap ved brot på slike føresegner. Ei betre sanksjonsform vil vere av økonomisk karakter, gjennom bøter eller liknande. I tillegg undrar SOS Rasisme på om dei føreslåtte endringane kjem i tillegg til eller i staden for straffelova § 349a. SOS Rasisme meiner at ei presisering av straffelova § 349a, i tillegg til ei styrking i handhevinga av føresegna, kan verke like bra som eigne føresegner for å unngå diskriminering på bustadmarknaden.

Departementet sine vurderingar

Departementet slår først fast at det er eit stort fleirtal av høyringsinstansane som støttar forslaget om å innføre eigne føresegner med forbod mot visse former for diskriminering på bustadområdet. Det er berre Asker og Bærum Boligbyggelag som ikkje ser grunn til å lovfeste slike forbod. SOS Rasisme meiner at ei presisering av straffelova § 349a, i tillegg til å styrkje handhevinga av føresegna, kan verke like bra som eigne føresegner for å unngå diskriminering på bustadmarknaden.

Departementet er einig med utvalet og fleirtalet av høyringsinstansane og foreslår å lovfeste eigne forbod mot diskriminering på bustadområdet som gjeld truvedkjenning, hudfarge, språkkunnskapar, nasjonalt eller etnisk opphav eller homofil legning, leveform eller orientering. Jamvel om det i lova er sett forbod mot å diskriminere ut frå truvedkjenning, er dette likevel ikkje til hinder for at organisasjonar kan leige ut bustader til medlemmene sine. Derimot kan ein organisasjon ikkje opprettast med det føremålet å omgå forbodet mot diskriminering. Departementet meiner at slike føresegner vil kunne redusere omfanget av denne typen diskriminering, og såleis vere med på å hjelpe grupper på bustadmarknaden som elles vil bli ramma av dette. Departementet er såleis ikkje einig med Asker og Bærum Boligbyggelag i at det ikkje er nødvendig med ei slik føresegn. Departementet kan heller ikkje sjå at det vil vere tilstrekkeleg å vidareføre ein eventuell ulovfesta regel på dette området.

Departementet kan heller ikkje sjå at dei personane det gjeld, på ein fullgod måte får eit godt nok vern dersom ein berre endrar utforminga av straffelova § 349a, slik SOS Rasisme foreslår. Men departementet framhevar at slik lovfesting sjølvsagt ikkje er til hinder for at påtalemakta prioriterer diskrimineringssaker etter straffelova § 349a. Dette vil samsvare godt med dei politiske signala i regjeringa sin handlingsplan mot rasisme og diskriminering for 2002 - 2006. Her blir det framheva at dei som opplever diskriminering, skal bli møtte med respekt og forståing av påtalemakta, og at slike saker berre skal leggjast bort dersom det ligg føre sakleg grunn til det.

Oslo kommune stiller spørsmål ved om forboda ikkje også bør gjelde for bustadaksjeselskap. Dette er departementet einig i. Departementet vurderer det slik at forboda bør gjelde for alle dei bustadmodellane ein har i Noreg. Departementet fremjar derfor forslag om at forboda mot diskriminering skal gjelde både for bustadbyggjelag, burettslag, eigarseksjonssameige og bustadaksjeselskap, og dessutan i husleigeforhold.

Holgersen-utvalet har i si innstilling NOU 2002:12 Rettslig vern mot etnisk diskriminering foreslått ei generell lov mot etnisk diskriminering og eit eige organ som skal handheve lova. Dersom desse forslaga blir vedtekne av Stortinget, ser ikkje Holgersen-utvalet nokon grunn til å ha eigne føresegner mot diskriminering i bustadlovene.

Departementet har ikkje teke stilling til dette standpunktet, og vil derfor kome tilbake til spørsmålet om kvar diskrimineringsføresegnene skal vere plasserte, og korleis verkeområdet skal vere utforma, i samband med at innstillinga frå Holgersen-utvalet blir følgd opp. Når departementet likevel foreslår eigne føresegner i bustadlovgivinga på dette tidspunktet, er det fordi ein på denne måten raskare kan få innført slike forbod på bustadområdet.

Departementet sluttar seg etter dette i det alt vesentlege til forslaget frå Burettslovutvalet til føresegner i utkastet til bustadbyggjelagslov og burettslagslov. I tillegg held departementet i det vesentlege fast på forslaga om nye føresegner i eigarseksjonslova og husleigelova.

Huseiernes Landsforbund og Den Norske Advokatforening framhevar at det i private husleigeforhold, der utleigar og leigar skal bu tett innpå kvarandre, vil vere vanskeleg å fastslå om eit diskrimineringsforbod er brote. Det er først der utleigaren driv verksemda som næring og det nære forholdet mellom partane er erstatta av eit forretningsmessig forhold, at ein vil kunne påvise ei mogleg diskriminering. Trondheim kommuneer kritisk til at forbodet i husleigeforhold omfattar privat utleige. Justisdepartementet vil rå til at forbodet mot diskriminering ikkje skal omfatte utleige av rom i eigen bustad. Dette er i samsvar med det forslaget som Holgersen-utvalet har kome med. Organisasjonen mot offentlig diskrimineringframhevar at det er viktig at forbodet mot diskriminering også femner om den private delen av husleigemarknaden.

Departementet legg til grunn at forbodet som utgangspunkt bør gjelde ved utleige av både små og store bustader. Enkelte høyringsinstansar foreslår at forbodet mot diskriminering i husleigeforhold ikkje skal gjelde ved privat utleige. Departementet meiner at det er behov for forbod mot diskriminering på bustadmarknaden generelt, også for den private delen. Justisdepartementet har tilrådd at forbodet ikkje skal gjelde ved utleige av rom i eigen bustad. Ved tidsubestemt leigeavtale om enkelt bustadrom - der leigaren etter leigeavtalen har tilgjenge til bustaden til ein annan - har ikkje leigaren oppseiingsvern. Eit unntak frå forbodet mot diskriminering i slike tilfelle vil ha eit vidare verkeområde. Til dømes vil det då vere lovleg å diskriminere ved annonsering og elles i leigeforholdet. Departementet meiner at dette vil gi eit uheldig signal - og går derfor ikkje inn for ei slik avgrensing. Departementet legg likevel til grunn at det ved utleige av hyblar og liknande der leigaren har tilgang til bustaden til ein annan, er det slik at utleigaren står fritt til å velje mellom fleire interesserte, også til det å ikkje leige ut den annonserte bustaden. Ved slik utleige kan utleigaren velje ein person som han går godt saman med.

Departementet viser elles til at Holgersen-utvalet i NOU 2002:12 Rettslig vern mot etnisk diskriminering har foreslått at lov mot etnisk diskriminering ikkje skal gjelde familieliv og personlege forhold. Etter høyringa i samband med NOU 2002:12 vil departementet ta stilling til om det eventuelt skal innførast eit slikt unntak i lov mot etnisk diskriminering.

Den Norske Advokatforening og NBBL foreslår at forbodet mot homofil legning heller burde formulerast som eit forbod mot vilkår om seksuell legning. Antirasistisk senter meiner det er viktig at alternativet statsborgarskap blir teke inn i lovtekstane. Departementet meiner at føresegna på desse punkta ikkje bør gå lenger enn straffelova § 349a. Departementet har derfor ikkje foreslått slike endringar.

Organisasjonen mot offentlig diskriminering meiner at ordet «rase» ikkje bør takast ut av forslaget. Og organisasjonen stiller spørsmål ved formuleringa «nasjonalt eller etnisk opphav», som er forskjellig frå straffelova §§ 135a og 349a. Departementet er einig i at ein ikkje bør ha med ordet «rase» i oppnemninga. Departementet vil derfor foreslå at ordet blir teke ut. Det er allmenn semje om at det ikkje finst vitskapleg dokumentasjon på at det eksisterer ulike menneskerasar. Omgrepet rase er lite omtykt, og departementet vurderer det slik at det er overflødig ved sida av alternativa «hudfarge» og «etnisk opphav». Departementet viser elles til regjeringa sin handlingsplan mot rasisme og diskriminering for 2002 - 2006, der denne problemstillinga er drøfta nærare. Her er det teke avstand frå bruk av omgrepet rase. Derfor held departementet fast ved at omgrepet rase bør takast ut av forslaget. Omgrepa «nasjonalt eller etnisk opphav» er forklart i dei spesielle merknadene.

Den Norske Advokatforening, Barne- og familiedepartementet og Likestillingsombodetstiller spørsmålet om føresegna også burde hatt med eit forbod mot å diskriminere kjønn. Sosialdepartementet foreslår å inkludere funksjonshemma i forbodet mot diskriminering. Kommunal- og regionaldepartementet meiner at det bør vurderast på eit særskilt grunnlag dersom ein skal utvide diskrimineringsføresegna til også å gjelde for kjønn og funksjonshemma. Departementet foreslår at denne vurderinga blir gjord ved eit seinare høve.

Antirasistisk senter meiner at føresegna også bør ramme ein utleigar som feilaktig opplyser til ein potensiell leigar at bustaden er utleigd. Departementet vurderer det slik at det er viktig å slå fast hovudprinsippet om forbod mot diskriminering. Å gå inn på slike forslag som Antirasistisk senter her kjem med, vil etter departementet si vurdering vere å gå for langt i å regulere området.

Utanriksdepartementet viser til at prinsippet om delt bevisbyrde er nedfelt i Rådsdirektiv 2000/43/EF om likebehandling utan omsyn til rase og etnisk opphav, som eit generelt prinsipp i saker om diskriminering på generelt grunnlag. Også i innstillinga frå Holgersen-utvalet er det foreslått å lovfeste dette prinsippet. Organisasjonen mot offentlig diskrimineringforeslår også delt bevisbyrde ved rettstvistar, med grunngiving i arbeidsmiljølova § 55. På bakgrunn av desse synspunkta har departementet endra kravet til bevisbyrde i lovforslaget. Etter forslaget vil då dei same beviskrava gjelde her som dei som elles følgjer av Rådsdirektiv 2000/43/EF. Ei slik endring vil også vere i samsvar med innstillinga til Holgersen-utvalet, jf. NOU 2002:12 punkt 13.8.

Asker og Bærum boligbyggelag ser ingen grunn til å slå fast at vanlege skadebotreglar skal gjelde ved brot på forbodet mot diskriminering. SOS Rasisme meiner at det er vanskeleg å bevise eit økonomisk tap ved brot på slike føresegner. Departementet legg likevel til grunn at vanlege skadebotreglar bør gjelde ved brot på desse diskrimineringsforboda. Dette er også i samsvar med innstillinga frå Holgersen-utvalet, jf. NOU 2002:12 kapittel 14.2.1.

SOS Rasisme viser til at ved brot på føresegnene skal vanlege skadebotreglar gjelde. SOS Rasisme meiner denne sanksjonsforma er for mild. Organisasjonen meiner at det vil vere ei betre sanksjonsform å gi bøter eller liknande. I tillegg undrar SOS Rasisme på om dei endringane som er foreslått, kjem i tillegg til eller i staden for straffelova § 349a. Departementet legg til grunn at dei nye føresegnene kjem i tillegg til forboda i straffelova. Departementet kan derfor ikkje sjå nokon grunn til å innføre eigne straffesanksjonar i bustadlovene.

Antirasistisk senterønskjer at departementet presiserer kva som ligg i «taes hensyn til» i forslaget til husleigelova § 1-8. Departementet vil presise dette under dei særlege merknadene.

Når det gjeld forslaget frå Trondheim og omegn boligbyggelagom at føresegna skal vise direkte til straffelova § 349a, meiner departementet at det for så vidt ikkje ville vere noko i vegen for at føresegna blei redigert på denne måten. Men samtidig ville føresegna bli mindre tilgjengeleg for den som måtte innrette seg etter forbodet. Departementet vurderer det slik at det blir ei betre løysing om sjølve forbodet går direkte fram av den lova som skal dekkje verkeområdet.

Justisdepartementetstiller spørsmål ved om det er tenleg å plassere dei to føresegnene i burettslovene i separate paragrafar innleiingsvis i lovforslaga - om ikkje føresegnene heller burde vere ein del av kapittel 4, om andelseigarar og overgang av andelar. Kommunal- og regionaldepartementet er ikkje einig i denne vurderinga, ettersom diskrimineringsføresegna også vil vere nødvendig i forhold til forkjøpsrettstilfella og overlating av bruken av bustaden til andre. Av den grunn er det meir tenleg å ha føresegna innleiingsvis i lovene. På denne måten vil føresegna dekkje heile verkeområdet for lova. Av same grunn vil det då vere lite tenleg å ha særlege tilvisingar til diskrimineringsføresegna i dei føresegnene som kan vere aktuelle. Det kan gi det inntrykket at føresegna berre skal gjelde der det er særleg vist til ho. Det har ikkje vore siktemålet.

Til forsida