Ot.prp. nr. 32 (2001-2002)

Om lov om endring i lov 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfarten (sjøloven)

Til innhaldsliste

2 Det internasjonale systemet for ansvar og skadebot ved oljesølskade og behovet for å auke avgrensingsbeløpa

1992-ansvarskonvensjonen pålegg med einskilde unntak eigarane av oljetankskip objektivt ansvar for oljesølskade, og pålegg eigarane å ha ansvarsforsikring. Ansvaret til eigaren er avgrensa oppover til eit maksimumsbeløp for kvar hending (avgrensingsbeløpet). Avgrensingsbeløpet aukar med storleiken på skipet, slik at for skip med tonnasje over 5000 tonn aukar avgrensingsbeløpet med 420 SDR pr. tonn (jf. sjøloven § 194 første ledd andre punktum). Maksimalbeløpet i dag er på 59,7 millioner SDR for dei største skipa, eller rundt 500 millioner kroner, jf. ansvarskonvensjonen artikkel 5 som endra ved protokollen av 1992 artikkel 6 (1) og sjøloven §194 første ledd tredje punktum.

Skadebot opp til dette avgrensingsbeløpet er ikkje alltid nok til å dekke heile tapet. Når skadane er større enn dette, kan dei skadelidne få dekka meirtapet frå Det internasjonale erstatningsfond etter reglane i 1992-fondskonvensjonen. Også her gjeld det ei grense for ansvaret (avgrensingsbeløpet). Samla utbetalingar til dei skadelidne etter ei hending er 135 millioner SDR (rundt 1,3 milliard norske kroner), inkludert det eigaren har betalt, jf. 1992-fondskonvensjonen artikkel 4 som endra ved 1992-protokollen artikkel 6. (Denne grensa vert auka til 200 millionar SDR hvis mengda olje importert i tre konvensjonsstatar vert større enn 600 millionar tonn pr. år.) Det internasjonale erstatningsfond vert finansiert ved ei avgift på import av olje, det vil seie at det vert finansiert av oljeindustrien. Systemet inneber såleis ei deling av ansvaret mellom sjøfartsnæringa og oljenæringa.

I langt dei fleste tilfella av store oljesøl sidan oljesølskonvensjonane vert vedtekne første gongen i 1969, har avgrensingsbeløpa vore store nok til å dekke alle tapa. Av fleire hundre saker på verdsbasis, kan ein telja på ei hand dei sakene der skadebota har vore avkorta. Den 12. desember 1999 gjekk oljetankaren »Erika» på grunn ved kysten av Bretagne i Frankrike og slapp ut 19800 tonn olje. 400 kilometer strandlinje vart forureina, og tapa var særs store, mellom anna fordi turismen er ei viktig næring i området. Ein frykta at tapa ville kome til å verte langt større enn avgrensingsbeløpa for ansvaret. På bakgrunn av denne ulukka, fann medlemsstatane i IMO at tida var inne for å auke avgrensingsbeløpa. (Etter dei opplysningane som no ligg føre, ser det likevel ut til at skadane etter »Erika» vil ligge innanfor dei gjeldande avgrensingsbeløpa.)

I Noreg har det så langt ikkje vore noko tilfelle av oljesøl frå oljetankskip. Vi har berre hatt oljesøl frå andre typar skip, der olja kjem frå drivstofftankane i skipet. Ved eit »vanleg» oljesøl frå ein oljetankar vil dei avgrensingsbeløpa som gjeld i dag, vere meir enn store nok. Men dersom eit uvanleg stort utslepp frå ein oljetankar skulle skje i eit spesielt sårbart område i Noreg, er det viktig at avgrensingsbeløpa er høge nok til å dekke opp jamvel ein slik situasjon. Det er difor viktig også for Noreg at beløpa vert auka.