Ot.prp. nr. 32 (2001-2002)

Om lov om endring i lov 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfarten (sjøloven)

Til innhaldsliste

3 Resolusjonane i IMO 18. oktober 2000

3.1 Auken av avgrensingsbeløpa

Ved to resolusjonar i Den juridiske komité i IMO 18. oktober 2000 vedtok IMO å auke ansvarsbeløpa i konvensjonane med 50,37 %. Endringane vart vedtekne gjennom den forenkla endringsprosedyra i artikkel 15 i 1992-ansvarskonvensjonen og artikkel 33 i 1992-fondskonvensjonen. Noreg var ein av dei statane som sto bak framlegget om å auke beløpa, og stemte for framlegget.

Resolusjonen 18. oktober 2000 endrar artikkel 6 paragraf 1 i 1992-protokollen til ansvarskonvensjonen, slik:

Beløpet 3 millioner rekneeiningar («units of account») vart endra til 4.510.000 rekneeiningar.

Beløpet 420 regneeiningar vart endra til 631 rekneeiningar.

Beløpet 59,7 millioner rekneeiningar vart endra til 89.770.000 rekneeiningar.

Resolusjonen 18. oktober 2000 endrar artikkel 6 paragraf 3 i 1992-protokollen til fondskonvensjonen, slik:

  • Beløpet 135 millioner rekneiningar i paragraf 4 (a) vart endra til 203.000.000 rekneeiningar.

  • Beløpet 135 millioner rekneiningar i paragraf 4 (b) vart endra til 203.000.000 rekneeiningar.

  • Beløpet 200 millioner rekneeiningar i paragraf 4 (c) vart endra til 300.740.000 rekneeiningar.

Avgrensingsbeløpa vert altså auka frå maksimum 59,7 millioner SDR til maksimum 89,77 millionar SDR for ansvaret til eigaren av skipet. Ansvaret for fondet og eigaren samla aukar frå maksimum 135 millionar SDR til maksimum 203 millionar SDR (og frå 200 millionar SDR til 300,740 millionar SDR dersom mengda olje importert i tre konvensjonsstatar vert større enn 600 millionar tonn pr. år). Ansvarsgrensa pr. tonn for skip med tonnasje over 5000 tonn, aukar frå 420 SDR pr. tonn til 631 SDR pr. tonn.

Vedtaka i IMO 18. oktober 2000 er lagt ved proposisjonen som vedlegg 1 og 2, på engelsk i original og i norsk omsetjing.

3.2 Framgangsmåten ved endringane, fristen for å protestere på endringane, når endringane trer i kraft

Framgangsmåten ved endring av konvensjonane etter den forenkla prosedyra som vart brukt ved resolusjonane, inneber at medlemsstatane har ein frist for å protestere dersom ein ikkje godtek endringane. Dersom ein stat ikkje protesterer før den fristen, inneber det at staten har akseptert endringa. Dersom minst ein firedel av medlemsstatane protesterer før denne fristen, trer endringa ikkje i kraft. Dersom det ikkje kjem inn så mange protestar, trer endringane i kraft etter 18 måneder. I så fall vert endringane gjeldande for alle medlemsstatene, også dei som eventuelt har sendt inn protest.

Fristen for å protestere er 1. mai 2002. Noreg må difor rette ein skriftleg protest til IMO før denne dagen, dersom Noreg ikkje skulle ynskje å akseptere endringane.

Regjeringa gjer framlegg om at Stortinget vedtek at Noreg godkjenner endringane. Eit slikt vedtak krev ikkje nokon underteikning eller annan særskild rettsakt. Som det går fram ovanfor, skjer godkjenning av endringa ved at Noreg ikkje sendar inn protest.

Endringane trer i kraft 1. november 2003, med mindre det skulle kome inn protestar frå minst ein firedel av medlemsstatane. Departementet reknar det ikkje som sannsynleg at det kjem inn mange protestar.