Ot.prp. nr. 32 (2001-2002)

Om lov om endring i lov 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfarten (sjøloven)

Til innhaldsliste

6 Økonomiske og administrative konsekvensar

Auken av grensa for ansvaret til eigaren kan føre til noko høgare forsikringspremiar for eigarar av oljetankskip. Det er likevel andre faktorar enn ansvarsgrensene som har mest å seie for storleiken på forsikringspremiane. Verknaden på forsikringspremiane av auken av avgrensingsbeløpa vil nok vera liten.

Auken av avgrensingsbeløpa for Det internasjonale erstatningsfond kan føre til at dei avgiftene til fondet som oljeimportørane skal betala, kan auke noko. Denne avgifta vert krevd inn etter at ei ulukke har skjedd, ikkje på førehand. Om auken får slik verknad at avgifta aukar, avheng difor av om det skjer ei ulukke der tapa er større enn dagens avgrensingsbeløp. Det er svært sjeldan at ei så stor ulukke skjer. For dei åra ein slepp slike ulukkar, vil avgifta ikkje auke som ei fylgje av auken av avgrensingsbeløpa. Dersom ein får ei slik ulukke eit år, vil avgifta auke for det året.