Ot.prp. nr. 34 (2003-2004)

Om lov om endringar i skattelovgivinga mv.

Til innhaldsliste

6 Endring i artistskattelova

Ved lov av 6. juni 2003 nr. 36 blei reglane om skattemessig bustad i skattelova § 2-1 endra. Lovendringa får verknad frå og med inntektsåret 2004. I artistskattelova § 1 viser ein til føresegna i skattelova om når ein person skal vere rekna som busett her i riket. På grunnlag av dei endringane som er vedtekne om skattemessig bustad, er det nødvendig med ei endring også i artistskattelova.

Etter dei gamle reglane om skattemessig bustad blei ein person rekna som busett her i landet dersom personen hadde teke opphald i Noreg og meininga var å bli verande her, ikkje berre å opphalde seg her mellombels. Sjølv om opphaldet er meint å vere mellombels, ville eit opphald utover seks månader føre til at personen blei rekna som skattemessig busett her. I praksis var seksmånadersregelen den faktiske hovudregelen om etablering av skattemessig bustad.

Artistskattelova var tilpassa dette. Etter § 1 i lova skal ein utanlandsk artist skattleggjast etter dei særlege reglane i artistskattelova dei første seks månadene personen oppheld seg i Noreg, utan omsyn til kor lenge opphaldet er meint å vare. Dersom opphaldet varer i meir enn seks månader, blir personen rekna som skattemessig busett her i landet etter dei alminnelege reglane i skattelova. Trekt skatt etter artistskattelova blir da gjord om til forskot på skatt etter skattebetalingslova. Dersom opphaldet det året artisten kom til Noreg ikkje er lengre enn seks månader, blir trekt skatt i slike tilfelle rekna som endeleg skatt utan likning for dette inntektsåret.

Etter dei nye reglane om skattemessig bustad vil ein person som oppheld seg i Noreg i meir enn 183 dagar i kva som helst 12-månadersperiode, bli rekna som skattemessig busett her. Alternativt vil opphald på meir enn 270 dagar i kva som helst 36-månadersperiode føre til at personen blir rekna som skattemessig busett.

Det er naturleg at skattlegginga av utanlandske artistar følgjer dei nye reglane om skattemessig bustad. Departementet føreslår derfor at ein utanlandsk artist blir skattlagd etter dei særlege artistskattereglane så lenge personen ikkje blir rekna som busett her etter dei alminnelege skattereglane. Skattlegging etter artistskattelova vil falle bort dersom artisten oppfyller vilkåra for å bli rekna som skattemessig busett etter dei nye reglane i skattelova § 2-1 andre ledd. På same måten som i dag bør likevel den skatten som er trekt etter artistskattelova § 7 for inntektsåra før det inntektsåret da artisten blei rekna som busett her, reknast som endeleg skatt utan likning.

Departementet viser til det vedlagde forslaget til endring i artistskattelova § 1.

Til forsida