Ot.prp. nr. 35 (2007-2008)

Om lov om endringar i lov om konkurranse mellom foretak og kontroll med foretakssammenslutninger (konkurranselova)

Til innhaldsliste

5 Administrative og økonomiske konsekvensar

5.1 Forslag om endringar i konkurranselova § 21 første ledd

Forslaget fører til at det ikkje lenger vil vere naudsynt for Kongen i statsråd å vente med å gjere om eit inngrep mot ei føretakssamanslutning til handsaminga av klagen over Konkurransetilsynet sitt inngrep er avslutta. I desse tilfella vil det derfor sparast ressursar i departementet. Det dreier seg likevel om svært få tilfelle, og departementet vil framleis ha arbeidet med å førebu den kongelege resolusjonen som gjer om tilsynet sitt vedtak. Ein reknar derfor ikkje med at endringa vil ha særlege økonomiske konsekvensar og krev ingen endringar i gjeldande administrative og økonomiske rammer.

5.2 Forslag til andre endringar i konkurranselova

Departementet sitt forslag til endringar i § 18 andre ledd fører til at tilsynet i større grad kan byggje på opplysningane i alminneleg melding for å gjennomføre ei vurdering av om det kan liggje føre eit konkurransemessig problem som treng nærmare utgreiing. Det inneber at føresetnadene som låg til grunn for den korte fristen for eventuelt å kunne påleggje fullstendig melding, er betre oppfylde, jf. konkurranselova § 18 tredje ledd.

Ei utviding av det automatiske gjennomføringsforbodet ved departementet sitt forslag til endringar i § 19 første ledd, vil auke byrdene for næringslivet noko ved at det automatiske gjennomføringsforbodet for fusjonar varer noko lenger. Det dreier seg likevel om ein kort periode, og næringslivet kan avgrense desse kostnadene ved å melde tidleg. Konkurransetilsynet vil kunne få noko auka handhevingskostnader ved å måtte vurdere fleire unnatak frå det automatiske gjennomføringsforbodet. Desse kostnadene vil vere små i høve til den gevinsten samfunnet har ved at kontrollen med føretakssamanslutningar vert meir effektiv.

Departementet sitt forslag til endringar i § 20 tredje ledd vil innebere at Konkurransetilsynet får lengre tid til å kunne marknadsteste forslag om avhjelpande tiltak og såleis gjere ei betre vurdering av desse når det trengst. Det vil òg kunne føre til at ein unngår unødige klager ved at tilsynet tillet føretakssamanslutninga på nærmare bestemte vilkår.

Forslaga under dette punktet vil ikkje påverke gjeldande administrative og økonomiske rammer.

Til forsida