Ot.prp. nr. 36 (2002-2003)

Om lov om endring i lov 26. juni 1992 nr. 87 om forsøk i offentlig forvaltning

Til innhaldsliste

3 Vurdering og framlegg frå departementet

Departementet gjer med dette framlegg om at det blir etablert ein heimel i forsøkslova som opnar for å godkjenne forsøk med einskapsfylke etter dei linjene som er dregne opp i St.meld. nr. 19 (2001-2002) og i denne proposisjonen. På bakgrunn av det som er gjort klart i kapittel 2.2, meiner departementet at heimelen bør utformast som ein avgrensa heimel for forsøk med den typen einskapsfylke som er omtalt i stortingsmeldinga.

Departementet har ikkje med det aller første planar om ein fullstendig gjennomgang og evaluering av forsøkslova, men reknar med at dette bør skje på sikt. I samband med det kan det vere aktuelt å vurdere om lova bør supplerast med ein særskild heimel for forsøk som gjeld sjølve forvaltningsstrukturen. Korleis ein slik heimel eventuelt skulle utformast, og kva for avgrensingar som måtte setjast, krev likevel grundig utgreiing. Den endringa i forsøkslova som det kjem framlegg om her, er berre meint som ein heimel for dette aktuelle forsøket. Det er ikkje intensjonen frå departementet si side at den nye heimelen skal stå som ein «open invitasjon» til forsøk med einskapsfylke for ettertida.

Avhengig av korleis einskapsfylket blir organisert, vil det kan hende utfordre visse grunnleggjande reglar i kommunelova om korleis fylkeskommunen skal organisere verksemda si. Ut frå forsøkslova § 4 a) kan det ikkje godkjennast forsøk som inneber unntak frå den typen reglar. Som peikt på ovanfor må ein likevel lese forsøkslova i lys av at ho byggjer på ein føresetnad om at sjølve forvaltningsstrukturen «ligg fast». I eit forsøk med einskapsfylke er nettopp gjeldande forvaltningsstruktur emne for forsøk. Den typen vurderingar § 4 a) legg opp til, er derfor ikkje utan vidare relevante når det gjeld å setje opp avgrensingar for forsøk med einskapsfylke.

Ei naturleg tolking av ein særskild heimel for forsøk med einskapsfylke vil vere at det i samband med forsøket er tillate å gjere alle regelavvik som er nødvendige for å gjennomføre forsøket, uavhengig av kor grunnleggjande ein kan seie at reglane er - innanfor eksisterande forvaltningsstruktur. For å gjere dette forholdet heilt eksplisitt, føreslår departementet at det likevel blir presisert i heimelen at forsøk med einskapsfylke kan godkjennast uavhengig av avgrensinga i § 4 a). Det blir lagt til grunn at eventuelle avvik ikkje skal godkjennast i vidare utstrekning enn det som krevst for ei formålstenleg gjennomføring av forsøket.

Departementet føreslår å ta heimelen til å drive med forsøk med einskapsfylke inn som ein ny bokstav d) i § 3 i forsøkslova, som fastset kva forsøk etter forsøkslova kan omfatte.

Når det gjeld dei funksjonane fylkesmannen har i eigenskap av å vere Kongens representant i fylket, set departementet som føresetnad at den direkte linja mellom Kongen og fylkesmannen blir halden oppe for desse formåla.