Ot.prp. nr. 37 (2001-2002)

Om lov om endringar i lov 13. juni 1980 nr. 35 om fri rettshjelp

Til innhaldsliste

6 Merknadar til dei einskilde lovreglane

Til § 3

Overskrifta blir endra, og heimelen for å krevje inn eigendel blir teke inn i denne føresegna.

Der det offentlege dekkjer advokaten sitt krav etter lov om fri rettshjelp, skal ikkje advokaten kunne krevje klienten for betaling for same arbeidet med unntak for eigendelen.

I forskrifta om eigendelar vil ein gje reglar om at det berre skal vere grunndel i rettsrådssaker, medan det i saker for retten både skal vere grunndel og tilleggsdel. Forskrifta vil fastsetje kor stor grunndelen og tilleggsdelen skal vere. Forskrifta vil òg ha reglar om eit «tak» på tilleggsdelen, om inntektsgrenser for tilleggsdelen og om høve til å gje fritak for plikta til å betale tilleggsdel.

Til § 9

Føresegna blir oppheva og erstatta av den nye ordninga i § 3.

Til §§ 11 og 11a

Endringane er reine tekniske tilpassingar som følgje av at § 9 blir oppheva. Statens innkrevjingssentral skal framleis krevje inn dei refusjonskrava som er omhandla i §§ 11 og 11a etter dei same reglane som i dag, men reglane om dette blir flytta til eit nytt andre ledd i § 11.