Ot.prp. nr. 37 (2006-2007)

Om lov om endringar i friskolelova

Til innhaldsliste

12 Inntak av vaksne

12.1 Gjeldande rett

Etter opplæringslova § 4A-3 har fylkeskommunane sidan 1. august 2000 hatt eit lovfesta ansvar for å tilby opplæring til vaksne som har rett til vidaregåande opplæring. Fylkeskommunen får midlar til dette gjennom rammefinansieringa. Retten til vidaregåande opplæring gjeld vaksne som er fødde før 1. januar 1978 og som ikkje har fullført vidaregåande opplæring. Denne gruppa vaksne vart ikkje omfatta av rettane etter Reform 94. Opplæring spesielt organisert for vaksne med rett til vidaregåande opplæring skal etter reglane i opplæringslova byggje på den realkompetansen den enkelte vaksne har. Fylkeskommunane står fritt til å velje om dei vil stå for opplæringa sjølv eller om dei vil kjøpe tenester hos andre tilbydarar (også private).

Etter opplæringslova § 13-3 andre ledd skal fylkeskommunen gi tilbod om vidaregåande opplæring også til vaksne utan rett til slik opplæring. Føresegna eller forarbeida til denne gir ingen nærmare føringar for innhaldet, heller ikkje om kvantitet. Vaksne utan rett til vidaregåande opplæring har etter opplæringslova § 4A-3 andre ledd rett til å fullføre opplæringsløpet dersom dei har takka ja til tilbod frå fylkeskommunen om vidaregåande opplæring.

Etter friskolelova § 3-1 kan vaksne med rett til vidaregåande opplæring få tilbod ved ein frittståande vidaregåande skole. Ved oversøking skal likevel unge med rett prioriterast framfor vaksne med rett. Det er ein føresetnad for inntak at heimfylket vurderer realkompetansen til den enkelte vaksne. Med unntak av skolar som er godkjende etter kapittel 6A og særskilde skolar for funksjonshemma, kan som hovudregel ikkje vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring takast inn i ein frittståande vidaregåande skole. Det gjeld likevel eitt unntak: Dei frittståande vidaregåande skolane som ved endringa av friskolelova i 2004 hadde vaksne elevar utan rett til vidaregåande opplæring, skal framleis kunne ta inn slike søkjarar med same tal som dei faktisk hadde skoleåret 2004/2005. Dette er regulert i forskrifta til friskolelova § 11-1 med heimel i friskolelova § 3-1 femte ledd.

12.2 Høringsforslaget frå departementet

I høringsbrevet viste departementet til at opplæringslova prioriterer ei gruppe vaksne framfor ei anna gruppe vaksne, og at det etter departementets syn vil

«[...] være prinsipielt uheldig å undergrave denne prioriteringen ved å skulle gi statlig tilskudd for voksne uten rett til videregående opplæring når de er elever ved private videregående skoler, også fordi fylkeskommunen ville få trekk i rammetilskuddet for en gruppe som ikke er prioritert gjennom individuelle rettigheter i opplæringsloven.

Forskrift til friskoleloven § 11-1 inneholder en opplisting av de skolene som fortsatt kan ta inn voksne uten rett. For hver av disse skolene er det fastsatt det som i realiteten må anses som en kvote for hvor mange voksne elever uten rett skolen kan ha. «Kvotene» er basert på det antallet voksne uten rett som tilfeldigvis var elever ved den enkelte skole skoleåret 2004/2005, jf. punkt 2.7 i Innst. O. nr.1 (2004–2005) om endringer i friskoleloven. Det er med andre ord ingen helhet som ligger til grunn for fastsettelsen.

Det er svært ressurskrevende å føre tilsyn med at skolene ikke tar inn et større antall voksne elever uten rett enn det de etter forskriften har anledning til.

Departementet foreslår at frittstående videregående skoler ikke lenger skal ha anledning til å ta inn voksne uten rett til videregående opplæring. Det vil være rimelig med overgangsordninger for de aktuelle skolene, slik at de får tid til å innrette seg. Departementet foreslår at skolene får en overgangsordning på ett år fra lovens ikrafttredelse. Det foreslår derfor at den aktuelle delen forskriftshjemmelen i § 3-[1] femte ledd oppheves ett år etter at loven trer i kraft.»

12.3 Synspunkta frå høringsinstansane

Av dei høringsinstansane som har uttalt seg til dette forslaget, er det eit fleirtal som ikkje støttar forslaget. Motførestellingane til forslaget kjem mellom andre frå Vinterlandsbruksskolen på Jæren, Vinterlandbruksskolen i Ryfylke, Danielsen Intensivgymnas, Handverksskolen, Vensmoen Hjelpepleierskole, Gjennestad Gartnerskole, Tomb videregående skole og landbruksstudier, Norsk Fotterapeutskole, Kristne Friskolers Forbund (KFF), Norske Fag- og Friskolers Landsforbund (NFFL) og Utdanningsforbundet.

I høringsfråsegna frå Vinterlandbruksskolen på Jæren og Vinterlandbruksskolen i Ryfylke er det mellom anna uttalt:

«Dei fleste eigarskifta i landbruket skjer direkte frå foreldre til barn. Når den eldste av barna er 20 år og foreldra gjerne ca 45 år, er det enno 15-20 år att før eigarskifte normalt vil finna stad. Det er svært få gardar i fylket vårt, og i landet elles, som kan gje inntekt og arbeid til to generasjonar samtidig. Løysinga på dette er at barna må ha eit anna yrke å livnære seg av i «ventetida».

Agronomutdanning kvalifiserar ikkje for mange yrke utanom bondeyrket. Dette fører til at sjølv ungdomar som har eit klart mål om å bli bonde i framtida vel anna utdanning for å kvalifisera seg for eit anna yrket i denne venteperioden. Når tida er inne til å overta gard, kjem dei til vinterlandbruksskulen og tar agronomutdanning. Ei anna gruppe som søker til vinterlandbruksskulane er dei som av ulike grunnar får høve til å overta gard i vaksen alder, sjølv om det ikkje var med i planane deira tidlegare.»

Desse synspunkta er støtta av mellom andre Nærbø Bondelag og Rogaland Bondelag.

Tomb videregående skole og landbruksstudier uttaler mellom anna:

«Tomb er eneste skole i landet, så vidt vi vet, som har ettårig komprimert landbrukskurs for voksne. De fleste elever ved denne linjen ønsker utdannelse i landbruk fordi de planlegger å drive som heltids eller deltids bønder. Typisk for dem er behovet for flere ben å stå på, de har derfor en annen yrkesutdannelse (som for eksempel landbruksmekaniker, tømrer, sykepleier) eller de planlegger videre utdannelse etter året på Tomb. [...] Dersom voksne uten rett ikke lenger skal kunne tas opp som elever i friskole/privatskole står disse uten reell mulighet til fagutdanning innen landbruk.»

Oslo Sanitetsforenings Hjelpepleierskole viser til at forslaget vil føre til at vaksne som har gjennomført vidaregåande utdanning, ikkje skal ha høve til å omskolere seg til for eksempel helsefagarbeidar, trass i at behovet i samfunnet er stort når det gjeld denne typen arbeidskraft.

Av fylkeskommunane har drygt halvparten uttalt seg til forslaget om vaksne utan rett. Fleirtalet av desse sluttar seg til forslaget frå departementet, med grunngiving. To fylkeskommunar (Rogaland og Aust-Agder) er usamde i forslaget. Oppland fylkeskommune viser til at det må kunne gjerast unntak frå regelen, grunngitt med dei behov vaksne har for omstilling og ny kompetanse. Oppland fylkeskommune uttaler at forslaget må sjåast i samanheng med ein vidare diskusjon om opplæringsrettane for vaksne, fornying og omstilling av kompetanse og betraktningar rundt livslang læring.

Motførestellingane til departementets forslag hos høringsinstansane er langt på veg innhaldsmessig like, og kan derfor grovt oppsummerast i desse punkta:

  • Ingen vaksne begynner med vidaregåande opplæring utan at dei sjølv opplever eit behov for kompetanseheving;

  • Omgrepet rett utelukkar i dag mange vaksne frå sjansen til eit yrkesaktivt liv;

  • Samfunnet sine behov for at så mange som mogleg kan vere yrkesaktive;

  • Den enkelte vaksne sitt behov for omskolering.

Dei av høringsinstansane som har uttalt seg i samband med Handverksskolen, mellom andre skolen sjølv og Folkekulturforbundet , er særleg opptekne av at handverkstradisjonane må takast vare på: Handverksfag er modningsfag, og det vil alltid vere størst interesse for slike fag mellom vaksne som har nokre års erfaring.

Eit gjennomgåande syn hos mange av høringsinstansane er at gjeldande ordning med forskrift om kor mange vaksne utan rett kvar skole kan ta inn, må bestå. I tillegg påpeiker fleire at dersom forslaget frå departementet skal gjennomførast, må det givast ei lengre overgangsordning enn det eine året som er foreslått.

12.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet viser til den grunngivinga for forslaget som vart gitt i høringsbrevet. Departementet vil spesielt framheve det urimelege i at ei gruppe vaksne som ikkje er prioritert med individuelle rettar gjennom opplæringslova, skal kunne takast inn på ein skole i privat eige og utløyse statleg tilskot, samtidig som fylkeskommunen får trekk i rammetilskotet.

Mange av dei høringsinstansane som er usamde i forslaget frå departementet, viser til dei ulike behova hos vaksne for omskolering. Det blir mellom anna vist til behovet for omskolering også blant vaksne som tidlegare har fullført vidaregåande opplæring, og dermed har brukt opplæringsretten sin. Departementet vil i denne samanheng påpeike at gjeldande reglar om rett til vidaregåande opplæring, både for unge og for vaksne fødde før 1. januar 1978, er avgrensa til å gjelde éi fullført vidaregåande opplæring. Departementet ser det ikkje som ei høgt prioritert oppgåve å skulle finansiere ei vidaregåande opplæring nr. 2 gjennom tilskotsordninga etter denne lova. Departementet viser også til § 1-1 første ledd, der det går fram at

«Formålet med denne lova er å medverke til at det kan opprettast og drivast frittståande skolar, mellom anna skolar oppretta av religiøse og/eller etiske grunnar og skolar oppretta som eit fagleg-pedagogisk alternativ, slik at foreldre og elevar kan velje andre skolar enn dei offentlege [...]»

Formålet med lova er såleis ikkje at elevar eller vaksne som ikkje er prioriterte med individuelle rettar etter opplæringslova, skal kunne velje eit privat tilbod.

Når det gjeld dei ulike behova for omskolering, vil departementet vise til at NAV har ansvar for dei som blir yrkeshemma, mellom anna ved å leggje til rette for yrkesretta attføring. Det kan da vere snakk om å leggje til rette for ei ny utdanning, som det offentlege dekkjer etter nærmare reglar. Dette vil vere uavhengig av om vedkommande opphavleg har rett til vidaregåande opplæring eller ikkje.

For departementet er det eit mål at fleire vaksne kan få individuell rett til vidaregåande opplæring. I St.meld. nr. 16 (2006-2007) har departementet mellom anna uttalt:

«Selv om både ungdom og mange voksne nå har rett til videregående opplæring, står likevel et økende antall personer uten slik rett. Dette gjelder dem som er født etter 1978, og som ikke har tatt videregående opplæring, eller som har falt fra underveis. [...] Gruppen av personer uten rett til videregående opplæring øker for hvert år. På bakgrunn av dette mener departementet det er behov for å endre opplæringsloven for å gi flere voksne rett til videregående opplæring. Departementet vil foreslå at opplæringslovens bestemmelser om at bare voksne født før 1. januar 1978 har rett til videregående opplæring, oppheves, og erstattes med en aldersgrense på 25 år. På denne måten vil voksne som har fullført grunnskole eller tilsvarende, men som ikke har fullført videregående opplæring, få rett til slik opplæring etter søknad. [...] Lovendringsforslaget fremmes våren 2008.»

Departementet vil peike på at det varsla lovendringsforslaget vil innebere at det i framtida blir færre vaksne utan rett til vidaregåande opplæring. Dette vil også kunne få betydning for dei private skolane.

Etter dette foreslår departementet vidareføring av hovudregelen om at det ikkje skal vere høve for skolane til å ta inn vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova. Fleire av høringsinstansane har påpeikt at det er behov for å kunne ta inn slike søkjarar i særskilde tilfelle. Spesielt nemnt er inntak til opplæring i små, verneverdige fag og samfunnet sitt behov for kompetanse på bestemte område, mellom anna innanfor helsefaga og i landbruksnæringa. Departementet foreslår derfor ei endring i § 3-1 femte ledd som inneber at departementet får heimel for å gi forskrift om inntak av vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring i særskilde tilfelle. Gjeldande forskrift vil bli endra i samsvar med lovendringa, dvs. at enkelte skolar framleis vil få høve til å ta inn vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova til bestemte tilbod, for eksempel til landbruksutdanning, gartnarutdanning, enkelte omsorgsutdanningar og små handverksfag.

Forslaget inneber vidare at enkelte skolar som etter gjeldande forskrift har høve til å ta inn vaksne søkjarar utan rett, ikkje lenger vil kunne gjere det, fordi det ikkje vil liggje føre særskilde behov. Eksempelvis vil dette kunne gjelde inntak til studieførebuande kurs. For at dei skolane som etter endringa ikkje lenger vil ha høve til å ta inn vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring, skal få rimeleg tid til å innrette seg, vil ikkje forskriftsendringane som følgje av lovforslaget bli gjorde gjeldande før det har gått to år frå lova trer i kraft.

Departementet legg etter dette fram forslag om endring i § 3-1 femte ledd. Departementet viser elles til lovutkastet og merknadene i kapittel 19.

Til forsida