Ot.prp. nr. 38 (2004-2005)

Om lov om endring i lov 12. juni 1987 nr. 56 om Sametinget og andre samiske rettsforhold

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn for lovforslaget

Kultur- og kyrkjedepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag til lov om endring i lov 12. juni 1987 nr. 56 om Sametinget og andre samiske rettsforhold (sameloven). Sameloven av 12. juni 1987 nr. 56 § 3-1 nr. 1 har i dag følgjande ordlyd:

«Med forvaltningsområdet for samisk språk menes kommunene Karasjok, Kautokeino, Nesseby, Porsanger, Tana og Kåfjord.»

28. januar 2004 sende Kultur- og kyrkjedepartementet ut eit høyringsnotat med forslag om ei endring i sameloven der det ikkje lenger vert direkte fastsett i loven kva for kommunar som utgjer området for samisk språk, men at dette i staden vert fastsett av Kongen i forskrift.

Bakgrunnen for forslaget er at det 25. februar 2003 vart gjort eit samrøystes vedtak i Sametingets plenum om å be Kultur- og kyrkjedepartementet leggje fram eit lovforslag om endring i sameloven § 3-1, slik at Tysfjord kommune kunne innlemmast i forvaltningsområdet for samisk språk.

Sametingsrådet gjennomførte i mai 2002 ei undersøking der seks kommunar, som i dag ligg utanfor forvaltningsområdet for samisk språk, vart spurde om dei ønskte å verte omfatta av språkreglane i sameloven. Kommunane var Tysfjord, Snåsa, Skånland, Evenes, Tjeldsund og Lavangen. Kommunane ligg i Nord-Trøndelag, Nordland og Troms fylke. Hausten 2003 vart også Storfjord kommune i Troms spurt om dei var interesserte i å verte ein del av forvaltningsområdet for samisk språk.

Sametinget har berre bedt departementet om at Tysfjord kommune vert innlemma i forvaltningsområdet. Ei innlemming kan likevel på sikt vere aktuelt for fleire kommunar. Det vil derfor vere meir tenleg med ein forskriftsheimel enn å presisere i loven kva for kommunar som utgjer forvaltningsområdet for samisk språk (jf. omtale under punkt 3).

Forslaget må sjåast i samanheng med samepolitikken, og gjeldande norsk lovverk og internasjonale avtaler om vern av minoritetsspråk. Gjennom Grunnloven § 110 a er staten pålagt å leggje forholda til rette for at det samiske folket kan sikre og utvikle språket sitt, kulturen og samfunnslivet. Aktiv og utvida bruk av samisk språk er svært viktig for den vidare utviklinga av den samiske kulturen. Retten til å bruke og få opplæring i eige språk er ein av dei grunnleggjande og viktigaste rettane som er etablerte for den samiske befolkninga (jf. bl.a. St.meld. nr. 55 (2000-2001) Om samepolitikken).

Departementet la i høyringsnotatet også fram eit forslag om å definere kva ein i lova meiner med samisk språk. Det gjekk fram av synspunkta i høyringsfråsegnene at dette forslaget ikkje var tilstrekkeleg utgreidd, og departementet vil derfor sjå nærare på det før det eventuelt vert lagt fram eit nytt forslag.