Ot.prp. nr. 40 (2003-2004)

Om lov om endringar i einskilde lover som følgje av etableringa av Medietilsynet

Til innhaldsliste

1

Då Stortinget handsama Innst. S. nr. 222 (2002-2003), jf. St.meld. nr. 17 (2002-2003), Om statlige tilsyn, vart det vedteke å slå saman Eigarskapstilsynet, Statens filmtilsyn og Statens medieforvaltning til eitt nytt tilsyn - Medietilsynet. Medietilsynet skal lokaliserast i Fredrikstad. Målet er at Medietilsynet skal vere operativt frå og med 1. januar 2005. I denne proposisjonen gjer departementet framlegg om naudsynte lovendringar slik at Medietilsynet blir rett forvaltningsorgan i lovverket.

Dei tre institusjonane er nemnde i lov om film og videogram av 15. mai 1987 nr. 21, lov om kringkasting av 4. desember 1992 nr. 127, lov om tilsyn med erverv i dagspresse og kringkasting av 13. juni 1997 nr. 53 og i § 204 og § 382 i Almindelig borgerlig Straffelov av 29. mai 1902 nr. 10.

Kultur- og kyrkjedepartementet gjer framlegg om endringar i alle lovene. Framlegget inneber ingen materielle endringar i høve til gjeldande regelverk.

Framlegget til lovendringar har ingen administrative eller økonomiske konsekvensar.

Til forsida