Ot.prp. nr. 41 (2000-2001)

Om lov om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova)

Til innhaldsliste

3 Lovgiving i andre land

3.1 Danmark

Den danske inndelingslova er frå 1972 («lov nr. 194 af 23. mai 1972 om fremgangsmåden ved ændring af landets inddeling i kommuner og amtskommuner».) Forslag om inndelingsendringar skal fremjast for indenrigsministeren. Dersom initiativet kjem frå nærmare oppgitte instansar eller privatpersonar, skal alle forslag som representerer ei noko større endring, leggjast fram for Inddelingsnævnet til saksførebuing. Inddelingsnævnet er ei statleg nemnd med ein formann og seks medlemmer som blir oppnemnde av indenrigsministeren for fire år om gangen. Tre av medlemmene blir oppnemnde etter framlegg frå Kommunernes Landsforening, to av medlemmene frå Amtsrådsforeningen. Dei som etter lova har kompetanse til å tvinge fram vidare behandling av framlegga sine, er kommunestyret, amtsrådet (tilsvarer det norske fylkestinget), minst halvparten av veljarane i det området den ønskte endringa gjeld, og likeins ein eller fleire grunneigarar som aleine eller til saman eig minst halvparten av areala i vedkomande område. Indenrigsministeren kan også sjølv ta initiativ til ei inndelingsendring.

Inddelingsnævnet har stor fridom til å avgjere korleis det vil leggje opp saksførebuinga. Dei kan også trekkje inn større område eller fleire kommunar. Offentlege instansar har etter lova plikt til å hjelpe nævnet med å skaffe fram opplysningar. Etter oppmoding frå nævnet skal dei vere representerte på møte. Representantar for veljarane eller grunneigarane i eit område som er involvert har rett til å møte for nævnet og leggje fram synsmåtane sine.

Korkje kommunelova eller inndelingslova har reglar som pålegg kommunen å høyre innbyggjarane. Det inneber at kommunane står fritt til å avgjere om innbyggjarane skal høyrast og eventuelt korleis innbyggjarane skal høyrast. Den danske inndelingslova har likevel ein regel som gir Inddelingsnævnet rett til å halde røysting blant innbyggjarane i kommunen. Det er ikkje uvanleg at innbyggjarhøyring skjer etter eiget initiativ frå kommunen.

Når Inddelingsnævnet har gjort den nødvendige saksførebuinga, og nævnet finn at det er grunnlag for ei inndelingsendring, skal det fremje eit førebels forslag om dette. Forslaget skal leggjast fram for dei aktuelle kommunestyra til fråsegn. Kommunestyra skal samtidig oppmodast til å forhandle seg fram til semje om den detaljerte utforminga av forslaget og om vilkåra for gjennomføringa. Dersom eit kommunestyre ikkje er samd i forslaget frå Inddelingsnævnet, eller det ikkje er oppnådd semje om vilkåra mellom dei kommunestyra saka gjeld, skal det bli gitt ei nærmare grunngiving for kva usemja ligg i og eventuelt kva for endringar ein ønskjer. Det skal også bli gitt opplysningar om røystingsresultatet. Reglane gjeld tilsvarande for endringar i den amtskommunale inndelinga.

Dersom Inddelingsnævnet meiner at det er grunnlag for endring, skal nævnet utarbeide eit endeleg, grunngitt forslag til å leggje fram for indenrigsministeren. Indenrigsministeren tar avgjerd. Avgjerd i saker med inngripande verknad i den kommunale inndelinga kan ikkje takast før Folketingets Kommunaludval har tilrådd det.

Indenrigsministeren står fritt til å avslå ei sak, sjølv om Inddelingsnævndet går inn for ei endring. Indenrigsministeren er heller ikkje forplikta til å leggje innstillinga frå nævnet fram for Folketingets Kommunaludvalg om han ikkje ønskjer å følgje ho.

Lova pålegg indenrigsministeren å fastsetje nærmare vilkår for gjennomføringa av ei inndelingsendring. Inddelingsnævnet skal fremje forslag til slike vilkår. Indenrigsministeren kan også gjere unntak frå gjeldande lov- og regelverk med sikte på å finne fram til formålstenlege ordningar tilpassa den enkelte saka.

3.2 Sverige

Inndelingsendring kan etter Lag om ändringar i Sveriges indelning i kommuner og landsting (1979:411), initierast av ein kommune/landstingskommune eller eit «medlem av kommun eller landstingskommun», dvs. dei som er folkeregisterført i kommunen, som eig fast eigedom eller betaler kommuneskatt der. Også regjeringa, Kammarkollegiet (eit sentralt statleg forvaltningsorgan med eige styre) og länsstyrelsen (svarer til vår Fylkesmann) kan ta initiativ til ei inndelingsendring. Det er ingen formkrav til søknaden, som skal sendast til Kammarkollegiet.

Det sentrale ansvaret for saksførebuinga kviler på Kammarkollegiet. Kollegiet kan overlate saksførebuinga til länsstyrelsen. Når kommunane er samde og ligg i same fylket, skal utgreiinga gjerast av länsstyrelsen. Kammarkollegiet kan engasjere ein særskild utgreiar. Etter lova gjeld det generelt at utgreiingsarbeidet skal skje i samråd med dei berørte kommunane. Vidare skal alle offentlege instansar etter oppmoding i rimeleg utstrekning vere med i utgreiingsarbeidet og skaffe fram nødvendig bakgrunnsmateriale. For at ei større utgreiing om endring av kommuneinndelinga kan setjast i gang, trengst det i praksis ein førebels analyse som viser at ei endring fører med seg fordelar frå allmenn synsstad.

Sverige har reglar om høyring av innbyggjarane både i kommunelova og i inndelingslova. Ingen av reglane forpliktar organa til å ha høyringar. Inndelingslova ber eit visst preg av plikt ved å bruke orda «skall när det finns skäl till det».

Når utgreiingsarbeidet er avslutta, og konklusjonen er at det ligg føre tilstrekkeleg grunnlag for å gjere ei inndelingsendring, skal det utarbeidast forslag om det. Forslaget skal også omfatte slik økonomisk regulering som utgreiinga måtte gi årsak til. I tillegg må andre forordningar osv. som følgjer av ei inndelingsendring arbeidast inn i forslaget så langt det trengst. Det er regjeringa som tek avgjerd. I saker av mindre omfang har likevel Kammarkollegiet mynde til å ta avgjerd. I nokre tilfelle har også länsstyrelsen avgjerdsmakt.

Den instansen som tek endeleg avgjerd i inndelingsspørsmålet, kan avgjere at utgreiingskostnadene skal dekkjast av den kommunen eller initiativtakaren som får fordel av inndelingsendringa. Dersom det ikkje blir teke slik avgjerd, skal staten dekkje kostnadene.

Kammarkollegiet kan avslå ein søknad om inndelingsendring (søknad om utgreiing) dersom kollegiet finn at endring ikkje bør gjerast. Avgjerda om å ikkje setje i verk utgreiing kan klagast på til regjeringa (delegert til Justitiedepartementet), eller til Kammarkollegiet dersom länsstyrelsen er utgreiingsinstans.

Når det gjeld gjennomføringa av inndelingsendringa har ikkje Sverige reglar om fullmakt for regjeringa til å gjere unntak frå gjeldande lover, slik både dansk og norsk lov har. Den svenske lova har i staden mange konkrete gjennomføringsreglar, mellom anna om iverksetjingstidspunkt. Ved endringar av større omfang kan regjeringa etablere ei mellombels ordning med såkalla «indelningsdelegerade» som - med grunnlag i ei særskild lov av 1979 - representerer kommunen i samsvar med den nye inndelinga, inntil nytt kommunestyre er valt.

3.3 Finland

Finland fekk ny kommuneinndelingslov 1. januar 1998. Eit av måla med den nye lova har vore å fremje reformer i den kommunale strukturen.

Lova har kriterium for når grenseendringar kan skje. Endringa skal enten fremje servicenivået for innbyggjarane, forbetre levekåra, skape betre vilkår for næringslivet i området eller gjere drifta av kommunen meir funksjonsdyktig eller lønsam.

Kommunestyrerepresentantar eller andre innbyggjarar i kommunen kan ta initiativ til endring i inndelinga. Også ansvarleg ministerium kan ta initiativ. Søknad skal vere grunngitt og sendast til ministeriet, som har overordna ansvar for saksbehandlinga. Länsstyrelsen (svarer til vår Fylkesmann) skal kunngjere initiativet og be om fråsegner frå innbyggjarane i aktuelle kommunar innan 30 dager. Også andre kan gje fråsegn, men dei må grunngje kvifor dei meiner saka vedgår dei. Deretter skal kommunane gje fråsegn om saka og om dei fråsegner som eventuelt er komne inn frå innbyggjarane. Länsstyrelsen hentar inn fråsegner også frå andre instansar på oppmoding frå ministeriet.

Ministeriet sjølv kan elles ved behov tilsetje ein person til å lage utgreiing om bestemte saker. Slik utgreiing skal og setjast i verk om 20 prosent av befolkninga over 18 år i ein kommune har bedt om at kommunen blir delt eller slått saman med ein annan. Om den som utgreier saka finn at det er grunnlag for endring, lager han eit konkret forslag om dette. Utgreiar kan óg føreslå at saka blir lagt fram for innbyggjarane til kommunal folkerøysting (etter reglar i kommunelova). Ministeriet tek stilling til om slik røysting skal haldast. Staten betaler kostnader ved utgreiinga.

Riksdagen kan gjennom lov gjere vedtak om alle slag endringar utan vilkår. Regjeringa har myndigheit til å gjere vedtak om deling og samanslåing. Ministeriet kan gjere vedtak når endringsforslaget gjeld grensejustering, ikkje deling eller samanslåing, og ingen kommune er i mot reguleringa. Slik grensejustering kan heller ikkje omfatte meir enn 5 prosent av befolkninga eller 10 prosent av arealet i nokon av kommunane. I slike tilfelle avgjer regjeringa saka.

Eit vedtak om grenseendring må treffast innan juni månad og setjast i verk ved årsskiftet. Lova har detaljerte reglar om direkte verknader og gjennomføring av inndelingsendringar, og har m.a. utførlege reglar om rettsstillinga til dei tilsette i kommunane. Lova har elles ei rad generelle og spesielle reglar om val av kommunestyre i samband med inndelingsendringar og om kompetansen til det nye kommunestyret ved samanslåingar. Den finske lova krev også at det blir oppretta ein organisasjonskomité som skal stå føre dei praktiske førebuingane som trengst for å setje i verk ei kommunesamanslåing. Medlem og varamedlem til komiteen blir føreslått av kommunane, men blir tilsette av länsstyrelsen.

I alle tilfelle der grenseendringar gjer at talet på kommunar blir mindre, får kommunane økonomisk stønad i høve til folketalet i ein toårsperiode.

Til forsida