Ot.prp. nr. 41 (2000-2001)

Om lov om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova)

Til innhaldsliste

7 Direkte verknader av grenseendring

7.1 Innleiing

Eit vedtak om grenseendring vil medføre ei rekkje endringar som enten følgjer direkte av lova, til dømes reglar om skattesatsar, eller reglar som følgjer av resolusjonar som blir vedtekne i samband med gjennomføringa av endringa. Reglane om gjennomføring av inndelingsvedtak og kva innhald resolusjonar i samband med dette vil kunne ha, blir omtalt i kapittel 8.

7.2 Gjeldande rett

Reglane om kva direkte følgjer ei grenseregulering har, går fram av §§ 9 - 14 i gjeldande lov. Av desse er §§ 10, 11 og 13 blitt oppheva. Ved samanslåing seier inndelingslova § 12 første ledd at innbyggjarane i dei ulike delane av den nye kommunen ved første skattelikning skal iliknast skatt etter dei satsane som gjaldt for kvar av dei tidlegare kommunane. Kommunestyret i vedkomande kommune kan likevel før samanslåinga gjere vedtak om andre skattesatsar, som i tilfelle må godkjennast av Fylkesmannen.

Før samanslåing blir sett i verk, må det nye kommunestyret vedta satsar for forskotstrekk, jf. § 12 andre ledd. Tredje ledd i regelen gjeld likningsoppgjeret ved overføring av eit område frå ein kommune til ein annan. Oppgjeret skal skje samordna med den kommunen som har teke imot forskotsinnbetalt skatt. Ein blir vidare etter fjerde ledd skattepliktig til den kommunen ein er busett i per 1. november, når ei grensejustering blir gjort med verknad frå årsskiftet etter.

Når eit område i grensejusteringstilfella blir overført til ein annan kommune, er det dei lokale forskriftene (vedtekter, gebyrregulativ osv.) i den utvida kommunen som skal gjelde også for det overførte området, jf. § 14. I saker som gjeld samanslåing eller deling av kommunar, må spørsmål om levetida for lokale forskrifter avgjerast i tilknyting til avgjerda om endring eller i den etterfølgjande gjennomføringsresolusjonen, jf. § 17.

Stadfesta reguleringsplanar blir ikkje påverka av inndelingsvedtaket, jf. § 14 andre ledd. Dette prinsippet må reknast å gjelde også i forhold til dei nye arealplantypane i plan- og bygningslova av 1985 (arealdelen i kommuneplanen og utbyggjingsplan). Regelen kan ikkje brukast på planar av ikkje-fysisk karakter, til dømes økonomiplanen etter kommunelova. Slike planar må dermed reviderast i tråd med den grenseendringa som er gjort. Det vil vere mogleg å gi nærmare reglar om dette i den enkelte saka med heimel i § 17.

Andre reglar som er relevante for verknader ved grenseendringa er § 15 som handlar om merking av grenselinjer, medan § 16 gir aktuelle departement fullmakt til å rekne om att lønna til embets- og tenestemenn dersom det trengst på grunn av ei inndelingsendring.

7.3 Departementet si vurdering og forslag i høyringsutkastet

7.3.1 Skatteplikta til innbyggjarane ved grenseendring

Departementet fann at ein ikkje treng å endre prinsippa i gjeldande § 12, som synest å ha fungert tilfredsstillande i praksis. Lovteksten blei likevel føreslått fornya og tilpassa nyare skattereglar.

Gjeldande lov inneheld ingen reglar om overgangssituasjonen i forhold til eigedomsskatt. Dette er ein frivillig skatt som blir innført av kommunestyret når vilkåra i eigedomsskattelova § 3 (lov 6. juni 1975 nr. 29) er oppfylte.

Eigedomsskattelova § 10 fastset at kommunestyret kvart år skal gjere vedtak om satsar og regelverk for eigedomsskatten for komande skatteår i tilknyting til budsjettvedtaket. Ved eit par av sakene om samanslåingar i 90-åra har Kongen i statsråd, med heimel i inndelingslova § 17 andre punktum, gjort unntak frå den nemnde regelen og gitt ein utsett frist for å harmonisere eigedomsskatten i heile den nye kommunen. Vidare blei det gitt høve til i ein overgangsperiode å halde oppe/krevje inn eigedomsskatt berre i den delen av den nye kommunen som tidlegare hadde skrive ut eigedomsskatt.

Kommunal- og regionaldepartementet fann det ikkje formålstenleg å ta særskilde reglar for overgangsperioden inn i den nye lova, men meinte at spørsmålet i tilknyting til overgangs- og harmoniseringsproblem best kan løysast i den enkelte saka ved å bruke Kongens derogasjonsfullmakt.

7.3.2 Verknader for lokale forskrifter, vedtekter og planvedtak

Gjeldande inndelingslov slår fast prinsippet om at eit område som blir overført frå ein kommune til ein annan, blir underlagt dei lokale vedtektene og forskriftene som gjeld for sin «nye» kommune, jf. lova § 14 første ledd. Det verkar naturleg å føre dette systemet vidare i ny lov. Nåverande lov har derimot ingen reglar om kva som skjer ved samanslåing av kommunar eller deling av ein kommune i to eller fleire nye einingar. Departementet meinte at desse situasjonane også bør fangast opp i den nye lova, og fann det naturleg å leggje desse prinsippa til grunn:

  • Ved samanslåing bør eksisterande forskrifter/vedtekter kunne bestå i ein periode, i påvente av utarbeiding av nytt lokalt regelverk for den nye kommunen/fylket. Det synest lite formålstenleg å gi ein eintydig frist i sjølve lova, fordi tilhøva kan variere mykje frå sak til sak. Frist for å fastsetje nye forskrifter og anna bør derfor takast inn i reglar som blir gitt for gjennomføring av den enkelte samanslåinga. Tilpassing av lokalt regelverk bør som hovudregel gjerast i løpet av det første året etter at samanslåinga er sett i verk. Kongen bør også etter ny lov ha fullmakt til å gjere unntak frå eventuelle lovfesta fristar for å sikre mest mogleg fleksibilitet i det enkelte tilfellet, jf. nærmare om dette i punkt 8.2.5.

  • Ved deling av kommunar/fylke bør vedtekter og forskrifter gjelde for begge/alle dei nye einingane inntil regelverket blir fornya. Som ved samanslåing synest det ikkje å vere formålstenleg å fastsetje ein bestemt frist for dette i lova. Fristen bør derfor bli fastsett i samanheng med vedtaket om deling. Det kan også vere at dei nye einingane vel å behalde tidlegare vedtekter/forskrifter. Da vil det vere tilstrekkeleg at kommunestyret/fylkestinget gjer eit generelt vedtak om å føre vidare tidlegare reglar på vegner av den nye kommunen/fylkeskommunen. Også ved deling bør Kongen ha fullmakt til å gjere unntak frå lovfesta fristar.

  • Ved grensejustering bør som nemnt det innlemma området automatisk vere undergitt vedtekter og anna lokalt regelverk i den nye eininga. Eventuelle overgangsproblem kan ein løyse ved å bruke Kongens fullmakt til å gjere unntak frå gjeldande lovgiving.

I tillegg til lokale forskrifter eller vedtekter vil det også vere nødvendig å ta standpunkt til om kommunale eller fylkeskommunale planvedtak skal bestå eller ikkje etter ei grenseendring. Gjeldande inndelingslov slår fast i § 14 andre ledd at reguleringsplanar ikkje blir påverka av eit vedtak om grenseendring. Som nemnt må ein tru at det same gjeld dei andre typane arealplanar (arealdel til fylkesplan, arealdelen i kommuneplanen og utbyggingsplan). Departementet kan ikkje sjå nokon grunn til å endre på dette prinsippet og foreslo derfor dette ført vidare i ny lov. Eit slikt system vil også sikre at aktuelle grunneigarar og andre rettshavarar kan vurdere juridisk bindande planar på førehand. Dersom den nye eininga ønskjer å endre arealplanane, må det skje etter reglane i plan- og bygningslova med utlegging til offentleg ettersyn, skriftleg varsling av dei som blir direkte omfatta osv.

Når det gjeld saker om samanslåing og deling, vil det også bli spørsmål om kva status planvedtak som ikkje er knytte til areal skal ha, til dømes «samfunnsdelen» og økonomiplanen i kommuneplanen. Heller ikkje slike typar planar synest det å vere reelle grunnar til skal falle bort som følgje av ei inndelingsendring. Desse planane bør derfor bestå inntil dei blir reviderte av den «nye» kommunen eller fylkeskommunen, meinte departementet. Kommunelova § 44 nr. 1 slår fast at økonomiplanen skal reviderast/rullerast kvart år. Dersom den aktuelle situasjonen gjer ein slik revisjon vanskeleg i tilknyting til gjennomføring av samanslåing eller deling, kan ein nytte Kongens fullmakt til å vike av frå bestemte lovreglar. Reglane i plan- og bygningslova om rullering er meir fleksibelt utforma, slik at behovet for å gjere unntak frå dei neppe finst i same grad som for økonomiplanen.

7.3.3 Bortfall av statlege avgifter

Grenseendringar kan føre til overføring av eigedomar og materiell frå ein kommune til ein annan. Dette vil løyse ut visse statlege avgiftskrav, til dømes omregistreringsavgift for køyretøy og dokumentavgift ved tinglysing av heimelsoverføring av fast eigedom. Buvikutvalet (NOU 1989:16) peika i si utgreiing på dette tilhøvet og bad departementet vurdere eit initiativ overfor Stortinget med sikte på eit fritak i samband med avgiftsvedtaket i Stortinget. Dette blei følgt opp i samanheng med dei da aktuelle samanslåingar, og i Innst. S. nr. 85 (1990-91) uttalte fleirtalet i Kommunal- og miljøvernkomiteen at ein fann det rimeleg at kommunane ved samanslåingar blir haldne skadeslause når det gjeld utgifter av denne typen.

Ved samanslåingane i 90-åra har Stortinget gått ut frå at statlege styresmakter gir avkall på krava sine på avgifter og gebyr som følgje av samanslåinga. Ut frå dette har Finansdepartementet, i dei tilfella samanslåingane ikkje er skjedd frivillig, med heimel i lov om dokumentavgift av 12. desember 1975 nr. 59 § 3 og stortingsvedtak om omregistreringsavgift (for 1991) § 4, friteke dei aktuelle kommunane frå dokumentavgift og omregistreringsavgift ved disposisjonar som samanslåinga er årsak til.

Departementet fann det rimeleg å leggje prinsippet om avgiftsfritak til grunn som ein generell regel i ny lov om inndelingsendring. Lovregelen blei føreslått forma slik at han ville dekkje alle statlege avgiftskrav ved nødvendig omregistrering som følgje av grenseendring. Det vil seie både ved samanslåing, grensejustering og deling av kommunar eller fylke, og utan omsyn til om endringa skjer på grunnlag av semje eller ikkje. Etter departementet sitt forslag skulle såleis statlege avgifter ikkje krevjast inn som følgje av grenseendring. Dette vil i utgangspunktet omfatte både kommunale, fylkeskommunale og statlege organ.

Etter føretaksregisterlova skal forretningskommune for ulike selskap, føretak og samanslåingar registrerast. Registrering av nytt kommunenamn fører likevel ikkje med seg gebyr etter rettsgebyrlova § 24, ettersom denne typen endring av firmaopplysningar ikkje inneber plikt til kunngjering, jf. føretaksregisterlova § 6-2 siste ledd.

Den praktiske verknaden av ein regel om avgiftsfritak ville difor vere at ein ikkje kan krevje inn avgifts- og tinglysingsgebyr for heimelsoverføring og andre omregistreringar som er ei direkte følgje av grenseendringa.

7.3.4 Verknader for interkommunalt samarbeid

Ved grenseendringar kan det oppstå endra føresetnader for interkommunalt samarbeid etter kommunelova § 27 eller særlover. Føresetnadene kan også bli endra når det gjeld samarbeid mellom kommunar/fylkeskommunar som er organiserte i form av aksjeselskap og interkommunale selskap. Det som i praksis kan skje, er at den interne «maktfordelinga» i eit etablert samarbeid blir endra eller forskyvd som følgje av grensejustering eller samanslåing.

Fristen for å seie opp sitt deltakarforhold i interkommunalt samarbeid er eitt år jf. kommunelova § 27 nr. 3. Den same fristen gjeld for oppseiing i interkommunale selskap om ikkje anna framgår av selskapsavtalen jf. lov om interkommunale selskap 29. januar 1999 nr. 6 § 30 første ledd. Departementet meinte i høyringsnotatet at det bør vere høve for kommunar som er med i eit interkommunalt samarbeid på kommunalrettsleg basis, å ta grunnlaget for deltakinga si i samarbeidet opp uavhengig av eittårsfristen i kommunelova § 27 nr. 3. Denne paragrafen vil også gjelde for interkommunalt samarbeid på grunnlag av andre offentlegrettslege lover, jf. kommunelova § 2, dersom vedkommande lov ikkje inneheld ein annan frist.

Departementet føreslo i høyringsnotatet ein frist på 3 månader for den enkelte kommune eller fylkeskommune til å seie opp deltakarforholdet sitt eller krevje ny forhandling av vedtektsgrunnlaget. Av omsyn til dei andre deltakarane i samarbeidet bør denne retten likevel vere avgrensa i tid til det første året etter iverksetjing av grenseendringa. Elles bør reglane i kommunelova § 27 og lov om interkommunale selskap § 30 om utløysingssum og plikter gjelde tilsvarande.

Når det gjeld samarbeid på selskapsrettsleg grunnlag, til dømes aksjeselskap, fann departementet det ikkje formålstenleg å føreslå særreglar i samanheng med grenseendringar. I slike selskap kan ofte kommunar vere deltakarar saman med private rettssubjekt. Ein regel om oppløysing eller reorganisering på grunn av endring av kommunale grenser kan ha utilsikta og lite føreseielege konsekvensar for eit selskap som byggjer på privatrettsleg grunnlag.

7.3.5 Verknader for andre administrative inndelingar

Gjeldande inndelingslov inneheld ingen reglar om verknader av inndelingsendring for andre administrative inndelingar enn kommunane. Endringar som påverkar fylkesgrensene, vil ha verknad både for statlege embete med fylket som virkeområde og for det geografiske ansvarsområdet til dei fylkeskommunane saka gjeld. Det same gjeld statlege kontor med kommunen som virkeområde, så som likningskontor og trygdekontor.

I nokre tilfelle er det lovfesta at den geografiske inndelinga følgjer kommune- eller fylkesgrensene. Døme på lovregulerte inndelingar er statens utdanningskontor i fylket, fylkeslegen og fylkesarbeidskontoret. Etter kyrkjelova av 7. juni 1996 nr. 31 skal det som hovudregel vere eit kyrkjeleg fellesråd i kvar kommune. Det kan likevel vere situasjonar der eit prestegjeld har sokn i fleire kommunar. I slike tilfelle kan departementet tilpasse regelen om kyrkjeleg fellesråd, jf. kyrkjelova § 5 tredje ledd.

Det finst også ei rad statlege einingar på regionalt og lokalt nivå som ikkje har grenser samanfallande med fylkes- eller kommunegrensene, eller som dekkjer fleire kommunar eller fylke. I nokre tilfelle er den administrative inndelinga fastsett i lovs form, men i dag er det meir vanleg at den geografiske inndelinga kviler på avgjerd av det departementet som har forvaltningsansvaret på vedkomande område.

Når det ikkje følgjer automatisk av lovreglar eller andre vedtak at ein statsetat dekkjer éin kommune eller eitt fylke, vil spørsmålet om konsekvensane for statlege etatar av endringar i kommune- eller fylkesinndelinga måtte avgjerast i tilknyting til den enkelte saka. Departementet fann i høyringsnotatet at det ikkje er mogleg å la inndelingslova innehalde klare lovreglar om dette slik grunnlaget nå er. Men det er viktig at Kommunal- og regionaldepartementet - som forvaltar av inndelingslovgivinga - gjer andre departement merksame på aktuelle saker i god tid før det blir teke avgjerd om grenseendringar. Gode forvaltningsrutinar her vil sikre at både statlege etatar og kyrkjelege organ får tilstrekkeleg tid til å vurdere og førebu eventuelle endringar i inndelinga.

7.4 Høyringsinstansane

Det har kome få fråsegner til lovutkastet frå høyringsinstansane. Når det gjeld departementet sitt forslag til reglar om overgangssituasjonen i høve til eigedomsskatt uttaler Jølster kommune:

«På prinsipielt grunnlag meiner Jølster kommune at lovframlegget burde innehalde overgangsreglar, som m.a. sikrar mot kraftige hopp i satsen for eigedomsskatt. ... Dersom lovteksten ikkje gir klåre reglar om dette, kan det oppstå utilsikta uheldige verknader for innbyggjarane i delar av den nye kommunen.»

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sluttar seg til Jølster kommune si fråsegn.

I høve til reglane om verknader for kommunale og fylkeskommunale arealplanar, meinar Miljøverndepartementet at status for arealplanar som ikkje er vedtekne på tidspunktet for grensereguleringa bør bli nærmare avklart. Dei uttalar mellom anna at:

«En løsning kan være å stanse alle planprosesser i berørte områder, og kreve at planprosessene starter på ny i ny kommune. Dette kan imidlertid medføre forlenget saksbehandlingstid og unødig ressursbruk. MD antar at en slik løsning bør velges for planprosesser der hensynene til deltakelse, lokaldemokrati og helhetlig planlegging er særlig sterke, som for eksempel ved behandling av fylkesplan, fylkesdelplan, kommuneplan eller kommunedelplan.

En annen løsning kan være å tilordne igangsatte planprosesser i berørte områder til ny kommune og fortsette planbehandlingen. Denne løsningen ivaretar effektivitetshensyn og kan være aktuell for planformer der dette hensynet står sterkt, for eksempel reguleringsplan og bebyggelsesplan. Det bør likevel sikres at planutvalget i den nye kommunen vurderer planforslagene før kommunens sluttbehandling.»

Finansdepartementet uttaler at de

«mener det er viktig at avgiftssystemet ikke gir incentiver som gjør det økonomisk ulønnsomt å gjennomføre nødvendige eller ønskelige kommunale omorganiseringer. Det bør derfor i utgangspunktet være fritak for statlige avgifter som følger av grenseendringer etter inndelingsloven. FIN er likevel av den oppfatning at det er uheldig å gi et generelt fritak for dette i lovs form. Skatter og avgifter, herunder fritak, må vedtas av Stortinget for et år av gangen ved plenarbeslutning, jf. Grunnloven § 75a. Det vil derfor vær mest naturlig å innarbeide et slikt fritak i det årlige avgiftsvedtaket om dokumentavgift og omregistreringsavgift.»

Når det gjeld forslaget til 3-månadersfristen for å seie opp deltaking i interkommunalt samarbeid, uttaler Regionrådet for Nord-Gudbrandsdal:

«Regionrådet finner det naturlig at fristen for å si opp deltakelsen i interkommunalt samarbeid følger bestemmelsen i kommunelovens § 27, altså ett år. Dette bør gjelde alle typer endringssaker. Regionrådet ser det i alle tilfelle ikke som rimelig at grenseendringer av mindre omfang skal gi kommunene grunnlag for å si opp deltakelse i interkommunalt samarbeid med en frist som avviker fra Kommuneloven. Dersom en holder fast ved en slik 3-månedersfrist bør den avgrenses til å gjelde ved kommunesammenslutninger og delinger.»

Riksarkivaren har i si høyringsfråsegn teke opp eit spørsmål som departementet ikkje omtalte i høyringsutkastet. Dette gjeld korleis arkiv skal oppbevarast etter grenseendringar:

«Det er svært viktig at de valg som blir foretatt i slike sammenhenger skjer på arkivfaglig grunnlag. I motsatt fall vil dette kunne få store praktiske konsekvenser for de nye enhetenes administrasjon og gjøre det vanskelig for innbyggerne å benytte seg av offentlig dokumentasjon etter forutsetningene.»

Riksarkivaren fremjer óg forslag om at det blir tatt inn ein særskilt regel om arkiv i lova, der det mellom anna blir fastsatt at eksisterande arkiv i størst mogleg grad skal haldast samla, og at fellesnemnda skal ta stilling til spørsmål om korleis arkiva skal handterast.

7.5 Departementet si endelege vurdering og forslag

Prinsippa som departementet la til grunn i høyringsutkastet har i stor grad fått tilslutning i høyringsrunden. Dette tilseier at det ikkje bør gjerast vesentlege endringar i høve til utkastet. Departementet har likevel kome til at det bør gjerast visse justeringar og presiseringar.

Når det gjeld verknader for arealplanar som er under behandling på iverksetjingstidspunktet for grenseendringa, peiker Miljøverndepartementet på sentrale omsyn som bør vegast i høve til spørsmålet om å eventuelt utsetje ei behandling i påvente av at det nye kommunestyret kan fatte vedtak. Etter departementet si meining er det likevel ikkje nødvendig å gjere nokon endring i høve til sjølve lovforslaget. Kvar enkelt kommune eller fylkeskommune vil måtte rette seg etter dei reglar som gjeld for planvedtak i plan- og bygningslova. Etter at ein kommune eller eit fylke har fått tilført eit nytt område, vil dei aktuelle avgjerdsorgan i den nye kommunen stå fritt til sjølve å vurdere om det er behov for ein ny planprosess, dersom lova ikkje set krav om dette. Departementet ser det som naturleg at det faste utvalet for plansaker i den nye kommunen/fylkeskommunen blir lagt føre planforslag før det eventuelt skal fattast avgjerd i kommunestyret eller fylkestinget, jf. plan- og bygningslova § 27-2 nr. 2 og 3.

I høyringsnotatet blei det vist til at spørsmål i tilknyting til overgangs- og harmoniseringsproblem som gjeld spørsmålet om eigedomsskatt mest formålstenleg kan løysast i den enkelte saka ved å bruke Kongens derogasjonsfullmakt. Departementet har i ettertid sett at forslaget til avgrensing av derogasjonsheimelen i høyringsutkastet gjer at den ikkje vil kunne brukast til å gi dispensasjon frå vilkår for å krevje inn eigedomsskatt. Departementet føreslår derfor at det blir teke inn eit nytt punkt i § 17, som gjer det mogleg for Kongen å dispensere også frå denne type regelverk.

I høve til forslaget om å gi eit generelt fritak for statlege avgifter som oppstår som følgje av ei grenseendring, har departementet i utkastet lagt vekt på at ein slik regel vil virke rimeleg og vere i samsvar med den langvarige praksis med dispensasjon med heimel i lov om dokumentavgift av 12. desember 1975 nr. 59 § 3 og Stortinget sitt vedtak i 1991 om omregistreringsavgift. Ein slik regel vil medverke til at kommunar og fylkeskommunar på førehand vil vite kva dei kan rekne med når ei inndelingssak blir aktuell.

Alternativet til lovfesting vil vere å halde fram med praksisen med å leggje enkeltsaker fram for Stortinget med framlegg om avgiftsfritak. Departementet ser det som ei ulempe at Stortinget blir lagt føre mange enkeltsaker, noko som både vil medføre ei auka arbeidsmengde for dei folkevalde og at kvar enkelt sak vil kunne få ei unødig lang sakshandsamingstid. På grunnlag av dette held departementet fast ved at den nye lova bør gje eit generelt fritak for avgifter som føreslått. Forslaget er likevel snevra noko inn i høve til høyringsnotatet, i det det er presisert at avgiftsfritaket gjeld omregistreringsavgift etter dokumentavgiftsloven, tinglysingsgebyr etter rettsgebyrloven og omregistreringsavgift etter motorkjøretøy- og båtavgiftsloven.

Når det gjeld frist for å seie opp deltaking i interkommunalt samarbeid, ser departementet eit klart behov for at eittårsfristen i kommunelova § 27 nr. 3 og lov om interkommunale selskap § 30, bør kunne fråvikast i samband med grenseendringssaker. Lovverket bør leggje til rette for fleksibilitet i samband med endringsprosessar. Særleg ved grenseendringar av noko omfang er det tydeleg at føresetnadane for deltaking i eit interkommunalt samarbeid vil kunne bli endra.

Behovet for å kunne seie opp deltaking vil kunne vere like sterkt også for dei partar som ikkje er direkte omfatta av grenseendringa. At ein eller fleire kommunar trer ut av eit interkommunalt samarbeid, vil dessutan i seg sjølv kunne føre til så vesentlege endringar i føresetnadane til andre kommunar som blir verande att, at det blir vanskeleg å halde fram.

Ei grenseendringssak er som regel ein lang prosess og deltakarkommunane vil vere kjend med situasjonen før ei eventuell oppseiing kjem. Det kan likevel tenkjast at samarbeidet ikkje har vore tema og at behovet for å ta stilling til medlemskapen ikkje oppstår før langt ut i prosessen. Samstundes vil 3 månader kunne bli rekna som eit kort tidsrom for enkelte. Omsynet til dei andre medlemmane er òg viktig ved fastsetjing av fristen. Departementet har etter ei ny vurdering funne at det er rimeleg å endre forslaget til frist for varsel om oppseiing til 6 månader frå tidspunktet for iverksetjing av grenseendringa. Tilsvarande frist vil gjelde for samarbeid som er organisert som eit interkommunalt selskap. For å gjere dette klart føreslår departementet å ta inn ei tilvising også til lov om interkommunale selskap i § 16.

Også inndelingssaker som ikkje gjeld samanslåing og deling, vil kunne ha eit slikt omfang eller karakter at den enkelte kommune vil kunne ha eit velgrunna ønske om å endre si tilknytingsform til andre kommunar. Det er vanskeleg å setje opp kriterium for omfang. Oppseiingsfristen blir såleis føreslått å gjelde alle typar inndelingssaker. Kommunane i det interkommunale samarbeidet vil dessutan kunne bringe sak om oppseiing inn for departementet med heimel i kommuneloven § 27 siste ledd og lov om interkommunale selskap § 30 sjuande ledd.

Departementet har vurdert framlegget frå Riksarkivaren, men har kome til at det ikkje er formålstenleg med ei særskilt føresegn om arkiv i inndelingslova. Det er klart at arkivlova med forskrifter vil gjelde fullt ut, også når det skjer endringar i den kommunale inndelinga. Ettersom arkivansvaret er knytt til kommunen som eining, vil det kunne oppstå tvil om kven som har ansvaret når den opphavlege kommuneeininga blir endra. Det er derfor nødvendig at det blir sett søkjelys på arkivsituasjonen i samband med prosedyrar for gjennomføring av grenseendringar. Dette bør derfor inngå som ein del av dei reglane Kongen gir med heimel i § 17 for iverksettjing av vedtak. I saker der Fylkesmannen får delegert fullmakt til å ta avgjerd, vil det framgå av rundskriv frå departementet korleis embetet skal handtere denne type spørsmål. Sjå merknadene til § 17 i lovforslaget for nærmare omtale av desse spørsmåla.

Til forsida